Arkiv Feb 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Ungdomsrock på Lasses 28.02.2007

Ungdomsklubben Realen inviterer lokale ungdomsband  til rockekveld på Lasses fredag 23. mars. Har du/dere lyst til å være med på dette, ta kontakt med Anita Løver på mobil 91302768 for mer info.
Vi trenger nok litt hjelp fra musikkintresserte voksene her, har du tid til å være med............... ta kontakt.

Joar blir SV sin listetopp 27.02.2007

Varaordførar Isak Berle frå SV trekker seg frå lokalpolitikken. Dermed måtte partiet finne ein ny førstekandidat til kommunevalet i Bremanger. Den nye listetoppen til SV er Joar Årøen frå Svelgen.
Heller ikkje SV sin andre representant i kommunestyret Åse Leirgulen er i toppen, men er plassert nede på ein sjetteplass i framlegget frå nominasjonsnemnda. Charlotte Melvær Skjølberg er plassert på andreplass på lista. Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve onsdag 28. februar

Svelgen Pensjonistlag
har årsmøte onsdag 28.februar kl.17.00 på Svelgen Hotell.
Vanlege årsmøtesaker.
 
Etter at årsmøtet er slutt
 er det sosialt samvær med ymse underhaldning, god mat og god musikk!
Påmelding til resepsjonen Svelgen Hotell eller tlf. 57793301.
Pris kr.150

Loppemarked på Ålfottunet laurdag 26.02.2007

 

LAURDAG 03.03.07 KL 1300 BLIR DET LOPPEMARKED

I ÅLFOTEN

TA TUREN TIL ÅLFOTTUNET DENNE LAURDAGEN

OG DU KAN GJERE EIT KUPP!

EKSEMPEL PÅ VARER DU KAN FÅ KJØPT:

 SKRIVEPULT, PYNTEPOTTER,

TROMMESETT, SKI, BØKER, M.M.

FØRST TIL MØLLA...

KAFÈ

LYNLOTTERI

Arr.: Ålfoten Hornmusikk


Senterpartiet sitt listeframlegg 25.02.2007

        

   

Bremanger Senterparti har i nominasjonsmøte 24.02.07 vedteke framlegg til valliste for kommunevalet i 2007.

         

 

  1. Einar Kjerpeseth (k), Svelgen           

  2. Gerda Frøyen (k), Kalvåg                                    

  3. Marius Strømmen,   Rugsund                          

  4. Anita Nybø, Davik                                         

  5. Karl Vidar Førde, Ålfoten                               

  6. Anita Åse Heimtun, Sørgulen             

  7. Gunnstein Indrehus, Kjelkenes         

  8. Leni Marie Lisæter,   Kalvåg                         

  9. Knut Førde, Bremanger                                       

10. Birgit Bortne,  Rugsund                                    

11. Bjarte Vik, Ålfoten                                          

12. Ann-Lisbeth Hauge, Berle                  

13. Jan Inge Sande, Davik                                    

14. Jon Per Eikeset, Svelgen

15. Eldrid Strømmen, Rugsund

16. Jan Sandvik, Kjelkenes                       

17. Henny Hansen, Ålfoten

18. Aleksander Frøyen, Kalvåg

19. Kjell Leirgulen, Rugsund

20. Kjellrun Førde, Bremanger

21. Lars Reidar Myklebust, Ålfoten

22. Rune Indrehus, Kjelkenes                    

23. Siv Strand Sundsøy, Kalvåg

24. Øyvind Heimtun, Sørgulen                  

25. Martin Andreas Førde, Ålfoten

26. Asle Skaar, Rugsund

27. Marta Mulelid, Sørgulen                   

28. Steinar Skram, Berle                          

29. Hans Rasmus Hamre, Davik                            


Gratis discotek på hotellet lørdag kveld 24.02.2007

Svelgen Hotell inviterer til discotek med innleigd DJ i kveld, lørdag 24. februar.

Fri inngang. 18 års aldersgrense


- Hjelp, eg er innelåst i bussen! 24.02.2007

Kvart på ti fredag kveld fekk politiets operasjonssentral inn ei melding av den heller sjeldne sorten, skriv Firdaposten i dag.

Ein mannsperson ringde politiet og fortalde at han sat innelåst i ein buss i ein garasje.

Mannen hadde tatt ein buss i Florø tidlegare på kvelden, og skulle til Svelgen. Men mannen sovna på bussen, og då han vakna, skjønte han fint lite. Han sat heilt åleine i ein mørklagt buss, og bussen stod trygt parkert inne i ein garasje.

Difor kunne han heller ikkje med sikkerheit seie kvar han var, men han tippa sjølv på at han hadde nådd fram til endestaden Svelgen.

 

Jon Myklebust frå Firda billag rykte straks ut til garasjen og fekk sleppt den innelåste karen fri.

Mannen, som er i 40-åra og heimehøyrande i Svelgen, fekk drosjeskyss heim til husveret sitt.

Les heile saka her.


Storm frå    nordvest

-          ein musikal inspirert av Jakob Sandes dikting

av Ragnar Hovland

Musikk: Per Janke Jørgensen

  I denne musikalen får vi møte dei kjente og k jære     figurane frå Jakob Sande si dikting, mellom andre Mari  og Daniel. Med nykomponert musikk, sju skodespelarar på scena og eit orkester på fire, er dette ein av dei største satsingane til SoFt nokonsinne.

 

Ei festframsyning med fin musikk, komikk og ei god historie!

 

Svelgen Samfunnshus

Fredag 9. mars kl 1930

Bill: 200/160/100, Bremanger servicekontor57 79 63 00

 

www.softeater.no


Jorunn Frøyen truleg Høgre sin ordførarkandidat 22.02.2007

 
Nominasjonsnemnda i Bremanger Høgre har offentleggjort si innstilling. Jorunn P. Frøyen frå Kalvåg er på 1. plass. Ho er tilsett i Domstein ASA.

 

Slik ser forslaget frå nominasjonsnemnda ut: 

1 JORUNN FRØYEN, KALVÅG
2 HARRY GULESTØL, SVELGEN
3 GRETHE LUND FLØTRE, DAVIK
4 AUDUN AAGE RØYS, KALVÅG
5 INGER RISE HALLSET, SVELGEN
6 KARSTEIN BAKKE, DAVIK
7 ANJA J LEXAU LISETH, BREMANGER
8 EGIL TOTLAND, KALVÅG
9 ROBIN EPHITHITE, SVELGEN
10 HANS BAKKE, DAVIK
11 PER JOHAN GULESTØL, KALVÅG
12 OLE PETTER DAHL, SVELGEN
13 ARNFINN FRØYEN, KALVÅG
14 HELENE HESSVIK, SVELGEN
15 HÅKON LISÆTER, KALVÅG
16 ØIVIND SAGMO, SVELGEN
17 HELGE ALF BRUVOLL, ÅLFOTEN
18 FRODE NUMMEDAL, SVELGEN
19 BENTE SVANEVIK FRØYEN, KALVÅG

 

Tidlegare ordførar Roar Førde tek ikkje attval.

Les heile saka her


Frå Johnny Cash til Bruce Springsteen:

Bremanger Musikklag til Svelgen med country 22.02.2007

I kjølvatnet av ABBA og Elton John   framsyningane slær Bremanger Musikklag med band og vokalistar til med eitt nytt prosjekt:

Svelgen Samfunnshus søndag 18. mars. Kl. 17.30

Bremanger Musikklag har nok ein gong gjeve  seg i kast med ei ny storsatsing. Den same gjengen har  tidlegare har  hatt ein enorm suksess med ABBA- oppsetninga i perioden 2000- 2002 og Elton John 2003- 2004 - som bildet er henta frå.

På til saman 17  konsertar i Bremanger, Svelgen, Florø, Sogndal, Førde, Stryn og Måløy  drog desse bremangarane nesten   10000 inkludert dei som var med og fyllte  Grieghalllen to gonger.

Denne gongen er det Country- musikk som står i fokus. Prosjektet er sett saman   av  musikken til m.a Johnny Cash, Bruce Springsteen, Emmylou Harris, Shania Twain, Bellamy Brothers, Bobby Bare og Mary Black og mange, mange fleire av våre kjende og kjære country- artistar.    

 

Førestillinga er bygd opp etter same konsept som vart nytta på ABBA og Elton John. Med  femti på scena, gjev kombinasjonen korps, band og vokalistar musikken ein enorm ”trøkk”. Det må berre opplevast ”live”.

Som vokalistar møter vi som tidlegare: Norvall Klungresæter,   Hilde Hauge, Elisabeth S. Hamre og Monica L. Hauge. Gjengen er denne gongen forsterka med to nye: Trond Strand og Grete Berntsen.

I bandet finn vi som før: Jarle Grotle, Roger Igland og Norvall Klungresæter Denne gongen har dei fått med seg Einar Nesbakk og.

 

Musikalsk leiing:  Terje Tafjord

Billettprisar: Vaksne 180,-  kr       Barn 50,- kr

Førehandssal til forstillinga i Svelgen: Servicekontoret 57 79 63 00

For tilleggsinfo om tidlegare prosjekt:

Abba- prosjektet: abba.webhop.net                  

Elton John- prosjektet:. eltonjohn.webhop.net


Familiepizza på Lasses 22.02.2007

Lasses Kro inviterer til familiepizza  med 1.5 l brus kvar sundag framover. Det vil også vil bli vist film for dei små på storskjerm.

Rektor-stilling i Ålfoten 22.02.2007

Det er ledig stilling som rektor ved Ålfoten Oppvekstsenter. Sjå Stilling ledig til venstre.

- Ordførarkandidat Kjerpeseth bør bu i Bremanger 20.02.2007

  - Viss ordføraren ikkje synest det er greit å bu her, er det eigentleg feil mann eller kvinne. Bremanger er jo ein fin kommune å bu i, meiner formann i Bremanger Framstegsparti, Ole Petter Meijer til NRK Sogn og Fjordane

 

Framstegspartiformannen i Bremanger er lite imponert over at Senterparti-politikar og ex-ordførar Einar Kjerpeseth (t.v i bildet) store delar av året let vere å bu i Bremanger.

 

Kjerpeseth har bedt om attval til kommunestyret, og er etter det NRK kjenner til svært aktuell som ordførarkandidat. Men Meijer tykkjer lite om at ein som kan bli ordførar ikkje skal bu i kommunen.

 

Kjerpeseth har vore ordførar i Bremanger i to periodar fram til 2003, også i den perioden budde han store delar av året i Eid. Men Kjerpeseth meiner at ein ordførar ikkje nødvendigvis treng å bu fast i kommunen han leiar.

 

- Dette ser eg på som eit lite problem. Eg er heimehøyrande i Bremanger, der eg og har postadresse.

Kjerpeseth er registrert som innbyggar i Bremanger. Han påstår sjølv at han bur meir i Bremanger enn i Eid, og meiner dette bør gå i ei tid då det er mange som pendlar.

 

Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider til høgre.


Nye veglys på Sande 20.02.2007

Bremanger kommune planlegg å bruke 900 000 kroner på nye veglys på Sande i Svelgen, melder Firdaposten. 

Plan- og utviklingsutvalet vart orienterte torsdag. Ole Bjørn Førde fortalde at det i lengre tid har vore store driftsproblem av veglysa grunna den gamle kabelen og arbeid av Elkem.

Gravinga av grøfta er kostnadsrekna til over ein halv million kroner. Einar Kjerpeseth (Sp) tok til orde for at ein også må sjå på andre tekniske anlegg når ein er i gang.

– Grev vi først opp, må vi kanskje vurdere tilstanden til vassleidningane òg, slik at vi slepp å grave opp ein gong til om kort tid, sa han.


Fylkeslaget til Venstre med Elkem-vedtak 20.02.2007

Sogn og Fjordane Venstre hadde sitt årsmøte på Skei Hotell i helga. Partiet ber fylkeskommunen arbeide for at Elkemkonsernet etablerer silisiumfabrikk til solcelleproduksjon ved Elkem Bremanger i Svelgen. Ein slik fabrikk kunne gje Bremanger 100-150 nye arbeidsplassar. Dette melder Fjordenes Tidende.

 

FRÅSEGN FRÅ ÅRSMØTE I SOGN OG FJORDANE VENSTRE 17 – 18. FEBRUAR 2007

 

"Sogn og Fjordane Venstre ber fylkeskommunen arbeider for at Elkemkonsernet etablerer fabrikk nr.2 for hyperrein silisium til solcelleproduksjon ved Elkem Bremanger i Svelgen, Ein

slik fabrikk vil kunne gje Bremanger 100-150 nye arbeidsplassar.

Dette er framtidsretta arbeidsplassar som vil vera med på å gje oss meir miljøvenleg energi,

også på verdsbasis.

I tillegg til å vera med på å skape ei ny og spanande utvikling i Bremanger, vil det gje positive ringverknader regionalt og nasjonalt."


Volleyball

Ny runde VCL torsdag 20.02.2007

Torsdag 22/2 kl. 20.30 er det klart for 4. runde i grendaturneringa "Veterans Champions League".

 

På STIF-sida kan du og sjå resultat frå forrige runde. Konklusjonen etter den runda er at det er jamnt i toppen av tabellen, og relativt ujamnt på botnen. Men det kan fort snu seg .....

 

STIF-sida


Kurs i regi av Svelgen og Omegn Husflidslag 19.02.2007

Svelgen og Omegn Husflidslag arrangerer kurs i filting med filtnål med lærer Pamela Dunbar Nødset  

 

       

Mandag 12. mars kl 18 – 21 Påskekylling, hjerter og engler, for nybegynnere

Påmeldingsfrist  28.februar

       

Mandag 19.mars kl 18 – 21 Nisseansikt, for viderekommende

Påmeldingsfrist  5.mars

        

 

Påmelding til Wenche Lind, tlf 98 25 24 43

arrangerer kurs i filting med filtnål med lærer Pamela Dunbar Nødset

Kjerpeseth på topp for Senterpartiet 17.02.2007

Nominasjonsnemnda i Bremanger Senterparti har ikkje konkludert, men mykje talar for at Einar Kjerpeseth vert partiet sin toppkandidat til kommunevalet, melder Fjordenes Tidende.
 

Vellykka Valentinerfest i Svelgen 17.02.2007

Ungdomsklubbene i Bremanger vil takke Svelgen hotell og Tommy Mundal  for et vell gjennomført Valentinerball 2007.
Vi fikk god mat, godt utvalg av  drikke, variert  musikken, masse flørting - kort sagt en fin kveld.
 
Dei ungdommane som i år fekk ein liten premie var:
Sebastian Ephithite - Kveldensstjerne , for sin helhjertede innsats på dansegulvet.Her kan vi vente oss manger artige opplevelser i åra fremover!
Marion Mulelid - Kveldens nydeligeste sko. Et blikkfang av glitter og skimmer.
Jan Lukas Førde - Kveldens prins, første dresskledde gutt på dansegulvet. Holdt slipset på hele kvelden.
Marthe Petersen - Kveldens prinsesse, en kjole vi la merke til. Lys, luftig m en kant formet som "blomsterblad" 
 
En takk til STIF som stilte m vakter. 
Anita

Danseweekend på hotellet 2. og 3. mars 17.02.2007

Reddik Duo (som har 40 års jubileum i år) med Finn Erlandsen frå Molde skal ha danseweekend på Svelgen Hotell fredag 2. mars og lørdag 3. mars. Dei spelar også på kakebar lørdag.

 

Svelgen får 400 000 17.02.2007

Bremanger har fått tilsegn om 400 000 kroner i støtte til dette frå omstillingsmidlane til fylkeskommunen til bruk for næringsutvikling i Svelgen.Bremanger kommune med ordførar Kåre Olav Svarstad i spissen har søkt Sogn og Fjordane fylkeskommune om midlar til eit eige prosjekt som skal føre til fleire bedriftsetableringar i Svelgen.

Prosjektet er organisert under Bremanger Vekst og skal ha ei styringsgruppe med medlemmer frå kommunen, lokalt næringsliv, Innovasjon Norge og Bremanger Vekst. Og både næringslivet og kommunen vil gå tungt inn i finansieringa av prosjektet. Dette melder Firdaposten.

 


FOTBALL TURNERING

INC CUP, Søndag 18.februar. 13.02.2007

 

       Ta turen i idrettshallen søndag.

      

       Fotballgruppa til STIF har invitert laga fra Bremanger kommune

       til fotball turnering.  Les meir på STIF si side   her

      


Er det noko på gang i Svelgen?? 15.02.2007

Heile ti nye stillingar er lagt ut som ledige her i Svelgen sidan sist månadskift, og dette får oss sjølvsagt til å lure på om det er noko på gang her i bygda...? 

 

Spesielt har NAVIC Engineering og entreprenørselskapet Brødrene Mundal ynskje om å ekspandere. I tillegg er det fleire enkeltståande nye stillingar. Les meir om verksemdene ved å trykke på logoane.

 

Her ser du ei oversikt over alle ledige stillingar.


Svelgen Pensjonistlag
har årsmøte onsdag 28.februar kl.17.00 på Svelgen Hotell.
Vanlege årsmøtesaker.
 
Etter at årsmøtet er slutt
 er det sosialt samvær med ymse underhaldning, god mat og god musikk!
Påmelding til resepsjonen Svelgen Hotell eller tlf. 57793301.
Pris kr.150

Rekordoverskot for Sparebanken 14.02.2007

Sparebanken Sogn og Fjordane set rekord for andre året på rad. I fjor fekk banken eit overskot før skatt på 232 millionar kroner.

 - Eg synest det er eit rimeleg godt resultat når ein tek omsyn til at vi har hatt store investeringskostnader i året som har gått, seier administrerande banksjef Arvid Andenæs. 

Førebels resultat etter skatt enda på 169,9 millionar kroner. Det er 15,5 millionar kroner betre enn i 2005.

 - Vi har også klart å halde fokus på driftssida. Vi har selt nye produkt og vi har auka utlåna våre med 13-14 prosent. Eg er nøgd med at vi har klart å få gjort fleire ting samstundes, sier Andenæs.

Storleiken på innskota auka med 10,1 prosent i fjor, melder NRK Sogn og Fjordane.


Frontkollisjon mellom Svelgen og Dyrstad 13.02.2007

Tre personar var involverte då to bilar kolliderte front mot front på vegen mellom Svelgen og Dyrstad.

Den eine føraren, ein mann i 50-åra, er frakta til legevakta i Svelgen.

 

Ein kvinneleg passasjer er frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, men berre med med lettare skadar - følgje politiet. Den eine føraren kom frå ulukka utan fysiske skader.

- Det er svært glatt på staden, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK Sogn og Fjordane.  Politiet fekk melding om ulukka 15.35.

 


Politiet åtvarar mot tiggar 13.02.2007

Politiet åtvarar mot ein tiggar som utgjer seg for å vere stum, melder NRK Måndag ringde mannen på dørene i Svelgen og Naustdal. «Eg er stum. Treng pengar til lege», var bodskapen på framsida av lappen han synte for seg. På baksida stod summen "40 kroner". Politiet seier at mannen, som er i 20-åra,  ikkje har oppført seg trugande, men at det kan vere ubehageleg for folk.

 

 


Dyrøy med avhandling i Greenwich 13.02.2007

Svelgeren Are Dyrøy gjennomførte sin viva for PhD ved Universitetet i Greenwich den 8. desember 2006. Avhandlingen utgjør en viktig milepæl for forskningsfeltet segregering ved Tel-Tek, avd. POSTEC. Blant annet er et system for motvirkning av segregering av alumina i store lagringssiloer utviklet og satt i produksjon. Antisegregeringssystemet er patentert av Hydro Aluminium, Claudius Peters har fått lisens, og systemet er installert i en lang rekke siloer, både i Norge og utenlands.

Are Dyrøy ble ansatt ved Tel-Tek, dept. POSTEC, høsten 1996, og ble registrert for en PhD ved Universitetet i Greenwich i 1997. Han hadde ingen stipend til finansiering av doktorgraden, men arbeidet fra første stund med forskningsoppdrag betalt av industrien. Særlig viste Hydro Aluminium interesse for arbeidet med segregering, siden POSTEC allerede tidligere hadde påvist at en spesiell type segregering kalt luftstrømssegregering førte til store variasjoner i finstoffinnhold i alumina. 

 

 Et jobbtilbud fra Hydro Aluminium fikk Are til å bestemme seg for å skrive ferdig avhandlingen våren 2006. En intens arbeidsøkt som omfattet utvikling av en analytisk matematisk modell av antisegregeringsrøret i tillegg til det som allerede var gjort, og dessuten inkluderte en økonomisk analyse av installasjon av antisegregeringssystemet, munnet ut i avhandlingen som ble sendt inn til vurdering i slutten av juni. 

 

Les meir om arbeidet til Are Dyrøy her.


Årsmøte i Svelgen Røde kors 12.02.2007

Svelgen Røde Kors holdt måndagskveld årsmøte. På saklista sto det vanlege årsmøte saker. I tillegg var det ei spesiell sak, denne omhandla forslag om å slå saman styrene til lokalforeninga og spesialavdelingane. Dette for å redusere dei adminstrative oppgåvene til spesialavdelingane. Det er vedteke å fortsette arbeidet med dette.

På slutten fekk Petter Vågene heider for meir enn 8 år i styret for Svelgen RK.

Julie Sagmo, Sissel Myklebust og Synøve Sande fekk Norges Røde Kors sin fortenestediplom for sin innsats for Svelgen Røde Kors. Desse damene har vore og er ein ressurs for Svelgen Røde Kors.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Ap si kommunevalsliste klar 12.02.2007

Fredag vedtok Bremanger Arbeidarparti lista til kommunevalet til hausten, melder Firdaposten.no. Kåre Olav Svarstad og Nina Grotle, begge frå Bremanger, fekk dei to kummulerte topplassane. Det er 15 svelgarar på lista. Mange nye politikarar kan komme til etter valet til hausten.

1. Kåre Olav Svarstad, Bremanger

2. Nina Grotle, Bremanger

3. Bjørnar Førde, Svelgen

4. Espen Gulliksen, Rugsund

5. Aud Marit Sortevik, Svelgen

6. Kari Rita Frøyen, Svelgen

7. Geir Ask, Svelgen

8. Merete Storøy Leirgulen, Rugsund

9. Magne Elde, Bremanger

10. May Britt L. Bratseth, Bremanger

11. Svein Klevoll, Rugsund

12. Sissel S. Igland, Svelgen

13. Geir Henning Hansen, Svelgen

14. Mary Jane Varpe, Bremanger

15. Per Helge Eikeland, Svelgen

16. Anita Løver, Svelgen

17. Marcel Meijer, Davik

18. Aina Førde, Svelgen

19. Leo Cirotzki, Svelgen

20. Anita Solbakken Nygård, Bremanger

21. Bjørgulf Myklebust, Svelgen

22. Audhild Storøy, Rugsund

23. Trond Hatleset, Svelgen

24. Linda Førde, Svelgen

25. Karl Standal, Svelgen

26. Bjørg Didriksen, Svelgen

27. Helge Lekveen, Svelgen


Kurs i filting med filtnål 11.02.2007

Hjerte, påskekyllinger og nisser

Tid: Onsdag 28. februar kl. 1800 – 2100

Studiering Tirsdag 6. mars kl 1800 – 2100 ( u/lærer)

Stad: Bakkevegen 13

Pris: Medlem kr. 250,- inkl. materiell

Ikke medlem kr. 300,- inkl. materiell

Lærar: Pamela Dunbar

Kurskveld hvor vi lærer å bruke filtnål til å filte små hjerter, påskekyllinger og nisser.

Frist for påmelding er 14. februar.

Ønskjer du å delta? Ring Wenche Lind tlf 98 25 24 43


Ipod funnen i Svelgen 11.02.2007

Ein ipod vart funnen i Svelgen på tysdag. Eigaren kan ta kontakt med den ærlege finnaren på tlf.   

 95 74 89 01    


LEDIG KAPASITET - OPPUSSING 09.02.2007

Skal du pusse opp badet, kjøkkenet   eller bygge om kjellaren?
Eimhjellen Bygg og Utleige har ledig kapasitet i februar –mars.


Konkurransedyktige priser og 15 år erfaring

Kontakt Jostein Eimhjellen
Tlf 48 27 56 26


Vi minner om:

SKIKARUSELL SØNDAG 09.02.2007

STAD: KARLSKARDSTOVA

(ved skytebana i Myklebustdalen)

 

     Dato:11.02.07  (søndag)

   04.03.07 Skisportens dag.

               25.03.07  (søndag)

 

                                        

 

 

                                     Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.

Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.

Deltakarmedalje til alle ved sesongslutt.

Diplom til alle i kvart renn.

Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-.

Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.

 

 

 

Open kiosk.

 

Ålfoten Idrettslag                                        Svelgen Turn og Idrettsforening


Vi gratulerer Margareth! 09.02.2007

Det var Margareth som vann 1.2 millionar kroner under Extra-trekninga tysdag.

Ho kunne ikkje vere med på direkten på NRK fordi ho låg på sjukehuset,  men fekk likevel godt utbytte av kupongen ho kjøpte i Florø.

 

Vi har nok alle i Svelgen med oss i å gratulere Margareth med gevinsten! 

 

Bildet er Firdaposten si framside i går, torsdag.


Ferieavløsere ved Elkem 09.02.2007

  Elkem Bremanger søker ferieavløsere til arbeid som operatører i   produksjons- og hjelpeavdelinger i perioden midten juni til midten av august 2007. De søker ferieavløsere til både skift- og dagtidsarbeid.

Se hele annonseteksten under Stilling ledig til venstre.


Vi minner om:

Siste frist for påmelding mandag 12. februar! 09.02.2007

  Lørdag 1 6. februar blir det Valentinerball for dei unge.
STAD:  SVELGEN HOTELL
TID:     21.00 - 24.00
PRIS:   110,- INKLUDERER TACO/PIZZA
                    (ET SÅ MYKJE DU VIL)
  • ALDERSGRENSE: 8. KLASSE - VIDAREGÅANDE
  • H USK PENT ANTREKK
  • RUSFRITT
PÅMELDING TIL SERVICEKONTORET 57796300 INNAN 12. FEBRUAR
TA GJERNE MED VENNER.
ARR: UNGDOMSKLUBBANE I BREMANGER


Flott kulturskulekonsert i Svelgen 08.02.2007

Det var stor spennvidde då kulturskulen inviterte til konsert tirsdag.  Med song frå musikkbarnehagen, blokkfløyte, flygel, song, presentasjon av skulemusikkaspirantar frå både Svelgen og Ålfoten samt beinhard rock fekk rektor Norvall, som også var aktiv medspelar, vist fram dei mange og allsidige elevane. Nytt av i år var utstilling av kunst-elevane sitt arbeid. Akkurat desse elevane var i seg sjølv  levande kunstverk; mellom anna iført fargesprakande hovudpynt. I tillegg var to av dei, var det Marte og Alice?, utkledd som eit tohoda, men dog godlynt, troll (tilgi viss det var feil tolka:) Her er nokre bilder:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Tur til Moldahytta laurdag 08.02.2007

Keipen turlag ynskjer velkommen på Moldahytta laurdag 10.02. Hytta er opa og  der er servering frå kl. 12.00-14.00.
Suppe, kaffi, saft og litt å bite i. Vegen finn du sjølv på merka sti frå Rise, Breivika, Langeneset eller Ytrehus.
Tenkjer du å gå på ski er vel Rise eller Ytrehus beste utgangspunkt. Til fots kjem du lettast opp frå Breivika (med dei forhold som er i skrivande stund).
Du kan og kontakte styret v/Sissel  91102654 for nærmare info.

TNT til Rockweekend i sommar! 08.02.2007

Dei norske rockelegendene i TNT er no klare for Rockweekend, og entrar scena i Bremanger fredag 20. juli.

Bandet er for tida i studio, og til sommaren kjem nytt album, samstundes som bandet legg ut på jubileumsturneen 25th Anniversary Tour 2007. Så det er eit brennaktuelt band Rockweekend har sikra seg. TNT har i tillegg rykte på seg for å vere intet mindre enn eit av verdas beste liveband.

Og ifølgje heimesida til Bremanger Rockklubb er etterspørsel grunnen til at ein har booka TNT.

– Vi har vore så heldige å få TNT, som så mange har etterlyst, seier June Førde via nettstaden til Bremanger Rockklubb. Les meir i Firdaposten.


Ny "Svelgen-leiar" i rockeklubben i Florø 08.02.2007

Janne Linn Myren overtek leiarvervet etter Tor Hjalte i Florø rockeklubb. Begge er oppvaksne i Svelgen.

 

Les meir i Firdaposten


Fint og kaldt vintervèr i Svelgen 08.02.2007

Etter at folket i Svelgen på 100 døgn berre fekk oppleve to døgn utan nedbør, klårna det opp tysdag denne veka. Sidan har sola skine på dagtid på dei stadane som har fått sola. Torsdag morgon vart det målt rundt 10 minusgrader mange stader i bygda, noko som er nokså uvanleg i Svelgen. Det kalde og fine vintervèret ser ut til å vare også i helga.  

   

Arkivfoto frå 2005: Frank Ryland


Talle har tru på arbeidsplassar 06.02.2007

Verksdirektør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle trur på ei Solar utbygging i Svelgen.

 

- Vi var med i finalen då Kristiansand fekk Solar og no kjem nye rundar, seier Talle. Les heile saka i Fjordenes Tidende onsdag.


Svelgen-dame Extra-millionær 06.02.2007

Ei kvinne frå Svelgen  vart i 22.30-tida tysdag kveld millionær på den NRK-sendte Ekstra-trekninga frå Norsk Tipping.

Kvinna var var sjølv sjuk og kunne ikkje ta del i trekninga over telefon, som er vanleg i pengespelet.

Ekstra-kupongen hadde kvinna kjøpt hos ein tippekommisjonær i Florø.

Spelet garanterte kvinna ein innstegspremie på 267.000 kroner, og kunne ved full klaff ha gitt ei utbetaling på 2 millionar kroner.

Etter fleire "tomme" talluker, steig premien til først 668.000 kroner, og til slutt 1.202.455. Dette melder Firda på sine heimesider.


Svelgen kan få 150 nye arbeidsplassar! 06.02.2007

Elkem Solar har fått ein gigantkontrakt på 20 milliardar kroner og planlegg å bygge nye fabrikkar til produksjon av solcelle- silisium.

Marknadsdirektør i Elkem Solar Morten Hansen stadfestar at Svelgen no kan få ei kjempeinvestering.

- Vi trur at Elkem Bremanger er eit realistisk alternativ når vi skal utvide dette selskapet, seier han.

 

Det er eit industrieventyr som kan vere på gang i Bremanger, melder NRK Sogn og Fjordane i dag. Berre eit par månader etter at Elkem Solar bestemte seg for å bygge ein fabrikk som skal produsere silisium til solceller i Kristiansand, er all produksjonen fram til 2018 utseld, og det er allereie komme tingingar om meir. No snakkar Elkem om å bygge ytterlegare fire fabrikkar, og ei storinvestering ved Elkem Bremanger i Svelgen er svært aktuelt. Ein fabrikk tilsvarande den i Kristiansand vil vere ei investering på 2,7 milliardar kroner og gi 150 nye arbeidsplassar. Elkem Solar har no tett kontakt med politikarar i fylket og leiinga ved verket. Bremanger har nedgang i folketalet og treng nye arbeidsplassar og ei slik milliardinvestering vil bety enormt. 

Hovudtillitsvald Bjørnar Førde trur dei er nærmare enn nokon gong, og seinast i går var han i kontakt med toppleiinga i Elkem.

- Eg har ei kjensle av at vi ligg godt an, seier han. Les meir på NRK sine heimesider!


Dans på Svelgen Hotell lørdag 06.02.2007

Rett & Slett er ein duo fra Førde som spelar variert dansemusikk i eit behageleg lydnivå.

Lørdag 10. februar spelar dei opp til dans på Svelgen Hotell.

Den består av ei Anne Margrethe Grepstad og Ove Hovland med mange års erfaring som dansemusikere. Duoen framfører danselåter fra artister som: Carlene Carter, Eagles, Creedence, Jonas Fjeld, Elvis, Bjørn Eidsvåg, Pink Floyd + mange fleire.

Med over 200 melodier på repertoaret, har fleire arrangører uttala at Rett & Slett er ein av dei mest varierte danse-duoane i dei har hatt.

Musikken passer til 30 +, men fenger også dei som er yngre og likar swingrock, gammaldans, country og anna god dansemusikk.

18 år - Cover 100,-


Søker ferievikarar innan pleie og omsorg 06.02.2007

Bremanger kommune har no lyst ut stillingane for ferievikarar innan pleie og omsorg. Det vert søkt etter personar med utdanning innan helse- og sosialfag, studentar, men og andre positive, arbeidsglade søkjarar er velkomne.

Sjå full utlysingstekst til venstre under Stilling ledig.


Tusen hjertelig takk til alle som har bidratt med gåver til minnekontoen vi oppretta i høve Ruth F. Tolstadløkken sin bortgang.

 

Vi fekk ein overveldande respons, og fekk inn langt meir enn vi hadde håpa på! Resultatet av dette er at medisinsk avdeling på

sjukehuset i Førde no kan utstyre to rom med nye kvilestolar og nye fjernsyn.

 

Vi vil også benytte høvet til å takke for all omtanke og støtte heilt frå Ruth vart sjuk i haust og fram til no.

 

Helsing

 

Odd Magne, Vilde, Gisle Andre og Silje


SVELGEN videre til Fylkesmønstring i UKM 2007. 04.02.2007

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

UKM - Ungdommens kulturmønstring for Bremanger,

blei avvikla i Bremanger Fleirbrukshall lørdag 3. februar.

 

Fra Svelgen deltok gruppa 'Art of music' (som har øvd i knappe 14 dager)

Jonas Valberg (14) gitar, Daniel.H.Holm (13) trommer, Vegard Henden (14) vokal,

Alf Erik Sande (13) bass, Emil Kjerpeset (14) gitar.

Emil som desverre vart sjuk lørdag, får en ny mulighet ettersom dei gjekk vidare til Fylkesmønstringa i Førde 16-18. mars.

 

Svelgen guttane var flinke og utførte sangen 'Symphony of destruction' (Megadeth) veldig bra.

 

Fra Svelgen deltok og Anastasija Matvijenko med maleri, også ho gjekk videre.

 

For meir informasjon om UKM, les meir    her

 

På bilde fra venstre :  Jonas , Daniel, Vagard og Alf Erik.

 

Fleire bilder fra Fjordenes Tidende   her   og Firdaposten  her

 


Dykkerkurs på Kalvåg 03.02.2007

 
Kalvåg Dykkerklubb ( www.dykking.org) vil, i samarbeid med West Dykkerservice AS, arrangere CMAS 1* kurs.
Med dette kurset kan du utføre dykk ned til 21m. Kurset kostar kr. 3500,- pr deltakar. (Deltagerne holder selv ABC utstyr)

Kurset prøver vi å legge til vinterferien i veke9. (mellom. 26 Feb - 4 Mars)
 
Om personer fra Svelgen ønsker å delta vil vi legge opp kurset slik at det passer inn med ferjetider.

Send påmelding og eventuelle spørsmål til kalvag.dykkerklubb@gmail.com
Påmeldingsfrist Fredag 9 Februar
 
Eventuelt ta kontakt med:
Johnny Røys (48290642), Jan Fredrik Fosse (99503061) eller Harry Gulestøl (91667863)

Ikkje oppkjørte løyper i helga 04.02.2007

Å.I.L og STIF melder at det ikkje vil bli oppkjørte løyper i Myklebustdalen denne helga.

Olje frå "Server" har nådd Grotlesanden 02.02.2007

Oljen frå det havarerte lasteskipet "Server" har nådd Grotlesanden i Bremanger.

 

Les meir hjå NRK S. og Fj. Foto: www.vetenlopet.no


Søker allsidig person innan byggservice 01.02.2007

Bygg og Reinholdsservice AS søker etter ein allsidig person innan byggservice. Arbeidsoppgåvene vil spenne over eit vidt spekter – som snikering, forskaling, kjerneboring, stillasbygging, div maling, flis arbeid og skadebegrensning og anna service arbeid.

Les meir på Stilling Ledig til venstre.


Musikal basert på Jakob Sande:

STORM FRÅ NORDVEST TIL SVELGEN 01.02.2007

Sogn og Fjordane Teater skal vise Storm frå nordvest - ein musikal inspirert av Jakob Sandes dikting i Svelgen.

Tid og stad for framsyninga er:
Svelgen samfunnshus
Fredag 9. mars kl 1930

Sogn og Fjordane Teater presenterer Storm får nordvest – ein musikal inspirert av Jakob Sandes dikting av Ragnar Hovland. Denne musikalen er SoFt sin hyllest til Jakob Sande, og vår markering av 100 års jubileet for Sandes fødsel.

Dette blir ei skikkeleg festforestilling med nykomponert musikk av

Per Janke Jørgensen. På scena finn vi heile sju skodespelarar og eit orkester på fire! Vi får møte dei kjende og kjære figurane frå dikta til Sande, mellom anna Mari og Daniel. I denne musikalen får publikum oppleve fin musikk, komikk og ei sjarmerande historie. Blant dei medverkande finn vi Wenche Kvamme, som var med i Maksvær med Vinskvett (2004) og Billy Bryant`s Kafè (2006). Hausten 2006 spelte ho i Bikubesong ved Logen Teater i Bergen. Fleire vil også kjenne henne igjen frå serien Holms som gjekk på TV2. Roger Hilleren er eit anna kjent fjes. Han har hatt fleire store roller ved SoFt, mellom anna i Audun Hugleiksson – kongens mann (2002 og 2004), 100 år og like stri! (2005) og i Saman skal vi leve (2005 og 2006). Mange vil nok også kjenne igjen Roger som politimann frå Hotel Cæsar på TV2.

Storm frå nordvest er skrive av Ragnar Hovland, som er ein av Noregs fremste forfattarar. Han har motteke ei rekkje prisar for sitt forfattarskap, mellom anna

Samlagprisen (2002), Nynorsk litteraturpris (2002), Kritikerprisen (2001) og Brageprisen (1992). I 2006 gav Ragnar Hovland ut den kritikarroste romanen 1964.

Regi: Ola B. Johannessen

Scenografi: Helge Hoff Monsen

Koreografi: Elin Høyholm

Skodespelarar: Katrine Blomstrand, Katrine Dale, Tor Iver Hagen, Roger Hilleren, Wenche Kvamme, Jan Erik Madsen og Jon Erling Wevling.

 

Musikarar: Oddmar Amundsen, Harald Dahlstrøm, Per Janke Jørgensen og Rolf Prestø.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept