Arkiv April 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

STIF slo Hyen 2-1 30.04.2005

STIF slo Hyen 2-1 i ein 5. div.kamp laurdag. Referat finn du på Thor Kristian Sortevik si heimeside i løpet av lørdagskvelden.

MINNER OM ARRANGEMENTET I MÅRÅ!!!!!

Vis forsiden­­Svelgen om omegn Husflidslag  markerer 25-års jubileet

 ved å invitere store og små med ut i naturen.

 



Stad:    Karlskardstova i Ålfotdalen

Tid:      30. april kl 1300 ®   

Sal av kaffi, brus, natronkaker og grillpølser.

 

·        Spikking i rått trevirke

·        Bålbrenning

·        Natursti med premiering

·        Spidde pølser og pinnebrød

·        Loddsalg med trekning

 

Vi ønskjer vel møtt til ein triveleg ettermiddag! 
Svelgen og omegn Husflidslag


Lyser ut områderektor 29.04.2005

Kommunestyret vedtok tysdag at det skal vere fem oppvekstrektorar i Bremanger kommune. Tre av stillingane er no utlyst på Stilling Ledig.

Fotball 5. divisjon

STIF til Hyen lørdag 29.04.2005

STIF sitt herrelag skal laurdag spele mot Hyen på grusbana i Hyen. Dette var kampen STIF-spelar og hyar, Per Arne Sæterlid, gledde seg mest til då han i vinter gjorde come back for STIF. Men diverre fekk han ei langtidsskade tidleg i sesongoppkøyringa. Kaptein Geir Myklebust må stå over grunna raudt kort i forrige kamp. Spelande trenar Trond Hatleset måtte stå over sesongopninga grunna sjukdom, og det gjenstår å sjå om han vert speleklar.

STIF må ta poeng laurdag om dei skal klatre opp frå botnplasseringa i 5. divisjon.

Brennevin på Lasses Kro 28.04.2005

 

Lasses Kro har fått løyve til å skjenke brennevin av kommunestyret. Vedtaket vart fatta mot fire røyster. 
Som vi har skrive på sida tidlegare har Lasses Kro nyleg ferdigstilt ei større utbygging og har auka innearealet frå 85 til 160 kvadrat med plass til 130 gjestar. Skjenkeløyvet gjeld i tillegg ein terasse på 75 kvadrat med 35 sitjeplassar.
Lasses kro får skjenke til klokka to om natta på fredag og laurdag, og til eitt elles i veka. På sundagar og andre heilagdagar får ein skjenke til klokka 21. Skjenking på uteområdet skal avslutta ved midnatt.  Løyvet gjeld til 2008.
Vi minner også om festen med Perfect Stranger laurdag.

Bjørn Myklebust til Bremanger igjen 27.04.2005

 Bjørn Myklebust satsar i Bremanger igjen. Den tidlegare Elkem-tilsette nytenkaren er no dagleg leiar i verksemda Fjord Technology AS på Nordfjordeid. Denne verksemda har aksjemajoritet i Fjord Shell AS som ynskjer å etablere mottak på Davik med heilt ny teknologi for avgifting av blåskjell.

I går fekk lokalpolitikarane i Bremanger orientering om at dei ynskjer å etablere blåskjellmottak der Davik Fiskeindustri tidlegare heldt til.

 Dei ynskjer dei å få byggeigaren, Bremanger kommune, med på investeringssida saman med mellom andre Innovasjon Norge. Meir i dagens Fjordenes Tidende.

 

 


Søker etter lege i ytre 27.04.2005

Bremanger kommune søker etter lege i ytre Bremanger. Sjå på Stilling Ledig om dette er noko for deg.

Fotball

Skryt til Grindheim 27.04.2005

I følge Haugen IL si heimeside dømte Øyvind Grindheim på ein framifrå måte, då han tysdag var i Oppstryn og dømte 6. divisjonskampen mellom Oppstryn 2 og Haugen. Les meir og sjå to bilete av Grindheim her. Grindheim dømmer vanlegvis i 3. divisjon.

Oppmoding til tidlegare seniorspelarar i Svelgen 25.04.2005

I papirutgåva av Fjordenes Tidende fredag 22. april hadde journalist/redaksjonssekretær Odd L. Drabløs ein artikkel/kommentar som gjekk på publikumsoppmøtet på fotballkampar i Nordfjord. Hovudingrediensen var tidlegare seniorspelarar sitt fråvær på sin tidlegare klubb sine heimekampar.

Den artikkelen passa litt for godt også for fotballen i Svelgen, og Svelgen.no har fått løyve av Drabløs og Fjordenes Tidende til å gjengje innhaldet på Svelgen.no, og oppmodar tidlegare seniorspelarar for STIF, som er busett i Svelgen, om å bruke eit par minutt på innhaldet. Artikkelen, "Kom deg på kamp", finn du her.

Fotball

0-4-tap for STIF 23.04.2005

I ein nokså jamnspelt 5. divisjons-kamp laurdag, tapte STIF 0-4 heime mot Jølster. Referat frå kampen finn du på A-laget si heimeside. I kampen debuterte Frederic Talle og Mats Dyrstad på seniorlaget til STIF.

Det vart dermed ein "billeg" ettermiddag for dei til no 29 medlemane i Scoringsklubben, som har sagt seg villeg til å støtte fotballen i STIF med 10 kr pr mål STIF scorar i 5. divisjon. Vinnar av Scoringsklubben sin pizza, gjeven av Fotballgruppa sin støttespelar Svelgen Hotell, vart Trygve Sørgulen. Meir info om Scoringsklubben finn du her.

Offisiell opning av Fylkesbank-løkka i mai 22.04.2005

 Nær femti unge medlemmer av Svelgen- Turn og Idrettsforening (STIF) var med på det siste store dugnadsløftet på ballbingen denne veka. 25. mai blir det offisiell opning, melder Fjordenes Tidende i dag.

 - Det har vore ein formidabel dugnadsinnsats. No gjenstår det å sette opp utstyret for volleyball og basketball samt å beise bingen, så er det klart til bruk, seier STIF-leiar Svein Arne Sandvik.

Totalt er det lagt ned 725 dugnadstimar, noko som tilsvarar nær 200 000 kroner.

 Arbeidet med ballbingen i Svelgen tok til i oktober i fjor og vil vere ferdig til den offisielle opninga 25. mai.  Namnet Fylkesbank-løkka er det hovudsponsoren som har bestemt.


Svelgen Helsesenter ferdig i desember 22.04.2005

Denne veka tok gravemaskinene plass på grusbana nedom Svelgen Stadion. I løpet av det neste halvåret vil det reise seg eit nytt bygg som vil samle alle helsetenestene i kommunesenteret.

Det er  Kan Shanker som står bak prosjektet gjennom selskapet Dr. Shanker AS. Han fortel at bygget skal vere på eitt plan og ha ein storleik på om lag 560 kvadratmeter. Bremanger kommune blir ein av leigetakarane blant anna til helsestasjonen og dei kommunale legetenestene. I tillegg skal fysioterapeuten inn i Svelgen Helsesenter når bygget står ferdig i desember.

Det er kona til Kan Shanker, Vencke Shanker, som skal vere administrerande direktør i nybygget som er teikna av Fjordbygg AS på Nordfjordeid. Les meir i Fjordenes Tidende i dag.

 


Ledige stillingar i kommunen 22.04.2005

Bremanger kommune søkjer etter arbeidskraft på mellom anna skulane. Sjå Stilling Ledig til venstre.

Svelgen og omegn Husflidslag 25 år 21.04.2005

Vis forsiden­­Svelgen om omegn Husflidslag  markerer 25-års jubileet

 ved å invitere store og små med ut i naturen.

 



Stad:    Karlskardstova i Ålfotdalen

Tid:      30. april kl 1300 ®   

Sal av kaffi, brus, natronkaker og grillpølser.

 

·        Spikking i rått trevirke

·        Bålbrenning

·        Natursti med premiering

·        Spidde pølser og pinnebrød

·        Loddsalg med trekning

 

Vi ønskjer vel møtt til ein triveleg ettermiddag! 
Svelgen og omegn Husflidslag


Fastlandssamband i 2006

Ordførar Kåre Olav Svarstad er svært godt nøgd med at Fylkestinget ikkje ein gong diskuterte prioriteringa av fastlandssambandet på siste tingsete. Den ligg inne i Nasjonal Trafikkplan for perioden 2006-2009.

No skal tida nyttast til å lage reguleringsplan, slik at bygging av andre etappe kjem i gang i 2006/2007.

Svarstad meiner ei omlegging av vegen gjennom Svelgen må komme som ein naturleg del av eit fullført fastlandssamband.

Planen er at riksvegen ikkje lenger skal gå innom Svelgen sentrum, men gå rett frå Rise og opp forbi Risevatnet.

 
Konsesjon i Gulestø

Plan- og utviklingsutvalet i Bremanger går inn for å gje konsesjon til Bremanger Aggregates for bergverksdrift og masseuttak i Gulestø. I vedtaket heiter det også at verksemda må setje av 15 millionar på fond som skal brukast til opprydning i tilfelle konkurs.

 

 

Skrur av gatelys

Den 20. april, altså på onsdag,  sløkte Bremanger kommune gatelysa. Men det såg du vel?


Russen er laus! 19.04.2005

I dag har nok mange lagt merke til at oransjerussen har fått utstyret sitt.

Fløytene har ult over heile bygda og gitt skikkeleg vårkjensle rundt om i gatene.

På bildet ser vi Kristoffer Ephithite (t.v.) og Terje Holm Nesbø i fullt utstyr, klare til å innta mai månad.

Dei fortel at dei ikkje har fått russekort endå, og at vi derfor ikkje får vite russenamna i dag.  Men dressane får vi nok sjå rundt i gatene dei neste 30 døgna.
 

Vi ynskjer avgangselevane frå Svelgen skule lukke til med feiringa og alt vel vidare!

Sett av lørdag 30. april:

Den perfekte fremmede kjem på Lasses! 19.04.2005

Drømmer du om å møte den perfekte fremmede? Da på du møte opp på Lasses lørdag 30. april.  Da blir det rock slik vi husker det skulle være – med Perfect Strangers. 
Perfect Strangers er et band godt kjent for sin stil: tung, tøff, svingende, drivende, gitarbasert rock'n' roll hvor medlemmenes samspill er unikt! Det mener i alle fall gruppa sjøl:  


- Publikum kan forvente en sjelden opplevelse fra et meget sterkt band!

Navnet Perfect Strangers relaterer seg til Deep Purple's come-back album.

Alle med et forhold til denne musikken har nå en enestående mulighet til å få delta på en sjelden LIVE- opptreden. Et raskt blikk på repertoarlista, tilsier at dette unektelig må stemme. Den viser et stort innslag fra nevnte kategori i tillegg til Blues og Rock’n’Roll.


 - Etter å ha vært runden på klubber og scener, ser vi frem til å kunne legge frem stoffet vårt for et entusiastisk publikum, sier gitarist i Perfect Strangers Odd Einar Holten.

- Uten at vi er et Deep Purple Tribute band, har vi samlet oss med grunnlag i musikken vi elsker å spille, tung og tøff, svingende og drivende, gitarbasert Rock'n' Roll.

- Vi finner inspirasjon i publikum når de er med fra første tone. Vi spiller på strenger mange har savnet - lenge.

- Vi ser frem til å spille og presentere Perfect StrangersLASSES  KRO i Svelgen. Vi vil være en viktig del av live musikk-miljøet i distriktet, og kan med dette presentere medlemmene:


PETER HESTHOLM - BASS

ODD EINAR HOLTEN - GITAR

INGOLF NILSEN - VOKAL / GITAR

GEIR HJELLE - TROMMER / VOKAL


Svelgen stadion laurdag kl. 1500 19.04.2005

Laurdag er det klart for årets første kamp for STIF i 5. divisjon. Motstandar er Jølster, som i fjor rykte ned frå 4. divisjon. STIF har i år berre spelt ein treningskamp, og den vart spelt nettopp mot Jølster. Den kampen enda med Jølster-siger 5-1, så STIF får det nok tøfft på laurdag. Men i følge rapportane var kampen meir jamnspelt enn resultatet tilsa.

Bakarhuset har gjort ein kjempejobb med stell av grasbana, og vèrutsiktene er gode, så Svelgen stadion ligg grøn og innbydande til serieopninga.

Plakaten t.v. er henta frå Thor Kristian Sortevik si flotte
heimeside for STIF sitt 5. div.lag. På denne sida vil du finne kampreferat etter kampen laurdag.

Svelgen skule

Orkidé kampanje og Open laurdagskafé 19.04.2005


9.kl ved Svelgen Skule skal ta del i orkidé kampanjen ( 20- 23 april). Dette er ungdomens eigen kampanje mot narkotika, og har vore gjennomført over heile landet i femten år. Målet med kampanjen er å drive informasjon og engasjere ungdom i rusdebatten.

Les meir om dette og laurdagskafè på heimesida til
Svelgen skule.
        



Spennande smågute-kamp 18.04.2005

Det vart ein spennande match mellom smågutelaga til Svelgen og Bryggja i dag. Dessverre enda kampen 5-8 til slutt.
Svelgen spelte god og offensiv fotball spesielt i starten. Fleire spelarar viste fram sitt enorme tempo, noko som lovar godt utover i sesongen. 
På bildet ser vi ope frå venstre; Ola Rise, Eirik Bortheim, Jonas Gulhaugen, Stian Isene, Bendik Førde, Torstein Ask, Ørjan Helle,Sondre Eikeland og Jonas Valberg. 
Nede frå venstre: Sebastian Cortes Mikkelsen, Alf Erik Sande, Morten Frøyen, David Myklebust, Øyvind Myrhol (skjult bak trenar Svein Arne Sandvik), Edvard Brekke, Simen Sandvik, Emil Kjerpeset og Vegard Henden. 

Yankee spelar på Svelgen Hotell laurdag 18.04.2005

Bandet Yankee spelar på Svelgen Hotell laurdag 23/4.

www.artistar.no skriv følgande om bandet: "Yankee kommer fra Toten-distriktet, og ble startet i 1969. Sommeren 1974 startet orkesteret profesjonelt og har siden hatt ca.200 spilledager hvert år. Yankee har lagt opp en fleksibel stil, og har i alle år blitt regnet blant eliten av norske cover/danseband. Orkesteret har spilt inn 5 LP-plater, og mange av låtene har gjestet norsktoppen. Yankee har også vært med i mange TV-programmer.

Yankee er et meget allsidig og populært band som gjør jobber på nær sagt alle typer
arrangementer, det være seg privat som offentlig. Gruppens vokalist Per Odd Kvernsveen, som er den eneste som er fra originalbesetningen har alltid med seg meget dyktige musikere. Yankee er et band som virkelig skaper kontakt og liv blant publikum. I årenes løp har orkesteret fostret musikere som har gått videre til store norske og utenlandske prosjekter."

Ny tid smågutekamp i dag 18.04.2005

I følgje STIF-tavla er kampstart endra frå kl. 1900 til 1830.

12 svelgarar deltok på Rett Vest 17.04.2005

I alt 12 utøvarar/mosjonistar frå Svelgen deltok i helga på landevegsløpet Rett Vest i Florø. Resultatlista finn du her. Les meir om løpet her.

Fotballen i Svelgen rullar att 17.04.2005

I desse dagar startar fotballseriane i Sogn og Fjordane opp att. STIF har i år følgande lag i fotballkrinsen sine seriar: Lillejenter 11-12 år, lillegutar 11 år, lillegutar 12 år, smågutar 13-14 år, jenter 13-16 år, damelag i 4. divisjon og herrelag i 5. divisjon. I tillegg vil STIF delta med fleire lag i miniputturneringane (7- 10 år) i Sunnfjord.

Første lag frå STIF som skal i aksjon er smågutane, som mandag 18. april spelar heime mot Bryggja. Kampen tek til kl. 1900. Smågutane, på biletet t.v. representert ved Eirik Bortheim, er i år påmeldt i 11`ar-fotball. Om spelarane og trenar Svein Arne Sandvik klarar å gjennomføre heile sesongen, vert det første gong sidan 1994 at eit aldersbestemt lag frå STIF fullfører ein sesong i ein 11`ar-serie. Den gong fullførte jentelaget sesongen, trass i at dei stilte med 9 spelarar i ein kamp og tapte med rekordsifra 0-28 i ein annan kamp. I 2000-sesongen hadde STIF eit smågutelag i 11`ar-serie på våren, men grunna liten spelarstall stilte dei i 7`ar-serien på haustsesongen. Små årskull er årsaka til at STIF har slite med å stille 11`ar-lag.

Styret i Fotballgruppa, anført av leiar Arild Sande (biletet nedanfor), har gjort mykje godt arbeid på forsesongen med å få på plass trenarar, oppmenn, banemannskap, utstyr til laga, arrangere turneringar, skaffe inntekter, lage fotballhefte, og mykje mykje meir. Med sitt viktige engasjement engasjerer dei bortimot 150 spelarar i ulike aldersgrupper. Med seg i styret i Fotballgruppa har leiaren følgande styremedlemar: Anita Hessvik, Johnny Helle og Svein Arne Sandvik. Om du ønsker å støtte Fotballgruppa kan du t.d. gjere det ved å melde deg inn i Scoringsklubben. Info om Scoringsklubben finn du her, og påmelding sendast: f-ryl@online.no (merk Scoringsklubben).


Inspirasjon og kreativitet på skulen 17.04.2005

Fredag starta 8. klasse dagen med å få inspirasjon og kreative tankar til å nytte naturen i kunst og handverk.

Ottar Dahl viste gjenstandar han sjølv har laga av ting frå naturen. Deretter gjekk turen til "Sakkenbu
kta" og Sørdalsvatnet.

I desse områda fann elevane gaddar, steinar, skjel og mange andre ting dei skal nytte i kunst og handverk framover.

Fleire bilder på Svelgen Skule sine sider.

Stor musikkglede i Svelgen 17.04.2005

Med ei spennvidde frå blokkfløyte til rock fekk tilhøyrarane på Svelgen hotell sjå og høyre dei mange kulturskuleelevane utfalde seg på konserten torsdag.

Ikkje minst var det gledeleg å sjå at rekrutteringa til Svelgen skulemusikk er stor. Under leiing av Fay Løvseth spelte om lag femten aspirantar med overtydande musikalsk glede og disiplin. På bildet ser vi 1. års aspirantane. 2. års aspirantane fekk også vise kva dei har lært.

Også enkeltelevar frå kulturskulen gjekk på scena med den største sjølvfølge. Dei leverte frå notemateriale som strakk seg frå Grieg til Pippi Langstrømpe. Det vart framført imponerande gitarsoloar, vokal, tverrfløyte, kornett, grupper som fekk si belønning med stormande applaus frå dei frammøtte.Sjå fleire bilder i Fjordenes Tidende måndag.

Elevar får ikkje sjå Vingen 17.04.2005

Bremanger-elevane får ikkje sjå kulturskatten i eigen kommune, Vingenfeltet. – For å vere ærleg har eg ikkje fått sett det sjølv heller, sa ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap).

 Bremanger kommune har Nord-Europa sitt største helleristningsfelt i Vingen. Området er ope frå 1. juli til 12. august, altså midt i skuleferien.

- Eg syns dette er eit veldig problem. Ved Frøyen skule er det eit stort ynskje om å få sjå Vingenfeltet, men det er praktisk talt umogeleg. Eg syns det er veldig merkeleg at vi skal stenge ungdomen ute frå denne kulturskatten som kommunen vår husar,  sa Isak Berle (SV). Han fortalde også at det kostar 100 kroner for barn og 250 for vaksne i tillegg til at dei besøkande er pålagde  å ha med guide – som også må betalast.

- Det har i alle fall ikkje Frøyen skuke råd til, sa Berle som ville ha eit fast opplegg for skulane.

Roar Førde (H) var samd:

- Eg blir rett og slett indignert av at vi i første omgang blir stengt ute frå feltet og deretter  kritisert for at vi ikkje er engasjerte nok i Vingenfeltet. Det heng ikkje på greip, sa Roar Førde.

Ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) lova å sjå på saka, etter at han først hadde innrømma at han aldri har vore på Vingefeltet, melder Fjordenes Tidende fredag.


HUSK BASAREN I MORRA:

Vårreingjering av Samfunnshuset 15.04.2005

 Denne veka har medlemmer i fleire lag og organisasjonar delteke på storreingjering på Svelgen Samfunnshus.   

Styreleiar Marianne Herje inviterte til dugnad tysdag denne veka, og då gjekk sakene verkeleg unna. Gammalt skrot enda på dynga. Alle rom vart vaska og rydda, utebenkane er sendt til oppfrisking og litt utpå blir det beplantning slik at Samfunnshuset står nyflidd og klart til å ta i mot mai månad.

Men først er det basar i morgon, laurdag.







Den tradisjonsrike Samfunnshusbasaren samlar alltid fullt hus, med med tombola,åresal og lodd på bok, heimelaga kaker, kaffi og brus. Her er det berre å møte opp og støtte Samfunnshuset vårt!! Fleire bilder og meir om dugnaden i dagens Fjordenes Tidende.

Bilder: På bildene ser vi dagleg leiar Janne Tytingvåg støvsuge bordrommet og styreleiar Marianne Herje framfor Svelgen Samfunnshus..



 


Svelgarar mot flytehytter 15.04.2005

Gründer Ole Stenbakk vil ha tre demonstrasjonshytter utanfor eiga hyttedør på Vågane. Bremanger kommune ynskjer dei flytande hyttene velkomne, medan grunneigarar og Fylkesmannen si miljøvernavdeling seier tvert nei.

 Ole Steinbakk fortalde på eit møte denne veka at tidlegare ordførar Einar Kjerpeseth var den som gjekk i bresjen for prosjektet med flytande hytter.

- Dåverande ordførar hadde store vyer om prosjektet og målet var å utnytte naturen på ein miljøvenleg måte, sa Stenbakk.

Overraskande var det difor at det var gamleordføraren sin bror og nevø, Magne og Jan Erik Kjerpeseth, som møtte som representantar for dei protesterande grunneigarane og gjekk til kraftig åtak på planane.

- Slik vi ser det er dette eit eksempel på einsidig fokus på innovasjon og nytenking der ein let seg blende av omgrepa og ikkje tenker tilstrekkeleg på konsekvensane. Når SND har vore inne i bildet føler kommunen seg bunden av positivitet seinare i handsaminga. Det er også vanskeleg å føre ein prinsippiell diskusjon når oppfinnaren baserer seg på usakleg emonjonell argumentasjon, sa Jan Erik Kjerpeseth. Han sikta då til Stenbakk sin intensjon om å bruke 50 000 kroner for kvar selde hytte til å bygge hus i den Dominikanske Republikk, eller andre u-land.

 Fylkesmiljøvernsjef Nils ErlingYndesdal var mykje samd med grunneigarane sine protestar.

- Vi meiner dette er ein framanelement både landskapsmessig og estetisk. Eg vil også understreke dei prinippielle sidene ved strandvernet og dei almenne intressene som er knytt til kystsona, sa Yndesdal. Meir i dagens Fjordenes Tidende.

 Bildet: Jan Erik Kjerpeseth protesterte på vegne av grunneigarane på Kjerpeset i Bremanger. - Flytande hytter er eit framandelement som vi ikkje vil ha her i kommunen, argumenterte han til usamde, men lyttande ordførar Kåre Olav Svarstad og Ole Stenbakk (t.h.)     


Godvèret vil vare i over ei veke .... 14.04.2005

Godvèret, som kom til Svelgen torsdag, vil, i følge Meteorologisk Institutt, vare i over ei veke og iallefall inn i neste helg. Nokre skyer vert det innimellom, men regndropane vil det venteleg verte svært få av. Biletet nedanfor syner Svelgen i godvèr hausten 2002.
 






















Foto: Frank Ryland

Opprusting av Svelgen 1 og 2 14.04.2005

Firdaposten melder at Statkraft skal bruke 40 millionar kroner på å ruste opp sine to kraftstasjonar i Svelgen. Dette gjeld kraftverka Svelgen 1 og Svelgen 2. Tormod Nes i Statkraft opplyse til avisa at mykje av arbeidet vil Statkraft utføre i samarbeid med leigetakaren, Elkem Energi Bremanger AS. Fleire verksemder både i Svelgen og andre stadar i regionen skal levere både utstyr og tenester i samband med prosjekta. Les meir her.

Ein liten feil har snike seg inn i artikkelen til Firdaposten: Det vil ta over 5 månadar å skifte viklingane på Svelgen 2, då ein skal utføre jobben på ein generator om gongen. På biletet under ser ein maskinsalen til Svelgen 2, med generatorane 3 og 4.

Fotball

Oldboys-trening onsdag kl. 2100 13.04.2005

Dei ansvarlege for denne treninga oppmodar mannfolk frå 16 år og oppover om å kome på denne treninga, der målet er å ha det moro med fotballspeling. Det er ingen minimumskrav til fotballferdigheter.

UTOLMODIG UNGDOM

LØYVER PENGAR TIL MR-MASKIN VED NORDFJORD SJUKEHUS 13.04.2005

Ungdom i Nordfjord er glødande opptekne av lokalsjukehuset sitt, og som første bidragsytar løyver nettverksmøte for ungdomsråda i Nordfjord 13.000 kroner til innsamlingsaksjonen for ny MR-maskin ved Nordfjord sjukehus. Midlane kjem frå overskotet frå ProtestFesten til støtte for oppretthalding av akuttfunksjonar ved Nordfjord Sjukehus.

 

I slutten av januar organiserte ungdomsråda i Nordfjord ProtestFest på Fabrikken på Nordfjordeid. Meir  enn 400 engasjerte ungdommar frå heile Nordfjord protesterte bokstavleg talt høglydt mot styret i Helse Førde sine planar om nedlegging av  akuttfunskjonar ved Nordfjord sjukehus. Fleire rockeband frå regionen stilte gratis opp, og  ungdomsrådsleiarar heldt glødande og ”sinte” appellar til støtte for sjukehuset vårt.

 

ProtestFesten var planlagt og gjennomført av og for ungdom på ein glimrande måte. Tilbakemeldingar frå fagfolk, vakter og frå politiet etter arrangementet er gode.

 

Rekneskapen for ProtestFesten viser eit overskot på 13.193 kroner. Ungdomsråda i Nordfjord var samla til nettverksmøte på Nordfjordeid sist veke. Og der var konklusjonen klar: Oversskotet frå ProtestFesten på 13.193 kroner skal gå til innsamlingsaksjonen for ny MR-maskin ved Nordfjord sjukehus.

 

Men Nordfjord-ungdommen er utolmodig og vil ha fortgang i saka. Difor utfordrar  dei både styret i Helse Førde og Nordfjordrådet om snarast å fatte nødvendige vedtak om plassering/ drift av MR-maskin og formell oppstart av innsamlingsaksjonen innan 1. august d.å. Viss ikkje innsamlingsaksjonen er formelt oppstarta innan denne datoen er beskjeden frå ungdomsråda tindrande klar: Ja, då går pengane til Malakoff Rockfestival 2005.

1. rekke: Endre Kupen (Selje), Tonje Førde (Gloppen)
 2. rekke: Saron Osmundvåg ((Selje (m/ lue)), Sonja Riksfjord ( Selje), Synnøve Lill Paulen (Gloppen)
3. rekke: Matias Dombestein (Bremanger), Kristine hansen (Eid), Laif Arne Iversen (Vågsøy), Joakim  Myklebust (Eid)
Bakerst: Runar Televik Blålid (Vågsøy)

 

 


Nyhende på SNR-sida 12.04.2005

På Svelgen Næringsråd si heimeside kan du lese fleire nyhende frå næringslivet i Svelgen og omegn, mellom anna:

Lærar Trond Hatleset (t.v.) ved Svelgen skule hospiterte i veke 14 hos Elkem Bremanger og INC Vedlikehold AS. Opplegget er ein del av Partnerskaps-avtalen mellom Svelgen skule og bedrifter i Svelgen. Industrien er avhengig av skulen for å informere om bedriftene og gi elevane innsikt i kva som skjer i næringslivet, særleg lokalt, fortel Per Åge Bueie (t.h.) i INC Vedlikehold Svelgen.

I følgje papirutgåva av Firda er INC Vedlikehold AS medlem i Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane, der 16 store bedrifter i fylket er med. Helge Robert Midtbø, tidlegare leiar i INC Vedlikehold AS i Svelgen, er tilsett ein dag i veka for å leie samarbeidet.

Under Fleire nyhender og April finn du også ein artikkel om sandstein i Bremanger kommune, mellom anna om Bremanger Quarry.


Til desse sakene kan du lese artiklar og sjå bilete.

Hus til sals på Sande 13.04.2005

Enebolig til salgs i Svelgen.
Sandevegen 63
 
Sørvent,solrikt og god utsikt.
Byggeår 1975.BTA 198m2  tomt 1160m2
Visning Søndag 17.04.05 kl 1500-1700 eller etter avtale.
Tlf 57750270 / 41107837   Email roger.gulestoe@online.no
Tegninger og takst kan sendes på mail eller leveres ut på visning

Svelgen kino søndag 17. april:

SVIGERS ER ALLER VERST 12.04.2005

I "Slekten er aller verst" traff Greg Focker kjæresten Pams foreldre for første gang.
Nå planlegger Greg (Ben Stiller) og forloveden Pam (Teri Polo) bryllup, og det er bare en bitteliten detalj som gjenstår før veien til alteret er klar; de kommende svigerforeldrene må bli kjent med hverandre, og tilbringe en helg sammen. Derfor setter hele familien seg inn i Jacks (Robert de Niro) kliss nye minibuss for å besøke familien Focker (Dustin Hoffman og Barbra Streisand) i deres eksotiske hjem. De neste 48 timene vil gi foreldrene til brud og brudgom litt tid til å bli kjent, men enda viktigere; gi Jack tid til å granske Gregs foreldre. Om du er klar eller ikkje; nå er det tid for å møte familien Focker. Det er bare en helg, hva kan egentlig gå galt?!

Søndag, 17/4. kl.18.00
7 år
Speletid: 1 time, 55 min.

Farmen i Bremanger konkurs 12.04.2005




Bremanger
Konkurs: Bremanger Gardsmat er konkurs, men dagleg leiar May-Britt Bratseth har kjøpt bygningane og satsar på ny frisk med nytt selskap i lokala. (Foto: Åge Senneset)

Gardsmat AS er konkurs med ei gjeld på 1,8 millionar kroner. May-Britt Bratseth gjev ikkje opp og har starta nytt selskap, melder Fjordenes Tidende på nett i dag.
Eigarane av Bremanger Gardsmat på Iglandsvik har gått til skifteretten med selskapet. I følgje bustyrar Per Kjetil Stautland er gjelda i det konkursråka selskapet på 1,8 millionar kroner.

Bremanger Gardsmat vart etablert i 2001 og i følgje rekneskapstala var underskotet i selskapet dei tre første åra (2001, 2002 og 2003) på 754.000 kroner.

Det er May-Britt Bratseth og hennar familie som taper mest på konkursen. Dei største kreditorane er Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Bremanger kommune.

- Før konkursen kjøpte eg bygningsmassen av Bremanger Gardsmat AS etter samtykke frå Sparebanken og Innovasjon Norge. Eit nytt selskap er skipa og det har fått namnet Nye Farmen AS, fortel Bratseth, som opplyser at ho privat betalte 1,7 millionar kroner for bygningane på Iglandsvik.

Les meir i papirutgåva av Fjordenes Tidende onsdag 13. april.

Svelgen Songlag framfører Jacob Sande 12.04.2005

Svelgen Songlag framfører tekstar av Jacob Sande i Svelgen og Ålfoten neste søndag.
Det blir ei blanding av tekstlesing, korsatser og mindre grupper saman med
musikarar på gitar og trekkspel.
Songlaget har lånt ein tidlegare dirigent,  Luis Santiago Ruiz frå Måløy til framføringa.

Det skjer søndag 24.april på
Svelgen Samfunnshus     kl. 16
Ålfottunet  kl. 20
Inngang voksen/barn   kr 100,-/50,-

Ny heimeside for STIF sitt seniorlag 11.04.2005

Ettersom Torbjørn Didriksen no er i militæret, og ikkje har høve til å oppdatere si heimeside for STIF sitt seniorlag i fotball, har Thor Kristian Sortevik (biletet frå 2004) teke utfordringa og laga ei ny heimeside for seniorlaget i 5. divisjon. På heimesida finn du presentasjon av spelarstallen, kampreferat, kampstatistikk, linkar til andre klubbar i fylket, info om Scoringsklubben, historiske statistikkar om STIF sitt A-lag frå 1963 fram til i dag, og gjestebok. Den nye heimesida til Sortevik finn du her. Du finn også sida nede t.h. på Svelgen.no, med grøn logo og tekst ”SVELGEN SENIOR LAG.

 

20 år gamle Sortevik har spelt på STIF sitt A-lag sidan 2001, bortsett frå sesongen 2003, då han spelte for Bremanger IL i 4. divisjon. Han står pr. 1/1-05 bokført med 55 seniorkampar for STIF, og av desse er to B-kampar. I fjor var han den einaste spelaren på STIF som spelte samtlege 21 seniorkampar. Sortevik, som i hovudsak spelar midtbane, har på spelarpresentasjonen på heimesida mellom anna følgjande personlege mål for sesongen: ”Score mål”. Sortevik har på 53 A-kampar for STIF scora eit mål, og fotballgjengen i STIF forventar at han minst doblar målscoren sin i år ... ”Heimesidemakaren” studerer for tida i Sogndal, og trenar med Hafslo når han er i Sogndal. Han har i år også gjort come back som fotballdommar.

Svelgen Hotell

Bjarne Lunde spelar til dans laurdag 11.04.2005

Laurdag 16. april spelar Bjarne Lunde opp til dans på Svelgen Hotell. Artistformidlaren til Lunde skriv følgande på heimesida: "Bjarne er ein musikar som spelar på fleire strengar og instrument, alt etter kva publikum han spelar for. I tillegg er han også ein dyktig vokalist. Han har lang erfaring som musikar i ulike lokale band, og har også jobba ein del som lydteknikar. Bjarne Lunde har han skapt stemning på dei fleste utestadane i området, og stiller med repertoar som fenger dei fleste. Alt frå gammalpop til nyare kjende låtar blir mesterleg framført."

Fotball

Stor dag for STIF-lillegutane på Fosshaugane 11.04.2005

Søndag hadde STIF sine lillegutar (11 og 12 år) ein svært spennande dag. Dei fekk spele pausekamp i 1.divsisjonskampen mellom Sogndal og Kongsvinger, med fleire tusen tilskodarar på tribuna. Ikkje nok med dette, dei fekk pizza på Dolly Dimples spandert av Sparebanken Sogn og Fjordane, ansiktsmaling i Sogndal-fargar, og autografane frå Sogndal-spelarane og Idol-Tone.

Om du klikkar deg inn på Sport t.v. på denne sida kan du sjå endå fleire bilete av STIF-gutane. På biletet nedanfor ser ein Svelgen-gutane (i blått), oppstilte og klare til å springe ut på Fosshaugane.





















På biletet nedanfor er lillegutane frå STIF i aksjon på sjølvaste Fosshaugane.

Bridge

Lothe Kommunemesterar 2005 11.04.2005

Arne og Leif Arild Lothe vann Kommunemsterskapet som vart halde i helga. Jostein Myklebust og Ole Bjørn Førde kom på andreplass med Rolf Sande og Arvid Damstuen på tredjeplass. Gå inn på bridgesida for fullstendig resultatliste og spelstensil.

Meir om gulljentene i volleyball 11.04.2005

På Tambarskjelvar si heimeside og i Firda kan du no lese meir om gulljentene frå Tambarskjelvar og Svelgen, og du kan også sjå bilete begge stadar. Biletet nedanfor er henta frå Tambar si heimeside: Frå venstre trenaren Magne Hornnes, Malene Salbu, Janne Nøstdal, Ingri Malene Ervik Erdal, Herborg Eikeland, Kine Sofie Grimeland og Hilde Elvebakk. Framme frå venstre Kristina Mundal og Sylvi Mari Fløtre.

Volleyball

Nye NM-gull til Svelgen-jenter 10.04.2005

Tambarskjelvar gjekk heilt til topps i NM for 17-åringar i Bodø, og henta heim nok ein NM-pokal til volleyballbygda Naustdal. Ingen nettstad har skrive noko om kven som spelt på Tambar i helga, men ein reknar med at dei tre Svelgen-jentene, som også vann bronsemedaljar med 19-årslaget for nokre veker sidan, er sentrale på laget. Biletet til venstre er av delar av 19-årslaget, og syner Svelgen-jentene Herborg Eikeland (bak t.v.), Kristina Mundal (i midten framme) og Sylvi Mari Fløtre (t.h. framme).

Dette var Eikeland og Fløtre sine 3. NM-gull, og Mundal si 2. gullmedalje i NM aldersbestemt. Og dei tre jentene har framleis to sesongar att i 19-årsklassen, så det er berre å gå i gang med å utvide medaljebretta.... Om det deltok endå fleire Svelgen-jenter på NM-vinnaren skal vere uskrive.

Les meir på Tambarskjelvar si heimeside. og på arrangøren si heimeside.

Årets Rockweekend-program klart:

Madrugada og Gåte til Bremanger 10.04.2005

Bremanger Rockklubb satsar høgt, og kan på årets Rockweekend-plakat skilte med store namn som Madrugada og Gåte. I tillegg kjem bl.a. Hellbillies, Nine Below Zero, Jonas Fjeld og The Legendary Shack Shakers. Meir her.
MADRUGADA

Oppvekstsenter i Svelgen? 10.04.2005

Administrasjonssjefen i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen meiner kommunen vil spare over ein halv million kroner på å ha tre driftseiningar for skule og barnehage.

 Ikkje alle skulane stiller seg negative til forslaget om å opprette tre oppvekstområde i Bremanger kommune. Både foreldre og lærarar ved Svelgen skule er positive til ideen, og meiner i motsetnad til dei andre skulane at det vil vere ein pedagogisk vinst å samle skulen og barnehagane i Svelgen til ei driftseining; Svelgen oppvekstsenter. I følgje administrasjonen sitt reknestykke vil kommunen spare 69 000 kroner på dette.

- Økonomisk er det lite å tene ved ei samanslåing av administrasjonen av Svelgen skule og barnehagane. Det må såleis vere andre faktorar som er vesentlege og avgjerande. Samarbeidsutvalet meiner at einingane ikkje er større enn at dei bør kunne ha ein administrasjon, skriv leiaren i samsarbeidsutvalet, Are Kjelkenes, i høyringsuttalen som er underteikna saman med rektor Kåre Myklebust. SU ved Svelgen skule meiner også at alle tilsette må få ny tilsetting der det går fram at dei er tilsette i Svelgen oppvekstsenter og at dei har arbeidsplikt i driftseininga etter kvalifikasjonar.

 

 

SU i barnehagane i Svelgen meiner eit oppvekstsenter vil gjere at ein unngår ein del administrativt dobbeltarbeid.

- Pedagogisk sett vil det og vere ein fordel å kunne sjå og organisere barnehage og skule som ei eining. Ein føresetnad må likevel vere at alle tilsette får tilsetjing i driftseininga, skriv Kari Rita Frøyen som kallar samanslåinga ei framtidsretta organisering som kan heve kvaliteten på tilbodet både i barnehagen og skulen.

Forslaget om å opprette tre oppvekstsenter med kvar sin områderektor, vekker elles i kommunen harme og misnøye. Les meir i Fjordenes Tidende fredag.

Nye NM-medaljar til volleyball-jenter frå Svelgen ?

Tambarskjelvar i semifinalen i NM 17 år 10.04.2005

Tambarskjelvar, truleg med minst tre Svelgen-jenter på laget, er klare for semifinalen i NM for 17-åringar i Bodø.

Fredag vann Tambarskjelvar sine to innleiande kampar 2-0. Laurdag vann dei 8. delsfinalen 2-0, før dei slo Stavanger 2-1 i kvartfinalen. Kl. 0930 søndag spelar Tambar-jentene semifinale mot Sortland, og vinn dei den spelar dei finale kl. 1515. Om det vert tap i semifinalen vert det bronsefinale kl. 1230. I følgje Tambarskjelvar si heimeside var kvartfinalen den moralske finalen, og mykje tyder difor på at Tambar-jentene kan nå nok ein finale i NM.

Fotball

Fire STIF-jenter med då BIL sigra i Førde 10.04.2005

Fire jenter frå STIF var med på Bremanger IL sitt jentelag, som vann ei fotballturnering i Førde laurdag. Det deltok 6 lag i turneringa. Les meir her. 

Desse fire Svelgen-jentene var utlånt til Bremanger, f.v. Stine Sortevik, Benedikte Grindheim, Malin Sandvik og Elise Eikeland.

Fylkestevlinga UKM

Skryt til Tor Erik Vårdal & co 09.04.2005

I helga foregår fylkestevlinga av Ungdomes kulturmønstring (UKM) i Florø, og fleire svelgarar deltek der. I går vart UKM opna av barneombod Reidar Hjermann, og han lot seg, i følge Firda, spesielt imponere av svelgaren Tor Erik Vårdal (18) og venninnene hans. At avisa Firda kallar Vårdal for gloppar får vi svelgarar heller sjå mellom fingrane på, ettersom han går på vidaregåande skule på Sandane. "Eg likte særleg tolkinga av Sting-låta «Roxanne», den var dødsbra", sa Hjarmann til Firda. På biletet nedanfor, henta frå Firda, ser ein unge lovande Vårdal i framgrunnen. Les meir i Firda. 

Fotballgruppa med Scoringsklubb også i år 08.04.2005

Fotballgruppa i STIF organiserer også i år "Scoringsklubben". I fjor hadde Scoringsklubben 47 medlemar, og gav verdifulle kroner til drift av den store fotballaktiviteten i STIF. Her følgjer litt info om klubben:

Du har no høve til å støtte Fotballgruppa ved å bli medlem i ”Scoringsklubben”. Du betaler kr. 10 pr. mål A-laget scorar i 5. divisjon denne sesongen. Sjølv om det er herrelaget som kan skaffe desse hardt tiltrengte kronene til Fotballgruppa ved å score mål, går inntekta i si heilheit til drift av våre 7 lag i Fotballkrinsen sine seriar og våre miniputtlag i Fotballkrinsen sine lokale miniputturneringar. Denne oppfordringa går til både privatpersonar og bedrifter/forretningar. STIF skal spele 16 seriekampar i 2005. Nytt av året er ein makssum på 500 kr for medlemane i Scoringsklubben. D.v.s. at om STIF scorar over 50 mål, så vert ikkje medlemane kravd for meir enn 500 kr. Betalinga vil bli ordna etter at sesongen er over.

 

For å bli medlem kan du kontakte Frank Ryland på e-post: f-ryl@online.no  (merk e-posten Scoringsklubben), eller på telefon 57793593 / 95921180. Du kan også kontakte spelarane på A- laget, som også formidlar medlemsskap.

 

Svelgen Hotell støttar Scoringsklubben & Fotballgruppa:

På kvar heimekamp i 5. divisjon vil vi trekke ut ein av medlemane i ”Scoringsklubben” som vinnar av ein pizza (verdi kr. 120), gitt av vår alltid like velvillige samarbeidspartner og sponsor Svelgen Hotell. Og ved sesongslutt vil ein trekke ut ein medlemane i Scoringsklubben som vinnar av eit julebord for to personar på Svelgen Hotell. Denne premien, til ein verdi av om lag 900 kr, er gjeven av Svelgen Hotell.

På biletet ovanfor ser ein snart 19 år gamle Tom Erik Løvseth, som har hatt ei fin utvikling som spelar i vinter. Han scora to seriemål i fjor, og sørger forhåpentlegvis for at medlemane i Scoringsklubben må punge med nokre kroner også i år. Løvseth hadde pr. 1/1-05 spelt 26 seniorkampar for STIF, og scora 5 seriemål i desse.


Snøfall - bruk vinterdekk! 08.04.2005

Det kalde veret skaper problem på vegane. Sjølv om det er påbode med sommardekk, seiar Kjetil Molvær på vegtrafikksentralen at i Magnhildskaret mellom Grov og Svelgen bør bilistar bruke vinterdekk.


Nytt reisebrev frå Eimhjellen & Naomi 08.04.2005

Skipper Jostein Eimhjellen har no lagt ut eit nytt reisebrev på S/Y Naomi si heimeside. Denne seglbåten har sidan den la frå kai i Svelgen i 1999, vore på ei fantastisk jordomsegling. No er båten i El Nido, som ligg på nordvest-kysten av øygruppen Palawan, ca 250 mil sydvest for Manilla.

Les meir på heimesida til Naomi.

STIF

Endring i dametreningar veke 15 08.04.2005

Mandag 11/4 vert det step, og onsdag 13/4 vert det balltrening.
Dette gjeld berre veke 15.

Meld deg på trenarkurs 07.04.2005

STIF er inne i ein periode med mangel på aktivitetsleiarar/trenarar for born. STIF oppmodar difor foreldre som har aktive born om å melde seg på aktivitetsleiarkurs i fotball (del 1 av B-trenar/trenar 1-kurs). Også andre kan melde seg på om ein er 15 år eller eldre. Les meir om kurset her. Om påmeldinga er god vil ein prøve å få kurset i Svelgen, og om interessa er tilstades vil ein prøve å få avvikla del 2, 3 og 4 også.

 

Del 1 av kurset vil også gi impulsar til trenarar for andre idrettar enn fotball. Påmelding snarast råd til Vibeke Kjerpeseth, mail: torgeiva@online.no eller mobil: 90580055


Svelgen Samfunnshus 15. april

Kystkvinne av Norvald Tveit 07.04.2005


Sogn og Fjordane Teater besøkjer neste fredag Svelgen Samfunnhus med framsyninga Kystkvinne av Norvald Tveit.
Litt om handlinga:
Anne Karen er koma i tidsklemma. Den unge kvinna kjenner seg

utbrent, og verken familieliv eller arbeid gir meining lenger.

Ho reiser heim frå Oslo, til kystsamfunnet på Vestlandet der ho vaks

opp. Her installerer ho seg i stova som ein gong tilhøyrde bestemora.

Snart kjem bestemora og oldemora til syne for Anne Karen, og

dei fortel sine historier.

 

Dette er eit nært møte med fire kvinner, som på kvar sine vis

opplever gleder og sorger, tru og overtru, humor og tårer.

regi: Arild Støfring

med: Idun Losnegård
Stad: Svelgen Samfunnshus
Tid: Fredag 15. april kl. 1930


Svelgen kino søndag 10. april:

AFTER THE SUNSET 06.04.2005

 
Historien begynner slik andre ofte slutter. Max "Kongen av alibier" Burdett (Pierce Brosnan) og hans vakre partner Lola (Salma Hayek)har ankommet paradiset Bahamas, med lommene fulle av verdier etter å ha stjålet den andre av Napoleons tre berømte diamanter. Med en gullkantet fremtid foran seg er paret klar for å nyte alt det deres nye rikdom har å by på. Men Stan (Woody Harrelson), FBI-agenten som har brukt flere år på å jage Max, nekter å tro at de to har gitt seg for godt.  Han er overbevist om at paret har en ny plan på gang, og at deres største ønske er å få tak i Napoleons tredje diamant. En praktfull edelsten, blant verdens tre største i sitt slag, og på vei til Bahamas som et ledd av en utstilling i et luksuriøst cruiseskip. Siden Stan og FBI er juridisk avskåret fra å operere på Bahamas, må han inngå et samarbeid med en lokal politimann for å kunne ta Max og Lola i gjerningsøyeblikket. Samtidig har en lokal gangster sine egne planer for å få tak i den skinnende diamanten.
Søndag, 10/4. kl.18.00
11 år anb.ungd/voksne
Speletid: 1 time, 38 min.

Rådmannen:

Vil ha tre rektorar i Bremanger 06.04.2005

 Administrasjonssjefen i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen (bildet) foreslår at kommunen skal delast inn i tre driftseiningar med felles rektor for skular og barnehagar.

Dersom forslaget frå administrasjonssjefen får politisk gjennomslag vil kommunen få ein områderektor i ytre (for skulane og barnehagane på Hauge, Berle og Kalvåg), ein for skulane og barnehagane i Svelgen og ein for dei tre einingane i indre Bremanger (Ålfoten, Davik og Kolset).

Ordførar Kåre Olav Svarstad seier dei fekk dispensasjon frå opplæringslova av Fylkesmannen då dei prøvde ut ordninga på Davik/Kolset i fjor, og at dette er vanleg fleire andre stadar i landet.

- Det fins eit vell av ulike måtar å organisere rektor-stillinga på. Poenget er at skulane i Bremanger har eit årleg budsjett på 40 millionar kroner. Saman med pleie- og omsorg utgjer dette den største posten, og den må reduserast. Forslaget om områderektorar er eitt av i alt tre alternative innsparingsframlegg, seier Svarstad.
Han vil ikkje kommentere om alternativet er å legge ned skular;

- Det har ikkje vore politisk vilje til å ha færre skular i kommunen. Viss vi ikkje får ned kostnadane med dette forslaget kan alternativet for eksempel bli å flytte klassar, seier han.  Forslaget er eit ledd i prosjektet ”Budsjett i balanse”.

 - Kommunen har eit overforbruk på fem millionar, og det må vi gjere noko med. Når skulane utgjer dei store postane i budsjettet er det her vi må sjå på kostnadane dersom det skal bli noko effekt. Alternativet er å gå på små etatar som kultur og teknisk og då trur eg reaksjonane vil bli endå sterkare, seier ordføraren. Han strekar under at han ikkje har teke politisk stilling til saka førebels.  Meir i dagens papirutgåve av  Fjordenes Tidende.

 

 

 


Jegerprøvekurs 06.04.2005

Praktisk Obligatorisk Del

 Kursstart: Mandag  18. april 2005 .

 Kl . 17.00 på Svelgen Skule .

 Kursavgift kr : 1100.-

 Påmelding frist: 15. april 2005

 Arrangør : Svelgen jeger og fiskeforening.Tlf : 577 93 110 / 911 59 104/ 958 72 624


Fotball

Helle og Dyrstad uttekne på sonelaget 06.04.2005

Ørjan Helle (ståande) og Jonas Valberg (sittande) vart etter sonesamlinga i Selje tysdag, plukka ut på Nordfjord sitt sonelag for gutar fødde i 1992. Det møtte om lag 30 spelarar på samlinga, og troppen er no redusert til 18 spelarar. Nordfjord-laget skal delta på ei sonelagsturnering i Førde søndag 10. april, der dei skal møte Sunnfjord og Sogn. Les meir her. 

I den turneringa skal Valberg mellom anna spele mot søskenbarnet sitt, Vegard Dyrstad, som er son til tidlegare STIF-spelar Jørn Dyrstad. Les meir
her.

Ole Enger held 1.mai tale 06.04.2005

 Ei lita gruppe på tre personar har gått saman om å lage til 1. mai arrangementet ”Solidaritet” på Svelgen Samfunnshus; Marianne Herje, Bjørnar Førde og Jonvald Naustdal.

Etter nokre år med laber 1. mai interesse på industristaden Svelgen, tok det seg opp for fire år sidan då bygda fekk besøk av mora til Arve Beheim Karlsen, Kari. Frå den gongen har Svelgen Samfunnshus årleg laga til eit større arrangement med tale, song, mat og underhaldning.


Og i år har dei altså fått ja frå Elkem sin konsernsjef Ole Enger (bildet). Han har vore Elkem sin øvste leiar i ei årrekkje, og er etter oppkjøpet for nokre månadar sidan, segla han også opp som aktuell til stillinga som konsernsjef for heile Orkla selskapet. Det vert såleis ein av landets mektigaste industrileiarar som no besøker Svelgen, og det blir knytt stor spenning til kva han ynskjer å ta opp 1. mai.

Ordførar Kåre Olav Svarstad har sagt ja til å vere konferansier og det blir musikalske innslag frå bygda sin eigen ungdom. Dette melder Fjordenes Tidende i dag.


Fotball

STIF-dommarane klare til innsats 05.04.2005

I helga var dommarstanden i Sogn og Fjordane samla til si årlege vårsamling, og STIF var godt representert med tre dommarar. Forutan Øyvind Grindheim (t.v. på biletet t.v. frå 2002) og Stian Holm, har Thor Kristian Sortevik (t.h. på biletet t.v.) gjort come back som dommar etter nokre års pause. Les meir om samlinga og sjå bilete i Firda. 

Stian Holm var i påska med SFFK si dommartalentgruppa til Danmark. Les meir
her.

Veteranen Øyvind Grindheim, som også i år er dommarkontakt i STIF og som gjer ein svært god og viktig jobb der, er i hovudsak oppsett som hovuddommar i 3. divisjon. Om du klikkar
her kan du litt nede på sida sjå kampane Grindheim er oppsett på.

Stian Holm (t.v.) har i år fått nye og spanande dommaroppdrag. Han er mellom anna oppsett som hovuddommar i 4. divisjon, og som assistentdommar (linjedommar) på fleire av Jotun sine kampar i 2. div. herrar. Han er også oppsett som hovuddommar i NM-cupen for juniorar i morgon mellom Florø og Førde, og som ass.dommar i NM-cupen for seniorar.

Thor Kristian Sortevik er mellom anna oppsett som assistentdommar i 3. divisjon, og som hovuddommar i 3. div. for damer, og 6. div. for menn. Sortevik er også aktiv på STIF sitt A-lag, og dømmer berre når det ikkje kolliderer med STIF sine kampar.

Og dei fleste av desse tre vert nok å sjå på Ekeberg-sletta under Norway Cup til sommaren...

Fotball

Dyrstad og Helle på sonesamling 04.04.2005

I følgje Fotballkrinsen si heimeside er Jonas Valberg frå STIF teken ut på ei sonesamling for Nordfjord, for gutar fødd i 1992. 29 spelarar er tekne ut til samlinga i Selje tysdag 5. april. Les meir her. I følgje smågutetrenar i STIF, Svein Arne Sandvik, er Ørjan Helle etterutteken på denne sonesamlinga. 18 av desse spelarane vil deretter verte tekne ut på Nordfjord sitt sonelag, til ei sonelagsturnering i Førde 10. april. Les meir her.

Det er nokre år sidan STIF har hatt ein spelar som har kome med på eit sonelag i fotball. Dei beste spelarane frå sonelaga i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn vert til slutt uttekne på Sogn og Fjordane sitt krinslag. Sist ein spelar frå STIF spelte kampar for krinslaget var i 1994, då Lene Gjerde spelte to kampar for jente 14 år. I alt 15 spelarar frå STIF har spelt kampar for krinslag i fotball, og av desse har Trond Hatleset flest kampar, med 12 kampar i åra 1988 og 1989. Stig Bell og Marit Renate Midthjell har begge 11 krinslagskampar. Sjå STIF si krinslagsliste, henta frå STIF si historiebok, her.

Marit Renate Midthjell tok i 1993 steget vidare som, og vart utteken på 16-årslandslaget der ho spelte 5 landskampar som STIF-medlem. Også Trond Hatleset vart utteken på landslagssamling, men han hadde ikkje høve til å delta.

Påminning om avlesing av straummålar 04.04.2005

Elkem Energi Bremanger minner om at straummålarane i Svelgen skal lesast av i dag, måndag 4. april. Vi beklager samstundes at mailadressa som vart oppgitt på Svelgen.no fredag var feil ! Rett mailadresse er: kraftverk.bre@elkem.no

Vi minner også om at avlesingane kvart kvartal er det berre hushaldningskundane som skal gjere.

Elkem Energi Bremanger AS

Fotball

Terminlista for STIF sitt damelag 04.04.2005

STIF er, som Svelgen.no tidlegare har skrive, påmeldt i 4. divisjon for damer, der dei spelar 7`ar-fotball. STIF skal spele 10 seriekampar, og serieopnar heime mot Dale lødag 7. mai. I divisjonen deltek også: Vik, Syril, Lærdal og Lavik. Terminlista kan du sjå, litt nede på sida, her. På biletet nedanfor ser ein STIF sitt damelag, fotografert på ei trening nokre veker tilbake.

HUSK:

Beatles show i Svelgen torsdag 04.04.2005

 Huskar du melodiane All my loving, Help, Hey Jude, I feel fine, Can`t buy me Love? I utgangspunktet et dumt spørsmål. Alle har et forhold til dei 4 karene, eller The Fab Four, fra Liverpool som gjorde byen verdenskjent. Nå kan du oppleve den fantastiske musikken fra scena igjen. Men dette er ikke et vanlig ”look alike show”.  Her blir du i løpet av 2 timer tatt med på en fantastisk reise i musikken og ikke minst historien om verdens desidert mest berømte band. Hendinga får du med deg på Svelgen Hotell 7. april kl. 21.00. Billett 150,-. Les meir her.

Fotball

Frå INC-cup i helga 04.04.2005

Søndag samla Fotballgruppa i STIF dei yngste fotballspelarane i kommunen til INC-cup. Nedanfor kan du sjå to bilete frå cupen i Svelgen idrettshus. På det øvste er det miniputtar frå STIF (grøne drakter) og Bremanger som er i aksjon, med Leo Cirotzki som dommar. På det nederste biletet er det lag frå STIF og Leirgulen som spelar.



















 
























Foto: Vibeke Kjerpeseth

Brennevin på Lasses Kro? 04.04.2005

Lasses Kro har søkt om løyve til å skjenke brennevin. Saka skal opp til handsaming i Levekårsutvalet i morgon, tysdag, og ligg føre med positiv tilråding.
Lasses Kro har nyleg ferdigstilt ei større utbygging og har auka innearealet frå 85 til 160 kvadrat med plass til 130 gjestar. Skjenkesøknaden gjeld i tillegg ein terasse på 75 kvadrat med 35 sitjeplassar.
I tilrådinga er det forslag om at ein får skjenke til klokka to om natta på fredag og laurdag, og til eitt elles i veka. På sundagar og andre heilagdagar får ein skjenke til klokka 21. Skjenking på uteområdet er foreslått avslutta ved midnatt. Dersom politikarane går inn for utvida skjenking på Lasses vil løyvet gjelde til 2008.
Dette melder Fjordenes Tidende.

Skidag i strålande ver 04.04.2005

Mellomtrinnet hadde torsdag ein kjempeflott skidag ved Karlskardstova.

Dei kosa seg i hoppbakken, langrennsløypene og med grilla pølser.

Også 3. klasse har vore på skidag på Langesi og her vi somme av elevane kose seg i det fine veret vi har hatt sidan påske.

Sjå fleire bilder på Svelgen Skule sine sider. 

Vil ha museum i Skatestraumen 04.04.2005

Bremanger kommune har søkt Innovasjon Noreg om stønad til å planlegge museum i Skatestraumen. Museet skal etablerast i tilknyting til den nye kaia i området, melder Fjordenes Tidende i dag.


Ikkje utbygging i Svelgen 04.04.2005

Ei nemnd foreslår at Svelgen Bu- og Servicesenter (SBS) likevel ikkje skal utbyggast. Dei vil i staden rehabilitere SBS  og i tillegg bygge  fleire omsorgsbustadar i Skulevegen 11 der det blå rekkehuset står i dag. Huset har stått tomt det siste året.

Dette melder Fjordenes Tidende.

Ein skadd i bilulukke i Magnhilskaret 03.04.2005

Ein mann i slutten av 20-åra vart send til sjukehus etter at bilen han køyrde hamna i fjellveggen ved Magnhildskaret i Flora søndag ettermiddag.

Trafikkuhellet i Magnhildskaret skjedde like etter klokka 14.00 søndag. Mannen, som er frå Austlandet og truleg på gjennomreise, vart frakta til sjukehuset i Førde med luftambulanse. Frå Fjordane politikammer vert det meldt at mannen klaga over smerter i nakke og bryst, men at han ikkje er alvorleg skadd.

Både politi, luftambulanse og redningsmannskap vart kalla ut då politiet fekk melding om ulykka klokka 14.20, frå ein forbipasserande bilist. Mannen kom køyrande frå Svelgen, då ulykka skjedde ved inngangen til den lange Magnhildskartunnelen. Det var ingen andre personar eller køyretøy involvert i hendinga.

Riksveg 614 ved Magnhildskartunnelen var stengd ein kortare periode som følgje av ulykka, melder Firda.no


Natturnering

Moroturnering i fotball 02.04.2005

STIF arrangerer fredag 15. april natturnering i Svelgen idrettshus. Turneringa tek til kl. 21.00, og aldersgrensa er 16 år.

Laga må bestå av fire utespelarar, + keeper og evt. innbyttarar. Det er visse krav for alders- og kjønnssamansetninga på laga.

Heile invitasjonen og påmeldingsinfo finn du her.

Ferdigstilling av ballbingen nærmar seg 02.04.2005

Ballbingen, som STIF har sett opp ved Svelgen skule med god sponsor- og dugnadshjelp, nærmar seg no ferdigstilling. I dag vart kunstgraset lagt av leverandøren, med god dugnadshjelp av STIF. Les meir om ballbingen på STIF-sida (saka vart skrive 15/3).

Bileta nedanfor vart tekne under arbeidet i dag, og på det nederste ser ein Einar Gjerde (t.v.) og Alf Førde (nærast med støvlar), under arbeid i lag med folk frå leverandørfirmaet.















































Foto: Vibeke Kjerpeseth

Skikarusell-rennet i dag er avlyst !!! 02.04.2005

Dei ansvarlege for skikarusellrennet, som skulle vore arrangert laurdag, opplyser at rennet er avlyst.

Lite nedbør i mars 01.04.2005

Det fall 124 mm nedbør i Svelgen i mars månad. Det normale for mars månad i Svelgen er 200 mm, i følgje Meteorologiske Institutt. 28,8 mm var det meste som fall på eit døgn, og 18 døgn var utan nedbør.

Ny flytande kraftpris frå EEB frå 12. april 01.04.2005






Med virkning fra 12. april 2005 setter vi opp den flytende kraftprisen for våre kunder i Svelgen, som har denne type tariff, til 29,5 øre/kWh, inklusive 25% mva til staten.

Kraftprisen har intet fastbeløp.

Nettleie for transport av krafta kommer i tillegg.

Svelgen mars 2005,  Elkem Energi Bremanger, 6721 Svelgen.


Deler ut ti leite-pass:

Gullfunn på Dyrstad! 01.04.2005

Tidlegare i år melde Svelgen.no at dei store nedbørsmengdene i vinter har ført til vanskar for Bremanger Quarry på Dyrstad - mellom anna med at dei braut  utsleppsløyva.

No viser det seg at inkje er så gale at det ikkje er godt til noko. 

Dagleg leiar Ole van Meijer ved Bremanger Quarry opplyser i dag at alt regnet vaska fram gullførekomstar like ved steinbrotet!

Han er svært begeistra for funnet som har kome like overraska på bedriftsleiinga som dei få innbyggararne på Dyrstad som har fått kjennskap til gullet.

Like oppsiktsvekkande er det at Ole van Meijer meiner Svelgen og omegn sine innbyggjarar må få ta del i funnet.

- Vår forretningside går på å utvinne stein. Her er det snakk om reint gull, og det har vi bestemt oss for at innbyggarane i første omgang har krav på, seier han.

Det er i området søraust for steinuttaket dei relativt store funna av gull har kome til syne.
 Svelgen.no får opplyst at gullet ligg reint fram i dagen, og at det nærast berre er å plukke det opp for observante leitarar.

- Men sjølvsagt kan vi ikkje tillate det fullestendige kaos her i området. Difor ynskjer vi at ti innbyggjarar som kan bevise at dei er opphavleg frå området Svelgen-Dyrstad, skal få sjansen til å leite etter gull ei veke framover, seier van Maijer seint torsdag kveld.

Ordførar Kåre Olav Svarstad seier han er oppglødd og svært fornøgd med tilbodet frå Bremanger Quarry.

- Sjølvsagt er dette innbyggjarane i området sin eigedom, og eg set stor pris på verksemda si vilje til å vere opne om funnet og dele det med dei rettmessige eigarane. Men eg må også få legge til at eg håpar dei få heldige vil bruke eventuelle funn til beste for kommunen på den måten dei sjølve ser det formålsteneleg, seier han.

Sjølv om han ikkje kjem frå området opphaveleg, har ordføraren automatisk fått det første av i alt ti leite-pass frå Bremanger Quarry.

- Eg har ei veke avspasering til gode, og kjem til å bruke den til å leite. Viss eg er skikkeleg heldig vil eg selje gullet eg finn. Pengane vil eg bruke til å legge varmekablar rundt alle sjukeheimane og omsorgsbustadane i kommunen. Eg trur forresten eg skal legge varmekablar heime hos meg sjølv også - om det vert noko til overs, seier ordførar Kåre Olav Svarstad som snart er kvitt gipsen etter to fall utanfor heimen i vinter.

Svelgen.no har fått æra av å fordele dei ni resterande leitepassa. Området er no innegjerda og strengt vakta av lensmann Hans Rune Strandos og betjent Espen Gulliksen.
Om du ynskjer å delta i trekkinga må du melde på redaksjon@svelgen.no innan nons (12.00) 1. april 2005.
På bildet ser vi Ståle Dyrstad leite etter gull, og nedom kva han fann.
Her er det først til mølla! 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov