Arkiv Aug 2011

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

SVELGEN KINO 29.08.2011

POPPES PINGVINER

fredag 2.september 20:00

kiosk og billetter fra 19:30

I den herlige familiekomedien POPPERS PINGVINER møter vi Jim Carrey som den travle forretningsmannen Hr. Popper som plutselig arver seks pingviner. Pingvinene forvandler den hypermoderne New York leiligheten hans til et vinter-eventyrland og livet hans får en helt ny vending. Poppers Pingviner ble filmet i et nediset studio med levende pingviner og er en modernisering av den klassiske boken Herr Poppers pingviner av Richard Atwater.

Aldersgrense: Tillatt for alle
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Ingen scener i denne filmen antas å ha skadelig virkning på de yngste, derfor blir filmen tillatt for alle.
KUNG FU PANDA 2
Søndag 4.september 17:00
kiosk og billetter fra 16:30
Fra studioet som ga deg Shrek, Madagascar og Kung Fu Panda, kommer nå det neste kapittelet i den pandastiske sagaen om Po og De Fantastiske Fem. Etter strabasene den godlynte pandabjørnen Po ble utsatt for forrige gang vi møtte ham, lever han nå ut drømmen sin som Dragemesteren. Hans hovedoppgave er å beskytte Fredsdalen sammen med kung fu-mesterne og vennene sine, De Fantastiske Fem - Tigress, Crane, Mantis, Viper og Monkey.
Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Enkelte mørke scener med truende skikkelser gjør at filmen får 7-årsgrense
TRANSFORMERS 3
Søndag 4.september 20:00
kiosk og billetter fra 19:30
Regissør Michael Bay er tilbake med nye Transformers-eventyr, nok en gang med Shia LaBeouf i rollen som Sam Witwicky.

I den tredje Transformers-filmen er det duket for nye kamper mellom Autobotsene og Decepticons. De blir involvert i romkappløpet mellom USA og Russland, da Autobotsene oppdager et cybertronisk romfartøy som er gjemt på månen. Decepticons er fullt bestemt på å hevne nederlaget fra sist, og Sam Witwicky (Shia LaBeouf) må nok en gang hjelpe sine robotvenner.

Aldersgrense: 11 år
Egnethet: Ungdom
Begrunnelse: Kamphandlinger og kraftige effekter gjør at denne filmen får 11-årsgrense.

E-val 30.08.2011

 

 

 

  

Antal E-stemmer pr. 01.09.11 kl. 15.00

Fylkestingsvalget:

Finnmark: 567 stemmer
Nordland: 3933 stemmer
Møre og Romsdal: 2472 stemmer
Sogn og Fjordane: 167 stemmer
Hordaland: 230 stemmer
Rogaland: 4180 stemmer
Vest-Agder: 721 stemmer
Vestfold: 393 stemmer
Hedmark: 333 stemmer

Totalt: 12 996 stemmer

Kommunestyrevalget:

Tynset: 392 stemmer
Re: 428 stemmer
Mandal: 770 stemmer
Sandnes: 4283 stemmer
Radøy: 242 stemmer
Bremanger: 179 stemmer
Ålesund: 2603 stemmer
Bodø: 3403 stemmer
Vefsn: 659 stemmer
Hammerfest: 644 stemmer

Totalt: 13 603 


27.08.2011.

Bronse i stav til Daniel under UM i Fredrikstad 31.08.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Under andre dag av UM i Fredrikstad vant Daniel Hessvik Holm bronse i stav med resultatet 4,01. Han som blei nr.2 fekk hoppet på neste høgde som var 4,11 og gjekk over. Daniel stod klar og skulle hoppe, men rakk det ikkje før himmelen åpnet seg med øsende regnvær, torden og lyn. Det blei over en halv time pause etter at alle måtte søke dekning. Dette ødela nok konkurransen for Daniel. Han som blei nr.2 fekk heller ikkje til fleire hopp,  så 4,01 og bronse er en god prestasjon under forholdene som vart. Han som vant starta ikkje og hoppe før det verste været var over og holdt på å ryke ut på begynner høgda si, men han tok seg innat og imponerte stort.


Pilates startar opp 6. september 30.08.2011

Pilates startar igjen 6. september kl. 19.30. Tidene blir som før, tysdag
og torsdag kl. 19.30

PENSJONISTMØTE. 29.08.2011

Svelgen pensjonistlag held medlemsmøte onsdag 31.august kl.17.00 i Trudvang på Kjelkenes.

Programmet ligg på "Keipenstova-sida".

Gamle og nye medlemmer er hjerteleg velkomne.


Ledige stillingar 29.08.2011

Bremanger kommune har no fleire ledige stillingar; reinhaldar, støttekontakt, sjukepleiar og helsefagarbeidar

 

Meir informasjon finn du på heimesida til Bremanger kommune, www.bremanger.kommune.no

eller under "stilling ledig" til venstre.

 

 

Minner om at søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:
http://www.bremanger.kommune/sjolvbetening.no


Vinnarar av kunstlotteriet 29.08.2011

Her kan du sjå kven som vann kunstlotteriet til Flora Bremanger Brassband.


Friluftsgudsteneste og tre barnedåpar på Myklebustsætra 29.08.2011

Første søndagen i august var det heile tre barnedåpar under friluftsgudstenesta på Myklebustsætra. På bildet ser vi yngstebarnet til Helga og Stian Vågene, som har fått namnet Sindre. Les meir og sjå fleire bilder på www.bremanger.no.


Bilder frå Høgt og Lågt 29.08.2011

Sjå Anita Ingebrigtsen og Firdaposten sine bilder frå Høgt og Lågt-festivalen.

Bygget som skal reises er tegnet av arkitekt K. Hareide , og arbeid ifm   utforming og arkitektur av bygget er sponsa av Svelgen Kraft.(bygget som reises vil avvike noe fra tegningene over, men kun små detaljer)

Byggestart er satt til ca. 1. september og arbeidet vil bli ledet av K.Leirvik, Svelgen

STIF Servicebygg v / stadion vil bli et flott bygg, og vil gjennom sitt utseende og arkitektur bli en ny og flott tilvekst ved stadionområdet, samt forskjønne og være et løft for Svelgen Sentrum.

Servicebygget ved Svelgen Stadion vil romme følgende når det er ferdig.

Lager for utstyr Fotball og Friidrett, distribusjonssentral for forsyning av undervarme til fotballbanen, elektrorom for styring av lysanlegget ved stadion. I tillegg til dette vil det bli kiosk m/kjøkkenfasiliteter. Garderobeanlegg for utøvere (brukere), en garderobe for dommer/ funksjonær. Bygget vil også få eget publikumstoalett. I front av bygget vil det bygges tett baldakin m/glassfasade ut mot stadion.

Følgende lokale firma har og vil bidra i dette prosjektet:

Br. Mundal:                           Grunnarbeider                                                                        

Rørl. R. Nigardsøy:                 Rørlegging og installasjon av forsyningssentral for undervarme.                                 

BIS PP   Svelgen El.Installasjon                                                                                                                       

Serfix:       Betongarbeider (grunnmur)                                                                                                       K. Leirvik                 Bygningsarbeider

STIF har basert hele prosjektet på velvillighet og dugnadshjelp fra medlemmer i STIF og øvrige sambygdinger. STIF trenger  og oppfordrer derfor frivillige som ønsker å bidra om å melde sin interesse.

Arbeidsoppgaver som vi vil ha behov for hjelp til i den første fasen er:

·          Reis av bygget ( K. Leirvik er byggeleder og vil stå for Byggeledelse)

·          Vegg og tak tetting

·          Fasade kledning

Dersom du ønsker å bidra med å realisere STIF sitt nye Servicebygg kan du kontakte:

STIF v/ Svein Arne Sandvik 91 91 71 80 -   Ingvald Ytrehus 90 92 05 77



Turen til Bukkenibba i morgon er avlyst på grunn av dårleg ver og lite oppmuntrande vermeldingar.

Steinar Talle seier farvel med Svelgen 27.08.2011

 

Etter ti år i Svelgen og Elkem Bremanger reiser Steinar Talle til Kina for å starte i ny jobb.   Gabriel Ossenkamp blir konstituert direktør på verket frå midten av september.

Steinar Talle skal dei neste to åra arbeide ved Elkem sin silisiumdivisjon i den kinesiske byen Jongdeng. Der skal han leie eit forbetringsteam for eit verk som har fem smelteomnar. Han har jobba der to veker i sommar, og reiser attende rundt 10. september.  Talle ser fram til ny jobb med nye utfordringar og til dels innan nytt fagfelt.

-         -   Etter kvart som det er blitt kjent at eg skal arbeide for Elkem i Kina har eg fått ein del reaksjonar. Enkelte spør om eg skal reise ned dit for å utkonkurrere Elkem Bremanger. Men det er langt frå realiteten . For det første står Elkem i Svelgen fjellstøtt og verket eg no skal arbeide for konsentrerer seg om silisium til kjemikaliemarknaden – i motsetnad til Elkem Bremanger som i hovudsak har elektronikk som marknad, seier Talle.

 

 

Han legg til at han ikkje utleigd til det kinesiske verket, men tilsatt. Førebels for to år. Kvar vegen går etter det, veit han ikkje.

 

-           Men uansett er dette eit farvel med Svelgen og verket her, understrekar han.

Dei ti åra Steinar Talle har vore direktør har det skjedd store endringar ved Elkem Bremanger. Då han starta, nøyaktig 3. september i 2001, var kvardagane prega av kostnadskutt og produksjonsstans. No kan han sjå tilbake på ti år som har styrka det 83 år gamle verket slik at det står sterkare enn på lenge.

-         -   Eg vil spesielt nemne utviklinga på Silgrain og omn 5. Midt i den verste finanskrisa makta vi mellom anna å skaffe midlar til ei 100 millionars investering på Silgrain. Det var utrulig viktig og avgjerande for ein av bærebjelkane til Elkem Bremanger. Framover skal det investerast 30 millionar på omn 2-4 og like mykje på nytt vassforsyningsanlegg.   Nye siloar på omn 5 og ny generator hos Svelgen Energi står også for dør, ramsar han opp.

 

-           Det   som kanskje er vel så viktig som slike oppgraderingar er å bryte ned kunstige barrierer mellom ingeniørar og operatørar. Dei siste åra har vi etablert forbetringsgrupper der alle sit ilag og jobbar fram og realiserer potensialet i den enkelte avdeling. I tillegg må alle gå med Elkem sine yrkesklede, og det er også med på å bryte ned skiljer, meiner Talle.

HMS (helse,miljø og sikkerhet)har også blitt høgt prioritert i løpet av dei ti åra Talle har vore direktør.

-           For det første er dei tilsette vår viktigaste ressurs og difor veldig viktige å ivareta. I tillegg er låge skadetal eit teikn på god styring, og dermed bærande for gode økonomiske resultat, seier Talle.

Han rosar dei tilsette for framgangen Elkem Bremanger har hatt dei siste åra.

-           Dei sit på ein heilt utrulig kompetanse på veldig mange forskjellige nivå.   Eg føler at alle tilsette, frå operatør til leiing, BIS og andre innleidde firma – ja, eigentleg alle i heile Svelgen no står på til beste for verket, seier han.

Det er pr. i dag om lag 250 som arbeider innanfor portane til Elkem Bremanger, inkludert BIS sine 60 tilsette.

-           Vi har hatt relativt mykje utskifting som følgje av AFP, truleg mellom 30 og 40 tilsette. Vi har mista mange dyktige arbeidsfolk, men eg må også seie eg er imponert over dei nye unge som kjem inn – og kanskje aller mest samarbeidet som veks fram mellom dei nye unge og dei erfarne tilsette,  seier   Talle.

Både Steinar og kona Susanne Talle har satt sitt preg på Svelgen i jobb og fritid. Susanne har sagt opp sin jobb, men vil ikkje flytte til Kina før yngstemann, Thomas, er ferdig på vidaregåande kommande vår. Dei to eldste studerer begge i Bergen. Etter kvart vil familien Talle vil ha base i storbyen Shanghai der det er ein stor norsk koloni. Dermed blir Steinar vekependlar frå sin arbeidsplass i Jongdeng.

-           Det er klart vi gledar oss! Med det blir sjølvsagt vemodig å reise frå Svelgen også. Spesielt naturen her er heilt eineståande, seier Steinar Talle.

Når han kjem på plass på eit nytt kontinent og så langt vekk frå Vestlandet som det nesten er mogeleg å komme, håpar han at han kan lese nyhende frå Svelgen der det står at politikarane har grepe fatt i bustadsituasjonen og at 45-minuttsregionen er realisert.

-           Dette er to viktige ting for Svelgen og omegn – skal det bli utvikling, må dette på plass. I alle fall har Svelgen no eit sterkt og velfungerande verk som truleg vil holde stand minst 80 år til – og då er det viktig at alt det andre – infrastrukturen - blir utvikla slik at verket kan knyte til seg kompetanse og at dagens 10-åringar vil komme tilbake og slå seg ned her, fastslår den avtroppande verksdirektøren.


Bogeskyting i Svelgen

 

Lørdag 27. august

Som ein del av Nordgulen Høgt og lågt 2011

Bogeskyting vert i vognhallen til Firda Bilag i Svelgen sentrum frå kl 12.00 til kl 15.00.

Det vert mogleg å prøve for store og små, vi har boger som passar for alle J .

Vi håpar at flest mogleg tek turen innom for ein prat og gjerne prøve bogene.

Vi får besøk av skyteinstruktørane Ole Magnar Stein og Jan Roar Sekkelsten frå Førde.

Les meir om Førde bogeskyttarklubb her: http://www.bogeskyting.no

 

Det er ambisjonar om å få til trening for bogeskyting ein dag i veka i Svelgen Idrettshus i vinter.

STIF har kjøpt inn nødvendig utstyr slik at dei som har interesse kan låne utstyr i starten.

Meir informasjon om dette vil kome etterkvart.

Mvh Bjørgulf Myklebust


Søndagsskule 26.08.2011


       Grunna sjukdom startar ikkje søndagsskulen opp att før 23.oktober.

       Vi ynskjer alle ein fin haust.

       Helsing Magni, Liv og Ingrid.

TUR TIL BUKKENIBBA I ÅLFOTEN

 (1515 m.o.h)

Tidspunkt: Søndag 28. august , kl 10.00

Oppmøte: Ved bommen i Yksnelvane der vegen går opp på fjellet.

Lengd : 7-8 timar.

For: Trena personar.  

Turleiarar: Bjarte Vik (97522593)og Reidun Solvang (91745969)

Ta gjerne kontakt med turleiarane for meir utfyllande informasjon. Turen vert avlyst dersom det vert dårleg vêr, turleiarane avgjer.

I fint ver er dette ein kjempeflott tur!

Velkommen som turdeltakar!

Mvh

Keipen Turlag


"SVELEKAFE" PÅ KEIPENSTOVA. 25.08.2011

Laurdag 27.august frå kl. 11.30 til ca. kl 1500 blir det "Svelekafe" på Keipenstova.

 

Svele og kaffi (ev. te eller saft) kostar 20 kroner.

Overskotet går til Røde Kors sin innsamlingsaksjon.

 

Arr.: Nordgulen høgt og lågt og Svelgen Pensjonistlag.


Nordgulenslitet 25.08.2011

Påmeldingsavgift for lag som skal delta på Nordgulenslitet vere betalt kontant til Per Arne før start, som er laurdag 27. august kl.15.00.

 

Pris pr. lag som stiller med eigen kajakk: 250 kr.

Pris pr. lag som må leige kajakk:             500 kr.

 

Mvh.

Per Arne Sæterlid

 

 


E-val 30.08.2011

 

 

Her får du ei oversikt over antall E-stemmer så langt:

 

Kommunestyrevalg:

 

Antall E-stemmer per. 26.08.11

Kommunestyrevalg:

Bremanger: 121 stemmer
... Tynset: 283 stemmer
Re: 293 stemmer
Mandal: 556 stemmer
Sandnes: 3072 stemmer
Radøy: 144 stemmer
Ålesund: 1847 stemmer
Bodø: 2349 stemmer
Vefsn: 488 stemmer
Hammerfest: 442 stemmer

Totalt: 9595 stemmer

Fylkestingsvalget:

Finnmark: 389 stemmer
Nordland: 2749 stemmer
Møre og Romsdal: 1750 stemmer
Sogn og Fjordane: 114 stemmer
Hordaland: 141 stemmer
Rogaland: 2997 stemmer
Vest-Agder: 519 stemmer
Vestfold: 267 stemmer
Hedmark: 240 stemmer

Totalt: 9166 stemmer

Opa Moldahytte på søndag 25.08.2011

Keipen turlag ynskjer velkommen til ope hus på Moldahytta søndag 28.08. frå kl.12:00 – 15:00. Servering av fruktsuppe,kaffi og eplekake + saft. Alle er velkomne. Vegen til Moldahytta finn du på merka sti frå Rise,Breivika, Langeneset eller Ytrehus – treng du meir info kan du ringe 91102654.

Dette arrangementet er ein del av programmet til Nordgulen høgt og lågt – det var i turplanen til Keipen turlag sett opp ope hus på Moldahytta 11.09-dette er feil og går ut (hjortejakt då).

VELKOMMEN TIL MOLDAHYTTA SØNDAG !


Miniputturnering 26.08.2011

 

 

Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerer Kongleriket miniputturnering på

Svelgen Stadion, søndag 28.august frå kl 11.00 til kl 15.30

 

Les meir her.

 

 


KOMMUNE- OG FYLKESTINGVALET 2011 – BREMANGER KOMMUNE 26.08.2011

 

INSTITUSJONSVAL  2011

 

Det vert halde institusjonsval i Bremanger kommune på følgjande stadar:

 

06.09    kl. 14.00           Haugetun

06.09    kl. 12.00           Klokkartunet

07.09   kl. 10.15           SBS

08.09    kl. 11.15           BBS

 

AMBULERANDE RØYSTEGJEVING.

 

Dersom du er sjuk eller ufør, og ikkje kan røyste der det vert halde førehandsrøysting, ikkje kan røyste elektronisk  eller ikkje kan kome til vallokalet på valdagen, kan du be om å få avgje røyst for ein røystemottakar som oppsøkjer deg der du oppheld deg. Du kan kontakte valsekretæren for å få avgje røysta di på tlf. 959 82 970 eller 57 79 63 00 innan den 5. september 2011.

 

Valsekretær Bremanger kommune

Hilde Jenssen Midtbø


LEKKASJE FØRER TIL STENGING VED NAV BREMANGER 26.08.2011

Nav Bremanger held mottaket stengt fra 25.08.11 til og med 09.09.100 grunna støv som kjem frå ombygging etter lekkasjen.

 

Nav Bremanger vil likevel vere tilgjengelege pr telefon mellom kl 0800 og 1530.

Ein ringer då på vanlegmåte til Nav – telefonen.

 

Nav Bremanger vil gjennomføre avtalte timar og besøk, men det vil ikkje verte lagt opp til nye timeavtalar i dette tidsrommet.

 

For akuttsaker og naudhjelp kan ein vende seg til Servicekontoret i Bremanger kommune, Svelgen for å treffe ein sakshandsamar.

 

For ytterlegare informasjon kan ein vende seg til Servicekontoret i Bremanger kommune, Svelgen. Vi minner om vår postkasse utanfor Navkontoret, og om å nytte nav.no.

 

Nav Bremanger beklagar at vi i denne perioden vert noko mindre tilgjengelege, men har latt omsynet til brukarar og tilsette komme i første rekke.

 

Vi ser fram til å møte våre brukarar i friske lokaler 12.09.11.

 


Cirkus Zorba i Svelgen søndag 28/8 kl. 18 26.08.2011

Også i år legg Cirkus Zorba turen innom Svelgen. Forestillinga er førstkomande søndag 28/8 kl. 18.00.

 

Les meir på Cirkus Zorba si heimeside. Sjå også Oppland Arbeiderblad si bildesamling frå årets forestilling her.


Storslått restaurering av Øyratunet - åpning i dag 25.08.2011

I dag åpna det nyoppussa Galleri Øyratunet med salsutstilling. Dei to kunstnarane Ivar Svensøy og Åge Steinset, der førstnemnde har budd i Svelgen og arbeidd som lærar i 11 år og sistnemnde er oppvaksen her, var tilstades. Dei vart dei første som fekk stille ut arbeida sine i fantastisk flotte lokale som truleg vert ein ny samlingsstad for kulturinteresserte svelgarar. I kveld var det nesten 200 år gamle huset fylt til trengsel. Dei frammøtte fekk høyre om mykje dugnadsarbeid der eldsjeler (som vi ikkje tør nemne med navn i frykt av å gløyme nokon) fekk velfortent ros og blomar. Anne Turid Ljundgren kan vi likevel nemne sidan ho i tillegg til å vere ein av pådrivarane, hadde bursdag!

Svelgen.no gratulerer med det praktfulle nyrestaurerte Øyratunet som no er gitt nytt liv!

 

 

 

 

 


Filmprogram for Banff Film Festival på Lørdag 27.8 kl 18 Svelgen Samfunnshus:

The Ultimate Ride: Steve Fisher

USA, 2009, 19 minutter. Om whitewater kajakking på Zambezi-elven i Afrika

A Life Ascending

USA, 2010, 57 minutter, Om en kanadisk familie som lever som fjellguider.

Pause

Into Darkness

USA, 2010, 15 minutter. Grotteklatring.

Cross Country Snowboarding

Kanada, 2007, 3 minuttter. Om fordommer mellom skigåere og snowboardere og andre ting…

Last Paradi se

New Zealand, 2010, 26 minutter. Livshistorien til noen av de personer som oppfant “ekstremsport”.

The Swiss Machine

USA, 2010, 20 minutter. Om å bryte rekord i snabb klatring i de sveitsiske Alpene og på verdens høgeste fjellvegg.

The Longest Way

Tyskland, 2009, 5 minutter. Om en ett år lang fottur gjennom Gobi-ørkenen fra Beijing til Urumqi.


Svelgen Røde Kors

Innsamlingsaksjon for Afrikas Horn 23.08.2011

Svelgen Røde Kors vil i perioden onsdag 24.08.2011 til og med søndag 28.08.2011 ha innsamlingsaksjon for dei ramma på Afrikas Horn. Ta vel imot bøsseberarane. Innsamling i Svelgen vert onsdag frå 18.00 og utover.


Svelgen Kino

NORGESPREMIERE 

Jo Nesbø`s

HODEJEGERNE

Fredag 26.august 20:00

kiosk og billetter fra 19:30

Ut over å være en mann på kun 1,68, er Roger er en mann som tilsynelatende har alt; han er Norges mest vellykkede hodejeger, er gift med den altfor vakre galleristen Diana, har en altfor dyr villa, og for å holde hodet over vannet økonomisk, må han stjele litt for mye kunst.

 

JAKTEN ER I GANG! Hodejegerne er en intens actionthriller men også en utfordrende granskning av spørsmål om svik, begjær og dødelige ambisjoner.

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Skildringer av blodige voldshandlinger og drap gjør at denne filmen får 15-årsgrense.
.
.

POPPES PINGVINER
søndag 28.august 17:00
kiosk og billetter fra 16:30
I den herlige familiekomedien POPPERS PINGVINER møter vi Jim Carrey som den travle forretningsmannen Hr. Popper som plutselig arver seks pingviner. Pingvinene forvandler den hypermoderne New York leiligheten hans til et vinter-eventyrland og livet hans får en helt ny vending. Poppers Pingviner ble filmet i et nediset studio med levende pingviner og er en modernisering av den klassiske boken Herr Poppers pingviner av Richard Atwater.
Aldersgrense: Tillatt for alle
FÅ MEG PÅ FOR FAEN
20:00 kiosk og billetter fra 19:30
Her bor 15 år gamle Alma. Alma er søt, har mange venner og masse humor, men det er en ting som mangler; hun har ikke Artur - skolens kjekkas.
Aldersgrense: 11 år
Egnethet: Ungdom fra 13

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I samanheng med "høgt- og lågtfestivalen" som startar opp på torsdag, vil gruppa

Green Granadas spele opp til dans på hotellet laurdagen.

Om gruppa heiter det mellom anna :

 

"Green Granadas er ein hardtsvingande kvartett som byr på ein miks av rock’n’roll og

rockabilly, samt eit hint av surf og punk – formidla av fire habile vokalistar. Namn som

Eddie Cochran, The Sonics, Johnny Burnette og meir moderne forvaltarar som

Stray Cats og Seatsniffers, gjev ein vidare peikepinn om kva dette handlar om.

Green Granadas er til no best kjent som eit forrykande liveband, som i eit drøyt tiår har

turnert vestlandet med stort hell. Bandet har nylig vore i studio med Yngve Sætre og

fullført eit album som er meint utgjeve hausten 2011.

Stikkord er live, energi, humør og nyskrive sprelsk rockabilly!"

 

Det er anledning til å høyre smakbitar av musikken deira ved å gå inn her.

 

Førehandssal av billettar startar i resepsjonen på hotellet i dag, måndag 22. august.

 


Diskotek på Lasses 24.08.2011

Lørdag 3.september

                                                        

                                              

  Kroa blir stengt mellom 20:00 og 22:00 grunna privat arrangement.

Etter 22:00 blir det åpent for alle. Cover 50,- etter 23:00 70,-




BASSENGET ER KLART TIL BRUK f.o.m. måndag 22.08.11

Svelgen oppvekst


Har du gevinstar til jubileumsbasaren? 15.08.2011

I forbindelse med basaren i jubileumsveka til Svelgen samfunnshus er vi på jakt etter gevinstar.
Dersom nokon ønsker å bidra med gevinstar til åresal og hovudlotteri, så ber vi om at ein tar kontakt med
Astri på 41 44 06 14.
Vi tek gjerne i mot gevinstar som er heimelaga i form av handtarbeid, snikkerier, karveskur osv.
Der vil kome meir informasjon om jubileumsveka ganske snart!

Innebandy startar i dag! 22.08.2011

Jenter og damer!
Innebandytreninga byrjar igjen måndag 22. august kl. 20.00. Vel møtt!

Svelgen Kino 20.08.2011


BILER 2
Søndag 21.august 17:00
kiosk og billetter fra 16:30
 
Den berømte racerbilføreren Lynet McQueen og den makeløse kranbilen Bill tar sitt vennskap til spennende nye steder i "Biler 2" når de reiser internasjonalt for å konkurrere i det første Grand Prix VM for å avgjøre hvilken bil som er verdens raskeste.
Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Enkelte mørke sekvenser og kraftige effekter kan virke skremmende på de aller yngste. Filmen får derfor 7-årsgrense.

Spinning 20.08.2011

                               Vi startar opp med spinning frå og med måndag 22.august.

  
  Treningstidene vert slik:

  Måndag kl.20.00    45 min   Hege Iren
  Tysdag  kl.20.00    45 min   Vibeke

  Torsdag kl.20.00    45 min   Hege Iren / Vibeke

  Søndag  kl.20.00    45 min   Hilde

 

Slik vert treningane fram til 1.oktober, då startar vi opp med 60 min- og 35 minuttstreningar.

Ellers gjer vi justeringar etter etterspurnaden.  

 

Påmelding vert som før, frå kl.17.00 - 21.00 dagen før treninga eller same dag.

Ring på tlf  99 30 64 74.


NORSKOPPLÆRING 20.08.2011

 

Norskopplæring for voksne framandspråklege startar opp måndag 22. august klokka 1800.

 

I veke 34 vert det undervisning måndag 22. og torsdag 25.

 

Svelgen oppvekst,

Kåre Myklebust


TRYKK

BILDET-

LINK TIL

TV2 



Svelgen Kino 14.08.2011

BRIDES MAIDS
Fredag 19.august 20:00
kiosk og billetter fra 19:30
Universal Pictures og produsent Judd Apatow (Knocked Up, The 40-Year-Old Virgin) inviterer deg til å oppleve Bridesmaids. Kristen Wiig spiller hovedrollen som Annie - en forlover hvis hele liv faller i grus idet hun leder sin bestevenninne, Lillian (Maya Rudolph), og en gjeng fargerike brudepiker (Rose Byrne, Melissa McCarthy, Wendi McLendon-Convey og Ellie Kemper) gjennom en rekke elleville bryllupsforberedelser.
Aldersgrense: Tillatt for alle
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Filmen inneholder ingen scener som antas å være skadelig for barn. Den blir derfor tillatt for alle.

BILER 2
Søndag 21.august 17:00
kiosk og billetter fra 16:30
Den berømte racerbilføreren Lynet McQueen og den makeløse kranbilen Bill tar sitt vennskap til spennende nye steder i "Biler 2" når de reiser internasjonalt for å konkurrere i det første Grand Prix VM for å avgjøre hvilken bil som er verdens raskeste.
Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Enkelte mørke sekvenser og kraftige effekter kan virke skremmende på de aller yngste. Filmen får derfor 7-årsgrense.


NORDGULENSLITET UNDER HØGT OG LÅGT 2011

Stafett rundt Svelgen

 

Blå løype: Svømming og deretter kajakk

Rød løype: Først en runde rulleski eller rollerblades, siden tre runder sykling, siden en runde løping.

 

Vi oppmoder bedrifter og nabolag å melde seg på denne stafetten for 5 personer (og enkeltpersoner som tar alle rundene selv). Maks tre personer av samme kjønn per lag. Deltakeravgift er 50 kr person/250 kr per lag. Påmelding direkte på plassen før start kl 15:00, lørdag 27.8. Hvem blir raskest i kommunen? Premie til alle deltakere!

 

 

 

 


SVELGEN SENIORDANS 16.08.2011

Det er slutt på ferien for seniordansarane :). Oppstart i kveld - tirsdag kl. 17.00 på Samfunnshuset.


Sosialveka på ungdomsskulen 15.08.2011

Les meir her.

BASSENGET  

Vi veit ikkje kva dag bassenget er klart til bruk, men de kan tinge bassentid 18.august frå kl. 09:00

 

For å få tildelt bassengtid/nøkkel må de hatt eit livreddande førstehjelpskurs i løpet av 2009-2011 (eldre kurs blir ikkje godkjent). Dersom det er behov, vil skulen prøve å arrangere kurs i samarbeid med Svelgen Rødekors.

Påmelding ”haustsesongen” frå TORSDAG 18.august   - tlf. 95982945.

Billettprisar:       Kr. 33 for voksne pr. time

                    Kr. 22 for barn pr. time

                    Kr. 20 for badstove pr. gong

 

Minstebetaling er kr. 300 for haustsesongen

(1 time pr. veke).

 

For at flest mogleg skal få høve til å nytte seg av tilbodet, ber vi om at dei som ikkje kjem til å bruke bassenget kvar veke bestemmer seg anten for oddetal- eller partalveke (anna kvar veke).

 

Fellestider:   Småbarn (0-5år) à laurdagar kl. 1100-1230

                        ”Familiebading” à laurdagar kl. 1230-1400

 

Alle som skal nytte bassenget, må melde seg på og få nøkkel (gjeld også fellestider).

 

Svelgen skule, 15.08.11

Bjørg H. Didriksen


Bilder frå turen til Ålfotbreen 14. august 15.08.2011

Keipen turlag på Ålfotbreen Søndag 14. August.
Turen tok litt over 9 timer. Det var ein fin tur med godt turveir, synd vi var berre 6 stk. som fikk ein kjempetur.
Bilde nr.1 : Velfortjent pause på toppen.
Bilde nr.2 : Det blåste godt på breen.
Bilde nr.3 : Målestanga stakk ca. ein halv meter over breen.

Minner om ein flott tur til Bukkenibba den 28.August.
Husk også att turorienteringa går fram til 1.September.Kart og klippekort på Best bensinstasjon.

Keipen Turlag
Steinar Isene

Bremanger ungdomsråd treng aktive og engasjert ungdom!!

 

Etter dei nye vedtektene skal det gjennomførast val i starten av eit skuleår, og ikkje seinare enn 1 september. Lag, organisasjonar og ungdomsklubbar har rett til å foreslå 2 kandidatar til Bremanger ungdomsråd. Elevrådsleiarane ved kvar ungdomsskule har fast plass i Bremanger ungdomsråd.  

 

Arbeidsoppgåver i 2011 – 2012.

Uttale i høve politiske saker som vedkjem ungdom

Transportplan

Youth in action prosjekt.

 

BUR er allereie involvert i eit Youth democracy Projects, prosjektet er eit samarbeid mellom  Melhus ungdomsråd, UngInfo Vestfold , Barne og ungdomsrådet I Vestfold, samt to organisasjonar frå London, England.

 

 Dette er eit prosjekt som skal oppmuntre ungdom til aktiv deltaking i lokalsamfunnet, motiver til å  sjå verdien av  kulturelle mangfald, samt  utvikle leiarskap. BUR skal delta og leie , ein til to workshops   i Tønsberg( 22 – 27 august 2012.) Tema: Korleis ønskjer ungdom frå Bremanger å uttrykke ungdoms demokrati i sitt lokal miljø J spennande….

 

For meir informasjon kontakt

 Anita Løver

Fagleiar ungdom

95985267.


Svelgen Samfunnshus takkar for gåver i juli:

Solveig F. og Dagfinn Mundal (500).

Gleder oss at det kjem inn gåver, sjølv om vi ikkje har kronerulling gåande.

Dersom nokon ynskjer å gje pengegåve,

er bankkontonr. 3776 03 19962.

 

-Styret-

 


Ope hus i dei nye barnehageavdelingane 13.08.2011

No skal vi ta i bruk dei to nye barnehageavdelingane ved Svelgen oppvekst!

Vi inviterer til ope hus måndag 15.august klokka 16.00 til 18.00

Alle som har lyst til å sjå korleis vi har fått det er hjerteleg velkomne.

Dørene er opne frå skuleplassen J


Sølv til Kim Nes Leirvik i senior-NM 12.08.2011

Kim Nes Leirvik, opprineleg frå Leirvikja og STIF, vann fredag sølvmedaljen i NM på Byrkjelo i stav. Han hoppa 4,50 m, og dette var Leirvik sin første medalje i senior-NM utandørs. Gullvinnaren hoppa 4,70 m.

 

Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane 

 

Svelgen.no gratulerer med NM-medaljen!

 

Foto: Rune Fossum/NRK.


Dansefest på samfunnshuset fredag 12. august 08.08.2011

Dalen grendalag arrangerer Fredag 12. august dansefest i Svelgen samfunnshus!

 

Musikken vert avspelt av Rockin Robins frå Nederland og Spik Adel frå Bremangerland. I tillegg vert det kanskje ei eit ungt band med lokal tilknytning. Rocking Robins spelar autentisk 60-tals musikk med en go svonge.

 

Eventuelt oveskot skal brukast til veglys langs Dalevatnet.
Det vert høve til å kjøpe ymse drikke og noke å tygge på.

 

Vel møtt.


Bremangerjentene sitt Norway Cup lag. 12.08.2011

Bremanger jentene sitt Norway Cup lag (med spillere fra Bremanger, Svelgen, Davik, Leirgulen og Eid) kom og til 16-delsfinalen som Svelgen sitt lag.

 

Foto : Odd Inge Rand, Fjordens Tidene


SØNDAG 14. AUGUST 2011 KL 17

 

MÅ DU TA ETTERMIDDAGSKAFFIEN I TRUDVANG.

 

God kaffi (evt te / saft ), kaker og kringle, samt ei lita utlodding.

 

Alt går til inntekt for det nye kjøkkenet.

 

VELKOMMEN!

 

ARR: UL FRAMOVER


TUR TIL ÅLFOTBREEN!

Tidspunkt: Søndag 14. august , kl 09.00 Frå: Det gule industribygget ved Åskåra kraftverk i Ålfoten. Lengd : Turen tek ca 9 - 10 timar tur/retur.

For: Trena personar.   Turleiarar: Bjarte Vik ( tlf. 97522593) og Steinar Isene (95030371). Arrangør: Keipen Turlag.  

Ta gjerne kontakt med turleiarane for meir utfyllande informasjon. Turen vert avlyst dersom det vert dårleg vêr, turleiarane avgjer. I fint ver er dette ein kjempeflott tur!

Velkommen som turdeltakar!

Mvh

Keipen Turlag


- VIktig å einast om Risevatnet, seier settefisk-etablerar 11.08.2011

- Eg skal ikkje komme til Svelgen på stive føter og seie korleis eg vil ha det. Det er viktig å einast om noko som alle kan leve med. Den reguleringa som er søkt om, vil etter alt å døme bli mindre en naturleg variasjon i vatnet. Eg vil tru at reguleringa vil auke høgste vasstand med omlag 30 centimenter, seier Helge Vassbotten i Steinvik FIskefarm om følgjene for regulering av Risevatnet i samband med det nye settefiskanlegget i Breivika.

Les heile saka i papirutgåva til Firdaposten tysdag.


Finanskrisa får konsekvens for eksportnæingar i distrikta 09.08.2011

NHO fryktar det eksportretta næringslivet i distrikta vil få det tøffast som følgje av den nye økonomiske krisa. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Førehandsrøysting 09.08.2011

I Bremanger kommune kan du frå 10.august førehandsrøyste på: Rådhuset i Svelgen   måndag - fredag kl. 08.00 – 15.30
Samt laurdag den 3 september kl. 11.00 – 13.00

Frå 22 august kan du òg røyste på: Frøyen oppvekst, Hauge skule og Davik oppvekst
Måndag – fredag kl. 11.00 – 13.00
Samt laurdag den 3 september kl. 11.00 – 13.00

E-val

Frå 10. august kl 09.00 til midnatt 9. september kan du røyste over internett. For å røyste   elektronisk må du bruke det brukernavnet og passordet du har på MinId. Spesielt viktig er det at du har registrert ditt mobilnummer, slik at du kan motta eingongskode og kvittering etter røystinga. Over internett kan du røyste så mange gongar du vil, det er den siste røysta som tel. Når røystinga opner, vil du finne snarveg via kommunen si heimeside, eller du kan gå direkte til: https://evalg.stat.no

Dersom du ynskjer å lese meir om førehandsrøysting kan du følgje lenkja her. 
Her kan du sjå film om korleis du stemmer på internett.


50 brasstalent var samla på korpsleir 10.08.2011

...

 

Mange Svelgen talent var med. Sjå bildeserie fra nettsida til Firdaposten


Vil demme opp Risevatnet for settefiskanlegg 09.08.2011

Steinvik Fiskefarm har sendt konsesjonssøknad om regulering av Risevatnet for å drive eit nytt settefiskanlegg i Breivika. Dei treng jamn tilgang til ferskvatn for å produsere settefisk laks og dette vil føre til ei oppdemming på opp til 1 meter og 35 cm., skriv Firdaposten. - Avbøtande tiltak i samband med etablering av demning og vassuttak er føreslått og dersom desse vert utført vil inngrepet ha liten eller ingen innverknad på dagens tilstand for vassdraget akvatiske fauna som bestandar av laksefisk, ål og biologisk mangfalg av botndyr,skriv Steinvik i søknaden. 

Firdaposten skriv at kommunen har gitt planane "goodwill" og at arbeidet med regulering av Risevatnet allereie kan starte i haust. Det er også inngått avtale med grunneigarane på Rise.

 

I følge Firdaposten er ordførar Kåre Olav Svarstad glad for at det kjem eit selskap som vil investere 100 millionar i kommunen.


Svelgen må trekke A-laget ... 08.08.2011

 

   På grunn av lite spillare så må Svelgen trekke A-laget fra

  resten av sesongen.

 

  Det har vært lite på trening, nokon går på vidergåande skule og

  og nokon spiller for andre klubber.

 

No når nytt skuleår tar til i neste veke, så forsvinner endå fleire av A-lags spillarane på vidergåande skuler.

Det blir for mykje arbeid med å hente heim så mange av spillarane for å få gjennomført ein kamp.

 

Det er berre å beklage, vi får håpe vi klare å få til eit nytt A-lag i framtida.

                     

 Fotballgruppa og T.V.B.


  ØYRATUN-GALLERIET
Svelgen Kunstlag har den gleda å ynskje all velkomne til salgsutstilling og opninga av eige galleri
TORSDAG 25. AUGUST KL. 19 oo - 21 oo
Kunstnarane Åge Steinset og Ivar Svensøy
begge med tilknyting til Svelgen, har fått æra av å vere dei fyrste utstillarane i gamle Øyratunhuset frå 1840 - som frå no får namnet
Øyratun-Galleriet.
Etter stor dugnadinnsats denne våren og sommaren er det gamle huset no klart for opninga og vert ei stilfull råme for dei vakre måleria til Åge og Ivar.
Kunstarane vert til stades ved opninga
som vert markert med musikkinnslag og ei enkel servering.
Utstillinga vert open fram til 9. september. Klokkeslett for opningstidene framover kjem vi attende til seinare.
Styret i Svelgen Kunstlag ynskjer alle velkomne og håpar mange finn vegen til Øyratunet for å sjå utstillinga til Åge Steinset og Ivar Svensøy.
Er det spørsmål ring tel. nr. 40 60 74 49

Svelgen sine 13-14 års gutar fra Norway Cup. 08.08.2011

   Foto: Odd Inge Rand, Fjordenes Tidene.


Bilder frå turen til Trollfjellet og Svartevatnet søndag 04.08.2011

1. bilde:  Utsikt frå Trollfjellet mot Nordgulen/Svelgen. Knoltrevarna i forgrunnen.
2. bilde Utsikt over Demmevatnet og Midtgulen.
3. bilde:  Ved Indrehusbøra på veg mot Svartevatnet. Rikeloftet/Steinheia i bakgrunnen
4. bilde:  Kvilepause på toppen av Svodene, - Hornelen i bakgrunnen.
(alle foto: Arne Loftheim)
 
 
 

 

 

 

 


Dansotek på Lasses Kro laurdag 6. august 04.08.2011

Lørdag 6.august

                                                        

                                              

           Cover 50,- før 23:00 etter 70,-


Fredag 5. AUGUST

Kl 20.30

Velkommen til kroa

kr 20,- per person.                               Aldersgrense 18 år


A-lags trening... 03.08.2011

 

   Det blir A-lags trening i dag, torsdag 4.august kl.19:00.

 

    T.V.B.


STIF ute av Norway Cup 04.08.2011

Smågutane til STIF møtte tøff motstand i 16-delsfinalen, og måtte sjå seg slått med 1-4 mot Åndalsnes. Les om kampen i Åndalsnes avis.

 

 

     Norway Cup fra Firdaposten


Ledig stilling! 03.08.2011

Ved Kalvåg oppvekst er det ledig inntil 80 % stilling som assistent i skulen. 
Stillinga er mellombels i perioden f.o.m. 15.08.11 t.o.m. 31.12.11, og kan bli utvida ut skuleåret. 

For full utlysingstekst sjå "stilling ledig" til venstre eller www.bremanger.kommune.no

 

Søknad skal sendast via vår digitale søknadssenter:

http://www.bremanger.kommune/sjolvbetening.no

 

Søknadsfrist: 12.08.11


16-delsfinale mot Åndalsnes kl. 17.15 i dag 03.08.2011

Etter to sigrar i innleiande pulje er STIF sitt smågutelag kome fram til 16-delsfinale i A-sluttspelet på Norway Cup. Kampen går kl. 17.15 i dag, og motstandar er Åndalsnes.

 

Biletet er frå Norway Cup eit tidlegare år.


Svelgen sine 13-14 årsgutar gjer det bra på Ekebergsletta.. 02.08.2011

... På   Firdaposten  si nettside kan ein lese følgande.....

 

Svelgen:

13-14 årsgutane frå Svelgen har to strake sigrar på merittlista og fossar vidare i turneringa. Dei vann først 5-0 over Skånland OIF og andre dag 3-0 over Lom...

 

Bremanger: 

15/16års -jentene frå Bremanger IL snudde tapet frå første dag mot Volsungur FC (1-3) til siger andre dagen, då dei vann med same siffer over Bergsøy...   Bremanger IL

  

 

  Norway Cup 

 

 


TUR TIL TRODA OG RAUDDALSKAMMEN!
Oppmøte i Blålida / Leirgulen kl. 10.00 søndag 07.08.11.
Troda er 954 moh og Rauddalskammen er 851 moh.
Dette ein fin tur med mange fine utsiktspunkt.
Turen passar for personar med litt trening. Barn frå ca 10 år greier turen fint.
Turen tek ca 8 timar t/r.
Dersom veret vert dårleg kan turen bli avlyst.
Turleiar er Bjørg Lofnes, tlf. 57794202 / 95815428
Vel møtt til ein fin søndagstur!
Keipen Turlag

ELKEM KOPP TIL LIV, CHRISTOFA LOVISE OG OLE.
Desse har vunne Elkem-kopp juli. Sandsegga nr. 1605 Liv Sigdestad Brekke, Gulebrystet nr.351 Christofa Lovise Gulhaugen og Risevatnet nr.1915 Ole Hansen. GRATULERER!
Keipen turlag - FJELLTRIMMEN.

Kystkulturstemne på Kalvåg kommande helg 01.08.2011

Sjå fullt program på www.bremanger.no

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov