Arkiv Sept 2001

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Regnfattig i september i Svelgen 30.09.2001

Etter ein heller våt sommar, har vi i september hatt lite å klage på i så måte. Ved nedbørsstasjonen til Kraftstasjonen vart det i september målt 125,2 mm nedbør. I følgje meterologisk institutt er normalen berekna til 324 mm. Sidan nedbørsstasjonen vart flytta frå Rise til Smelteverket i 1973, er det berre 4 septembermånadar som har hatt mindre nedbør enn årets.

Max. rekorden stammar frå september 1975 då det fall heile 700 mm og min. rekorden frå 1993 då det berre kom 65 mm i september.

Over halvparten av av dei 125,2 mm (65,5) vart målt om morgonen 1. og 7. sept. I september hadde vi 14 dagar utan nedbør, mot 5 slike dagar i august. Til no i år har det komt 1396 mm nedbør, "mot normalt" 1632 mm, melder kraftstasjonen.


Fjord Seafood redda 29.09.2001

Aksjeutvidinga på 700 millionar kroner i Fjord Seafood er allereie fullteikna. Dei fire største aksjonærane tilfører selskapet 500 millionar kroner, og resten er fordelt på mindre og nye aksjonærar. Dermed beheld dei noverande eigarane kontrollen over selskapet.

Spenninga har vore stor kring det fem dagar lange styremøtet i oppdrettsgiganten Fjord Seafood. Etter milliard-investeringar i fjor stupte lakseprisen, og aksjekursen raste. Marknadsverdien på selskapet fall med 85 prosent, og halvtårsresultatet viste ei gjeld på heile 3,7 milliardar.

Då styret møttest tidleg denne veka blei det spekulert i om selskapet ikkje hadde pengar til å finansiere lån som skulle betalast attende alt i vinter. Men trass i dette vil ikkje styreformann Rolf Domstein gå med på at dei handla overilt.

Domstein legg skulda for den trange økonomien på den dårlege lakseprisen, men seier likevel at selskapet skal vere forsiktige med investeringar i framtida. No skal pengane brukast il å betale ned gjeld, og til å sikre framtidig drift, melder NRK Sogn og Fjordane.


Vurderer å legge ned gåvebutikken 29.09.2001

Som Svelgen.no har skreve før denne månaden har fleire butikkar problem fordi svelgarar er utru handlarar. Vi reiser vekk og bruker pengane på dei større stadane. Britt Mulelid i Svelgen Gåve og Kontor AS slit med å få butikken til å gå rundt. Og ho er slett ikkje åleine.

Handelsstanden lir på grunn av stor handelslekkasje, og fleire vurderer å legge inn årane.

- I utgangspunktet trudde eg at folk var meir patriotiske her i Svelgen, og at dei var interesserte i å støtte opp om dei forretningane vi har i bygda. Då vi starta opp for to år sidan, fekk vi utruleg mykje positiv respons frå bygdefolket. Men dei forventningane det førte med seg, er langt frå blitt innfridde, slær Mulelid fast, overfor Firdaposten.

- Sjølvsagt har vi mange trufaste kundar som vi set umåteleg stor pris på, men det er for mange som reiser til Førde og Florø og handlar dei same varene som dei kunne fått her, seier ho vidare. For at Britt Mulelid skal kunne drive vidare, må ho føreta ei omlegging av butikken.

- Dersom drifta skal svare seg, er dette heilt naudsynt. Omsetnaden no ligg på 1,4 millionar på årsbasis, men med det vareutvalet vi har, skulle vi helst hatt to millionar i omsetning. Vi må ha noko att for arbeidet, elles er det berre å legge ned. I neste veke skal vi ha eit møte med Bremanger Vekst for å prøve å utforme strategien vidare, eg håpar at vi der kan finne rom for vidare satsing, seier ho.


Mange førtidspensjonerer seg 28.09.2001

Uansett om omn 5 startar opp att eller ikkje skal det vere 19 færre tilsette ved Elkem Bremanger om eit halvt år. På eit klubbmøte i dag vart det opplyst at fleirtalet av desse vil gå av med førtidspensjonering, og dermed ikkje verte erstatta.

Ein har endå ikkje kome fram til kor mange som elles må permitterast, men det er klart at alle avdelingar vil verte råka, og ikkje berre dei tilsette på omn 5.


Sentraliserer legevaktsentralen 28.09.2001

Legevaktsentralen på Svelgen bu- og servicesenter er foreslått nedlagt og flytta til Florø. Sentralen skal berre vere i funksjon på dagtid. Kommunelege Kan Shanker meiner legevaktsentralen har fungert svært tilfredstillande og forsvarleg. - Det har ikkje forekomme skriftelige klager og operatørane har gjort ein utmerka innsats.

Dagleg leiar av sentralen Linda Førde har i eit brev i saka skreve at fleire operatørar har fått legeerklæring på at dei ikkje skal betjene sentralen fordi det er psykisk belastande. Ein hjelpepleiar har sagt opp og slutta i jobben på grunn av legevaksentralen og to har og ymta frampå at dei vil sjå seg om etter anna arbeid. Etter nyttår vil alle hjelpepleiarane nekte å vere operatørar ved sentralen, skriv Førde.

Ho meiner også det er innverknad på pasientar og avdelinga.

- På vakter med stor trafikk på sentralen, vert det ikkje lett å drive god pleie og omsorg. Det har skjedd mange gongar at ein står og skal hjelpe ein pasient og må springe i frå fleire gongar. Dei kan bli liggande i senga lenger enn nødvendig og dei har blitt sittande på toalett ei land stund fordi pleiaren har blitt sittande i legevaktsentralen, skriv Linda Førde som på vegne av dei tilsette forlanger sentralen nedlagt etter nyår.

Avgjerda skal takast i møte førstkommande tirsdag.


Musikk og idrettsstipend 28.09.2001

Sparebanken Flora Bremanger har som sitt viktigaste mål å skape vekst og utvikling i dei to kommunane. I denne samanhengen er det ikkje minst viktig å stimulere til trivsel og kulturell utfalding rundt om i lokalsamfunna - difor er det aktive kulturlivet i kommunane gjennom dei siste åra blir tilført omlag 5 millionar kroner i støtte frå banken!

Denne gangen gjeld det eit musikkstipend og eitt idrettsstipend kvar på inntil 25 000,- kroner.

Stipenda gjeld for banken sitt distrikt og kan utdelast til utøvarar, til grupper av utøvarar eller til leiarar som har synt god innsats og som har trong for økonomisk stønad i samband med konkurransar, samlingar eller andre oppgåver.

Søknadsskjema får ein ved å henvende seg til ein av banken sine filialar.


Treng 700 millionar 28.09.2001

Fjord Seafood vil hente inn 700 millionar kroner gjennom ei aksjeutviding. Styret har sete i møte heile veka for å finne ei løysing på den økonomiske situasjonen.

Fjord Seafood-aksjen har falle med 85 prosent sidan i vår, og emisjonen blir gjennomført til ein rekordlåg kurs på seks kroner per aksje.

Låge lakseprisar, kombinert med høg gjeld etter store oppkjøp i fjor, er årsaka til problema i selskapet som har 3000 tilsette.


Eksplosjonsarta brann i Endal 27.09.2001

Ein 25-åring fekk forbrenning på underarmen og ei garasje og ein bil brann opp då ei elektrisk lampe fall med og tente på bensin i Endal mellom Davik og Rugsund onsdag kveld.

25-åringen jobba med bilen sin i ei lånt garasje då uhellet skjedde. Medan han stod og sette klemmer på bensinslangen, fall ein elektrisk lampe i golvet og tente på bensinsølet i smøregrava.

? I det mannen skvett til av flammane slepper han også bensinslangen han ikkje har fått sett klemmer på, med det resultat at fleire liter bensin fossar, ut rett på bålet, opplyser lensmannsbetjent Espen Gulliksen ved Bremanger lensmannskontor.

Ulykka skjedde onsdag kveld ved 19-tida, og mannen vart køyrt til Fylkessjukehuset på Eid med 2.grads eller 3.grads forbrenning.

Den eksplosive brannen førte til at den lånte garasjen brann ned til grunnen. Bilen til guten er sjølvsagt også heilt totalskadd av flammane.


May Britt i Fiskarkvinnelags-styret 27.09.2001

May Britt Bratseth frå Sogn og Fjordane er gjenvalt som styremedlem i Norges Fiskarkvinnelag. Det vart klart under landsmøtet i helga.

Likevel varmt vatn til oppdrett 27.09.2001

Oppdrettsanlegget til Fjord Seafood i Svelgen vil framleis få spillvarme frå Elkem Bremanger. Ola Sveen i Fjord Seafood frykta uheldige konsekvensar som følgje av at omn fem på smelteverket blir stengt, for drifta ved oppdrettsanlegget er avhengig av spillvarme derfrå.

Men dagleg leiar i Miljøvarme AS, Olav Ommedal, seier det er gode sjansar for at dei kan levere spillvarme frå andre omnar. Uansett vil kapasiteten bli redusert, slik at skulen og bassenget må klare seg utan spillvarme.


44 permitterte? 26.09.2001

Det er 20 personar som er knytt til produksjonen ved omn 5. Men i følge hovudtillitsvald Bjørgulf Myklebust kan så mange som 44 av dei i dag 215 tilsette verte råka når produksjonen stansar 1. november.

- Dette er så ferskt at vi sjølvsagt ikkje har forhandla om det, men det er rett av 44 personar er kostnadsførte ved omn 5. Dette er folk som jobbar innan vedlikehald, på renseanlegg, labratorium og transport, seier Myklebust til Fjordenes Tidende i dag.

Han seier vidare at han ikkje trur det er slutten på omn 5.

- På dette tidspunkt er det altfor tidleg å seie noko on det, det vert berre spekulasjonar. Marknaden som Elkem leverer til bestemmer om og kor tid det vert behov for våre produkt. Når dette er på plass har leiinga sagt at 20 millionar kroner kan nyttast til å oppruste omnen. Derfor trur eg ikkje at dette er slutten, seier Bjørgulf til avisa.


Skal smelte slagghaugar 26.09.2001

Dei tilsette har lansert ein ide om å få smelta om store slagghaugar som inneheld store mengder silisium i perioden det er varlsa permitteringar. Desse slagghaugane er i dag eit miljøpreoblem og no kan det vere muleg å bli kvitt dei. Verksdirektør Per Otto Ustad er positiv til å sjå på om dette arbeidet kan utførast no.

Tilstår herjingar i Bremanger 26.09.2001

Dei fire personane som har vore pågripne for tjuveri, hærverk og innbrot i Bremanger og Flora i helga, har tilstått ugjerningane.

Alle fire er no sett fri, men to av dei har fått rusforbod og må melde seg på politistasjonen i Florø kvar dag fram til nyttår. Alle fire vil bli tiltalt i saka.


Olve Fossedal ny Flora-rådmann? 26.09.2001

Formannskapet i Flora tilrår at Olve Fossedal blir tilsett som ny rådmann i kommunen. Fossedal, som er fødd i Dale i Sunnfjord og oppvaksen i Svelgen, har dei siste seks åra vore kommunaldirektør i Larvik kommune.

På andreplass har dei innstilt tidlegare rådmann Fredrik W. Gulbranson. Medan konstituert rådmann Terje Heggheim er innstilt på tredjeplass. Til saman var det åtte søkjarar til stillinga, mellom dei tidlegare fylkesrådmann Svein Lundevall.


Full tillit til Ommedal 25.09.2001

Olav Ommedal som leiar i Miljøvarme har min fulle tillit, seier styreleiar Kåre Teigene. Han karakteriserer Ommedal som ein ærleg og svært rettskaffen mann.

Han reagerer på at Ommedal blir skulda for å ha private motiv for ikkje å tildele selskapet Norsk Marin Yngel (NMY) varmevatn frå Elkem. Han viser til at mesteparten av varmevatnet allereie er tildelt, først til Brema Flatfisk og Peder Bakke. Seinare overtok Fjord Seafood anlegget og avtalene om varmevatn. Styret i Miljøvarme handsama i mai søknaden frå NMY om varmevatn: Sidan volumet dei søkte om oversteig det som totalt var tilgjengeleg, så var det innlysande at det ikkje var mogeleg å etterkomme ein slik søknad.

At Olav Ommedal som privatperson protesterer på eit sjøanlegg NMY planlegg på Nesbø er ut frå dette resonnementet ei heilt adskilt sak. – Kvifor kommunen vel å unnta Ommedal sine brev frå offentleg innsyn forstår ikkje eg, det får dei sjølv svare på i kommunen, seier Teigene til Firdaposten.


Store ringverknader i Svelgen 25.09.2001

- Stemninga er dårleg i Svelgen etter at det blei klart at det blir innskrenkingar ved smelteverket.

Dette opplyser ordførar Einar Kjerpeset som fekk informasjon frå verksdirektør Per Otto Ustad i forkant av allmannamøtet kvar over to i dag.

Innskrenkingane får ringverknader mellom anna for prosjekta som baserer seg på varmt vatn frå denne omnen. Oppvarminga av skule og basseng fell bort og etableringa som Norsk Marin Yngel har planlagt i Breivika må leggjast på is.

For Fjord Seafood sitt anlegg Brema Flatfisk, betyr det at dei misser det varme vatnet frå omn 5. Likevel finst det ei alternativ løysing for dei ved å ta ferskvatn på 12-15 grader frå omn 2 og 4.


40 blir permitterte i Svelgen 25.09.2001

Alt i alt 40 personar blir permitterte og omn 5 blir stengd ved Elkem Bremanger i Svelgen. Trass i at avgjerda blei teken i går ettermiddag, blei dei tilsette informerte om avgjerda fyrst på eit almannamøte like etter klokka 2 i dag.

Permitteringane gjeld frå 1. november, og omn 5, som har den største kapasiteten på smelteverket, skal overhalast. Omnen skal etter planen vere stengt i eit halvt år.

Styret si forklaring på permitteringane er at Elkem må redusere produksjonen kraftig fordi konsernet slit med å selje produkta sine.


Allmannamøte kvart over to 25.09.2001

Det vert allmøte ved Elkem Bremanger kvart over to i dag. Klubbstyret er informert om internstyret si avgjerd, men resten av arbeidsstokken må endå nokre timar leve med spekulasjon og rykter.

I dag kjem også kriseramma Kværner til Elkem Bremanger for å drøfte den vidare gangen i outsoursinga av vedlikehaldsavdelinga på verket. Svelgen.no kjem tilbake med meir utpå dagen.


Elkem held arbeidarane på pinebenken 25.09.2001

I går fall avgjerda om lagnaden til omn 5 ved Elkem Bremanger. Styret i hjørnesteinsbedrifta i Svelgen sat saman i intense diskusjonar i over fire timar, medan dei tilsette ved verket og resten av Svelgen-samfunnet venta i spenning. Og sjølv etter at styremøtet var slutt litt før klokka halv fem på ettermiddagen, heldt styret tett om avgjerda, dei tilsette skulle haldast på pinebenken, meiner Firdaposten redaktør Jan Atle Stang i og med at dei først skulle få informasjon i dag tidleg. Difor fekk heller ikkje media vite noko etter styremøtet i går.

Likevel har vi ei dårleg magekjensle, den vanskelege marknadssituasjonen, med liten etterspurdnad og låge prisar, har ført til at Elkem har gjort visse grep også ved andre smelteverk, og sidan omn 5 i Svelgen i tillegg er i dårleg forfatning, er dette eit gunstig tildspunkt å stenge på, meiner redaktøren.

- Det vil i så fall føre til permitteringar for mange av dei tilsette, eventuelt kor mange vil vi få vite etter at det tilsette sjølve er blitt informert om avgjerda.


Mot avgjerdsle om Fjord Seafood-framtid 25.09.2001

I dag blir truleg framtida til selskapet Fjord Seafood som eig fiskeanlegget i Breivika i Svelgen avgjort. Selskapet, der Domstein-familien er ein av dei største aksjonærane, er i akutt pengenaud.

Først i dag reknar styreleiar Rolf Domstein med at styret har ei løysing på den alvorlege situasjonen. Styret vurderer å hente inn meir kapital ved hjelp av ein emisjon. Det kan også vere aktuelt å slå seg saman med andre selskap.


Hærverksraidet er oppklart 25.09.2001

Politiet reknar innbrots- og hærverksraidet i Flora og Bremanger i helga som oppklart. Ei kvinne og tre menn vil bli tiltalt.

Tre av dei fire vart observert og attkjend medan dei gjekk laus på bilar, båtar og ein butikk natt til søndag. Den einaste som ikkje vart attkjend tok først på seg ansvaret for å ha gjort alle ugjerningane åleine, men det trudde ikkje politiet noko på.

Kvinna nektar framleis på at ho har vore med på herjingane, stikk i strid med det vitna seier. Politiet har likevel valt å ikkje krevje ho varetektsfengsla.

– Eg trur ikkje vi kjem til å framstille nokon for varetekt, dersom dei går med på meldeplikt og dersom dei held seg rusfrie, seier jurist Ivar Iversen ved Fjordane politidistrikt.

Framleis er to menn på politistasjonen i Florø, men politiet reknar med å bli ferdig med å avhøyre dei i løpet av i dag, tysdag.


Møte for rause og engasjerte kvinner 24.09.2001

Svelgen.no har fått følgande mail fra Nettverk Bremanger Rause Engasjerte Kvinner: "Vi vil gjerne invitere alle interesserte kvinner i Bremanger Kommune til å møte opp på Realen Tirsdag 25. september Fra Kl. 19.30

Vi vil skape et sosialt, samfunnsengasjert, og lærerikt trivsels-nettverk, som tilbys alle kvinner i kommunen. Vi håper at Dere vil møte opp. Vel møtt!!!!"


Sannsynligvis omnsstans 24.09.2001

Alt tyder på at det går mot permitteringar og stenging av ovn fem ved Elkem Bremanger i Svelgen, melder NRK. Dei skriv dette på nettsida si: "Styret har handsama saka i dag, men vil ikkje seie kva dei er har konkludert med før dei tilsette blir informert i morgon. Men argumentasjonen til styreleiar Erik Løkke Øvre i ettermiddagssendinga på NRK Sogn og Fjordane tyder på at styret har bestemt seg for å redusere drifta ved verket".

Strukturendring på smelteverket 24.09.2001

Det er klart at det går mot ei omfattande strukturendring av Elkem Bremanger i Svelgen. Etter internstyremøtet i dag vart det bestemt om omn 5 skal stengast eller ikkje. Det var imidlertid semje om å ikkje informere resultatet gjennom media, men direkte til dei tilsette i morgon tidleg.

Slik fagforeningsleiar Bjørgulf Myklebust uttrykte seg etter møtet, er det i alle fall klart at verket ikkje vil halde fram som før.

Dersom omn 5 vert stengd blir det permitteringar, varmtvatn prosjekta får store vanskar og også Silgrain vil måtte redusere produksjonen.

På toppen av dette får verket vanskar med outsoursinga av vedlikehaldsavdlinga som Kværner er blitt utplukka til å stå føre. Korleis dette utviklar seg er i skrivande stund heller ikkje avklart.

Svelgen.no kjem tilbake med siste nytt om saka i morgon tidleg - om ikkje før.


Bremanger får ein av fire konsesjonar 24.09.2001

Fylkesutvalet har fordelt dei fire nye oppdrettskonsesjonane som fylket har fått. Konsesjonane går til Høyanger, Solund, Askvoll og Bremanger.


Sjebnedag for omn 5 24.09.2001

I dag skal det avgjerast om omn 5 ved Elkem Bremanger skal stengast og arbeidarar permitterast. Det er med basis i ein vanskeleg marknadssituasjon konsernleiinga i Elkem varsla kutt i produksjonen ved Elkem Bremanger i Svelgen. 20 til 30 kan bli permittert.

Leiinga vurderer å nytte tida til å omfore, bygge nye skorsteinar og forbetre tappeområdet.

I tillegg vurderer Elkem å kutte ned på Silgrain denne hausten og heile neste år. Grunngjevinga leiinga gjev er at dei vil fordele belastninga frå kutt i produksjonen ved fleire verk i Norge. Frå før er omnar i Fiskaa, Salten, Bjølvefossen og Rana stoppa.

Svelgen.no kjem attende med resultatet frå møtet i internstyret seinare i dag.


Politiet pågreip tre 24.09.2001

Politiet har gode spor i saka der fleire personar var med på eit innbrotsraid i Bremanger i helga. Dei har tatt tre personar og leitar etter ein fjerde, melder Firdaposten. - Vi veit at det er fleire, truleg fire tilsaman, personar i lag som har vore med på dette, opplyser politibetjent Einar Vereide ved Fjordane politidistrikt måndag morgon.

Villmannstokt i Bremanger 24.09.2001

Ein stolen bil, fire ramponerte bilar, to ramponerte båtar, ein stolen båt og to innbrot. Det er resultatet etter eit villmannstokt av fleire personar i Bremanger natt til søndag.

Lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger er rysta over det som har skjedd. Toktet starta med at gjerningsmennene stal ein Volvo frå ei bilforretning i Florø. Men den turen enda ved ferjekaia på Kjelkenes, då eine dekket fall av felgen.

Personane prøvde så å tjuvkoble fire bilar som stod parkert på kaia, men lukkast ikkje med det, og i staden ramponerte dei bilane.

Og når dei ikkje fekk start på nokon av bilane ville dei freiste kome seg vidare sjøvegen. Dei prøvde seg først på to båtar, men mislukkast med det, og ramponerte også dei. Men ein 29 fots fritidsbåt fekk dei tilslutt start på, og sette kurs for Kalvåg.

Der bana dei seg veg inn i ambulansebåten på jakt etter medikament og gjorde skadar for 10-20.000 kroner, før turen gjekk vidare til Joker-butikken, med øks som reiskap.

Den stolne båten vart i går kveld funnen att i Florø, men gjerningsmennene er førebels på frifot...


Døypte og gifte i Svelgen og omegn 23.09.2001

Vi har no lagt ut liste over alle som er døypte og gifte i løpet av siste halvår. Sjå "Personleg".

Sunnfjord-bunad til Frithjof 21.09.2001

Svelgen.no har fått mail fra Frithjof Wilborn;

Heisann. Hører rykter om at jeg på nettsiden har bestilt nordfjordbunad!

Jeg HAR bestilt SUNNFJORDbunad!!!

Fjordhilsen fra

Foffen


- Vil gjerne ha nettkafè i Svelgen 20.09.2001

Svelgen.no har fått ein del tilbakemeldingar på at ungdommen ikkje trivst i Svelgen. Ein som vil vere anonym kjem med eit godt forslag: - Eg vil berre seie at eg trivst veldig godt i Svelgen men eg kunne godt ha hatt noko meir å gjera på. Eg foreslår at kommune gjev pengar eller lagar til ein nettkafè. Data er noko alle ungdommane i Svelgen liker. Berre sjå på biblioteket foreksempel der er det så mykje kø på datamaskinene på tysdag og torsdagskveldane at ikkje alle får bruke dei, har ungdomen skreve til "Fritt.ord" spalta vår.

Kva meiner du? Skriv di meining til fritt.ord@svelgen.no.


På jakt etter gode STIF- historiar 20.09.2001

Svelgen TIF jobbar med ei historiebok som omhandlar laget si historie på 1900- tallet, frå starten 8. september 1930 og fram t.o.m. 1999.

STIF har først og fremst vore eit idrettslag som har prøvd å halde folket i Svelgen i fysisk form og har gjennom aktiviteten skapt eit trygt miljø der både unge og eldre har kome saman til sosialt samvær. Men laget har også hevda seg godt sportsleg både på fylkes- og landsnivå.

STIF har hatt mange fantastiske eldsjeler og laget har også stått som arrangør av fleire store stemner i ulike idrettsgreiner opp gjennom åra.

Første gong det vart diskutert å gi ut ei slik historiebok var i forkant av 50- årsjubilèumet i 1980 og sidan har det stort sett vore sagt at boka skal vere klar til "neste jul".

Difor er ein no litt forsiktig med å love kor tid boka kan bli ferdig. Men i 2005 fyller STIF 75 år og innan den tid bør det vere realistisk at boka kjem ut.


EINAR KJERPESETH 60 ÅR! 20.09.2001

Vi gratulerer ordførar Einar Kjerpeseth med 60 års dagen i dag!














-Unge svelgarar mistrivst 19.09.2001

Berre 12 prosent av dei unge som bur i Svelgen trivst. Det viser ei undersøking som Janne Holvik Humborstad har gjennomført. Resultatet av undersøkinga er oppsiktsvekkande fordi det viser seg at ungdom som bur andre stadar i kommunen trivst godt.

Resultatet av undersøkinga som Janne Holvik Humborstad frå Måløy har gjennomført blir presentert i ein hovudfagsoppgåve. Ho har undersøkt trivselen i både ytre, midtre og indre delar av Bremanger kommune.

Tradisjonelt sett har folk i ytre Bremanger levd av fiske, mens jordbruk har stått sterkast i indre og industri i midtre. Og det er altså i kommunesenteret Svelgen at ungdommen gir uttrykk for at dei ikkje trivst.

Janne Holvik Humborstad er forsiktig med å kategorisk slå fast at de unge i Svelgen ikkje har det bra. Intervjua ho har gjort kan tyde på at dei unge nærmast har adoptert ein negativ holdning frå de vaksne til eigen heimstad.

- Bremanger kommune misforstår behova til ungdommane i Svelgen. Det seier leiaren for Svelgen ungdomsklubb, Anita Løwer. Det er ikkje lenger idrett og korps som står i høgsetet, seier ho.

Interessa for den organiserte ungdomsaktiviteten er dalande i Svelgen, og no meiner Løwer at kommunen bør gripe tak i problemet og få kartlagt kva ungdommen vil ha.


Straumstans 19.09.2001

Det blir straumstans i sentrum, Naustneset, Breivika, Langeneset, Eikeland, Birkelid, og på bossovnen fredag 21.09.01 Kl. 00.30 - 03.00.

- Vi gjer merksam på at det i stansperioden kan verte fleire inn- og utkoblingar. Anlegga må heile tida reknast som spenningsførande, melder Elkem Bremanger Kraft (57 79 61 21)


Gaular-Svelgen 2-4 (1-3) 19.09.2001

STIF sitt mål var før kampen å vinne med 3 mål, for då ville ein vinne tilbake 2. plassen laget har hatt det meste av sesongen.

Det såg lyst ut då laget gjekk opp til 2 - 0 etter 15 min. Men Gaular kom tilbake og reduserte tomålsleinga to gongar.

Etter at STIF gjekk opp til 4 - 2 10 min. før slutt hadde laget eit stort press mot Gaularmålet, utan å lukkast.

-Uflaks, var kommentaren til årets spelande trenar og toppscorar Frank Hatleset. For 5. år på rad vart ein av Hatleset- tvillingane toppscorar på STIF (Andrè siste 4 år) då Frank stoppa på 8 seriemål. I tillegg scora han 3 mål i andre kampar. Elles var kommentaren hos spelarane i ein av bilane på veg heim frå Osen Stadion at det var ein grisekamp med mange stygge etterslengar som dommaren burde ha slått ned på tidleg i kampen. Trenaren var elles godt nøgd med innsatsen og kjempinga til laget i denne kampen. Svelgen sitt lag:

Kjell Morten Langedal, Stian Bakkemo, Frank Ommedal Arild Myklebust, Frank Hatleset, Torgeir Vårdal, Thor Kristian Sortevik (Andrè Gjerde siste 45 min), Thor Vidar Blix, Geir Myklebust, Stian Blom (Roy Vegard Sørgulen siste 5 min) og Torbjørn Didriksen.

Mål:

0 - 1 5 min. Geir Myklebust

0 - 2 15 min. Frank Hatleset

2 - 1 22 min.

3 - 1 35 min. Thor Vidar Blix (straffe)

3 - 2 53 min.

4 - 2 80 min. Geir Myklebust

Dommar: Jeikishan Jegatheesan, Florø SK

Gule kort: Thor Vidar Blix, Svelgen + 2 frå Gaular


Feil i konsesjonspapira til NMY 18.09.2001

Fjord Seafood si klage på konsesjonen til det planlagde naboanlegget Norsk Marin Yngel i Svelgen er handsama. Teikningane som følgde med viste feil plassering av NMY-anlegget, skriv Firdaposten.

- Det var feil teikningar som låg ved konsesjonspapira. Den rette teikninga viser at avstanden mellom Brema Flatfisk og NMY skal vere mellom 200 og 300 meter. Det eksisterer ikkje noko krav om ein fysisk avstand mellom desse landbaserte anlegga på 500 meter. Derimot krev vi at avløpsleidningen til NMY må ligge tre kilometer frå Brema Flatfisk sin. Dette er slik fordi NMY kom sist inn i biletet, fortel sakshandsamar Torill Overå hos Fiskeridirektoratet i Måløy.

Ola Sveen i Fjord Seafood har stilt spørsmål ved korleis det er muleg å få konsesjon på eit anlegg som etter teikningane skal ligge på same tomta, utan at dei eingong har motteke nabovarsel. - Når det gjeld nabovarsel, så er det kommunen sitt ansvar at det ligg føre, seier Overå.


Uheldig rypejegar var svelgar 18.09.2001

Rypejegaren som gjekk seg utfor ein hammar i Davik-fjella natt til fredag kjem frå Svelgen. Då han vart funnen av jaktlaget var han bevisstlaus, med skader i ryggen og med flenge og kutt over venstre auge og tinning. Svelgaren vart sendt til sentralsjukehuset i Førde med luftambulanse.

Han kom heim til Svelgen i går kveld - framleis mørbanka og forslått, men elles i god form.


Svelgen Røde Kors med på søk 18.09.2001

Politiet med hjelp frå femti personar frå Røde Kors og Sivilforsvaret gjennomfører no finsøk i området der 88 år gamle Asbjørg Underlid forsvann i Naustdal sundag. Blant dei som deltek er hjelpemannskap frå Svelgen Røde Kors.

Tre veker å vente på reint vatn 18.09.2001

Torsdag vart røra frå Elkem kobla til Svelgen vassverk, men endå vil det ta tre veker før vi slepp å koke vatnet. Grunnen er at det elektriske anlegget til pumpestasjonane ikkje er ferdig.

- Vår konsulent har ikkje fått sendt dei naudsynte papira til verksemda som har ansvaret for det elektriske opplegget, og dette medfører at det enn vil ta nokre meir veker enn det vi hadde håpa på, seier teknisk sjef Magnhild Myklebust.

Ho legg til at næringsmiddelkontrollen ikkje har oppheva kokeforbodet sjølv om vasskvaliteten har vore akseptabel den siste tida.


- Tøv frå Bremanger Vekst 18.09.2001

-Tøv frå ende til annan.

Det er gjengangarane blant svara når fleire bedriftsleiarar i Svelgen blir konfrontert med dagleg leiar i Bremanger Vekst, Geir Gjørsvik, sin kritikk av innstillinga i Svelgen.

Gjørsvik meiner bygda er altfor avhengig av Elkem Bremanger, og hevdar at Svelgen er fritt for gründermentalitet.

Men fleire bedriftsleiarar i bygda seier det derimot er mangel på arbeidskraft som hindrar vekst på nye områder.


Omnstans stoppar satsing på torsk 18.09.2001

Kutt av omn 5 ved Elkem Bremanger i Svelgen betyr slutten for Norsk Marin Yngel (NMY) si planlagde satsing på eit anlegg for torsk og anna marin fisk i smelteverksbygda.

Frå nettopp denne smelteomnen kjem varmevatnet som Fjord Seafood, avdeling Brema Flatfisk, brukar i sin produksjon, og som Stig Bakke og Helge Osland i NMY håpar å få sin del av for å starte med yngelproduksjon av torsk. Dei har fått heile seks millionar kroner i stønad frå SND og 9,5 millionar i lån til prosjektet. Dei lokka kommunen med etablering av heile 90 arbeidsplassar om dei får nok varmevatn frå Elkem.

– Omn 5 er i dag den einaste kjelda med varmt vatn. Dette betyr at det ikkje vil bli noko vatn å slåss om, seier dagleg leiar i Miljøvarme, Olav Ommedal til Firdaposten, og refererer til kampen mellom Fjord Seafood og NMY om tilgang til varmevatn. Stopp av omn 5 riv sjølve grunnen under bedriftsplanane til NMY.

– For Brema Flatfisk, som i dag driv med laks og aure, finst det ei alternativ løysing. Frå omn 2 og 4 kan det hentast ein del vatn som held berre 10 til 15 grader. Det er difor ingen dramatikk når det gjeld dei, forklarer Olav Ommedal.

Dagleg leiar Ola Sveen i Brema Flatfisk tek difor meldinga om ein mogeleg kutt av omn 5 med ro og håpar at den alternative løysinga kan komme på plass i tide.

Kutt av omn 5 betyr også at investeringa på ein halv million kroner som Bremanger kommune har gjort for å varme opp bassenget i Svelgen, blir nyttelaus.


Avhengige svelgarar? 17.09.2001

Svelgen var tema i NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending. Mellom anna deltok NHO direktør Per Ytrehus og leiaren i Bremanger Vekst, Geir Gjørsvik i debatten om nyskaping og utvikling av næringsliv på ei einsidig industriplass.

-Innbyggjarane i Svelgen er altfor avhengige av Elkem Bremanger. Og derfor er det i dag ingen gründermentalitet i Svelgen.

Det seier dagleg Geir Gjørsvik som har skapt 62 nye arbeidsplassar i kommunen. Men berre eit fåtal av dei ligg i Svelgen og det skuldast mentaliteten til innbyggjarane, seier Gjørsvik.

- Dei er vande med at verket har skaffa arbeidsplassar og har bygd ut samfunnet, og at dei ikkje treng å tenkje på det sjølve, seier han.


Svelgaren Frithjof Wilborn 17.09.2001

Visste du at Frithjof Wilborn egentlig er svelgar? - Jo, det stemmer. Eg er fødd i Florø og budde i to og eit halvt år i Svelgen. Eg huskar naturlig nok ikkje så mykje frå den tida, men for foreldra mine var åra i Svelgen deira "glansperiode". Dei var nygifte og svært lykkelige i Svelgen. Far min snakkar stadig om Svelgen, fortel Frithjof til Svelgen.no.

At ikkje så mange kjenner til at han er svelgar, kan han ikkje forstå.

- Når folk spør seier eg at eg budde mine første år i Svelgen. Eg har forresten bestilt meg Nordfjord-bunad for i endå sterkare grad fortelle at eg kjem frå Svelgen, seier Wilborn.

Han vart fødd på Florø sjukehus 12. november 1961, og fortel at far hans, Jan, var med på å skrive historie då han som første far fekk vere med på fødselen til eldstesonen Frithjof.

- Far min har framleis sterke kjensler for Svelgen, og har stadig nye fortellingar. Den gangen var det jo ikkje vegsamband, så han har fortalt at dei bestilte det mest utrulige som vart skipa med båt, "Vantit" til Svelgen. Eg har forstått at det var ei spesiell tid, som far set svært høgt, seier Frithjof. Mora Anna døydde for halvanna år sidan, men også ho snakka med glede om åra i Svelgen.

- Far min arbeidde ved smelteverket og vi budde ei ein to-mannsbustad saman med Bergersen. Dei fleste som foreldra mine hadde kontakt med er flytta, men ein av dei som bur der framleis er Esther Størdal, fortel Wilborn. - Neste år har eg og far min planlagt tur til Svelgen, truleg på sommarstid. Eg har vore i Svelgen fleire ganger, men no trur eg det er 15 år sidan sist. Denne gangen vil eg ta med fruen og mine fire barn for å vise dei plassen, seier Frithjof som er ein av dei desidert mest populære TV-fjesa her til lands. At han i staden kunne enda opp som fabrikkarbeidar ved Elkem Bremanger, ser han ikkje vekk frå.

- Nei det er rart korleis sjebnen vil ha det. Eg trivst svært godt i det arbeidet eg har, og er sjølvsagt glad for god sjåaroppslutning, men eg veit at den som er høgt oppe eine dagen, plutselig kan få ein smell. Men det er veldig moro, stadfester Frithjof som lovar å ta kontakt når han kjem til Svelgen på tur.


-Uheldig for Fjord Seafood 17.09.2001

Oppdrettsanlegget til Fjord Seafood og fleire andre bedrifter i Svelgen vil bli råka dersom Elkem Bremanger stengjer den største omnen.

Oppdrettsanlegget vart plassert i Svelgen for å utnytte spillvarmen frå smelteverket, og det vil få uheldige konsekvensar dersom omnen vert stengd, seier Ola Sveen i Fjord Seafood.

20-30 arbeidarar ved Elkem Bremanger blir permitterte dersom leiinga bestemmer seg for å stenge omn 5, altså den største omnen på verket. Og mykje tyder på at Elkem vil gjere alvor av truslane, og då vil det også ramme dei som i dag er avhengige av spillvarmen frå smelteverket. Det er i hovudsak oppdrettsanlegget til Fjord Seafood, som er eit anlegg som i dag hentar ut ein stor varmemengde frå verket, og som ikkje lenger vil få tilgang til rimelig spillvarme.

Også symjebassenget i Svelgen nyttar i dag spillvarmen, men dersom omnen blir slått av betyr det at dei må bruke elektrisk oppvarming, seier rektor Kåre Myklebust.

Verre er det nok at Bremanger Vekst har fleire konkrete planar for etablering av nye arbeidsplassar som er avhengige av spillvarmen. Disse planane heng i ein tynn tråd dersom Elkem-leiinga sparer pengar ved å stenge den største omnen.


Sjark frå Svelgen gjekk på grunn 17.09.2001

Ein mann i femtiåra frå Svelgen er mistenkt for promillekøyring med båt.

Like før klokka halv fem søndag ettermiddag fekk politiet i Florø melding om at ein sjark hadde gått på grunn ved Ospeneset i Frøysjøen. Politiet rykte ut og pågreip ein mann i femtiåra frå Svelgen, melder Firdaposten si nettutgåve.

Det var slått hol i sjarken under grunnstøytinga. Av fare for at båten kunne drive av, vart båten dratt lengre opp på land og sikra.

Etter at det var tatt blodprøve av mannen vart han sleppt fri.


Bremanger Quarry innklagt til fylkesmannen 17.09.2001

Fleire naboar til steinbrotet Bremanger Quarry går no til fylkesmannen og klagar på det dei kallar uuthaldeleg støy frå steinknuseverket.

Oddmund Nødset meiner hytta hans, som ligg tvers over fjorden, har blitt heilt ubrukeleg på grunn av støy frå steinbrotet.

Men prosjektleiar for Bremanger Quarry, nederlendaren Joop Baumann, har lite forståing for klagene frå nabolaget. Han meiner mykje er gjort for å begrense støyen. No tykkjer han folk heller burde gle seg over at Bremanger Quarry held på å bygge opp ein viktig arbeidsplass i kommunen.


Fjord hentar 100 mill. til kvitfisk 15.09.2001

Fjord Seafood- konsernet, som også eig anlegget i Breivika i Svelgen, har via ei kapitalutviding i selskapet Fjord Marin AS skaffa seg 100 mill. kroner til satsing på kvitfisk.

Målet er at pengane skal gi handlekraft og kompetanse til ein bransje i vekst. Fjord Marin AS, er eit av verdas leiande selskap innan oppdrett av kvitfisk. Kapitalen som kjem inn skal Fjord Marin nytte til å utvide og styrke seabream.

selskapet sin eksisterande aktivitet, med hovudfokus på oppdrett av torsk, seabass og Fjord Seafood ASA har teikna seg for 35,5 millionar kroner og er framleis største aksjonær. Grieg Seafood auka si investering med fire millionar kroner.

I tillegg kom SND Invest og Foinco inn som nye eigarar med investeringar på 31 millionar kroner og 29,5 millionar kroner. Største aksjonærar etter emisjonen er Fjord Seafood (36,5 prosent), SND Invest (11,2 prosent), Foinco (10,7 prosent), adm. dir. Håkon Grande (8,2 prosent), Grieg Seafood (4,7 prosent) og Reidulf Juliussen (4,5 prosent).

Etter emisjonen eig nøkkelpersonar i selskapet om lag 20 prosent. SND Invest og Foinco vil få ein styrerepresentant kvar, melder Fjord Seafood i ei pressemelding. Så gjenstår det å sjå korleis Fjord Seafood eventuelt taklar vesentleg høgare pris på varmevatnet i Svelgen.


Fekk hovudskadar etter fall i Davik 15.09.2001

Ein rypejeger som torsdag kveld fall utfor ein fjellskrent i Davik, vart berga i 7.30-tida fredag morgon.

Mannen, som mellom anna hadde pådrege seg hovudskadar, vart send med luftambulanse til Sentralsjukehuset i Førde. Det var skodde i fjellet då den uheldige rypejegeren fall utfor, og det gjorde bergingsarbeidet vanskeleg. Men utpå morgonkvisten fredag letta det, og litt over klokka 7.30 vart mannen berga ned.

I tillegg til hovudskadar hadde han også kutt i andletet, og var skadd i ryggen.


Pressemelding frå verksleiinga 14.09.2001

Pressemeldinga verksleiinga ved Elkem Bremanger har sendt ut har følgande ordlyd:

Som følge av en meget anstrengt markedssituasjon som gjelder både FeSi- og Silisiummarkedet, må produksjonen i selskapet reduseres ytterligere. Dette kan medføre redusert produksjon ved Elkem Bremanger.

I dag har vi flere ovner utkoblet i selskapet bl.a på Fiskaa, Salten, Bjølvefossen og Rana. Med bakgrunn i denne vanskelige situasjonen vurderer verksledelsen i samråd med internstyret å stanse omv 5.

Begrunnelsen for dette ligger først og fremst i følgende:

Fordele belastningen av denne vanskelige situasjonen på flere verk.

Ovn 5 trenger i nærmeste fremtid en omforing nye skorsteiner og forbedring av trappeområdet.

Vi jobber nå for å finne en tilfredstillende løsning vedrørende vår microsilica-produksjon, og vi forhandler med Salten om pris på Feedstock til Silgrain.

Uansett stans av Ovn 5 eller ikke må vi på grunn av markedssiden være forberedt på å redusere våre leveranser av Silgrain denne høsten og sannsynligvis hele neste år.

Det vil i de påfølgende dager bli satt i gang en restrukturerings-prosess i alle seksjoner. Denne prosessen har som målsetting å identifisere de tiltak som er nødvendig å iverksette, slik at lønnsomhet sikres og arbeidsplasser trygges.

Endelig beslutning om redusert produksjon vil bli tatt i internstyremøte den 24. september, skriv verksleiinga i informasjonsskrivet som er datert i dag.


Svelgen-Hyllestad 6-3 14.09.2001

Svelgen har i dag spelt 6. divisjonkamp mot Hyllestad, og vann 6-3!

STIF hadde eit stort press første halvtimen, men bomma på fleire 100 % sjansar. Utover 1. omgang jamna kampen seg ut, men då var STIF meir effektive.

2. omgang var rimeleg jamnspelt. Siste målet til Hyllestad vart scora direkte frå avspark, melder Frank Hatleset.

Svelgen sitt lag:

Kjell Morten Langedal (Roy Vegard Sørgulen siste 45 min), Stian Blom, Arild Myklebust, Frank Hatleset, Torgeir Vårdal, Per Arne Sæterlid (Leo Cirotzki siste 45 min), Thor Kristian Sortevik, Thor Vidar Blix, Geir Myklebust, Torbjørn Didriksen og Andrè Gjerde (Roger Hægeland siste 15 min).

Mål:

1 - 0 15 min. Geir Myklebust

2 - 0 35 min. Frank Hatleset

3 - 0 37 min. Stian Blom

4 - 0 42 min. Torbjørn Didriksen

4 - 1 49 min.

4 - 2 55 min.

5 - 2 70 min. Thor Kristian Sortevik

6 - 2 75 min. Frank Hatleset Dommar: Jeikishan Jegatheesan, Florø SK

Gule kort: Leo Cirotzki og Andrè Gjerde, begge STIF.


Kutt i arbeidsstokken ved Elkem 14.09.2001

Med basis i ein vanskeleg marknadssituasjon varslar konsernleiinga i Elkem no kutt i produksjonen ved Elkem Bremanger i Svelgen. 20 til 30 kan bli permittert.

Leiinga vurderer å stenge omn 5 og nytte tida til å omfore, bygge nye skorsteinar og forbetre tappeområdet.

I tillegg vurderer Elkem å kutte ned på silgrain denne hausten og heile neste år. Begrunnelsen leiinga gjev er at dei vil fordele belastninga frå kutt i produksjonen ved fleire verk i Norge. Frå før er omnar i Fiskaa, Salten, Bjølvefossen og Rana.


Ikkje avklart kven som må gå 14.09.2001

Det er ikkje avklart kven som kjem til å verte først råka av permitteringane på smelteverket. Fagforeningsleiar Bjørgulf Myklebust seier det ikkje er automatikk i at det er arbeidarane ved omn V som må gå først.

- Vi har tre smelteomnar, og dei som arbeider der har ikkje problem med å skrifte arbeidsplass, seier Myklebust. Vanlegvis blir permitteringar gjort etter ansinnitet, men verksleiinga vil ikkje svare på om dette automatisk vil bli fulgt dersom permitteringane verkeleg blir gjennomført.

- Vi skal også sjå på stabsfunksjonane, seier Ustad.


Varmevatnet prosjekta bli dyre 14.09.2001

- Vi har kontraktfesta at vi ikkje kan styre marknadskreftene i avtala vi har med Miljøvarme AS. Både svømmebassenget og Fjord Seafood er avhengig av vatnet som kjem frå nettopp omn V. Dersom omnen blir stengt må dei få vatn frå Silgrain. Dette vatnet vert oppvarma elektrisk og vil verte ei mykje dyrare løysing. Kven som eventuelt skal betale det er uvisst.

- Det er noko Miljøvarme må ta stilling til, seier Ustad.

Dei vil ikkje kommentere om dette vil få konsekvensar for nyetableringa til Norsk Marin Yngel eller utvidingsplanene til Fjord Seafood.


Permitteringar etter 24. september 14.09.2001

Det går mot permitteringar av mellom 20 og 30 arbeidarar på Elkem Bremanger. Verksdirektør Per Otto Ustad seier til Svelgen.no at marknadssida til elektronikk har ført til svikt i leveransane til Elkem. Dersom internstyremøtet 24. september godkjenner planane, vil omn v bli stengt og mellom 20 og 30 i første omgang bli permittert. Omn V skal rustast opp i løpet av hausten, trass i at det er uvisst om han kjem i drift att.

- Vi veit endå ikkje om vi har sett botnen i marknaden. I tillegg til omn V blir det truleg også reduksjonar på Silgrain. Vår salgssjef reiser no til Japan for å prøve å forhandle fram nye leveringsavtaler. Men det er på det reine at både vi og våre kundar sit på store lager, seier Ustad.

Leiinga ved smelteverket har arbeidd med desse planane heilt sidan tidleg i vår.

Fagforeningsleiar Bjørgulf Myklenust har vore orientert om reduksjonane, men seier til Svelgen.no at han er overraska over den umiddelbare iverksetjinga av reduksjonen.

- Vi må no sette oss ned å sjå på korleis vi kan omstrukturere verksemda for å møte marknaden. Vi må overbevise divisjonen om at vi er best, seier Myklebust.

Direktør Per Otto Ustad ser alvorleg på situasjonen men har ikkje gitt opp håpet om at konjunktursvingningane igjen kan komme på Elkem si side.


Eit tankeekperiment om framtida 14.09.2001

Elkem Bremanger har i dag 221 tilsatte, etter at reinhald og bygg seksjonen har etablert seg i eiga verksemd. 6 av desse er lærlingar, 15 arbeider ved kraftverket som også er eiga eining, og 25 arbeider ved KSØ (Kompetansesenter for økonomi) og ITS (IT-service).

Utsetting av vedlikehaldsavdelinga vil redusere talet på Elkem-tilsette med 50 og dersom reduksjonen som no er varlsa blir permanent forsvinn omlag 25 arbeidsplasser. Det blir då igjen omlag 100 arbeidarar som er lønna av Elkem Bremanger.


Reduksjonar på Elkem:

20 til 30 oppsagt ved verket? 14.09.2001

Elkem Bremanger kan bli nøydd til å redusere bemanninga med minst 20 til 30 personar. Leiinga varsla i dag at ein vurderer å stenge den største smelteovnen ved verket, ovn 5.

Salet av PC-ar stuper over heile verda. Silisiumet som Elkem produsererer, er ein viktig del i PC-ane, og verksdirektør Per Otto Ustad seier at Elkem no blir nøydde til å redusere produksjonen sin kraftig.

Svelgen.no er kalla inn til pressekonferanse no klokka 16 00, og kjem attende med nytt i ettermiddag.


Svelgen utan vatn 13.09.2001

Store delar av Svelgen har i kveld vore utan vatn. Vatnet kom tilbake i ni-tida i kveld, men er framleis svært skittent (kl 2130). Svelgen.no ringte teknisk etat sin vakttelefon for å finne ut kva som var skjedd. Det viste seg at Henrik Frøyen hadde vakt, og at det faktisk var han som også hadde reve hol på hovedledninga når han skulle auke trykket på vatnet i sitt privathus.

- Vi skulle sette på ei klemme på ledninga, og var uheldige og kom borti med grabben slik at det gjekk hol. Vi vart nødt å stenge av vatnet i store delar av Svelgen, men det skal no vere i orden att, seier Henrik Frøyen.


Reisebrev frå Naomi:

Frå storslegen natur til ope hav 13.09.2001

Jostein Eimhjellen har skreve nye skildringar frå den eventyrlege turen dei har lagt ut på.

I forrige reisebrev frå Naomi og mannskap låg Galapagos i horisonten.

Du får no lese korleis opphaldet der utvikla seg, og ta del i opplevingar på det 3000 mil og 22 dagers lange havstrekket vidare til Marquesasøyane i Fransk Polynesia.

Reisebrev


Svelgen historie

Ga seg ikkje så lett 13.09.2001

Alf Lunde som aldri hadde bede kommunen om noko, skjønte samanhengen, og gjekk til kontoret på smelteverket. Han viste til at han hadde 32 kroner på konto, så dei trong ikkje sende krava til fattigstyret. Då forsto Kjølberg at han hade ein mann framfor seg som ikkje ga seg så lett. Han reiste seg, ga Alf Lunde handa og sa:

- Vi skulle hatt flere menn som Dem, Lunde. Gå på kontoret og meld Dem til arbeid. De kan ta ut det De trenger på forskudd, sa Kjølberg.

- Forskudd vil eg ikkje ha, men arbeid tek eg gjerne i mot, sa Alf Lunde.

Dagen etter var Alf Lunde i arbeid , og seinare opplevde verken han eller andre slike mottiltak.


Svelgen-Fure/Dale 1- 3 (0-2) 13.09.2001

I ein jamnspelt kamp mellom to middelmålige 6. divisjonslag vann Fure/Dale 2 3 - 1 over STIF i Svelgen. F/D 2 vann fordi dei utnytta sjansane sine bedre enn STIF. STIF ligg på 4. plass av 7 lag i si avdeling, når to kampar står att. STIF møter Hyllestad i Svelgen fredag 14/9 og avsluttar borte mot Gaular tirsdag 18/9.

Svelgen sitt lag: Kjell Morten Langedal, Stian Blom (Per Arne Sæterlid siste 10 min), Arild Myklebust, Frank Hatleset, Stian Bakkemo, Bernt Fiskeseth, Thor Kristian Sortevik, Thor Vidar Blix, Geir Myklebust, Torbjørn Didriksen og Andrè Gjerde.

Mål:

0 - 1 18. min

0 - 2 26 min.

1 - 2 71 min. Frank Hatleset

1 - 3 90 min.

Dommar: Olav Strømsøy, Eikefjord IL

Gult kort: Arild Myklebust, Svelgen


Høyanger-jente med flaks 12.09.2001

27 år gamle Linda Stølen frå Høyanger unngjekk dramaet på World Trade Center i New York fordi ho forsov seg. Ho er med i eit team frå NRK som skulle ha filma på toppen av det eine tårnet på det tidspunktet dei to flya rasa inn i kvart sitt tårn.

Heime i Høyanger sit mora Dorthe og faren Jan Helge og er glade for flaksen. Linda sjølv er på eit hotell eit stykke unna ulukkesområdet, og ventar på å få reise heim.


Ein av konsesjonane til Bremanger? 12.09.2001

Bremanger, Askvoll, Flora og Vågsøy bør få dei fire nye oppdrettskonsesjonane i Sogn og Fjordane. Det meiner administrasjonen i fylkeskommunen, som no sender si innstilling til politikarane.

Desse kommunane har størst uutnytta potensiale for oppdrett, seier prosjektleiar Lena Søderholm. Kravet om at kommunane skal ha eit stort potensiale som enno ikkje er utnytta, utelukkar Gulen og Solund, meiner fylkeskommunen.

Valet har stått mellom dei ni kystkommunane i Sogn og Fjordane, fordi det er framlegg om å verne dei fire store fjordane i fylket. Verning vil bety forbod mot oppdrett i Sognefjorden, Nordfjorden, Førdefjorden og Dalsfjorden.

Det er Miljøverndepartementet som skal avgjere om fjordane skal bli verna. Og høyringsfristen er sett til 1. oktober, same datoen som fylkeskommunen må ha klart sitt framlegg til kven som skal få dei nye konsesjonane. Prosjektleiar Lena Søderholm meiner det hadde vore betre om vernespørsmålet var avklart før fylkesommunen tilrår kven som skal få dei nye konsesjonane.


Svelgen historie

Oppsagt for fagforeningsarbeid 12.09.2001

Martha og Alf Lunde kom til Svelgen i 1927. Trass utbygginga, var det vanskeleg å få arbeid. Det var konkurranse om jobbane, folket i Midtgulen meinte dei hadde ein forrett til arbeid, og sjølv om Lunde høyrde til kommunen, var han ein innflyttar til Svelgen.

Han hadde elles vore på fleire store anleggs- og industristadar som Odda, Sauda og Svalbard og vorte kjend med arbeidarrørsla og arbeidar kampen. Som kjent var det skipa ei fagforeining med nokre få medlemer og med Karl Nilsen som leiar. Det var ikkje lett å drive fagforeningsarbeid i Svelgen, både fordi leiinga av verksemda såg med frykt og uvilje på dette, og fordi ein stor del av arbeidarane var frå området kring Svlgen og såleis utan røynsle frå fagrøsla.

Lunde vart oppsagt og måtte ta til takke med tilfeldige jobbar på kaia, i konkurranse med dei lokale bøndene. Det ble ei vanskeleg tid økonomisk, og sjølv om husleiga var berre 15 kroner, vart det ein hard utgiftspost. Både Alf og kona måtte finne ymse utvegar til å kome gjennom.

Mellom anna var Martha inne og forhøyrde seg på kontoret om arbeid for mannen. Det ble sagt at det ikkje var arbeid som høvde for Alf Lunde. Då viste Martha til bakgrunnen mannen hadde. Til slutt blei det vedgått at politiske motiv spelte inn, at Alf Lunde stod i spissen for ein uønskt organisasjon.

Fagforeininga freista å hjelpe, men det var fånyttes. Til slutt gjek det slik at huskontoret sende krava til fattigforstandaren, og han kom til Alf Lunde. Men Lunde ga heller ikkje då slepp på visjonen om ei fagrørsle i Svelgen. Meir i morgon.


Svelgen Historie

Trettiåra for fagrørsla 11.09.2001

Trettiårsperioden for Svelgen byrja med iverksetjing av Gunnar Schelderup sine fabrikkplanar. Frå den tid har samfunnet Svelgen si historie vore knytt til smelteverket sine driftsvilkår, produksjonsevne og planar for framtida.

Den nye økonomiske politikken som var ført, motkonjunkturpolitikken, fekk god "hjelp" av ei aukande spenning og rustningsproduksjon i Europa. Svelgen var ein av industristadane som kom til å nyte godt av dette kapplaupet. Matriell-problem og vassløyse skapte vanskar og til slutt stopp.

Innan denne ramma er det Alf Lunde og Karl Nilsen skipar sitt radikale arbeiderpartilag i Svelgen. Føremålsparagrafen fortel kva mål og meining desse idealistane hadde. Møteboka viser at det var personar med styrke og leiageigenskapar, med røynsle frå arbeiderrørsla og eit velforma politisk syn som gjennom eit demokratisk parti ville arbeide for framtida til arbeidarane i Svelgen, ikkje åleine, men som ein del av den demokratiske arbeidarrørsla i Norge.

Alf Lunde måtte gjennomgå mykje for å nå sine mål. Les meir i morgon.


Stortingsrepresentant frå Bremanger 11.09.2001

- Ein historisk siger!

Heidi Grande Røys slapp endeleg jubelen laus fem minutt over midnatt då Flora-resultatet låg føre og sikra henne ein historisk plass på Stortinget.

Det er første gong SV er representert frå Sogn og Fjordane. I bustadkommunen Flora fekk Heidi Grande Røys 26 fleire røyster enn Arbeidarpartiet og Reidar Sandal. Framgangen var på heile 16, 5 prosentpoeng for SV.

- Eg er berre lukkeleg, sa Heidi Grande Røys då sigeren var eit faktum. - No vil eg i Næringskomiteen. Det har ho nesten avtale om med partileiar Kristin Halvorsen.

Valresultat Bremanger kommune


- Ikkje omstilling med Høgre og FrP 10.09.2001

SND-systemet vil vere i fare med ei høgreregjering støtta av Frp. Det vil særleg råke distrikta, meiner Senterpartiet sin ungdomskandidat Erling Sande.

- Dersom SND vert bygd ned, slik Framstegsparteit og Høgre har teke til orde for, vil det vere til stor skade for distrikta. Særleg for ungdom vil det verte svært mykje vanskelegare å etablere seg, seier Erling Sande i valkampinnspurten. Han bruker heimkommunen Bremanger som døme på kva han meiner.

- Dei midlane omstillingskommunen Bremanger har hatt til rådvelde til næringsutvikling, ville ikkje vore der med Høgre og Frp sitt opplegg, seier Sande til Firdaposten.


Manngard på Kalvåg 10.09.2001

Det blir på nytt sett i gong leiting etter den sakna 52-åringen som datt overbord frå ein seglbåt utanfor Vågsøy i går ettermiddag.

Leitinga i går var resultatlaus og leiteforholda var svært vanskelege. Vaktsjef Per Rimmen ber blant andre fiskarane om å vere på vakt. Vêrtilhøva gjer leitinga ekstra vanskeleg, seier Rimmen. Det er kuling frå nord og vanskelege leiteforhold for båtsøk.

Det blir sett inn helikopter i tillegg til redningsskøyta som søkjer frå Stad til Kalvåg. Hjelpemannskap skal gå manngard på strender i Kalvåg og i Refvika.


Må sjekke konsesjon på nytt 10.09.2001

Fiskeridirektoratet må vurdere konsesjonen til Norsk Marin Yngel (NMY) i Svelgen på ny. Fjord Seafood, avd. Brema Flatfisk meiner anlegget ligg for nær deira anlegg.

Fiskeridirektoratet har fått ei klagesak frå Fjord Seafood på konsesjonen som er gitt til Norsk Marin Yngel i Breivika i Svelgen, men har endå ikkje fått handsama den. Ut frå dei teikningane som ligg ved godkjenninga av konsesjonen, ligg NMY sitt anlegg på den same tomta som Brema Flatfisk har prosjektert si utviding.

Begge konsesjonane er godkjende, men i dokumenta er det kravd ein avstand mellom anlegga på 500 meter. Avløpsleidningane skal ha ein avstand på heile tre kilometer.

- Vi har motteke klagen i dag og eg har berre fått tid til å leite fram mappene. Vi skal sjekke dette snarast råd, opplyser sakshandsamar Torill Overå i Fiskeridirektoratet i Måløy, til Firdaposten.


SVØMMETRENING FRÅ I DAG 10.09.2001

Svømmetreningene starter opp igjen i dag, mandag 10.09.2001

Treningstidene blir som følger:

Mandag, onsdag og fredag

T.o.m. 4.klasse: 17.00 17.00

F.o.m. 5.klasse: 18.30 18.30 17.00

Vi ønsker nye og gamle svømmere velkommen!!!

Med vennlig hilsen Svømmegruppen i STIF.


Svelgen historie

1. mai 1929
første steg mot fagforening i Svelgen
09.09.2001

Den eldste fagforeninga ved Elkem Bremanger, Svelgen Jernarbeiderforening vart ikkje skipa før i 1932, men alt i 1929 var det i gang ei arbeiderforening. Formann var Karl Nilsen, som og var ein av mennene bak Svelgen Arbeiderparti. Denne nære samanhengen mellom fagforeninga og partiet var på lokalplanet ei avspegling av forholdet på landsplan. Som mange andre stadar fekk ein heller ikkje i Svelgen kollektiv tilslutnad til partiet frå fagforeninga, men samarbeidet vart markert med felles arrangement 1. Mai.

Alf Lunde (far til Erling Lunde) skriv i sitt referat frå 1. Mai 1929:

- En masse folk var kommet til stede, i det en ekstrabåt var kommet i anledning festen, folk fra Kalvåg og omegn. Hornmusikken spilte opp til dans, med litt avveksling, som som loddtrekning, humoristiske sange, bevertning osv. Festen blev avsluttet i 5 tiden om morgenen og alle syntes det var en vellykket fest, og at vi har gjort det første skritt til å erobre fremgang for vårt parti og oppgave.?

Historia skulle vise at det skulle verte alt anna enn lett for Alf Lunde - men han ga aldri opp!

Meir i morgon om fagrørsla i Svelgen


Mann over bord utanfor Bremanger 09.09.2001

Ein mann er sakna etter at han fall over bord frå ein seglbåt utanfor Vågsøy søndag ettermiddag. Mannen blei truffen i hovudet av bommen, og slegen over rekka.

To personar var om bord i seglbåten då ulykka skjedde. Politiet fikk melding kl. 14. 30 søndag. Ulykka skjedde rett vest av Klovningen mellom Bremangerlandet og Vågsøy. Den andre personen ombord, ei kvinne, kom til Måløy rundt kl 17. Ho er ombord i seglbåten som blir slept inn til Måløy.

Tre helikopter og to redningsskøyter er involvert i leiteaksjonen. Eit helikopter frå Statfjord var venta til leiteområdet kl 16.45, og har varmesøkjande utstyr og heis ombord. Den sakna mannen skal ikkje ha hatt overlevingsdrakt på seg, men han hadde redningsvest, melder Firdaposten si nettutgåve.


3616 innom Svelgen.no i august 09.09.2001

Statistikken for Svelgen.no i august er no klar. Den viser at 3616 var innom sidene tilsaman, og samla hits/sideoppslag var heile 7397! Vi har også fått god oppslutning blant dei 144 som har stemt på oss via "ABC startsiden". Karakteren er så langt den beste av dei ni sidene som er utvalgt i Sogn og Fjordane: 7.13 på ein skala frå 1 til 10. Tusen takk for responsen!

Vi håpar de i tida framover blir aktive brukarar av sidene. Send inn tips, ris og ros, vitsar, di meining osb.!


STIF-sidene er tilbake! 09.09.2001

Svelgen-tif.no er endelig tilbake! STIF sidene har vært nede i heile sommar på grunn av av ein del småproblem, men no er sidene tilbake! Sidene vil ikkje komme skikkelig i gang før om 1 - 2 veker.

Har du stoff, tips eller noe anna så kontakt oss på post@svelgen-tif.no, melder webmaster Ingve Eikeland.


Dobbelbryllup! 08.09.2001

Vi gratulerer Torbjørn Myklebust og Anita Løwer og Kjartan Myklebust og Kristin Myrold med dobbelbryllup i dag!!

Ny historikk om Svelgen 08.09.2001

Måndag startar Svelgen.no med ny historikk om Svelgen. Den skal omhandle arbeiderrøsla sitt virke og arbeid på smelteverket. Mennene som faktisk la grunnlaget for at Elkem og Svelgen har utvikla seg til å bli til dømes ein grunnpilar i den elektroniske verda vi no alle er ein del av.

Vi har fått reaksjonar på at arbeidar- og fagrørsla ikkje er nemnt i den forrige historia om oppbygginga av industrisamfunnet Svelgen. Så får vi heller leve med at nokre vil kalle dette partipolitisk propaganda. Historisk sett var samlinga rundt Arbeiderpartiet og deira usynlege grense til fagrørsla udiskutabelt avgjerande for levelege vilkår for arbeidsfolk i Svelgen, og dermed oppbygginga av bygda vår.

Følg med måndag!


Stortings-representant frå Bremanger? 08.09.2001

I Florø yndar dei å kalle ho florøværing, men toppkandidat Heidi Grande Røys frå SV er sjølvsagt frå Kalvåg i Bremanger kommune!!

Den svært populære 34 åringen hadde kome på tinget dersom det var internett-brukarane som skulle bestemme. Men kanskje kjem ho dit uansett? Husk i alle fall å stemme måndag. Di røyst kan avgjere mandat-fordelinga frå Sogn og Fjordane.

Les meir under spalta "Rundt om".


Vegen til Dyrstad uforsvarleg 08.09.2001

Bremanger Quarry på Dyrstad får kritikk av folk som nyttar fylkesvegen forbi steinbrotet. Magnus Leirvik, som bur vest for steinbrotet, meiner vegen er uforsvarleg å køyre på.

Han har sett seg grundig lei på at Bremanger Quarry tek seg til rette på fylkesvegen på Dyrstad. Det er 20-30 fastbuande vest for steinbrotet, og for dei er den omfattande verksemda på og i vegbana blitt ei stor plage.

Leirvik seier bedrifta tek seg til rette med anleggsmaskinar i vegbana, at den legg slangar og leidningar over vegen og hindrar trafikken. No krev han at fylkesvegen forbi steinbrotet vert overbygd snarast.


Slik ville benken ha blitt ved Internett-røysting 08.09.2001

Dersom stortingsvalet i Sogn og Fjordane vart avgjort ved Internettavrøysting, ville vi fått følgjande stortingsbenk:

Atle Hamar 16,0 prosent, Heidi Grande Røys 13,7, Jorunn Ringstad, 13,0, Reidar Sandal 11,7, og Liv Signe Navarsete 11,5 prosent. Gjennom valkampen har det i nettavisene til Firda, Firdaposten og Sogn Avis vore mogeleg å røyste på dei mest aktuelle Stortingskandidatane. Den klare vinnaren er Atle Hamar som hadde fått 1003 av dei 6256 røystene. Bak han var det veldig tett mellom Heidi Grande Røys, Jorunn Ringstad(som kom sterkt på slutten), Reidar Sandal og Liv Signe Navarsete.

Første varamann ville ha blitt Per Steinar Osmundnes frå Kristeleg Folkepart, medan Sverre Hoddevik som andere varamann hadde fått få turar til Oslo.

Den klaraste taparen er Kristeleg Folkepartis Magne Aarøen. Han fekk berre 3,8 prosent av røystene, og ser dermed ut til å ha lite å hente hos Internett-lesarane i fylket. Stort betre gjekk det ikkje med Mathias Råheim som berre fekk 4,7 prosent. Aud Viken er heller ikkje særleg populær blant dei som har røysta. 7 prosent av røystene gjekk til henne.


Utru svelgarar? 07.09.2001

Handelsstanden i Svelgen slit. Innskrenka opningstid, permitteringar, innskrenka vareutval, stenging eller sal av verksemder. Gjert Kåre Solheim har kutta ut trelageret sitt og gått tilbake til rein møbelsnekker og - taptserer. Spøta har innskrenka opningstida. Enkelte vurderer å avslutte/selge og nokre andre har etter det vi forstår permittert butikkpersonale.

Kvifor er det slik i Svelgen? Er vi for utru eller er tilbodet for dårlig? Har du ei meining om dette så send det til fritt.ord@svelgen.no!


Vardø lærte av Bremanger 07.09.2001

Vardø kommune har fått omstillingsstatus og representantar frå omstillingsstyret har denne veka vore på studietur i Bremanger. Formålet med besøket var å tileigne seg kunnskap og få nyttig informasjon om dei erfaringane Bremanger har som omstillingskommune.

Politikarane inn i Miljøvarme 07.09.2001

Kampen om varmevatnet i Svelgen spisser seg til. Fjord Seafood sikra seg rettane til det meste av varmevatnet i juni, slik at Norsk Marin Yngel og Stig Bakke får for liten tilgang til vatnet til å etablere seg i Breivika med opptil 40 nye arbeidsplassar.

På møtet i plan- og utviklingsutvalet denne veka orienterte Bakke om planane sine. Kommunen eig 51 % av aksjane i Miljøvarme AS, og har vasla at dei i løpet av kort tid skal møte styret for å diskutere andre løysingar enn det dei har kome fram til.

- Det er klart betenkeleg å selje så mykje av kapasiteten til ei verksemd. I intensjonen heitte det at det skulle jobbast for eit rikhalding og mangfoldig næringsliv, seier ordførar Einar Kjerpeseth i ein kommentar.

Dagleg leiar Olav Ommedal seier han til no ikkje har fått innkalling til noko møte.

- Vi har vore nøye med informasjonen til kommunen, og fått full aksept for våre val - også frå dei folkevalde, seier Ommedal til Fjordenes Tidende.


Eikevik utstilling opnar i kveld 07.09.2001

Naturskildringar i alle palettens fargeblandingar vil fylle den restaurerte driftsbygninga på Vågsberget i Vågsøy når svelgaren Arvid Eikevik åpnar salsutstilling i kveld. Utstillinga varer til neste søndag, og det er opplyst at kunstnaren sjølv skal vere tilstades under åpninga.

Vil ikkje lenger brøyte i Svelgen 07.09.2001

Lars Roald Løvfald og Egil Ulvmoen har hatt ansvaret for snørydding og brøyting av dei kommunale vegane i Svelgen. No har begge sagt opp kontrakta, fordi det går ut over jobbane dei lever av.

-I fem månader er vi heilt opphengde med beredskap. Ikkje kan vi reise nokon stad og ikkje kan vi ta fri om helgane, for det er ikkje råd å skaffe nokon som vil brøyte for oss, fortel Løvfald.

- Beredskapen medfører at vi må opp eit par gongar for natta i periodar og for det får vi 6000,- kroner i månaden, seier han vidare.

Dei understrekar at oppseiinga ikkje er gjort for å få betre betalt.

- Men vi veit at kommunen betaler sine egne folk nesten det dobbelte og har vesentleg betre vilkår enn vi har, seier Ulvmoen.

Teknisk sjef Magnhild Myklenust seier at kommunen kjem til å lyse brøytinga ut på anbod med det aller første.


Miljøvarme slår tilbake 06.09.2001

Dagleg leiar Olav Ommedal i Miljøvarme og styreleiar Kåre Teigene vil ikkje finne seg i slett sakshandsaming i kommunen og nesten injurierande påstandar i pressa.

- Miljøvarme AS har med stigande undring registrert at representantar for Norsk Marin Yngel AS, Bremanger VeKsT, og Bremanger kommune har uttalt seg i meir eller mindre negative ordelag om eit einstemmig vedtak fatta i styret. Framstillinga, først presentert i eit intervju i Fjordenes Tidende i sommar, freistar å så tvil om motiva til Miljøvarme AS. Utsegner, som etter vårt syn grensar til å vere injurierande påstandar, vert framsette om styret i Miljøvarme AS, seier Ommedal og styreleiar Teigene.

Ommedal vil ikkje gå nærare inn i kva han finn på grensa til injurierande, men fortel til Firdaposten at det kjem fram påstandar som let det skine gjennom at vedtak fatta i styret ikkje har gått rett føre seg.

Ommedal meiner at innslaget har form som partsinnlegg til fordel for Norsk Marin Yngel AS utan at ein i det heile har innhenta nokon opplysningar frå Miljøvarme AS eller nemner det alternative utbyggingsprosjektet til Fjord Seafood Norway AS.

Ommedal minner også om at det er eit kompetent styre i selskapet som har fatta vedtak om å satse på Fjord Seafood sitt prosjekt, eit styre der Bremanger kommune har to representantar.

Vedtaket om å satse på prosjektet til Fjord Seafood blei fatta av styremedlemmene Gunnar Mundal, Jan Torvanger, Kåre Teigene og direktør Ustad på Elkem. Styremedlem Kjell Bakke (Brema Flatfisk) var ikkje tilstades.


Planleggingsdag 8.og 9.oktober.... 06.09.2001

Trenger du barnehage også disse dagene? Vi i Nettverket Bremanger Rause Engasjerte Kvinner ønsker å holde barnehagene åpne disse dagene, hvis foreldre og/eller andre nærmeste kan være voksen en av dagene. Hvilke barn som vanligvis er i barnehagen på disse dagene, er interessert i å benytte seg av tilbudet?

Vi kjenner rutinen til barnehagen som foreldre, og vi vil prøve å holde oss til den.

Vi må understreke at deltagelse er på eget ansvar. Vi gjør vårt beste for at barna skal få et hyggelig og sikkert opphold.

Vi avgjør 1. oktober om vi har fått nok tilbakemelding og kan organisere tilstrekkelig tilsyn.

For å melde på barnet, og for å melde deg som voksen, skriver du navnet på lister som henger i barnehagene.

Vennlig hilsen NETTVERKET BREMANGER RAUSE ENGASJERTE KVINNER

Anne van Oorschot (57 79 22 00) Charlotte Lindstad (57 79 10 76)


Rause Engasjerte Kvinner i Svelgen 06.09.2001

Nettverk Bremanger Rause Engasjerte Kvinner har den gleden å introdusere seg. Vi er en nystiftet organisasjon, full av gode ideer og masse entusiasme. Vi vil skape et sosialt, samfunnsengasjert, og lærerikt trivsels-nettverk, som tilbys alle kvinner i kommunen.

Nettverket vårt er altså en uformellt møteplass for kvinner. Vi legger vekt på å ha det koselig sammen, samt arrangere temakvelder og andre aktiviteter.

Her og nå vil vi på det hjertligste invitere alle kvinner i kommunen til å delta på våre møter. Det var møte tirsdag 4. september, deretter hver 3. uke fremover. Møtene begynner kl. 19.30 på Realen, melder Anne van Oorschot (tlf. 57792200).


Kinolista no lagt ut 06.09.2001

Kinolista for Svelgen Kino er no utlagt. Aktuelle filmar for september er Pearl Harbour, Bridgets Jones Dagbok og Pokèmon. Noke for einkvar smak, skulle ein tru. Les meir under rubrikken "Aktuelt".

Bremanger Quarry avviser 06.09.2001

Bremanger Quarry avviser dei sterke skuldingane om dårlege løns- og arbeidsvilkår.

Driftsleiar Rogier Von Oorshot seier at dei betalar 40 % tillegg for overtid yrkedagane,og 80 % laurdagar og helgedagar.

Bremanger Quarry pålegg heller ikkje helgearbeid,seier driftsleiaren,som meiner at skuldingane frå jobbsøkjar Leif Ragnar Dyrstad er svært urettferdige.


Vil gje Norsk Marin Yngel varmtvatn 06.09.2001

Utan tilgang på varmtvatn, som var ein av føresetnadene for å etablere seg i Svelgen, vil vi vurdere å flytte etableringa til ein annan lokalitet med varmt vatn, seier Stig Bakke i Norsk Marin Yngel AS.

Verksemda har allereie ein ferdig etablert kultur med stamfisk som ventar på å bli overflytta til Svelgen. Målet er å få starta opp første februar 2002, før vårgytinga, og då må den tekniske romløysinga, vasstilførselen, etableringa av stamfisk og levandefor vere på plass dei næraste haustmånadene. Men avslaget frå Miljøvarme AS om levering av varmtvatn set ein stoppar for den vidare prosessen, ikkje berre på produksjonssida, men mangelen på varmtvatn gjer det vanskeleg å skaffe nok investorar, og oppfylle dei krava som SND stiller for å engasjere seg i prosjektet.

- Lovnadene både frå Bremanger kommune og Miljøvarme AS var utslagsgjevande for at vi valde å etablere oss i Svelgen. Vi hadde fleire andre alternativ i tankane, men sidan eg er frå Svelgen, kjempa eg for ei lokalisering her, fortel Stig Bakke.

Saman med Helge Osland etablerte han selskapet Norsk Marin Yngel AS i april 1999, og i mai same året søkte dei om konsesjon på oppdrett av torsk. Eitt år seinare fekk dei tilsagn frå Bremanger kommune om å etablere seg i Breivika i Svelgen. Tidlegare i år fekk selskapet tildelt konsesjon på 10 millionar yngel. Norsk Marin Yngel AS tek mål av seg å vere i full produksjon innan 2005, og bli den største yngelprodusenten på torsk i Sogn og Fjordane. Tysdag orienterte Bakke og Osland medlemene i plan-og utviklingsutvalet om Norsk Marin Yngel AS si satsing i Svelgen.



Meir i Firdaposten


Katastrofalt for Høgre 06.09.2001

Ut med Sverre Hoddevik og Mathias Råheim i Høgre, inn med SV si Heidi Grande Røys og Jostein Kvalsvik i Frp. Dette er det oppsiktsvekkande resultatet av den siste meiningsmålinga i fylket. I denne siste målinga i månadsskiftet august–september gjort for Firdaposten, Firda og Sogn Avis, ser vi ein stortingsbenk som er drastisk endra sidan førre måling for ein månad sidan. Begge Høgre sine mandat er borte. Med dette valresultatet er Reidar Sandal åleine som Ap-politikar på tinget, som venta med 1. mandatet i fylket. Heidi Grande Røys er noko overraskande inne med det fjerde mandatet i fylket. Den store nasestyvaren har Høgre fått. Til og med 1. kandidaten Sverre Hoddevik (H) er utkonkurrert av Jostein Kvalsvik frå Frp. Dei to andre mandata har som venta Magne Aarøen i KrF og Jorunn Ringstad i Sp. Mest positivt ser det ut for sistnemnde, som kan notere seg for ein framgang på 3,4 prosentpoeng til 17,2 . For Ap er det også ei klar betring sidan førre måling for ein månad sidan. Dei har auka med 4,7 prosentpoeng, og er no nærast til å ta sistemandatet frå Frp. Dei manglar berre 1058 stemmer på å kapre det femte mandatet. Men det er svært jamt i kappløpet om dette mandatet. Høgre er snublande nær til å ta eit mandat, og det ville vere tilnærma sensasjonelt om Sverre Hoddevik ikkje får halde fram på Stortinget. Med 499 personar som grunnlag i meiningsmålinga, er den statistiske feilmarginen på 3-4 prosent på dei partia som har dei høgste målingane. Tala viser tendensar i ein veljarmasse som heilt tydeleg har late seg påverke av valkampen. Det er store rørsler i veljarmassen. Hovudtendenser er at Ap, SV og Frp har fått meir oppslutning, mens Høgre har fått den største nedturen. Veljarane har i liten grad late seg påverke av den aktive valkampen til Atle Hamar i Venstre. Målinga er gjort den 3. september av Sentio-Norsk Statistikk for avisene Firdaposten, Firda og Sogn Avis. 499 tilfeldige personar frå heile fylket som er over 18 år er spurde.

-Bremanger Quarry sin eigen feil 06.09.2001

Steinbrotet Bremanger Quarry på Dyrstad i Bremanger tilbyr altfor dårlege arbeid- og lønsvilkår. Det hevdar maskinførar Leif Ragnar Dyrstad. Han vurderer å ta seg jobb i steinbrotet, men då må lønstilhøva bli betre. I dag blir det ofte mykje overtidsarbeid i slike bedrifter, men Dyrstad seier leiinga ved steinbrotet ikkje set lønstilhøva likt andre bedrifter i den same næringa. Han fortel blant anna om for lite kvelds- og nattillegg, og ein dårleg organisert vaktplan.

Dyrstad er fødd i Bremanger, men bur i dag i Nordhordland. Han vil gjerne flytte attende til Sogn og Fjordane, men berre om bedrifta kan tilby ei lønsavtale som er like god som dei han er van med frå andre arbeidsplassar.

Det er ei kjent sak at steinbrotet i Bremanger slit med å få tak i arbeidskraft. Lokalbefolkninga sviktar, og bedrifta må leige inn arbeidarar på kostbare korttidskontraktar. Ordførar i Bremanger, Einar Kjerpeseth, er bekymra, og seier han vil opne opp for meir arbeidsinnvandring.

Men Dyrstad meiner altså bedrifta sjølv er skuld i at ingen vil jobbe der. Leiinga i Bremanger Quarry har lagt fram tre ulike lønsavtalar for Dyrstad, men han er enno ikkje nøgd. Han ser likevel ikkje vekk frå at han takkar ja til jobben - om tilbodet blir betre.


Miljøvarme i bassenget! 05.09.2001

Fjernvarmeanlegget til oppvarming av symjebassenget ved Svelgen skule er no sett i drift. Bassenget vert no oppvarma ved hjelp av varmt vatn levert Miljøvarme AS!

SV og SP vinnarar i skulevalet 05.09.2001

Sosialistisk Venstreparti og Senterparitet er dei klare vinnarane i fylket blant skuleelevane. Det viser resultata frå dei femten vidaregåande skulane som har halde val. SV har fått 24,1 prosent av stemmene medan Senterpartiet ligg rett bak med 21,8 prosent. Deretter følgjer Arbeidarpartiet med 12,5 prosent, Det Politiske Parti med 9,9 prosent og Kristeleg Folkeparti med 9,3 prosent. Framstegspartiet har fått 6,8 prosent av stemmene, Høgre 5,7 prosent og Venstre 3,2 prosent.

Oftare ferje frå Kjelkenes 04.09.2001

Ordførar Einar Kjerpeseth engasjerer seg no for å auke ferjekapasiteten på strekninga Kjelkenes-Smørhamn. Ikkje berre vil han ha større ferje, han vil også ha ein ekstra avgang midt på dagen. Altfor ofte er ferjekapasiteten på denne strekninga for liten, og mange reisande har difor blitt ståande att. Det er ikkje berre i helgane dette skjer, også på heilt vanlege kvardagar er det mange bilistar som ikkje kjem med. Spesielt ille har det vore i turistsesongen, og det er dårleg reklame for Bremanger.

- Ein del av dei som blir ståande att ventar på neste ferje, andre køyrer rundt og tek ferja frå Måløy, men halvparten av dei turistane som ikkje kjem med ferja, ser vi aldri att. Dei finn seg heller andre reisemål, og det er vi lite tente med, meiner Einar Kjerpeseth.

Bremanger-ordføraren vil no ha resten av politikarane i kommunen med seg for å få til eit møte både med Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og med Statens vegvesen, for å få ei avklaring på situasjonen. Tysdag vil han ta saka opp i plan- og utviklingsutvalet.


Dyr fastlegeordning for Bremanger 04.09.2001

Den nye fastlegeordninga blir langt dyrare for Bremanger kommune enn rekna med. Berre i år vil ekstrautgiftene overstige 200.000 kroner. – Det viser seg at fastlegeordninga er ei dyrare ordning for utkantkommunar med lågt folketal enn for kommunar med over 5000 innbyggjarar, seier kommunelege I i Bremanger, Kan Shanker, til Firdaposten. – Før innføringa av fastlegeordninga fekk kommunane driftstilskot basert på reelle utgifter, no vert tilskotet rekna utifrå det talet pasientar legen har på lista si. For Bremanger kommune sler dette negativt ut, då kommunen må betale eit utjamningstilskot på grunn av det låge folketalet, fortel han.

- Flott ungdom i Svelgen 03.09.2001

- Det at Bremanger Quarry ikkje får folk, har dei seg sjøl å takke. Dei vil nemlig ikkje betale. Dei vil knapt betale folk overtid. 100% overtid eksisterer ikkje hos dei.Laurdagsarbeid skal visst kun betalast ordinær timesbetaling for, skriv Kjartan Nyvang Dyrstad som eit innspel til at Bremanger Quarry manglar folk.

- Søndag- og heilagdagar er dei kun villige til å betale 80% overtid for.Dei opererer visst også med noko som er 18% overtid. Eg er veldig godt informert om dette ,då eg sjølv veit folk som godt kan tenkje seg å arbeide for dei,men ikkje under slike forhold. Heile opplegget virker på meg som det er mykje "COWBOY prega" . Det minner meg mykje om byrjinga i Nordsjøen tidleg på 1970 tallet. Dette er berre nokon ord om kvifor dei ikkje får folk. Ein sit att med det inntrykket at ungdomen i Svelgen/Bremanger er late,men det er dei ikkje. Eg kjem sjøl frå Dyrstad (flytta i 1980)og eg veit at det er meget flott ungdom i Svelgen/Bremanger, seier Kjartan Nyvang Dyrstad


Reduserte barnehageprisar? 03.09.2001

Gunnar Skjølberg foreslår å redusere barnehageprisane i kommunen med 10 %. Det betyr at timeprisen går ned frå 19 til 17 kroner timen. Det er barne- og familiedepartementet som har gjeve kommunane ekstra statstilskot for å redusere foreldrebetalinga allereie frå hausten av. Ikkje alle kommunane har likevel brukt ekstrapengane etter intensjonen, med grunngjeving i at påtenkt auke ikkje vert sett i verk.

-Bremanger kommune bør følgje intensjonen i departementet, meiner Skjølberg. Dersom forslaget får gjennomslag hos politikarane i morgon til prisane sjå slik ut:

100 % plass 2890,- (no 3230,-), 80 % plass 2312,- (no 2584,-), 60 % plass 1734,- (no 1938,-), 50 % plass 1445,- (no 1615,-) og 40 % plass 1156,- (no 1292,-).


Ingen vil jobbe i Bremanger Quarry 03.09.2001

Det som vil bli Norges største steinbrot, Bremanger Quarry, slit med å få tak i arbeidskraft. Lokalbefolkninga viser svært lita interesse, seier prosjektleiar Joop Bouman.

No må selskapet leige inn kring 15 arbeidarar andre stader frå på korttidskontraktar, noko som er både dyrt og upraktisk for eit selskap som gjerne vil lære opp folk i startfasa. Bouman trur ein del av årsaka til mangelen på lokale arbeidarar er at folk er skeptiske til å satse på eit så nytt selskap.

Ordførar i Bremanger, Einar Kjerpeseth, arbeider no aktivt for å opne for meir arbeidsinnvandring og såleis få utlendingar til å etablere seg i kommunen


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars