Arkiv Nov 2008

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Årsmøte Svelgen Turn og Idrettsforening. 13.11.2008

Vert halde på Svelgen Hotell tirsdag 09.12.2008 kl.18.00.

    Saklista finn du på STIF si side  her


1904 betalande tross uvèr med regn og haglbyger 31. mai

Då "Vikingarna" vitja Svelgen i 1991 30.11.2008

Dette er eit utdrag frå historieboka  "Heia STIF!" : ”STIF-dagane” i 1991 vart arrangert i tida 29. mai til 1. juni. Arrangementa byrja onsdag 29. mai med OL- marsj og barnekarneval, torsdag var det storbingo, medan fredagen var den store dagen. Som ein del av desse dagane arrangerte STIF i samarbeid med Svelgen Hotell ein dansegalla 31. mai med det kjende svenske danseorkesteret ”Vikingarna” med Christer Sjøgren (biletet) i spissen.

 

Dette var ei storhending både for Svelgen og nærområdet. Frå kl. 17 til kl. 20 gjekk det ringbuss i ruta Sande–Sentrum–Langeneset–Sentrum. Kl. 18 opna ein festivalområdet på storskuleplassen og der spela ”Open Roads” og ”Lundes Trio”. Kl. 20 skulle etter planen ”Vikingarna” kome på scena. STIF var teknisk arrangør ved dette arrangementet der ein selde 1904 billettar, men ein rekna med at om lag 1000 personar ikkje kom pga. dårleg vêr. Det regna under det meste av arrangementet og innimellom kom også nokre heftige haglbyger. Det var spesielt båtfolket ein rekna med heldt seg heime pga. uvêret. Billetten kosta kr 200 ved inngangen og var noko billegare om ein kjøpte den på førehand. Etter dansegallaen gjekk det ferjer både frå Isane og Kjelkenes til det ikkje var fleire bilar att. Dansen med ”Vikingarna” gav kr 67 500 i overskot til STIF, inkludert sal av mat og drikke.

  |

Laurdag var siste dagen for ”STIF-dagane” og då byrja ein kl. 10 med marknad på Samfunnshuset. Vidare var det utegrilling i sentrum, underhaldning frå trailerscene, trekning av hovudlotteri, fotballkamp og Circus Agora på grusbana. Laurdagskvelden var det dans både på Samfunnshuset og på Hotellet. Totalt på arrangementet ”STIF- dagane/Vikingarna” gjekk ein med eit overskot på kr 99 500. Dei tradisjonelle ”STIF-dagane” gjekk dermed med eit overskot på kr 32 000. Med i hovudkomiteen for dansegallaen var Geir Gjerde, Hans Rune Strandos og Olav Ommedal, medan STIF sine representantar var Magne Kjerpeseth og Asbjørn Sande. Også Båtforeininga og Caravanklubben var representert. Denne komiteen organiserte blant anna bygging av storscena på skuleplassen, noko som var eit stort løft."

  

På biletet under ynskjer dåværande ordførar, Roar Førde, med megafon, "Vikingarane" velkomne til Svelgen. Til høgre for Førde ser ein Erna Førde frå Svelgen Hotell.


Fine skiforhold ved lysløypa på Langesi. 30.11.2008

Thor Vidar Blix melder at det er fine skiforhold ved lysløypa på Langesi. Både hovudløypene og barneløypene er preparert, og det er mogleg å slå på lysa v.hj.a. trykkknapp på Karlskarstova.

Blix opplyser at det er litt lite snø på myra og ved brua, men eller supre forhold.


Skjønsmidlar frå Staten:

Bremanger får 15 millionar ekstra 28.11.2008

 

Tre Terra-kommuner, derav Bremanger,  fikk torsdag hjelp av staten til å håndtere den store gjeldsbyrden. Flere ekstramidler kan komme i 2009.

 

- Vi har et ansvar for å bidra til at kommunene oppfyller sittlovpålagte ansvar om å gi sine innbyggere et godt tjenestetilbud. Jeg ser ikke bort fra at det kan bli aktuelt å følge opp med nye bevilgninger neste år, sier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa til NTB.

De tre kommunene som nå får hjelp, etter å ha tapt flere hundre millioner i Terra-saken, er Vik, Hattfjelldal og Bremanger. Vik og Hattfjelldal får 8 millioner kroner hver i ekstraordinære skjønnsmidler i 2009, mens Bremanger får 15 millioner kroner. Kommunal- og regionaldepartementet gir også de tre kommunene bedre tid til å dekke inn underskuddet etter Terra-saken. Vik kommune får anledning til å dekke inn underskuddet sitt over åtte år, mens Bremanger og Hattfjelldal får ti år på seg.

Kommunene skal som hovedregel dekke inn underskudd i løpet av maksimalt fire år.

 

- Dette her har vi ventet i mange måneder på. Det er en lettelse at beslutningen om skjønnsmidler nå endelig er tatt, sier ordfører Kåre Olav Svarstad (Ap) i Bremanger til NTB .

Svarstad sier at Bremanger har laget en plan der utgiftene i 2009 er redusert med cirka 24 millioner kroner.

- Da har vi tatt hensyn til de 15 millionene. Innbyggerne vil nok merke reduksjonene, men hadde vi ikke fått de 15 millionene hadde det ikke vært mulig å opprettholde et forsvarlig tjenestetilbud, sier Svarstad.

Samtidig er han urolig over morarenter Terra-kommunene blir avkrevd fordi de har innstilt betalingen på sine DnB-lån.

- Departementet har bestemt at morarentene skal inn i budsjett og regnskap. Hvor store beløp dette er er usikkert, vi vet jo ikke hvor høy renten blir neste år. Men det kan fort bli et beløp som er større en skjønnsmidlene. Vi må i samarbeid med fylkesmannen gå inn og se på hvordan dette kan løses, sier Svarstad.

 

Kommunalministeren svarer slik på spørsmålet om det har vært fristende å si til disse kommunene at de får greie seg selv, all den tid det er egne økonomiske disposisjoner som er årsaken til at de er i en krevende situasjon:

- Jeg har vært meget tydelig på at det er kommunenes eget ansvar å rydde opp, og opprydningsarbeidet er allerede godt i gang. Men disse tre kommunene har hatt helt spesielle utfordringer og store tap. Innbyggerne må sikres det tilbudet de har krav på, sier hun.  Les meir i Kommunal Rapport.

 

 


Vil innføre eigedomsskatt i Bremanger 28.11.2008

Vil innføre eigedomsskatt i Bremanger Rådmann Tom Joensen rår til at det blir innført eigedomsskatt på faste eigedomar i heile Bremanger kommune frå skatteåret 2010. Som ROBEK-kommune må Bremanger i tillegg til å fokusere på moglege innsparingar også utnytte kommunen sitt inntektspotensial. Dette vil mellom anna vere ein føresetnad for fylkesmannen si vurdering i samband med tildeling av skjønnsmidlar. Å la vere å innføre eigedomsskatt vil såleis kunne få ein «dobbel» negativ effekt i høve til dei økonomiske råmene for kommunen, skriv Joensen i saksutgreiinga til politikarane i Bremanger. Tysdag skal dei ta stilling til saka i plan-og utviklingsutvalet. Bremanger-rådmannen vil ha ei avgjerd i kommunestyret før jul, då ei innføring av eigedomsskatt i heile kommunen krev eit omfattande og kostbart takseringsarbeid, som i tilfelle då må gjennomførast i 2009. Det er allereie teke høgde for dette arbeidet i budsjettframlegget for 2009, med ein million kroner. Beløpet er basert på erfaringstal frå andre kommunar.  Les meir i Firdaposten.

 


Svelgar i Mumbai då det small 27.11.2008

 

Egil Riber-Bremnes frå Svelgen var i Mumbai i India då terroristangrepa starta. – Det var voldsom aktivitet, kaos og blålys. Eg skjøna ikkje først kva som hadde skjedd.

 

Riber-Bremnes jobbar som produktingeniør for selskapet Rolls Royce Marine AS Power Electric Systems og bur i Bergen. Han har vore ti gongar i India på dei to siste åra. Han kom til Mumbai onsdag ifrå byen Cochin sør i regionen Kerala der han har jobba dei siste 14 dagane. Frå Mumbai skulle han vidare til Europa med det amerikanske flyselskapet North West.

– Utanfor flyplassen herska det kaos med blålys og sirener onsdags kvelden. Eg skjøna ikkje kva som stod på før eg kom inn på terminalen. Der fekk eg sjå på TV-skjermane at det var eit terrorangrep mot Taj Mahal hotellet i byen, seier Riber-Bremnes.  Les heile saka i Firdaposten.no

 


Gry Gulestøl vann Fjelltrimmen 2007/2008:

Til Sandsegga 202 gongar!! 27.11.2008

Gry Gulestøl har vunne Fjelltrimmen 2007/2008. Med 202 turar på Sandsegga sanka  ho seg 606 poeng og er klar vinnar!
Nr. 2 Arne Løvseth 462 poeng og nr. 3 Liv Sigdestad Brekke med 326 poeng.
På Kopenveggen kan du sjå lista over vinnarar på dei 9 postane. Keipen turlag har registrert 3982 besøk fordelt på 850 personar i FJELLTRIMMEN 2007/2008. Det er no lagt ut nye bøker, vi har starta på Fjelltrimmen 2008/2009. Der ligg bøker på desse stadane: Omvendeskaret, Sandsegga, Ivervatn, Risevatnet inste, Risevatnet 3,5 km, Moldahytta, Glubrystet,Ytrehusselet og Jakthytta på Ytrehus.
Velkommen til å delta. Kven vinn Fjelltrimmen 2008/2009?
Keipen turlag

JULEMESSE

KJELKENES   KVINNE- OG FAMILIELAG

HAR SI   TRADISJONELLE JULEMESSE

I TRUDVANG

SØNDAG 7. DESEMBER   KL 16

ANDAKT VED SOKNEPREST

 Tore Myklebust

TENNING AV JULEGRANA

KAKER, KAFFI OG BRUS!

TOMBOLA OG LODDSAL

DU ER VELKOMMEN!


Lys våken i kyrkjene 27.11.2008

Kyrkjekontoret i Svelgen og sokneråda i Svelgen, Kalvåg og Bremanger har invitert sjetteklassingane i Svelgen, Kalvåg og Bremanger til å vere med på Lys våken- adventsnatt i kyrkja . Frå laurdag 29.november til ca kl 12 søndag 30. november. Overnattinga vil skje i Svelgen kapell og Frøya kyrkje i Kalvåg. I Svelgen er femteklassingane og invitert.

 

Trusopplæringsreforma, Størst av alt, vil markere med dette arrangementet to ting. For det første er det kyrkja si nyårskveld, for det andre går no trusopplæringsreforma frå å vere i ein forsøk- og utviklingsfase til å bli ein lansdekjande reform som kjem til å bli innført i alle kyrkjerlydar i landet.

 

Lys våken er eit nasjonalt tiltak, med 31 000 inviterte barn og overnatting i 530 kyrkjer .

Lys våken er eit ledd i trusopplæringsreforma for alle døypte i kyrkja . Dei som ikkje ønskjer å delta står sjølvsagt fritt til det.

 

I Svelgen har invitasjonane gått ut til 27 barn, og i Ytre Bremanger til 24. Det blir både kyrkjelege ansatte, foreldre og andre frivillige med på arrangementet.

 

Navnet Lys våken betyr ikkje at barna skal vere lys vakne heile natta, men det handler om å være våken for det som skjer i oss og rundt oss. Det handler om å være lys våken ovenfor Gud, kvarandre og oss sjølve.

Å overnatte i kyrkja er ein spesiell oppleving, vi skal først bli kjent med kvarandre og kyrkja, ete god mat, ha hobbyverkstad, øve på ting til søndagens gudsteneste og andre kjekke aktivitetar.

Etter ei god natts søvn blir ein kanskje vekt av orgelbrus, for så å gå til dekka frukostbord.

Søndag blir det haldt Gudsteneste i Svelgen kl 11.00.

I Kalvåg blir det minigudsteneste kl 11.00.  

 

For dei som ikkje har meldt på enno, ring dei nummera som står på brevet. Eller ring kyrkjekontoret i Svelgen.

 

Vi håper at dette blir eit fint minne for livet for dei som deltek.  


Aukande folketal i Bremanger kommune 26.11.2008

Folketalet i Bremanger auka med 6 personar i 3.kvartal 2008, totalt er auken 13 personar for 1. til 3.kvartal. Sjå statistikken.


Meir salting på riksvegane ut frå Svelgen 25.11.2008

På fleire vegar i Sogn og Fjordane blir det meir salting og høgare beredskap i vinter. Det viser strategiplanen til Statens vegvesen.

Også på fylkesvegane blir krava til vinterstandard heva.

– Vi trur at resultatet skal bli meir nøgde bilistar, seier ingeniør i Statens vegvesen, Rune Henning Skår.

 

Standardhevinga gjeld spesielt ytre Sunnfjord, frå Naustdal og vestover.

Riksveg 5 frå Shellstasjonen i Florø til Naustdalstunnelen skal normalt vere snø- og isfri i vinter.

Tidlegare har kravet vore salting ved rimfrost.

– Vi ønskjer å få meir lik standard på heile strekninga Førde–Florø, seier Skår.

 

Rv. 614 Grov–Svelgen skal i vinter saltast ved rimfrost, det same skal Rv. 616 Isane-Bremanger. Begge desse strekningane har tidlegare hatt vanleg vinterveg-status.

Salting ved rimfrost blir det også på fylkesveg 548 Brandsøy-Samfunnshuset i Florø (tidlegare vinterveg). Men av miljøomsyn skal det ikkje saltast forbi Storevatnet.

Gladnytt frå vegvesenet er det også for dei som ferdast på fylkesvegane: Alle desse får no heva kravet til vinterdriftstandard, på lik linje med riksvegar.

 

– Tidlegare hadde Sogn og Fjordane eigen standard på fylkesvegane. Denne blir no fasa ut etter kvart som nye kontraktsområde blir lyste ut. I distrikt Fjordane er standardhevinga alt gjennomført i Hafs-området og i Nordfjord, og i vinter blir den innført i ytre Sunnfjord. Berre i indre Sunnfjord vil det no vere skilnad på fylkesvegar og riksvegar, men neste haust vil også dette område få vinterdriftstandard, fortel Skår. Les meir om vintervegane på Firda.no


21.11.2008

Vellykka nattcup i Svelgen Idrettshus. 25.11.2008

 

 

     Les meir og sjå bilder på STIF si side her


Lutafiskaften på Svelgen hotell laurdag 25.11.2008

Svelgen Hotell minner om lutafiskaften med dans kommande laurdag.

Musikk: Light & Music (sjå omtale lenger nede på svelgen.no)

Lutefisk eller pinnekjøttallerken for kr 280,-  inkl. dans

Bordbestilling 57 79 65 20

 

Velkomne!



Fylkesleiar Bjørn Lødemel (H) etter møte i Svelgen:

Erna Solberg til Svelgen i januar 24.11.2008

Fylkesleiar og stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre - Bjørn Lødemel:

- Høgre godt i gang med kystvegsatsing – vellukka møte i Svelgen

- Eg er svært godt nøgd med korleis dialogen med det lokale næringslivet, næringsorganisasjonane og sentrale lokalpolitikarar er kome så langt. Etter møta og synfaringa i Svelgen på onsdag, meiner eg vi er komne viktige skritt vidare i arbeidet med å leggje grunnlaget for konkret utbygging av Kystvegen. I tillegg til det som er prioritert i Nasjonal Transportplan (NTP) og framlegget til statsbudsjett for 2009, som er m.a. oppstart på Dalsfjordsambandet og Bremanger 2, ligg det no til rette for å få resten av strekninga mellom Måløy og Florø skikkeleg på kartet. Dette gjeld særleg parsellen mellom Svelgen i Bremanger og Grov i Flora. Det er avgjerande viktig for utviklinga på kysten at det litt utradisjonelle spleiselaget for å få

mykje betre veg strekninga Måløy – Svelgen – Florø kjem på plass, seier Høgres Bjørn Lødemel.

20 millionar kroner i oppstartløyving for Bremanger 2 i 2009

Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker, som er medlem av samferdslekomiteen, var onsdag denne veka i Svelgen – saman med Høgre sine stortingskandidatar Bjørn Lødemel og Jacob Nødseth frå Florø. Høgre vil allereie i sitt framlegg til alternativt statsbudsjett løyve 20 millionar kroner ekstra til Bremanger 2.

200 millionar kroner i statleg næring/vegpakke

- Sogn og Fjordane Høgre har fått godt gehør hos Høgre sentralt i dette arbeidet. Men viktigast her er at partiet vil leggje fram eige framlegg på Stortinget om ei løyving på 200 millionar kroner særskilt som ei næring-/samferdslesatsing for neste steg i Bremangersambandet. Vegpakka for dette er presentert av næringsorganisasjonanesom eit spleiselag med fleire partar – for å kunne realisere 45minuttsregionen her på kysten, meiner Lødemel.

Erna til Svelgen og kysten i januar

- Partileiar Erna Solberg kjem til Svelgen truleg i slutten av januar for å sjå dette med eigne auge og bidra til å setje fokus på kystvegsatsinga. Dette viser at partiet heilt til topps støtter opp om dette, slik at vi har ryggdekning for å jobbe målretta med dette framover, seier Høgre sin stortingskandidat.

- Å realisere Kystvegen er eit visjonært og langsiktig prosjekt. Som ordførar i Hornindal kommune har eg vore med i det strategiske arbeidet med å realisere Kvivsvegen frå Grodås til Volda. Erfaringa frå det er at ein må leggje stein på stein – samt jobbe målretta og tverrpolitisk i lag med andre. Framlegget til statsbudsjett har med dei viktige delstrekningane Bremanger 2 og Dalsfjordsambandet. Skal vi få til meir enn dette meiner eg vi må ta

tak i dei mest påkrevjande parsellane – og då peikar ”Bremanger 3”-pakka seg naturleg ut. For pakkeløysinga der næringslivet og andre lokale krefter går saman om vesentleg betre veg enkelt sagt ovafor og nedafor Svelgen,

er avgjerande viktig for å utløyse vekstpotensialt og leggje grunnlaget for den moglege Solar-satsinga til Elkem i Bremanger, sluttar Lødemel av.

 


Tenning av julegran og julekafè 29.11 24.11.2008

VI TENNER JULEGRANA

OG HAR OPEN JULEKAFE`

 

 

 

Svelgen skulemusikk har open JULEKAFE i samfunnshuset laurdag 29. november

frå kl. 12.00 til kl 16.00

 

Salg av kaffi, brus og kaker.

 

Salg av risengrynsgraut.

 

Åresalg og salg av 21-lodd

 

 

 

Kl. 16.00:   Tenning av julegrana ved samfunnshuset.

Skulemusikken spelar.

 


Bakstekoner på Keipenstova 24.11.2008

På Keipenstova har pensjonistane i dag hatt bakedag og på bildet ser vi bakstekonene (fra venstre) Ester Ryland, Åse Eikeset og Margareth Hjalte i sving med krumkakene. 


 

Bremanger Musikklag med band og vokalistar,

inviterer til

 

Julekonsert

 

med amerikansk vri!

 

Bremangerhallen fredag 05.12 kl. 1930

Svelgen samfunnshus laurdag 06.12 kl 1600

Billettpris:

vaksen kr. 180,-

frå 6 – 16 år: kr. 70,- (under 6 år gratis)

                                         .                                              

 

Vi presenterar kjente og kjære julesongar

som: Jingle bells, It`s Christmas time, Julekveldsvisa,

m. fleire

Få god julestemning saman med oss!


Husk konserten i morgon! 21.11.2008

Husk korkafeen i morgon - laurdag 22.november kl.1600 på Samfunnshuset.
Stårheim sangkor med sin fantastiske dirigent og solist Olga Pavlova vitjar Svelgen.
Det vert også konsert av "Tastamentet"!
K affe og kaker vert å få kjøpt!

Melding frå verksleiinga:

Øving ved Elkem Bremanger 21.11.2008

Det vert i dag, fredag 21.11, mellom klokka 1730 og 2000 halde ei øving ved Elkem Bremanger. Under øvinga vil det mellom anna verte nytta blålys og røyk.

Dette til orientering.


- Fantastisk jubileumsfilm! 21.11.2008

For  ein fantastisk jubileumsfilm. Eg var berre tre år då  alt dette hende, men ein del minnest eg som det skulle ha vore i går.

Det var fri ferdsel på anleggsområdet den gongen, noko som kunne vere både godt og gale. Om søndags-ettermiddagen var det vanleg at foreldra tok med seg borna på søndagstur. Arealet ein hadde å områ seg på nede i bygda var så lite at det måtte utnyttast maksimalt, d.v.s. frå Rise-leet  og til  BK sitt naust som låg i bukta i nordenden av den gamle slagtippen. Det eg minnest best er dykkaren. Han var eit skræmeleg syn for ein tre-åring. Prammen vart verande att i Svelgen etter anleggstida og fortøygd  i fjøra ved den gamle trebryggja som fylkesbåtane nytta. Han vart eit ynda badebasseng for den yngre generasjon på varme sommardagar.

Takk for ei sterk og varm oppleving. Musikken var midt i blink. Heile inntrykket gjorde meg litt våt i augekrokane.

Kåre Kjelkenes.


Nattcup i Svelgen Idrettshus.. 17.11.2008

 

          Fredag 21.november vært det Nattcup!

   

             Les meir på STIF si side her


Danseband frå Bulgaria heile desember 19.11.2008

Svelgen Hotell byr på dansemusikk kvar kveld i heile resten av november og heile desember. Bandet Licht & music frå Bulgaria har i mange år underhaldt på ulike plasser rundt om i Europa.

Kvar kveld, forutan søndagar, vil dei framover spele på Svelgen hotell.

Svelgen hotell byr i år på julebord den 6.12. og 13 desember.

I tillegg har vi juletallerken kvar dag.

 

 Velkomne til Svelgen Hotell !


Offentleg ettersyn

Endring i reguleringsplan for Svelgen sentrum 19.11.2008

Plan- og utviklingsutvalet i Bremanger kommune har. jf.Pl.b.l. § 27-1, den 28.10.08 vedteke framlegg til endring av reguleringsplanen for Svelgen sentrum. Planområdet ligg nord for stadion og er på ca 10 daa. Føremålet med endringa er å leggje til rette areal for planlagt bygg for forretningar/kontor/bustader. Endringa gjer m.a. at regulert friområde vert minska.
Det er verksemda Delta AS som ynskjer å bygge ei tre etasjes bygnining til forretning, bustadar (20 bueiningar) og kontor. Bygget vil ligge åtte meter frå helsehuset. Dr. Shanker og Dr. Giri har merknad til det planlagde nybygget grunna dårlegare parkeringstilhøve og ambulansetilkomst, innsikt på kontora og meiner tiltaket er i strid med deira leigeavtale med Bremanger kommune som dei leiger tomt av.
Kommunen skriv i si vurdering at ein vil prøve å bøte på ulempene i samband med byggjesaka for nybygget.
STIF har også sendt merknad og peikar på at det bør leggast til rette for friområde nord for stadion, kastøving med spyd, parkering og bygg for garderobe/lager, kiosk og klubbkontor.  I kommunen si vurdering av denne merknaden heiter det mellom anna at "Friområdet nord for stadion vil måtte tilretteleggast for leik for småborn i samband med husvere i planlagt bygg. Bruk av kastsone for spyd vil bli aktualisert dersom stadion får kunstgradbane og tilhøva for fleirbruk blir redusert."  Vidare står det; " Med omsyn til friområdet ved stadion vil dette bli redusert. Det er likevel god tilgang på friområde og parkområde elles i sentrum og friområdet knyter seg vestover og austover langs sjølinja ved regulert strandpromenade/gangveg. Areal for bygg til STIF vil vere vanskeleg å innarbeide i sentrum, skriv kommunen som også legg til at STIF og publikum kan nytte seg av dei 53 nye parkeringsplassane som vil komme i tilknytning til Delta AS sitt nybygg.
Grunneigarane Atle Rise og Andreas Rise har i ein merknad peikt på tinglyst avtale om rett til tømmervelteplass på 1600 kvadrat og inntil 60 meters strandlinje.  I kommunen si vurdering heiter det at den nye reguleringa vil komme i konflikt med retten til velteplass, og at det må takast opp tingingar med grunneigarane.
Planen er lagt ut til ettersyn på Rådhuset i Svelgen fram til 22.12.08. Evt. merknadar til planen sender ein til Bremanger kommune, PB 104, 6721 Svelgen. Ved spørsmål til planen, ring arealplanleggjar tlf. 57796386.
 

 

Her kan du sjå sakstilfanget.

 


Julemøte Hørselslaget 19.11.2008

Flora og Bremanger Hørselslag inviterer medlemmer m/følge til julemøte på Samfunnshuset i Florø søndag 7. desember kl. 1700.

 

Det vert servert juletallerken, kaffi og kaker. Lett underhaldning. Pris pr. pers. kr. 225,-.  Påmelding innan 1. desember til Jan Eirik Strømmen tlf. 57795516/90540770, eller Magne Sandvik tlf. 57749105 (kveld)

 

Alle hjarteleg velkomne!


Medlemsutstilling - Svelgen Kunstlag 19.11.2008

 

YNSKJER ALLE

Velkommen til

Medlemsutstillinga 2008

28. – 30. NOV.

Salgsutstilling

Svelgen Samfunnshus

Småsalen

 

Fredag    28. nov. -  kl 18 oo – 21 oo

Laurdag 29. nov. -  kl 11 oo – 17 oo

     Søndag  30. nov. -  kl 14 oo – 18 oo

 

Nytt høve, kom oppom Småsalen og sjå ei fin og spennande kunstutstilling

der fleire lokale kunstnarar stiller ut bileta sine, nokre for aller fyrste gong.

 

Styret i Svelgen Kunstlag


Korkafe i Svelgen lørdag

 

 

 

-

 

Laurdag 22. november kl 16.00 innbyr Stårheim songlag til korkafe i Svelgen Samfunnshus.   Koret har delteke på liknande arrangement i dei fleste Nordfjordkommunane, men dette er første gongen vi opptrer i Svelgen.  

 

Stårheim Songlag vert dirigert av russiske Olga Pavlova, og Olga skal ha stor honnør for den positive utviklinga songlaget har hatt under hennar leiing. Forutan å vere dirigent, trakterer Olga både fiolin og piano. Koret har over 50 medlemmer frå heile Eid kommune, og er såleis eitt av dei største kora i Sogn og Fjordane.   Repertoar er variert, med både norske og utanlandske rytmer – men glansnummera er nok dei russiske folkemelodiane med Olga Pavlova som sjølvskreven solist.

 

Orkesteret Tastamentet stiller trufast med akkompagnement for songlaget, og på korkafeen vil dei også underhalde med si eiga avdeling. Vi lovar ein triveleg ettermiddag for dei som møter fram i Svelgen Samfunnhus på laurdag!

 

Stårheim songlag


- Takk for flott bildeserie 19.11.2008

Vi har med stor glede sett på bildeserien som syner starten på jarnproduksjonen i Svelgen i 1928. Samansetninga av bilder, tekst og musikk var flott, interessant og lærerikt. Det var imponerande god kvalitet på bildene. Takk til dei som har laga dette.

Helsing
Arnar Kjelkenes og Eli Tideman

Stem fram di eldsjel til "Idrettsgallaen 2008" 17.11.2008

Også for 2008 skal det kårast ei "årets ildsjel" på Idrettsgallaen til Norges Idrettsforbund. Les meir om prisen her, og her kan du stemme fram din kandidat. OBS: max 80 ord.

 

I Svelgen har idrettslaget mange eldsjeler som står på mange timar i veka. Men når det gjeld eldsjeler i Svelgen TIF, er det vanskeleg å kome utanfor 70-årsjubilanten Ingvald Ytrehus, som har over 40 års innsats for STIF og idretten. Om du ønskjer å stemme på Ingvald finn du info om han ved å klikke her. 

 

Det er umogleg å beskrive Ingvald sin idrettsinnsats med 80 ord, men gjer eit forsøk om du meinar han fortener ei ny utmerking. Om du ikkje har tid til å formulere dine eigne ord, vil du her finne tre alternativ til 80 ord du kan bruke.


Kunstbygda Vevring inviterer Verda 19.11.2008

 

 

  Vevringutstillinga feirer 30-årsjubileum 18.-20.september 2009:

 

Alle kunstnarar som har stilt ut på Vevringutstillinga, frå inn -og utland, er invitert til 30 års- jubileet.

Og inn til Vevring renn det ivrige JA- svar:

Siste vekene har 60 kunstnarar meldt at dei kjem, og kvar dag melder det seg fleire!

 

Gjennom 30 år har Vevring   og Vevringutstillinga tilbydd publikum eit møte med   norsk og internasjonal kunsthandverk, samtidskunst og kunstnarar, i rammene av spektakulær natur .

 

Kring   300 kunstnarar har stilt ut, og 50-60.000 menneske har vore publikum – og med å skape det særprega kunst og kultur- fenomenet, det eventyret   Vevringutstillinga er.

 

Vevringutstillinga er svært godt kjend i kunstnarkretsar både i Noreg og utlandet, og har gjennom 30 år bygd opp ei merkevare og eit rennome som også større deler av regionen dreg nytte av.

 

Invitasjonane gjekk ut i september, frå mange land rislar glade Ja-svar over Vevring, hittil 60, kvar dag kjem nye svar.

 

Ei veldig kunst -mønstring er under oppbygging i Vevring:

Vakre Vevring skal fyllast med kunst, heile bygda – inne og ute,   skal takast i bruk til utstilling og oppleving av samtidskunst, kunsthandverk og musikk.

Eit   storslått møte mellom landskap, menneske og kultur.

Fjordgrendene skal flyte av folk 18.-20 september!

Vevringutstillinga oppfordrar alle til å feste seg ved denne hausthelga!

 

 

Kontaktpersonar for Vevringutstillinga:

 

Cathrine Andressen

Mob: 99599918

 

Wenche Wefring

Mob: 91530687

E- post: utstillinga@vevring.no

www.vevringutstillinga.no


Firdaposten sine bilete frå Elkem-festen 16.11.2008

Firdaposten

Friidrettsgruppa med fin markering for Ingvald 15.11.2008

Friidrettgruppa i STIF hadde onsdag 12/11 laga til ei flott markering av 70-årsjubilanten Ingvald Ytrehus. Les meir om dette på STIF-sida.  Klikk her om du ikkje har sett framsyninga med tekst og bilete frå jubilanten sin innsats på idrettsbana.


Elkem Bremanger 80 år i dag:

Gratulerer med dagen!! 14.11.2008

14. november 1928 vart det fyrste jernet "Van Tit"  tappa ved smelteverket i Svelgen. Dermed er det i dag 80 år sidan starten på det som i dag er Elkem Bremanger. Dagen vil bli feira med stor festivitas på Svelgen Idrettshus i kveld.

 

 

Svelgen.no har fått lov å vise ein heilt ny bildeserie som Elkem Bremanger har laga i høve jubileumet. Den kan du sjå her: .FOTOSERIE.. . (Husk å ha på lyden!)Sjå også nøye på dei to nederste bilda som begge er tatt frå Kruna med kring 65 års mellomrom! 

 

 

I anledning 80 års dagen tar vi med litt historikk om hjørnesteinsbedrifta som er grunnlaget for bygda vår. Om starten på det heile står det i heftet Magni Lothe har skrive, følgjande:

Skipsreiar Wilhelm Jebsen, medeigar og styremeldem i AS Bremanger Kraftselskab og direktør for Christiania Spigerverk, Gunnar Schjelderup, kjøpte Rødsand Gruber i Romsdal i desember i 1926 med private midlar. Den unytta krafta i Svelgen skulle brukast til smelting av malmen frå Rausand. Dr. ing. Jørgen H. Andersen var administrerande direktør i selskapet frå 1923. Ein kan vel trygt seie at desse tre var drivkreftene bak det nye interessent selskapet som vart skipa – Bremanger Rujernsverk.

Eit relieff som no heng i gangen framfor storsalen i Svelgen samfunnshus, viser det opphavlege smelteverket og desse tre karane.

Nokre års dvale var over. Allereie tidleg i 1927 byrja førearbeidet til smelteverket som skulle byggast, og etter kort tid var anleggsarbeidet i staden i full gang. Opplæring av driftmannskap til den elektriske smelteomnen gjekk føre seg i Oslo ved Christiania Spigerverk der ingeniørane Georg Tysland og Ivar Hole hadde konstruert ein ny omn. Dei stod her for eit pionerarbeid innan elektrisk rujernssmelting. Dei leia også bygginga av den såkalla Tysland/Hole-omnen i Svelgen. Dette var dei to fyrste teknisk brukbare elektriske rujernsomnane i verda. Omnen i Svelgen var i drift i rundt 30 år.

14. november 1928 vart det fyrste jernet tappa ved fabrikken. Som handelsvare fekk det nye rujernet namnet "VanTit" avdi malmen frå Rødsand Gruber inneheldt vanadium og titan. Det var ny teknologi som her vart utprøvd, difor oppstod det ofte tekniske problem.

Manglande erfaring og kunnskap om virkningane av den nye teknologien var truleg årsak til ein slaggeksplosjon ved omnshuset. Ulukka skjedde den 17. November 1929 og seks mann miste livet.

I den mørkaste depresjonstida på 30 talet var det vanskeleg å marknadsføre eit nytt produkt. Verket kom i økonomiske vanskar, og ved ei refinansiering i 1933 trekte Christiania Spigerverk seg som interessent. Etter hausten 1933 var rujernsverket i drift utan avbrot eller nemneverdige opphald. Salet på verdsmarknaden gjekk lettare, og rekneskapet kom nær i balanse i åra før krigen. I 1936 hadde verket 166 tilsette. Heile historia kan du lese under linken "Historie" på menyen til venstre.

Foto: Anita Ingebrigtsen


Direktør Svein Sundsbø i Norsk Industri:

Ynskjer regn og politisk handling 14.11.2008

 

- Fleire rammeviklår er viktig for industrien; den økonomiske politikken, vegar og utdanning. Men ingenting er viktigare enn regnet og vasskrafta.

 

Det var direktør for industripolitisk avdeling i Norsk Industri, Svein Sundsbø sitt mantra under Stongfjordseminaret i går.  Den tidlegare landbruksministeren i Willoch-regjeringa på 80-talet, snakka varmt om den elektriske krafta som den desidert viktigaste føresetnaden for at det i framtida skal vere industri i Sogn og Fjordane og i Norge. Gjennom eit historisk tilbakeblikk viste Sundsbø kor viktig vasskrafta har vore for industrisamfunn som Høyanger, Svelgen og Årdal.  - Regn og el-kraft har gjort til at vi har fått utvikla teknologi som igjen gjer oss i stand til å utvikle solar. Dermed har vi no ei leiande rolle innan utvikling av solarindustri, sa han, og sikta mellom anna til planane om solarfabrikk i Svelgen.

- Industrikraftregimet er ikkje i hamn, trass regjeringa sine tre år gamle lovnader. Vi står altså på staden kvil. Alternativet kan bli utflagging av fleire deler av norsk industri, t.d. aluminiumproduksjonen. Og vi har rekna på akkurat det, og det er absolutt ikkje til det gode for landet, slo han ironisk fast.  Les heile artikkelen i Firda.


Ålfotingar vil ha kraftlinja til Svelgen 14.11.2008

Grunneigarane i Førde i Ålfoten vil ikkje akseptere planane til Statnett om ei kraftlinje gjennom Førdedalen. -Dette er urørt natur og vil rasere området. Vi kjem aldri til å akseptere at linje vert bygd gjennom dalen, seier grunneigarane.
Kraftlinja som Statnett har under planlegging mellom Fardal i Sogn til Ørskog i Møre og Romsdal har fått motbør mange stader.

At det er behov for energi har grunneigarlaget i Ålfoten full forståing for, men dei nektar å akseptere at denne kraftlinja absolutt må plasserast gjennom nærast urørt natur på deira utmark.

Dei meiner at det er andre og kanskje betre løysingar som burde vore teke med i utgreiinga når det gjeld denne kraftlinja.

- Her i vårt område er det Elkem som har behov for energi og dermed må kraftlinja leggjast så nær Svelgen som mogeleg. Det kan Statnett få til ved å endre traseen, med ei kryssing av Nordfjord lenger vest, og la linja gå frå Svelgen i retning Grov, utan at den skal innom våre område, seier Martin K. Førde.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende fredag 14. november.

Svelgen med i breibandssjekk 14.11.2008

Svelgen er ein av stadane "Dagens IT" har sjekka for breibandsdekning, saman med andre storbyar som Bergen, Trondheim, Kristiansand, Stavanger og hovudstaden. Målet var å finne ut kven som var best leverandør av Telenor, Netcom og Ice.   Se resultatene her (TV2)

 .   


Stortingsrepresentant Forstervoll har vitja Svelgen:

- Kystvegen godt døme på god næringspolitikk 13.11.2008

Tord Lien og Kåre Fostervold, stortingspresentantar frå Framstegspartiet, gjorde ei stor oppdaging då dei besøkte Elkem og Svelgen tysdag.  Det melder Firdaposten i dag.

– Planane om ein ny kystveg er eit kjempegodt døme på korleis eit samferdsleprosjekt kan bli god næringspolitikk, meiner Fostervold (bildet) som også er industripolitisk talsmann for Frp.

Meir kjend med situasjonen var nok tredjemann Oddvar Reiakvam, som for tida vikarierer for Frp for Sogn og Fjordane på Stortinget.

Med turen utfordrar også Frp Arbeidarpartiet og Ap-bastionen Bremanger på industripolitikk. Investeringane til Elkem og andre i den kraftkrevjande industrien har stogga nesten opp i vente på ei avklaring av meir langsiktige rammer for industrien. Frp sitt standpunkt er at norske bedrifter ikkje skal betale meir i Co2-avgift enn andre vestlege land.


Kulturnatt i Nordfjord - avlysing av kinoframsyning og filmkafe 13.11.2008

Då dei fleste vaksne i Svelgen er invitert til fest i Svelgen Idrettshus i høve Elkem sitt 80 års jubileum, ser vi oss nøydd til å avlyse kinoframsyninga på samfunnshuset og den påfølgande filmkafeen på Keipenstova.
Tilbodet i Rådhusfoajeen med kveldsope bibliotek og tilbod til ungdom i ungdomsklubben vil gå som oppsett.
 
Kulturkontoret
Margun Indrehus

Ingvald rundar 70 år laurdag 12.11.2008

Laurdag 15/11 fyller Ingvald Ytrehus 70 år. På vegne av heile Svelgen vil vi ynskje Ingvald til lukke med dagen! Svært mange som har vakse opp i Svelgen har eit forhold til Ingvald, enten som lærar eller som eldsjel innan idrettslaget.

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å bli med på ei ”reise” i tekst og bilde gjennom noko av Ingvald sitt lange idrettsliv.  Klikk her for sjå framsyninga med tekst og bilete frå jubilanten sin innsats på idrettsbana.

 

Med ”ordinært heimebreiband” vil det nok ta 1-2 minutt (+/-) å opne fila. Om du vil sjå framsyninga i full skjerm (anbefalast) , velger du: ”Bla gjennom” (e.l.) og deretter ”Full skjerm” etter framsyninga har starta. Du kan sjølv bla gjennom i eige tempo v.hj.a. ”mellomromstasten” på tastaturet.

  

Biletet nedanfor er teke i 2008, og syner f.v. Daniel Hessvik Holm, Ingvald Ytrehus og Pål Valberg.



Åshild Kjelsnes (Ap):

- Høgre nektar å prioritere Kystveg framfor Olden 12.11.2008

Høgre har i det siste kome med fleire løfte kring vegar her i fylket og elles i landet.

Mellom anna lovar partiet 200 millionar meir til kystvegen mellom Florø og Måløy og ei auke i vegløyvingane på landsbasis på ein milliard kroner utover det den raud-grøne regjeringa vil ha i statsbudsjettet.

 

Men sjølv om høgreleiar Bjørn Lødemel lovar pengar til vegen mellom Florø og Måløy nektar han å klargjere om Olden - Innvik bør byggast før denne.

- Det er jo klart at det er mykje enklare å seie at ein berre skal kome opp med løyvingar utan at ein eigentleg er i posisjon til det, og så sleppe å seie at ein vil prioritere noko som helst, seier Åshild Kjelsnes som sit i samferdsleutvalet for Ap.

Ho meiner vegløfta til Høgre ber preg av at dei slepp å ta ansvar.

- Frå vår si side har vi sagt veldig klart at prioriteringane står fast. Vi må kunne vere til å stole på, og ikkje vingle frå det eine til det andre. Så jobbar vi kontinuerleg for å prøve å få løyst Svelgen - Grov på andre måtar, seier Kjelsnes til NRK Sogn og Fjordane.

 


Kreativitet og pågangsmot gir resultat:

REALEN I STADIG UTVIKLING 12.11.2008

 

 

Eit lågt årsbudsjett etter Terra-saka gjorde at det ikkje var mykje muligheiter om vidareutvikling av tilboda i ungdomsklubben. Ungdommen hadde likevel mange ynskje om kva dei ville ha gjort i klubben, og klubbleiar Anita Løver søkte difor eksterne midlar alle stadar ho kom over. Dette har ført til at både landsdekkande organisasjonar og lokale bedrifter har støtte opp under klubben, og fått drift i planane om utvikling.

 

I fjor var det ny rockeverkstad som stod på ynskjelista. Store summar vart delegerte til ungdomsklubben frå større organisasjonar, og alt utstyret vart bytta ut. I dag er verkstaden nytta av både ungdomane sine lokalband, og andre medlem.

 

Årets store prosjekt gjekk ut på å skape eit rom der film skulle vere i fokus. Heilt nytt utstyr, beståande av ein prosjektor, eit kraftig surroundanlegg og eit stort lerret fekk etter kvart plass inne i rommet. I tillegg vart det rigga til med sitjeplassar til filmglade ungdommar.

 

Fredag 10. oktober var det offesiell opning av filmrommet, og rommet vart etter kvart fylt opp av medlemmar som var svært nøgde med den nye filmopplevinga dei vart tildelte. Klubbleiar Anita Løver er sikker på at dette vert ein suksess, og er kjempenøgd. Ho kan også fortelje at medlemmar er velkomne til å låne filmrommet utanom opningstider.

 

Sjølv om årets planar no har blitt fullførte, er dei allereie i gang med neste års prosjekt: nemlig å fornye heile diskoteket i kjellaren. Ungdomsklubben i Svelgen viser tydeleg at ein kan komme langt med litt pågangsmot!

 

 

Marte Ytrehus Førde


STIF sida 12.11.2008

  På STIF sida vår er det lagt ut diverse informasjoner. Her finner de no oversikt

  over treningstider og medlem - og treningsavgifter.

 

  STIF hovedside , Treningstider , Medlem - Treningsavgifter

 

  Treningstider ligg under STIF Anlegg og Svelgen Idretshus.

                             Medlem - og Treningsavgifter ligg under Aktuelt.

 

Ellers så ligg alle undergruppen til STIF under STIF GRUPPER fra hovedsida.

 


Truleg 18 asylsøkarar til Svelgen 11.11.2008

Det vart ikkje noko rabalder under folkemøtet om asylmottak i Kalvåg. Ingen frå aksjonsgruppa kom på møtet. I Svelgen har Lopex planar om å plassere 18 asylsøkjarar, men her er det ikkje inngått avtale med huseigarar
Sist det var folkemøte om asylmottak i Kalvåg kom det tydeleg fram at motstandarane var i klart fleirtal. Då utlendingsdirektoratet og Lopex arrangerte folkemøte måndag kveld var det lite respons frå tilhøyrarane.

Ingen frå aksjonsgruppa mot asylmottak i Kalvåg viste seg på folkemøte og etter at arrangørane hadde informert grundig, var det berre ein fire -fem av tilhøyrarane som tok ordet.

Det som kom fram var at i den desentraliserte modellen vil asylsøkjarane verte fordelte utover i kommunen. 30 asylsøkjarar kjem til å verte plasserte i Kalvåg. Det same talet er planlagt i Bremanger, der Lopex har gjort avtale med Igland Hyttegrend, samt ein annan huseigar. I Svelgen har Lopex planar om å plassere 18 asylsøkjarar, men her er det ikkje inngått avtale med huseigarar. På Davik er det gjort avtale om å plassere 12 asylsøkjarar i to husvære. Totalt er det dermed 90 plassar til asylsøkjarar i Bremanger kommune.

På møtet kom det også fram at fem personar er knytte til mottaket i Bremanger kommune. Alf Haakon Harlem er mottaksleiar, Margret Frøyen er informasjonsansvarleg. Til ansvarleg for miljø, barn og ungdom er Trond Strand tilsett. Geir Holte får ansvaret for økonomien, og tilsynsansvarleg vert Ann Helen Førde.

Les meir om folkemøtet i onsdagsavisa til Fjordenes Tidende.

Førjulstreff for pensjonistane 11.11.2008

 

Svelgen Pensjonistlag arrangerer førjulstreff på Svelgen Hotell onsdag 26. november kl. 1800

Program:

·         Velkommen

·         Julemat

·         Kaffi og kake

·         Allsang

·         Kåseri: Jostein Midtbø

·         Seniordansarane

·         Underhaldningsgruppa

·         Lynlotteri

·         Trekkspelklubben - Dans

Dei som ikkje har meldt seg på til festen kan gjere dette til Svelgen Hotell tlf. 57793301, eller skrive seg på lista på Keipenstova

Pris kr. 210,-

Velkommen til pensjonistfest!


Ingen treninger i idrettshuset fra og med onsdag.. 09.11.2008

 

       Les meir på STIF si side her


Slår ikkje av veglysa i Bremanger 10.11.2008

Ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) trur at den Terra-råka kommunen skal komme seg gjennom dei neste ti åra utan dramatiske kutt og eit sterkt redusert tenestetilbod. Det er skjønsmidlar som er nøkkelen.
Svarstad har registrert at ei av dei andre Terra-kommunane, Narvik vil gå mot ein vinter med mørklagde vegar, slik vert det ikkje i Bremanger:

- Nei, det har vi ikkje tenkt på ein gong. Vi har vedteke ein økonomiplan for dei kommande fire åra, og har også ein plan som strekkjer seg framtil 2018. Det vi håpar er sjølvsagt at vi har lagt bak oss Terra-saka lenge før den tid, seier ordføraren.

Nokre seksjonar har fått redusert sine budsjett frå inneverande år. Blant desse er sentraladministrasjonen, teknisk seksjon, og fellespotten for skular og barnehagar. Budsjettet for 2009 balanserer på litt over 171 millionar kroner, det er ganske nøyaktig seks millionar kroner mindre enn budsjettet for 2008.

Det rekneskapsførte underskotet etter Terra-investeringar er på vel 230 millionar kroner, dette er fordelt utover og skal dekkast inn mellom 2009 og 2018.

- Vi har gjort nokre grep i år, og dei får vi effekt på i siste halvår, men gjev oss innsparingar på drifta for fullt frå 2009. Vi har press på oss frå Fylkesmannen som følgje av dei høge Kostra-tala våre, og det gjer at vi kjem til å sjå nøye på om det kan gjerast tiltak som reduserer kostnadene, opplyser Svarstad.

Les heile saka i Fjordenes Tidende måndag 10.november


Meir telefontrøbbel til legekontoret 10.11.2008

Leser at det er vanskelig å få tak i legekontoret.

Det er ikkje berre vanskelig å kome i gjennom på telefon der, men er du så uheldig å vere på ferie eller besøk i Svelgen så er det best å ikkje bli sjuk.

 

Er du heldig å komme i gjennom å spør om ein doktortime får ein skikkelig bakoversveis.

Det er kul umulig å komme inn til ein doktor der. Får beskjed om at ein må til fastlegen din sjølv om det er mange mil til der ein har fastlege.

 

Ikkje får ein ta blodprøve der ein gang som i enkelte tilfeller er livsnødvendig pga sjukdom.

Benkers svar er at ein må  til legevakta i Bremanger!

Har Svelgen aldri vakta??????

 

Dette er ikkje vanlig andre plasser der får ein time uansett kven som er fastlegen din .

Det som er då er at timesprisen på litt meir kroner.

All livsforlengande undersøkelser og medisin får ein nesten på timen. Der får ein til svar at dette er noko som dei ikkje kan nekte folk.

 

Har aldri vert borti eller hørt om liknande tilfeller av behandling av folk som treng doktor eller må ha medisin nokon gang.

Følelsen ein sitt at med etter samtale    i telefonen til legekontoret er at har du ikkje fastlege i Svelgen, så kan du ha det så godt. Enda verre er det vist ein har flytta vekk frå Svelgen. Då må du besøke venner og familie på eget ansvar uten å trenge doktor.

Kristin Smestad


Symjehistoria i Sogn og Fjordane 10.11.2008

På nettavisa  Porten.no frå Årdal har du no høve til å lese nokre historier frå symjemiljøet i Sogn og Fjordane på 60-talet, der STIF og IL Jotun var dei leiande klubbane.

 

På Porten.no kan ein og sjå eit bilete av nokre symjejenter frå STIF og Jotun. STIF-jentene er dei fire til høgre på biletet. Frå høgre: Anne Berit Nesje, Anne Marit Ripe, Britt Gulestøl. Bak: Jane Midttun. For namna på dei øvrige jentene, sjå denne link.


Jenny Skavlan på filminnspeling i Bremanger 10.11.2008

Produsent Sven Arild Vatsø trudde ikkje sine eigne øyre då Jenny Skavlan sa ja til å spele i Firework sin nye kortfilm.

Det vesle filmselskapet i Bremanger siktar høgt når dei trår til med ny romjulsproduksjon . I år med Jenny Skavlan, kjend frå langt større filmar og Grandiosa-reklamen, og Roger Hilleren.

- Det stemmer det. Eg kjem til Bremanger i romjula. Det var eit morosamt manus med veldig vaksent preg, seier Skavlan til NRK.

For to dagar sidan takka ho ja til rolla som postdame i filmselskapet Firework sin nye kortfilm. I fjor spela nytta dei romjula til å spele inn 'Operasjon Kvit Snø' . Ein lokal publikumssuksess i Bremanger. I år legg dei lista høgare med skodespelarar som Jenny Skavlan og Roger Hilleren.

- Eg gler meg veldig. Det skal bli morosamt å sjå kva julestemning som er i Bremanger. Jula har eg feira på same staden dei siste 20 åra. Skal bli morosamt å prøve noko nytt, seier Skavlan.

Skavlan tykte om manuset ho fekk til gjennomlesing. Firework har i år som i fjor fått med seg Daniel Volle

- Det er fin stemning og har eit vaksent preg. Eg har vore med i "Fatso" og "Død Snø" som begge var retta mot ungdom. Rollene var småfrekke jenter. Det skal bli gøy å prøve ei vaksa rolle. Og så blir det kult å få på seg postuniform, ler Skavlan. ( Sverre Anker Ousdal, som også skulle til Bremanger i romjula, måtte avlyse på grunn av sjukdom) Les heile saka her.


Missing link på Svelgen.no 10.11.2008

Fleire av våre lesarar etterlyser linkane som har forsvunne frå Svelgen.no si framside. Desse vil snart vere på plass igjen.

 

red.


Bremangerpolitikarane rosar rådmannen 10.11.2008

 

Politikarar frå alle parti gir ros til rådmann Tom Joensen, og innsparingane går så langt etter planen.

 

Det kom fram under kommunestyremøtet i Svelgen tysdag.

Sparekniven til rådmann Tom Joensen er framleis kvass etter administrasjonen og finansutvalet sitt arbeid med økonomiplanen denne hausten.

 

– Han er offensiv, og planen i dokumenta vi fekk på førehand er lett å forstå, seier Per Helge Eikeland (Ap). Han stilte spørsmål om arbeidet med å skaffe barnehageplassar i Svelgen ville bli skrelt bort frå budsjetta. I forkant av møtet hadde politikarane i Bremanger press frå fleire hald, og behandlinga av økonomiplanen bar preg av balansegangen mellom krav om tenester og krav om sparing. Det er tverrpolitisk semje om å få fortgang i planarbeidet.

 

– Når vi vedtek ein økonomiplan, star vi fritt til å omdisponere midlar i framtida, seier Jorunn Frøyen (H) som svar til Per Helge Eikeland under møtet. Også Kåre Jarl Langeland (V) stilte spørsmål om nokre av hans hjartesaker blir å finne i budsjettet. Neste år blir barnehageplassar lovpålagde.

– Vi har litt å gå på i Bremanger i forhold til mange andre kommunar. Det positive med innsparingane er at vi gir neste kommunestyre handlingsrom. Og kanskje tek dei med seg gode sparetips frå desse harde tidene, seier rådmann Tom Joensen. Les heile saka i Firdaposten.


Fleire med telefonproblem 08.11.2008

 
Eg har og opplevd akkurat det same ved fleire høve. Eg har no gjeve opp og bestille medisinar som eg skal ha. Eg får berre prøve og leve utan, så får vi sjå kordan det går.
Det burde være mogleg å ha såpass med folk på legekontora, at folk som treng å snakke med nokon der kan få gjort de, utan å sitte i telefonen i timesvis og ikkje få svar.
Viss det er så vanskeleg, og dei har så mykje å gjere, får dei i alle fall legge opp til at pasientar som skal bestille medisin kan få gjort dette med E-post. (For dei som dette er mogleg.)
 
Rune Ripe

Svelgen og omegn husflidslag arrangerer:

Basar/minimesse lørdag 8/11 kl. 11-15 06.11.2008

Salg av rømmegraut og spekemat, kaffe og kaker.

Salg av lefser, geiteprodukt, epler mm.

Åresalg og loddsalg 


Loddsalg på Coopen onsdag, torsdag og fredag.

Klassisk samspel med sag 06.11.2008

Distriktsmusikarane i Gloppen på skulekonsertturné med både fiolin, cello og sag

 

I desse dagar startar distriktsmusikarane i Gloppen på ein lengre skulekonsertturné i Nordfjord der ein viktig del av opplegget er samspel med elevar på kvar skule. "Kompis klassisk" heiter programmet, og er basert på ein tidlegare produksjon der distriktsmusikarane vitja ungdomsskulane i fylket med eit samspelsprosjekt basert på kjende pop- og rockelåtar. Denne gongen er det klassisk musikk som er i fokus, og musikarane er spente på kva skulane ynskjer å vere med på, og kan velje mellom ei rekkje ulike melodiar, både songar og samspel. I tillegg vil også musikarane spele eigne låtar på programmet, der dei også vil prøve seg på sag!

 

Distriktsmusikarane som kjem til skulane i Bremanger, Vågsøy, Selje, Stryn, Eid, Hornindal, Gloppen og Jølster er Tone Støylen på piano, Henrik Silfverhielm på cello og Otto Ose på fiolin. Turneen er ein del av skulekonsertordninga til Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane og varer til 12. desember.

 

Meir informasjon om reiseruta finn ein på sfj.ksys.no. Til Svelgen kjem dei 13. november.


Ap-leiing avviser Bremer-utspel 06.11.2008

Styret i Sogn og Fjordane avviser debatten om nedlegging av flyplassar, som partiet sin fylkesvaraordførar sette i gong.
 
Det har i seinare tid vore reist ein debatt om å finansiere vegtraseen, Svelgen – Grov og utbetring Olden - Innvik ved å leggje ned flyplassen på Anda og bruke midlane ein sparar på dei nemnde prosjekta.

Då dette har skapt forvirring i Sogn og Fjordane om kva Arbeidarpartiet meiner, vil vi med dette klårgjere vårt standpunkt i saka.
Styret i Sogn og Fjordane Arbeidarparti behandla saka på møte den 3. november og vil presisere følgjande. Styret i Sogn og Fjordane Arbeidarparti avviser debatten som er blitt skapt og viser til partiprogrammet der det står:
Flytilbodet i fylket er ein viktig del av transporttilbodet. Dagens flyplasstruktur med fire flyplassar skal oppretthaldast, oppgraderast og utbetrast for å få god regularitet og tryggleik for dei reisande. Arbeidarpartiet vil oppretthalde flyplasstrukturen med fire flyplassar.
Styret i Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner med dette at det ikkje er grunnlag for å endre standpunkt i høve til partiprogrammet, heiter det i ei pressemelding frå fylkesleiar Aud Kari Steinsland.


Vanskeleg å komme gjennom til legekontora 06.11.2008

 
Kirsti Brandal frå Rugsund ringer og ringer legekontoret sitt, men kjem sjeldan gjennom.
Kirsti Brandal som bur i Rugsund i Bremanger kommune opplever ofte å ikkje komme gjennom til legekontoret på Hauge. No er ho frustrert, irritert og redd. Ho forstår ikkje systemet, og er no så lei av å ikkje komme gjennom til legekontoret at ho kontakta Fjordenes Tidende:

-Eg vurderer å ringe Fylkeslegen for dette går ikkje an lenger.

Ho fortel at ho har fastlege ved legekontoret på Hauge og er ikkje sint på legane. Dei er kjekke og det er sekretærane òg. Det er systemet som gjer ho frustrert:

- Torsdag ringte eg legekontoret, men då opplyste ein telefonsvarar at kontoret var stengt p.g.a influensavaksinasjon. Eg ringte òg legekontoret i Svelgen, men kom ikkje gjennom der heller.

- Telefonen bare ringer og ringer. Det er dette eg er så lei av. Eg er oppgitt og forbanna på dette rotet. Eg har aldri heller høyrt at dei har ei telefontid. Det har eg opplevd andre plassar. Brandal fortel at ho har budd på Hareid, i Ålesund og på Sula, men at ho her aldri har opplevd at legekontora ikkje tar telefonane som ringer.

Les heile saka i Fjordenes Tidende onsdag 5. november.

Frå opninga av NAV kontor i Svelgen 06.11.2008

- Etter ein lang førebuingsprosess er vi endeleg NAV-kontor. Det var veldig kjekt å markere opninga 7. oktober, fortel Astri Berle, NAV-leiar i Bremanger (her flankert av NAV-direktør Tore Thorsnes og rådmann Tom Joensen Foto: NAV).


Ansiktsløfting av sjøkanten i Svelgen 06.11.2008

Sjøkanten i Svelgen skal endeleg få si velfortente ansiktsløfting.

I samarbeid med Rune Melvær hos Kinn Arkitekter har Bremanger kommune no starta detaljprosjekteringa av prosjektet.

– Det er utruleg viktig at vi no får til ei oppgradering i Svelgen sentrum, ikkje minst med tanke på ei mogeleg Solar-satsing, og sjøkanten er det første delprosjektet vi vel å ta tak i, fortel rådmann Tom Joensen.

– Vi håpar å ha dei nye teikningane klare i midten av november, og då blir prosjeket sendt ut på tilbod, seier Joensen til Firdaposten.

 

JULEBORD Ålfoten Skyttarlag 15 nov.kl 20.00 06.11.2008

 
For den som ikke er innom Joker Ålfoten, kan ringe 577 93059 for påmelding.

Ledige stillingar i kommunen 06.11.2008

Bremanger kommune har no lyst ut ei rekke ledige jobbar, mellom anna innan teknisk eining og omsorgssektoren. Sjå Stilling ledig til venstre.

Laurdag 22 november kl. 2000:

Skjeltefest i Trudvang på Kjelkenes 06.11.2008

 
Meny:
            Velkomstgløgg
            Skjelter m/ tilbehør
            Riskrem
            Kaffi og kaker
 
            Bar med forfriskninger
            Dans til musikk av Terje Grinde
 
                                                                Pris:  kr. 300.- pr. person
 
 
            Påmelding til tlf.:  473 37 565 Aina
                                              901 16 433 Monique             
                                                               
Påmeldingsfrist:  14 november 
 
Arr.     U/L Framover

Då Rosenborg vitja Svelgen 04.11.2008

På  Haugenfotball.no (sjå sak datert 4/11) kan du lese om då Rosenborg og Sogndal vitja Svelgen i 1990. Dette er henta frå STIF-boka. Haugenfotball.no er ei svært populær heimeside som tek for seg fotballen i Sogn og Fjordane, og som har i snitt 2000 lesarar pr. dag. Les meir om Haugenfotball.no her.

 

Haugenfotball.no hadde og ei sak om STIF-boka 20/10. Der kunne ein mellom anna lese Fotballgruppa sin innleiande tekst i STIF-boka, samt nokre historia frå Nordfjord-fotballen henta frå boka. Klikk her for lese dette.

 

aalfoten.no (sak datert 21/10) kan du lese om samarbeidet mellom STIF og Ålfoten IL, henta frå STIF-boka. Om samarbeidet mellom STIF og ÅIL, og representantar frå Ålfoten i STIF, kan du lese ved å klikke her. 


Fikk treffe OL-helten Oen:

Kjempeinnsats under svømmestevne i Bergen 03.11.2008

Kjempeinnsats av Svelgen-svømmere under storstevne i Bergen i helgen.
 

9 utøvere fra Svelgen stilte til start på lørdag og 4 utøvere stilte til start på søndag.

 

  

  

 

De hanket inn til sammen:

  12 Gullplasseringer.

  7 Sølvplasseringer.

  7 Bronseplasseringer.

+ Mange personlige rekorder.   Imponerende innsats.

 

 

Katrine Ask:

 3 øvelser på lørdag.    1stk. 7.plass.    1stk. 6.plass.   og 1stk. 1.plass.

3 øvelser på søndag.    3stk. 4.plasser.   

 

Torstein Ask:

                               4 øvelser på lørdag.    1stk. 1.plass.    1stk. 2.plass    2stk.1.plasser.   

                               2 øvelser på søndag.   1stk. 2.plass.   

Sebastian Ephithite:

                               3 øvelse på lørdag.    3stk. 3.plasser.   

 

Jan Lucas Førde:

3 øvelser på lørdag.    1stk. 2.plass.    1stk. 1.plass.    1stk. 3.plass

 

Matias Gulestøl:

                               4 øvelser på lørdag.    2stk. 1.plasser.    1stk. 2.plass.    1stk. 1.plass.

                               3 øvelser på søndag.    Stod over de 2 første øvelsene pga. skade.    1stk. 2.plass.    

 

Rikka Kjelkenes:

                               4 øvelser på lørdag.    1stk. 4.plass.    1stk. 5.plass.    1stk. 3.plass.    1stk. 6.plass.

                               4 øvelser på søndag.    1stk. 6.plass.    2stk. 3.plasser.    1stk. 4.plass.   

 

Elisabeth Mundal:

                               4 øvelser på lørdag.    1stk. 5.plass.    1stk. 4.plass.    1stk. 2.plass.    1stk. 5.plass.

 

Marcus Teigene:

                               4 øvelser på lørdag.    2stk. 1.plasser.    1stk. DISK på tyvstart.    1stk. 1.plass.   

 

Nora Caroline Teigene:

                               4 øvelser på lørdag.    1stk. 1.plass.    1stk. 2.plass.    2stk. 4.plasser.   

 

Stor stas var det også med besøk av OL-helten Alexander Dale Oen!!
På bildet fra venstre: Kristin Hjelle (trener), Morten Gulestøl (hjelpegutt), Katrine Ask, Matias Gulestøl, Alexander Dale Oen, Rikka Kjelkenes og Torstein Ask.

Songarvenner OBS OBS OBS!!!! 03.11.2008

SVELGEN SONGLAG

Songøvingane frå veke 45 og fram til julekonserten 13. desember, vert no MANDAGAR i staden for onsdag.

Mandag 3.12 08 klokka 17.30 som vanleg, seinare vert tidspunktet kl 18.00

Fom 10.12.08 vert det Norvald Klungreseter som skal øve med oss.

Styret

- Kystvegen avgjerande for næringslivet 03.11.2008

Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad hadde ei klar melding til stortingspolitikarane: - Skal vi få næringslivet og folket til å satse her på kysten, må det komme pengar til infrastruktur.
Svarstad fekk ti minutt då Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite hadde teke turen til Florø. Ordføraren brukt den tida han fekk disponere på ein god måte og medlemmane lytta med interesse.

Komiteen har vore på rundreise heile denne veka og leiar Per Sandberg (Frp) opplyste under opninga at dei hadde fått presentert ønskjer om så mange gode prosjekt at det neppe var pengar til fleire.

- Vi prate om det på bussturen til Florø. Skal alle dei prosjekta vi har fått lagt fram realiserast vil det koste mange milliardar kroner, fortel Sandberg.

- Eg skal nøye meg med å snakke om den delen av kystvegen som omfattar strekninga Måløy via Bremanger til Florø. I dette området vart det eksponert varar for rundt ti milliardar årleg, og skal vi få til ei vidare utvikling må det eksisterande vegnettet rustast opp og det må byggjast nye trasear. La meg ta eit døme. Elkem skal bestemme kvar den neste Solar-fabrikken skal byggjast neste år. Dei har sagt klart ifrå, at vegen mellom Svelgen og Grov ikkje har den kvaliteten som dei ønskjer. Altså kan dårleg veg setje ein stoppar for ei investering på 3,5 millardar kroner og 250 nye arbeidsplassar i Svelgen, sa Svarstad til rikspolitikarane, og la til at Elkem ofte tek kundane sin sjøvegen frå Florø til Svelgen for at dei ikkje skal få sjå den elendige riksvegen.

Les heile saka Fjordenes Tidende avisa måndag 3. november.

Sogn og Fjordane Høgre i dag:

- Kystvegen opp på Stortinget 02.11.2008

Sogn og Fjordane Høgre har fått den sentrale Høgre-leiinga med på ei satsing som kan innebere snarleg gjennomføring av Kystvegen mellom Florø og Måløy.

Høgre skal fremje ei sak for Stortinget om ei ekstraordinær løyving på 200 millionar kroner til vegprosjektet.

 

- Både partileiar Erna Solberg og samferdsletalsmann Øyvind Halleråker har sagt ja til dette, og dei kjem til fylket om kort tid for å møte næringslivsfolk i regionen, seier leiar Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Høgre til Nrk Sogn og Fjordane.

 

- Her viser Høgre vegen, dette er ei kjempesak for heile Sogn og Fjordane, ikkje minst med tanke på dei planane som er rundt Elkem. Ei slik løyving kjem ikkje til å gå ut over andre samferdsleprosjekt, og eg reknar med at dei andre partia på Stortinget er med på notane, seier Lødemel.

Næringslivet på kysten mellom Florø og Måløy har lagt fram ein plan for eit spleiselag som føreset at det offentlege yter 200 millionar kroner.
- Det er det utspelet vi no responderer på, seier fylkesleiaren i Høgre.
Fylkespartiet har denne helga hatt ein konferanse i Førde, og søndag var det samferdsle som var temaet. Leiinga i Sogn og Fjordane Høgre presenterte strategien sin for media søndag.


Erling Sande listetopp med Navarsete 01.11.2008

Liv Signe Navarsete og Erling Sande frå Davik toppar nominasjonsnemnda i Senterpartiet sitt listeframlegg for Stortingsvalet 2009, melder Fjordabladet.

Langeland inn i hovudutval for kultur 01.11.2008

Kåre Jarl Langeland  er innstilt til å ta over som fast medlem etter Rolf Nesheim i hovudutval for kultur på fylkesplan. Rolf Nesheim har meldt flytting og har søkt fritak frå politiske verv i Sogn og Fjordane Venstre.   Innstillinga vil verte handsama av fylkesutvalet 29.10.08 og på Fylkestinget i desember, melder partiet på eiga heimeiside.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars