Arkiv Okt 2010

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
STIF

Aktivitetsleiarkurs med Motocross/ATV som aktivitet. 14.10.2010

 

Det vert arrangert aktivitetsleiarkurs 6. og 7. november 2010.

Kurset vert på Svelgen oppvekst og startar kl.09.30 begge dagane.

 

Pris:

kr. 600,- dersom du teiknar medlemskap i S.T.I.F for 2011.

kr. 750,- dersom du ikkje er medlem i S.T.I.F.

( ordinærpris for kurset er kr. 1650,- )

Du kan ta aktivitetsleiarkurset, sjølv om du ikkje har lisenskurs.

 

Vær merksam på at det er lovpålagt med aktivitetsleiar tilstades ved bruk av crossbana.

 

Påmelding til Vibeke Kjerpeseth innan 1. november:

Tlf. 90 58 00 55

E-post: torgeiva@online.no

 

Helsing Motorsportsgruppa i S.T.I.F.        STIF Motorgruppe      STIF


Søndag 31. oktober klokka 17:00

Brødrene Dal og Vikingsverdets forbannelse

    

                     Kiosk og billetter en time før forestilling

  Hjemme i stua mekker Brødrene Dal på den nye tidsmaskinen de har kjøpt på TV-shop. Men plutselig går noe fryktelig galt, og maskinen forsvinner med Gaus og Roms ombord. Den dukker opp igjen i Vikingtiden, etter en 1000 års reise bakover i tiden, omtrent der fornøyelsesparken Tusenfryd utenfor Oslo ligger i dag.

7 års aldersgrense


Inga politietterforsking av kommunen 28.10.2010

- Eg hadde venta at dei tok kontakt med kommunen, og at dei undersøkte saka. Ikkje at dei etter kort tid berre seier at nei, her er det ikkje noko straffbart, seier kommunepolitikar i Bremanger, Atle Frøyen.

  - Årsaka til at politiet har lagt vekk saka er at det ikkje var noko i politimeldingane som gav politiet grunn til å tru at nokon i Bremanger kommune har gjort noko straffbart, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes.

Tidlegare har kommunen tapt nærare 200 millionar kroner i samband med Terra-skandalen. Også då vart saka meldt til politiet, men politiet valde å ikkje starte etterforsking.

Frøyen meiner meklarane, som har fått kommunen til å starte med den enorme gamblinga, må ha operert på kant med lova.

- Eg vil påstå at det må grense til det kriminelle. I 2007 då dei såg at det gjekk gale, gjekk dei inn med endå verre avtalar, seier Frøyen.

Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane.


Zumba i Svelgen frå januar 27.10.2010

 
Pga stor pågang er nå initiativet til Zumbatrening overlatt til STIF.
STIF vil prøve å legge tilrette for Zumba fra januar 2011.
Det er meldt inn navn på tre stykk, som er intressert  i å ta instruktørkurs.
 
Anita

PENSJONISTMØTE. 25.10.2010

Påminning!

Svelgen Pensjonistlag  held medlemsmøte onsdag 27.oktober .

Stad: Keipenstova

Tid: kl.1700

Sjå program på "Keipenstova-sida"



 

Årsmøte i Keipen Turlag

Davik skule onsdag 10.11.10 kl.18.00

 

Sakliste:

1 Konstituering

2 Årsmeldingar 2010

- Barnas Turlag

- Keipen Turlag

3 Rekneskap 2010

4 Moldahytta som ubetjent DNT hytte

5 Budsjett 2011

6 Trim – resultat/premiering

7 Turplanar 2011

8 Val

9 Saker som kan kome til

 

Medlemmar som har saker dei vil ta opp på møtet må melde desse til styret innan 03.11.-10.

Det vert enkel servering.

 

Vel møtt!

Arne Loftheim

-leiar-


Oppgradering av storkjøkkenet på Svelgen Samfunnshus. 26.10.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Bilder av dugnadsgjengen som

 legg fliser på storkjøkkenet.

 

 Desse karane har gjort en

 kjempe jobb.

 

 Fleire bilder på Samfunnshuset

 si Facebook side.

 

 


Årsmøte i Åskl utsatt 25.10.2010

Årsmøte i Åskl den 27. oktober blir avlyst inntil vidare. Ny dato kjem seinare.

Elkem Bremanger:

Framleis uroa for utanlandsk oppkjøp 25.10.2010

 

Sidan slutten av august har det vore spekulert i om Elkem skulle få asiatiske eigarar. I Svelgen har dei tilsette lenge frykta for at Orkla skal selge Elkem til utanlandske eigarar.

Men i helga skreiv økonominettstaden E24 at sør-koreanske Posco har trekt seg som kjøpar, men framleis skal det vere moglege kjøparar til industrikonsernet.

– Vi vurderer ikkje seriøst å kjøpe Elkem, sa Chung Joon-yang, konsernsjef og styreformann i Posco, til Reuters under ein konferanse i Seoul.

– Dette er heilt nytt for meg, men det forandrar ingenting, for det er fleire interessentar, seier klubbleiar Knut Sande ved Elkemp Bremanger.

Han fortel at dei tilsette i Svelgen er uroa for framtida.

– Vi veit jo ikkje kva som vil skje framover. Dei er usikre, seier Sande til NRK.

Hovudeigar i Orkla, Stein Erik Hagen har ved fleire høve signalisert at han vil selje sideverksemder i konsernet.

Posco er verdas tredje største stålprodusent, og omsette for 193 milliardar kroner i 2009.


            OD- dagen 2010
Torsdag 28. oktober skal elevane i 8.,9. og 10 klasse ved Svelgen oppvekst delta i Operasjon Dagsverk (OD-dagen). Kvar av elevane skal ha ein arbeidsdag der "løna" skal vere minst 200 kr. (Det er mogeleg å betale meir). Pengane i år går til prosjekt som skal gjere tilhøva for ungdom i slummane i storbyar i Brasil betre. Prosjekt som OD tidlegare har satsa på i Asia, Afrika og Latin Amerika viser at pengane kjem fram og at dei blir brukte på ein positiv måte.
 
Vi er svært takksame de rsom bedrifter, forretningar og privatpersonar finn arbeid til elevane denne dagen. Har du arbeid som kan passe for ungdom på 13-15 år, så ta gjerne kontakt på telefon 48079629. Det kan hende elevane har teke kontakt med nokon av dykk direkte, og vi håpar då på at dei vert godt mottekne.
 
 
Elevrådet ved Ungdomsskulen

Søndag 31. oktober klokka 17:00

Brødrene Dal og Vikingsverdets forbannelse

    

                     Kiosk og billetter en time før forestilling

Hjemme i stua mekker Brødrene Dal på den nye tidsmaskinen de har kjøpt på TV-shop. Men plutselig går noe fryktelig galt, og maskinen forsvinner med Gaus og Roms ombord. Den dukker opp igjen i Vikingtiden, etter en 1000 års reise bakover i tiden, omtrent der fornøyelsesparken Tusenfryd utenfor Oslo ligger i dag.

7 års aldersgrense


Husk årsmøtet i skulemusikken tysdag 26/10 kl. 18 22.10.2010

Det vert årsmøte i Svelgen skulemusikk tysdag 26. oktober kl. 18.00, på Svelgen Oppvekst. Klikk her for info om sakliste m.m.

Nissekurs på bunadsloftet 22.10.2010

 
Det vil bli arrangert nissekurs (isoldes) i november. Nissene blir handlaga fra innerst til ytterst. Vi starter onsdag 3 november kl 18.00 på bunadsloftet. Kurset blir på 20 timer. Kursholder blir Inger Marie Kjøsnes.
Påmelding kan skje til henne på mob.nr 95 16 10 51

SVELGEN UNGDOM PÅ VIDAREGÅANDE SKULAR , SJÅ HER 21.10.2010

Har du lyst å jobbe litt i helgane når du har mulighet?

På Svelgen Bu- og Servicesenter og i open omsorg treng vi meir hjelp på helgane. Vi ønsker oss arbeidsvillig ungdom til å gjere enkle oppgåver som kan lette litt på arbeidet til dei som jobbar fast.

Oppgåvene vil bestå av enkle pleieoppgåver, hjelp i matservering, sosialt samver med bebuarane, oppvask, ryddeoppgåver og liknande.

Arbeidstidene vil vere: fredagar frå 17.00 til 21.00, lørdag / søndag har vi vakter frå 08.00 til 14.00 på føremiddag, og kveldsvakter frå 17.00 til 21.00.

Kan dette vere av interesse for deg?

Når interesserte har meldt seg, vil vi ha eit informasjonsmøte  på  SBS, og finne vakter/helger som passer for den enkelte. 

Har du spørsmål, ta kontakt med Driftssjef, Lillian Hareide tlf 95 98 39 10

eller Fagleg leiar, Linda Førde tlf 91 65 85 27.


Dag H. Nestegard redaktør i Bok & samfunn 21.10.2010

 

Dag H. Nestegard fra Svelgen er ansatt som redaktør i Bok & samfunn fra 1. januar 2011. 

Magasinet skriv "Nestegard har lang fartstid som journalist, og arbeidet blant annet ti år i NRK. Han kommer fra en stilling som presserådgiver for samferdselsministeren.

– Jeg har hele mitt voksne liv vært opptatt av bøker, og bokens plass i samfunnet. Derfor er det et privilegium å få overta som redaktør for Bok & samfunn. Jeg gleder meg til oppgaven, sier Nestegard."


VEDK. PRESSEOPPSLAGA DEI SISTE DAGANE 21.10.2010

På bakgrunn av presseoppslaga i går og i dag kan det vere plass med nokre avklaringar i høve til fakta.

 

Derivatavtalane:

NRK framstiller det som om tapa no har auka til 75 millionar kroner. Fakta er at det allereie i 2007 vart ført eit tap på kr. 55 millionar kroner på desse avtalane og er såleis ein del av det akkumulerte underskotet som skal dekkast innan 2018.
Tap pr. dato i 2010 er såleis ca. 20 mill. kroner - altså 20 mill. kroner mindre enn i august månad. Den lange renta ser no ut å stige, og vi kan såleis håpe at tapet for 2010 vert endå mindre.
M.a.o. er ikkje dette noko nytt utover det som tidlegare er omtala i samband med fylkesmannen sitt varsel om lovlegkontroll.

Uansett er dette avtalar som ein kommune ikkje bør ha. Og saman med kommunen sine juridiske rådgjevarar vert det no jobba aktivt for komme oss ut av desse avtalane.

 

Kraftavtalene:

NRK framstiller også at kommunen har tapt 50 millionar kroner på å inngå fastprisavtale på sal av konsesjonskraft. Dette er for så vidt rett dersom ein samanliknar fastprisen med spot-prisen i kraftmarknaden til ein kvar tid. Kommunen har aldri budsjettert med meir inntekter enn det ein får gjennom gjeldande avtalar. Det skal heller ikkje førast tap i rekneskapen som følgje av at kommunen kunne fått betre pris på konsesjonskrafta dersom ein opererte i spot-marknaden. Dette vil såleis ikkje har rekneskapsmessige konsekvensar.

I ettertid er det lett å sjå at det ikkje var føremålsteneleg å inngå denne typen avtalar med så lang tidshorisont som tilfellet var. Truleg ville kunne fått betre avkastning ved kortare tidshorisont og reforhandling av avtalane. Det er likevel ikkje realistisk å tru at ein ville få ein pris på ein fastkontrakt som fullt ut var i samsvar med spot-prisen.

 

Generelt:

Elles seier eg meg lei for all den uro og blest desse sakene har skapt og eg vonar det ikkje går utover produksjonen av kommunale tenester. Men eg trur samstundes det er viktig at alle forhold no vert avdekka slik at vi ikkje får nye "overraskingar" i framtida.

Vi jobbar no med budsjett og økonomiplan og eg har håp om at vi også for 2011 og framover skal greie å sy saman eit budsjett som framleis skal sikre innbyggjarane gode tenester.

 

Tom Joensen

rådmann


Vinteren er komen 20.10.2010

Det er snøbygene som har vore den dominerande vèrtypen i Svelgen i dag. Men innimellom var det nokon solgløtt, som på biletet under, teke i 14-tida frå Sande. Onsdag kveld er det 5-10 cm snø i Svelgen-området. Foto: Frank Ryland


Cc.: 100,-


Skattelistene er klare:

20 på topp i Svelgen 20.10.2010

 
# Navn Født Skattekommune Inntekt Formue Skatt
1 Ståle Martin Dyrstad 1956 Bremanger 1 941 190 1 136 314 567 497
2 Steinar Talle 1962 Bremanger 1 596 746 0 704 671
3 Venke Kristin Mjåseth Shanker 1967 Bremanger 1 584 815 1 377 757 517 996
4 Kan Shanker 1962 Bremanger 1 503 274 985 223 493 503
5 Roald Nigardsøy 1960 Bremanger 1 236 446 1 012 645 413 421
6 Allan Rasmus Dyrstad 1971 Bremanger 1 236 015 0 556 207
7 Per Lars Sande 1958 Bremanger 1 183 302 503 342 513 062
8 Robin John Ephithite 1960 Bremanger 1 089 752 639 670 468 841
9 Tom Heimtun 1957 Bremanger 1 049 986 1 281 242 448 194
10 Steinar Rolf Svarstad 1957 Bremanger 979 671 291 911 414 156
11 Øyvind Heimtun 1959 Bremanger 948 647 0 406 926
12 Jostein Bjørdal 1944 Bremanger 926 928 3 331 792 393 763
13 Kjell Åge Bueie 1974 Bremanger 836 968 0 318 982
14 Terje Igland 1969 Bremanger 810 587 0 343 188
15 Kåre Myklebust 1941 Bremanger 791 963 1 585 392 309 996
16 Morten Gulestøl 1962 Bremanger 760 126 453 244 310 360
17 Liv Mary Hole Eikeland 1960 Bremanger 737 948 312 659 293 644
18 Ole Petter Dahl 1974 Bremanger 737 576 0 276 745
19 Vidar Bjarte Lunde Haugland 1966 Bremanger 737 084 298 277 300 723
20 Asle Jonny Førde 1960 Bremanger 729 970 401 318 300 818

Kronerullinga til oppussing av storkjøkkenet på Svelgen Samfunnshus rullar og går!!

Oppdatering pr. 01.10. Det er totalt kome inn kr. 32.200.

 

Dugnadsarbeid: Vi har starta arbeidet, men søndag 10.10. ettermiddag/kveld startar vi for fult med kjøkkenet.

       

                     

                          Har nokon lyst til å ta i eit tak/jobbe dugnad?

 

         Ta kontakt med Bjørg 95 982 945.

 

 

 

 

                                

Dersom nokon ynskjer å gje pengegåve, er bankkontonr. 3776 03 19962.

 

 

Svelgen Samfunnshus takkar for innkomne gåver:

Randi Frimannslund(500), Johannes Frøyen(200), Bjørg og Hans Didriksen(500),
Jonvald Naustdal(300), Magni og Arne Lothe(500), Liv Marit Bøen(500), Johan A. Frimannslund(500), Oddvar Førde(500), Oda og Frank Ryland(600),
Gerd Ryland(500), 
El og It Forbundet(3.000), Ståle Kjempenes(1.000), Åse Berit Frøyen(300)
Ståle
Martin Dyrstad (2.000)

 

Tidlegare gjevne gåver, oversikt finn de på Samfunnshuset si heimeside.

 

Legg innpå Svelgen.no i begynnelsen av kvar månad.

 

Svelgen Samfunnshus

-styret-


Elkem kan verte selt::

Kinesiske interessentar skapar uro 20.10.2010

– Det verkar som om eit sal av Elkem er nært kommande, det er ting som tyder på det. Vi har hatt kinesiske interessentar på besøk i Svelgen, og dei har kikka på verket. Men vi har inga styring på prosessen, det er Orkla som i stor grad styrer sjølv frå Oslo, seier fagforeiningsleiar Knut Sande ved Elkem i Bremanger til Firdaposten.

 

Også LO-leiar Roar Flåten er uroa over Orkla sine salsplanar.

– Det ville vere synd om Elkem og REC forsvann på utanlandske hender, sjølv om utanlandsk kapital ikkje nødvendigvis er negativ, seier LO-leiar Roar Flåthen til IndustriEnerg.no.

  


Snø i Grytadalen i dag 20.10.2010


Bremanger kommune:

Tapte 50 millionar på førehandssal av straum 19.10.2010

Bremanger kommune har gått glipp av 50 millionar kroner på å førehandsselje straum til spotpris. Det kom fram på kommunestyremøtet i dag.

- Dette er kjempedramatisk. Vi har nok utfordringar som vi har i dag, om vi ikkje skulle ta eit ytterlegare tap på dette, seier rådmann i Bremanger, Tom Joensen.

Selskapet Gabler Wassum har gått gjennom investeringane, og kjem med krass kritikk av kommunen si forvaltning av verdiar. Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane.

 


Mange born på konglerebusløp i Svelgen 18.10.2010

Heile 31 born møtte opp på konglerebusløp i Svelgen. Vinnarane av rebusløpet vart:

 

Konglesekk: Andrine Midtbø og Sigurd Nesbø Solvang
T-skjorter: Marianne Nigardsøy, Amalie-Kristin Østebø Gulestøl og Emma Ryland Føleide.

 

Vi takkar for oppmøtet!

 

Sparebanken Sogn og Fjordane, Svelgen

 

 

 


Busstransport Sirkus Bremanger 30 oktober 2010 18.10.2010

 

Bremanger ungdomsråd setter opp føljande transport:

 

Buss Svelgen kl:16.15 – Hauge 18.15 Retur kl: 22.00. Pris for dei under 18 år kr: 25,- kvar veg. Over 18 år kr: 200,- kvar veg.

Påmelding til servicekontoret 57 79 63 00 eller   post@bremanger.kommunen.no

 

Buss Hauge - Kalvåg. Kl: 22.00. Pris under 18 år kr:25,- over 18 år kr:100,-

Påmelding til firmapost@rutebilane.no

 

 

Buss frå Hauge – Svelgen kl:02.45. Pris uansett alder kr: 200,- kortare reise , lågare pris.

Påmelding til firmapost@rutebilane.no

 

 

Frist for påmelding er sett til onsdag 27 oktober.

Dersom under 20 personar er påmelde, kansellerast bussen.


SVELGEN KINO   

 

Filmar som kjem (sjå omtale på Svelgen Samfunnshus si heimeside under linken Kino)    Svelgen samfunnshus

 

Søndag 31.oktober kl. 17:00     Brødrene Dal og Vikingsverdets forbannelse.

Fredag 12.november kl. 17:00   Knerten gifter seg.


Diskusjonen går høgt i Budstikka Redaktør Geir Nybø har teke opp spørmålet om det verkeleg kan vere noko fornuft i å køyre nesten heilt til Måløy for å kome til Eid? Det er  Bremanger Budstikke som stiller spørsmål om trasévalet som er lagt opp av prosjektgruppa i 45-min regionen. For at alle skal ha ein sjanse til å følge med kva som skjer i denne saka har Budstikka sendt heile førre utgåva, så kan alle lese om alternativa som er foreslegne.

Skyting i idrettshallen 08.10.2010

 

 

STIF Skytegruppe vil starte opp med skyting i idrettshallen:

Rifle/gevær: Søndag kl 1800-2000  
                                                                                                                   

Pistol/luft gevær: Onsdag kl 1800-2000

Husk medlemsskap i STIF.


Mvh
STIF Skytegruppe Steinar Isene                
STIF Skytegruppa



Laurdag 16.oktober lasses kro

En god blanding av musikk, kom gjerne med egne ønsker, en perfekt mulighet for en kveld på dansegolvet J

 

Cover 50,-                                                                    etter 23:00 kr 70,-                                             


Kantina på Elkem opnar mandag 09.10.2010

Kantina på Elkem opnar på mandag 11.10. Opningstid blir vidare kvar torsdag framover hausten og vinteren frå 10:30 – 14:00 Variert meny.

 

Utdrag frå menyen:

Suppe

Salat

Baguettar

Rundstykke

Horn

Kaker

Brus

Sjokolade

______________________

Helsing 10.klasse Svelgen Skule

Overskot går til Polen turen vår.

 

 

 

 


Toy Story 3 på kino torsdag 14.oktober. 07.10.2010

   

Skaperne av de elskede Toy Story-filmene gjenåpner lekekassen og tar kinogjengerne tilbake til den nydelige verdenen med våre favoritter av lekefigurer i

TOY STORY 3

  

Torsdag 14. oktober klokka 17:00

7 års aldersgrense.

   

 

Sjå Svelgen Samfunnshus sine heimesider.


SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA. 10.10.2010

Måndag 11.oktober frå kl.1200 er det sangtime på Keipenstova.

Alle som har lyst å vere med å synge er hjerteleg velkomne.

Musikkanter og forsangarar: Alf, Harald, Ester og Margareth.

Vertskap på Keipenstova denne veka er Eva og Per Ytrehus og Kirsten Høynes.


Motorsykkelulykke mellom Kjelkenes og Svelgen 08.10.2010

Redningsmannskap er på veg til ei MC-ulykke i Svelgen.

– Ein motorsyklist er skadd i ei ulykke fem-seks kilometer frå Svelgen i Bremanger, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulykka ved 16-tida. Skadeomfanget er førebels uvisst, melder NRK Sogn og Fjordane.


STIF

Endring i spinningtreningane torsdag 7.oktober 06.10.2010

   Grunna styremøte i STIF vert det endringar på spinninga torsdag 7.oktober.

 

   Treningane vert slik:           

                                               

   Kl.19.00      35 min

   Kl.20.00      60 min 


"Fant" spelar til dans på Svelgen Hotell laurdag 9. oktober 06.10.2010

FANT er eit band frå Sunnfjord som spelar kjende  låtar frå bl.a. Brandy Carlile, Dire Straits, Dolly Parton, No doubt, KISS, P!nk og Queen.

Sidan starten i 2004 har Fant utvikla seg til å verte eit av dei beste cover-banda i Sogn og Fjordane.  Medlemane i Fant har lang og brei musikalsk erfaring,  noko av dei frå heilt tilbake på 80-talet.

Bandet framstår som godt samspelt og framfører musikken med  "feeling" og trøkk. Repertoaret er stappfullt med låtar som sikrar høg stemning - garantert fritt for svensktoppar og gammaldans. FANT e’ fest!

FANT består av Camilla Søvig - vokal, Hugo Mølmesdal - tangentar, Tor Ivar Flatjord - gitar, Rolf Yksnøy - bass og S vein-Inge Bjørkedal - trommer.

Cover: 200,-

 Sjå bandet si heime side her

http://enivest.net/~rolf.yksnoy/fant/fantside.html


Store og små:

Husk fotodagen 10.10.10 06.10.2010

Bremanger 2010 praktbok inviterar alle som er i Bremanger den 10. Oktober til å fotografere alt muleg som skjer denne heilt vanlege søndagen i Oktober. Prosjektet vert litt ala det som Florø arrangerte 09.06.09 i fjor. No gjer vi det same i Bremanger den 10.10.10.

Bileta som kjem inn får tildelt eit kapittel i Bremanger praktboka. Utgjevinga av boka er planlagt til hausten 2011.
Vil du vere med å fotografere denne dagen, så kan du sende dei til bremanger2010@gmail.com.

Vi ynskjer bilete gjennom heile dagen, frå den byrjar klokka 00:01og til den er slutt 23.59. Det kan hende du er på jobb, sit på ein jaktpost, et nistepakka på søndagstur, eller vaskar bilen. Vi vil vite kva som skjer i Bremanger nettopp denne dagen, og DU kan vere med å bidra til det med å sende dine bilete til oss. Du bestemmer sjølv kva du ynskjer å sende inn bilete av.

For å vere med må ein følgje nokre enkle reglar, elles vil bilete dessverre ikkje bli vurdert.

 

 

 

KRITERIER for å kunne bli med:
1. Bilde må beskrivast:
       a. Kvar er bilete tatt?
       b. Når på dagen vart bilete tatt?
       c. Kven er med på bilete? Fullt namn og helst også alder!
       d. Kven er fotografen.
2. Skru oppløysinga di på bildet på maks storleik før du tek bilete.

3. Send inn bileta til bremanger2010@gmail.com innan onsdag 13.oktober.

Vi håpar at så mange som muleg ønskjer å bli med å fotografere denne dagen. Er du heldig vert biletet ditt med i boka, og du vert kreditert med namnet ditt i den.

Spørsmål kan rettast til Anita M. Ingebrigtsen eller Leni Lisæter på e-post: bremanger2010@gmail.com. Telefon: 48119849


Liten sykkelhjelm funnen 06.10.2010

Det er funne ein liten sykkelhjelm, og eit par sko (ca 2år) på skuleområdet under baldakinen.
Kan fåast att ved å kontakte Svelgen barnehage

ÅRSMØTE I ÅLFOTEN SKYTTARLAG 27.10.2010

SAK 1. GODKJENNING AV INNKALLING

SAK 2. GODKJENNING AV SAKSLISTE

SAK 3. VALG AV ORDSTYRER

SAK 4. VALG AV SKRIVER

SAK 5. VALG AV 2 PERSONER TIL Å UNDERSKRIVE

              MØTEPROTOKOLLEN

SAK 6. GODKJENNING AV ÅRSMELDINGA

SAK 7. GODKJENNING AV REGNSKAP

SAK 8. GODKJENNING AV BUDSKJETT

SAK 9. MEDLEMSKONTIGENT

SAK 10. EVALUERING AV GRUNNLAGSPOKAL

SAK 11. DAMENES OG HERRENES GAVEPREMIE

SAK 12. SENTRALBANE /UTEANLEGG

SAK 13. BRUK AV BANA /SKYTETIDER

SAK 14. VALG

SAK 15. VALG AV REPR. TIL OMBUDSMØTE

SAK 16. EVENTUELT

STYRET I ÅSKL

 


Falske brannmeldingar til Elkem 05.10.2010

Fleire avdelingar ved Elkem Bremanger blei utsette for telefonar med falske meldingar om brann og større driftsproblem med fleire avdelingar tidleg om morgonen laurdag 18. september.

Sidan bedrifta meinte dette måtte vere sabotasje, melde dei saka til politiet.

– Nesten alle avdelingar fekk oppringing om morgonen mellom 06.45- 08.00. Det var tydeleg at dei som ringde inn hadde god kjennskap til drifta og rutinane ved verket, fortel HMS Manager ved Elkem Bremanger Leo Cirotzki til Firdaposten.

Bedrifta viser til at oppringingane var forstyrrande og skapte frykt blant dei tilsette.

Politiet har funne ut kven som står bak og personane blir kalla inn til avhøyr.

– Mykje tyder på at det har vore ei lang natt på førehand, med rusmiddel involvert. Kva straff dei kan vente seg, er vi nøydde til å komme tilbake til. Det er eit mindre lovbrot, med moglege alvorlege konsekvensar, seier lensmann Hans Rune Strandos til Firdaposten.


Tidlegare Svelgen-prestar til jubileum 05.10.2010

Det er no klart at følgjande tidlegare prestar vert med på jubilemumsgudstenesta i Svelgen kapell søndag 10. oktober kl. 11.00: Einar Øritsland, Matias Austrheim, Ivar Austrheim og Ole Agnar Helland.


Faktura for leverte tenester september 2010. 05.10.2010

 

På grunn av omlegging av økonomiprogrammet i kommunen, vart det denne månad feil på kid-nummer på fakturaer som gjeld Barnehage/Sfo og Pleie- og omsorg.

 

Ber om at de denne månaden nyttar meldingsfeltet og her skriv kundenummer i staden for å nytte kid-nummer som er trykt på blanketten.

 

Feilen er no retta, og gjeld berre denne faktura, med forfall 20.10.2010. Vi beklager dette.

 

Økonomiavdelinga


Også delar av Naustneset vert utan straum frå kl. 23 i kveld 04.10.2010

Viser til info om straumstans nedanfor. Forutan områda som vart skrivne i infoen som vart lagt ut på Svelgen.no søndag kveld, vert også følgande område utan straum frå i kveld kl. 23: Kapellet, Kyrkjebakken, og Naustvegen 1A-1D. Det er dei nemnde områda som er omtala som "delar av Naustneset" nedanfor.

 

Elkem Energi Bremanger AS


Straumstans mandag 4. oktober kl. 23.00-02.00 03.10.2010

Dato : 04.oktober. Fra kl. 23:00 til 05.okt kl 02:00.

Grunna arbeid i høgspentnettet.

For området : Øyratun - delar av Naustneset - Skulen - Idrettshus - Industriområde Rise - Breivika - Langeneset - Eikeland - Birkelid.

  

Straumnettet må heile tida sjåast på som straumførande.

 

Elkem Energi Bremanger AS


Fredag 8.oktober

 Kl 20.00

Velkommen til Kroa

kr 15,- per person.                               Aldersgrense 18 ar


02.10.2010. Svelgen - Eikefjord

Basketball trening / kamp 03.10.2010

   

 

Les meir på heimesida og sjå bilder fra treningskampen på heimesida til    STIF


BARNAS TURLAG I GEITEVIKA
Barnas Turlag arrangerte i dag tur til Geitevika. Oppmøte var kjempe bra, 37 vaksne og 58 barn!
På vegen innover var det hengt opp forskjellige spørsmål/oppgåver. Deriblant kva Maskoten til Barnas Turlag heiter og det er jo Turbo. Kanskje han blir med oss på neste tur!
Vel inne i Geitevika, kosa vi oss med god niste og drikke, før vi tok beina fatt igjen og gjekk heim. Vi unngjekk regn på turen, men vinden kjende vi godt.
 
Tusen takk til alle som møtte opp!
 
Barnas Turlag

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


JUBILEUMSKONSERT!
I høve markeringa av at Svelgen kapell er 50 år den 10.10.10!

Laurdag 9. oktober kl 18.00 i Svelgen kapell. Svelgen skulemusikk, Barnekoret, Jubilèumskoret m.fl.

Fri inngang/kollekt ved utgang


Arrangør Midtgulen sokneråd

Ut på tur - aldri sur!
BARNAS TURLAG PÅ TUR I DAG!
 
Barnas Turlag er klar for ein fin hausttur, og vi ynskjer alle små og store velkomne.  Laurdag 2. oktober møtast vi ved Bakerhuset kl 1400, og går inn til Geitevika i Risevatn. Turen passer for alle aldrar også dei aller minste, då ein kan bruke vogn heilt inn. Det vil værte lagt opp til ei aktivitetsløype på veg innover.
   
Husk å ta med deg turpasset! Fyll tursekken din med energimat og varm/kald drikke, og bli med på ein flott tur! Vi gler oss til å møte deg.
 
Hilsen Barnas Turlag!
 

Er det nokon som ynskjer å melde barnet sitt inn i Barnas Turlag går ein inn på  www.turistforeningen.no (linken fiksa) og videre inn på "Bli medlem".
  
Sjå Firdaposten.no sine biletsamlingar frå våre tidlegare turar:  Kruna  og  Ivervatn.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov