Arkiv April 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Søndag kl. 1100:

Jubileumsgudsteneste i Midtgulen 30.04.2004

Medvirkande: Biskop Ole D. Hagesæther, Prost Rolf Schanke-Eikum, Øystein Frivold, Thorvald Grønli, Ole Helland, Ivar Austrheim, Tommy Erdal, Rolf Eivind V. Monsen, Tore Myklebust, kantor: Jarle Grotle, Svelgen songlag og Svelgen søndagsskule.

Etter Gudstensta ca. kl. 13.00 vert det festsamvær i Trudvang. Det vert servert Rømmegraut og spekemat, kaker og kaffi. Der vert det og høve til å kome med helsingar.

Vi ser fram til å feire dagen saman og ynskjer alle hjarteleg velkomne!!

Sigrid Solheim hark skrive eit Jubileumsheftet "Midtgulen kyrkje 1904 - 2004". Det vert å få kjøpt for kr. 50.- etter gudstenesta.

Bygginga av Midtgulen kyrkje vart starta opp i 1903, 3. mai 1904 vart den vigla av biskop Johan Willoch Erichsen. I 1929 fikk kyrkja nytt orgel. Då kyrkja i 1954 var 50 år vart den måla innvendig med nye fargar, nye vindu med antikkglas og glasmåleri i koret. Motiva her er "Den gode hyrding" og Såmannen" Altertavla er måla av kunstnaren Frida Rusti. Nyleg har kyrkja fått tilbygg med bårerom, reiskapsrom, toalett og dåpssakristi.


Signerte fotballdrakter Leeds - Sogndal 30.04.2004

 


- budfrist er endra til 17.mai!
Sogn og Fjordane Røde Kors har gjennom sitt Stopp Volden arrangement i Sognahallen 23.april fått 2 fotballdrakter som vi skal auksjonere bort! Arrangementet var ein stor gratiskonsert for å minnast Arve Beheim Karlsen som drukna i Sogndalselva for 5 år sidan.Dei to draktene er:
1 stk Leeds drakt nr 19 Bakke. Signert Eirik Bakke
1 stk Sogndal drakt. Signert alle spelarane på laget


 

Sogn og Fjordane Røde Kors har lagt desse to fotballdraktene ut på auksjon
i tidsrommet 26.april - 17. mai 2004.  Startpris er kr 1.000,- pr drakt.
Interesserte kan ta kontakt med Sogn og Fjordane Røde Kors på tlf 57 82 94
90. Skrifteleg bud sendast på e-post til henni.aasen@redcross.no
HENNI AASEN
koordinator
Sogn og Fjordane Røde Kors
tlf 57 82 94 95
fax 57 82 94 91
mobil 992 36 428


1. MAI I SVELGEN 30.04.2004

 

Svelgen Samfunnshus inviterer til ein hyggeleg ettermiddag 1. mai klokka 1600. Det vert sal av kaffe, kaker, is og brus. Elles er programmet slik:

    • 1630 Opning v/ Anne Lise Gilleshammer
    • Elevar frå Bremanger Kulturskule
    • Gruppe frå Svelgen Songlag
    • Ludmila Matvienko på flygel
    • Kåseri med Per Ytrehus
    • Allsong. Inngang Vaksne kr. 20,- og Barn kr. 10,-. Svelgen samfunnshus håpar mange tek turen innom i morgon 1. mai.

 


Skulemusikken jubilerer 8. mai 29.04.2004

Laurdag 8.mai vert det stor og staseleg markering av at Svelgen Skulemusikk vert 40 år til hausten. Av ulike grunnar vert dette markert no i vår. Skulemusikken har alt markert starten av feiringa med jubileumskonsert saman med Sogn og Fjordane Brassband, ein konsert som verkeleg var topp!

8.mai vert det jubilert frå  klokka 11 om føremiddagen til eit stykke ut på kvelden. Først startar vi opp med kafé i småsalen på samfunnshuset, og samstundes vert det utstilling av m.a. bilete og høve til mimring i småstova. Her vert det ein del godbitar både for tidlegare og noverande musikantar og aktørar.

Klokka 17 vert det gratis festforestilling på samfunnshuset. Denne er open for alle. Vi får vitjing av ein del personar som har hatt sentrale roller i skulemusikken opp gjennom åra frå 1964. Av innhaldet på festen vil vi ikkje røpe så mykje, men det er vel ikkje noko stor overrasking at det vert ein del musikalske innslag!

Om kvelden vert det middag på hotellet for noverande musikantar, drillarar og spesielt inviterte. Men: Andre interesserte som ønskjer å vere med på middagen, kan melde seg på til John Fløtre eller Torgeir Eidsvik ( torgeir.eidsvik@enivest.net ). Kostnaden med middagen, 200 kroner, må du då betale sjølv. Men vi meiner at du får mykje att for desse pengane, både for mage og for sjel.

Støtt opp om skulemusikken! Set av litt tid denne dagen og ver med på samfunnshuset og/eller på hotellet.

 

Torgeir Eidsvik

Andrè Hatleset scora STIF sitt 1500. seriemål 29.04.2004

Då Andrè Hatleset onsdag sette inn 4-2-målet til STIF, scora han STIF sitt A-lag/1. lag sitt 1500. seriemål gjennom tidende. Dette gjorde han på dagen 41 år etter at Einar Gjerde, 28. april 1963, scora STIF sitt aller første seriemål. I begge tilfella var Førde motstandar. Dei 1500 måla er berre mål som er registrert på Fotballkrinsen sine sluttabellar for kvar sesong. Scoringar i kampar som t.d. då STIF trekte laget sitt etter fire seriekampar i 1967 er ikkje tekne med. På same tid har STIF sluppe inn ”berre” 1288 mål.

 

Edvin Førde har scora flest seriemål for STIF med 98, noko han gjorde på 7,5 sesongar mellom 1985 og 1999. Edvin Førde har også rekorden med 24 seriemål på ein sesong, sett i 1989. Øyvind Grindheim har rekorden på 7 seriemål i ein kamp, sett i 1993. Største seriesigeren stammar frå 2002 då STIF slo Anga 14-0.

 

På biletet under ser ein Andrè Hatleset fotografert etter at han vart bytta ut mot slutten av kampen onsdag. Hatleset, som var toppscorar for STIF i fire sesongar frå 1997-2000, er no tilbake for fullt for STIF etter å ha hatt pause frå fotballen sidan sesongen 2000 var over. Hatleset har scora 58 seriemål for STIF, og av desse kom 37 i 3. divisjon 1998-2000.

 


Volleyball

Fire Svelgen-jenter til NM 29.04.2004

Til helga skal fire jenter som har gått gradene i STIF delta for Tambarskjelvar frå Naustdal under NM for 17-åringar i Stavanger. Tambarskjelvar har lange og svært gode tradisjonar i NM for jenter, og er rekna som landet sin beste klubb i jentevolleyball siste 30 år. At STIF har 4 av 9 spelarar på Tambarskjelvar vitnar om at Volleyballgruppa i STIF, med Frank Midtbø og Frank Hatleset i spissen, har gjort gjort ein god jobb med dei yngre.

Ved å klikke på linken NM 17 år kan du følgje med korleis det går med Svelgen-jentene i helga. Om du klikkar på "Tidligere vinnere" t.v. på sida, vil du kunne sjå Svelgen sine gode prestasjonar for gutar i 1979 og 1984. Den gong Arne Loftheim og Hans Rune Strandos trena STIF til høvesvis gull og sølv i NM.

På biletet under av Tambarskjelvar, som er henta frå NM-heimesida, ser ein følgjande jenter frå Svelgen, bak: Eli Kvendseth (nr. 2 f.h.) og Herborg Eikeland (nr. 1 f.h.). Framme: Sylvi Mari Fløtre (nr. 1 f.v.) og Kristina Mundal (nr. 1 f.h.)

 


Kommunestyret vil ha steinbrot i Gulestøa 29.04.2004

I følgje Firdaposten går kommunestyret inn for utbygging av steinbrot i Gulestøa.

Les meir i Firdaposten 


27 medlemar i Scoringsklubben 29.04.2004

Til no har det meldt seg heile 27 medlemar til STIF si Fotballgruppe sin Scoringsklubb. Men det er mogeleg å melde seg som medlem vidare ut i sesongen. Inntektene, som er 10 kr frå kvar medlem for kvart mål STIF scorar i 5. divisjon, går til drift av Fotballgruppa sine 12 lag. Les meir om Scoringsklubben i notis datert 19. april på denne sida.

Kåre Myklebust vart trekt ut som vinnar av den første pizzaen, som ein trekker ut på kvar heimekamp for STIF i 5. divisjon. Dette er ein stor pizza gjeven av Svelgen Hotell.


STIF vann 4-2 28.04.2004

I 5. divisjonkampen onsdag vann STIF 4-2 mot Førde 2. Svelgen.no kjem med referat seinast torsdag kveld.

5. divisjon


Ledige stillingar i kommunen 27.04.2004

Bremanger kommune har no lagt ut fleire ledige stillingar. Sjå link til venstre "Stilling ledig".

47 fødde i Bremanger i 2003 27.04.2004

Les meir i Firda

Før kampen onsdag 27.04.2004

På Førde si heimeside kan du lese kva Førde 2 skriv om kampen mot Svelgen på Svelgen stadion onsdag kl. 19.


Kåre Olav Svarstad:

Feil prioritering av slå av gatelys 27.04.2004

Ordførar Kåre Olav Svarstad skriv i siste nummer av Bremanger Nytt det var feil prioritering å slå av gatelysa i Bremanger:

Han skriv:

Det er blitt vår, det går mot lysare tider heldigvis. Spesielt er dette positivt når vi veit at gatelysa vart avstengd 1.april. Dette vart gjort ut frå ei prioritering sett opp mot kva som ramma innbyggarane minst mogeleg. Ut frå dei reaksjonar som er kome til ordførar, og sett opp mot sikkerheit for å ferdast ute i mørke kan det synast som dette var ei feil prioritering.

Vi veit at sparing også kan skje ved å nytte andre lysarmatur og nye lyskilder, ei halvering av strømforbruket kan truleg oppnåast. Det er derfor rett og rimeleg at saka vert vurdert på nytt og at politikarane eventuelt kan tidfeste påslåing av gatelysa igjen.

Om andre ting skriv han:

I påska vart det arrangert miniseminar for ungdomar for å gje dei informasjon om arbeid og tilbod i Bremanger kommune. Det var nyttig at bedrifter fekk presentere seg og formidle sine behov for kompetanse og arbeidskraft. Ordføraren vil benytte anledninga til å takke dei som var med på seminaret, spesielt Elkem Bremanger, INC-vedlikehold og Bremanger VeKsT for dei presentasjonane dei sto for. Elkem og INC er bedrifter som har behov for forskjellige typar kompetanse og som samtidig ser positivt på at arbeidskrafta har sine ”røter” frå kommunen.

Kommunen må gjennom Bremanger VeKsT ha dagleg fokus på muligheiter for å skaffe arbeidsplassar, men eit anna problem som er like vanskeleg er å skaffe seg ein plass å bu. Det må difor satsast meir på dette området, det er håplaust når folk som ynskjer å flytte til Bremanger må gje opp dette fordi det ikkje er muleg å oppdrive midlertidige bustadar. Dette er eit så alvorleg problem at ordførar må engasjere seg og ta initiativ for å finne løysingar. Skal vi få folk til Bremanger må første forutsetninga vere at dei har ein plass å bu!

Sidan det er vår og arbeidslysta aukar vil eg minne om vårt felles ansvar for å rydde og få bort alt rusk og rask. Bremanger er og skal fortsatt vere ei fin kommune.

Kåre Olav Svarstad
- ordførar -


Bremanger Nytt for mai 26.04.2004

Dette kan du no lese på linken: Bremanger kommune

Sesongopning for STIF på

Svelgen stadion onsdag kl. 19 26.04.2004

Onsdag 28. april kl. 19 spelar STIF sin første seriekamp for året heime mot Førde 2. Det vert spennande å sjå om STIF greier å følge opp dei gode resultata frå treningskampane.

På linken under kan du sjå resultata frå dei to kampane i 5. div. som vart spelte i helga. På same linken vert også resultatet frå STIF sin kamp truleg lagt ut innan ein time etter kampslutt.

5. divisjon


Fleire svelgarar på Rett Vest 25.04.2004

Rett Vest

Fleire svelgarar deltok på Rett Vest-løpet i Florø. Klikk på linken og sjå resultata.

 

 

 

 

 

 

 

 


Flott Husflidsutstilling 25.04.2004

Svelgen- og omegn husflidslag hadde laurdag vårutstilling på Samfunnshuset. Dei hadde teke i bruk både gangen, småsalen og småstova. Vi fekk demonstrert  karveskurd, nupperelle, toving og knyting av sokkeband. Svelgen og omegn Husflidslag fekk vise at dei er eit særs aktivt lag, og presenterte ei allsidig utstilling. I småsova vart det servert sveler og kaffi, mens heile småsalen var full av flotte produkt.     På bildene ser vi Elin Endestad Gjerde som både beherskar hardangersaum og nupperelle. Vesle Tobias på 4 år har fått seg snurrebass som han fekk sjå Odd Styve dreie til seg. Dama i den tova hatten er Berit Gulestøl som selde lodd til inntekt for det aktive Husflislaget.

Småjentene til Sogndal 23.04.2004

Avisa Firda melder følgjande:

"Førstkomande helg vil 20 aldersbestemte lag bli invitert til å delta i ei turnering i Sognahallen.

FOTBALL: Dette er ein lekk i samarbeidet mellom Sogndal Fotball og Sparebanken Sogn og Fjordane. Følgjande lag skal delta:

Smågutar: Askvoll/Holmedal, Eikefjord, Florø, Viksdalen, Breimsbygda, Gulen, Jølster/Vassenden, Stryn, Tambarskjelvar og Jølster.

Småjenter: Balestrand, Breimsbygda, Bremanger, Hornindal, Syril I, Syril II, Skavøypoll, Kaupanger, Svelgen og Hyllestad.

Turneringa vert avslutta med at alle spelarar vert inviterte til oppgjeret mellom Sogndal og Bodø/Glimt på Fosshaugane søndag kveld."


To mista lappen ved Kjelkenes 23.04.2004

NRK Sogn og Fjordane melder følgjande:
 
"To personar mista førarkortet i ein fartskontroll ved Kjelkenes nær Svelgen i går kveld. Dei to køyrde i 87 og 86 km/t i 60-sona. Politiet delte også ut to forenkla førelegg."

Svein Inge Fosse:

Vil ha på gatelysa 22.04.2004

Svein Inge Fosse meiner det er fårleg for turistane og innbyggarane  å ferdast i mørklagde gater i Bremanger. No vil han få på lysa att.

 

 

Svein Inge Fosse tener sine kroner på turistar på Kalvåg, og meiner tilbodet han kan gje er svekka på grunn av Bremanger kommune sitt sparetiltak med sløkte lys. I eit brev til Sogn og Fjordane Energi, Gjensidige Forsikring og Bremanger kommune ber han om at ein går saman for å få på lysa att. 

- Det er både travelt og utriveleg når gatelysa er sløkte om kvelden og natta. I vi har tilreisande som bur på rorbuer, og det er utrygt når dei skal gå å legge seg om kvelden, seier han til Firdaposten i dag. Han meiner ein kan komme i eit jurudisk samansurium dersom nokon skadar seg og krev erstatning.


Pressemelding frå Høgre:

Vil ha steinbrot i Gulestøa 22.04.2004

 

 Dei siste dagane har det kome fleire utspel frå personar og organisasjonar som er positive til igangsetjing av steinbrot i Gulestøa. Bremanger Høgre gjev si fulle tilslutning til desse. Svelgen Næringsråd fortel at 3 av deira medlemsbedrifter har omsett tilsaman 10 mill. kr. som ei direkte følgje av det steinbrotet som allereie er etablert i kommunen. Fleire andre verksemder i kommunen har også hatt vesentleg omsetnad i denne samanheng.

Dersom kommunen får eit andre steinbrot, vil dette ytterlegare styrke desse bedriftene, samt gje mogelegheit for nyetableringar innan til dømes mekanisk vedlikehald og lignande.

 

For det nyetablerte Bremanger Havn KF er også dette positivt. utskipning av stor tonnasje vil føre til gode inntekter, noko som vil kome heile det nye hamneområdet til gode.

 

Bremanger Høgre

 

v/Allan Rasmus Dyrstad

- leiar -


"Ny" svelgen.no 22.04.2004

Den merksame lesar har sikkert oppdaga at Svelgen.no har endra seg litt i dag. Vi har oppgradert sidene reint teknisk, slik at layouten blir betre. Fortsett å sende inn bilder, brev, meiningar og tips. Vi har no gjort det lettare å legge ut ting på Fritt Ord sida, Vitse-sida og Ris & Ros. Du kan no sende helsingar med bilde - og det kjem rett på web. Har du nyheter er inga sak er for stor eller for lita. Ynskjer verksemda di å annonsere på "nye" www.svelgen.no ta kontakt med ingrid@haugen.no

 


Norsk Marin Yngel:

Overtok Fjord Seafood sitt anlegg 22.04.2004

Les meir

Norsk Marin Yngel AS har overteke Fjord Seafood AS sitt anlegg i Svelgen, melder Firdaposten.

Dei har no to anlegg i Breivika: eitt for yngel opp til ti gram og eitt for påvekst opp til 100 gram. 

På bildet ser vi Helge Osland som er dagleg leiar av verksemda som produserer torskeyngel.


Energiutgreiing for Bremanger kommune 22.04.2004

Som områdekonsesjonær har Sogn og Fjordane Energi AS engasjert Vestnorsk Enøk AS til å bistå i utarbeiding av energiutgreiing for Bremanger kommune i Sogn og Fjordane.

Denne rapporten kan du no lese ved å gå inn på kommunen sine heimesider.


Knut Gulestø:

Vil ha steinbrot som nabo 22.04.2004

Knut Gulestø kjempar for å få det nye steinbrotet som næraste nabo i Gulestøa.

 - Dersom det skal vere noko framtid for folk mellom Årebrot og Sørgulen, må vi godta at det kjem ei næring som set spor etter seg, seier han til Fjordenes Tidende.

- Motstykket er at at området her vert avfolka på grunn av vern. Kva for vern kan det vere dersom heile gardar og buplassar vert lagt aude og ståande til nedfall? spør den pensjonerte læraren.

Heilt til venstre i bildet vil vegen gå parallelt med bilvegen frå deponiet på neset og opp til høgre i bildet. - Det vil sette spor etter seg, men for å få noko - må ein gje litt, seier Knut.


Resultat av Røde Fjær aksjonen i Bremanger 22.04.2004

Lions landsdekkande innsamlingsaksjon 28. mars, Røde Fjær, ga eit resultat på 66000 kr i Bremanger kommune. Dette tilsvarar 15,84 kr for kvar innbyggar, eit resultat ein må vere godt nøgd med. Dei innsamla midlane skal vere med på å finansiere eit nytt rehabiliteringssenter for kreftpasientar, Montebellotunet ved Lillehammer. På landsbasis vart det samla inn i alt 45 millionar kroner.

 

Lions Club Svelgen takkar alle givarar og bøsseberarar som var med til å gi aksjonen eit godt resultat, melder Willy Bell


Vårdal klar for sin 17. sesong på rad for STIF 21.04.2004

Torgeir Vårdal (biletet t.h. frå 1989) er klar for sin 17. sesong på rad for Svelgen TIF sitt senior A-lag, og er i ferd med å bli ein superveteran. Han debuterte som 17-åring i 1988 og har sidan vore trufast og lojal mot STIF. Dette til tross for at han ved mange høver har hatt tilbod frå naboklubbar som Bremanger, Florø og Eikefjord. Vårdal debuterte i serien i 2. serierunde i 1988, borte mot Syril. I den kampen fekk han 20. minutt som innbyttar, som var nok til at han fekk starte i den neste seriekampen heime mot Bremanger. Alt i første seriekampen frå start vart han notert i dommarboka med gult kort.

Det er ikkje få raid Vårdal har lagt bak seg på fotballbanene rundt om i Sogn og Fjordane. Vårdal har halde seg på venstresida til STIF, der har spelt back og på kant på midtbana. Vårdal har vore med på fire av STIF sine opprykk i divisjonssystemet, og tre nedrykk. Han har også opplevd alt frå å score sjølvmål på sin eigen bror etter berre 25 sekundars spel, til å score flotte mål på frispark frå langt hald.

STIF- trenar i 2004, Trond Hatleset, er glad for at Vårdal framleis vil spele for STIF. Han gir Vårdal følgjande karakteristikk: "Eg vil karakterisere Torgeir som ein utruleg lojal spelar som sett laget sine interesser framfør eigne. Han har eit godt venstrebein, noko som alltid er nyttig for eit lag. Torgeir er solid defensivt frå sin posisjon på venstrekanten, og gjev i tillegg laget ein dimensjon offensivt med sine lange raid. Han legg gode døballar med både presisjon og fart".

Berre Øyvind Grindheim har fleire sesongar enn Vårdal på STIF sitt A-lag, då Grindheim var i A-stallen i 18 sesongar frå 1980 til 1997. Om Vårdal held seg frisk og skadefri ser ein ikkje vekk frå at han tek endå nokre sesongar på STIF. Også Arild Sande spelte A-kampar i 17 sesongar på rad, frå 1972 til 1988.

For dei som lurer på kor gamal Vårdal er, så kan Svelgen.no opplyse om at han fyller 33 år 22. april. Biletet under er teke av Vårdal på Davik 2. påskedag 2004.


Svelgen Næringsråd støttar steinbrot i Gulestøa 20.04.2004

På Svelgen Næringsråd (SNR) si heimeside går det fram at styret i SNR stiller seg undrande til alt det negative som har kome frå ulike hald utanfor Bremanger kommune vedrørande steinbrotet i Gulestøa. Dei stiller seg også bak dei som bur i grendene rundt Gulestøa, og ønskjer steinbrotet velkome i nærmiljøet.

På SNR sine heimesider kan du lese meir om kva syn styret i SNR har på steinbrotet i Gulestøa, som har fått mykje merksemd i media siste tida.

Svelgen Næringsråd


Alt i orden i Polen 20.04.2004

Elevane frå 10. klasse ved Svelgen skule er no på veg til bestemmelses-plassen i Polen. Det viste seg at det var eigarane av "Dei kvite bussane" som ikkje hadde betalt vegavgifta. Dette skal no vere i orden, i følge rektor Kåre Myklebust.

10. klasse sit fast i Polen 20.04.2004

10. klasse frå Svelgen skule er på skuletur til Polen, og skulle etter planen vore framme tysdag føremiddag. Dei reiste i går frå Oslo med dei såkalla "Kvite Bussane" via Øresundbroen i Sverige til Danmark. Deretter tok dei ferje til Polen.

No er dei imidlertid blitt stoppa midt i Polen og har fått 6000 kroner i bot for ikkje å ha papirene i orden. I følge Airin Alfredsen Førde er politiet tilkalt og klassen får ikkje reise vidare.

I tillegg til elevane, følgjer elleve foreldre med på reisa. Med som lærarar er Per Arne Sæterlid og Trudi Vågene. Svelgen.no kjem attende med meir informasjon om utviklinga etter kvart.


Rosvoll og TV2 tener stort på Idol 20.04.2004

I følgje eit intervju med VG seier salgsdirektør i TV2, Bjørn Gunnar Rosvoll, som er utflytt svelgar, at TV2 vil tene 4 mill. kr på reklame i samband med Idol-finalen 14. mai. I tillegg har dei selt billettar for 3. mill. kr.

Les intervjuet med Rosvoll på linken under.

VG


Eit nytt liv etter slankeoperasjon 19.04.2004

Geir Henning Hansen, som er busett i Svelgen, seier i eit intervju med Bergens Tidende at han har fått eit nytt liv etter ein slankeoperasjon i august 2003.

Her følgjer eit lite utdrag frå BT: " Det er ingen vedunderkur som er årsaka til at den 29 år gamle kommunearbeidaren frå Svelgen har gått ned 10 kilo i månaden sidan august i fjor.

Han er ein av 20 pasientar som er blitt operert mot overvekt på Førde Sentralsjukehus i fjor.

- Eg har fått eit nytt liv etter operasjonen, seier Geir Henning då han fortel BT historia si.

- Alt som gutunge var eg ein kraftig kar. Det var ikkje til å unngå at eg måtte tola litt mobbing. Ymse kallenamn har eg også hatt opp gjennom åra, seier Geir Henning i dag."

Les meir i BT


Ingen klagar på mørklegging 19.04.2004

Bremanger kommune har ikkje fått ei einaste klage på at dei har mørklagt heile kommunen. Det seier fungerande teknisk sjef Ole Bjørn Førde. Det er heilt mørkt etter halv elleve om kvelden, også ved fotgjengarfelta, der kommunen er pålagde å syte for lys. Les meir i Fjordenes Tidende i dag.

Terminlista til STIF 18.04.2004

På linken under kan du sjå terminlista for 5. divisjon, der STIF i år er nyopprykt. Sidan Hafslo trekte laget i vinter, vert det berre 16 kampar på laga i divisjonen.

STIF serieopnar heime mot Førde 2 onsdag 28. april. STIF sine 8 heimekampar er fordelt på 5 lørdagskampar, 2 onsdagskampar, og den aller siste seriekampen går heime mot Selje søndag 26/9.

5. divisjon 2004


Svelgarar til Fylkestoppen 18.04.2004

På Fylkestoppen til NRK Sogn og Fjordane er Florø (/Svelgen) Storband ein av utfordrarane. Vi skriv Svelgen i parantes, sidan fire av musikarane kjem herifrå (Trond Teigene, Tor Hjalte, Annika Myklebust og Janne Linn Myren). Så følg med torsdag 22. april. Då kan du gje di stemme pr. epost (kan gjerast ei veke før fylkestoppen til og med ein time før sendinga starter torsdag). Ein sender då epost til fylkestoppen@nrk.no og skriv Florø Storband i emne. I tillegg kan ein ringe tlf. 829 47 544 medan ein speler låta deira (på torsdag). Svelgen.no følger sjølvsagt med!

Fotballgruppa i STIF med scoringsklubb 19.04.2004

Fotballgruppa i STIF organiserer i år "Scoringsklubben" att. Forrige gong STIF hadde ein slik klubb var i sesongen 2000, og då verva ein 40 medlemar. Her følgjer litt info om klubben:

Du har no høve til å støtte Fotballgruppa ved å bli medlem i "Scoringsklubben". Du betaler kr. 10 pr. mål A-laget scorar i 5. divisjon i 2004. Sjølv om det er A-laget som kan skaffe desse hardt tiltrengte kronene til Fotballgruppa ved å score mål, går inntekta i si heilheit til drift av våre 8 lag i Fotballkrinsen sine seriar og våre miniputtlag i Fotballkrinsen sine lokale miniputturneringar. Denne oppfordringa går til privatpersonar i og utanfor Svelgen, og til bedrifter/forretningar. STIF, som er nyopprykka i 5. divisjon, skal spele 16 seriekampar i 2004. Betalinga vil bli ordna etter at sesongen er over.

For å bli medlem kan du kontakte Frank Ryland på telefon 57793593 / 95921180, eller du kan bruke e-post: f-ryl@online.no (merk e-posten Scoringsklubben). Du kan også kontakte spelarane på A-laget, som også formidlar medlemsskap.

Svelgen Hotell støttar "Scoringsklubben":
På kvar heimekamp i 5. divisjon vil Fotballgruppa trekke ut ein av medlemane i "Scoringsklubben" som vinnar av ein pizza (verdi kr. 120) gitt av vår alltid like velvillige samarbeidspartner og sponsor Svelgen Hotell.

På biletet under ser ein spelande trenar Trond Hatleset (i midten) med to av spelarane som forhåpentlegvis skal lage/legge opp til ein del mål for STIF: Frank Hatleset (t.v.) og Kjell Åge Bueie. At trenaren sjølv puttar nokre mål er svært tvilsamt...



Eit forelegg i trafikkkontroll i Svelgen 18.04.2004

Ein person fekk forelegg for manglande bilbeltebruk i Svelgen onsdag ettermiddag.

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten


Midthjell langtidsskada 14.04.2004

Toppserieklubben Arna Bjørnar skriv på si heimeside at Marit Renate Midthjell har fått rive av korsbandet i høgre kneet sitt. Uhellet skjedde under trening på ein treningsleir på La Manga i Spania. Det er ikkje første gong Midthjell har vore uheldig på fotballbana: I sesongane 1998 og 1999 sleit ho korsbandet to gongar i venstre kneet.

Midthjell var i ferd med å førebu seg til sin 8. sesong i toppserien for damer for Arna Bjørnar, og har mellom anna fått med seg to cupfinalar.

Midthjell spelte aldersbestemt fotball for STIF f.o.m. 1987 t.o.m. 1993, bortsett frå eit år på Ålfoten. Midthjell har fem jente 16-årslandskampar for Norge frå tida i STIF. Ho var også utteken på U21-landslagssamling for damer i 1998 då ho skada kneet.

Seinast ved juletider i 2003 var den sympatiske Ålfot-dama i Svelgen og trena STIF sine fotballjenter to gongar med nokre vekers mellomrom.

Arna Bjørnar


Volleyball:

Svelgen skule deltok i KM 14.04.2004

Svelgen skule deltok onsdag 14/4 i ungdomsskulemeisterskapen i Førde. I jenteklassen vart svelgarane nr. 10, medan dei i guteklassen vart nr. 12.

På linken under kan du sjå resten av rekkefølga i KM.

Firda


Søndag 18. april kl. 20.00:

DEN SISTE SAMURAI 13.04.2004

Førskommande søndag viser Svelgen kino filmen Den Siste Samurai.

Litt om filmen:

En gang i tiden risikerte kaptein Nathan Algren liv og helse for ære og fedreland. For hvert slag ble illusjonene færre og marerittene flere. Nå er krigen et fjernt drønn. Mot og offervilje har veket plassen for alkohol og egeninteresse. I en annen kultur langt unna ser en annen soldat livsstilen sin gå til grunne. Katsumoto er den siste lederen for de sagnomsuste samuraiene. Slik de amerikanske indianerne måtte vike for den hvite manns erobringer, må samuraiene underkaste seg et Japan på vei mot moderne tider. Men Katsumoto vil ikke legge ned sverdet frivillig. For å tvinge samuraiene i kne blir Nathan Algren hyret inn som instruktør for den japanske keiserens famlende, ferske styrker. Det første møtet med samuraiene ender i fordervelse for Algrens tropper, og selv blir han Katsumotos fange. En lang vinter i fangenskap gjør noe med Algrens holdning til det stolte krigerfolket, og hans egen æresfølelse våkner fra den spritholdige dvalen. Men hvilken side i konflikten skal han sverge troskap til?

Alder: 15 år. Speletid: 2 t. 34 min


24. april kl.11-15

Vårutstilling med Husflidslaget 13.04.2004

Svelgen- og omegn husflidslag har vårutstilling laurdag 24. april frå klokka 11 til 15 i småsalen på Svelgen Samfunnshus.

Då skal dei vise litt av laget sine aktivitetar. Mellom anna produkt som er laga på kurs: lappeteknikk, billedvev, hardangersaum og karveskurd. Det vert også demonstrasjon av brodering med maskin, karveskurd, dreiing og toving.

Det vert sal av kaffi og sveler. Loddbøker til vårlotteriet er lagt ut på Byggeriet og Statoil. Gevinsane er utstilt på Byggeriet.

Svelgen og omegn Husflidslag ynskjer vel møtt.


Fotballfest for yngre onsdag 14/4 13.04.2004

Fotballgruppa i STIF inviterer til fotballfest for aldersbestemte lag på Svelgen samfunnshus onsdag 14.april 2004 frå kl.18.00 - 20.00.

Det vert utdeling av spillermerke og medaljer + diplomer for dei ulike laga.

Det vert servert pizza og brus.

Bjarne Lunde sørger for musikk.

Inngangsbillett: kr. 50,00 pr.person.

Fotballgruppa


STIF slo Bremanger 3-0 13.04.2004

2. påskedag spelte STIF (5. div) og Bremanger (4. div) treningskamp på grasbana på Davik. STIF viste at laget er på gang og banka storebror frå ytre med 3-0. STIF spelte i periodar god fotball, og viste at dei vert å rekne med i 5. divisjon 2004. Men fortsatt er ein del å jobbe med fram mot seriestart, som er 28. april, for trenar Trond Hatleset.

STIF leia 1-0 ved pause etter mål ved Torbjørn Didriksen, som for øvrig spelte ein svært god kamp. I 2. omgang trygga STIF sigeren etter mål av Kjell Åge Bueie og Andrè Hatleset.

På linken under biletet kan du lese kva Bremanger sin trenar, Magne Elde, skriv om kampen og STIF. STIF har i år spelt fire treningskampar, og Elde er den 3. trenaren til motstandarane som på trykk har hevda at STIF bør ha gode sjansar til eit nytt opprykk.

På biletet under gir trenar Hatleset instruksar i pausa på Davik. F.v. Kjell Åge Bueie, Trond Hatleset, Torgeir Vårdal, Stian Bøhmer og Torgeir Sørheim.




Bremanger


Optimisme etter miniseminar 12.04.2004

Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad brukte påskeveka til å inviterte ungdom som bur i Bremanger og ungdomar som vurderer å flytte tilbake til Bremanger, til miniseminar både i Svelgen og Bremanger.

- Vi har fantastisk mykje å vere stolte av i kommunen vår, seier ordførar Kåre Olav Svarstad, til Firdaposten.

Mellom anna vart Elkem Bremanger og INC vedlikhhold presentert. Fleire ungdomar ga uttrykk for at dei ynskjer å vende attende til kommunen etter endt utdanning.

Les meir


STIF møter Bremanger på Davik 10.04.2004

Det er no endeleg bestemt at treningskampen mot Bremanger vert spela på Davik si bane 2. påskedag. Kampen byrjar kl. 1245.

Mindre nedbør enn normalt i første kvartal 08.04.2004

I dei tre første månadane i 2004 fall det i Svelgen 513 mm, medan det normale er 604 mm. Berre februar hadde meir nedbør enn normalt. Det er Elkem Energi Bremanger som utfører desse registeringane for Meterologiske Institutt.

I januar fall det 144 mm mot normalt 230 mm. 13 døgn var heilt utan nedbør, og 16 mm var høgste døgnverdi.

I februar fall det 240 mm mot normalt 174 mm. 5 døgn var heilt utan nedbør, og 40 mm var høgste døgnverdi.

I mars fall det 130 mm mot normalt 200 mm. 17 døgn var heilt utan nedbør, og 22 mm var høgste døgnverdi.


GOD PÅSKE! 08.04.2004

Redaksjonen i Svelgen.no ønsker god påske til alle lesarane våre! For dei som ikkje har teke vegen heimom denne påska kan vi opplyse at Svelgen badar i sol frå blå himmel. Det var i alle fall veret onsdag og torsdag.

Langfredag har vore så kald at det har snødd i ettermiddag. Så det er best å nytte fine dagar medan dei er her!


Nabooppgjer mot Bremanger 2. påskedag 06.04.2004

12. april kl. 1245 spelar STIF treningskamp mot 4. div.laget til Bremanger på Svelgen stadion.

Om det vert ein del nedbør vil kampen verte flytta til ei anna bane. Dette vil i så fall bli opplyst på Svelgen.no.


STIF tapte 1-4 mot FSK 06.04.2004

Tysdag spelte STIF sitt 5.div.lag treningskamp mot Florø SK sitt 3. div.lag på grusen i Florø. Etter ein jamnspelt førsteomgang leia FSK 2-0.

Arne Rebni scora i 2. omgang på ei flott heading, og dette var faktisk den einaste målsjansen STIF spelte seg til i heile kampen. Trenar Trond Hatleset karakteriserte kampen som årsverste.

Sjølv om STIF mangla 5 sentrale spelarar burde dei ha prestert betre. I veka etter påske får STIF høve til å heve seg då dei på nytt møter FSK.

Jan Ove Grindheim (ex STIF), som har aksla den brune trøya til FSK på nytt, etter å ha spelt fleire sesongar for Tempo i lågare divisjonar, spelte solid i forsvaret til FSK.

Klikk på linken under så kan du lese kva Firdaposten skreiv om kampen.

Firdaposten


Spik Adel på Svelgen Hotell 15. mai 05.04.2004

I følgje Firdaposten.no skal Spik Adel spele på Svelgen Hotell laurdag 15. mai. Mange vil nok hugse at dette dyktige Bremanger-bandet imponerte stort då dei var oppvarmingsband for Hellbillies under Amcar-treffet i Svelgen i 2002. Dei skapte også stor stemning på dansen på Svelgen Samfunnshus i fjor.



Mandag 12. april kl. 18.00:

OLSENBANDEN jr. PÅ ROCKERN 05.04.2004

Handlingen utspiller seg i Oslo i 1960. På østkanten sitter Egon og drømmer om rikdom og berømmelse - og en tilværelse som rockestjerne. Livet må da kunne by på mer enn barnehjem, skole og husarrest? "The Dynamites" blir raskt etablert med Dynamitt-Harry på trommer, Egon Kjell og Benny på gitarer. Kjell debuterer som låtskriver og tryller frem "Valborg, yeah, yeah, yeah!"

Etter øving blir det en spennende talentkonkurranse hvor The Dynamites konkurrerer mot Herman på piano og The Biffers som Elvis-kopi.

The Dynamites kan innkassere premien på 50.000 og begynne forberedelser til opptreden i Norsk Rikskringkastning!

Alder: Tillatt for alle. Speletid: 1 t. 31 min

Kinolista


Bjarne Lunde spelar på hotellet i påska. 05.04.2004

Bjarne Lunde spelar til dans på Svelgen Hotell onsdag 7/4 og lørdag 10/4. Begge desse dagane er det også høve til å gå ut å ete på hotellet. Les meir om menyen på linken under.

Svelgen Hotell

Jegerprøvekurs i Svelgen 05.04.2004

Jegerprøvekurs praktisk del.

Kurs start 14.April på Svelgen Skule klokka 17:00.

30 timer fordelt på 9 samlinger. Kursavgift 1100,- kroner.

Påmelding innen 13 April til Rune Styve.

Spørsmål/påmelding:Tlf.577 93 110 / mob.911 59 104 eller E-mail: rstyve@c2i.net

Arrangør : Svelgen JFF


Volleyball

NM-gull til tre jenter frå Svelgen 04.04.2004

I helga vart Tambarskjelvar sitt 19-årslag norgesmeister, etter at dei slo Ålesund 3-0 i finalen. På laget til Tambarskjelvar spelte Stine Mari Solheim, Herborg Eikeland og Sylvi Mari Fløtre, alle frå Svelgen. Solheim, som spelar sin siste sesong på 19-årslag, har tidlegare vunne fleire NM-gull for Førde og Tambarskjelvar. Eikeland og Fløtre, som seinast forrige sesong spelte for STIF, har tre sesongar att som 19-årsspelarar.

På linken under biletet kan du lese meir om NM i Ålesund.

På biletet under, som er henta frå arrangørklubben Blindheim sine heimesider, ser ein lagbiletet Tambarskjelvar sende inn før meisterskapen. På dette biletet ser ein dei tre Svelgen-jentene: Sylvi Mari Fløtre drakt nr. 10, Herborg Eikeland nr. 2 f.h. bak, og Stine Mari Solheim drakt nr. 2. På biletet ser ein også to andre Svelgen-jenter, som også spelar på Tambarskjelvar, men som ikkje var med på NM denne helga: Kristina Mundal nr. 2 bak f.v. og Eli Kvendseth nr. 3 bak f.v. Desse to skal, etter det ein kjenner til, mest truleg spele 17-års NM for Tambarskjelvar i Stavanger 1. og 2. mai, i lag med Fløtre og Eikeland.




NM 19 år


Høg score Svelgen Skule 04.04.2004

Ungdomsskulen i Svelgen har ein snittkarakter på 4.33. Det gir skulen 6. plass blant alle skulane i Sogn og Fjordane. Trykk på linken og samanlikn.

Tabell

Kommunen inviterer;

MINISEMINAR FOR UNGDOM 03.04.2004

Bremanger kommune i samarbeid med Bremanger Vekst inviterer til Miniseminar for ungdom mandag 5.april klokka 1800 på Svelgen Hotell og tirsdag 6.april klokka 1800 på Havly Pensjonat Bremanger.

Enten du bur i Bremanger eller vurderer å flytte tilbake til Bremanger, så er du i målgruppa for dei vi ynskjer å invitere. Hovedmålet er å gi informasjon og motta innspel / tilbakemeldingar.

Program:

* Presentasjon av Bremanger kommune

* Næringsliv i Bremanger

* Bremanger Vekst - kommunen til næringsapparat

*Innspel, spørsmål og oppsummering

Enkel servering.

Ordføraren i Bremanger


Hege Valberg:

Krev sikring av Haukå 02.04.2004

Hege Valberg og Odd Magne Tolstadløkken meiner det er på høg tid å gjere noko med rassikringa ved Haukå, før det skjer ei alvorleg ulykke på denne strekninga.

- Det er ikkje lenge sidan det låg mykje stein i vegbana og langt ned på bøen på nedsida av vegen då vi kom med ambulansen. Stadig vekk kjem det mindre steinsprang. Det skal ikkje store steinen til før det kan bli ei dødsulykke, seier Hege Valberg og Odd Magne Tolstadløkken til Firdaposten.

Les saka


Elkem-prosjektet i 5. klasse:

Stortings-Heidi imponert 02.04.2004

Forrige helg heldt, som vi skreiv, 5. klasse ved Svelgen Skule foredrag for NHO Sogn og Fjordane i Førde. Ein av tilhøyrarane var stortingsrepresentant Heidi Grande Røys. Ho har vore i utlandet heile veka, men no har svelgen.no fått tak i ho for nokre kommentarar. Ho fortel at ho vart svært imponert og at ho fekk friska oppatt gammal kjemikunnskap.

- Kva syns du om nivået på framføringa tatt i betraktning at elevane var 10 år gamle?

- Svært godt, også det faglege innhaldet. Men det imponerte meg stort at dei var så rolege og "proffe" i gjennomføringa. Trass alt var dei på ukjend grunn, framfor ei stor forsamling, men dei kunne sine saker svært godt. Det slo meg òg, at dei hadde god tone i klassen, dei støtta kvarandre og var stolte av kvarandre under framføringa som bar preg av gjensidig respekt for kvarandre.

- Følte du deg litt stolt av å komme fra samme kommune?

- JA!!!

Ho fortel at delegatane snakka om foredraget i pausane og at alle var like imponerte over alt elevane kunne.

Neste veke kjem ho heim til Kalvåg på påskeferie.


Rådhuset stengt måndagar 01.04.2004

Kommuneadministrasjonen har bestemt at rådhuset i Svelgen skal stengast kvar måndag for å spare pengar. Dei tilsette skal bruke måndagane til å gjere unna arbeid dei elles ikkje får gjort på grunn av stor pågang frå publikum. Serskilt tykkjer teknisk etat og sosialetaten at det er vanskeleg å få arbeidsro.

Omlag halvparten av dei tilsette på rådhuset kjem til å ta seg fri kvar måndag, og gå tilsvarande ned i løn. Dette er avklart og godkjent med fagforeiningane. Mellom anna vil kontoret for skule og barnehagar, kommunekassa, servicekontoret og kulturetaten vere stengt og utan bemanning. Alle på desse kontora har sagt seg villege til å redusere arbeidsveka til fire dagar.

I tillegg skal alle dei tilsette sjølve syte for reinhald av rådhuset. Vaskehjelpene skal vere med i ein omstillingsperiode fram til 15. april. Frå denne dagen skal kvar tilsett på rådhuset vaske eige kontor. Fellesarealet skal gå på rundgang mellom etatane. Ordførar Kåre Olav Svarstad, som har det største kontoret på rådhuset, seier han gleder seg til å vaske, dersom det kan hjelpe kommunen ut av ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Svelgen.no får opplyst at Bremanger kommune vil spare 4.2 millionar årleg på løysinga.

Les meir


Ledige lærarjobbar 01.04.2004

Det er ledige lærarjobbar i alle delar av kommunen. Sjå utlysingstekst under "Stilling ledig".

Gull til Tennebø 01.04.2004

Kristian Tennebø (28) ex.Svelgen driver fortsatt med svømming. I helga gjorde han det svært bra under NM for Masters i Sentralbadet i Bergen. Kristian som nå representerer Oslo-klubben Lamberseter tok 1 gull, 2 sølv og 1 bronse i klasse 25-30 år på 4x50 m fri stafett,4x50m medley stafett, 100 m individuell rygg og 200m individuell medly.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept