Arkiv Mars 2017

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
 


Vi treng ein vasstett plan

Har du opplevd at vatnet i heimen blir borte? Millionar av menneske lever eit heilt liv utan reint vatn. Det kan du gjere noko med. Bli med og bygg brønnar, og sett våre leiarar til ansvar.

Akkurat no er det tørkekriser i fleire afrikanske land. Både Somalia, Sør-Sudan og landa rundt Tsjadsjøen går gjennom humanitære kriser. I verda i dag er det over 660 millionar menneske som må drikke skittent vatn kvar dag. For å seie det enkelt: Det er ikkje greitt, fordi tilgang på reint vatn er ein rett alle har. No krev vi at også norske politikarar legg ein plan for å unngå dette i framtida.

Ureint drikkevatn kan få særs alvorlege følger. I verste fall kan det føre til dødsfall, men også alvorleg sjukdom, store ekstrautgifter til medisinar og manglande skulegang kan vere konsekvensane.

For halvanna år sidan bestemte verdssamfunnet seg for at alle skal ha tilgang på reint vatn innan 2030. Difor har vi alle eit felles ansvar for at alle i verda skal få reint drikkevatn, og vi har 13 år på oss til å klare det.

Det er FNs berekraftsmål som seier at alle menneske skal ha reint vatn innan 2030. Det er temmeleg ambisiøst, men også Noreg har sagt ja til desse måla – og dermed har vi også forplikta oss. Den norske regjeringa har likevel ikkje lagt nokon plan for korleis vi skal nå dette målet. I samband med Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp vert det no kravd handling frå regjeringa.

Vi i Midtgulen sokn er stolte støttespelarar til Fasteaksjonen og i tillegg er vi med og går med bøsser for Fasteaksjonen som finn stad over heile landet frå 2. til 4. april. Og det er 50. gongen at nordmenn får sjansen til å bidra til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda. Pengane går til å bygge brønnar og sikre fleire trygg tilgang til reint vatn.

Med andre ord tek vi i Midtgulen sokn vårt ansvar for å nå målet om reint vatn til alle. For oss er det veldig viktig å sjå utover eigne kommune- og landegrenser. Det å hjelpe andre er ein viktig del av kyrkja si samfunnsrolle. Alle kan ha bruk for litt støtte av og til. Difor er det også viktig at vi nokre gonger står opp for andre sine rettar – slik som retten til reint vatn.

Reint vatn har aldri vore noko mangelvare i Noreg, men når vi tenkjer oss om, så veit vi at det ikkje er slik andre stader. I mange land er naturen langt frå like gåvmild som vår natur, og nokre stader fører klimaendringar også til endringar i nedbør og tilgang til vatn.

Å bygge brønnar kan vere ei av løysingane for at fleire skal få vatn, og vi har gjennom Kirkens Nødhjelps arbeid sett at mange landsbyar blomstrer når dei får ny brønn. Mange arbeidstimar vert sparte inn når vatnet er enklare å hente, og mange kan gå meir på jobb og skule fordi dei er friskare. Og ved å gje opplæring til lokale eldsjeler, så vert brønnane også fungerande i mange, mange år framover.

Vi vil også takke alle konfirmantene i Midtgulen sokn, som stiller opp som bøssebærere.

VI i Midtgulen sokn håper du vil ta varmt mot bøsseberarane i årets Fasteaksjon. Ditt bidrag kan bety ein skilnad for andre – og saman kan vi alle bidra til å nå målet om reint vatn til alle innan 2030.

Mvh

Midgulen Sokneråd



B AS A R

VASS-BASAR

SØNDAG 26. MARS KL 17.00

I TRUDVANG PÅ KJELKENES

TIL INNTEKT FOR REINT VATN TIL HUSET

ÅRESAL OG LODD

NONSMAT OG KAFFI

DU ER HJERTELEG VELKOMEN

 

Arr.: Byggjelaget TRUDVANG



Mista bilnøkkel 21.03.2017

Hei, eg har mistet nøkkel til bilen min en Audi. Mistet nøkkelen mellom Svelgen sentrum og orrevegen lørdag kveld. Vist noen har sett eller funnet den er eg takknemlig om eg får den igjen. Er å treffe på tlf.95790518


Minner om betaling av medlemskort og treningsavgift til STIF 19.03.2017


Trekning av aureside 18.03.2017


I dag har det vore trekning av tre røykte auresider blandt dei som har betalt inn pengegåve til ei fyldigare fontene.

   

Dei heldige vinnarane vart Siri Elde, Jon Bakke og Ståle Kjempenes . .

   

Gratulerer!

   

Svelgen Opp og Fram

 



Det vert ikkje pilates på tysdag 19.03.2017

Pilates 21. mars er avlyst. Bjørg N.

Kokken Tor tilbake på Svelgen Hotell 19.03.2017


Volleballkamp i dag 16.03.2017

Volleyballkamp i Svelgen Idrettshus i dag kl.19.30.

  

Herrane sitt 3.divisjonslag skal møte Florø.

  

Vel møtt!

      

Open kiosk :)


Takk frå Svelgen Sanintetsforening 15.03.2017

Svelgen Sanitetsforening vil takke alle bedrifter, butikkar og enkeltpersonar som bidrog med gevinstar til basaren vår på samfunnshuset 11. mars. Vi vil også takke alle som kjøpte lodd og var med oss på basaren denne dagen
Omtanke i nærmiljøet er NKS Norske Kvinners Sanitetsforening sitt valspråk. Inntekter frå basaren går til ulike tiltak i lokalsamfunnet. I 2016 støtta Svelgen Sanitetsforening m.a Kulturhuset Realen, Svelgen Omsorgssenter, Svelgen Skulemusikk og gåve til nyfødte. Sanitetsforeninga gjev også midlar til forskning og tiltak m.a  innan psykisk helse, barn og unge, og kvinnehelse.
Du er velkommen til å ta kontakt om du ønsker å bli medlem og bidra i dette viktige arbeidet.
Solveig Myren
Svelgen Sanitetsforening

Bygdakveld 25.mars 08.03.2017

Frist for påmelding til bygdakvelden er fredag 17.mars.

  

Du melder deg på ved å betale inn 400,- pr.pers til kontonummer 3705.24.93677. 

   

No er det omlag 80 påmelde.

Kom og bli med du og 😊



Innbetaling til fyldigare fontene 13.03.2017

Laurdag trekkjer vi 4 nye auresider blandt dei som har betalt inn.

   

Skund deg og betal inn valfritt beløp til konto 3705.25.01254,

så er du med i trekninga 😊



Årsmøte for Midtgulen sokeråds kyrkjelyd
Det vert årsmøte for kyrkjelyden den 19.mars klokka 11 i Svelgen kapell
Kyrkjekaffi og årsmøte etter familiegudstenestea

Vel møtt

Zumba på Kulturhuset Realen 12.03.2017

Hei alle samen ZUMBA starter opp igjen på søndag 19.03.17 på
Kulturhuset Realen kl.18.
Treningsavgift: 50kr/pr.trening
Treningskort: 250kr/6 treningar
Treninga på søndag er gratis!!
Alle er velkomen, ingen aldersgrense.Håper å sjå DEG på trening!

 

PÅMELDING TIL PETYA

 

95171934


Elkem Bremanger

Utslepp til friluft 11.03.2017

På grunn av utfall av vifter i renseanlegget vil det vere utslepp frå skorsteinar dei neste 2-3 timane.

Spørsmål kan rettast til HMS sjef Torstein Ask, tlf nr: 478 15 941


Husk Sanitetsbasaren laurdag 10.03.2017

Svelgen Sanitetsforening held basar på Svelgen Samfunnshus laurdag 11. mars kl. 11.30. Det vert åresal, loddsal, sal av kaffi, kaker og brus. 

 

Hovedtrekning ca kl. 14. 

 

Gevinstar er utstilt frå 1. mars hjå Sverre Magne Dyrstad.

 

Alle er velkomne!




Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars