Arkiv Juni 2011

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Sentralbordet på rådhuset! 28.06.2011

 

 

Tysdag 5/7-11 vil sentralbordet på rådhuset vere stengt frå klokka 15.00.


SFE set ned kraftpris 28.06.2011

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 51,95 øre/kWh inkl.mva. til 44,95 øre/kWh inkl.mva.

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten

 

Prisendringa gjeld frå 12. juli 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling.

 

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

12.07.2011

35,96

44,95


 
Svelgen Kino
KUNG FU PANDA II

onsdag 29.juni

18:00

kiosk og billetter fra 17:30

Fra studioet som ga deg Shrek, Madagascar og Kung Fu Panda, kommer nå det neste kapittelet i den pandastiske sagaen om Po og De Fantastiske Fem.

Aldersgrense: 7 år

Egnethet: Familie
Begrunnelse: Enkelte mørke scener med truende skikkelser gjør at filmen får 7-årsgrense.

A-lagskamp i dag 28.06.2011

Bortekamp mot Florø 3 i dag, tysdag 28.juni.
Avreise kl. 17.10

Alle møter, dei som kan tek med bil.

 

T.V.B.


Canon Ixus kamera mista 26.06.2011

Eg sakna eit svart Canon ixus130 digitalkamera, med 14,1 megapixles.
Eg mista det for ca. en mnd sidan.
Om noken har funne det vil eg verte glad om du tek kontakt på tlf.:
95485200 eller 95895554.
- Emilie Leirvik.

Sykkel forsvunne
Eg etterlyser ein sykkel som sist var sett ved den gamle reiskapsboda på bana, tirsdags kveld etter A-lags kampen. Personen som har tatt sykkelen, har tatt hjelmen av styret og slengt den opp i steinane ved reklameskilta.
Sykkelen er ein kvit sykkel med ein brun logo fra produsenten Merida.
Den einaste i Svelgen utenom meg, som eg veit, som har ein slik sykkel er Alexander Igland.
Kjenneteikn på sykkelen min er ein ganske laus baksjerm og eit svart slitemerke framme på ramma (etter slitasje frå bremse/gear-vaiarar). Setet var også ganske høgt sist eg brukte den.
Om du ser, eller har sett ein slik sykkel, ver vennleg å kontakt Kristian Bremnes på
tlf: +4798637822
eller
tlf: +4757793401

Keipen Turlag

 

Søndag 26.06 skal Keipen Turlag gå fra Myklebustsetra-Kvasshornet-Isane.

Vi starter ved Myklebustsetra(260 m.o.h) Kl.10.00

Vidare til Setredalen og mot Kvasshornet(1094 m.o.h)

Der er det fantastisk utsikt i alle himmelretninger.

Turen tar ca 6 timar. Turen passer for personar med trening.Vi vil ordne med transport frå Isane og tilbake til Myklebustsetra.

Vi tek verforbehold.

Turleiar:Steinar Isene tlf 95030371.Treng nokon skyss fra Svelgen,så ta kontakt med

 

 

BLI MED PÅ TUR.


KUNG FU PANDA UTSATT TIL ONSDAG 25.06.2011

 

  KUNG FU PANDA II er utsatt til onsdag 29.06. kl. 18:00


Idyllisk kanotur på Risevatnet med Barnas Turlag 24.06.2011

Flott vær, mange turglade barn og foreldre gjorde til at turen med Barnas Turlag vart kjempe flott. Det var 41 barn og 24 vaksne med på turen.
Vi møttes ved bommen inn til Risevatn, her fordelte vi vaksne og barn i kanoer. Det var ikkje nok kanoer til at alle fekk sitte på innover, så dei tok beina fatt.
Inne i Geitevika vart det laga til bål og alle som ville fekk prøve seg i kano. Nokre barn vassa også uti og kjende på badetempraturen.
Vi i Barnas Turlag syns det er kjempe kjekt at så mange stiller opp på turane våre. Det også veldig kjekt at foreldre hjelper til. Tusen takk alle sammen, vi gler oss til neste tur!
Ossenkamp/Langedal

Dj og trubadur Ivan på hotellet laurdag 23.06.2011

 
DJ / Trubadur Ivan på Svelgen hotell laurdag 25. juni.
Fri inngang til kl 24.00 - Etter 2400 kr 50 -

I anleding 10 års jubileum for avgangsklasse ved Svelgen skule
Alle er velkomne!

Diskotek på Lasses Kro lørdag 25. juni 22.06.2011

Cover 50,- før 23:00 etter 70,-


Tjuveri av boge og piler samt div utstyr i Hamrane i Svelgen
Nokon har vore innom heimen vår og forsynt seg med/stjelt boge, bogeutstyr og ødelagd ein pilkoffert.
Boga er ei lita boge for born mellom 8-12 år og av typen SAMICK POLARIS. Den har kvite lemmar og
midtstykke i tre. 15 piler (Easton X7) som er lange og svarte samt 14 stk lette carbon piler i svart er vekk.
Vidare mangler vi armebeskytter, bogespenner, bogestreng, bogereim og fingerbeskytter.
Etter det vi er kjent med så er det berre vi som har ei slik boge i Svelgen.
Vi antar at det er barn/ungdom som har vore på ferde her ettersom ting av større verdi og ei større boge har fått ligge i fred.
Dette er ikkje leiketøy, men utstyr som KUN må nyttast under oppsyn av vaksne.
Vi ber om at folk er obs på born/ungdom i aktivitet med slikt utstyr utan tilsyn av vaksne.
Saka er meldt til politiet i dag, men kjem ustyret tilbake vil anmeldinga verte trekt.
Ta kontakt med Bjørgulf Myklebust på tlf 95117733
eller Hilde Ommedal Myklebust på tlf: 48042442

Heimekamp for STIF, tirsdag 21.juni. 20.06.2011

 

        Svelgen Stadion, Kl. 19:00

      

       Svelgen - Anga

 

       Oppmøte kl.17:45.

 

NB!  Alle som har drakte heime som vi kjøpte i fjor, må levere desse til meg før kampen. Det gjelder alle som spilte for Svelgen i fjor og i år.

Vi mangler masse drakter....

 

T.V.B.


Eventyrspel for born frå 8-13 år 20.06.2011

Eventyrspel for born

frå 8-13 år

 

 

Eining for kultur har gleda av å invitere born i Bremanger med på ei unik oppleving i sommar. Eventyrspel er eit slags levande rollespel der deltakaren får utdelt ei rolle i ein arrangert «virkelighet» og spelar rolla si fritt og på sin måte

 utkledt i passande drakter.

 

Spelet har to sider: improvisasjon og action/sverdkamp med mjuke sverd. Utstyr som sverd og kostymer får alle deltakere utdelt på staden.

 

Martin Løken frå Elverum er ein erfaren instruktør på slike eventyrspel, han har reist land og strand rundt med dette i fleire år. Han garanterar ei kjempeoppleving for dei som blir med.

Sjå meir på www.skogenlys.comuf.com

 

 

 

  Svelgen: måndag 11. juli kl. 10.00-15.30

 

Ytre Bremanger: tysdag 12. juli kl. 10.00-15.30

 

pris : kr. 350,-

 

 

Meld deg på til servicekontoret innan

tysdag 28. juni.

 

Tlf. 57796300

E-post: post@bremanger.kommune.no

 

 

 

 


BARNAS TURLAG
Då er det tid for ny tur, og turen passer for alle! Onsdag 22/6 kl 1730 møtast vi ved bommen inn til Risevatn. Vi skal padle i kano og grille. Barnas Turlag stiller med 6 kanoer, om du har ein eigen kano så ta den gjerne med. Barn under 12 år må ha med seg foreldre. Kanoane som Barnas Turlag har med vil ligge på den fyrste stranda nedanfor bommen. Dei største barna vil få i oppgåve ilag med vaksne å padle inn til Geitevika. Resten av turgjengen går innover. Kanoane vil stå til disposisjon inne i Geitevika til dei som ønsker å prøve. Barn over 12 år uten foreldre vil Barnas Turlag ha ansvar for. Turleiarane ønsker å få beskjed frå foreldre seinast tysdag om dei barna som kjem aleine.
Alle barn (også vaksne) som ønsker å padle i kano må ha med seg redningsvester som er riktig i forhold til alder og vekt.
Ta med deg grillmat/matpakke og drikke. Og så er det jo alltid lurt å ha med seg noko som gir deg ekstra energi;-)
Om været ikkje tillet tur så vil det bli oppdatert på Svelgen.no før kl 1500 samme dag.
Vi gler oss til å sjå deg!
Ossenkamp 950 30 335/Langedal 470 63 543

BASSENGET

Kan brukast t.o.m. søndag 3.juli kl. 17:00.

 

Svelgen skule, 17.06.11

Bjørg


STIF

Bli med på dugnad for fotballgruppa 18.06.2011

Fotballgruppa har inngått avtale med Stadt Sjøtransport om fortøying av båtar som kjem til Dyrstad og Bremanger Quarry.

Vi skal stille med 2 personar kvar gong det kjem eller fer ein båt. Arbeidet går ut på å ta i mot fortøyingar (3 stk) når båten kjem, og kaste laust når båten fer. Båtane kjem til alle døgnets tider, natt, dagtid, helg etc. (tar ca 2 timar kvar gong). Det er enkelt arbeid som alle klarer (damer kan og være med).

Stadt Sjøtransport held verneutstyr, hjelmar og redningsvestar, nødvendig opplæring vil bli gjeve og du må være over 18 år. Fotballgruppa har og inngått forsikring på dei som arbeider dugnad.

Fotballgruppa engasjerar ca 100 barn, unge og vaksne i Svelgen. Ved å drive dugnad kan vi halde treningsavgifter og medlemskort svært lave, slik at alle kan være med på treningar og kampar.

Med det estimatet som vi har på båtar til BQ, ca 60-70 båtar i året (aukande), vil vi dekke inn store delar av budsjette for fotballgruppa.

Vi er i dag 10 stk som har jobba med fortøying sidan medio mars, MEN vi treng fleire å fordele arbeidet på. Er det mange nok som melder seg blir det berre 4-5 turar på kvar for året.    

Dersom du er aktiv, har barn eller barnebarn som spelar fotball eller berre har lyst til å bidra er det flott. Ta kontakt med Arild Sande 905 29 937 eller Asbjørn Svarstad 907 63 705.


Keipen turlag tul "Besseggen" sundag 17.06.2011

Søndag 19.06. skal Keipen Turlag gå den lokale "BESSEGGEN".
Langevatn-Vingekvarven-Svelgsegga-Sande
Sjå omtale (motsatt retning) i Turboka for Bremanger s. 83.
Vi startar ved vestenden av Langevatnet (368 m.o.h.) KL. 10.00
Høgste punktet på turen er Nordre Vingekvarven (940 m.o.h.)
Turen har enkelte luftige parti.
Utsikta er fantastisk i alle himmelretningar!
Vi planlegg å bruke ca 8 timar på turen. Turen passar for personar med trening.
Treng du skyss frå Svelgen, så ta kontakt.
Vi prøver å organisere henting av bilar etter turen.
Vi tek verforbehold.
Turleiarar: O.Leirvik tlf. 95276383 / A.Loftheim tlf. 95982930
Kom å bli med på tur!


LEDIGE STILLINGAR I BREMANGER KOMMUNE 17.06.2011

Vi har ledig følgjande stillingar med søknadsfrist 07.07.11:

·          100 % fast stilling som IKT-konsulent. Stilling med saksnr. 11/963

·          100 % årsvikariat for lærar ved Kolset oppvekst. Stilling med saksnr. 11/977

·          50 % fast stilling for pedagogisk leiar og 50 % årsvikariat for lærar ved Kolset oppvekst. Stilling med saksnr.11/ 978.

Sjå full utlysingstekst på www.bremanger.kommune.no eller "stilling ledig" til venstre.

Minner om at søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter; www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening


Way to go!! Youthex 2011 Bremanger youth council and TOM 1303 Maracaibo. 17.06.2011

     

 

 

Arrival: 04.06.11

 

The norwegian youth group stood on Smørhamn at 18.00 precisely, waiting for the ferry to deliver the guys from Czech republic. Of all the 12 youths that came to visit us, three of them were leaders, and the last nine were participants. We all went to Smørhamn Handelsstad to camp there for three days. We called it base camp one. During those days, we visited both Grotlesanden and the sailboat, Svanhild.

We went to base camp two in Langesjø. We were there together with ninth-graders from Bremanger during the so-called “extreme week”. There were activities such as float-building contest, rappelling, orientation, shooting etc. for everyone to do.

On Friday we could finally go to base-camp three, Realen. This camp was supposed to be a more relaxing camp than the others, with internet, ball-games on the football-field, and kayaking on the ocean. We showed the visitors our beautiful mountain by hiking to Sandsegga.

During these ten days we learned about differences and similarities between the two countries and cultures. We have gotten to know each other, and had lots of fun. It has been an unusual and fun experience for all of us, despite homesickness between some of us.

This youth-exchange is the very first in Bremanger commune, and we’re proud of being a part of it. This will certainly not be the last.
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Written by:  Fredrik D. Valberg   – Martinus A. Førde - Frida B. Sande - Adam Rusz   - Lukáš Podleśny

 

 


Høgt og lågt siste helga i august 16.06.2011

Det blir arrangert Høgt og lågt-festival frå 26. til 28. august i Svelgen. Vi kjem tilbake med meir om programmet seinare. Men set av siste helga i august!



Hugs å lese av straummålaren rundt 1. juli 16.06.2011

SFE Kraft AS minner om at 1. juli skal straummålarane til privatkundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato (1. juli). Er du vekkreist på avlesningsdato bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: svelgenkraft@sfe.no  Husk å oppgi målarnummer!

   

Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar vi om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.

    

SFE Kraft AS og Svelgen Kraft AS vil med dette ynskje alle lesarane av Svelgen.no ein god sommar!


Turistinfoen til rådhuset 15.06.2011

Turistinformasjonen skal i sommar vere på Rådhuset i Svelgen og ikkje på Øyratunet som tidligare bestemt. I Bremanger er det to turistinformasjonar - ein i Svelgen og ein på Kalvåg som har hovudkontoret. Kontoret i Svelgen vil vere åpe frå 1. juli til 15. august. -  I denne perioden vil begge kontora vere betjente med turistvertar  og begge skal vere helgaåpne, seier Åse Leirgulen, styreleiar i Bremanger Hamn og Næring til Bremanger Budstikke.

Rimeleg næringsareal til leige i Svelgen 15.06.2011

 

Omlag 224 m2 næringsareal rimeleg til leige i Svelgen sentrum.
Arealet kan delast opp i mindre einigar og leigast ut kvar for seg.
Hotellet vil sjølv bruke kjeller for ny tilkomst til helsestudio, samt for flytting av solariumavdelinga.
Her er det store moglegheiter om du vil starte butikk i Svelgen.
Det ligg føre planer om glassgate, som truleg blir realisert .
Håper på ny aktivitet og skapande næring i lokala.
Kontakt jostein Eimhjellen for spørsmål.
Tlf.:  48275626


Tradisjonell jonsokfeiring på Nesbø 15.06.2011

Det blir tradisjonell jonsokfeiring, 23. juni,  på gamleskulen også i år!

Kaffi, kaker, graut og saft frå kl. 1700. Basar med lodd på årer og bok. Flotte gevinstar!

Tenning av jonsokbål kl. 2000!

Alle hjarteleg velkomne!


SFE set ned variabel kraftpris 15.06.2011

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 54,85 øre/kWh inkl.mva. til 51,95 øre/kWh inkl.mva.

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten

 

Prisendringa gjeld frå 28. juni 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling.

 

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

28.06.2011

41,56

51,95


Norvall skryt til Svelgenpublikummet 14.06.2011

 

– Responsen i Svelgen er alltid god, faktisk betre enn heime i Bremangerhallen. Eg veit ikkje om det er fordi det er eit meir intimt lokale eller kva, men i Svelgen er det alltid kjekt å stå på scena, seier Norvall Klungresæter til Firdaposten. Han var ein av musikarane og vokalistane som stod på scena saman med Bremanger Musikklag og framførte 70-tallslagarar førre helg.


Kommunestyret vedtok i dag:

Nytt omsorgssenter i Svelgen sentrum 14.06.2011

Kommunestyret vedtok i dag at det nye omsorgssenteret skal ligge i Svelgen sentrum og ikkje på Naustneset.

Det har vore ein del debatt att og fram om plasseringa av senteret. Mellom andre har Svelgen Turn- og Idrettsforening gått i mot ei plassering i sentrum, mellom anna fordi dei meinte støy frå idrettsarenaen ville verke forstyrrande for bebuarane på omsorgssenteret, medan dei tilsette i eit innlegg på Svelgen.no har gjort det klart at sentrumsalternativet er best.

 


Bortekamp for Svelgen A-lag.... 13.06.2011

 

      Tirsdag 14.juni, mot Tambarselva.

 

     Avreise kl.17:15 ved Centrum / Fagmøbler  (gamle Byggeriet)

 

     Alle som kan møter. Ta med bil dei som kan kjøre.

  

                            T.V.B. 


Støttar dei tilsette ved SBS i plasseringsspørsmål 11.06.2011

Finn Eikrem og Rune Ripe har skrive innlegg om plassering av nytt omsorgssenter i Svelgen. Trykk på "Lesarinnlegg"  til venstre.

Fredag 17.Juni

Kl 20.30

Velkommen til kroa

kr 20,- per person.                               Aldersgrense 18 år


Eldrerådet vil ha nytt omsorgssenter på Naustneset 10.06.2011

Eldrerådet i Bremanger gjorde denne veka slikt vedtak:

 

Eldrerådet bed om at planarbeidet for nytt omsorgssenter på Naustneset vert teken oppatt snarast.

 

Prosessen med ny plassering av omsorgssenteret har gått for fort, og vi meiner at det er nødvendig å vurdere andre løysingar.


Tur til Skudalsnipa sundag 10.06.2011

TUR TIL SKUDALSNIPA, 670 moh, SØNDAG 12.06.11.
Oppmøte ved Sagebø i Sørgulen kl. 10.00
Turleiar er Åge Tansøy tlf. 41312227
Turen tek ca. 5 timar t/r. Den passar for dei med litt trening.
Barn, frå 8-10 år, greier fint turen.
Skudalsnipa er eit fint turmål ! Utsikta er fin ! Kanskje får du nærkontakt med Heiloen.?
Kom å bli med på tur!


Ledige sjukepleiarstillingar 10.06.2011

STILLING MED SAKSNR.   11/934

 

Ved Open omsorg indre, Svelgen bu- og servicesenter, har vi har ledig tre faste 100 % stillingar frå snarast. Vi har og ledig vikariat for sjukepleiar eller vernepleiar frå snarast og ut mars 2012.

Vi søkjer etter offentleg godkjende sjukepleiarar. Sjukepleiarane går i turnus med bakvaktfunksjon og arbeid 3. kvar helg.

Full utlysingstekst kan du sjå på www.bremanger.kommune.no eller "stilling ledig" til venstre.


Problemer med sentralbordet på rådhuset! 10.06.2011

Det er for tida problemer med nettverket til Telenor, dette fører til at vi ikkje får telefonar inn til sentralbordet på rådhuset.   Les meir her.

Vi beklager problema dette kan medføre.

 

-Servicekontoret


OMSORGSENTER VED HELSESENTER
Det er jo heilt opplagt at det beste for bebuarar, pårørande og ikkje minst personale ved SBS at den nye sjukeheimen vært ved Helsesenteret Når det gjeld negativiteten ved å ta i bruk eit pontesielt næringsareal til eit omsorgsenter, så må ein løfte blikket og sjå seg om. Det er tomme næringsbygg rundt omkring i sentrum t.d gamle jokerbutikken, brunosten, det er eit stort areal ved Firda Billag. Og kor lenge står Centrum? Er det videre pontesial her i bygda til å ha ein klesbutikk når dei som driv det idag går av med pensjon? - klarer andre å få den til å gå videre rundt? Handler du all mat og kle i Svelgen? Eg trur aldri det blir mangel på næringsareal i Svelgen, det er vår siste bekymring!
Vår bekymring handler om korleis ta imot samhandlingsreforma med ein så mjuk overgang som mulig, ta imot eldrebølga og ha nok personale som kan gi den pleia som kvar enkelt brukar har RETT på. JA VI VIL OG SKAL ha omsorgsenteret nede i sentrum. At vi får komme vegg i vegg med Helsesenteret byr oss på eit nært tverrfagleg miljø som er svært positivt både for bebuarane og personalet. Beburarar som klarer å gå/køyre eigen rullestol kan då gå sjølv til behandling hos lege/fysioterapeut. Tenk for ein positiv innvirkning dette har for bebuar, det handler om livskvalitet - det å kunne klare å utføre noko på eigenhånd og ikkje minst skifte miljø. Ein slepp også å frakte bebuarar i drosje/ambulanse for å komme ned til Helsesenteret, noko som i seg sjølv er krevande for bebuarar, og ein bestiller opp ein ambulanse som skal være i beredskap til akutte situasjoner. Det at legen kan ta bebuar inn på sitt kontor gjer og til at ein kan få nytta meir av det medisinske utstyret som ein har.
Når samhandlingsreforma trer i kraft så får vi tilbake pasienter som krev tett oppfølging av personal, lege og fysioterapeut - Det er heilt opplagt då at det å være i nærleiken av kvarandre er det beste for pasient, pårørande og personal. Veien frå å være frisk og i full jobb til å plutselig falle om og bli pleietrengande er ikkje veldig stor - og ein må då sjølvsagt gjere overgangen så mjuk som mulig, og den jobben blir enklere å utføre når ein har eit nært tverrfagleg miljø.
At omsorgsenteret blir plassert ved fotballbana ser vi på som positivt. Det at bebuarar kan sitte å sjå på barn og ungdom som spelar er ein glede i kvardagen og ikkje forstyrrande. Bebuarane ønsker å ha liv og røre rundt seg, dei ønsker å ha noko som held dei opptatt, noko å sjå på og glede seg over. Når vi no er ute på tur med bebuarane så har vi ikkje dei store muligheitane til å endre turmønster, då vi personale må være i nærleiken av SBS. Det å kunne komme seg ut og sjå på anna enn bebyggelsen kring SBS blir svært positivt.
Det er pårørande som kjem for å gå på tur med sine som ikkje klarer å gå ned bakken og opp att bakken med rullestoler slik vi ligg til no. Det er også bebuarar som klarer å gå men ikkje ned bakken til sentrum. Kjem vi oss ned til sentrum endrer dette seg. Det blir eit stort flott og flatt terreng å forholde seg til. Og ein har aktivitet kring fotballbane, skule, barnehage og butikker.
Tenk om akkurat du som er imot dette ein dag treng å få ein plass på omsorgssenteret! Er det ikkje då godt å tenke på at her får eg det så bra som det lar seg gjere utifrå livssituasjonen min, her er det mykje å sjå og høyre på, her er det eit godt tverrfagleg og derfor kunnskapsrikt personale! Tenk for ei glede du får når du kan sitte inne/ute å høyre/sjå på aktiviteten som skjer kring sentrum enn å sitte å sjå ned på ein parkeringsplass eller utover mot sjøen der det ikkje er noko stor aktivitet. Tenk når dine nærmaste kjem for å ta deg med ut - tenk på mulighetane dåkkas til å gå på kaffè, gå på butikken, gå langs promenaden ein fin sommerdag. JA TAKK VI VIL TIL SENTRUM!
På vegne av bebuarar og personalet v/SBS Inger Lise Langedal

Ledig stilling som fagleiar i open omsorg ytre 10.06.2011

Ved Open omsorg ytre, Tenestene for funksjonshemma, er det ledig eit 100 % vikariat for fagleg leiar frå september 2011 til september 2012. Vikariatet kan blir utvida.

Meir informasjon kan du sjå på www.bremanger.kommune.no eller "stilling ledig" til venstre.


Drømmestipend til Jonas Valberg 08.06.2011

Jonas Valberg (19) frå Svelgen er ein av seks i Sogn og Fjordane som er tildelt 10 000 kroner i Drømmestipend. Han ynskjer  å kunne leve av musikk, investere i utstyr og å komme inn på NTNU eller i Kristiansand å ta master/bach som utøvende. Høyr lydfil her.

Om Drømmestipendet:

Drømmestipendet består av 100 stipendier à 10 000 kroner - til sammen én million kroner.

Stipendordningen er et samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipenutdedelingen ønsker vi å synliggjøre kommunenes arbeid for barn og unge. Vårt håp er at Drømmestipendet skal være verdifull inspirasjon og et viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøveres drømmer.

Kommunene nominerer én kandidat hver.


Plasseringsforslag til ny sjukeheim i Svelgen 07.06.2011

 

 

 Slik ynskjer Bremanger kommune og eit samrøystes formannskap at den nye sjukeheimen i Svelgen skal sjå og plasserast. Saka skal opp til handsaming i kommunestyret 14. juni.

 


Ny deltakarrekord på Tour de Bremanger 06.06.2011

Heile 40 syklistar deltok då Per Arne Sæterlid & co for 5. gong inviterte til sykkeltur gjennom Bremanger kommune.

 

Klikk her og sjå tekst og bildete Firdaposten.no

 

Sjå også Liv Sigdestad Brekke sine bilete på Origo (OBS bilder på 3 sider).

 

Per Arne seier seg lei for at nokre av dei positive sponsorane har falle ut i nokre profileringssamanhengar. Han ynskjer å takke følgande for støtta til arrangementet

 

 

Bremanger kommune

 

Coop Svelgen

 

Elkem Bremanger

 

Svelgen Hotell

 

Svelgen Kraft AS

  

Svelgen Røde Kors


Bortekamp for Svelgen A-lag... 06.06.2011

 

               Tirsdag 7.Juni  

 

    Avreise til Florø  Kl.16:05 

    Fra Centrum Fagmøbler (gamle byggeriet)

     

                                  Båt fra Florø til Atløy   Kl. 17:15

      

                  Ring T.V.B. på mobil nr. 91658525 om du ikkje kan møte.


TUR TIL SKJERJEHAMN. 06.06.2011

Pensjonistlaget reiser på dagstur til Skjerjehamn onsdag 8.juni.

Det er no blitt 2 ledige plassar etter avmelding.

Interesserte kan ringe til Bjørg 47615127.


Eit nedbørsfritt døgn! 06.06.2011

Etter heile 21 døgn på rad (eller 23 av 24 døgn om du vil) med registert nedbør ved nedbørsstasjonen til Svelgen Kraft, vart nedbørsglaset tomt måndag morgon.

STIF protesterer mot nytt omsorgssenter ved bana 03.06.2011

Bremanger kommune ynskjer å bygge omsorgssenter/sjukeheim nedanfor Svelgen Stadion i staden for å bygge nytt/oppgradere det eksisterande bygget på Naustneset. STIF-leiar Svein Arne Sandvik meiner plasseringa ikkje tek omsyn til aktiviteten til barn og unge som er på bana i både organisert og uorganisert aktivitet til langt på kveld. STIF peikar også på at Svelgen vil miste sitt einaste ledige areal for næringsutvikling eller anna sentrumsutvikling:

"STIF har drøfta deres sak 087/11 ifm plassering av nytt omsorgssenter i Svelgen Sentrum.

STIF har investert ca. kr. 5 mill. av egne midler når Stadion anlegget står ferdig og  bestående av   friidrettsanlegg, kunsgressbane fotball, undervarme fotball anlegg, lysanlegg og servicebygg med garderober og lager m.m.

 STIF har også fremma forslag i reguleringssaken ( Norplan 2009) om arealet nedenfor stadion om å avsette areal for etablering av kast sektor utfra ønske om å kunne tilby utøvere treningsforhold for kast øvelser da dette ikke kan gjøres ut mot kunstgressbanen. En fremma og forslag om å etablere park og “grønne”soner, samt beregne felles   parkeringsplasser for næringsarealet og idrettsplassen

En kan heller ikke i fremlagt saksutredelse se et eneste argument som omhandler oppvekst vilkåra for barn og unge og idrett og fysisk aktivitet   som vil bli berørt ved etablering av eventuelt omsorgssenter plassert vis a vis Svelgen Stadion.

STIF ser derfor på   etablering av nytt omsorgssenter på nabotomten som direkte uheldig utfra   følgende punkter.

·          STIF som nærmeste nabo har aktivitet ved Svelgen Stadion i form av organisert aktivitet,  en stor del av aktiviteten er uorganisert og pågår til sene kveldstimer og kan medføre en del  støy og negative effekter ifm brukergruppen ved et omsorgssenter.

·          Plassering av omsorgssenter kan  virke som en aktivitetsdemper for barn og unge utfra punkter som nevt over

·          Anlegget STIF har investert i blir heilårsanlegg med undervarme for å kunne tilby vinterfotball, og anna aktivitet

·          Anlegget vil bli flombelyst i vinterhalvåret og sikrer gode lysforhold for aktiviteten utover kveldene

·          Anlegget vil bli et attraktivt anlegg for utleie, spesielt for fotballaktivitet  gjennom hele vinterhalvåret.

·          Organisert aktivitet vil bli gjennomført i tidene fra kl. 17.00 – 21.00, uorganisert aktivitet vil bli tilbudt til kl. 22.30

·          Framlegg til kastesone ved anlegget kan bli vanskelig å gjennomføre dersom en slik type bygg/anlegg blir nærmeste nabo.

·          Svelgen mister sitt eneste ledige areal   for nærings utvikling og annen sentrumsutvikling.

 

STIF oppfordrer derfor   Bremanger Kommune   til  å opprettholde og fortsette arbeidet med Naustneset alternativet for plassering av nytt omsorgssenter, og gjennom dette også holde fast ved nåværende reguleringen   av sentrumsarealet."

 

 

 

For Svelgen Turn og Idrettsforening

 

Svein Arne Sandvik

Leder


 

Svelgen Samfunnshus søndag 5.juni

Åpen kafe med salg av kaffi, sveler og kaker fra klokka 16:00

 

VELKOMMEN!

  

 

 


Sjå fotballkampen på hotellet. 04.06.2011

EM-kvalifiseringskampen mellom Portugal og Noreg vert vist i kaféen på hotellet frå kl. 20.00 i kveld, laurdag 4. juni.

Elkem-kopp til Bjørn Kristian, Chris Leander og Terje 03.06.2011

Etter loddtrekning har fylgjande vunne Elkem-kopp mai månad: Sandsegga nr. 1098 Bjørn Kristian Vikebø, Gulebrystet nr. 245 Chris Leander Førde, Risevatnet 3,5 km nr. 1471 Terje Rebni. GRATULERER !

Ny trekning og ny vinnarmuleghet for juni månad. Eit anna turtips er turorienteringa som er lagt ut – kart og liste over postane får du kjøpt på BEST –stasjonen i Breivika. Lukke til med å finne postane

 

 

 

 

 

Keipen turlag

FJELLTRIMMEN og TURORIENTERINGA


Ivan på hotellet :

 


Svelgen Kino

Pirates of the Caribbean

On Stranger Tides

fredag 3.juni 20:00

kiosk og billetter fra 19:30

Johnny Depp vender tilbake i sin ikoniske rolle som Kaptein Jack Sparrow i en handlingsmettet beretning om sannhet, forræderi, begynnelse og slutt. Da Jack støter på en kvinne fra sin fortid (Penelope Cruz), er han ikke sikker på om det er kjærlighet, eller om hun er en hensynsløs bedragerinne som utnytter ham for å finne den sagnomsuste Ungdomskilden. Hun tvinger ham ombord på Queen Anne's Revenge, skipet til den formidable piraten Svartskjegg (Ian McShane), så Jack befinner seg plutselig midt i et uventet eventyr der han ikke vet hvem han skal frykte mest: Piraten Svartskjegg eller kvinnen fra hans fortid.

Aldersgrense: 11 år
Egnethet: Barn/ungdom
Begrunnelse: Filmen har en mørk stemning og inneholder enkelte truende scener og skikkelser som kan virke skremmende på 7-åringer. Filmen får derfor 11-årsgrense.

Matias Gulestøl sette to klubbrekorder.

 

Matias deltok under Stavanger Open for å svømme den lengste herreøvelsen, 1500 fri. Det var ett stort stevne med 440 deltakere og 2200 starter. Han reiste med ett mål: Han SKULLE sette ny klubbrekord! Arne Helle har hatt rekorden siden 1977. Det var ett spennende løp der han lenge låg forran skjema. Omtrent midt i løpet låg han bak skjema, men gredde å jobbe seg opp igjen på slutten. Matias innfridde målet sitt og sette ny klubbrekord. Under samme løpet sette han også klubbrekord på 800 fri. Den var like gammel og det var Arne som også hadde denne.

Det var en glad gutt som reiste heim igjen med 2 gull- og 2 sølvmedaljer i lomma, og med nye fremtidige mål!


Barnetrim og Idrettskule 02.06.2011

 

   Idrettskule og Barnetrim har tatt sommarferie.

 

   Vel møtt til hausten!


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars