Arkiv Sept 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Husflidslaget med spennande kurs på seinhausten 28.09.2007

Det første kurset i haust er eit kurs der ein lærer å sy toalettveske i dongeri. Kurset er torsdag 11. oktober, og påmeldingsfrist er 7. oktober. Meir info om kurset finn du ved å klikke her.

 

Deretter vert det nybegynnerkurs i karveskurd. Kurset vert halde onsdagane 17/10, 31/10 og 14/11, og påmeldingsfrist er 10. oktober. Meir info om kurset finn du ved å klikke her. 


Ta ein tur innom SNR si heimeside 28.09.2007

Nyhende frå næringslivet i og rundt Svelgen, finn du på Svelgen Næringsråd (SNR) si heimeside. Du finn også info om dei 32 medlemsbedriftene i SNR. Denne heimesida finn du ved å klikke her.


Det er tid for å lese av straummålaren att 28.09.2007

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at mandag 1. oktober skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

    

Dei som ynskjer å ringe inn standen på kvardagar, vert oppmoda om å gjere det etter kl. 16.


Påminning:

Husk kunstutstilling i helga 28.09.2007

Svelgen Kunstlag inviterer alle til ei spennande salsutstilling denne helga!

i Småsalen på Svelgen Samfunnshus 28. – 30. sept.

 

Den unge Svelgenkunstnaren 

Kim Solvang Andersen

 

stiller for fyrste gong ut arbeida sine i heimbygda og han vil vere til stades under utstillinga. Han går no andre året på Kunstskulen i Rogaland. På denne utstillinga får vi møte ein kunstnar som nyttar ulike teknikkar i bileta og kunsten sin, som sagt – det vert ei spennande utstiling

Salsutstillinga opnar fredag kl. 18 oo i Småsalen og då vert det også eit musikalsk innslag og ei enkel servering.

Under utstillinga vert det også høve til å kjøpe lodd på eit av bileta til Kim.


Mandatendring etter omtelling 28.09.2007

Etter at kommunen har talt gjennom stemmene frå kommunevalet manuelt vart det ei endring i Arbeidarpartiet si gruppe. Mary Jane Varpe frå Bremanger kjem inn som fast representant, medan Leo Holm Cirotzki frå Svelgen blir 1. vara.

Ope møte om osteoporose 28.09.2007

Svelgen og Midtgulen Sanitetsforening held ope møte om osteoporose (beinskjørhet) på Svelgen Hotell 1. oktober kl. 1900. Møtet vert ved sjukepleiar/sosionom Torbjørn Olstad som kjem frå Norsk Osteoporoseforening. Han vil snakke om førebygging, kosthald og behandling. Eit lite lynlotteri vert det også. Inntekta går til Ostoporoseforeninga.

 

Velkomne!

 

Svelgen og Midtgulen Sanitetsforening


Oppdatert sak:

547,4 mm nedbør i september 27.09.2007

Korrigering 30/9: Før utgangen av månaden kom det nokre regnbyger lørdag kveld/natt til lørdag, slik at det endelege talet for september vart 547,4 mm. I høve til teksten nedanfor vart det difor berre 4 nedbørsfrie døgn.

 

 

Etter om lag 25 dagar på rad med surt og vått vèr, skin sola no over Svelgen. Det ser ut som det gode vèret skal halde seg nokre dagar, så ein tar sjansen på at følgande fakta vert gjeldande for september i Svelgen:

 

Det har falle heile 546,9 mm nedbør, mot normalt 324 mm. Dei høgste døgnverdiane målte ein om morgonane den 25. og 26. med høvesvis 55,4 mm og 61,3 mm. Om nedbøren held seg vekke frå Svelgen dei tre neste døgna, noko vi fortener, endar ein på 5 nedbørsfrie døgn i september.


Årsmøte i skulemusikken 27.09.2007

Tid: Tysdag 16. oktober 2007, kl.18.30

Stad:Svelgen Oppvekst-personalrommet

 

SAKER:

  1. Godkjenning av innkallinga                                    
  2. Godkjenning av saklista
  3. Val av møteleiar.
  4. Val av møtereferent.
  5. Årsmelding.
  6. Rekneskap 2006-2007.
  7. Budsjett   2007-2008.
  8. Utanlandstur.
  9. Val.
  10. Saker som kjem til.

 

Om de har saker de vil ta opp på møtet, må dei vere melde til underteikna innan 14. oktober.

 

Vel møtt!

 

 

 

Svelgen 24.09.07

 

Kari Rita Frøyen

-leiar-


Angrande 21 åring etter storaksjon 26.09.2007

21-åringen som sette Svelgen på hovudet sist helg, hugsar lite, og kan ikkje seie kvifor han utløyste ein større leiteaksjon natt til laurdag.
21-åringen som for tida bur i Svelgen seier til Fjordenes Tidende at han er svært lei seg for at han utløyste så mykje styr natt til laurdag.

Han vedgår at han var svært rusa, og at han difor huska svært lite av det som skjedde.

- Eg ramla i sjøkanten, og eg slo med i hovudet. Eigentleg kunne dette enda langt verre. Eg slo meg ganske kraftig i tinningen. Det var forbipasserande som fann meg og som slo alarm. Eg var i sjokk, og det er nok forklaringa på at eg har blanda personar og at eg kunne ha vore i båt, seier den angrande mannen.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende i dag, onsdag 26. september.

Full tillit til Gulhaugen 26.09.2007

Fredag presenterte Fjordenes Tidende utdrag frå eit hemmeleg dokument frå kontrollutvalet som i uvanleg kraftig ordelag krevde at den sentrale leiinga i kommunen sin kompetanse vart vurdert. Dette på grunn av fleire problematiske personalsaker som har versert i media.

Men i går vart innspelet frå eit samrøystes kontrollutval, avvist av eit samrøystes kommunestyre.

- Rådmannen har vår fulle tillit. No er eg glad vi kan leggje denne saka bak oss og fokusere på å gjere ein best mogleg jobb for Bremanger kommune, seier Kåre Olav Svarstad til NRK Sogn og Fjordane.

 

Bremanger kommune politimelder lekkasjen av hemmeleg dokument. Det sa Svarstad då han opna kommunestyremøtet i Svelgen tysdag.  


Ledige stillingar 25.09.2007

Bremanger kommune og INC Vedlikehold har no lagt ut ledige stillingar. Sjå link til venstre.

Redningsaksjonen i Svelgen:

Vurderer straff for falsk alarm 24.09.2007

Politiet avhøyrer i dag både vitne og mannen sjølv.

- Vi skal vurdere om nokon skal stillast strafferettsleg og økonomisk ansvarleg, seier lensmann Hans Rune Strandos.

 

Det var i 03.30-tida natt til laurdag at mannen vart funnen i strandkanten i Svelgen sentrum. Han fortalde at han hadde vore ute i båt med fem til sju personar om bord, og at denne hadde kantra. Mannen skulle vere den einaste som klarte å komme seg til land. I alt 20 personar deltok i den påfølgande leiteaksjonen.

- På bakgrunn av dette vart det sett i gang storstilt leiteaksjon med hjelpekorps, Røde Kors, innleigde båtar og eit Sea King-helikopter som søkte i fleire timar, seier Strandos.

 

Leiteaksjonen vart avblåst i 09-tida søndag morgon. Lensmannen i Bremanger vil ikkje spekulere i kor mykje leiteaksjonen kosta, men etter det NRK Sogn og Fjordane erfarer, kostar ein slik aksjon kring 100.000 kroner.

Mannen var i følgje politiet tydeleg rusa då han tok kontakt med politiet.


Mistillit mot Gulhaugen 21.09.2007

Kontrollutvalet i Bremanger krev at politikarane gjer vurderingar av kompetansen til administrasjonen. Utvalet rettar sterk kritikk mot rådmann Tor-Kristian Gulhaugen.
 
I eit dokument som unnateke offentlegheita, som Fjordenes Tidende har fått tak i, ber kontrollutvalet om at kommunestyret tek affære. Utvalet rettar sterk kritikk mot administrasjonen når det gjeld personalhandsaming og sakshandsaming i Bremanger kommune.

Leiar av kontrollutvalet, Audun-Åge Røys viser til at dette er ei sak som er unnateke ålmenta og vil ikkje kommentere innhaldet. -Eg verken kan eller vil seie nokon om kva saka vi vil ha opp i kommunestyret omfattar, seier Røys.

Bakgrunnen for at kontrollutvalet sender saka til kommunestyret er at dei meiner administrasjonen gjentekne gonger gjer feil i handsaming av personalsaker. Utvalet viser spesielt til to enkeltsaker og legg til at Bremanger kommune også har andre saker som tidlegare har vore handsama av kontrollutvalet.

Les meir i papirugåva fredag 21. september

Nina blir varaordførar 21.09.2007

Bremanger får sin første kvinnelege varaordførar. Nina Grotle (Ap) frå Bremanger overtek vervet etter Isak Berle. Arbeidarpartiet og SV held likevel fram samarbeidet i Bremanger. Etter at Ap fekk eit mandat meir ved sist val enn for fire år sidan, tek dei også over varaordførarvervet. Til gjengjeld får SV sin eine representant i kommunestyret, Joar Årøen frå Svelgen, plass i formannskapet (PLU).

 

Bremanger kommune er elles ei av dei 50 kommunane som må telje stemmene frå kommunevalet på nytt. Årsaka er at det er oppdata feil i datasystemet til EDB Business Partner, ved registering av personstemmer og slengarar. Disse skal no teljast manuelt, men ordførar Kåre Olav Svarstad seier til Fjordenes Tidende at dette ikkje vil føre til endingar på mandata til dei enkelte partia, men at det kan gjere at det kan bli andre representantar enn det ein tidlegare trudde. - Det var svært jamnt mellom enkelte, seier Svarstad til avisa.


Flytebrygge ved hotellet klar 21.09.2007

Svelgen Hotell ønskjer no båtfolket velkomne med ei flytebrygge på 24 meter. Det er hotellet og Stadt Sjøtransport AS som i fellesskap har fått flyebrygga på plass, og står for finansieringa.

 Flytebrygga er ei mellombels løysing i påvente på at Bremanger Kommune blir ferdig med sentrumplanen for Svelgen. Svelgen har til no kun hatt ei seks meter kommunal eigd flyebrygge som einaste tilbodet til skyssbåttenester, båtturistar og andre som ferdast i båt. Svelgen Hotell har opplevd at spesielt folk frå ytre Bremanger har klaga på dei mangelfulle kaiforholda i kommunesenteret. No ønskjer vi alle velkomne til gratis gjestehamn, enten folk skal på dans på hotellet, eller besøke offentlege kontor i Svelgen.

STIF

Pilates og Step 18.09.2007

 Pilates- og Steptreningane er i gong.

 

 Pilates kan du trene tysdag og torsdag kl.19.30 og

 steptreninga er onsdag kl.20.00.

 

 Vel møtt!


Kim stiller ut i heimbygda 28. til 30. september 18.09.2007

Svelgen Kunstlag inviterer alle til ei spennande salsutstilling

i Småsalen på Svelgen Samfunnshus 28. – 30. sept.

 

Den unge Svelgenkunstnaren 

Kim Solvang Andersen

 

stiller for fyrste gong ut arbeida sine i heimbygda og han vil vere til stades under utstillinga. Han går no andre året på Kunstskulen i Rogaland. På denne utstillinga får vi møte ein kunstnar som nyttar ulike teknikkar i bileta og kunsten sin, som sagt – det vert ei spennande utstiling

Salsutstillinga opnar fredag kl. 18 oo i Småsalen og då vert det også eit musikals

innslag og ei enkel servering.

Under utstillinga vert det også høve til å kjøpe lodd på eit av bileta til Kim .


Suksessen frå Dyrstad Rock:

Lazy Daze til Svelgen hotell i helga 18.09.2007

Lazy Daze spelar opp til dans på Svelgen Hotell fredag 21. september. Mange vil nok gjenkjenne bandet frå Dyrstad Rock der dei har laga stor stemning to gongar. Sjå bilder frå dansen på Dyrstad på gruppa si eiga heimeside!

 

Lazy Daze er også fast backingband for Gaute Ormåsen (frå TV2s IDOL) sin Norgesturnè. Med Lazy Daze får du det meste innan musikk det svingar av. Repertoaret speller frå det heilt rolege, til dansemusikk, country, swing, rock og blues! Trampeklapp, fulle dansegolv, allsong og at taket lettar er ofte tilbakemeldingar bandet mottek når dei opptrer. Gå ikkje glipp av dette bandet 21. september!

 

  Hotellet har no lagt ut heile programmet fram til nyttår. Gå inn på "Kva Skjer" på hotellet sine sider og sjå!


Pensjonistmøte i Trudvang 18.09.2007

Pensjonistmøte 26.september kl. 17.00 i TRUDVANG på Kjelkenes.
 
Program:
Stor overrasking! ( Berre nestleiaren veit)
Elles vanlege lagssaker Kaffi og mat. Utlodning.
Dei som treng skyss må møte opp ved Samfunnshuset kl. 16.30.
Vel møtt !
Helsing styret.

Ingenting å gjere i haustferien????

Haustleir

med og uten overnatting

Masse aktiviteter, moro, nye (og gamle) venner

For alle fra 9 til 15 år.

 

Fra mandag 8. oktober t.o.m. fredag 12. oktober 2007

 

Base/overnatting: Villmarkscamping Opp i Kvia, Davik

 

Vi overnatter i lavvo og låven. Bruker utedo og dusj på campingplassen og nyter bålkos ute eller inne i eldhuset vårt.

Det blir en veke fullt med leik, padling, turer i skog og mark, orientering, klatring og rappellering, bålkos, lavvo, fiske, kanopadling, sette teine og garn, grilling og mye mer!

 

Dagstilbud (uten overnatting og mat, ta med niste) kr 500,- /veke

Haustleir (inkl overnatting og mat) kr 1000,-/veke

 

Leiren ledes av erfarne kurslederer som har bred kompetanse innen friluftsliv og erfaring med å ta med grupper og barn ut i naturen.

 

Påmelding: tel. 99 404 207

Epost: info@norway-adventures.com   påmeldingsfrist 27. september 2007

Mer info: www.norway-adventures.com


MUGG - teater på Samfunnshuset 3. oktober 18.09.2007

Teaterstykket Mugg som kjem til Svelgen onsdag 3.oktober (sjå omtale lenger nede på svelgen.no). Stykket skal spelast på Svelgen samfunnshus kl. 19.30. Billettar kan kjøpast på servicekontoret på Rådhuset frå den 3. september. Billettpris: Vaksne kr 160, honnør, gruppe (min. 5 personar) kr 80,-.Det vil bli utlagt liste for gruppebillettar på dei største arbeidsplassane. Gruppebillettar må hentast og betalast seinast tysdag 2.oktober kl. 15.30. 
Pengane blir sett direkte inn på SoFt sin bankkonto. Dette fordi det er lite gunstig å reise rundt på turnè med mykje kontantar på seg. Restsal ved inngang.

Til sjukehus etter ulykke ved Kjelkenes 18.09.2007

Sjåføren av ein personbil og ein busspassasjer vart lettare skadde etter ein kollisjon ved Kjelkenes  søndag ettermiddag.

Ulykka vart meldt like før klokka 16.00 . Den 51 år gamle mannlege føraren av personbilen vart lagt inn på Førde sentralsjukehus med lettare skadar, opplyser AMK. Den kvinnelege busspassasjeren kunne reise heim frå sjukehuset søndag.

Vegen var lenge stengt mellom Kjelkenes og Svelgen. Bussen skal ha komme frå Svelgen, medan bilen skal ha komme frå Kjelkenes.

Politiet veit ikkje noko om årsaka til ulykka. Det er ikkje mistanke om promillekøyring. Ulykka skal ha skjedd vel to kilometer frå Kjelkenes.


Regnskapskontor etablert i Svelgen 16.09.2007

Svelgen Næringsråd si heimeside melder: "Råd & Regnskap AS har no etablert seg med regnskapskontor i Svelgen. Kontoret held til i 2. etasje i Granden, førebels med opningstider kvar onsdag og fredag. Kontaktperson på Svelgen- kontoret er Grethe Myren. Ho har tidligere jobba m.a. som leder av Elkem sitt regnskapssenter i Svelgen. Marianne Færøyvik vil også arbeide med kunder i Svelgenområdet. Ho er autorisert regnskapsfører, også ho med fortid frå Elkem sitt regnskapssenter i Svelgen."

 

Les meir om denne saka, og andre nyhende frå næringslivet i Svelgen, på SNR si heimeside som du finn her.


Valresultat for Bremanger klare:

Arbeidarpartiet fekk 48.1 prosents oppslutnad 11.09.2007

Halv ti vart resultata for Bremanger kommune lagt på nett. Det viser ei slik fordeling av dei 1959 stemmene som utgjer 65.2 prosent frammøte (tal på representantar i parantes): Arbeidarpartiet 48.1 % (11), SV 5.9 % (1), SP 13.2% (3), KrF 6.7 % (2), Venstre 3.6 % (1), Høgre 13.6 (3) og FrP 8.8 % (2).

 

Det betyr at AP får ein ekstra representant i høve til dagens samansetning. SV og Høgre mister ein kvar medan FrP får ein ekstra.

 

SLIK BLIR KOMMUNESTYRET:

 

AP (fram 6.9%): Ordførar Kåre Olav Svarstad, Nina Grotle, Espen Gulliksen, Kari Rita Frøyen,  Aud Marit Sortevik, Geir Ask, Bjørnar Førde, Per Helge Eikeland, Magne Elde, Leo Cirotzki og May-Britt Bratseth.

 

SV (tilbake 3.6%): Joar Årøen

 

SP (tilbake 1.5 %): Einar Kjerpeset, Gerda Frøyen og Karl Vidar Førde

 

KrF (tilbake 0.5 %): Johan Vadøy og Tore Myklebust.

 

Venstre (tilbake 1.7 %): Kåre Jarl Langeland

 

Høgre (tilbake 3.3 %): Jorunn Frøyen, Audun Åge Røys og Harry Gulestøl.

 

FrP (fram 3.7%): Britt Dalsbotten og Ole Petter Meijer


Resultatet for Bremanger framleis uklårt 11.09.2007

Valresultatet for Bremanger er frameleis ikkje klart. Dei resterande 25 kommunane i Sogn og Fjordane var ferdig talt i natt, medan tala for Bremanger berre viste dei 277 førehandsrøystene under heile valsendinga i går. I følgje NRK Sogn og Fjordane vil Ap-ordførar Kåre Olav Svarstad halde fram i fire år til med 11 representantar i kommunestyret. Men heller ikkje dei kan vise til endelege resultat for vår kommune.

 

Firdaposten.no melder også at Arbeidarpartiet går fram med eit mandat og får 11 representantar i det komande kommunestyret i Bremanger. Skåret i gleda er at vinsten blir spist opp av koalisjonskameraten SV sin tilbakegang. SV går frå to til eitt medlem i det komande kommunestyret, og dermed er trenden den same i Bremanger som for store delar av landet elles. Dei to partia vil difor ha 12 mandat til saman. Ei tilsvarande utlikning finn ein også på høgresida i Bremangerpolitikken, der Høgre misser eit mandat, medan Frp vinn eitt. Elles er dei tre andre partia uendra: KrF (2), Sp (3) og Venstre 1.

 

– Eg har sett av tala at Arbeidarpartiet har gjort eit uvanleg godt val i Svelgen. Det er gledeleg for oss. Det håpar eg skuldast at veljarane ser vi har gripe solid tak i Elkem- og Solarsaka og vil stå på for kjempe den fram, seier Kåre Olav Svarstad.

Han er også godt nøgd med at bremangarane har slutta solid opp om Ap også i fylkesvalet, med opp mot 34 prosent av stemmene.

 

På denne linken kan du følge resultata for vår kommune, når dei kjem.


Godt val! 10.09.2007

S temmelokala på rådhuset har opna og folk er på veg til å stemme til kommunestyre- og fylkestingsvalet. Svelgen.no oppmodar om å bruke stemmeretten! Viss du ikkje er heilt nøgd med nokon av listene, er det mogeleg å gje ekstra røyster til einskildpersonar både frå ditt valde parti og andre. Du kan sette kryss ved dei du vil skal ha ekstra stemme, og du kan også føre over slengarar. Det er ikkje lenger høve til å stryke kandidatar, Rettleiing for korleis du gjer endringar, står på røystesetlane.

Ikkje ver redd for å endre på røystesetelen! Han blir ikkje forkasta sjølv om du gjer feil. Les meir på valg.no.


Suksess for Høgt og Lågt 10.09.2007

"Nordgulen Høgt og Lågt” vart det arrangørane hadde håpa på. Bygdefolket trassa det dårlege veret, og møtte mannsterke opp på dei ulike aktivitetane. Det var liv og røre, og god stemning både inne og ute i Svelgen sentrum.  Det knytte seg stor spenning til den politiske kanoregattaen på hamna, der det var SV’arane Joar Årøen og Charlotte Skjølberg som padla sigeren i land, med Senterpartiet hakk i hæl, melder Firdaposten. På bildet ser vi leiar i Svelgen Næringsråd, Nils Jørgen Sagebø og kokk på Svelgen Hotell, Ronny Skilbrei.

Gull til Magnus Myrhol i NCC-leikane 10.09.2007

Magnus Olav Myrhol (13) var meir fornøgd med gullet i stavsprang under helgas NCC-leikar i Haugesund enn det han var med vinnerhøgda 2,22. Svelgaren har norsk årsbeste i øvelsen på 2,44, melder Fjordenes Tidende.

Ledig assistent stilling på Kalvåg 07.09.2007

Bremanger kommune har ledig 100 % stilling som assistent i barnehagen. Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.

Høyr om Tangaroa-ekspedisjonen i kveld 07.09.2007

I kveld, fredag mellom 2015 og 2200 kan du får med deg den spennande historia "I Thor Heyerdals fotspor" fortalt av ekspedisjonsleiaren sjølv, Torgeir Sæverud Higraff (bildet).  Eventyraren Torgeir Sæverud Higraff gjorde alvor av draumen om å følgje sjøspora til Thor Heyerdahl over Stillehavet. Ekspedisjonen med balsaflåten ”Tangaroa” er blitt film, og i kveld kan du møte Torgeir som til dagleg er bonde i  Norddalsfjorden og elles nytilsett journalist i Firdaposten. Mange fulgte sikkert TV2-programmet om den spennande ferda, og i kveld kan du altså få vite endå meir!

 

Svelgen Hotell minner også om at det bilr tilgang på både god mat, bar og fin musikk på restauranten i kveld. Fullt program for helga finn du elles lenger nede på svelgen.no.


Husk føredrag i kveld!

Synnøve skal svømme frå Sande til sentrum 07.09.2007

Synnøve Husabø Cirotzki skal laurdag symje frå Sande og bort til Svelgen hotell i sentrum. Dette skal skje ein gong mellom tre og fire!

 

Synnøve, som budde i Svelgen når ho var lita, har som kjent tidlegare svømt over den engelske kanal - ei strekning på 33 kilometer. I kveld kl. 1900 held ho føredrag med lysbilder frå denne turen samt andre opplevingar og prosjekt ho har vore med på. Fri inngang.


Antimobbing på MSN 07.09.2007

Antimobbeorganisasjon MOT er tilgjengelig på chattekanalen MSN for å støtte unge som opplever mobbing.
 
Dette er et kjempe positivt tiltak rettet mot ungdom, på de unges arena.
 
MOTs grunntanke er å skape modige ungdommer som har tro på egne krefter og tar egne valg - modige ungdommer som tar vare på hverandre og gjør hverandre verdifulle gjennom å skape miljø der egne valg og forskjeller mellom ungdommene aksepteres.
 
Fra mandag til torsdag fra kl. 16:00 til 22:00 kan du snakke med  MOT på Messenger.

Elendige vegar kan stoppe Elkem-etablering 06.09.2007

- Elendige vegar kan øydeleggje sjansane for å få ein ny storfabrikk til Svelgen, fryktar ordførar Kåre Olav Svarstad.

 - Vi har fått ganske klare uttalingar på at vegnettet ikkje held stand til ein slik storetablering det er snakk om. Det er tross alt tre milliardar kroner som skal brukast, og då må dei vere sikker på at rammevilkår, samferdsle og kommunikasjon er på plass, seier Svarstad, til NRK Sogn og Fjordane i dag.

Den nye fabrikken som Elkem vil byggje skal produsere silisium til solceller. Selskapet vil investere tre milliardar kroner i fabrikken. Det vil gje 200 arbeidsplassar til ein kommune som dei siste åra har slite med stor fråflytting.

Men det er mange stader som kjempar om å få Elkem Solar. Svarstad seier det er svært viktig at det kjem pengar spesielt til den dårlege riksvegen mellom Svelgen og Grov.


KrF vil gi Elkem billeg kraft 06.09.2007

Kristeleg Folkeparti vil bruke fleire millionar kroner på å gje Elkem rimeleg kraft til ei stor industrietablering i Svelgen.

 

Den gunstige kraftavtalen vil partiet byte mot at selskapet etablerer ein fabrikk med 200 arbeidsplassar.

Arbeidarpartiet held førebels litt strammare om pengesekken. Tor Bremer, som er toppkandidat ved Fylkestingsvalet, seier dei vil vurdere alle moglegheiter først. Dette melder Firdaposten


Hotellet søkjer restaurantsjef 06.09.2007

Svelgen Hotell søkjer restaurantsjef og avdelingsleiar. Sjå heile annonsen under Stilling ledig til venstre.

Pensjonisttur til Sunnmøre 05.09.2007

Svelgen Pensjonistlag arrangerer tur til Sunnmøre den 20.september.
Turen går over Stigedalen til Volda/Ørsta og vidare til Øye. Vi skal ha lunsj/middag på det flotte Union Hotell (sjå bilder).
Derfrå går turen  gjennom Norangsdalen til Hellesylt med vitjing av Peer Gynt Galleriet.
Heimtur gjennom Hornindal/Eid. Meir detaljert program vil verte opplyst om på turen.
Pensjonistlaget sponsar turen for medlemmane sine -
så samla pris blir kr.500,- pr. person.
Påmelding til Konrad Ryland tlf. 57793336 eller mobil 90149511.
Avreise frå Svelgen kl.07.50.

05.09.2007

RIKSVEG 614 SVELGEN – MYKLEBUST

OG

FYLKESVEG MYKLEBUST – SØRGULEN

Skal vi ta eit initiativ?

 

Alle som ferdast der dagleg, meiner   at vegen er for dårleg og   har mange farlege parsellar  som bør utbetrast.   Vi veit at det manglar både planar og pengar. Men medan vi ventar på slike tiltak, kan det vere grunn til å spørje om det er noko som kan gjerast i fellesskap.

Venstre vil ta initiativ til eit folkemøte i Trudvang   med   representantar frå  Statens vegvesen og  Fylkesmannen si landbruksavdeling for å høyre om det er noko vi   saman kan få til.   Det handlar om ein tryggare veg for oss  alle.

Skal vi arrangere eit folkemøte må vi vite om folk vil komme.

Det er ikkje meint som bindande påmelding, men vi vil gjerne vite om du er interessert i eit slikt møte.

Vi ber om tilbakemelding innan 15. sept. pr. telefon eller melding   til

Kåre Jarl Langeland tlf  57795591 / mob. 90960581


Bli med Svanhild frå Florø til Svelgen 05.09.2007

Jordomseglaren Galeasen Svanhild  av Flora kjem som kjent på Norgulen Høgt & Lågt  i Svelgen til helga.  Avgang er satt til laurdag kl. 10.00 frå Torget i Florø (framme i Svelgen kring kl. 1230). Vil du vere med på turen og eventuelt overnatte om bord, så er dette mogleg.  300,- kr for tur med overnatting. 100,- kr. pr veg utan overnatting. 50,- kr for barn    Kontakt Skipper på Svanhild, Stein Arve Olsen for påmelding og meir info  95723637. Her kan du sjå heimesida til Svanhild.

Salg på Charmen frisør 04.09.2007

P.g.a. permisjon har Charmen salg på det meste i butikken, opptil 70 % avslag.

 

Opningstider: Mandag - fredag kl. 11.00-16.30.

 

 

Ta turen ut på Rise Næringsbygg, siste opningsdag er fredag 14/9.


Kysten si framtid

Ope møte i Flora Samfunnshus

tysdag 4. september kl. 18.00.

• Folketalsutvikling

• Vegsamband

• Politikarane si rolle

Representantar frå dei politiske

fylkespartia deltek.

Alle velkomne!

Arr: Bremanger Ap, Flora Ap, Vågsøy Ap

og Sogn og Fjordane Ap


- Svelgen - Grov MÅ utbetrast! 03.09.2007

 

  – Sats 30 millionar på vegen mellom Svelgen og Grov allereie i dag, ikkje vent. Det vil vere eit sterkt signal til Elkem Solar, når dei skal etablere ein ny fabrikk i 2009!

Dette var den klare meldinga frå verksdirektør Steinar Talle, då Svelgen Utvikling og Elkem Bremanger var vertskap for listetoppane i fylket i går, ei veke før valet. Og fylkespolitikarane lytta med stor interesse både til verksdirektøren, og til utviklingsleiar Bjørgulf Myklebust, som presenterte det Svelgen og Bremanger kommune har å tilby, kva potensial som ligg i kommunen, og kva utfordringar kommunen, og spesielt Svelgen står overfor. Les artikkelen hos Firdaposten.

Opa Moldahytte sundag 02.09.2007

Keipen Turlag ynskjer velkommen til ope hus på Moldahytta søndag 2.september frå kl. 12.00- 15.00.
Servering av suppe, kaffi og eplekake.
 
Det vert sikkert regn og ruskever, men dette kan vere ein fin søndagstur likevel - så VEL MØTT !! 
Du finn vegen sjølv på merka sti frå Breivika eller Ytrehus.
Treng du meir info kan ringe tlf. 91102564

Rockverkstedet på Realen. 02.09.2007

Realen   ønsker å få opp aktiviteten på rockverkstedet, i den anledning treng vi hjelp. 
Ungdom og vaksene som finn dette intressant er velkommen på møte onsdag 5 september kl:18.00
 
Musikkskulen v/ rektor blir med på møte.
 
Anita 91302768

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept