Arkiv April 2008

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Nedbørsfakta om april 30.04.2008

I Svelgen fall det i april 88,1 mm, medan det normale for månaden er 123 mm. Det meste ein målte på eit døgn var 29,5 mm, og heile 17 døgn var utan ein drope i måleglaset. 52,3 mm av nedbøren kom i løpet av to døgn tidleg i månaden.

 

På dei fire første månadane i år har det falle 1019,8 mm, medan normalen for tidsrommet er 727 mm.


SKITUR TIL KEIPEN 1.MAI 30.04.2008

FRAMMØTE VED SVELGSVATN KL.09.00. TURLEIAR INFO FRANK HATLESET, TELEFON 95030325. STARTKONTIGENT KR.50,-
MEDLEMER DNT:GRATIS.
KEIPEN TURLAG.
 

Årets konfirmantar frå Svelgen og omegn 29.04.2008

HUMAN ETISK 03. MAI 2008, FLORA SAMFUNNSHUS

Pål Valberg

Jens Petter Kjerpeset

MIDTGULEN KYRKJE 04. MAI 2008

Robert Styve

Kristine Ytrehus

Rikke Rise Hallset

SVELGEN KAPELL 11. MAI 2008

Jan Rune Nigardsøy

Gjert-Andre Tytingvåg Solheim

Marius Rosvoll Solberg

Alf Erik Sande

Marcus Svorstøl Teigene

Daniel Hessvik Holm

Kartine Ask

Sebastian Ephithite

Frida Bertine Sande

Thomas Talle

Marte Myrold Petersen

Jan Lukas Førde


                 1. MAI FEIRING I SVELGEN

Kafeen opnar kl. 1600                                   

Sal av kaffi kaker og brus

Festleiar Nils Jørgen Sagebø

Vaksne kr. 25,-

Born kr. 10,-

 Godt og variert program med song, musikk og appell  

 Alt overskot skal gå t il   Svelgen Samfunnshus  

Talar for dagen: Jostein Midtbø - t idlegare rektor ved skulen i Nordalsfjorden. Aktiv og oppteken av lokalsamfunnet.                

Arr. : Svelgen Samfunnshus med lag og organisasjoner.

Solidaritetskveld trivsel og samhold i Svelgen


Mann til sjukehus etter krasj med Svelgen-buss 28.04.2008

Ein buss og ein personbil kolliderte på Rv 614 ved Svelgen i 13.30 tida i dag. Ein person vart skadd.

 

Ambulanse og politi var raskt på plass på ulykkesstaden. Det var ein førar i personbilen, som kolliderte med ein buss som var på veg frå Svelgen mot Florø. Ulykka skjedde rett før bussen til Kjelkenes ferjekai på eit område med smal veg. Ein middelaldrande mann vart sendt til sjukehuset i Førde, med lettare skader. Bilen vart totalvrak. Politiet rosar brannvesenet i Svelgen som var raskt på staden og fekk sikra området. Dette melder Firdaposten.


Vil skjemme Grotlesanden, meiner NVE

Avslag for Ytre Grotle kraftverk 28.04.2008

Skriv ut denne siden Abonner på nyhetsmeldinger

NVE seier nei til bygging av Ytre Grotle kraftverk i Bremanger kommune. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar for ålmenne interesser.

Vidare skriv NVE i grunngjevinga:

"Grunneigarane på Ytre Grotle i Bremanger kommune har søkt NVE om løyve til å bygge eit småkraftverk utan reguleringsmagasin i Kvernhuselva og overføring av Hasalelva og Kringleelva til inntaket i Kvernhuselva. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 5,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 270 husstandar.

NVE meiner at prosjektet vil komme i sterk konflikt med det eksponerte landskapet på fjellplatået på Bremangerlandet og i lia ved Grotlesanden på Ytre Grotle. Røyrgata og anleggsvegen vil gje godt synlege terrenginngrep i den bratte steinura opp til Grotledalen. NVE meiner at utbygginga også vil ha negative konsekvensar for biologisk mangfald, kulturlandskap og kulturminne frå nyare tid. Utbygginga vil redusere vassføringa i Hasalelva, Kringleelva og Kvernhuselva kraftig. 

Dei landskapsmessige konsekvensane kan vanskeleg avbøtast med tiltak. Etter vårt syn vil fordelane i denne saka i form av noe økt kraftproduksjon og lokal verdiskaping ikkje overstige ulempene.

NVE meiner derfor fordelane ved bygging av kraftverket er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 ikkje er oppfylt. På denne bakgrunn er søknaden avslått".

Dette melder NVE på eigne nettsider.


Innbydelse til jakt/jaktfelt 28.04.2008

Lørdag den 3 mai blir det lags stevne i felt/jaktfelt.

Påmelding på skytebanen fra kl 10-11

Påmelding for voksne er kr 100 og barn kr 50.

Styret vil informere om at antall skot gjelder som obligatoriske ved oppskyting til jaktprøven.

Det vil bli servering i Karlskarstova.

Vi håper at så mange som mulig kommer slik at vi får en fin dag med skyting.

 

Styret i Ålfoten skyttarlag


Vedteke i statsråd i dag:

Får ti år for å dekke tap 25.04.2008

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vil innføre nye reglar som gjer at kommunane kan dekkje inn tapa etter Terra-investeringane med mindre dramatiske kutt i velferdstilboda. I statsråd i dag vedtok regjeringa at norske kommunar unntaksvis bør få reknskapsføre tap og ekstraordinære utgifter over ti år. - Dette er ein positiv nyhende som vi tek imot med glede, seier ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad. - Vi får no ein ny situasjon som vert enklare å takle. Eg legg merke til at kommunalministeren vil skjerme innbyggjarane, og det vil vi truleg klare og oppnå no, seier han. Tilsette på rådhuset i Svelgen er i dag letta over at kommunen får betre tid til å dekkje dei store tapa på. - Eg har sett mange på rådhuset stråle opp i dag. No kan vi lage ein realistisk plan i staden for noko som vi ikkje var mogleg å gjennomføre.

Les heile saka på NRK sine heimesider.

Her kan du lese kva VG skriv om saka.


Lions sin tulipanaksjon for 25. gong 25.04.2008

Med sin årlege tulipanaksjon har Lions Norge sidan 1983 medverka til førebyggjande arbeid mot rusmisbruk. Laurdag 26. april går tulipanaksjonen av stabelen for 25. gong.   13000 Lionsmedlemmer over heile landet skal denne dagen bli kvitt 900 000 tulipanar. Lions har gjort arbeidet mot rusmisbruk til eit hovedengasjement, og tulipanaksjonen har mellom anna  resultert i undervisningsopplegget ”Det er mitt valg” til bruk i grunnskulen og i vidaregåande skule.

 

Laurdag vil medlemmer i Lions Club Svelgen delta i aksjonen i Svelgen sentrum.

 


Bremanger 98.2 prosent breibandsdekning 25.04.2008

Fornyingsminister Heidi Grande Røys la onsdag fram rapporten "Breiband - dekkingsanalyse 2008".

Ifølgje rapporten vil 4000 husstandar vere utan breiband ved årsskiftet. Det betyr at breibandsdekkinga skal vere på 99,8 prosent ved årsskiftet.

15 av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane vil få full breibandsdekking i løpet av 2008 og seks kommunar vil ha over 99 prosent dekning. Dei fem kommunane som kjem dårlegare ut enn dette er ministeren sin "heimkommune" Bremanger (98,2 prosent), Fjaler (98,2 prosent), Luster (98 prosent), Askvoll (95,1 prosent) og Gulen (88,2 prosent).

Dekninga i Gulen er så dårleg at den plassere seg heilt i botnen på nasjonalt nivå.

Regjeringa har løyvd 190 millionar kroner til for å skaffe breibandsdekking til alle i Norge.

- Når eg seier 99,8 prosent så er det før vi har brukt 190 millionar som vi no har løyvd. Når vi får brukt dei pengane også, så trur eg vi er veldig nær 100 prosent, seier Grande Røys i ei pressemelding.

Når regjeringa har rekna ut dekkingsgraden har dei teke med både fastlinje og mobilt breiband.


Firdaposten deler ut sirkusbillettar 25.04.2008

Firdaposten har ei heil blokk med billettar til Cirkus Agora i Florø og Svelgen, i tillegg til billettar for fire personar i eigen losje, som dei vil dele ut til lesarane.

 

Søndag 4. mai og måndag 5. mai er Cirkus Agora i Florø, og tysdag 6. mai kjem sirkuset til Svelgen.

  Her ser du korleis du kan få tak i billettane:)


Meltveit Kleppa avgjer Bremanger-sjebne i dag 25.04.2008

I dag avgjer kommunalministeren kor lang tid Terra-kommunane får til å dekkje tapet etter finansskandalen. 

I følgje kommunelova skal tapet tilbakebetalast innan fire år, men dei åtte råka kommunane meiner dei ikkje greier dettte og har klaga til statsråden.

I dag får dei vite om dei får drahjelp frå regjeringa. Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa skal leggje fram for Stortinget kor lang tid Bremanger og dei andre Terra-kommuane får til å dekkje tapa sine.

Bremanger har så langt tapt 181 millionar kroner. Å dekkje det inn over fire år har mange kalla umogleg. Eit ordinært årsbudsjett i kommunen er på 170 millionar kroner. Dette melder NRK Sogn og Fjordane i dag.

 


Bremanger kommune:

Leiger konsulentar for å finne ny rådmann 25.04.2008

Bremanger kommune har no engasjert eit rekrutteringsbyrå som skal arbeide for å skaffe kommunen ein ny rådmann
 
Som kjent har det meldt seg tre søkjarar til stillinga som ny rådmann etter Tor-Kristian Gulhaugen.

Men kommunen er tydelegvis ikkje fornøgde med utvalet, og det er grunnen til at Bremanger kommunen vel å gå ei ny runde for å jakte på eit rådmannsemne.

Målet til administrasjonen er å ha klar ein kandidat som ny rådmann til møtet i juni.

Ordførar Kåre Olav Svarstad seier til Fjordenes Tidende at dette betyr ikkje at dei tre søkjarane er vraka.

- Dei er med i vurderinga vidare. Når vi har engasjert eit rekrutteringsbyrå så er det for å få eit breiare utval å velje i, seier Svarstad.

Kommunestyret blei orientert om dette tysdag. Bremanger kommune har engasjert byrået Headvisor som skal jakte på nye kandidatar.
Les heile saka i dagens Fjordenes Tidende.

Ledige jobbar i INC Vedlikehold, Svelgen 24.04.2008

INC Vedlikehold i Svelgen søker etter elektromontører, automatikere og energimontør. Sjå heile utlysinga under Stilling ledig til venstre. 


Lesarinnlegg frå Gerda Frøyen (Sp):

- Desinformasjon frå kommunestyret 24.04.2008

Kommunestyrerepresentant Gerda Frøyen (Sp) meiner det er  sørgelig å lese og høyre kva enkelte reportarar og journalistar både frå radio og aviser klarer å få til av desinformasjon ifrå møtet i kommunestyre i Bremanger 22.april.

- Etter å  ha høyrt på radio onsdag den 23.april, kan ein lure på om ein var på same møte.

Slik desinformasjon er med å skake opp folket i Bremanger kommune meir enn det som er naudsynt.  Terra-saka er oppskakande i seg sjølv, så ein treng absolutt ikkje forverre den ved å ikkje referere det som er riktig.  Eg forventar betre arbeid frå dei som har desse jobbane, skriv ho i eit lesarinnlegg. Les heile innlegget under "Lesarinnlegg" til venstre.

 


Svelgen Pensjonistlag:

Medlemsmøte og rømmegrautfest 24.04.2008

Møtestad: Småsalen

Tid: onsdag 30.april 2008 kl.1700.

 

Program:

Ord for dagen v/ Karen Solheim

Vanlege lagssaker

Allsang

Framsyning av linedance v/ åtte spreke damer.

Harald og Alf syng og spelar

Opplesing – Kirsten Frøyen

 

Grauten vert spela inn!

( Kokker: Edith Langedal og Ragna Myklebust)

 

Påmelding til pensjonistsamlinga i Måløy 23.mai

Påmelding til dagstur til Sogn

Utlodning.

Vel møtt!


Gunnar Skjølberg:

- Trasigaste jobben eg har gjort 24.04.2008

Kommunestyret vedtok tysdag at skule og barnehage skal kutte nesten fire millionar kroner av budsjetta. Det kan bli enda meir.

I Bremanger spør folk seg om kuttforslaga som politikarane hittil har gått inn for er nok. Fylkesmannen vil truleg sende budsjettet i retur. Men når det gjeld skular og barnehagar, trur Gunnar Skjølberg at kuttinga er overstått.

 

Skjølberg legg ikkje skjul på at jobben med å foreslå nedskjeringar til finansutvalet er det trasigaste han har gjort dei femten åra han har jobba som rådgjevar innan undervisning i kommunen. Dette melder Firdaposten.


Felles programvare for innkrevjing 24.04.2008

 

Kommunane i Nordfjord har i fellsskap teke i bruk programvare for innkrevjing av uteståande krav. Prosjektet har som mål å effektivisere det kommunale innkrevjingsarbeidet, og er delfinansiert med fornyiingsmidlar frå Fylkesmannen. Les meir om prosjektet i sluttrapporten nedanfor. Samla sender kommunane i Nordfjord ut om lag 70.000 fakturaer årleg. Dersom gjennomsnittleg 20% ikkje har betalt 14 dg. etter forfall, fører det til 14.000 krav som skal jobbast vidare med for å få inn uteståande beløp. Storparten av disse vert betalt ved fyrste gongs purring, men mange må jobbast vidare med ved hjelp av betalingsavtaler, motrekning, påleggstrekk, gjeldsbrev, utlegg, krav om tvangssal, osv.

Dette arbeidet hadde ikkje kommunane verktøy til å utføre på ein effektiv og god måte. Skjema måtte fyllast ut manuelt, og mykje oppfølgingsarbeid vart dobbelt og tungvint utført.

Eit innkrevjingsprogram automatiserer mange av dei enkle arbeidsoppgåvene gjennom elektroniske skjema og alltid oppdaterte oversikter. Dette frigjer tid til å jobbe meir med dei tyngre oppgåvene, og få raskare innbetaling også på disse. Programvaren er alltid oppdatert mot lovverket med tanke på innkrevjinga.

I mai 2007 søkte Nordfjordkommunane (Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Selje, Vågsøy og Bremanger) om tilskot frå fylkesmannen til innkjøp av felles programvare til innkrevjing av kommunale krav. Søknaden blei imøtekomen, og kommunane mottok tilskot på kr 400.000. Dette melder Stryn kommune på sine heimesider.


- Kontrollutvalet neglisjert 22.04.2008

Kontrollutvalet neglisjert, skriv Firdaposten om dagens handsaming av Terra-saka i kommunestyret

Ikkje realitetshandsaming av Terra-reiser 22.04.2008

(NTB:)Kommunestyret i Terra-kommunen Bremanger valgte tirsdag å ikke realitetsbehandle kontrollutvalgets innstilling om ordførerens, rådmannens og økonomisjefens reiser i Terra-regi.  Kommunestyret fattet flere vedtak på bakgrunn av Terra-saken, men ingen av vedtakene vil få konsekvenser for lederne i kommunen.  Bremanger kommunestyre vedtok enstemmig nedskjæringer for til sammen ti millioner kroner på neste års budsjett, men realitetene i Terra-saken og kommunetoppenes reiser med Terra ble ikke behandlet.

- Kommunestyret tok begge rapportene til etterretning, sier kontrollutvalgets leder Audun Åge Røys til NTB.

Han sier kommunestyret mener det er nødvendig med bedre innsyn og flere opplysninger om det nå konkursrammede meklerfirmaet Terra Securities, før kontrollutvalgets rapport eventuelt kan realitetsbehandles.

I rapporten har kontrollutvalget sett på ordførerens, rådmannens og økonomisjefens reiser i Terra-regi blant annet til Island, Alta, Skottland, Barcelona og Brussel.

Utvalget har også gransket reiseregninger og bilag. Rapporten er unntatt offentlighet på grunn av personopplysninger.  Ingen av kommunestyrerepresentantene fikk den hemmeligstemplede rapporten tilsendt i forkant av kommunestyremøtet tirsdag. Rapporten ble først delt ut på møtet. De som ville lese sakspapirene før kommunestyremøtet, måtte gjøre det på rådhuset før møtet.

Bremanger kommune har tapt 181 millioner kroner på investeringene via det nå konkursrammede Terra Securities.


Espen Gulliksen:

- Vi skylder innbyggarane unnskyldning 22.04.2008

Arbeidarpartipolitikaren Espen Gulliksen ber folk i Terra-kommunen om orsaking. - Vi skuldar innbyggjarane i Bremanger ei orsaking for at vi politikarar har vore med på å bringe kommunen opp i den vanskelege situasjonen vi er i, seier Espen Gulliksen. gruppeleiar i Arbeidarpartiet i kommunestyret. Gulliksen og resten av kommunestyret i Terra-kommunen vedtok i dag ei kuttliste lang som eit vondt år: Dei la ned Davik legekontor, biblioteka i Kalvåg og Davik, og gjorde om vedtaket om å ha to pedagogar i kvar barnehageavdeling i kommunen, samt at dei framover skal vurdere å auke satsane for kulturskulen og stengje symjebasseng.

Dei folkevalde vedtok innsparingane for å dekkje inn dei store tapa etter Terra-skandalen. - Politikarane har fatta vedtak på sviktande grunnlag, i strid med kommunen sine eigne reglement og brote norsk lov utan at me var klare over det. På vegne av Arbeidarpartiet si kommunestyregruppe ber eg difor om orsaking for at vi må vedta så dramatiske kutt som vi har gjort i dag, seier Gulliksen til NRK Sogn og Fjordane.


Vik vil bryte samarbeid med Sparebanken 22.04.2008

 

Kommunen er svært skuffa over at bankane som eigde Terra Securities, ikkje har støtta dei meir etter konkursen i dotterselskapet.

Vik kommune kjem til å tape over 90 millionar kroner på Terra-skandalen. Litt av skulda legg ordførar Marta Finden Halset på sparebankane som eigde Terra Securities. No varslar ordføraren at dei for første gong vil leggje banktenesten sine ut på anbod, melder NRK.

- Det er 72 sparebankar som eig Terra-systemet som har tent veldig mykje på dette, seier ho og meiner dei burde dekka delar av tapet.

 .

- Kommunen er ein av dei store kundane våre og vil strekke oss langt for å behalde dei, seier banksjef Hovland.

- Kommunen seier at dei skal gjere dette fordi det står i lovverket at banktenestene skal ut på anbod. Samstundes har dei ikkje hatt tenestene ute på anbod før. Kvifor trur det kjem no?

- Ja, du tenker kanskje på Terra-saka. Kommunen er i ein vanskeleg situasjon og dei gjer det dei kan for å få kostnadane ned. Vi skal gjere det vi kan for å behalde dei som kundar, seier Hovland.


Varm takk til Pensjonistlaget! 22.04.2008

Vi i Hørselslaget vil rette ei varm takk til Pensjonistlaget for vi fikk vere i Keipenstova den 16. april. Alle syns de hadde fått  ein fin plass å vere, vi som var der hadde det veldig trivelig.

Mange slags takk!

Helsing

Jan Eirik Strømmen 

Flora og Bremanger Hørselslag 


Ope hus på Knekkevannshytta onsdag 22.04.2008

Onsdag er det ope hus med servering av kaffi, saft og kaker på Knekkevannshytta frå kl.18.00 - 19.30. Vegen finn du sjølv på merka sti frå Svelgsvann eller Sørdalstrappa.
Det er også tur Svelgsvann-Toppen og tilbake til Knekkevann for dei som vil ha litt ekstra trim!. Start frå Svelgsvatn kl.17.00. Turleiarar Astrid Johanne Vårdal og Liv Wenche Dyrstad, info 95199878. Turlaget ynskjer alle velkomne, onsdag tek vi ettermiddagskaffien på Knekkevann - for serveringa kan du betale det du synes den er verdt.
Keipen turlag.

Svelgen i Dagbladets søkelys 22.04.2008

Heile fire sider var via til Svelgen i gårsdagens utgåve av Dagbladet. Og sjølvsagt var det Terra-saka og konsekvensane av denne som var tema. Riksavisa har oppsøkt Svelgen Oppvekst der dei har intervjua både rektor, lærarar og elevar. Hovudoppslaget går på at kommunen vil skrelle vekk frukta til elevane - mellom anna i Svelgen. Dette vil kommunen spare 303 000 kroner på (kommunen har tapt 181 000 000 kroner på Terra-investeringane). Rektor Kåre Myklebust  seier til avisa det ikkje blir aktuelt å slutte med gratis frukt til Svelgen-elevane: 

- Jeg regner med å måtte kutte rundt en million kroner, men om fire år har vi fantastiske muligheter igjen. Vi kan kutte en del, og fremdeles ha gode vilkår i Bremanger kommune, seier Myklebust. Vidare skriv avisa:

"På ett punkt er han ikke til å rokke: - Frukten får de ikke ta. I min tid kommer vi aldri til å ta frukten. Politikerene får ta fra oss de pengene de må ta, men vi krever frihet til å prioritere innenfor budsjettet, og da vil vi prioritere frukt. Det er en vesentlig bit for læring, uttaler Kåre Myklebust."

Også 4. klasse er intervjua, der ein mellom anna uttaler at politikarane skulle hatt bank.- Hva tror dere pengene er brukt til, spør Dagbladet klassen og får til svar; Frukt? Aksjer? Bygde hus? Vinne i Lotto?

 

I dag sit politikarane samla for å gå gjennom kutta som adnimistrasjonen har foreslått og som du kan sjå lenger nede på sida. (faksimiler frå Dagbladet måndag 21.04.08)


Ledig stilling:

Allsidig person innan byggservice 22.04.2008

 Bygg og Reinholdsservice søkjer etter allsidig person innan byggservice. Sjå Stilling ledig.

 


 

 

Offisielt program

 

21.04.2008    Medaljemottakelse

H.M. Kongen holder mottakelse på Det Kongelige Slott

for mottakere av Kongens fortjenstmedalje (14:00).

                                                                                                                                                                 

     

 

 

 

 

 

 

 

Kongens fortjenstmedalje vart stifta av kong Haakon VII  i 1908 «til belønning for

tjenster av kunst, vitenskap og næringsliv, og for utmerket forhold i offentlig tjeneste». 

 

 

 

 

Ove Jon Hessvik vart under ei tilstelling på

Svelgen Hotell 15.11.2007   tildelt

Kongens Fortjenstmedalje i sølv.

  

Hessvik fekk påskjøninga etter å ha vore tilsett

50 år ved Elkem Bremanger.

 

I dag er Ove Jon og kona Torill på Det Kongelige Slott.

 

 


Bilder frå Vårkonserten i Ålfoten 21.04.2008

Firdaposten sine heimesider kan du finne bilder frå Vårkonserten i Ålfottunet, der mellom andre Svelgen Songlag deltok.

Svelgarar i Rett Vest 21.04.2008

Fleire svelgarar deltok på Rett Vest i Florø i helga; Tor Inge Øvrebotten, Magnus Myrhol, Oddvar Førde, Ståle Mulehamn, Charlotte Førde, Sofie Sæterlid og fire frå Gjerde-familien; Stig, Ole Martin, Marita og Per Ove. Sjå resultatliste og bilder på Rett Vest sine heimesider.

Skal handsamast i morgon:

Ny sentrumsplan klar 21.04.2008

På oppdrag frå kommunestyret legg prosjektgruppa no fram ein ny plan for utvikling av Svelgen sentrum.

Planen er mykje lik den gamle, men med endringar i sjøfronten, Rådhusplassen og området mellom hotellet og Coopen.

Den førre prosjektplanen for Svelgen sentrum vart forkasta av kommunestyret i desember i fjor. Det vart då vedteke at prosjektgruppa saman med den kommunale plan- og byggenemnda skulle utarbeide ein ny plan.

– Det som er uheldig er at planen ikkje legg til rette for sikker bruk for dei mjuke trafikantane. Dette er ei utviking på tvers av den sentrumsutviklinga vi kan sjå elles i landet og på kontinentet, meiner kultursjef Espen Frøysland, som er leiar for prosjektet.

. Bremanger kommune har fått utsett fristen for å søkje om tettstadmidlar frå fylket, og planen er no sendt inn med atterhald om politisk godkjenning i kommunestyret tysdag den 22. april, melder Firdaposten.


1.MAIFEIRING I SVELGEN! 18.04.2008

1.maiarrangementet vert også i år på Samfunnshuset og tek til kl.1600
Underhaldning av skulemusikken, trekkspillklubben og kulturskulen!
Tale for dagen av Jostein Midtbø frå Nordalsfjorden.
Kaffi, brus og kaker vert å få kjøpt.
Lynlotteri - inntekta går til Samfunnshuset.
Arrangementet vert også gjort kjendt ved oppslag og seinare melding på
Svelgen.no.

Kommunestyremøte førstkommande tysdag:

Knallharde reduksjonar og prisauke i barnehagane 17.04.2008

Tirsdag 22. april skal kommunestyret ta stilling til reduksjonane som er foreslått som følge av det økonomiske tapet Bremanger kommune har lidd i samband med investeringane i Terra Securities ASA. Av saker som skal opp er stenging av symjehallar, stenging av barnehagar, reduksjon av merkantilt personale ved oppvekstsentra, oppheving av vedtak om to pedagogar i kvar barnehageavdeling, endring av seniorpolitisk plan, reduksjon av administrasjonsutgifter i barnehagane og prisauke på barnhage og SFO. Kommunen skal også handsame kontrollutvalet si uttale i samband med investeringane gjennom Terra, og som ei eiga lukka sak skal politikarane også gjere vedtak om dei mange reisene kommuneleiinga har vore på i regi av investeringsselskapet. Sjå heile saklista.

Trykk på bildet for å komme til Bremanger kommune si heimeside.


Fottur Sande-Vingesetra søndag 17.04.2008

Fottur Sande-Vingesetra står på turplanen til turlaget søndag. P.g.a. snø kan det hende ruta vert endra litt, men frammøte er tømmervegen på Sande (ved lavoen) kl.10.00.
Turen er tenkt som familietur og vi ynskjer alle velkomne til å vere med. Startkontigent kr.50,- for voksne som ikkje er medlemer, born og medlemer gratis. Turleiar Arne Loftheim/Kåre og Bjørg, info telefon 95982930.
 
Onsdag 23.04  er det er det ope hus på Knekkevannshytta kl.18.00-19.30 med servering. Nærmare annonse om dette i neste veke.
Keipen turlag

Bli med Kåre til Klagegga laurdag 17.04.2008

Laurdag er det sol og flott skiføre. Blir du med ein tur på Klakegga.
Ring meg om du blir med.
Telefon 95982946
Kåre Myklebust

Sangkveld på Ålfottunet 11.04.2008

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

PÅ ÅLFOTTUNET  Onsdag den 16.april, kl:20.00

 

Svelgen Songlag inviterer til ein koselig kveld, med korsang, allsang og

litt "spenstige" innslag.

Bremanger Mannssangforening vil også delta med vakker sang.

Dirigent: Grete Berntzen
Piano: Jarle Grotle

Salg av kaffi og kaker
Lynlotteri.

Gratis inngang.

VELKOMMEN

Arr.:Svelgen Songlag


Ellingsen i gang som ny INC sjef 15.04.2008

1. april var det skifte av dagleg leiar i INC Vedlikehold Svelgen AS. Ny dagleg leiar i vedlikehaldsselskapet er Stein Ellingsen, som kjem frå stillinga som logistikksjef ved Elkem Bjølvefossen AS i Ålvik. Avtrappande dagleg leiar Arne Jan Engen er tilsett som produksjonssjef i Sunnfjord Energi AS i Førde og tok til i den nye stillinga 7. april.

Stein Ellingsen er 54 år og opphavleg frå Bergen, der han har utdanning frå økonomisk gymnas og Bedriftsøkonomisk Institutt. Han har dei siste femten åra jobba i Elkem. I 1993 begynte han som distribusjonsleiar ved Elkem AS Bremanger Smelteverk, og frå 1996 til 2000 var han logistikksjef ved smelteverket i Svelgen. Dei siste sju åra har Stein Ellingsen budd i Ålvik og jobba ved Elkem Bjølvefossen AS. Som logistikksjef har han hatt ansvaret for alle leveransar av ferdigprodukt frå smelteverket til kundane. Han har også jobba med ein del prosjektoppgåver innanfor forretningsområdet Støyperi for Elkem sine smelteverk i Ålvik, i Svelgen, på Island og i Canada.

Stein Ellingsen og Arne Jan Engen jobba begge ved INC Vedlikehold Svelgen AS første veka i april som ei overgangsordning.


Bremanger kommune tom for pengar? 14.04.2008

Dersom Bremanger ikkje får til ein ny avtale med DnB NOR, kan kommunekassa gå tom for pengar i løpet av året, melder NRK Sogn og Fjordane.

 

Kommunen må betale 26 millioner kroner kvart år i avdrag og renter for lånet dei tok opp i DnB NOR for å kjøpe amerikanske obligasjonar gjennom Terra Securities. Desse lånekostnadene kjem på toppen av at kommunen må spare inn 181 millionar kroner som dei har tapt på investeringane. Kommunen har bestemt seg for å spare inn 10 millionar kroner i 2008.

Ordførar Kåre Olav Svarstad er redd at kommunekassen kan bli tom dersom ikkje Bremanger får på plass ein ny avtale med banken.

 

Her kan du lese kva Firdaposten skriv om dei omfattande kutta det er lagt opp til.

 

Fjordenes Tidende skriv at av skulane er det Svelgen skule som får det største kuttet, med over 700 000 kroner mindre til drift.


Klart for Lunde-dagane 2008 14.04.2008

Også i år bli det stor fest når Lundes Trio og inviterte musikarar og festivalvener byr opp til Lundedagane 2008.

Fredag 18. april dans frå kl. 2200 kr. 50,-

Laurdag 19. april Te-dans med Lundes Trio frå kl. 1200 til 1400

Varmbuffet inkl. dans kr. 260,- (kl. 1900 til 2030)

Dans frå kl. 2100 Cover kr. 100,-

Bordbestilling 57 79 65 20

Overnatting kr. 400,- pp i dobbeltrom inkl. cover

Dobbeltrom 2 døgn, varmbuffet og dans kr. 900,-

Enkeltrom 2 døgn, varmbuffet og dans kr. 1000,-

Velkomne til Svelgen Hotell !


Knut Ove Kjelkenes

 

si urne vil bli sett ned i grav på Midtgulen kyrkjegard fredag 18. april kl. 1300. Alle som vil følgje Knut Ove til grava er velkomne.

 

Arnar


Kommunen har lagt fram kuttforslag 12.04.2008

Bremanger kommune har lagt fram kuttforslag neste år. Skal kommunen greie kravet frå Fylkesmannen om å dekke inn tapet på 45 millionar, må kommunen kutte det doble.

Ordførar Kåre Olav Svarstad vedgår overfor NRK Sogn og Fjordane at dette er umogleg å klare.

-          For meg ser det vanskeleg ut, for vi må framleis oppretthalde eit lovleg og forsvarleg tenestetilbod i Bremanger kommune.

Bremanger kommune har tapt 181 millionar kroner, og har fått krav om at tapet skal dekkast inn etter fire år. Dette betyr kutt på 45 millionar i året. Men politikarar i kommunen med eit totalbudsjett på 170 millionar, seier at dette går ikkje.

  I går offentleggjorde kommunen lista som viser kutt på 10 millionar i år, og 20 millionar dei neste åra. Altså berre halvparten av kravet. Men dette er det vi greier, seier politikarveteran Einar Kjerpeseth som ber om meir tid.

Men høgrepolitikar Jorun Frøyen vil ikkje seie kor ho tykkjer det er verst å kutte, og trur det vil merkast meir neste år for innbyggjarane.

- I Bremanger kommune har vi hatt ganske god råd og vi har brukt mykje pengar, så eg trur ikkje innbyggarane vil merke så mykje til kutta for resten av året. Men for 2009 kan situasjonen bli annleis.

Kor vidt Fylkesmannen vil godkjenne budsjettet for 2008 veit ikkje Svarstad no.

- Vi legg fram det vi meiner vi klarar, og så får vi vente på svar frå Fylkesmannen og sentrale myndigheiter.

Sjå kuttforslaga her


Utvida opningstider på hotellet 11.04.2008

Svelgen Hotell har utvida opningstidene for kjøkkenet  på søndagar.

 

Full meny er no tilgjengeleg til kl 19.30  Pizza meny til 21.30

 

Kvar søndag i april mellom kl 15.00 –18.00  blir det   variert buffet. og gratis is til alle born

 

Kommande søndag blir inngangen til sommaren feira med rekebuffet på verandaen

Sjå den øvrege buffet menyen for april her.

 

 

 

 

 


Trykk på bildet og sjå film om Svelgen! 09.04.2008

 

Tusen takk! 09.04.2008

  Tusen takk til dei som har gjeve gevinstar og stilt opp på den årlege sanfunnshusbasaren til Svelgen Samfunnshus. Resultat 36 818,- kroner. Helsing Styret for Svelgen Samfunnshus al og basarkomiteen.                      


- Lite realistisk, meiner Lefdal 09.04.2008

Ein rapport frå næringslivet viste at viss folk kan pendle mellom Flora, Bremanger og Vågsøy i løpet av tre kvarter, er det eit stort vekstpotensial i den regionen.

Tidlegare vegsjef Lars Lefdal trur derimot at noko slikt vil vere for dyrt.

- På kort sikt har eg vanskeleg for å tru at det er mogleg å få det til. Problemet er at det er lite pengar til vegbygging i Sogn og Fjordane, seier han.

Lefdal meiner planane som blei lagt fram sist veke frå næringslivet i Flora, Bremanger og Vågsøy, er lite realistisk å få på plass dei 20 neste åra.

- Vi er ein stad av landet der det bur avgrensa med folk, slik at moglegheita for bompengar er små. Ein må også rekne med at det vil ta lang tid, viss ein vil realisere noko slikt, seier han.

Styreleiar i Måløy Vekst, Rolf Domstein, seier dei ikkje har rekna på kva dette faktisk kjem til å koste. Han håpar likevel at delar av vegen kan vere på plass innan fem år.

- Viss vi ikkje klarer det innan fem år, trur eg ein heil del av moglegheitene våre til å utvikle lokalsamfunnet på kysten vil gå i frå oss, meiner styreleiaren.


Svelgen-Grov på politisk dagsorden i fylket. 08.04.2008

- Fordelinga må endrast. Her i fylket er vegen einaste transportmoglegheit på land. Satsing på jernbane betyr lite eller ingenting for oss, seier Knut M. Olsen, som er leiar i hovudutval for samferdsle.

 

Ved sidan av gul midtstripe på alle stamvegane i løpet av den komande tiårsperioden, peikar fylkestinget på konkrete strekningar som i dag vert rekna som uforsvarlege.

Dette gjeld Lavik ferjekai, Torvund - Teigen, Vadheim - Sande, vegløysinga gjennom Førde sentrum, Årdal - Skei i Jølster, den mykje omtala "Gullkista" langs Breimsvatnet, Anda ferjekai og Lotetunnelen. I tillegg kjem vegen i Lærdalsdalen og riksveg 15 over Strynefjellet.

Løfta fram Grov - Svelgen

Til neste år skal fylkestinget prioritere riksvegane. Ei vegstrekke som likevel kom med i høyringsdokumentet i denne omgang var Grov - Svelgen. Denne vonar politikarane å få realisert utan samferdslemidlar.

- Det er viktig at den vart løfta fram med alternativ finansiering - gjennom næringsmidlar. Det er ei viktig og spennande utvikling, seier Olsen til NRK Sogn og Fjordane.


Hollow på NRK sine nettsider 08.04.2008

Her kan du sjå Svelgen-gruppa Hollow (Jonas Valberg, Alf Erik Sande, Emil Kjerpeset, Daniel Hessvik Holm og Vegard Henden) sitt sceneshow frå helgas Fylkesfinale i Ungdommens Kulturmønstring (UKM) 2008.

Onsdagstur til Svelgsvatnet og Storefossen 08.04.2008

Onsdagtur 09.04. Svelgsvatn-Storefossen-Sande.
Frammøte Svelgen hotell kl.17.00. Turleiar/info:Astrid Johanne Vårdal  og Liv Wenche Dyrstad,info 95199878.
Alle er velkomne til å delta -
Keipen turlag

Pressemelding Ny rapport om verdiskaping på kysten:

Flora-Bremanger-Vågsøy kan bli framtidas vekstmotor i Sogn og Fjordane 08.04.2008

  Flora, Bremanger og Vågsøy hadde ein samla omsetnad på 12,7 milliardar kroner i 2006. Verdiskapinga pr innbyggar i dei tre kommunane er på heile 600.000 kroner, noko som er godt over landsgjennomsnittet. Dei tre kommunane har berre 20 % av innbyggarane i fylket, men står for halvparten av det innmeldte udekka behovet for arbeidskraft og ein vesentleg del av den samla eksportverdien frå Sogn og Fjordane på 9,6 milliarder kroner.  Framtida på kysten: Stort uforløyst verdiskapingspotensial  Analysen syner at regionen har eit stort uforløyst verdiskapingspotensiale, i første rekke knytt til eit sterkt maritimt bedriftsmiljø, eit moderne smelteverk med lysande framtidsutsikter og eit av landets mest komplette marine cluster. I tillegg peiker analysen på eit stort, uforløyst vekstpotensiale innanfor reiseliv, olje/vindenergi og bergverksindustri. Utvida arbeidsmarknad nødvendig for kystvekst Rapporten slår fast at ein nødvendig føresetnad for å utløyse verdiskapingspotensialet er ei utviding av den faktiske bu - og arbeidsmarknadsregionen i Flora/Bremanger/Vågsøy. I praksis krev det betring av vegstandard og vegutbygging. Bygging av kystveg Måløy-Florø vil gjere regionen meir robust for å rekruttere og halde på sentral arbeidskraft, og redusere dagens sterke barrierer for pendling. Rapporten skisserer det som blir kalt ”45-minuttsregionen”: Ein framtidig samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion med ei samla reisetid på ca 1 ½ time frå Måløy til Florø via Svelgen. Ei slik nedkorting av reisetid vil føre til ei samla utviding av arbeidsmarknaden i dei tre kommunane på rundt 2.500 personar. Ein tettare integrasjon av kystregionen Måløy-Florø vil også ha ei rekkje andre effektar, m a vil det føre til at Florø lufthamn vert naturleg hovudlufthamn også for Vågsøy og Selje.

 

- Ei samla utbygging av rask kystveg mellom Måløy og Florø kan utløyse eit enormt verdiskapingspotensiale på kysten av Sogn og Fjordane. Målet må vere snarast råd å kutte reisetida Måløy-Florø frå 2½ til 1½ time (45 min Florø-Svelgen og 45 min Svelgen-Måløy). Det vil skape ein samanhengande, slagkraftig kystregion Flora-Bremanger-Vågsøy, og gi Sogn og Fjordane sårt etterlengta vekstkraft på kysten. Det seier leiarane for vekstselskapa Sunnfjord 2020, Bremanger Vekst og Hamn, Svelgen Utvikling og Måløy Vekst i ein kommentar til ei ny, samla analyse av dagens verdiskaping og det framtidige verdiskapingspotensialet i kystkommunane Vågsøy – Bremanger – Flora. Analysen er utarbeidd av AsplanViak på oppdrag av vekstselskapa i Flora, Bremanger og Vågsøy.  

Les mer...  (trykk på link for å sjå heile rapporten med grafikken over)

Nyhende frå næringslivet på SNR-sida 07.04.2008

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På Svelgen Næringsråd si heimeside finn du nyhendene frå nærigslivet i Svelgen-området. Mellom dei siste sakene finn du at Elkem har fått ny logo, eit interessant intervju i Industriavisen med verksdirektør Steinar Talle, og at Stadt Sjøtransport følger "Server" på på siste reis.

 

SNR-sida finn du her.


Hugs årsmøtet i båtforeninga tysdag 06.04.2008

Svelgen Båtforening held årsmøte 07 i småsalen på Sammfunnshuset

Tirsdag 08.04.08 kl 1800.

 

Saksliste:

  1. 1.  

    1.         1. Årseberetting.

    2.         2. Revidert regnskap for 2007

    3.         3. Ref. fra møte i  N Motorbåtforening

    4.         4. Fastsettelse av kontingent og havneleie

    5.         5. Innkommne forslag

    6.         6. Budsjet 08

    7.        7.   Status Nauseierlag

    8.        8.   Medlemmer som ikke betaler

    9.        9.    S.B.F. deltakelse i div. arangement i 08

    10.    10.   Valg.

    11.    11.   Evnt.

1.   Foto: Frank Ryland


Per Arne Sæterlid

Hipp hipp hurra - 40 år i dag 06.04.2008


FOTBALL

INC CUP i Svelgen Idrettshus, søndag 6.april. 05.04.2008

 

 

Søndag 6.april vært det INC CUP i Svelgen Idrettshus.

 

Kamp program finner du på STIF si side  her


Gladmelding frå Elkem Bremanger:

Planlegg utviding og nye arbeidsplassar 04.04.2008

Elkem Bremanger planlegg utviding for 100 millionar kroner, melder NRK Sogn og Fjordane.

Det er rekordetterspurnad etter silisium. Elkem Bremanger i Svelgen har ordrereservar for fem år fram i tid, og no ligg det føre store utvidingsplaner for silisium i Svelgen.

 

Bakgrunnen er gyldne tider for den type silisium som Elkem Bremanger produserer til mellom anna dataindustrien og soleselleindustrien. Denne typen rein silisium utgjer fem prosent av den totale silisiumproduksjonen i verda, og når storprodusent Kina brukar det meste sjølv, har fabrikken i Svelgen fulle ordrebøker i fem år framover.

- Vi kunne ha produsert dobbelt så mykje som vi gjer i dag, seier verksdirektør Steinar Talle (bildet).

 

Elkem Bremanger har 155 tilsette, men i alt jobbar 250 inne på verksområdet. Fabrikkutvidinga som er venta klar i 2009, kan gje 20 fleire arbeidsplassar.

Bremanger har òg håp om å få ein ny solcellefabrikk Elkem Solar, men verksdirektør Talle understrekar at den planlagde utvidinga ikkje har noko å gjere med Elkem Solar-planene.


Tre vil bli rådmann i Bremanger 03.04.2008

Tre søkjarar har søkt på den ledige rådmannstillinga etter Tor-Kristian Gulhaugen i Bremanger.

 

Søknadsfristen gjekk ut 1. april, men personalsjef Liv Marit Bøen opplyser til Fjordenes Tidende at det kan kome fleire søkjarar så tett etter fristen.

Så langt har to menn og ei kvinne meldt si interesse. Den yngste søkjaren er Oddvar Jan Lien (54) frå Loddefjord. Ole Sundnes er 61 år og kjem frå Oslo. Den tredje søkjaren, ei 63 år gamal kvinne, vil ikkje ha namnet sitt offentleggjort.


Midtgulen Vekst mot nye høgder:

Eineståande arrangement på Trudvang på trappene 03.04.2008

 

 

 

 

 

Laurdag 26. april kl. 1900 blir det kalas på ungdomshuset Trudvang på Kjelkenes. I ei pressemelding vi har motteke  heiter det:

 

Ved å delta i dette eineståande arrangementet får du for den særdeles latterlev lave sum av 300,- pr. person:

 

* canapè MV-special med noko attåt

* delta i ei opprivande utvikling

* bivåne ei form for underhaldning

* mykje god mat

* danse til Trekkspelklubben

 

Sidan huset ikkje kan romme alle må vi be om bindande påmelding innan torsdag 24. april til 57793636/94830287 (Knut) eller 57795577/95702645 (Bjørn)

 

De får kjøpt alt de treng (bar med mange rettigheter) så det held om de kjem med full lommebok.

 

NB! Alt overskot går uavkorta til oppussing av Trudvang!

 

Med helsing

Midtgulen Vekst


Du kan ringe ein prest når du treng det mest!


NO er det mulig å få tak i prest 24 timar i døgnet på eit eige telefonnummer
som du kan ringe. Du får du alltid svar. Her i ytre Nordfjord er nummeret

95 48 38 03

Dei du kan forvente å treffe på er prestane i Bremanger, Vågsøy, Selje og Eid.
Ein av disse prestane vil alltid svare på dette nummeret.
Vanlege kontorting tek vi i kontortida.

 

Kyrkjene i Bremanger har også fått ny heimeside: http://www.bremangerkyrkja.no/


Kåre Jarl Langeland:

- Debatt om skulestrukturen vil tvinge seg fram 02.04.2008

Elevtalet i Bremanger minkar og sjølv om ikkje politikarane vil snakke om skulekutt, kan Terra-skandalen tvinge fram store endringar i skulestrukturen. - Ein debatt om skulestrukturen vil tvinge seg fram, seier Kåre Jarl Langeland.
Per i dag er det skular sju ulike stader i kommunen. Svelgen, Hauge og Davik har elevar på årstrinna første til tiande, medan Frøyen, Kolset, Ålfoten og Berle har elevar til og med sjuande klasse. I skuleåret 2007/2008 er det totalt 522 elevar ved skulane i kommunen.

Prognosar viser at seks år fram i tid vil talet på elevar ved desse skulane vere redusert til 454. Det er nøyaktig det same talet som i skuleåret 1995/1996, men den gongen hadde ikkje kommunen på langt nær slike utfordringar økonomisk som dei står overfor i dag.

- Vi har elevar som har dobbel så lang reisetid til skulen i dag. Eg registrerer at ingen av politikarane har stilt spørsmål om kva ein time på bussen frå Sørgulen til Svelgen gjer med desse elevane, seier Kåre Jarl Langeland (V).

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende onsdag 2. april.

Påminning:

Møte i Hørsellaget utsett 02.04.2008

Møtet i Hørsellaget som er annonsert lenger nede er utsett til 16. april.

Har du sett pusen vår?? 02.04.2008

Har du sett denne pusen? Han er nesten 3 år gammel og er en skikkelig kose pus. Vi har ikke sett han på snart ei uke og vil gjerne vite hvor han er eller om det har skjed noe med han. Vær så snill vet du noen mer så ring meg da på tlf 40603993!

Om lag normalt med nedbør i mars 01.04.2008

I mars fall det 220,5 mm nedbør i Svelgen, medan normalen er 200 mm. 7 døgn var heilt utan nedbør i måleglaset, og 32,7 mm var det meste som kom på eit døgn.

 

På dei tre første månadane i år har ein målt 931,7 mm i Svelgen, medan normalen for same tidsrom er 604 mm.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars