Arkiv Aug 2015

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Arrangement på Ninas Kro September 26.08.2015



Spinning 30.08.2015

 

Det vert spinning måndag og torsdag framover.

 

Måndag:

Kl. 18.30  45 min med Hilde.

Kl. 20.00  35 min med Hege Iren eller Vibeke.

 

Torsdag:

Kl. 19.00  35 min med Hege Iren.

Kl. 20.00  45 min med Vibeke.

 

Påmelding ved å ringe tlf. 993 06 474, kl.18.00 - 20.00 dagen før eller same dag som treninga er.



Stortingsrepresentant Eide til Svelgen i dag 28.08.2015

Krf vil ha stand i Svelgen i dag, der stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide kjem til å være til stades frå kl 15.30

Stenging av vegen mot Dyrstad

 

Grunna fjerning av ei gammal ferist, vert vegen mot Dyrstad stengt mellom kl. 10.00 - 12.00.

Deretter vert det stengt i periodar på 30 min. fram til kl. 16.00.

Dette gjeld torsdag 27.08.2015.


Pub Quiz på Ninas Kro Fredag 28.August 17.08.2015


Fottur til Såta søndag 26.08.2015

Keipen Turlag arrangerer fottur til Såta kommande søndag 30.08.
Oppmøte er ved Sørlandsvatn kl. 10
Er du med på Turboktrimmen så er dette ei fin anledning til å få klippe.


Turleiarar er;
Steinar Isene mob. 950 30 371
Arne Loftheim mob. 993 99 495




SVELGEN HOTELL LØRDAG: 24.08.2015



Keipen Turlag til Mulen 22.08.2015

  

Søndag 23.august går turen til Mulen. Oppmøtestad er ved Nina`s Kro i Svelgen sentrum kl.10.00 - turen tek ca. 4 timar.  Det er meldt strålande vêr, så dette blir ein fin tur med flott utsikt frå toppen av Mulen.

 

Er du med på Turboktrimmen så er dette ei fin anledning til å få klippet ditt på Mulen.

 

Turleiarar

Oddmund Leirvik mob. 95 27 63 83

Inger Lise Langeland mob. 47 06 35 43


Pilates 21.08.2015

Pilatestreninga startar opp tysdag den 1. september kl.20.00.

Det vert ei trening i veka.



 



Høgt og lågt festival 2015 avlyst.

Svelgen hotell fekk skulle ta hovudansvar for å dra i gong festivalen  i år, slik vi gjorde når vi tok initiativ til første Høgt og Lågt-festivalen  i 2007.

 

Som folk kan sjå er hotellhagen   og Svelgen elles under ombygging, og lite klar til festival.

I staden for å arrangere ein festival med mindre aktivitet enn i fjor , har vi i samråd med andre sentrale aktørar i festivalen valt og ta eit års pause, og komme sterkt tilbake neste år.  

 

Vonleg vil vi til neste år kunne   feire med eit ferdig og innbydande sentrum - og skape aktivitet som også lokkar besøkande utanfrå til vår vakre bygd.

 

Svelgen Hotell

Jostein Eimhjellen


 

 

 

 


Junior-NM- bronse også til Vincent 17.08.2015

– Det er det råaste eg har sett. Eg visste at han var sterk, men dette...

Orda kjem frå Nils Ove Roset, som det siste året har trent kondisjonstalentet frå Svelgen.

Han har akkurat sett eleven storma inn til ein oppsiktsvekkande NM-bronse på 3000 meter hinder. 17-åringen klokka inn til 9.31 etter å ha spurta forbi Fredrik Vaeng Røtnes på oppløpet.

 

Gloppen-leiarane var over seg av glede etter den totalt uventa medaljen. Og kanskje ikkje utan grunn: Det er berre eitt år sidan Vincent Sondre Førde byrja med friidrett.

– Det er faktisk første gong eg spring 3000 meter hinder i det heile teke. Eg skulle berre vere med for å prøve meg. No er det kanskje ei ny favorittøving, seier Førde.

 

I Gloppen oppdaga dei raskt at dei hadde å gjere med ein gut med ekstraordinær motor.

– Han er eit kjempetalent. Han er framleis berre 17 år. Det er heilt uverkeleg, seier Jørund Årdal og siktar til at Førde tok medalje i 19-årsklassen.

 

Les meir og sjå bilete av Vincent: http://www.nrk.no/sognogfjordane/her-er-han-i-ferd-med-a-overraske-alle-1.12501874


Bronse i stav til Daniel. 16.08.2015

 

Fredag 14.august og første dag på Junior-NM i friidrett på Byrkjelo. 

Bronse i stavhopp til Daniel Hessvik Holm (Svelgen T&IF) med resultatet 4,40. Gratulerer!

 


Svelgen seniordans 14.08.2015

Tirsdag 18.august startar vi opp med dans på Samfunnshuset. Som vanleg oppmøte på Keipenstova. Dansen tek til presis kl 1700 . Danseleiararane stiller mannsterke opp - Ester Ryland, Asbjørg Førde, Lillian Myren, Sissel Sundal, Olga Aarsnes, Anne Lise Gilleshammer. Velkommen til gamle og nye dansarar.

Tur til Klarlskaregga 12.08.2015

 

Søndag 16. august arrangerer Keipen Turlag fottur til Karlskaregga. Oppmøte er ved Langesjø kl.10.00.

 

Er du med på Turboktrim, så er dette ei fin anledning til å få klipt på denne toppen. Nydeleg utsikt frå Karlskaregga.

 

Turleiarar:

Steinar Isene   mob. 95 03 03 71

Arne Loftheim mob. 99 39 94 95


Sirkeltrening 11.08.2015

  

Sirkeltreninga startar oppatt i morgon, onsdag 12.august kl.19.30.

  

Vel møtt!




Svelgen Hotell – Lørdag 15.08   kl 20.00

Hildegunn & Leif-Per - ”Midtveis i livets swissrull”  

En av 90-tallets største revysuksesser er tilbake på scenen!

Hildegunn og Leif-Per turnerte fra 1998 til 2000 hele landet med sine absurde og hverdagslige betraktninger om livets trivialiteter. Men etter 130 000 solgte billetter, utallige radio- og tv-opptredener, cd-utgivelse og ca 50 reklamefilmer for Kid interiør, ble det nødvendig med en lang pause.

I år er det ti år siden Hildegunn og Leif-Per ble født, og dette feires med festforestillingen Midtveis i livets swissrull.

Hildegunn graver nok en gang i dypet av sin sjel, kun forstyrret av en lett avhengighet av nettfenomenet Facebook, yngstesønnens pokeravhengighet, naboens aktiviteter, samt det faktum at mannen er på vift med en høyt profilert norsk kjendiskvinne med gyllen glød i huden. Alt ispedd egenkomponerte sanger og krumspring.

 

Cover kr 350


Turen til Keipen er avlyst 08.08.2015

På grunn av dårlege vermeldingar er fotturen til Keipen i morgon avlyst, melder Svenn Petter Kjerpeset.

Fottur til Keipen 07.08.2015

   

Søndag 9.august arrangerer vi jubileumstur til Keipen.

Dette er ein lang og krevjande tur. Du må vere trent og fjellvand. Ein bereknar ca. 10-12 timar t/r.

 

Det er viktig med gode sko, vindtette kle, lue, vottar (sjølv om det er fint ver) og mat.

  

Om veret er dårleg, vert turen avlyst. Følg med på vår facebookside eller kontakt turleiarar.

 

Turleiarar:

Svenn Petter Kjerpeseth, mob. 95 89 85 65.

Steinar Isene, mob. 95 03 03 71.



A-laget spelar heimekamp tysdag 02.08.2015


Blir Svelgen sitt A-lag vinner av 6.divisjon?

  

Det ser lovande ut etter vårsesongen. 

   

Første kamp i haustsesongen er toppkamp mot tabelltoar Haugen, tysdag 04.august kl.19.00. 

  

Møt opp og støtt laget! 

  

 


Karaoke og Discotek på Ninas Kro

Lørdag 08.August fra kl.22:00 - til kl.02:00


Arrangementer Ninas Kro August og September 02.08.2015


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov