Arkiv Jan 2015

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Årsmøte Svelgen Opp og Fram 17.01.2015

   

Det vert årsmøte i Svelgen Opp og Fram på Svelgen Hotell, onsdag 25. februar kl.19.30 - 20.30.

 

Sakliste:

 

Sak 1: Årsmelding 2014

Sak 2: Rekneskap 2014

Sak 3: Budsjett 2015

Sak 4: Eventuelt

 

Dersom nokon har saker må desse meldast
Vibeke Kjerpeseth tlf. 90 58 00 55, innan 11.februar.

 

Vel møtt! 


Nytt treningsår 11.01.2015

   

Vi har starta eit nytt treningsår i STIF og det er tid for ny innbetaling:

 

Medlemskort:                        Treningsavgift:

0 - 7 år             kr. 100             0 - 7 år                 kr. 150

8 - 17 år           kr. 200             8 - 17 år               kr. 500

18 - 59 år         kr. 300             18år og oppover  kr. 800

Over 60 år       kr. 100              Kvart 3.barn i familien - gratis (Dette gjeld kun tr.avg.).

Støttemedlem  kr. 100    

    

Gjest kr. 300,- (Avgift for dei som berre er heime i feriar og vil trene).

    

Betal inn til kontonummer: 3776. 30. 11462.

   

Hugs å merke innbetalinga med namn og beløp på den/dei det gjeld.

Eks: Vibeke Kjerpeseth  300 kr. + 800 kr.

         Oskar K. Vårdal     200 kr. + 500 kr.

 

Sjå oversikta over treningstidene i hallen her.

 

 



Søndagsskule 1.februar i Svelgen kapell 30.01.2015

Det vert Søndagsskule i Svelgen kapell kommande søndag kl. 11.00

Ta med deg ein ven og kom.

Helsing Svelgen Søndagsskule 


PubQuiz på Ninas Kro 27.01.2015

Ønsker alle hjertlig velkommen til en

hyggekveld med PubQuiz på Ninas Kro

Fredag 30.Januar fra kl. 21:00


På Ninas Kro Lørdag 31.Januar 27.01.2015

Karaoke og Discotek

Lørdag 31.Januar

fra kl.22:00 - til kl.02:00

 


På Ninas Kro 30.01.2015

Til dere som har tengt dere ut på arrangementer på Ninas Kro i helgen!

Vi sliter fortsatt med breibandet i sentrum av svelgen p.g.a en dårlig skjøyt på en gammel kabel i sentrum,det vil ikke bli i orden før tidligst i løpet av mandagen, derfor er det bare reserveløsning på bank kort betalingsterminalen som virker,det tar litt lenger tid med betaling av kort og derfor vil det gå en del raskere om de fleste av dere kan betale med kontanter så vi slipper noe betalingskø i denne perioden frem til mandag.

Vennlig hilsen oss på Ninas Kro.


Bremanger kommune

Lærar for minoritetsspråklege

Stilling med saksnr. 15/271

 

 

Vi har ledig ei 75% stilling som lærar for minoritetsspråklege i ytre Bremanger frå snarast.

Sjå fullstendig utlysing under "stilling ledig" i menyen til venstre,
eller på heimesida til Bremanger kommune.

Søknadsfrist 10. februar 2015

 

 


                                                                                                                                                   

                                                          

                                               

 

F ERIEVIKARER 2015

For sommeren 2015 trenger vi ferievikarer. Arbeidsområdene er innen ulike avdelinger.

Ferievikarene må være fylt 18 år i ferieperioden, og vi har behov for ferievikarer i perioden midten av juni til midten av august 2015. Ferievikarene må beherske norsk muntlig og skriftlig. Det er ønskelig med sertifikat klasse B på enkelte avdelinger, og vi ber derfor om at man i søknaden oppgir om man har sertifikat klasse B.

Det vil bli gitt opplæring i ferier og helger frem mot ferieperioden. Vi gir også opplæring som fører til truckførerbevis.

Skriftlig søknad sendes pr. e-post til trudi.vagene@elkem.no . Nærmere informasjon fås ved henvendelse til personalsjef Trudi Vågene, tlf. 577 96 144/911 38 522.

Ferievikarer som tidligere har jobbet på Elkem Bremanger og som ønsker sommerjobb 2015, må også sende inn søknad.

Søknadsfrist : 9. februar 2015.


Røde Fjær Aksjonen 2015 29.01.2015

Innsamlingsaksjon
Lions Røde Fjær 2015 er ein innsamlingsaksjon som går til inntekt for det landsomfattande barne- og ungdomsprosjektet MITT VALG. Målet er å samle inn 30 millionar kroner.
Innsamlingsaksjonen finn stad rundt om i landet frå den 2. til den 8. februar. I Svelgen kjem vi til deg med bøsse torsdag 5. februar.
Pengane som samlas inn, skal nyttast til haldningsskapande og førebyggande arbeid for barn og unge med særlig fokus på mobbing og rusmisbruk.
Lionsklubbane i Noreg har lang tradisjon med Røde fjær aksjonen, som sist vart arrangert i 2009.
Vi får hjelp av ungdom som stiller opp, så ta oss vel i mot på torsdag!

Lions Club Svelgen
Espen Frøysland
President


Svelgen kino 29.01.2015

0

  

      Big Hero 6

  

      Søndag 1.februar kl.17:00

 

            Aldergrense 7.år


Svelgen kino 29.01.2015

0

 

   What We Do in the    

          Shadows

   

    Søndag 1.februar kl.20:00

    

            Aldergrense: 15 år





Vatn i Svelgen
Det vert lavt trykk på vatnet i heile Svelgen fram til kl. 16.00.

Nokon kan også miste vatnet heilt.


Når vatnet har vore vekk og kjem att:
Må ein opne ein krane, helst på det lågaste punktet i huset.

Dette for å unngå skit og slam inn i røyrsystemet og vidare til
t.d varmtvasstank, vaskemaskin og lignande. 


Delar av Svelgen utan vatn 27.01.2015

Delar av Svelgen er utan vatn utover kvelden tirsdag 27. januar. Det skuldast kutt i ein kabel. Ein reknar med at vatnet vil vere tilbake innan halv åtte - 1930 i kveld.

Fv 614 Magnhildskaret vert nattestengt

Fv 614 Magnhildskaret vert nattestengt i kveld 27.01.15 frå kl. 21.00 på grunn av skredfare.

Ny vurdering i morgon kl.09.00.


Årsmøte. 27.01.2015

Svelgen Seniordans held årsmøte i dag tirsdag 27.januar kl.1800 på Keipenstova.

Kurs i innlæring av grunnferdigheter for hund?

Det vert arrangert eit minikurs på 8 timar fordelt på 4 ettermiddagar.

Dato: 24 feb., 10, 17 og 24 mars. Kl. 18.00 - 20.00

Stad: Ferjekaia på Kjelkenes

Pris: 350,- pr. hund

Stine Senneset er utdanna trinn I instruktør gjennom Norsk Kennelklubb.
Det er plass til 8 deltakarar på eit kurs, så det er første mann til mølla.  

Kursa passar både for kvalpar og vaksne hundar.

Eit minikurs inneheld ikkje teoridel, men noko av teorien vert gått igjennom ved gjennomgang av øvingar i praksis.


Er dette noko du kunne tenkje deg?
Ta kontakt med Irene Holm Sæterlid på tlf.: 94982143 for påmelding.

Skikarusellrenn 2015 26.01.2015

STAD: KARLSKARSTOVA

   
DATOAR
08.02.15 (søndag)
08.03.15 (søndag)
15.03.15 (søndag)
22.03.15 (søndag)

 

Påmelding mellom 12.00-13.00.
Start 500 meter kl. 13.15.
Start andre distansar kl. 14.00.
Løyper 500 m til 5 km. Alder barnehage til 10. klasse
Premie til alle blir utdelt siste rennet.
Påmeldingsavgift kr. 50,-

 

Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før renn. Når de har parkert på parkeringsplassen, går de rett over hovudvegen, og opp den nye traseen til Karlskarstova.

 

Open kiosk

 

Ålfoten Idrettslag    -    Svelgen Turn og Idrettsforening

 


Fyrverkeri i Svelgen 2. februar 26.01.2015

Vi er ei gruppe på Svelgen Skule som har vore i kontakt med Fyrverkeri.no for å få lære litt om fyrverkeri. Dette vil då ende med ei oppskyting der vi viser kva vi har laga til i løpet av dagen. Vi skal skyte opp mellom klokka 18.00 - 19.00 og den vil vare i ca 15-20 min
Oppskyta vil vere ved småbåthamna ved Elkem, vil du sjå på så ber vi dykk stille opp ved Firda Billag.



Svelgen- Bremanger 4-1 24.01.2015

  

  

Svelgen A-lag (6.div) har starta sesongoppkøyring med treningskamp mot Bremanger (5.div) på Svelgen stadion fredag. Det enda med 4-1 til Svelgen. Desse scora måla til Svelgen: Anders Midthjell 2 , Rashka 1, Terje Rebni 1. Resultatet lovar godt for sesongen! 


Ninas Kro Svelgen 24.01.2015

Telefon på Ninas Kro virker ikke.Siden de grov over ledningen til nettet ute i svelgen har det vert en del problemer,men no er tlf og breiband dessverre helt ute av drift.Håper å få det i orden i løpet av mandagen.


Svelgen kino 23.01.2015

0

 

          Paddington

 

     Søndag 25.januar kl.17:00

 

         Aldergrense 7 år


Svelgen kino 23.01.2015

0

      Staying Alive

 

      Søndag 25.januar kl.20:00

 

       Aldergrense: Tillatt for alle


Arrangementer Januar - Februar 2015

På Ninas Kro 19.01.2015


Svelgen kino 19.01.2015

 

The Imitation Game

 

Fredag 23.januar kl.20:00

 

Bilde: Fredag 23.januar kl.19:00
The Imitation Game


Nattcup fredag 23. januar 22.01.2015

Minner om Nattcupen 9.klasse arrangerer i Svelgen Idrettshus fredag 23. januar, for 1. til 10.klasse.

    

1. - 4.klasse            kl.16.00 - 20.00

5. - 10.klasse           kl. 21.00 og utover kvelden / natta.

  

Pris pr. spelar:  20 kr.

Tilskodarar:      35 kr.

  

Det vert kiosk med mykje godt!

  

Inntektene går til Polentur.

  

Kom og bli med!!

     

            


 

Laurdag 24.Januar på Svelgen Hotell

Trubadur Åge Nybø

Åge Nybø har vært en aktiv musiker i musikkmiljøet i Ørsta siden 80-tallet. Han var i en årrekke bassist og vokalist i det populære bandet ”Novus”, som for øvrig var på en turne i USA tidlig på nitti tallet.

Åge har også vært fast inventar i Sivert Bjørdal Band. Sammen med dette bandet har de blant annet deltatt på er rekke store festivaler i både inn og utland. Videre har Åge vært, bassist og sanger sammen med den kjente trubaduren Børre Lødemel.

Åge satser nå på en egen karriere som trubadur med ”kasse gitar”, og viderefører noe av det samme allsidige repertoaret som han har gjort tidligere, innen country, pop, rock`n roll og pub allsang.

Frå kl 22.00

Laurdagsmiddag:

Entrecôte servert med stekte grønnsaker, potetbåter og bearnaisesaus.

Frå 19.00 til 21.00 (Bordbestilling)

Middag og dans: kr285,- p.p.

Kun dans 100,-

Gode priser for overnatting!!
Per person i dobbeltrom 400,-/ 200 kr i tillegg for enkelt (frokost inkludert)
Velkommen til Svelgen Hotell!!

tlf.: 5779 6520


Bremanger Arbeidarparti

Kommuneval   2015

1.        Espen Sortevik                              

2.        Åse Leirgulen                                

3.        Per Helge Eikeland                                   

4.        Anne Kristin Førde                                   

5.        Leo H. Cirotzki                                                       

6.        Anne Sofie Igland                          

7.        Arvid Langeland                            

8.        Thomas S. Øvstedal                                             

9.        Irene Naustdal                               

10.      Bjørnar Førde                                

11.      Frank Midtbø                                 

12.      Aina A. Førde                                             

13.      Øy vind Grindheim                                    

14.      Nils Jørgen Sagebø                                   

15.      Camilla Gulhaugen                                   

16.      Asle Jonny Førde                           

17.      Knut Sande                                     

18.      Nina Grotle                                     

19.      Espen Gulliksen                             

20.      Boomathi Shanmugarajah         

21.      Svein Arne Sandvik                                 

22.      Anita Løver                                     

23.      Jarle Frøyen                                                           

24.      Aud Berit Mulelid                          

25.       Gunnar Styve                                 

26.       Ute Førde                                        

27.      Anita Brevik                                    

28.      Arild Igland                                     

29      Ellen Oline Isane    

  

   

Siste oppdatering på treningstidene ser du her.

  

Treningstida for jenter 3. og 4.klasse er endra til tysdagar kl.18.00 - 19.00.

   

Treningstida for guttar 3. og 4.klasse torsdagane er kl.16.30 - 17.30.

  

Vibeke Kjerpeseth






 

Visning på flytekaia i Leirgulen

Det vert visning av flytekaia som Bremanger kommune har for sal.
 

Møtestad ved nedkjørsel/naust mellom fyllinga og butikken i Leirgulen.
Visninga vert torsdag 22.01.15 frå kl. 14.30 til 15.00.



                                Påmelding (grunna båttransport til og frå) til:
                                e- post: anita.karlsen@bremanger.kommune.no
                                tlf: 95982951 / 90010774


Klatrepark - Mestringsgården - Bidra! 20.01.2015

På mine foreldres gård vil jeg tilby friluftsaktiviteter som f.eks. klatring i klatrepark, padling, overnatting i lavvo og kos ved bålet.

Jeg (Linda Leirvik) og mine foreldre har startet et selskap som vi kaller Mestringsgården. Vi bruker mine foreldres nedlagte småbruk og vil tilby friluftsaktiviteter, spesielt til barn og ungdom.

Vi vil tilby klatring i klatrepark, overnatting i lavvo, padling og roturer, bål og kos ved sjøen eller klatreparken.

Dette vil vere med på å gi brukerene god fysisk utfoldelse i friluft. Det vil gi mestringsfølelse, som igjen er med på å øke trivsel og glede.

Dette vil vi tilby til barnehager, skoler, utvekslingprosjekter, turismen og ellers alle som ønsker å utfordre seg selv i friluft.

Første del av prosjektet med Mestringsgården er å bygge de to første løypene for en klatrepark i skogen, for spesielt barn og ungdom.

Vil også bygge en stor gapahuk med bålgue, så besøkende kan varme seg og spise niste.

Der vil totalt bli 4-5 klatreløyper i forskjellige vanskelighetsgrader for barn fra 3-4 år og oppover til voksen.

De to første løypene er planlagt å stå ferdig til åpning i Mai 2015.

Dette vil bli en park hvor familier gjerne tar med seg barna sine og dra på dagsturer.

Ellers vil Mestringsgården tilby helge, eller ukesopphold for ungdomsklubber, utvekslingsprosjekter, skuler, barnehager og barne og ungdomsspykiatrien.

Har også god plass for parkering for bobiler og telting for evt.sommerbesøkende.

Har selv vert i klatrepark og det er veldig spennende, skjerpende, øker konsentrasjonen og det gir en så utrolig fin glede å mestre det :-)

Vil du bidra?

STØTT PROSJEKTET HER!






















Sjå fullstendige utlysingar under "stilling ledig" i menyen til venstre,
eller på heimesida til Bremanger kommune.


Fredag 23.Januar fra kl.22:00 - Til kl.02:00

Ninas Kro 17.01.2015

Discotek med Dj P&B Fra Amsterdam på  Ninas Kro

Fredag 23.Januar  Fra kl.22:00 - Til kl.02:00

 


Svelgen kino 12.01.2015

0

   

       Taken 3

  

   Søndag 18.Januar. Kl.20:00

 

           Aldergrense: 15 år


 



                     Er du på Facebook? Meld deg inn i gruppa "Vi med hund i Svelgen", då vel :)

 



Vinnar av Freia-sekken 17.01.2015

Adrian Teigene vant den store Freia-sekken som vart lodda ut på loppemarknaden i dag! Vi gratulerer!



Ledige stillingar på Bilfinger 19.01.2015

Bilfinger AS, Svelgen tren elektrikarar og automatikarar. Sjå stilling ledig til venstre.


Fredag16 - Lørdag17 Januar

" Nachko " på Ninas Kro Svelgen 12.01.2015

”Nachko" spiller pubmusikk,god dansemusikk alt etter kva som er ønskelig,
Spiller på instrumenter som keyboard, saksofon, fløyte, trekkspill og synger.
28 års erfaring som musiker,
og siste to åra spelt på Lasse Johansens dansebar i Puerto Rico ,Gran Canaria.

Er det interesse for kurs i innlæring av grunnferdigheter for hund? 15.01.2015

Etter førespurnad har Stine Senneset takka ja til å holde kurs i Svelgen, dersom det er interesse. Ho har utdanna seg til Trinn I instruktør gjennom Norsk Kennelklubb. I sommar var ho i Bremanger å heldt eit minikurs for Bremanger hundeklubb. No ønskjer vi å få til eit kurs her i Svelgen.

Valet står mellom eit fullt grunnkurs på 16 timar, eller eit minikurs på 8 timar.
Eit kurs på 16 timar kan gå over ei helg, eller over sju kveldar.
Minikurs vert halde over fire kveldar, med to timar kvar kveld.
Pris for grunnkurs 16 timar er 900 kr pr. person. For minikurs er prisen 350 kr per person. Det er plass til 8 deltakarar på eit kurs, så det er første mann til mølla.
Det er mogeleg å setje opp fleire kurs, dersom det vert behov for det.

Kursa passar både for kvalpar og vaksne hundar.

Kurset på 16 timar inneheld ein teoridel om; Hundens utvikling, hundens signal, relasjon mellom hund og eigar, hundens behov, korleis ein skal lære inn øvingar, belønning,  samt hundelova. Teoridelen er på ca. 3 timar.
Resten av kurset vert praktisk øving, med litt innslag av teori før kvar øving.   Her skal du lære innlæring av grunnferdigheter som: avslapping, kontakt, sitt, sitt og bli, dekk, dekk og bli, stå,  «på plass», gå fint i band, innkalling, møtetrening og leiking med hunden.

Eit minikurs inneheld ikkje teoridelen, men noko av teorien vert gått gjennom ved øvingar i praksis. Ein går i gjennom dei fleste øvingane som i kurset på 16 timar, men det vert ikkje like god tid til kvar øving.

Er dette noko du kunne tenkje deg?
Ta kontakt med Irene Holm Sæterlid på tlf 94982143 for å melde di interesse.

Dersom du ønskjer kurs på 16 timar, sei gjerne om du ønskjer at det skal vere ei helg, eller over sju kveldar.

Vi set opp datoar dersom det viser seg at interessa er der.

Sentralbordet til Bremanger kommune 13.01.2015

Sentralbordet er oppe å går att. Vi har fortsatt problemar med nettilkopling.


Musikk framover på Svelgen Hotell:

 

24. januar- Trubadur Åge Nybø

06.-07.februar- Duo Voldingane

20.-21.februar- Tico

06.-07.mars- 2 Gode Naboer

20.-21.mars- Peter Rønning

02.april (Skjærtorsdag)- Ken Lyngfoss

04.april (Påskeaften)- Party Express

18.april- Bjarne Lunde

01.mai- Sixpack

 

 

 

meir info kjem...

 

 

Har du bursdag eller noko å feire, så ta kontakt!  Ring oss på 5779 6520 




Ledig stilling - Bilfinger 13.01.2015

Ledig stilling som industrimekanikar ved Bilfinger AS Svelgen. Sjå ledig stilling til venstre.

Friluftslivets år 2015

Vi opnar ballet!

Tirsdag 13. januar klokka 17.00 opnar vi friluftslivets år i Bremanger og du kan bli med!

Ordførar og kultursjef inviterar saman med Keipen Turlag, alle til felles grilling og bålkos ved Moldahytta i Svelgen.   Ta med noko å grille, vi serverar noko varmt å drikke.

Vi tek utfordringa frå Tine Sundtoft i Klima og miljødepartementet og overnattar ute, blir du med?

Vi utfordrar alle til å bli med på overnatting ute i det fri!




Karl Vidar Førde
Ordførar

Espen Frøysland
Kultursjef    


ELKEM KOPP TIL KARL, BEATE, WENNY, ROAR, JONNY OG LIV. 13.01.2015

Vinnarar av Elkem-koppar i november vart Karl Mjånes (nr.124 på Moldahytta), Beate Svorstøl Teigene (nr.48 på Sandsegga) og Wenny Vårdal (nr. 88 Risevatnet 3,5 km) I desember har vi desse vinnarane: Roar Hatlenes (nr. 240 Risevatnet 3,5 km), Jonny Helle (nr.241 på Moldahytta) og Liv Sigdestad Brekke (nr. 45 på Ivervatn).
GRATULERER TIL DYKK ALLE!
No i januar 2015 kan du vinne kopp på Sandsegga, Risevatnet 3,5 km og Risevatnet Vasskaret. I februar skal vi trekke på Moldahytta, Risevatnet 3,5 og Jakthytta. Velkommen til å delta.
KEIPEN TURLAG FJELLTRIMMEN


Fotballtrening for jenter frå siste året i bhg til og med 4.klasse 11.01.2015

 

Tysdag 13.januar startar fotballtreninga for jenter.

 

Arild Myklebust vert trenar for dei som går siste året i barnehagen til og med 2.klasse.

Bjørn Kjørslevik skal trene 3. og 4.klasse.

 

Treningane vert tysdagar kl.17.00 - 18.00.

 

NB! Alle skal bruke leggbeskyttarar!

 

Vel møtt!


Lørdag 10.01.15

Ninas Kro Svelgen 10.01.2015

Det er dessverre avlyst med Trubadur Kornelius Petersen i kveld p.g.a sykdom, men vil vere god pubmusikk på storskjerm og ingen coverinngang i kveld på Ninas Kro



Det blir mykje vêr laurdag

Det er venta sørvestleg eller vestleg sterk storm med vindkast på 35-45 m/s.
Mogleg det vert orkan ytst på kysten.

Det kan òg bli opp mot 10-12 meter høge bølgjer langs kysten, ifølge meteorologane.

Oppmodar alle om å sjekke fortøyingar, båtar, bryggjer, lause gjenstandar og liknande.

Les melding frå fylkesberedskapssjefen her


Svelgen kino 09.01.2015

 

0

 

     The Salvation

   Søndag 11.januar. Kl.20:00

 

             Aldergrense 15.år.

 



Foredrag med Odd Sevland

Elkem Bremanger minnar på at alle sambuarar eller ektefeller til dei som arbeidar hjå Elkem Bremanger er invitert til samling med Odd Sevland torsdag 8 januar, kl 17:00-19:00, Svelgen Samfunnshus.

 

 


Fotballtrening 05.01.2015

 

I morgon er det oppstart av fotballtrening for gutar som går siste året i barnehagen og til og med 2.klasse.

 

Treninga er tysdagar kl.17.00 - 18.00 i Svelgen Idrettshus.

 

Vel møtt!

 

Kjell Morten Langedal


Preparerte skiløyper att i Myklebustdalen 04.01.2015

I dag var det for første gong på nokre år mogeleg å gå i preparerte skiløyper i Myklebustdalen (Ålfotdalen). Mykje ros til Per Arne Sæterlid som har gjort ein stor jobb med å skaffe sponsorar slik at Svelgen T.I.F. har kunne gått til innkjøp av ny snøscooter med utstyr!

 

Etter opninga av Bortnetunnelen er det no gode høve for store delar av Bremnger kommune å nytte dette skitilbodet ved Karlskarstova.

 

I følge Per Arne vert det preparerte løyper fom kl 18 i dagane som kjem, og lysanlegget er på/kan vere på til kl. 23. Nedanfor ser ein Per Arne og Sigve etter vel utført prepareringsarbeid i dag.

 


Fre 9.Januar fra kl. 22:00 - til kl.02:00

Trubadur Kornelius Petersen på Ninas Kro Svelgen 06.01.2015


  

I morgon er det ferdig oppkøyrde løper og fine spor ved Karlskardstova kl.12.30.

  

Per Arne.


Juletrefest 03.01.2015

Minner om juletrefesten som er i morgon søndag 04.januar kl.17.30 - 19.00.

 

Det er mødrene i 2.klasse og fedrane i 3.klasse som har ansvaret for å arrangere denne festen.

Alle møter på samfunnshuset søndag kl.15.00 for å lage til.

  

Hugs at alle skal ha med seg ei platekake og ei kanne kaffi.

 

Inger Lise / Vibeke 



Svelgen Samfunnshus og Svelgen kino ynskjer dykk alle eit riktig …..

 

                          

 

og takkar alle som har stilt opp og jobba dugnad og gitt støtte til

samfunnshuset/kinoen i 2014.

 

For styret

Bjørg H. Didriksen

 


Lørdag 03.01.15

Ninas Kro Svelgen 03.01.2015

Det vil vere stengt 2 timer på Ninas Kro p.g.a privat arrangement i dag Lørdag 03.01.15  fra kl: 15.00 - frem til kl: 17.00, men er mulig med matbestilling (take away) på tlf: 577 93132 i dette tidsrommet.



Hærverk i Sandetunnelen 01.01.2015

Så moro kan ein ha det når ein går heim fra fest. Den som har gjort dette bør sjå seg sjølv i speilet og skjemmast. Gå til komunen og få ein ny bossdunk og rydd opp etter deg.
 
Asbjørn Sande

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars