Arkiv Juni 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Friidrett

Svelgen med 2 på Sogn og Fjordane sitt Krinslag. 29.06.2006

På Sogn og Fjordane si friidretts side kan ein lese at Pål Valberg og

Daniel Hessvik Holm er tatt ut på krinslaget til Sogn og Fjordane.

 

Under Sarebankleikane på Byrkjelo 1 og 2. juli, så utkjempar Sogn og Fjordane og

Hordaland krinskamp for jenter og gutar 13-14år. 

Laguttaket er gjort og det er teke ut 24 utøvarar frå 13 klubbar      sjå uttak her

 

Bilde under til venstre viser Pål Valberg etter 1.plass 60m på Byrkjelo 2005.

Bilde til høgre viser Daniel etter 1.plass stav på Lillehammer i år.

 


Husk målaravlesinga rundt 3. juli 28.06.2006

Neste avlesingsdato for straummålaren til private hushaldningar i Svelgen er mandag 3. juli. Men send gjerne inn målarstanden før denne datoen. EEB må ha målaravlesinga i hende seinast 10. juli.

    

Kundar som ikkje har levert målarstand innan denne datoen vert stipulert ut i frå forventa forbruk.

    

Epost til EEB: kraftverk.bre@elkem.no   (husk også å oppgi målarnr.)

 


Friidrett : G-Sport leikane, Lillehammer

Nok en Svelgar tok Gull i stav konkuransen. 26.06.2006

 

Under G-Sport leikane på Lillehammer i helga tok 13 åringen Daniel Hessvik Holm

1.plass i stav konkuransen med ei høgde på 1,90.

 

Daniel (bilde) og Jørgen Bjørkedal tok

begge 3.plass i høgde.

 

 

 

  Resultater fra G-Sportleikane på Lillehammer.

 

 

 

Følgende deltok fra Svelgen TIF.

 

11 åringane : Marte Hessvik Holm, Inga Rise og Torbjørn Ytrehus.

12 åringane : Ole Martin Gjerde og Magnus Myrhol.

13 åringane : Daniel Hessvik Holm, Pål Valberg og Alf Erik Sande

16 åringen : Jørgen Bjørkedal.

 

Sjølv om det ikkje blei fleire medalje plassar så vart det sett nye personlige rekorder.

Vi hadde en kjempefin tur.

Neste helg er det Sparebank leikane på Byrkjelo som står for tur.

 

På bilde under:

Bak fra venstre: Jørgen Bjørkedal, Alf Erik Sande, Daniel Hessvik Holm, Ole Martin Gjerde.

Framme fra venstre: Pål Valberg, Magnus Myrhol, Torbjørn Ytrehus,

Marte Hessvik Holm og Inga Rise på Stampesletta.

 


Kim Leirvik:

Gull i stav 25.06.2006

Kim Leirvik frå Svelgen reiste rett i frå G-sportleikane der han vann gull i stav, til Finland der han dei to neste vekene skal spisse formen fram mot junior NM i Bergen i juli. Dette melder Firdaposten.

Vinnarbilde frå Svelgen 25.06.2006

TV2 har publisert eit vinnarbilde av regnbogen som er tatt av Ann Kristin Maurstad. Trykk på link for å sjå det flotte bildet!

Sommarferie 21.06.2006

Det blir sommarferie på Svelgen.no til over helga, så sida vil bli lite oppdatert nokre dagar.

Realen 19.06.2006

Realen har tatt sommarferie. Første dag etter ferien vert 25 august.


96 bilar på Amcartreff i helga 19.06.2006

Svelgen Amcar Club takker alle som kom i frå fjern og nær og støtta opp om arrangementet tross dårlig veir.

 

Det kom 96 biler og over 500 besøkende i løpet av helga, og det er vi godt fornøgd med, forholda sett i betrakning, skriv dei på nettisida si (sjå link nede til høgre).

 

Bildet er frå Minidrag laurdag ettermiddag. 


Synnøve svømte frå Skorpa til Florø 19.06.2006

Mens andre satt og koste seg med diverse silderetter fredags ettermiddag med Sildebordet i Florø i Helga, svømte Sønnøve Husabø Cirotzki, (ex-svelgar) fra øya Skorpa til Florø. Ein distanse på ca.9 km - og ikkje akkurat i sommartemperatur verken på lands eller til vanns.

Les meir og sjå fleire bilder  her.


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Hjelpekorpset på veg til Naustdal 18.06.2006

Hjelpekorpset i Svelgen vart laurdag kveld varsla om to kvinner som sto værfast under toppen på Blånipa(1121 moh) i Naustdal kommune.

Hjelpekorpset til Naustdal hadde allereie sendt ut mannskap når Svelgen vart varsla.

Då tilstanden til den eine av kvinnene var usikker, valgt ein å sende meir mannskap om det skulle verte behov for transport av denne.

Hjelpekorpset til Svelgen vart snudd då mannskapet til Naustdal hadde funne kvinnene og kunne melde om god form.

Du kan lese meir her

 

 

 

Biletet er

frå ein øvelse


AmCar treff med fri adgang i kveld 16.06.2006

Det er 12 grader i Svelgen, litt overskya, men von om fint ver til kvelden. Då er det fri adgang på festivalområdet, der ein trubadur skal stå for underhaldninga.

 

Som de las under har gruppa som skulle spele i morgon, laurdag, meldt forfall, men det verkar som den nye gruppa Born2Boogie har mykje å by på. Hold deg oppdatert på kva som skjer i helga på linken til klubben. Trykk på logo.


NAV kontor i Svelgen 16.06.2006

Bremanger kommune ynskjer å etablere NAV (Ny Arbeids- og Velferdsordning) kontor på rådhuset i Svelgen. Dei skal no i gang med å planlegge eit slikt felles kontor for Aetat, sosialkontor og trygdekontor i lokala der Helsestasjonen var tidlegare. Alle kommunane skal ha eit slikt kontor innan utgangen av 2010, men Bremanger vil truleg få det på plass allereie neste år.

Dette melder Fjordenes Tidende i dag. Saka skal opp i kommunestyret førstkommande tysdag.


Kulturskulekonsert på Samfunnshuset 16.06.2006

Onsdag var det avslutningskonsert for kulturskulen i Svelgen. Her fekk vi høyre alt frå blokkfløyte til rock. Gledeleg er det også å sjå at det stadig kjem til nye aspirantar til skulemusikken. Bildet er frå framsyninga til dei aller yngste som var på scena med rektor Norvall Klungresæter og lærar Elisabeth Solbakken.

 

Sjå fleire bilder og les meir i dagens Fjordenes Tidende.


Medlemsmøte i Bremanger SV 16.06.2006

Det vert halde medlemsmøte i Bremanger SV,

mandag den 19. juni 2006 kl. 18:30.

Møtestad:

Formannskapssalen på rådhuset i Svelgen.

 

Saker:

1. Gjennomgang av saker til kommunestyret 20. juni. 

2. Eventuelt Det vert høve til innmelding i lokallaget på møtet. Nye medlemmer kr. 100.-

 

 

 

VEL MØTT!

Nils-Jørgen Sagebø

  - Styreleiar -


Dommartrio fra Svelgen på utvekslingskamp 16.06.2006

Svelgen trioen Stian Holm, Thor Kristian Sortevik og Øyvind Grindheim var sist helg  i Akershus på utvekslingsoppdrag. Fredag var Øyvind hovuddommar i kampen Fet – Sander i Fetsund, og laurdag vart oppgjeret Fonnefoss/Vormsund – Grorud, leia av Stian Holm.

Thor Kristian var assistentdommar i begge 3.divisjonsoppgjera, der alle tre fekk gode tilbakemeldingar frå laga og dommarobservatørane.

 

- Artig å få møte nye lag og nye dommarobservatørar, og veldig moro å reise til Akershus med rein dommartrio fra Svelgen, seier dei tre som har dømt fleire oppdrag saman i den lokale i 3.divisjonen.

Søndag skal Thor Kristian dømme Syril – Førde 2, på Syril Stadion. Dette er Thor Kristian sin første kamp i 4.divisjon.

- Kjekt at dei to dommarane våre gjere det bra og rykker oppover i divisjonane, seier dommaransvarleg i Svelgen, Øyvind Grindheim, som håpar å sjå dei to saman i eit tippeligaoppgjer om nokre år.

 

Bildet er tatt før kampen i Vormsund; hovuddomar Stian Holm i midten, med assistentane Øyvind Grindheim og Thor Kristian Sortevik.


Ny gruppe til laurdagsdansen 15.06.2006

Dessverre har Trixie Dicks meldt forfall til dansen på AmCar-treffet laurdag på grunn av sjukdom,  I staden skal duoen Born 2 Boogie som består av Hilde og Werner spele.

Hilde er vokalist i Born 2 Boogie, og har ei unik stemmeprakt! I tillegg trakterer ho fleire slags blåseinstrument. Ho er også aktiv innan linedance-miljøet. Werner er ein anerkjent og mykje nytta bassist. Han kan skilte med fartstid frå m.a. Rhinestone Cowboys og Teddy Nelson Band. I tillegg har han medverka i ei rekkje tv-show, konsertar, festivalar og turnear over heile Norden med kjende artistar som Skeeter Davis og Wanda Jackson, berre for å nemne nokre.
Born 2 Boogie har eit repertoar som spenner frå gyldne gammelpopklassikarar til nyare dansemusikk.
Dei har satsa på god lyd, og kan kunsten å lokke fram godt humør og danseglede hos sitt publikum!

PS!

AmCarklubben har også fått på plass en trubadur til å spille fredagskvelden. Då blir det fri inngang i Saloonen på Treffområdet


Helse Vest skulle informere om helsetilbod:

Førde sjukehus plassert i Bremanger 15.06.2006

Helse Vest plasserte like godt sykehuset i Førde i vår kommune då dei skulle informere 400.000 vestlendinger om helsetilbodet sitt.

For å illustrere kvar sjukehuset ligg, er Førde avmerka med en prikk på et kart på side to i informasjonsmagasinet helseforetaket nylig sendte ut til alle innbyggere i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Problemet er at prikken er plassert i Bremanger kommune.

– Vi har ein stad som heiter Førde, det er ei samling av gårdsbruk, der det bur 20-30 mennesker. Det er ingen her som har postadresse Førde, seier en noe overraska ordfører i Bremanger kommune, Kåre Olav Svarstad til bt.no.

Kommunikasjonsdirektør Bjørg Sandal i Helse Vest beklagar glippen og understrekar at ingen skal være redd for å komme til feil sykehus.

– Det er ikkje sjukehus i Bremanger, og pasientar treng ikkje vere redde for å bli sendt dit. Dette er heller ikkje meint som starten på en helsepolitisk debatt, ler Sandal. 


Pensjonistane på tur 14.06.2006

Torsdag skal pensjonistane på sommartur for å oppleve "Panoramvegen" mellom Eid og Stryn som var ferdig i fjor haust. Heile 47 pensjonistar skal vere med på turen som startar frå Svelgen kl.08.30. Leiar for pensjonistlaget i Hornindal og Stryn, Hans Støyva som bur i området, vert med store delar av turen. Pensjonistane skal sjå på skianlegget på Vangen der det var VM for juniorar for nokre år sidan, og få omvisning og orientering om det nyrestaurerte saganlegget på Ulvedal. Turen går vidare via Stryn til Svor-museet i Hornindal. Heimtur langs Hornindalsvatnet.

Lågare arbeidsgjevaravgift:

- Eit nytt godt argument for Solar i Svelgen 14.06.2006

Nedsetjinga av arbeidsgjevaravgifta er eit nytt godt argument for etablering av Elkem Solar i Svelgen. Det meiner både verksdirektør Steinar Talle og stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) som nyleg besøkte Elkem Bremanger.

  Måndag vart det offentleggjort at store delar av Sogn og Fjordane vil få redusert arbeidsgjevaravgifta frå 14.1 til 10.6 prosent frå årsskiftet. Unntaka er Florø, Førde og Sogndal.  

- Dette er verkeleg utruleg gledeleg.   No har vi nådd eit viktig mål som vil få enorm   verdi, kanskje spesielt for industrien og reiselivsbransjen som har mange tilsette, seier Erling Sande til Fjordenes Tidende i dag.

 

  No meiner både verksdirektør Steinar Talle og Erling Sande at Svelgen har fått eit nytt og svært godt argument for å få etableringa hit i staden for Kristiansand i og med at det vil bli vesentleg dyrare å tilsetje folk der.

 

 For Elkem Bremanger sin situasjon vil reduksjonen i første omgang ikkje få så mykje å seie fordi  regjeringa tek vekk transportrefusjonen samstundes som dei gjeninnfører diffrensiert arbeidsgjevaravgift. Steinar Talle stadfestar at den umiddelbare vinsten for Elkem Bremanger ikkje er til stades, men meiner likevel lågare arbeidsgjevaravgift vil kunne føre til fleire arbeidsplassar på sikt, og særskilt i konkurranse med område som ikkje fell inn under ordninga.

Bildet er frå stortingsrepresentant Erling Sande (nr. 2 frå høgre) sitt bedriftsbesøk sist fredag. Her saman med styreleiar i Bremanger Vekst, Einar Kjerpeseth, verksdirektør Steinar Talle og dagleg leiar i Bremanger Vekst Ann Irene Myrheim.

 

Les meir i dagens Fjordenes Tidende


Keipein Turlag sin onsdagstur:

DIDRIKSTIEN OPP - ZIK-ZAK STIEN NED. 14.06.2006

Denne onsdagen kan du vere med turlaget på ein skikkeleg opp og ned tur på gode stiar.
Ein fin utsiktstur - veret skal vil bli fint  onsdag ettermiddag  (er det spådd.)
Så vel møtt ved skogsvegen på Sande kl. 17.00.
Turleiar: Bjørg Didriksen, telefon 95982945
Keipen Turlag

"Walk the line" på Svelgen kino 13.06.2006

ETTER ØNSKE FRÅ KINO-PUBLIKUM SET SVELGEN KINO OPP FILMEN "WALK THE LINE"

Søndag, 25. juni kl. 19.00
11 år
Speletid: 2 t 16 min.

"Ikke siden Døperen Johannes har en slik stemme runget gjennom villmarken" -U2-vokalist Bono i tekstheftet til samleplaten The Essential Johnny Cash.

I 1955 spaserte en tøff, radmager gitarist som kalte seg J.R. Cash inn i det snart berømte Sun Studios i Memphis, Tennesee. Det var en hendelse som hadde en uutslettelig effekt på amerikansk kultur. Med sine drivende godstogaktige akkorder, intense klippefaste blikk og en stemme så dyp og mørk som den svarteste natt, sang Caxh sine bitende sanger om kjærlighetssorg og overlevelse som var tøffe, fylt av virkelig liv og ulikt noe annet som var blitt hørt tidligere. Johnny Cash var en pionèr med et helt orginalt lydbilde, som staket ut en ny vei for rock, country, punk, folk rap og framtidens mange musikalske superstjerner. Samtidig startet en omtumlet reise gjennom personlige endringer. I den mest flyktige perioden i livet hans, utviklet han seg fra å være en selvdestruktiv popstjerne til å bli den ikoniske "Man in Black" - og stirret i senk sine demoner, kjempet for kjærligheten som ville løfte ham opp, og lærte hvordan han skulle balansere på den syltynne grensen mellom ødeleggelse og frelse.
OG " DA VINCI KODEN" KJEM 2. JULI! 

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Hjelpekorpset til NM 12.06.2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Svelgen røde kors hjelpekorps har kvalifisert seg til NM i Kristiansand.

Les meir på sida til Svelgen Røde Kors. Du finn den i menyen til venstre.


Kvendseth blir leder i Norges beste volleyballklubb 12.06.2006

Unn Kvendseth (25) blir leder i Norges beste volleyballklubb, melder Kristiansundsavisa Tidens Krav. 

Svelgen-jenta er spurt om å overta som leder og sagt ja til å ta vervet hvis årsmøtet gir henne tillit.

– Jeg er smigret over å bli spurt, og tar det som en utfordring hvis jeg blir valgt, sier Unn Kvendseth til Tidens Krav.


Svelgarar med gode friidrettsresultat 12.06.2006

Ole Martin Gjerde (13) var den som kasta kula lengst under eit friidrettsstemne i Førde sist helg (8.48). Fleire andre av Svelgen sine deltakarar hadde også gode resultat. Les meir i Firda.

 


AmCar-treff i rute:

Til helga brakar det laust 12.06.2006

Fredag er det klart for det årlege AmCar-treffet i Svelgen. Arrangøren fortel til Fjordenes Tidende i dag at alt er i ruta og at det einaste spenningsmomentet no er skikkeleg godvêr, gjerne sånn vi har hatt det denne helga. Det er 14. gangen treffet blir arrangert, så neste år er det duka for ein aldri så lite jubileum.

 

Det meste vil gå over same lest som åra før, men dansen blir høgst sannsynlig utandørs på falke nedanfor Saloonen som i disse dagar står ferdig med skilt og det heile. - Det skal vere ekstremt surt viss vi flytter dansen til Samfunnhuset, seier Christian Gulhaugen til avisa.

 


Rydd etter deg i Risevatnet 12.06.2006

Sommaren har dei siste dagane kome til bygda, og fint er det. Då skulle det høve med ein spasertur og vassing i  Risevatnet. Men det er eit noko bedrøveleg syn som møter deg om du stansar ved byrjinga av vatnet eller i "Geitevika".
Det ligg søppel og knuste flasker med meir, ute i vatnet og i sandkanten. Det er lite triveleg og måtte rydde og plukke opp dette etter andre.
Så derfor til deg/dykk som likar å leske deg/dykk i sommarvarmen i Risevatnet. Det må du/de gjerne gjere
MEN:  Rydd etter deg, ikkje knus flaskene, kjøp heller ein is av panten.
Lykke til og god sommar. 
Helsing Aud Marit  
 

Ledige stillingar i Bremanger 12.06.2006

Bremanger kommune har no lagt ut fleire ledige stillingar.

Trykk på link til venstre.


Fritt Ord fjerna 12.06.2006

Fritt Ord sida på Svelgen.no er fjerna igjen. Vi oppfordrar deg som har synspunkt og meiningar om eitt og hitt, til å sende epost til redaksjonen@svelgen.no så legg vi det ut på "Lesarinnlegg".

Ønsker bilder frå Bremanger 11.06.2006

Svelgen Hotell skal utarbeide ny heimeside på internett og nye brosjyrer. I den sammenheng er vi interessert i fine bilder frå Bremanger kommune. Det er sikkert mange som har gode bilder liggande av fjell, hav og kultur frå heile kommunen. og vi håper vi kan få bruke dei i vår marknadsføring og bildegalleriet vi skal ha på heimesida. Vi tek i mot alle bidrag med takk.

Send bildene til: svelgen_hotel@hotmail.com

 

Med helsing

Svelgen hotell


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Hjelpekorpset er kvalifisert til NM i Kristiansand 11.06.2006

 

 

 

 

 

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps er for andre året på rad kvalifisert til norgesmesterskapen i hjelpekorpsdisiplinar. NM går av stabelen 1-3 september i Kristiansand.

Vi kjem tilbake med meir.


Pengar til nyetablerarar 09.06.2006

Jostein Eimhjellen, Kenneth Trædal og Analyn Trædal får inntil 15.000 kroner til etablering av importselskap. Jostein Eimhjellen får også 25.000 kroner i etableringsstilskot saman med Erling Brekke og Frode Yttrehus til det nye selskapet «Svelgen Eigedom». 

Totalt vart det delt ut 90.000 kroner på plan- og utviklingstuvalsmøtet tysdag.

Les meir i dagens Fjordenes Tidende.


Litt tap og stor vinst for kommunen 09.06.2006

Bremanger kommune hadde størst nedgang i folketalet i heile fylket i fjor. Talet på innbyggarar gjekk då under den magiske grensa på 4000 personar. Det er no att 3941 menneske, 85 færre enn i fjor. den kraftige nedgangen vil gje Bremanger 1.2 millionar kroner mindre til neste års budsjett.

  Kommunen kan likevel glede seg over at Bremanger kommune er ei av kommunane som har størst auke i selskapsskatten i heile landet. Her vil kommunen håve inn nærare 4.8 millionar kroner meir.   Det ser det ut som at ordførar Kåre Olav Svarstad og økonomisjef Reidar Håvardstun er bra nøgde med.

Dette melder Fjordenes Tidende i dag.


Posten sa nei til omlegging:

Ordføraren går til ministeren 09.06.2006

Både Bremanger kommune og Svelgen Næringsråd har klaga til Posten Noreg etter omlegginga av sorteringa. Dei ynskjer at post til Svelgen skal gå om Bergen i staden for Ålesund. Dette har Posten sagt nei til, og avslaget var referert under sist møte i PLU.

 

Når sorteringa var i Florø gjekk bedriftspakkar frå sendar til mottakar i løpet av eit døgn. No opplever næringslivet i Svelgen at det kan gå både tre og fire dagar.

 

- Vi må sette fokus på at Posten faktisk skapar vanskar for vårt næringsliv. Vi kan ikkje å ha akseptere å ha eit dårlegare tilbod når vi slit med fråflytting og kraftig nedgang i folketalet, sa Svarstad som vil prøve ein gong til med Posten før han sender klagebrev, eller kanskje e-post, til samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Les heile saka i dagens Fjordenes Tidende.


Investeringsfond til SBS 09.06.2006

Plan- og utviklingsutvalet vedtok tysdag å setje av midlar frå driftseiningar som går med overskot i Bremanger til   eit investeringsfond for ombygging av Svelgen bu- og Servicesenter (SBS).   Det samla overskotet er på 800.000 kroner. Dette melder Fjordenes Tidende fredag.


Vil ikkje ha kraftline over Risebøra 07.06.2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Frank Ryland

To av alternativa for kraftleidningen som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Møre går gjennom Bremanger kommune. Statnett har no sendt dei ulike forslaga ut på høyring, og politikarane i Bremanger handsama saka sist tysdag. Det har også vore fleire folkemøte i kommunen i forkant.

   

 

  Politikarane i Bremanger ynskjer at delstrekningane som går gjennom Førsdalen i Ålfoten og langs Risebøra (sjå Frank sitt bilde under) må takast ut av det vidare arbeidet med konsekvensutgreiinga. Dei meiner alternativa er svært problemfylte og karakteriserer dei som uakseptable. Dei ynskjer også at Statnett greier ut trongen for eit transformeringspunkt ved Åskora Kraftstasjon, og at det vert teke omsyn til leveringstryggleiken til Elkem i Svelgen. Vidare peikar dei folkevalde på at det må vere med eit eige punkt om andre samfunnsmessige konsekvensar særleg med tanke på eksisterande og framtidig turisme. På den bakgrunn ynskjer dei   at strekningane Yksneelevane-Åskora og forbi Myklebustsætra og strekninga Myklebust-Svelgen vert visualisert.  Les heile saka i Fjordenes Tidende i dag.

 

 

 


Dei nye eigarane:

Store planar for Svelgen hotell 07.06.2006

 

Dei tre kompanjongane Erling Brekke, Jostein Eimhjellen og Frode Yttrehus vil ikkje berre få fart på eige hus, Svelgen Hotell. Dei vil ha fart på heile bygda, melder Fjordenes Tidende i dag.

 

- Vi ynskjer meir aktivitet men vil ikkje blande oss så mykje opp i drifta av Svelgen Hotell.  Vi skal   legge føresetnadane for god drift, seier Jostein Eimhjellen. Saman med dei to andre hotelleigarane har han klar teikning av korleis Svelgen Hotell skal sjå ut. Allereie denne månaden startar dei opp å lage terrasse på sjøsida som skal bli oppvarma med varmevatn frå Elkem.

 

 

Jostein Eimhjellen, Erling Brekke og Frode Yttrehus er særs glade for at det no ser ut til at Bremanger kommune har teke grep i sentrumsplanane slik at heile kjernen i kommunesenteret vil få eit løft. Likeins meiner dei at heilårsbana til idrettslaget vil vere med på å både heve heilskapsinntrykket, og vere med på å fleire folk til bygda.

 

- Vi har vore i tett dialog med kommunen, og dei er veldig positive til planane våre. Mellom anna har vi fått munnleg stadfesting på at vi vil få råderetten på nedsida av hotellet når vegen bort til Firda Billag vert fjerna.  Då vil det opne seg heilt nye mogelegheiter. Med varmevatn frå Miljøvarme vil vi kunne få til både basseng og kanskje på sikt også ein ”Edens hage”. Dette trur eg vil trekke til seg turistar og båtfolk. Vi har vore i konktakt med dagleg leiar i Miljøvarme, Olav Ommedal, og han er også oppriktig entusiastisk for desse planane, fortel dei tre. Eit av vilkåra for desse spenstige planane er at kommunen murar opp i sjøkanten, slik det går fram av teikninga.

 

Les heile saka i dagens Fjordenes Tidende.

 


Gåstavar funne ved Huaren 06.06.2006

 Vi har funne eit par gåstavar i området nedanfor Huaren i Myklebustdalen. Dei ser ut til å ha lege der sidan i haust, men er heilt like fine og av god kvalitet.
Viss vedkomande som saknar dei, tek kontakt med meg, skal ho/han få dei igjen.
 
mvh

Fotballpub på hotellet 06.06.2006

Svelgen Hotell har fotballpub under VM som starter i slutten av denne 
veka.
Dei viser stort sett alle kampane utanom dei kampane som går på TV2 
Zebra og NRK2

Hjelpekorpset øvar

Øvelse ved Haukåvatnet 06.06.2006

Hjelpekorpset vart kalla ut til stor øvelse med mange skadde.

Totalt var det 10 personar som var berørt av "ulykka".

Les meir på sida til Svelgen Røde Kors, du finn den i menyen til venstre.


Seniordans ved SBS tysdag 05.06.2006

Tirsdag vil seniordansarane danse utanfor Svelgen Bu-og servicesenter frå kl.17.00 til kl. 18.00 (dersom veret gjer det mogleg).

 

Prosjekt om Bremanger kommune

5. – 7. klasse har gjennomført eit prosjekt om Bremanger kommune. Vi delte kommunen i tre: Sørlege delen av kommunen med vekt på Botnane, Ålfoten og Ytre Bremanger.

Klassane delte vi i 3 slik at elevane var på grupper på tvers av trinna. 

Første veka arbeidde vi med teori frå dei tre områda, og andre veka drog vi på ekskursjonar. Les meir her.


Svelgen deltek i DM

Hjelpekorpset må til Hordaland 02.06.2006

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps stiller i år for fjerde gong lag i Distriktsmesterskap(DM).

Les meir på sida til Svelgen Røde kors, du finn den i menyen til venstre

 

 

 

 

 

 

 


Aktivt friluftsliv for alle 9.klassingane 02.06.2006

I tre dagar har alle 9. klassingane i Bremanger kommune hatt aktivitetsveke i Myklebustdalen. Dei har slengt seg over juv og firt seg ned bratte fjell,padla kano, skote på "villsvin", hatt brannøving og vore innlosjert i lavvo.

 

Dei 43 elevane kom opp til hyttene tysdag morgon og tok straks til på det tettpakka programmet. Dei bygde flåtar og gjekk orienteringstur.

Torsdag kom dei attende til sine heimehøyrande skular med nye opplevingar og sikkert også mange nye venner.

 

No håpar koordinator Gunnar Skjølberg at det også blir pengar til å gjennomføre tiltaket også neste år.

 

På bildet ser vi Edvard Brekke og Torstein Ask i kajakk.


Teater for våre eldste 02.06.2006

Sogn og Fjordane Teater viste framsyninga "Det var behændelæ" for bebuarane på Svelgen bu - og servicesenter sist torsdag med Kyrre Ottersen som skodespelar. Stykket er basert på O. W. Fasting sine tekstar
  
Han var fødd i jølster i 1852.   Dei fleste tekstane er noveller og skisser som inneheld stemningar og tidsbilete frå natur og folkeliv. Tekstane er prega av skarpe observasjonar og underfundig humor, noko bebuarane sette storleg pris på.
 

FOTTUR SANDE-SANDSEGGA-HENNØYSETRA-DYRSTAD. 02.06.2006

 
1.pinsedag kan du vere med turlaget på denne turen frå Sande til Dyrstad. Vi startar bratt opp Zik-zak stien frå Sande.
Deretter er turterrenget lett og fint og  vi går forbi  mange seterhus og hytter undervegs.
Ein tur å anbefale - så kom å bli med !
Frammøte ved Svelgen Hotell kl.10.00. Turleiarar Kåre Myklebust / Arne Loftheim, meir info tlf. 95982949.
Keipen turlag
 

Svelgen Festivalpark einige med grunneigarar 02.06.2006

På sida Fritt Ord har Arbeidsgruppa for Svelgen Festivalpark no lagt ut siste nytt om saka. Dei skriv mellom anna:

Fredag 19. mai vart det holdt eit vellykka møte med dei største grunneigarane for området der den nye parken er planlagt; Elkem og Bygg og Reinhaldsservice. Det store spørsmålet har vore om Elkem trengte området til industri formål eller ikkje. Roar Hatlens kunne meddele at Solar-etableringa, som vi alle ønsker var planlagt, inne på verksområdet.   Elkem var derfor positive til planene for ei oppgradering av området for festivalpark under forutsetning av at området for framtida kunne bli omregulert   om   det skulle komme framtidig industri. Det var tydelig at Elkem no såg det positive i eit anlegg som kan auke fritidstilbudet for dei tilsette og gjere bygda meir attraktiv for til dømes industrietablering.

Her kan du følgje utviklinga eller seie di meining om saka. Nedunder ser du siste skisse for anlegget.


Tilskot til trakkemaskin 02.06.2006

Bremanger kommune ynskjer å yte eit tilskot på 75.000 kroner til ny trakkemaskin til Ålfoten Idrettslag. Maskina skal brukast til å lage skiløyper i lysløypa og rundt Karlskarsstova - mellom anna til den årlege Skikarusellen.

 I utgangspunktet skulle Svelgen Idrettslag spleise halva av kostnaden, men dei trakk seg etter eit ekstraordninært styremøte, i følgje sakspapira til kommunen.

Ålfoten Idrettslag  skal ha slått til på eit gunstig tilbod på ei trakkemaskin utan å samrå seg med STIF. Tysdag skal politikarane avgjere kor mykje av totalsummen på 260.000 kroner dei skal vere med på.


Løkke-Øwre særs positiv til Svelgen i går

- Elkem Solar vil skape norsk industrihistorie 02.06.2006

Viss Svelgen blir valgt som produksjonsstad for Elkem Solar kan industribygda bli tilført fleire hundre arbeidsplassar. Det sa  Erik Løkke-Øwre til Fjordenes Tidende då han besøkte Elkem Bremanger i går.

 

 Han seier han er storleg fornøgd med pilotprosjektet som er gjennomført for Solar i Svelgen.

            -   Det er laga eit fanomenalt produkt. Og her snakkar vi om stor marknad som er i enorm vekst, seier Løkke-Øwre. Han meiner Elkem Solar sitt unike og patenterte produkt kan skape inntekter i milliardklassen og at Elkem Solar på sikt kan bidra til ei verdiskaping som ein ikkje vil finne sidestykke til i norsk industrihistorie dei siste 30 til 40 åra.

           - Og vi har verkeleg kjempelyst å få dette til her i landet. Det må ikkje bli slik at vi forskar og utviklar gode produkt også må vi flytte produksjonen til utlandet på grunn av høge kraftprisar. Det vil vere eit veldig  nasjonalt nederlag etter mi meining, seier Solar-direktøren.

Han likte svært godt det han fekk sjå i Svelgen i går, og spesielt den store planerte tomta der alt ligg til rette for ein fabrikk. Men dato for endeleg avgjerd ville han ikkje seie noko om.  - Eg kan ikkje hugse at det nokon gong vart sett noko dato for kva tid avgjerda skulle takast. Men det er ein lang prosess og mange faktorar å ta stilling til, seier Løkke Øwre. 

På bildet ser vi han saman med direktøren ved Elkem Bremanger, Steinar Talle og HMS-ansvarleg Geir Kjelland frå Elkem Solar.


Renter og gebyr for etternølarar: 02.06.2006

Politikarane i Bremanger skal tysdag avgjere om dei skal innføre både gebyr og renter på ubetalte krav frå kommunen sine innbyggjarar. Økonomisjef Reidar Håvardstun er lei av  at giroane frå kommunen   hamnar nederst i rekningsbunken, melder Fjordenes Tidende idag.

Ragnar Hagen om fastlandssambandet

- Beste trase er valgt 02.06.2006

Statens vegvesen har bestemt seg for å satse på løysinga med lang tunnel i andre del av fastlandssambandet, melder Fjordenes Tidende i fredagsutgåva.

- Dermed har dei lytta til våre argument og valt den løysinga vi heile tida har meint er den beste. Vi har vore i fleire møter om val av trase og jobba intenst med å få fram at å velje lang tunnel frå Bortnen til Sørdal er det rette. Endeleg har vi fått styresmaktene til å innsjå at noko anna alternativ eigentleg ikkje eksisterer og det er vi verkeleg glade for, seier dagleg leiar i Kystvegutvikling, Ragnar Hagen.

 -  Med å velje lang tunnel slepp vi konflikt med grunneigarane i Bortnen. Også i Sørdalen ville innslaget på ein kort tunnel skapt konfliktar med interessene til Elkem og eksisterande verneplanar i området, opplyser Hagen, og legg til:

- Dette er utan tvil den rette løysinga og messane frå tunnelen skal blant anna nyttast til utbetring av den skarpe svingen ved Sørdalsvatnet mot Svelgen,  fortel Ragnar Hagen, som håpar at anleggsarbeidet vil kunne starte seinast i 2008. Les heile saka i dagens avis.


"Nordsjømester 2006":

Svelgar tok tittel i poker 01.06.2006

En mann fra Svelgen har i følgje nettsida "Cardplayer" stukke av med sigeren under eit Pokercruise.

Nettsida skriv:   Snorres Pokercruise fra Bergen til Newcastle har blitt arrangert i flere år allerede, og har blitt et lite høydepunkt for mange pokerspillere på Vestlandet. I år ble intet unntak. Når et par hundre pokerspillere samles ombord på samme båt med tilgang til alle mulige varianter som finnes av poker, samt et par reale turneringer må det jo bli god stemning!

 

67 spillere stilte til start i heat 1.  Med så mange deltagere ble det også pene premier. 100.000 kroner til vinneren lokket i det fjerne, og alle var lystne på god glid.
Parallellt med rebuyturneringen gikk finalebordet fra Main Event. Det datt stadig av noen spillere, og til slutt kunne Kviten78 fra Svelgen løfte den enorme pokalen over hodet, sammen med en pen bunke kontanter. Kviten78 klarte å snu spillet totalt heads up, etter å ha ligget under 1:5 i chips, og kan nå smykke seg med tittelen Nordsjømester 2006 Gratulerer!


Truleg avisstreik 01.06.2006

  Neste veke kan bli trasig for dei som likar å lese papiraviser. Dersom forhandlingane hos Riksmeklingsmannen bryt saman i pinsehelga, blir det full stopp i avisproduksjonen i heile landet. Fjordenes Tidende leverer då si siste i morgon, fredag og Firdaposten kjem ut med si siste utgåve før streiken laurdag. Jon Sørland, som jobbar i Firdaposten og som er tillitsvald i Norsk journalistlag sitt fylkeslag meiner det er god grunn til å tru at det blir streik og at den vert langvarig. Les meir her.

 

 


Fotoklubb ønsker fleire medlemmer 01.06.2006

Hvordan står det til med fotograferinga? Er det noen flere som har lyst til
å bli med i klubben?
Ypperlig sjanse nå før sommerferien til å slenge seg med på noe nytt ;o)

Neste møte blir i Svelgen 11.juni kl. 12.00 til 14.30 (Så passer det med
ferge fra Smørhamn kl. 11.00 og tilbake fra Kjelkenes kl. 15.00)
 

 

Anita Ingebriktsen


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept