FSK- Svelgen 4-1 (2-0)

Særleg viste ein del av unggutane som Joakim Sundsøy, Kristian Nygård og Walter Høivik jr. gode takter og mange fine detaljar no knappe to veker før seriestart. Spørsmålet er om dei også vil greie dette når tempoet går eit par hakk opp i 3. divisjon. Særleg Sundsøy briljerte med avanserte driblekunster. Men hadde store problem med å få ballane i mål.

Vi spelte ingen god kamp i dag, sa Svelgen-trenar Trond Hatleset etterpå. Han lova likevel FSK trenar Bengt Solheim-Olsen atskilleg meir motstand neste gong dei møtest. Derimot var FSK trenaren ganske nøgd. Det kan han også vere med eigne mål som viser at han er i bra slag. Særleg det andre, eit vel plassert kanonskot nesten ti tverrleggaren frå 20 meters hald var det sus over.

FSK hadde større trøkk gjennom heile kampen. Særleg mot slutten kom FSK sin større styrke og fordelar av ein atskilleg større spelarstall tydeleg fram.

Måla: 1-0 Bengt Solheim-Olsen (straffe), 2-0 Bengt Solheim Olsen, 3-0 Kurt Kurzhals, 3-1 Arne Rebni og 4-1, Roger Ryland.