Arkiv Aug 2010

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Flott regnboge over Svelgen i dag 31.08.2010


Ope hus på Moldahytta førstkommande sundag 31.08.2010

Søndag 05.09. er det ope hus på Moldahytta kl.12.00 -14.00. Servering av fruktsuppe, saft, kaffi og kjeks. Alle er velkomne!
KEIPEN TURLAG

Dreg i gang sirkeltreninga att 29.08.2010

Initiativtakar og arrangør av "Nordgulenslitet", og "Tour de Bremanger", Per Arne Sæterlid, ligg ikkje på latsida. No inviterer han svelgarane til sirkeltrening i Svelgen Idrettshus onsdagar kl. 19.30 . Dette er i regi av Trimgruppa i STIF, og første treninga vert onsdag 1. september.

 

 

          

                    Link til heimesida til STIF og Trimgruppa


INNLEVERINGSFRIST BREMANGERNYTT NR. 3/2010
 
Bremangernytt kjem ut til alle husstandane ca. 1. oktober -10, og informasjon / stoff / logo /foto må være oss i hende innan 10. september -10.
  • Informasjonen må være ferdig skrive/redigert slik de vil ha det på trykk
  • Det må sendast som eit vedlegg til ein e-post til:  
          mah@bremanger.kommune.no
  • Kontakt underteikna på tlf. 57796300 om noko er uklart.
Vi minner om at Bremangernytt er gratis informasjon som rekk mange, både husstandane her i kommunen og andre abbonnentar rundt om i landet.
Det ferdige bladet blir også lagt ut på Bremanger kommune sine heimesider: www.bremanger.kommune.no
 
Vi håpar på mange innsendte bidrag!
 
Med venleg helsing
for Bremangernytt
 
Marianne Herje
Bremanger  kommune
Tlf.    : 57 79 63 00
 
Trivselskommunen ved havet 

31.08.2010. A-lagskamp 30.08.2010

 

     A-laget spiller kamp borte mot Gaular 2, tirsdag 31.aug.

     Les meir kven som skal møte og kven som skal kjøre på  heimesida til

                    

                         STIF  -   Fotball


Fleire ledige stillingar i kommunen 30.08.2010

Bremanger kommune har fleire ledige stillingar. Sjå stilling ledig til venstre.

FINE GEVINSTAR TIL BASAREN! 08.08.2010

  KEIPENSTOVA-BASAR!

Gevinstane til basaren vår 6.september er utstilt på Keipenstova. Vi skal  skrive lodd på Coopen TORSDAG, FREDAG OG LAURDAG.

Inntekta skal gå til opprustning av Keipenstova bl.a  innkjøp av stablestolar, tralle til kopper og kar, serveringsbrett, diverse kjøkenutstyr. Vi arbeider også med å få installert teleslynge på Keipenstova.



SESAM åpner dørene til samfunnet

"Sesam, lukk deg opp". Slik lyder trolldomsordet som får berget til å åpne seg i 1001 natts eventyr. Med SESAM (Styrt Engasjerende SAMtale) vil Svelgen sanitetskvinner bokstavelig talt åpne dører for kvinner fra andre land som er flyttet til Svelgen området. Vi ønsker også norske kvinner som er engasjert og interessert i flerkulturell kommunikasjon hjertelig velkommen.  

Gjennom møteplassen SESAM treffes kvinner for å praktisere norsk, lære om norsk kultur og andre kulturer, og for å bygge nettverk og vennskap.   I SESAM snakker vi om sentrale temaer som barneoppdragelse, helse, bryllup og likestilling. Eller vi gjør ting sammen, alt fra matlaging til hobbyaktiviteter.
Språk læres i møte med mennesker i lokalmiljøet der vi bor
J

Trygghet, varme, omsorg og muligheten til å bygge vennskap er viktige faktorer i SESAM. Ved å delta på SESAM møter kan du være med på å gjøre lokalsamfunnet litt ” mykere”.

 

Vi holder til på Realen , følgende datoer:

Torsdag 16 september, Torsdag   21 oktober, Torsdag   25 november, Torsdag   9 desember. KL: 18.00 – 20.00.

Velkommen J

 

 

Liv Nybø/Anita Løver


Hærverk utanfor Rise Næringsbygg 30.08.2010

 - I dag tidleg når eg kom på jobb var dette synet som møtte meg ved inngangsdøra.

Her har det vert folk på plassen og leika seg med skateboard, og brukt benk, bord og blomsterpotter som ramper, og øydelagt alt, fortel Monica Sande i ein mail til redaksjonen. Eit spann  med sigarettsneipar oppi har er kvelva ut over plassen.

 

For nokre år tilbake var det juletreet til næringsbygget som vart øydelagt og lyspærene stjelt.

-  Det er tragisk, og eg syns ikkje at folk skal klage over at dei som driver næringsverksemd på Rise ikkje vil bruke penger for å pynte når alt likevel vert øydelagt, seier Sande.

 

 - Vi er svært lei oss av å bli møtt av eit slikt syn når vi kjem på jobb måndag morgon.  Rise næringsbygg er interessert i tips og om nokon har sett noko - eller at dei som har gjort dette kunne komme å rydde etter seg, seier Monica Sande.


"Nordgulen høgt og lågt" vart ein suksess 29.08.2010

Arrangementet "Nordgulen og lågt" vart ein stor suksess for både arrangørar og besøkande. Det var vekslande vèr laurdagen, der både striregnet og sola viste seg fram. Arrangørane skal ha ein STOR takk for at dei laga til liv og røre i Svelgen! Firdaposten.no sitt intervju med Leo Cirotzki, kan du lese ved å klikke her.

 

Firdaposten.no si biletsamling frå arrangementet kan du sjå ved å klikke her. Bilete frå opninga av kvilehytta på Sandsegga kan du sjå ved å klikke her.


Opning av Keipen Turlag si kvilehytte på Sandsegga søndag 28.08.2010

Søndag kl. 13.00 vert "Nordgulen høgt og lågt" avslutta med opning av Keipen Turlag si kvilehytte på Sandegga. På Origo kan du sjå nokre bilder av hytta teke av Liv Sigdestad Brekke for om lag 14 dagar sidan. Klikk her for å sjå desse bileta.

 

Martin Hennøy er den fremste eldsjela bak reisinga av kvilehytta. Om du klikkar her kan du sjå Firda.no sitt bilete av Hennøy under "Skåla opp" for nokre veker sidan.




.

Bånn gass gjennom heile 80-talet  -

på Svelgen Hotell !

 

 samband med HØGT & LÅGT FESTIVALEN

Laurdag 28. august.

Cover kr. 220 ,-

Sjå bandet si flotte heimeside her    www.turbostipend.com

 



Cirkus Zorba til Svelgen tysdag 31/8 26.08.2010

Firdaposten melder at Cirkus Zorba kjem til Svelgen tysdag 31/8. Les heile saka hjå Firdaposten.no

K r o n e r u l l i n g    p å g å r ………..

    Til husstandane i Svelgen og omegn.                    

Gode sambygding!

Vi vil invitere deg til å vere med på ein økonomisk dugnad for

Svelgen Samfunnshus DITT OG MITT HUS.

Svelgen Samfunnshus er eigd av lag og organisasjonar i Svelgen og omegn. Drifta vert finansiert ved inntekt frå utleige, bingoinntekter, basar, dansefestar m.m. Samfunnshuset har hatt inne søknadar om midlar hos ulike instansar.

For å spare pengar har Samfunnshuset pr. i dag ingen fast tilsett, alt arbeid blir utført på dugnad.

Noverande styre har fungert sidan mars 2009. Vi fekk ei stor og spennande oppgåve. Arbeid og investeringar som er utført 2009/2010 finn de på heimesida til Samfunnshuset http://www.svelgen.no/samfunnshuset/

Vi har framleis mange store og økonomisk tunge oppgåver å løyse.

Styret vil prioritere desse oppgåvene:

1.   Brannverntiltak bl.a. nye utedører.

2.   Oppussing av storkjøkken.

3.   Oppgradering av scena: Lys/lyd og aktteppe.                                                               

I forbindelse med søknader har vi i år fått inn kr. 51.000, men dette blir nok for lite til å dekke investeringane.

Når kommuneøkonomien blir betre håpar vi at støtte til kulturhus igjen kjem på plass, slik at det blir lettare å drive Samfunnshuset.

Hausten 2011 er huset 50 år, håper vi då kan vise fram eit fint oppussa hus.

Styret vil oppmode alle husstandar om å gje ei pengegåve til Samfunnshuset.   Kto: 3776.03.19962

Liste over dei som gjev ei gåve vert lagt ut på Samfunnshuset si heimeside.

 

Svelgen Samfunnshus, 20.juni 2010

-styret-


PUB QUIZ og

80-talls party

Fredag

3.september     

 Kl 20.00

Velkommen til Kroa

 


8 påmelde lag så langt i "Nordgulenslitet" + to "hardhausar" 26.08.2010

Initiativtakar Per Arne Sæterlid opplyser at det så langt er 8 påmelde lag til "Nordgulenslitet". Men det er framleis berre å melde seg på.

 

To personar har meldt seg på til å ta alle fem etappane sjølv, og her vert det ein tvillingduell mellom Andrè og Frank Hatleset. Det kostar kr. 100 pr. person også individuelt.

 

Klikk her for å få vite meir om dei ulike etappane.

  

Bedrifter, grendalag, skuleklassar, og andre grupperingar vert med dette utfordra til å stille lag! Ein kan melde seg på til Per Arne Sæterlid: Tlf 95967770 eller epost pas@bremanger.kommune.no


Uhøgtidleg konkurranse, treng ikkje vere hardtrena ekspert!

Firdaposten og Sæterlid om "Nordgulenslitet" 25.08.2010

Firdaposten.no skriv følgande om Nordguleslitet: " Etappane er lagt meir til sentrumsområdet enn sist, og det betyr at publikum kan få med seg symjing, kajakkpadling, rulleskøytegåing, sykling og springing og heie fram deltakarane, seier Sæterlid.

Han strekar under at konkurransen er svært uhøgtidleg, og at ein ikkje treng vere hardtrena ekspert for å delta.

- Det viktigaste er at folk kjem seg ut og har det moro. Og vi kan by på flotte premiar, seier Sæterlid."

Les heile saka til firdaposten.no her.


Utfordrar ulike grupperingar til å melde seg på

Klart for "Nordgulenslitet 2010" laurdag 28. august 23.08.2010

"Nordgulenslitet" er ein del av ”Nordgulen høgt og lågt”, som vert arrangert komande helg. "Nordgulenslitet" vert arrangert laurdagen, og startskotet går kl. 15.00.

  

Dette er ein sosial konkurranse for bedrifter, grendalag, skuleklassar, og andre grupperingar som ynskjer å delta. Eller du kan ta det som ein utfordrande individuell konkurranse, der du sjølv utfører alle fem etappane. Dei ulike etappane består av: Symjing, sykkel, kajakk, rulleski/rulleskøyter, og løp. Klikk her for å få vite meir om dei ulike etappane.

  

Bedrifter, grendalag, skuleklassar, og andre grupperingar vert med dette utfordra til å stille lag! Ein kan melde seg på til Per Arne Sæterlid: Tlf 95967770 eller epost pas@bremanger.kommune.no 

    

Sjå Firdaposten.no sine bilder frå Nordgulenslitet 2008.


Foreløpig program

Nordgulen Høgt og lågt 22.08.2010

 

Vi prøver med litt aktivitet i Svelgen kommande helg.

Mange gode grunnar for å besøke sentrum laurdag.

Søndagen tek vi på sandsegga.

 

 


Svelgen Keramikk arrangerer kurs i Oktober

Keramikk kurs 23.08.2010

Har du lyst til å bli med på keramikk kurs i Oktober? Nybegynnerkurs arrangeres av Svelgen Keramikk. Kurset arrangeres over 6 kvelder (mandag/torsdag). Her får du lære alt fra å kna ut leira til ferdig glassert resultat.

 

 

Priser:

- Årsmedlemskap 150,-

- 25kg sekk med leire 400,-

- Kursavgift 450,-

 

 

Meld deg på i dag. Kun 2 plasser igjen!

Ta kontakt med styreleder : Anita M Ingebrigtsen på tlf.: 48119849


 

   I kveld kl.19:00 blir det småguttekamp på Svelgen Stadion

          

   Sjå meir på heimesida til STIF og Fotball  

      

   Her er og oppsett over alle STIF sine heimekamper.


Hei !! Du mellom 15 – 19 år!!! HASTER!!!!

 

  INCLU-VELOPMENT

Ungdomsklubben Realen har fått invitasjon til en ungdomsutveksling til Slovenia.

Der vil du møte ungdom fra Italia, Tyrkia, Danmark, Romania, Norge, Finland, Slovenia, Estland, Ungarn, Litauen, Tsjekkia og Østerrike.

 

Egenandelen kr: 1600,-   kan du søke om å få dekket av Bremanger ungdomsråd.

Ungdomsutveksling på internasjonalt nivå, gir gyldig fravær på skolen! Arbeidsspråk : engelsk.

 

Ta kontakt med ungdomsleder Anita Løver 95985267.

Generell info:

Date: 28th August – 3rd September 2010 (7 days, 2 travel days included)

Ø Accomodation: Hotel Riviera, Izola, Slovenia

o Rooms for 2 and 3 people (nationally mixed)

o Shared bathrooms and showers (cabins)

o Breakfast, lunch and dinner at the hotel's restaurant

Ø Name: INCLU-VELOPMENT (a mix out of the words »inclusion« and »development«)

Ø Main themes:

o Antidiscrimination

o Sustainable development

o Inclusion of Young people with fewer opportunities (Y.P.F.O.)

o Youth activation

Ø Number of participants:

o 70-80 people (5 people per delegation + workshop leaders + partners)

 


PENSJONISTMØTE I BREMANGER. 22.08.2010

Ferja frå Kjelkenes går kl. 15,15 - dei som ikkje har ordna seg med skyss til ferja, må ta kontakt med Oddvar Førde eller Anne Lise Gilleshammer. Det er tinga buss frå Smørhamn til Iglang og tilbake til Smørhamn om kvelden.

Vi treffer kvarandre på ferja og alle gleder seg til å treffe pensjonistane frå Kalvåg og Bremanger.

VEL MØTT!


Elkem Bremanger

Stilling Ledig 22.08.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjå stilling ledig

  


Turen med Keipen Turlag til Ålfotbreen er avlyst 21.08.2010

Den annonserte turlagsturen til Ålfotbreen søndag 22/8 er avlyst pga dårlege vèrmeldingar.

Bilulukke på Eikeland i dag 21.08.2010

Ein bil hamna utanfor vegen ved Eikeland like før kl. 14 i dag. Føraren kom seg ut av bilen på eiga hand, men var skadd og kjørt på sjukehus. Det var ingen andre involvert i hendinga.

Bremanger II billigare enn antatt:

Fylkeskommunen sparar 160 millionar 21.08.2010

Fylkeskommunen vil bruke 160 millionar mindre på Bremanger II en først antatt. Fylkesdirektør på samferdsle, Velaug Veum, seier midlane i første omgang vil bli sett av på bufferfondet, til ein har betre oversyn. Framleis gjenstår store anbod både på Bremangersambandet.

På Bremanger II gjeld det Kolset-Leirgulen inkludert gang- og sykkelveg og elektroanbod på  anlegga.

Prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen forklarar dei store innsparingane med at Mesta leverte eit anbod på tunnelen Bortnen-Sørdal som var mykje lågare enn dei hadde rekna med. Mens Mesta tilbaud seg å byggje anlegget for 264 millionar, låg Veidekke på 289 millionar og andre rundt 300 millionar.

– Dette var veldig langt unna våre kalkylar, seier Svardal til Firda.


Svømmetrening fra måndag 20.08.2010

 Gamle og nye rekrutter ønskes velkommen til trening fra mandag 23 august,  kl 17-18.
 Nye rekrutter må kunne svømme minst 25m utan stans.
  
- svømmegruppa -

.

Bånn gass gjennom heile 80-talet  -

på Svelgen Hotell !

 

 samband med HØGT & LÅGT FESTIVALEN

Laurdag 28. august.

Cover kr. 220 ,-

Sjå bandet si flotte heimeside her    www.turbostipend.com

 


                       

Svelgen songlag

ynskjer gamle og nye songarar

velkommen til musikkrommet

på Svelgen Skule måndag 23. aug.

Kl. 17.30

Dirigent: Grete Berntzen.

Styret


Dugnadsarbeidet er i gong att!

Svelgen Samfunnhus takkar dei to som har fjerna rust og mala mønekammen og luftlyre på samfunnshuset.

 

Takk til Klausen Industrier som sponsa materiellet.

                                                     

Har du lyst til å gjere ein dugnadsinnsats for fellesskapet, ta kontakt.

 

PS! Ta ein titt på heimesida til Samfunnshuset.

-Styret-


Keipen Turlag med tur til Ålfotbreen søndag 22/8 18.08.2010

Søndag 22/8 arrangerer Keipen Turlag fottur til Ålfotbreen. Turen startar ved Åskora kraftverk i Ålfoten kl. 09.00. Turlengde er ca 10 timar. På denne turen må vi ta vèrforbehold.

 

For spørsmål, ta kontakt med Jarle Frøyen, tlf. 90880507.


Trykk på bildet og sjå åpninga av nytt skuleår! 16.08.2010


Bunadskep 16.08.2010

Svart bunadskep har henge på Kolset Oppvekst i Rugsund etter 17. mai i år. Eigaren kan hente den på skulen.
 
Mvh
Kolset Oppvekst,
Solveig Øksdal Askeland,
sekr.

 

  Treningstider på heimesida til STIF  og  Trim gruppa si side

 

     for  Spinning   og  Pilatis


Svelgen oppvekst

Norskopplæring 16.08.2010

Vaksenopplæringa i norsk startar oppatt måndag 23.august kl.18.00.

 

Vel møtt!


Svelgen A-lag spiller sin 2. høstkamp førstkommende tirsdag 15.08.2010

 

   Svelgen Stadion

  

   Tirsdag 17.08.2010 kl. 19.00

   

   SVELGEN - TEMPO

  

Flg Spillere stiller for Svelgen:

Fredrik Dyrstad Valberg - Røy Vegard Sørgulen - Kjell Åge Bueie - Magnus Myrhol - Øyvind Myrhol - Geir Myklebust - Ingebjørn Mundal - Eirik Ask - Frank Hatleset - Frank Ommedal - NABIL - Andre Hatleset - Jonas Gulhaugen - Tom Erik Løvset - Torgeir Vårdal - Ørjan Helle - Mads Os - Jonas Valberg - Jan Rune Nigardsøy

        

Oppmøte kl. 18.00 Svelgen Idrettshus

   

LYKKE TIL !!

TVB/SAS


BASSENGET  

klart til bruk måndag 23.08.

 

For å få tildelt bassengtid/nøkkel må de hatt eit livreddande førstehjelpskurs i løpet av 2008-2010 (eldre kurs blir ikkje godkjent). Dersom det er behov, vil skulen prøve å arrangere kurs i samarbeid med Svelgen Rødekors.

Påmelding ”haustsesongen” frå ONSDAG 18.august   - tlf. 95982945.

Billettprisar:       Kr. 33 for vaksne pr. time

                    Kr. 22 for barn pr. time

                    Kr. 20 for badstove pr. gong

 

Minstebetaling er kr. 300 for haustsesongen

(1 time pr. veke).

 

For at flest mogleg skal få høve til å nytte seg av tilbodet, ber vi om at dei som ikkje kjem til å bruke bassenget kvar veke bestemmer seg anten for oddetal- eller partalveke (anna kvar veke).

 

Fellestider:   Småbarn (0-5år) à laurdagar kl. 1100-1230

                        ”Familiebading” à laurdagar kl. 1230-1400

 

Alle som skal nytte bassenget, må melde seg på og få nøkkel (gjeld også fellestider).

 

Svelgen skule, 13.08.10

Bjørg H. Didriksen


Set av siste helga i august:

Turbostipend til Høgt og Lågt 13.08.2010

Siste helga i august (27. til 29) er det igjen klart for Nordgulen Høgt og Lågt. Svelgen Hotell opplyser at Turbostipend (med Erlend Eidsvik i toppform) er hyrt inn til dansen laurdag. Fullt program er snart klart. Følg med på svelgen.no framover!

 


Florø Hornmusikk

Oppstart 2010 med ny dirigent!

Florø Hornmusikk har tilsett Jason Burn som ny dirigent frå sesongstart hausten 2010. Han tek over dirigentstokken etter Torgeir Halvorsen som flyttar til til Bergen. Florø Hornmusikk vil takke for den tida Torgeir har brukt i korpset som musikant, styremedlem og dirigent. 

Florø Hornmusikk ynskjer Jason Burn (født 1970) velkomen som ny fast dirigent. Jason Burn er opphavleg frå England men er no busett i Norevik. Han jobbar på heiltid med å dirigere korps og vert rekna for å vere svært inspirerande og kunnskapsrik.

Ferske meritter: 19. juni 2010 spela Lavik Skulekorps under ledelse av Jason Burn seg til siger i NM for skolekorps 2. divisjon. I tillegg vann Jason Burn premien som årets beste dirigent.

Vi gler oss til å samarbeide med han i tida framover!

Denne hausten vil vi ha faste prøver tysdagar frå kl 1900-2200 i kinosalen på Flora Samfunnshus.

Første øving tysdag 17. august.
Merk starttida åpningskvelden: Kl. 2030. Nye og gamle musikere er velkomne!

 

Melding til tidlegare medlemmer: Florø Hornmusikk er i støtet og treng å få tilbake effektar og instrument som hører korpset til.

 

 

Venleg helsing

Florø Hornmusikk

 

 

Følg oss på:

Web: http://hornmusikken.no/

og Facebook.

Skrevet av Åse Saunes |  Telefon: 90039159

 


Svelgen oppvekst

Sykkeltur for elevane på ungdomskulen 12.08.2010

 

  17.- 19. august skal 8., 9. og 10.klasse på sykkeltur til Sørgulen.

  Sjekk at sykkel, hjelm og anna utstyr de treng for overnatting er

  i orden.

 

  Meir informasjon ang turen får de på skulen måndag.

 

  Helsing lærarane på ungdomskulen.


Treningstider for spinning 12.08.2010

 

Spinninga startar oppatt måndag 16.august.

 

Treningstidene og informasjon om påmelding ser du her.


DANSOTEK

 

 

 

 

 

.

  

.:

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

SOMMERFERIE AVSLUTNING, MED EN GOD MULIGHET FOR Å SVINGE SEG PÅ DANSEGULVET. HJERTELIG VELKOMMEN

LØRDAG14.AUGUST

LASSES KRO

 

                                                                    cover  50,-   etter 23:00 70,-                                         


Knutholmen kan bli årets gjestehavn 11.08.2010

Båtmagasinet har i år valgt ut 8 kandidater til tittelen Årets Gjestehavn 2010.

 

I vår region og vårt fylke er det kun Kalvåg i Bremanger som er nominert.

Hjelp oss å få tittelen Årets Gjestehavn 2010 til Sogn og Fjordane og til Kalvåg.

Dette kan bety økt båttrafikk i hele regionen vår. Båtmagasinet skriv om Knutholmen: Kalvåg er et unikt tilbud til turister og båtfolk. Familien Fosse har tatt i bruk hele bygda som gjestehavn - med Knutholmen som naturlig midtpunkt.

STEM HER!


SENIORDANSEN! 10.08.2010

Tirsdag 17.august startar Seniordansen opp i Storsalen kl.17.00.

 

Denne hausten vil vi også ha ei nybegynnargruppe - dersom det melder seg på mange nok til å danne ein ring. Ta kontakt med Olga Aarsnes.

 

Seniordans er god trim, det er sosialt og det krev litt av "dei små grå". Det vert dansa etter både folkemelodier og meir moderne rytmer. Dei siste åra er det blitt svært populært med "Linedance"

I tillegg til dei vanlege dansane er det grupper med nordiske danser og det er internasjonale danser - det siste er såkalla  "rounds" - som er ein pardans.

 

Det finns også dansar for "sittedans" som passar for rullestolbrukarar og dei som har dårlege bein, problem med balansen o.l.

 

Vi i danseleiargruppa ønskjer oss nye seniordansarar, men vi håpar  også at alle gamle medlemmer møter opp og vil vere med vidare.

 

"En ring av gull, en riktig stor

med plass til alle hender.

Der ingen er størst, der ingen er minst,

der ingen er først, der ingen er sist.

Vi holder fast så alle kjenner

at ringen er smidd av gode venner"

 

 

 


Pilates 17. august 10.08.2010

Pilates startar opp att 17. august. Tidene er som før.


Junior NM 2010 - Askøy

Medaljer til Kim og Tor Inge. 10.08.2010

 

 

 

 Les meir fra Junior NM - Askøy på heimesida til

 

 STIF -  Friidrett  


Svelgen A-lag starter høstsesongen med bortekamp mot Anga 08.08.2010

 

 

       Les meir på heimesida til STIF -  Fotball


STIF

Spinning 06.08.2010

Spinninga startar oppatt måndag 16. august.

 

Treningstidene vert omlag som før sommaren.

 

Kjem tilbake med oppsett over treningar og tider.


Første smellen på nye vegen 06.08.2010

Den første dynamittsalva ved Vingetunnelen gjekk av denne veka. - I denne salva vart det omlag 9000 kubikk stein, fortel Jarle Nordal ved Br. Mundal til Firdaposten. Han er ansvarleg for koordineringa av sprengingsarbeidet.  Tunnelen vert omlag 4.8 km lang med ei helling på ca. 5.5 prosent mot Bortne.

Neste veke startar Mesta med arbeidet å bore seg inn i tunnelen frå begge sider. Omlag 40 menneske jobbar med vegen. Les heile saka i torsdagsutgåva til Firdaposten


Auka kapasitet ved Silgrain 06.08.2010

Denne veka fekk Silgrain på Elkem Bremanger den nye lut-tanken på plass. Det er siste etappe i Silex- prosjektet, som skal gjer utviding på 30 prosent i kapasiteteten.  Med den nye tanken på plass på silgrain, blir anlegget no starta opp att etter sommarpausen, melder Firdaposten.

 

     A-lagstrening fredag 6.august kl.18:30.

       

              Heimesida til STIF  Fotball


Velkomen til seterkveld

på Myklebustsetra i Ålfoten

 

onsdag 4. august kl 19.00

Det vert natursti og sal av seterkost;

rømmegraut, rømmekolle, sveler, kaffi; m.m.

Velkomen til seters!

Inntekta går til Polen-tur, 10. klasse ved Davik skule


Temakveld måndag 9. august 03.08.2010

Hjortestamma i Bremanger kommune 

- Resultat frå kjeveinnsamlinga


 

Stad: Ungdomshuset på Davik

Dato: 09. august
Tid: kl 19.30

Foreleser: Forskar Vebjørn Veiberg frå NINA
- Vebjørn Veiberg har tatt over jobben etter Rolf Langvatn.

 


LEDIGE PLASSER - BUSSTUR! 02.08.2010

BUSSTUR TIL GOL!

Det er to par som dessverre har måtte avbestille turen - slik at det no er fire ledige plasser. Turen kostar 4.330 kroner - kan bli utbetalt sponsormidlar underveis! Det er reiseglade pensjonistar og andre frå heile kommunen som skal vere med på turen.

Det er ikkje eit krav å vere medlem av pensjonistlag.

Konrad Ryland kan gje nærare opplysningar om eit rikhaldig program,  og han tek i mot påmelding. Telefon 57793336 eller 47816286.


Langtidsvarsel fra Samfunnshuset

 

StorkjøkkenSvelgen Samfunnshus er planlagt stengt f.o.m. 11.oktober og t.o.m. 5.november p.g.a. flislegging av golv, maling av veggane m.m. Om vi har økonomi til full renovering får vi ta etter kvart.  

Til utryddinga og oppussinga treng vi dugnadsfolk – meld ifrå om du kan jobbe nokre timar. Enklare å organisere arbeidet når ein på forhand veit kven som kan stille på dugnad.

  For styret - Bjørg



Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars