Arkiv Des 2001

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Godt Nyttår ! 31.12.2001


Harry Potter til Svelgen søndag! 29.12.2001

Svelgen kino skal vise filmen "Harry Potter og de vises stein" to ganger søndag; klokka 18 00 og 21 00. Filmen har 11 års aldersgrense, men barn ned til 8 år får komme inn i følge med foreldre. Dette er ein film alle bør få med seg!!

Harry Potters liv er trist og lite magisk. Så en dag får han et mystisk brev. Harry Potter bor i et kott under trappa hos dumlingene onkel Wiktor og tante Petunia. Han har ikke feiret bursdag på 11 år og behandles dårlig. En dag tar livet hans en magisk vending. Han blir invitert til et utrolig sted fylt av trolldom og hekseri.

Harry Potter er gutten som overlevde. Han ble spart da en ond trollmann tok livet av de berømte foreldrene hans. Men Harry kjenner ikke denne historien. Han vet ikke at mange ser på ham som en helt med fantastiske egenskaper.

En dag kommer et mystisk brev fra en anonym avsender. Det første brevet Harry har fått i sitt liv. Onkel Wiktor blir blek og sint og nekter Harry å lese det. Men det kommer flere brev. Onkel Wiktor må bare gi opp, og Harry blir målløs når han leser: "De har fått skoleplass ved Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom."

Nå åpnes porten til en verden og et eventyr Harry ikke kunne drømt om i sine villeste fantasier...



Les meir om Harry Potter

Fortsatt god jul til alle! 26.12.2001

Redaksjonen i Svelgen.no ønsker alle i Svelgen og andre lesarar av sida ei fortsatt god jul!

INC kontrakt underskriven 23.12.2001

Verksdirektør Per Otto Ustad ved Elkem i Svelgen opplyste under merketildelinga på verket torsdag at dei no har skrive under avtalen med INC Vedlikehald AS.

Ustad true avtalen ville få mykje å seie både for Elkem, Domstein, steinbrotet på Dyrstad, og likeins for Bremanger kommune som også kan få gjere seg nytte av dette. Kontrakten vert sett i verk frå 1. februar 2002.


"Visitbremanger" på nettet 22.12.2001

Den nye reiselivs-sida er no på plass, melder Geir Gjerde. Det er blitt ei flott side, der mangfaldet frå fjord til bre skal friste både norske og utanlandske turistar.

Sjå den nye sida

Postbilen sat fast i Svelgen 22.12.2001

Folk i Nordfjord må vente tålmodig på posten i dag, etter at postbilden kjørte seg fast i Svelgen i dag tidleg. Den klarte ikkje å få seg laus sjøl og måtte vente på redningsbil. I Svelgen har posten imidlertid komt på vanleg tid.

Svelgen-samfunn i Tornerose-drøm?? 19.12.2001

Inge Jarl Tennebø skriv i dag eit innlegg på "fritt ord" sida at han er blitt fortalt av folk på B.S. at Elkem forlanger at de ansatte skal gå med på utflagging av vedlikeholdet mot at det blir bevilget penger til ombygging og oppstart av ovn 5 neste år.

- Dette er jo slik eg ser det en direkte trussel fra Elkem, si side.

- Eg stiller meg spørsmålet om strategien til Elkem er å flytte sin kostbare råvareproduksjon til et lavkostland.Hva har fagforeningene på B.S.gjort for å motvirke alt dette, spør Tennebø.

Hvis eg her tar feil, så vil eg gjerne at vedkommende gir meg det korrekte regnestykket på denne nettsiden snarest. Eg tror at en nå må våkne opp av "Tornerosedrømmen" å se hva som er iferd med å skje, og hva dette har å si for Svelgen-samfunnet.

Les heile innlegget under "Fritt Ord"


Betra brøyting i Svelgen 18.12.2001

Det er meldt om flott vinterver og snørik julehelg på våre kantar. Då første snøen fall i november, var brøytinga mange stadar ikkje tilfredstillande her i Svelgen.Teknisk sjef Magnhild Myklebust lovar at dette no vil bli betra.

- Vi har fått ein mann ekstra, men kan ikkje love at standarden vil bli like god som i fjor. Vi brukar den kommunale traktoren til brøyting, og det er på sikt ikkje noko tilfredstillande løysing. Vi kjem difor til å lyse arbeidet ut på anbod til neste år igjen, seier ho.

Enkelte har klaga på brøytinga tidlegare i år, og det har Myklebust forståing for.

- Snøen kom litt brått på slik at vi ikkje hadde på plass ei skikkelig beredskapsordning, spesielt merka folk dette om morgonen. Dette blir betre no, seier ho.

Kommunen sendte i fjor ut brøytinga på anbod og fekk to tilbod. Kontrakta skulle gjelde i tre år, men vart oppsagt med grunnlag i helsemessige årsaker og arbeidsmengde.

- I ettertid har eg forstått at det også var misnøye med betalinga. Men i og med at dette var eit anbod som begge partar hadde undertekna, skulle den ikkje anna enn indeksregulerast frå år til år. Men neste år kjem vi til å lyse arbeidet ut på nytt, seier Myklebust.


Bremanger sunnmørs-kommune? 18.12.2001

Seljepolitikaren Åge Starheim vil ha omfattande nytt samarbeid med Bremanger, Vågsøy og sunnmørskommunane Sande og Vanylven.

Starheim meiner at dette er heilt naudsynt for å unngå tvangssamanslåing av kommunar.

Åge Starheim seier at eit forpliktande kystkommunesamarbeid også er ei mykje betre løysing enn vidareføring av samarbeidet gjennom Nordfjordrådet.


Flott julekonsert i kapellet 16.12.2001

Den tradisjonelle julekonserten i Svelgen kapell er over for denne gang. Gamle og nye julesongar vart presentert av Svelgen skulemusikk og Svelgen songlag som også hadde urpremiere på julesongen "Frå høge himmel" av Ragnar Bull frå Askvoll og tekst av Per Lønning. Dirigent Tom Sølve Myklebust har verkeleg fått fram det beste i Svelgen-koret, som blir berre vert betre for kvar gong vi høyrer dei.

Også Svelgen skulemusikk har auka både i kvalitet og kvantitet. Heile 32 unge musikantar utgjer no skulemusikken og 15 aspirantar ventar på plass!

Dirigent Fay Løvseth gjer ein framifrå jobb som både får dei unge til å trivast og yte sitt beste. Det vart utdelt 3, 5 og 10 års jubileumsmerke under konserten ti stor applaus frå eit så godt som fullsett kapell.

Kvelden vart avslutta slik den alltid blir med Deilig er jorden, med ståande kyrkjelyd, Svelgen skulemusikk og Svelgen songlag.

No er julestemninga komen til Svelgen!


Nytt selskap med 50 tilsette etter nyår 16.12.2001

No er det berre eit par signaturar som skal til før INC-gruppa i Florø og Klausen-gruppa i Holmedal kan skipe eit nytt selskap i Svelgen med 50 tilsette. Og kontrakta, som den lokale INC-gruppa no tek framfor nasa på større selskap som Kværner, er verd totalt opp mot 100 millionar kroner årleg. Ei slik kontrakt er sjølvsagt administrerande direktør i INC Invest, Vidar Grønnevik, glad over å dra i hamn. No er det nesten berre signaturane på kontrakta som manglar, men desse vil vere på plass over helga, skriv Nrk.no.

Allereie frå nyttår kan eit nystarta selskap i INC gruppa stå klar til å overta vedlikehaldsarbeidet på Elkem Bremanger.

– Vi har ikkje fått kontrakten endå, men alt tyder på at vi skal få den, seier administrerande direktør Vidar Grønnevik i INC Invest AS, til Firdaposten.no.

Grunnen til at kontrakten ikkje allereie er signert, er at Elkem ville avvente resultatet av dei tilsette si avstemming fredag. Den synte eit stort fleirtal for løysinga, og dermed går det mot signering av kontrakten til veka. Kværner og fleire andre store norske selskap konkurrerte om kontrakten.

– Kontrakten utgjer om lag 50 millionar kroner årleg i vedlikehald, men det kan dreie seg om mykje meir avhengig av kor store ombyggingar Elkem vel å gjere, seier Grønnevik.


Atlantis på Svelgen kino søndag! 15.12.2001

Søndag klokka 1830 går Disney-filmen på Svelgen kino. Filmen har sju års aldersgrense, men tillatt for alle i følge med foreldre.

"Atlantis - en forsvunnet verden" fortel historia om Milo som jobber i fyrrommet på eit museum, men som drømmer om å oppdage den forsvunne byen Atlantis. Milo oppsøker ein venn av sin bestefar og får hjelp til å sette sammen en ubåt-ekspedisjon.

Espen Skjønberg, Sverre Anker Ousdal, Hege Schøyen og Harald Heide-Steen Jr. låner bort stemmene sine til den norske versjonen.


18,- kroner for barnehageplass 15.12.2001

Budsjetthandsaminga i Bremanger var ei harmonisk framstilling der semja rådde. Det var få endringar og så godt som ingen diskusjonar om dei ulike postane - unntatt når det kom til barnehagesatsane. Etter ei kompromissløysing enda satsen på 18 kroner timen. Forslaget var i utgangspunktet å auke satsen til 20 kroner.

Bremanger kommune vedtok ein investeringsplan på heile 47 millionar kroner for neste år. Samla gjeld i år er på 165 millionar som vil auke til 233 millionar i 2005. Dette betyr at utgifter til renter og avdrag vil auke frå 18 millionar årleg i år til 35 millionar i 2005.

- Utgifter til renter og avdrag vil auke med heile 10 millionar berre på eitt år, og eitkvart må gjerast dersom vi skal få dette til å gå rundt. Inntektene til kommunen er i hovedsak tilskot og skatter, og det er ingen signal om at desse vil auke. No har vi rett nok fått ein rentereduksjon på 0.5 prosentpoeng, en når vi må låne for å investere vil kommunen påta seg ein betydelig meirkostnad som til sjuande og sist går ut over drifta uansett. Og på lang sikt let det seg rett og slett ikkje gjere dersom vi skal oppretthalde dagens aktivitetsnivå i kommunen, påpeika Gulhaugen.


INC overtek vedlikehaldsavdelinga 15.12.2001

Elkem Bremanger skal skilje ut vedlikehaldsdelen ved verket. Dei tilsette ved Elkem Bremanger har sagt ja til å skilje ut vedlikehaldsdelen ved verket til eit anna selskap. Og det er INC-gruppen i Florø som i konkurranse med andre og større selskap, som Kværner, vil stikke av med kontrakta verd opp mot 100 millionar kroner årleg.

Dei tilsette sitt samtykke var den siste brikka som måtte på plass. No er det berre eit par signaturar som skal til før INC-gruppa i Florø og Klausen-gruppa i Holmedal kan skipe eit nytt selskap i Svelgen med 50 tilsette. Og kontrakta, som den lokale INC-gruppa no tek framfor nasa på større selskap som Kværner, er verd totalt opp mot 100 millionar kroner årleg.

Ei slik kontrakt er sjølvsagt administrerande direktør i INC Invest, Vidar Grønnevik, glad over å dra i hamn. No er det nesten berre signaturane på kontrakta som manglar, men desse vil vere på plass over helga.


Sparebanken set ned renta 14.12.2001

Sparebanken Flora-Bremanger set ned renta med 0,5 prosentpoeng. For dei med etablerte lån vil endringa tre i kraft frå 25. januar.

Med bakgrunn i utviklinga i pengemarknadsrenta og Norges Bank sin reduksjon i signalrenta, har Sparebanken Flora-Bremanger beslutta å redusere renta på bustadlån med inntil 0,5 prosent-poeng, opplyser banksjef Vidar Strømsøy i ei pressemelding.

Innskotsrenta vil bli redusert tilsvarande. I samsvar med gjeldande varslingsreglar i Finansavtalelova, vil vilkåra for innskot og løpande lån bli endra frå 25. januar 2002. For nye lån blir renteendringa gjennomført straks.

Lånekundar vil få skriftleg melding om renteendringa. Innskotskundar vil få melding om endringa på kontoutskrift, på banken sine Nettbanksider og gjennom prislister utlagt i banken sine lokaler.

Etter endringane er lavaste nominelle rente på utlån til bustadformål innanfor 60% av takst 7,60 prosent, medan høgste innskotsrente (BSU) vil vere 6,75 prosent.


Urframføring på julekonserten 14.12.2001

Under julekonserten i Svelgen kapell 16/12 kl. 17.00, vil publikum og presse få høyre noko dei garantert aldri har høyrt før. Svelgen Songlag vil urframføre ein julesong av Ragnar Bull frå Holmedal. Songen med tittel "Frå høge himmel" har tekst av Per Lønning. Denne julesongen er komponert og arrangert i år, og har ikkje tidlegare vore framført offisielt nokon stad, så dette vert ein verdspremiere i Svelgen kapell.

Svelgen Songlag vil også framføre ein lovsong med tittel "Herre, vår Gud" der Ragnar Bull har skrive både tekst og melodi. Denne har vore brukt litt sidan den vart skriven i fjor, men det er første gong den blir framført i Svelgen, melder Vigdis Tonning som er sekretær for Svelgen Songlag


Vi får reint vatn i julegave!! 12.12.2001

Etter mange år med eit utal av kokepåbod, kan vi i Svelgen endeleg gle oss over reint vatn i springen, henta frå Hjelmevatn og Storebotnvatn via kraftstasjonen på Elkem Bremanger.

Leidningsnettet i Svelgen vart kopla til den nye vasskjelda for vel tre veker sidan, nærmare bestemt den 20. november, men sidan det har teke litt tid å skifte ut det "gamle" vatnet i høgdebassenga, har teknisk sjef Magnhild Myklebust i Bremanger kommune vore varsam med å ikkje oppheve kokepåbodet for tidleg. No reknar ho derimot med at samtlege husstandar etter kvart har fått tilgang på vatnet frå kraftstasjonen, og kokepåbodet kan opphevast for godt.

- Dette har vore ein lang prosess, og eg er glad for at vi no endeleg har fått ei løysing på vassproblema i Svelgen. Vi har allereie fått mange positive tilbakemeldingar på at vatnet no er mykje betre på smak, og at det er klårare, seier Myklebust.

Både ho og forgjengaren hennar, Ole Bjørn Førde, har brukt mykje tid og ressursar på å finne løysingar for å betre vasskvaliteten til brukarane i kommunesenteret.

- Sommaren -98 la vi ut ny inntaksleidning i Litlevatn, som har vore vasskjelda til Svelgen i ei årrekkje. Det gamle inntaket låg nær riksvegen, og var svært utsett for ureining. Inntaket vart flytta midt utpå vatnet, men det hjelpte lite, det var ikkje særleg stor effekt å merke på vasskvaliteten. Vassprøvene viste stadig innhald av koliforme bakteriar, som ikkje skal finnast i drikkevatn, fortel Magnhild Myklebust til Firdaposten.no.


Husk julekonserten i Svelgen Kapell! 11.12.2001

På ettermiddag søndag (16.12) er det tid for den tradisjonsrike og stemningsskapande julekonserten i Svelgen Kapell. Svelgen Skulemusikk og Svelgen Songlag deltek. Konserten er gratis, men det blir kollekt til inntekt for Svelgen Skulemusikk. Vel møtt!

Kåre Myklebust (Ap) ut av politikken? 11.12.2001

Bremanger kommune førebur seg på ei storstilt omorganisering. Dersom dette får gjennomslag i kommunestyret i morgon vil det bety at kommunepolitikar Kåre Myklebust (Ap) og varaordførar Roar Førde (H) truleg vert driftsleiarar og ikkje rektorar på Svelgen og Davik skule. Dei vert så ugilde som kommunepolitikarar i løpet av neste år.

Kommune skal etter forslaget organiserast som ei såkalla 2-nivå kommune med sentraladministrasjon og 19 driftseiningar. Kommunen meiner hovudutfordringa no og i åra framover er å yte gode tenester til innbyggarane i kommunen innanfor tilgjengelege ressursar. Det er ikkje utsikter til betring i kommuneøkonomien, og kommunen vil i framtida truleg måtte klare seg med trongare økonomiske rammer. For at dei kommunale tenestene ikkje skal verte forringa meiner nemnda som har vore i arbeid at kommunen må verte meir effektiv og auka bruk av teknologiske hjelpemiddel og delegert mynde utover i organisasjonen. (foto:Svelgen skule)


"Golden Ice" i arrest 10.12.2001

Det kypriotiske fryseskipet "Golden Ice" blir nok ein gong forseinka på avreisa. Årsaka er at Namsmannen har teke arrest i skipet.

Eit spansk selskap meiner dei har eit krav i båten på 250 000 kroner. Dermed må mannskapet på båten belage seg på nye dagar med venting.

Etter å ha lege sju månader i arrest i Vågsøy skulle skipet til reparasjon i Latvia. Men forrige laurdag fekk skipet maskinhavari i Frøysjøen. Skipet ligg no for anker ved Husefest i Flora medan dei ventar på å få reparert skadane.

Problema vil tydelegvis ingen ende ta for det kypriotiske skipet. For i kjølvatnet av maskinhavariet nekta losen å føre skipet vidare fordi han hevda det ikkje var sjødyktig.

Men då dette problemet var løyst dukka altså eit nytt problem opp. Men lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos, håpar saka vil vere løyst i løpet av nokre få dagar.


Fotballfesten 2001 09.12.2001

No er invitasjonane til Fotballfesten for vaksne i STIF sendt ut. Desse er sendt til personar som har vore aktive i fotballmiljøet siste åra og som har synt interesse for denne festen siste åra. Invitasjonane er sendt ut med mail, post eller via arbeidsgiver, familie eller venar. Festen blir dette året arrangert lørdag 22. desember.

Av praktiske årsaker er det ikkje mogeleg å invitere alle dei som har vore aktive i fotballmiljøet sidan dei første seriekampane vart spelte i 1963. Men om det er personar som tidlegare har vore aktive på eit eller anna vis i fotballmiljøet i STIF og som ønsker om å delta på festen, kan dei få tilsendt invitasjon ved å sende en mail til f-ryl@online.no Husk å merke mailen "Invitasjon Fotballfest". Festen kostar kr. 200 og for det får ein varm buffet, sosialt samvær, program og dans. Alt dette på Svelgen Hotell. På føremiddagen blir det ei uhøgtidleg fotballturnering i Idrettshuset.

Vil og minne om at påmeldingfristen for Fotballfesten er søndag 16. desember. Ein kan melde seg på til svein.austrheim@elkem.no eller f-ryl@online.no Merk mailen "Påmelding Fotballfest". Av tidlegare års erfaringar er ein diverre nøydd til å minne dei som vil delta på festen, om at dei må huske å melde seg på. Dette året vil det ikkje bli noko ringerunde til etternølarane.

Ein har 130 plassar til disposisjon, så det blir førstemann til "mølla", melder Avtroppande styre i Fotballgruppa 2001


Aktivitetar i dalen i vinter 09.12.2001

STIF skal i samarbeid med Ålfoten Idrettslag organisere aktivitet i/ved lysløypa i dalen. Ålfoten har skaffa ei trakkemaskin som skal gi optimale forhold i lysløypa. STIF melder på sine heime sider at dei kjem attende med meir informasjon om dette seinare. Følg med!!

55 000,- meir til Einar Kjerpesest 07.12.2001

I budsjettframlegget for Bremanger kommune er det lagt opp til investeringar som vil doble utgiftene til renter og avdrag i løpet av tre år. Oppgåver som krev store investeringar står nærast i kø, samstundes som etatsjefane i haust har vore pålagt å lage driftsbudsjett innanfor tronge tildelte råmer.

Både lærarar, foreldre og ikkje minst skulesjefen er frustrert over skulebudsjettet som er hardast råka. Ein av dei ytterst få som kan glede seg til kommunestyremøtet neste onsdag er ordførar Einar Kjerpeseth. Har får 55 000 meir i årslønn, og dermed ei inntekt på 450 000 kroner neste år.

Bremanger kommune planlegg å investere for 47 millionar kroner neste år. Samla gjeld i år er på 165 millionar som vil auke til 233 millionar i 2005. Dette betyr at utgifter til renter og avdrag vil auke frå 18 millionar årleg i år til 35 millionar i 2005.


Suksess for Unn i California 06.12.2001

Hausten 2000 byrja Svelgen-jenta Unn Kvendseth på California State University Northrigde (CSUN) for å studere og samtidig spele volleyball. Etter vel eit år har ho markert seg på volleyballbana, særskilt som blokkar, og trivselsfaktoren er høg.

Å spele volleyball på universiteta i USA er ikkje for kven som helst. Ein skal ha eit stort talent for i det heile tatt å verte vurdert til å spele på laga der borte. Unn fekk stipend, og reiste over dammen saman med han er forlova med. Ho bur i California, og der er det som kjent ikkje vinter og kulde som pregar verbildet. Men då vi snakka med ho, regna det, og Kvendseth forsikra oss om at dette ikkje var vanleg.

- Det går veldig bra med meg her borte, kan Unn fortelje. Ho har spelt på førsteseksaren i heile år, og har sjølv kjensla av at ho har stabilisert seg som ein del av laget, skriv Firdaposten.no.

- Eg har fått meir tillit frå trenaren vår, dr. Lian Lu, og laget vårt er også mykje betre i år enn i fjor. Vi fungerer saman, seier Svelgen-jenta. Sjølv om ho kombinerer volleyball med studiar, så synest ho ikkje at det er så vanskeleg lenger. Ho får betalt for å trene og å spele kampar. No gleder ho seg til å komme heim til familie og venner og ete god norsk julemat.

Les meir


Skipar Svelgen Næringsråd 06.12.2001

Etter initiativ frå fire næringsdrivande i Svelgen, har vi no fått eige næringsråd.

Førebels har 27 verksemder teikna seg som medlemer, men det er plass til mange fleire. Føremålet med den nye organisasjonen er å samle næringslivet i Svelgen-området til felles innsats for å styrke næringsgrunnlaget, og bidra til ei positiv utvikling av næringslivet i kommunen generelt, og i dei einskilde næringsverksemdene.

Alle registrerte næringsdrivande i området kan bli medlemer i Svelgen Næringsråd. Tanken om å skipe eit næringsråd i Svelgen, etter same mønster som i ytre Bremanger, har vore der lenge, men av ulike årsaker ikkje blitt noko av. Ikkje før no. Roald Nigardsøy, Gunnar Mundal, Tor-Olav Halse og Geir Gjerde var det som tok det endelege initiativet og kalla inn til stiftingsmøte for ein månad sidan. 43 næringsdrivande i Svelgen-området fekk invitasjon i posten, og så mange som 27 personar møtte fram.

- Vi er svært godt nøgde med responsen så langt, fortel Geir Gjerde, leiaren i det nyskipa næringsrådet til Firdaposten.no.


Politikarane seier nei til kutt 05.12.2001

Politikarane i levekårsutvalet i Bremanger kommune ville ikkje støtte innsparingstiltak på 619.000 kroner. Kommunelege Kan Shanker hadde mellom anna gått inn for å redusere drifta ved fleire legekontor, i tillegg til å redusere fysioterapitilbodet til institusjonane.

Men politikarane meinte tiltaka var uakseptable og sende saka vidare til kommunestyret, som skal ha møte 13. desember


Driftige damer med julebutikk 04.12.2001

Ruth Winther og Aud Leirvik står bak julebutikken som måndag opna i lokala til Torilds Blomster. Den fine butikken pyntar fint opp i Svelgen sentrum, og Aud Leirvik fortel til Svelgen.no at butikken kom i stand nærast heilt impulsivt. Berre utstillinga med mange flotte heimelaga saker er verdt eit besøk.

Heimesjukepleien med reklame 04.12.2001

Autoforum har levert sju nye bilar som skal nyttast av heimesjukepleien i Bremanger kommune. Det som er spesielt er at leverandøren av bilane får profilert seg gjennom reklame på sidene. Dagleg leiar Dag Eikeland fortel at dette er den største ordren dei har hatt i år. Leveransen har ein bruttoverdi på om lag 1.5 millionar kroner. - Bremanger kommune forhandlar med oss gjennom den avtalen vi har med Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier Eikeland og legg til at sidan dei får profilert seg på bilane, blir utgiftene til kunden lågare, skriv Firdaposten.no.

Bremanger kommune har hatt avtale med Autoforum i sju år, og det er tredje gong dei bytter ut bilane.


Underskrifter mot havbeite 04.12.2001

- Prinsipielt er vi ikkje imot havbeite, men vi meiner det må vere mogeleg å hauste erfaring på eit langt mindre område enn det Grotle Havbeite no har søkt om å disponere. Dette seier Terje Leif Lindvik og Oddleiv Grotle, dei to Bremanger-fiskarane som tok initiativet til underskriftsaksjon nettopp for å protestere mot at selskapet Grotle Havbeite AS skal få råderetten over det 36.000 mål store området dei har søkt konsesjon for.

At det er fleire i Bremanger som deler oppfatninga til Lindvik og Grotle, er det liten tvil om. Heile 594 personar over 18 år skreiv under på listene då aksjonistane i førre veke gjekk frå dør til dør i dei ulike bygdelaga.

Fredag overleverte Lindvik og Grotle, og fleire andre lokale fiskarar, bunken med underskrifter til ordførar Einar Kjerpeseth.

– Vi ønskjer med dette å få legge fram vårt syn i denne saka. Det er å gå for langt dersom dei historiske rettane til fiskarane blir sette til sides til fordel for eit prosjekt som det er så mykje motstand mot, meiner Terje Leif Lindvik. – Vi kan ikkje godta at allemannsretten blir teken frå oss, det er nettopp det å kunne dyrke sjøen som gjer det attraktivt for så mange å bu her. Får vi ikkje lenger lov til å delta i det tradisjonelle fisket i vårt eige område, kan vi like godt flytte herifrå, seier han vidare til Firdaposten.no.


Nær katastrofe utanfor Bremanger 03.12.2001

Det var berre minuttar frå ei katastrofe då det russiske skipet Golden Ice fekk motorstopp i Frøysjøen i Bremanger laurdag kveld. Det seier Torbjørn Owesen, som er driftssjef for rederiet Scandic Marine Shipping.

For med storm i kasta var Golden Ice i fritt driv mindre enn 100 meter frå fjæresteinane då Owesen sin slepebåt kom til.

Golden Ice har lagt i arrest i Vågsøy i eit halvt år og skulle endeleg forlate kommunen, men kom ikkje lengre enn til nabokommunen. 1,4 millionar kroner blei utbetalt i lønn og andre uteståande krav, slik at skipet kunne leggje i veg mot Riga i Latvia.

Men Golden Ice var ikkje komen lenger enn til nabokommunen Bremanger før problema oppsto litt før klokka halv ni. I Frøysjøen fekk skipet maskinstopp, og med storm i kasta hadde dei stø kurs mot fjæresteinane. Då vart mannskapet på slepebåten Scandic Mammut kontakta.

Mannskapet på Scandic Mammut, som heilt tilfeldig var i området på veg sørover mot Hamburg, tok ansvar. Etter ein dramatisk redningsaksjon slepte dei Golden Ice til rolegare farvatn. Men hadde ikkje Scandic Mammut tilfeldigvis vore i nærleiken, er Owesen sikker på at det hadde gått verkeleg gale. Omlag tre timar etter at dramatikken oppsto kunne Golden Ice til slutt ankre opp mellom Botnane og Årebrot. Og medan Vågsøy endeleg er blitt kvitt det russiske skipet, kan det sjå ut som om nabokommunen Bremanger skal få slite med det ei stund, melder NRK.no.


100 på konsert i kapellet i går 03.12.2001

Konsertane søndag var på den tredje og siste dagen på miniturneen, etter å ha konsertert både i Stryn, Sandane og Eid, så vende dei nasa mot Sunnfjord igjen.

- Dette var kjempemorro, sa vokalist Øyvind Elgenes, som tok denne jobben på sparket som stand-in.

- Faktisk er dette første gang eg syng med Ytre Suløen og jobbar med denne type musikk. Men du verda, dette er glad og steinbra musikk, så det er berre å trå til. Ikkje minst så er det kjekt å opptre i lag med lokale kor, seier Elgenes. I Nordfjord samla konsertane om lag 150 menneske kvar stad, i Svelgen 100, men på heimebane i Florø var det fullsett kyrkje som om det skulle vore den store konserten på vesle juleafta, melder Firdaposten.no.


I overkant med regn og snø i november i år 01.12.2001

I november månad målte ein 467,9 mm nedbør i Svelgen, mot "normalt" som er berekna til 318 mm. Berre 5 gongar tidlegare, sidan 1939, har ein målt meir nedbør i Svelgen i november. 3 av desse vart målt før 1973, då nedbørsstasjonen låg på Rise.

Rekorden stammar frå november 1953, då det kom 636 mm. Minimumsrekorden stammar frå 1993, då det berre kom 66 mm. Det meste som vart målt på eit døgn i november 2001 var 38,2 mm. Ikkje eit einaste døgn i november var utan nedbør.

I går tidleg, fredag 30/11, var det for 37. døgn på rad registrert nedbør i Svelgen, melder Kraftstasjonen.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov