Arkiv April 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

RUSSEDÅP I DAG 30.04.2003

I dag kl. 1500 vert det russedåp utanfor Kopen. Dåpen skulle i utgangspunktet vere etter 1. mai arrangementet i morgon, men fordi fleire av elevane skal vekk for å spele kamp, er dåpen altså flytta til i dag, onsdag.

Fotball

STIF vann i serieopninga. 29.04.2003

Les meir om kampen, der STIF vann 6 - 3, på STIF- sida.

STIF- sida

INC Bedrifts- Cup 2003

Bilete frå aktivitetane laurdag 29.04.2003

Ved å klikke på Sport til venstre på denne sida kan du sjå ytterlegare 3 bilete frå suksessarrangementet.

På biletet under ser ein Svelgen Hotell sitt fotballag, som vann "Entertainer- prisen". Legg merke til vaktmeister Einar Gjerde (nr. 4 f.v. bak), som gjorde come back laurdag, om lag på dagen 40 år etter at han scora STIF sitt første mål i laget sin første seriekamp 28/4 - 1963.


1. mai feiring på Svelgen samfunnshus 29.04.2003

1. mai arrangerer Svelgen Samfunnshus soldidaritetskveld der samhold og trivsel er viktige stikkord. Svein Nødseth, bedriftsleiar og Florø-politikar held dagens tale. I tillegg kjem Anne von Oorchoot for å fortelje korleis det var å komme frå Nederland til Svelgen - korleis ser bygda vår ut for ei som kjem utanifrå?

Dørene opnar kl. 1630 og Saniteten sel kaker, kaffi og brus. Programmet tek til 1700

Det vert musikalske innslag med Svelgen Songlag og Svelgen skulemusikk.

Eli Karoline Kvendseth og Kristina Mundal frå 10. klasse skal vise oss sitt bidrag til Ungdommens Kulturmønstring.

Etter arrangementet er det klart for 10. klassingane sin russedåp utanfor Samfunnshuset.

Konfransier er Anne Lise Gilleshammer

VEL MØTT!


Kultursommar i Bremanger 28.04.2003

Vi står framom nok ein sommar med mange ulike arrangement i kommunen.

Plakaten går i trykken om nokre dagar, men vil du ha ein førpremiere kan du trykke på linken under.

- Eg er stolt og audmjuk over å være kultursjef i en kommune som Bremanger. Sjå på dette mangfaldet! Det er berre til å ta av seg hatten - kven andre kan stille opp med dette, spør kultursjef Claus Røynesdal.

I Svelgen er det klart for AmCar-treff i august og ellers skjer det mykje spennande rundt om i alle delar av kommunen.

Velkommen til Bremanger!!

KULTURPLAKATEN FOR BREMANGER


Fotball

STIF serieopnar borte mot Eid 2 tysdag 28.04.2003

Tysdag 29/4 spelar STIF sitt seniorlag sin første seriekamp for året. STIF, som dette året har valt å spele mot lag i Nordfjord, opnar borte mot Eid .

Ved å klikke på linken under kan du sjå terminlista i 6. divisjon avd. Nordfjord. På den same linken kan du truleg sjå resultatet seint på tysdagskvelden.

6.div. avd. Nordfjord


Serieopning i fotball

Surt tap for Arna- Bjørnar mot seriefavotitten 27.04.2003

Arna- Bjørnar, med Marit Renate Midthjell i startoppstillinga, tapte 3 - 4 heime mot Asker. Les meir om kampen i BT.

BT

INC Bedrifts- Cup 2003

Særs velukka arrangement 27.04.2003

INC Bedrifts- Cup, som vart arrangert i Svelgen Idrettshus laurdag, vart ein suksess frå volleyballen tok til kl. 10 til banketten vart avslutta kl. 0200. Dei driftige arrangørane i INC Vedlikehold hadde lagt opp til eit arrangement med ei fin ramme både sportsleg og ikkje minst sosialt. Dette var eit opplegg som fekk mykje skryt av deltakarane. Måtte dette bli eit årleg innslag.

Kurt Svarstad, frå INC Vedlikehold, var den enkeltutøvaren som utmerka seg mest. I fotball kom laget hans til kvartfinalen, i volleyball vart laget hans nr. 3, medan han sjølv vart nr. 3 i squash og gjekk heilt til topps i skytekonkurransen. For dette vart han rikt premiert på banketten, og fekk mellom anna prisen for "Dagens Atlet". Svarstad, som sjølv innrømmer at han ikkje er av den sporty typen, har spesiell ei evne til å hevde seg i bedriftsidrettskonkurransar. Under Elkem Cup i Oslo i 2001 sigra han i stresskoffertkasting.

Svenn Os, frå Bossmann, feira bursdagen med å vinne squashkonkurransen. I volleyball vann arrangørane INC Vedlikehald sitt 1. lag, medan Byggern frå Florø vann fotball.

Premie for beste utkledning under idrettsarrangementet fekk dei sporty damene på "Coopen". Svelgen Hotell, som stilte i sine arbeidsantrekk, fekk "Entertainerprisen". På banketten på Svelgen Hotell om kvelden var det stor stemning blant dei om lag 170 deltakarane.

Svelgen.no kjem forhåpentleg tilbake med bilder og meir fakta frå arrangementet.


Fotball

Seriestart i aldersbestemt fotball torsdag. 25.04.2003

Les meir om korleis det gjekk med STIF sine lag på heimesida til STIF.

STIF- sida

Stor oppslutning om INC Bedrifts- Cup 2003

135 deltakarar påmeldt frå rundt 20 bedrifter 24.04.2003

Laurdag 26. april vert den første INC Bedrifts- Cup arrangert i Svelgen Idrettshus. Arrangementet tek til kl. 10.00 og vert avslutta med volleyballfinalane kl. 17.15. Deltakarane skal konkurrere i fotball (13 lag), volleyball (12 lag), skyting (33 skyttarar) og squash (12 spelarar). Det er for det meste lag frå Svelgen som deltek, men nokre lag frå Florø med bl.a. utflytte svelgarar deltek også. Blant deltakarane finn ein alt frå "gode sofaslitarar" til ein tidlegare toppidrettsutøvar. I følgje ryktene stiller ein del av laga i "drakter" som ikkje er så vanlege på idrettsarrangement...

Volleyballen tek til kl. 10.00 og dei siste av 18 innleiande kampar byrjar kl. 11.40. Kl. 17.00 byrjar semifinalane, og kl. 17.15 tek bronsefinalen og finalen til.

Fotballkampane byrjar kl. 12.10. Dei 25 kampane går i eitt fram til finalen, som byrjar kl. 1610.

Squashkampane startar kl. 10.20. 16. og siste kampen, som er finalen, byrjar kl. 1700.

Skytinga tek til kl. 1000, og her kan deltakarane avvikle skytinga når dei har pause frå evt. andre øvingar.


Keipen Turlag

Fin tur på Mulen onsdag kveld 24.04.2003

I følgje leiaren i Turlaget, Oddmund Leirvik, hadde dei ein nydeleg tur på Mulen i solskinnet onsdag. Det deltok 7 personar på turen. For turar framover, sjå program i Bremanger Nytt og på oppslag i sentrum.

Fotball: Serieopning i Toppserien for damer

Arna- Bjørnar tippa som nr. 4 24.04.2003

På laurdag serieopnar Arna- Bjørnar, med Marit Renate Midthjell på laget, heime mot Asker. Nettstaden Toppserien.com tippar Arna- Bjørnar vert nr. 4 ved sesongslutt. Asker vert tippa høgre på tabellen.

Midthjell har spelt dei fleste treningskampane frå start, og er for tida sikker på høgrebacken. Toppserien.com skriv at Midthjell var blant Arna- Bjørnar sine beste spelarar under treningskamp- turneringa på La Manga før påske. Midthjell kom til bergensklubben hausten 1996, og var då med å spele laget opp i Toppserien. Ho spelar dermed sin 7. sesong i øvste divisjon, sjølv om sesongane 1998 - 2000 for det meste vart spolert av skader. Midthjell har til no fått med seg to sølvmedaljar i NM- cupen, og bronsemedalje i Toppserien. På biletet ser ein Midthjell (t.h.) i ein kamp mot Asker i fjor.

På Toppserien.com kan du lese meir om bergenslaget før sesongstart.

Toppserien.com


Kamera funne ved Risevatnet 23.04.2003

Eg fann eit kamera ved Risevatnet 1. påskedag ved 2.5 km merket. Eigaren kan kontakte Ingrid Haugen 57793606 eller 41558750.

Fotball

STIF spelte 1 - 1 mot Bremanger 22.04.2003

Les meir om denne treningskampen i Firdaposten.

Firdaposten

GOD PÅSKE!

Varmerekord i Svelgen? 15.04.2003

Det har vore reine sommardagen i Svelgen i dag. 17.6 grader vart målt i skuggen i dag kl. 1500 på Naustneset. Kalendaren viser 15. april, og vi kan ikkje hugse å ha opplevd ein so varm vårdag i april før. Det er nesten som ein kan sjå bjørka sprett. I følge Storm Weathercenter skal det verte endå varmare i morgon.

Redaksjonen i Svelgen.no ynskjer alle ei orntli` god påske. Vi har registerer at mange feriefolk er heime i Svelgen denne påska og sender ei ekstra helsing til dei og de som ikkje får tid å ta turen heim denne gongen. Har du ei påskehelsing, legg vi ho gjerne på nettet.

GOD PÅSKE, ALLE SAMMEN!!


Bremanger musikklag med Elton John:

306 opplevde strålande konsert! 13.04.2003

Storsalen på Svelgen Samfunnshus var i kveld fylt nesten til trengsel, då Bremanger Musikklag entra scena med sitt Elton John program.

Og dei frammøtte fekk verkeleg valuta for pengane. Det er nesten heilt utruleg korleis ei bygd kan fostre fem så gode vokalistar; Norvall Klungresæter, Inge Willy Hauge, Monica Hauge, Elisabeth Hamre og Hilde Hauge. Tre av dei er rett nok barna til primus motor Harald Hauge - men likevel.

Alt stemde på denne framføringa. Det var trøkk og driv, innleving, humor og eit sjeldant samspel.

Størst av alt var likevel musikaliteten. Det er svært vanskeleg å få kompliserte ting til å høyres enkelt ut. Dette klarte Bremanger musikklag. Vi vil ikkje å trekke ut eit nummer som var betre enn dei andre. Den som skriv dette kan ikkje forstå anna enn at dette var heilt i særklasse alt i hop. Svelgen-publikummet ga ståande applaus og ga seg ikkje før musikklaget hadde gitt to ekstranummer

Harald Hauge takka publikummet og sa at det nesten var kjekkare å spele i Svelgen enn i ytre Bremanger der dei hadde to framsyningar i går.

- Det var kjekt heime også, men det er nesten så dette er kjekkare, sa Hauge og fekk tilrop og applaus tilbake.

Tusen takk for besøket - og velkommen igjen!!


Omorganisering av legekontora i Bremanger 11.04.2003

Med 5 røyster mot 1 gjekk levekårsutvalet i Bremanger tysdag inn for å omorganisere legetenesta i kommunen. I praksis betyr det ei satsing på legekontora i Svelgen og på Hauge, og at legekontoret og helsestasjonen på Davik blir lagt ned.

Firdaposten

- Takk for flott konsert! 11.04.2003

Hei, vil gjerne takke mellomsteget på Svelgen skule for ei flott oppleving i Samfunnshuset torsdag kveld. Det er heilt utruleg kva desse femte- sjette- og sjuande-klassingane har greidd å få til på 4 veker. Spesielt godt likte eg korsangen, som var skikkeleg fin.

Svelgensamfunnet kan vere stolte over mange flotte ungdommar, og vi er heldige som får vere med på slike konsertar. De fortener alle dagens blomst.

Ønskjer alle ei god påske.

Helsing ein tilhøyrar.


LØRDAG KL. 1530

Pelle Politibil på Svelgen kino 11.04.2003

Lørdag kl. 1530 viser Svelgen kino den norske kinosuksessen om Pelle Politibil. Filmen passer for alle barn.

Den lille politibilen som mange barn kjenner fra før, nå som spillefilm. Pelle Politibil er filmen om lille Maria som blir frastjålet sykkelen sin av skumle tyver med skumle planer. Politimannen Onkel Rikhard (Gard Eidsvold) vil gjerne hjelpe henne med å finne både sykkel og tyver, men har ingen politibil. En stjerneklar natt ønsker Maria seg et mirakel, og samme natt får hun ønsket oppfylt; i et fargesprakende gnistregn blir Pelle Politibil født - og jakten på tyvene kan begynne.

Pelle Politibil hadde sin første opptreden i "Barnetimen for de minste" i 1986. Etter tre sesonger på radio og to bokutgivelser, debuterte Pelle Politibil i 1993 med egen serie på TV og ble en av Norges mest populære Barne-TV-figurer. Pelle Politibil har også turnert landet rundt med egen forestilling - sett av mer enn 100.000 barn og voksne.

MERK DEG TIDA: LØRDAG 1530!!


80 personar på Open dag på Moldahytta 10.04.2003

Heile 80 personar tok søndag turen til Moldahytta, då Keipen Turlag hadde Open dag. Dette syner at hytta, som stod ferdig i 1937, framleis er eit populært turmål. Det er STIF som eig hytta, medan Keipen Turlag gjer ein kjempejobb med å halde den vedlike.

Bremanger musikklag

Elton John oppsetning søndag 10.04.2003

Søndag 13. april kl. 1700 er det duka for Bremanger musikklag si oppsetning av Elton John sitt musikalske liv på Svelgen samfunnshus.

Det er lagt ut billettar for sal på Bremanger Servicekontor i Svelgen. Billettane er ikkje nummererte, så dei som vil ha plass langt framme bør vere tidleg ute.

Forrige gong Bremanger musikklag besøkte Svelgen med si ABBA-oppføring var storsalen smekkfull. Musikklaget sjølv har sagt at konserten i Svelgen var den dei sjølve sette mest pris på.

- Oppmøtet og responsen i Svelgen under ABBA-konserten trur eg var det største av alle stadane vi har underholdt, sa Ragnar Torvanger då han mottok Kulturprisen 2002 i desember.

Og vi tek i mot med like stor entusiasme denne gongen!


Elkem Energi Bremanger

Set ned straumprisen på nytt 08.04.2003

Frå 21. april blir straumprisen for EEB sine kundar i Svelgen 41,97 øre/kWh. Prisen for tida er 57,91 øre/kWh.

EEB minner om straumavlesinga som kan sendast på følgjande mailadresse ei vekes tid framover: bre.kraftverk@elkem.no

Firdaposten vedr. straumpris 7/4


Fotball

Midthjell & co på treningsleir på La Manga 07.04.2003

Marit Renate Midthjell og lagvenninnene på Arna Bjørnar er for tida på treningsleir på La Manga i Spania. I dag tapte laget 0 - 4 mot Kolbotn, som i fjor vann "Eliteserien". Ålfotdama, med fortid i Svelgen, spelte heile kampen.

Toppserien.com

Samfunnshusbasaren 2003:

Hund vann tur til Bergen! 05.04.2003

Samfunnshusbasaren var svært godt besøkt i dag. Det var ikkje nok årar til alle som ville ha, bøkene var nær utselde og siste halve timen var det uråd å få tak i 21. Gode heimelaga kaker, kaffi og brus ga også gode inntekter til Svelgen samfunnshus. Storsalen var full frå start til slutt og ein av hovudgevinsane, ein tur med båt til Bergen, vart vunnen av Alfred Liseth, som viste seg å vere hunden til Petra.


Samfunnshuset i kveld

Levande musikk for ungdomen 04.04.2003

I kveld arrangerer Svelgen samfunnshus dans med duoen "Helena" (det er to sjølv om bildet viser tre). Aldersgrensa er frå 8. klasse til 20 år og vi har invitert ungdom i same aldersgruppe frå ytre og indre Bremanger.

Det vert kiosksal og ballongpynta storsal. Ring ein ven utanbygds og inviter på dans med levande musikk i Svelgen!


Frå Breivika til Bossomnen

Straumstans frå kl. 0000 natt til tysdag 04.04.2003

Elkem Energi Bremanger melder følgande straumstans:

Tysdag 08.04.2003
Kl. 00.00 - 03.00

Stansen gjeld for området:

Breivik, Langenes, Eikeland, Birkelid og Bossomn.

Det elektriske anlegget må heile tida reknast som straumførande.

Elkem Energi Bremanger
57796121


Gjensidigeleikane

FTIF heidra Ingvald 04.04.2003

Under Gjensidigeleikane i Florø i helga heidra Florø TIF Ingvald Ytrehus for den fantastiske innsatsen han har lagt ned for friidretten. Sjå bilete i Firdaposten.

Firdaposten

Kommunevallistene i Bremanger 03.04.2003

Vi har no lagt ut eigen link der alle kanditatane til kommunevalet står. Vi har leita vidt og breitt etter listene på nettet, utan å finne dei.

Men no har vi samla dei her på Svelgen.no, og som du ser er det mange kanditatar frå Svelgen denne gongen.

Husk at kommunepolitikarane ynskjer stemmer og at dei les svelgen.no. Har du noko du vil ta opp skriv til fritt.ord sida vår!

Som du vil sjå er det ikkje kummulerte førstekandidatar denne gongen. Reglane er noko endra - og dette kjem vi attende til når valet nærmar seg.

Nytt for Bremanger kommune i år er at FrP for første gong stiller liste. Sylvi Løvseth frå Svelgen står på topp.

Likeins er SV på bana igjen, med fleire interssante Svelgen-namn.

Når vi no går mot val - så hugs at ALT er politikk. Bruk stemmeseddelen!

Vil du sjå listene trykk på den nye linken på toppen av sida.


Meir om opninga av Norsk Marin Yngel 01.04.2003

Klikk på linken til Firdaposten.

Firdaposten

Lite nedbør i mars 01.04.2003

I Svelgen fall det 103 mm nedbør i mars, mot "normalt" som er 200 mm. Det meste som fall på eit døgn var 26 mm, og 16 døgn var heilt utan nedbør.

Rekordane for mars månad i tida 1973 - 2002 stammar frå 1974 og 1990 med høvesvis 21 og 645 mm.


Norddalsfjordbrua stengd i 14 dagar 01.04.2003

Under ein rutinesjekk i går oppdaga Vegvesenet sprekker i Norddalsfjordbrua. Brua stengjer i morgon tidleg (onsdag) kl. 0900, og bilistane må i om lag 14 dagar framover ta ferge frå Kjelkenes til Florø.

Meir info

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept