Rundt 170 barn og unge mellom 7 og 18 år deltok i breiddeturneringa denne helga, og det var ein stad mellom 300 og 450 konkurransestartar.

Rune Osa i Florø Turn- og idrettsforening er svært nøgd med resultatet av leikane.

– Det var eit veldig bra stemne, alt gikk på skinner. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå både foreldre og deltakarar. Eit slikt arrangement er eit kjekt avbrekk i treningsarbeidet vinterstid, seier Osa.

Osa er spesielt nøgd med prestasjonane til sine utøvarar.

– Dei persa jo over ein låg sko. Therese Reksten (16) slo sin personlege rekord på 30 meter sprint med 15 hundredelar, og det er svært bra. Idar Grøneng Havn (18) hadde sitt beste kast i år trass i sjukdom, på 14,96 meter. I tillegg vil eg trekke fram Trude Raad (12) frå Breimsbygda Idrettslag. Ho kasta slegga 40,38 meter. Det trur eg må vere landsbeste i den aldersgruppa. Steike bra!

Ein annan utøvar Osa vil trekke fram er 16 år gamle Nirokanth Nagaswaran frå Florø.

– Han er ein ny og spennande idrettsutøver. Han bur på asylmottaket i Florø og trenar saman med oss. Med litt meir skulering vil han bli veldig, veldig god. Eg synst det er svært bra å få med ungdommar frå mottaket, fleire lag og organisasjonar burde prøve å trekke med ungdom der ifrå, seier Osa.