Arkiv Mars 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Likevel ikkje bank-fusjon? 28.02.2003

Forstandarskapet i Sparebanken Flora Bremanger har på møtet fredag ikkje tatt stilling til kor vidt dei skal gå inn for ei samanslåing med Sparebanken Sogn og Fjordane, melder nrk.no

Det har vore gjort forsøk frå Terragruppen, ein samanslutning av småbankar, på å hindre samanslåing av dei to bankane. Dette var ikkje styret i Sparebanken Flora Bremanger, som går inn for fusjon, noko glad for. Terragruppen har no gitt opp sitt forsøk.

Det er forstandarskapa i dei to bankane som tek endeleg avgjerd i saka. Forstandarskapet i Sparebanken Sogn og Fjordane har nettopp gått inn for fusjon, men lova seier at det skal handsamast to gonger. Saka kjem dermed opp att på eit nytt møte i forstandarskapa den 10. mars. Og etter alt å dømme vert fusjonen då vedteke, skriv nrk.no vidare.

Bakgrunnen for fusjonsplanane er at Sparebanken Flora Bremanger fekk store tap som følgje av krisa i mellom anna oppdrettselskapet Pan Fish.


Overskridingane på Kalvåg:

BSS Svelgen må vike 28.02.2003

Når Bremanger kommune skal dekke inn 8,8 millionar kroner for å fullfinansiere sjukeheimen i Kalvåg, blir ombygginga av sjukeheimen i Svelgen salderingsposten.

Les meir

Søndag 2. mars kl. 1800

SJØRØVERPLANETEN PÅ SVELGEN KINO 28.02.2003

I Walt Disney Pictures' nye tegnede langfilm, romeventyret SJØRØVERPLANETEN, sender en legendarisk sjørøverskatt unggutten Jim Hawkins på en intergalaktisk skattejakt.

Filmen er basert på en av de største og mest kjente eventyrfortellingene gjennom tidene - Robert Louis Stevensons "Skatten på sjørøverøya". Denne spennende nytolkningen er regissert av Ron Clements og John Musker, det kritikerroste teamet bak filmer som "Den lille havfruen", "Aladdin" og "Herkules". SJØRØVERPLANETEN er en film som bringer en ny dimensjon til underholdning og spenning, og som tar animasjonskunsten så langt fantasien rekker. Vi blir tatt med på en dristig, betagende og fantasifull reise til et univers som kombinerer det beste av håndtegnet animasjon, den nyeste CG-teknologien og superb skuespillerkunst og historiefortelling.


Elkem Bremanger vurderer å kutte ned på antal ferievikarar. 27.02.2003

Dette er fagforeninga sterkt usamd i. Les meir om dette ved å klikke på linken under.

NRK S. og Fj.

Godt driftsresultat for Elkem i 2002 27.02.2003

Les meir om dette ved å klikke på linken under.

Heimesida til Elkem

Ungdomsskulemeisterskapen i volleyball

Svelgen skule deltek i KM 27.02.2003

Svelgen skule deltek med fleire lag under innleiande runde i Naustdal i veke 10.

Info om KM

SFE vil bygge to nye kraftverk i Ålfoten 27.02.2003

Les meir ved å klikke på linken under.

NRK S. og Fj.

Elkem Energi Bremanger is nedbørsmåling:

Lite nedbør i februar 27.02.2003

Eit døgn før nedbørsregistreringa for februar går ut, har karane i Svelgen sitt nest eldste yrke (etter gårdbrukar vel og merke...) gjeve opp håpet om at det kjem meir nedbør i månaden. Ein reknar difor med at nedbørstala for februar vert følgande:

127 mm mot normalt 174 mm. Det meste som kom på eit døgn var 37,5 mm. I februar var det heile 17 døgn utan registrert nedbør, og 15 av desse kom samanhengande mot slutten av månaden.

Rekorden for februar stammer frå 1990 med 517 mm, medan det i 1994 berre fall 11 mm nedbør.

I følgje nedbørsvarselet EEB får for Svelgen frå Meterologiske Institutt, ser det ut at det tørre vèret skal halde fram. Det er meldt om nokon få dropar nedbør mandag 3. mars.


Mars- nummeret av Bremanger Nytt på nett. 27.02.2003

Utflytta svelgarar som ikkje har fått bladet kan lese det meste av det ved å klikke på linken under.

Bremanger Nytt

Volleyball

Serieinnspurt for Fløtre & Førde på Bjørn IL 27.02.2003

I helga spelar Bjørn IL, med svelgarane Knut Arild Fløtre og Ronald Førde på laget, sin nest siste kamp i årets 1. divisjon. Laget må helst vinne 3 - 0 i sett for å halde Rå, som berre ligg to sett bak på tabellen.

Ved å klikke på linken til Sogns Avis under, kan du også lese at Bjørn IL snart må avgjere om dei vil satse på å kvalifisere seg for spel i Eliteserien om dei vert blant dei to beste laga i 1. divisjon (inkludert seriespel og rankingturneringar). I denne artikkelen er Ronald Førde truleg utegløymd...., noko han neppe er nøgd med....

Sogns Avis


Svelgen Hotell

Swingom med to grupper på Hotellet laurdag 26.02.2003

Laurdag 1. mars blir det gode høver for svelgarane til å danse, for då har Svelgen Hotell hyrt inn to grupper. Dermed blir det musikk heile kvelden utan pauser.

Sjå også den vidare planen for kva som skjer på Hotellet.

Kva skjer på Svelgen Hotell ?


Godvèr i Svelgen 26.02.2003

Også onsdag vart ein strålande fin dag, og føyde seg inn i inn i rekka av fine dagar som ein har hatt siste 14 dagane.

Bildet under viser solnedgangen over Gulenfjordane, fotografert onsdag kveld.


Verd ei markering:

Smelteverket 75 år i november 25.02.2003

Smelteverket i Svelgen har 75- årsjubilèum i november 2003. Dette burde i høgste grad vere noko å markere for Elkem, Elkem Bremanger, Bremanger kommune og folket i Svelgen. For kva hadde Svelgen vore utan kraftverket og smelteverket ? Kanskje framleis berre ein namn- og veglaus fjordbotn med 6 gardsbruk og om lag 40 busette, slik den var før kraftutbygginga tok til i 1917 ?

Etter at kraftverk Svelgen 1 med generatorane 1 og 2 vert tekne i bruk, i høvesvis 1921 og 1922, prøvde ein å få i gang ulike industriprosjekt. Ein håpte å kunne nytte kraftresursane til å skaffe arbeidsplassar i den vesle bygda. Men desse forsøka, med mellom anna sinksmelting og klippfisktørkeri, stranda på ulike stadium.

I 1927 starta ein bygging av ein rujernsomn og anlegg som råstofflager, sinterverk, laboratorium, kaianlegg med kaikran, transformatorhus, og midlertidig kontor- og lagerbygning, samt bustadar til arbeidarane. Etter ein periode med tørkekøyring på låg last, vart det 5. november 1928 sett smeltematerialar på omnen. 14. november 1928 vart ein historisk dag for smelteverket og Svelgen, då ein på denne datoen føretok den aller første jerntappinga. Denne omnen vart seinare kalla Ovn 1. Både kraftverket og smelteverket vart dei første tiåra drivne under namnet Bremanger Kraftselskab A/S.

I 1954 var det dårlege tider på smelteverket og mange arbeidarar vart oppsagde. Gleda var difor stor i Svelgen då Christiania Spigerverket v/ adm. dir. Gunnar Schjelderup ved nyttår i 1955 overtok som eigarar av smelteverket. Verket i Svelgen fekk då namnet Bremanger Smelteverk, avdeling av Christiania Spigerverket. Spigerverket sette då i gang ei storstilt utbyggjing både på smelteverket og kraftverket. Sommaren 1956 starta fesiomnen Ovn 2 opp, og i desember 1958 vart rujernsomnen Ovn 3 starta opp. Ovn 1, som ein i 1955 hadde bygd om, produserte for dårleg og vart stoppa for godt i 1959. Alt då Spigerverket overtok i 1955 lovde adm. dir. Schjelderup at når industriutbygginga var i hamn og ein hadde kome i drift, så skulle dei sørgje for legge til rette for sosiale aktivitetar i bygda. I åra som følgde var Spigerverket pådrivar for og finansierte heile eller delar av følgjande bygg/anlegg: Gymnastikk- og symjehall (ferdig 1959), Svelgen kapell (1960), Svelgen Samfunnshus (1961) og Svelgen Stadion (1961 - 1962). Spigerverket stod også bak ei storstilt bustadbygging på 50- og 60- talet. Dei same eigarane av smelteverket forskotterte også fleire millionar til bygging av vegsamband, då vegane til Haukå (ferdig 1965) og Isane (1972) var under byggjing. Sommaren 1963 vart fesiomnen Ovn 4 teken i bruk og i 1964 vart den første Silgrain- produksjonen starta opp. Fesi- omnen Ovn 5 vart starta opp i mai 1971, og i 1978 vart denne som den første av omnane reinsa v.hj.a. reinseanlegg. Seinare følgde reinsing av Ovn 2 og 4 etter. Kraftverka Svelgen 2 (Øvre Svelgsvassdraget med bl.a. Hjelmevatn), Svelgen 3 (Indrehusvassdraget) og Svelgen 4 (Norddalsvassdraget med bl.a. Storebotnvatn) starta opp høvesvis i 1958, 1963 og 1972.

I 1972 fusjonerte Christiania Spigerverk og Elkem, og namnet på verket i Svelgen vart endra til Elkem- Spigerverket A/S, Bremanger Smelteverk. Seinare har namnet vorte endra til Elkem Bremanger Smelteverk. I åra 1976 og 1979 hadde Smelteverket sitt høgst tal tilsette med høvesvis 539 og 532. Frå 1955 til 1959 auka innbyggjartalet i Svelgen frå om lag 600 til om lag 1000 personar, og rundt 1970 passerte ein 1500, før ein nådde toppen med om lag 1700 busette i 1980.

5. september 1982 vart den siste rujernsomnen, Ovn 3, stoppa. Med det starta ei gradvis nedtrapping av arbeidsstokken på smelteverket. Hovudgrunnen til denne reduserte bemanninga var omlegging til annan produksjon, automatisering og ulike rasjonaliseringstiltak. Dei seinare åra har smelteverket outsourca mykje av verksemda, som t.d. reinhald, snekkarverkstad og vedlikehald, og kraftverket og økonomi m.m. høyrer no til andre divisjonar i Elkem. På Elkem Bremanger Smelteverk er det i februar 2003 om lag 160 tilsette.

Korleis kan dette 75- årsjubilèet markerast ? Eit forslag, som med dette vert kasta fram, er ein bygdafest à la julebordet som Elkem Bremanger hadde i Idrettshuset i 1996 med 700 festdeltakarar. Sidan den første tappinga vart gjort 14. november 1928, vil laurdag 15. november 2003 vere ein passande markeringsdato.

Opplysningane ovanfor er henta frå Svelgen Turn- og idrettsforening si historiebok, som forhåpentlegvis kjem ut før jula 2003. Denne boka vil, forutan historia til idrettslaget, også omhandle utviklinga til smelteverket og bygda Svelgen.

På biletet ovanfor ser ein smelteverket under anleggstida i 1928. Ein ser mellom anna at Ovn 1, råstofflager, sinterverk og kaianlegget er under byggjing.

På biletet nedanfor ser ein verket fotografert tidleg på 70- talet. Ovn 5 er komen i drift, og Ovn 2, 3 og 4 går for fullt. Ingen av omnane var reinsa på denne tida, som ein vel kan sjå...

På biletet nedanfor ser ein Elkem Bremanger Smelteverk fotografert ein fin februardag i 2003, nesten 75 år etter at første omnen starta opp.


Elkem Energi Bremanger

Set ned straumprisen for kundane i Svelgen 25.02.2003

Frå 10. mars (veke 11) set Elkem Energi Bremanger ned straumprisen frå 71,92 til 63,86 øre/kWh. Som ein vil sjå på Konkurransetilsynet si liste er det berre to landsdekkande leverandør som har meldt inn lågare pris.

Magasinfyllinga til EE Bremanger er betydeleg lågare enn normalt.



Konkurransetilsynet straumprisar


BK Syver'n

Ingen endringar i teten etter åttande spelekvelden i klubbemeisterskapet 24.02.2003

Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen vann spelekvelden føre Arne og Leif Arild Lothe. Dette er også dei som ligg best an i kampen om samanlagtsigeren. Resultat og samanlagtliste finn du på bridgesida.

Uro i Svelgen i helga 24.02.2003

Ein person i 20-åra vart laurdag ettermiddag taua inn av politiet i Svelgen. Han hadde i rusa tilstand freista å ta seg inn i eit privat husvære. Politiet fekk melding om ein mann som hadde uroa privatpersonar. Mannen vart pågripen og måtte sove ut rusen i drukkenskapsarresten på Flora politistasjon, melder Firdaposten.

INC søker etter ferievikarar 24.02.2003

INC VEDLIKEHOLD AS i Svelgen søker ferievikarer fra midten av juli til midten av august 2003

- Elektrikere.

- Mekanikere.

- Sveisere.

Sjå annonse under "Stilling ledig".


65 mill i tap for Sparebanken 24.02.2003

Sparebanken Flora-Bremanger opplyser at banken aukar dei uspesifiserte tapsavsetningane med 35,3 millionar kroner i forhold til den mellombelse regnskapen framlagt 31. januar. Banken er i ferd med å bli overteken av Sparebanken Sogn og Fjordane, som i overtakingsperioden har lagt sine eigne vurderingsreglar til grunn.

Årsresultatet blir etter dette minus 65,2 millionar kroner, mot tidlegare meldt minus 39,8 millionar kroner, melder Firdaposten.no


Glatt i Langenesbakken måndag morgon. 24.02.2003

Ein bilførar miste kontrollen over bilen og køyrde inn i ei bensinpumpe på Statoil måndag morgon. Både bilen og bensinpumpa fekk ein del skader. Korleis det gjekk med bilføraren kjenner ein ikkje til.

Også mange andre bilførarar var nære ved å miste kontrollen på same staden.


Optimisme på verket 24.02.2003

Fjordenes Tidende melde i ein artikkel fredag at eit forsøk med produksjon av materiale for solceller skal starte opp i 2003, og om dette lukkast er det snakk om store investeringar ved verket dei komande 2 - 4 åra. I følge avisa skal Ovn 5 starte opp 20. mars, etter ei ombygging som har kosta 70 millionar.

Breiband om tre månader 19.02.2003

Innan tre månader skal tilbod om breiband vere etablert i Bremnger, Kalvåg og Svelgen. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Elkem, Bremanger kommune, Bremanger VeKsT og utbyggjar Enivest. Etableringa av breiband vil vere eit tilbod både for privat og næringsliv som initiativtakarane meiner er til ein fordelaktig pris.

Etableringskostadane er variable om du vel ein "gjer det sjølv-pakke"(1000,- kroner for 1 års avtale) og etablering med montør (2000,- kroner for 1 års avtale).

Pris pr. månad vil komme på 439,- for privat-kundar. Du kan då nytte internett så mykje du vil til samme pris. For bedriftsmarknaden er det andre prisar.

Det føreligg pr. dags dato ikkje politisk vedtak når det gjeld breiband. Etter det Svelgen.no forstår vil dette komme på plass ganske raskt.

Ønsker du meir informasjon kan du gå inn på linken under.

Meir om Enivest


Sogn og Fjordane teater med:

Jakob Sande til Svelgen måndag 19.02.2003

Sogn og Fjordane Teater er på turné og kjem til Svelgen måndag med ei gjesteframsyning basert på dikt av Jakob Sande. Teaterstykket heiter "Eg skimtar eit land".

Dikt frå Jakob Sande sin rike produksjon er sett saman slik at dei fortel ei livshistorie. Det handlar om ein person som veks opp på ein liten stad, men som heile tida søkjer ut. Det er eit opprør og ei fridomskjensle i det å reise ut, men møte med det framande fører også til kjensler som anger og heimlengt. Det er fleire songar i programmet, og stemningsmusikk under og mellom dikta på gitar. Scenografien er ei kasse midt i rommet. Ved å syne kassa frå fleire vinklar er den mellom anna båt, hybel, skrivebord, seng og låve


BK Syver'n

Det tettar seg til i kampen om klubbmeisterskapet 18.02.2003

Arne og Leif Arild Lothe gjorde eit kraftig byks mot toppen når dei den sjuande spelekvelden vart knepent slått av Harald Bruvoll og Ole Bjørn Førde. Meir på bridgesidene.

Underteikna avtale om breiband i Svelgen 17.02.2003

Det er inngått avtale med Bremanger Kommune, Elkem ASA og Enivest om utbygging av breiband i Svelgen, Kalvåg og Bremanger.

Avtalen vart underteikna fredag 14.2.2003 i Førde.

Svelgen.no kjem attende med meir informasjon litt seinare.

BESTILL HER


Kommunen søkjer etter ferievikarar 17.02.2003

Bremanger kommune har no lagt ut ledige sommervikariat innan pleie- og omsorg under "Stilling ledig".

Elkem takka nei:

Ikkje felles brannstasjon 17.02.2003

I eit brev til kommunen skriv Elkem at dei ønskjer å oppdretthalde den ordninga med industrivern dei har i dag og at eit samarbeid med kommunen om felles utrykkingstasjon kan gje dei auka kostnader.

Dermed blir det truleg ikkje noko av planane om ein felles brannstasjon for kommunen og Elkem.

Det var kommunen som føreslo ei ordning med felles brannvern som etter deira meining kunne gje ei innsparing, mellom anna av di trongen for personell ville bli mindre. Brannvernet ønskjer dessutan meir plass enn det dei har til rådvelde i lokala dei leiger i Rise Næringsbygg.


Husk valentine-ball i Svelgen 15.2!! 14.02.2003

Du har vel fått med deg at det er stort valentine-ball på Svelgen Hotell 15. februar??! Det er Heidi Synnevåg og Anita Løwer (forøvrig 40 år 14.2) som har teke intiativ til festen der vi vert oppmoda til å kle oss i glitter og stas i rein Hollywood stil!

Ønsker du å melde deg på kan du sende ein mail til redaksjonen, så skal vi vidareformidle påmeldinga.


Lørdag kl. 1800 på samfunnshuset

Konsert med Sogn og Fjordane Brassband!! 13.02.2003

Lørdag kl. 1800 blir det konsert med Sogn og Fjordane Brassband og Svelgen skulemusikk i Storsalen på Svelgen samfunnshus.

Sogn og Fjordane Brassband har to medlemmar frå Svelgen, Sylvi Mari Fløtre og Tor Erik Vårdal på høvesvis kornett og slagverk.

Brassbandet består av unge musikktalent frå heile fylket og held eit høgt nivå. Svelgen skulemusikk skal i to nummer infiltrere Brassbandet og spele to nummer åleine. Elles er konserten via Brassbandet sitt repertoar.

Dette må du få med deg!!

Billettpris: Barn 10,- Vaksne 20,- Familie 50,-

Bildet er frå Shetlandsturen til Svelgen skulemusikk 1997.


Svelgen Linedance

Det vert ikkje swing komande veke 13.02.2003

Svelgen Linedance opplyser at det ikkje vert swingøving tysdag 18/2 p.g.a. vinterferie.

Etter vinterferien held ein fram med:

Linedanse tysdag 25/2 kl. 1930 og

swing tysdag 4/3 kl.1930.

Vidare vert det linedance i oddetalsveker og swing i partalsveker kl. 1930 på Realen,


BK Syver'n

Klubbmeisterskapet held fram 11.02.2003

Roar Førde og Bjarne Eikeset vann den sjette spelekvelden i klubbmeisterskapet. Med det gjekk dei opp på femteplass i samandraget. Harald Bruvoll og Ole Bjørn Førde gjekk, med andreplassen sin denne spelekvelden, opp på tredjeplassen i samandraget. Ellers gav det små endringar. Resultata ligg på bridgesida.

Svelgen kino Søndag 16. februar kl. 2000

DEN RØDE DRAGE 11.02.2003

Søndag viser Svelgen Kino Den Røde Drage med Anthony Hopkins i den grufulle hovudrolla. Om filmen:

En seriemorder er løs. Han biter, kvester og dreper på bestialsk vis. Han kaller seg Den røde drage. En familie på fem blir funnet myrdet i sitt hjem. Ikke én har sluppet unna. Familien var vanlige, omgjengelige mennesker som aldri hadde gjort noen fortred. Politiet står helt uten spor eller motiv.

Morderen slår til igjen. Fremgangsmåten er den samme. En hel familie er blitt slaktet ned, og alle speil i huset er knust. Og politiet står fortsatt uten noen ledetråder og frykter at man ikke kan stoppe dette monsteret av en morder. En drapsmann som Hannibal Lecter (Anthony Hopkins) har alltid sine tilhengere; ødelagte vesener som velter seg i detaljene rundt hans særdeles brutale handlinger. Bare det faktum at han finnes gir dem spenning, og de ugjerninger han begår og den kalde svetten han utløser hos "svakere" dødelige, holder dem oppe mens de sleper seg videre i sine ensomme og bitre liv. For disse mistilpassede individene er Lecter dem overlegen.

15 år 2 timer 5 minutt


Kreken framleis på sjukeheimen i Svelgen 11.02.2003

Bremanger kommune har framleis ikkje flytta funksjonehemma John Kreken ut av sjukeheimen trass i at sosialdepartementet for to veker sidan ga klar beskjed om at tvangsflyttinga i Svelgen var lovstridig.

- No har vi venta i to veker på svar frå kommunen, og på korvidt dei har planar om å følgje departementets vedtak. Tvert om så vert det antyda at dei vurderer å ikkje gjere dette. I så fall nærmar det seg det uverdige, seier advokat Kramås.

Trass i at det var Bremanger kommune sjølv som ba sosialdepartementet sitt syn på den etter kvart så betente saka, så ser det førebels ikkje ut til at dei vil rette seg etter departementet.

Bakgrunnen for saka er at kommunen tvangsflytta den 68 år gamle John Kreken frå den kommunale omsorgsbustaden og inn på gamleheimen. Bremanger kommunen trenge omsorgsbustaden hans til ein annan og yngre pasient.

Les meir


Vil ikkje jobbe i steinbrot 11.02.2003

Det er vanskeleg å skaffe norske folk til å jobbe ved steinbrot i distrikta. Selskapet Eurovia som planlegg eit nytt steinbrot i Gulestø i Bremanger seier dei vil satse på lokal arbeidskraft.

Men Bremanger Quarry opplevde at det var svært vanskeleg å få normenn til jobbane, fortel prosjektleiar Joop Bouwman.

- Vi trudde det ville vere mykje lettare å få tak i lokal arbeidskraft, seier han. Han seier nordmenn er mest interesserte i å ha det sosialt, og at dei difor vil busetje seg på større stader som Oslo, Bergen og Stavanger. - Nederlendarar derimot, er opptekne av å kome seg ut i naturen, seier Bouwman.


Volleyball

Tap for STIF 11.02.2003

Fjordenes Tidende melder at STIF tapte begge sine kampar i 2. divisjon for herrar søndag. Mot Førde vart det tap 1 - 3 og mot Molde 0 - 3. Kampane gjekk i Førde.

Volleyball

Mot eliteseriekvalifisering for svelgarar !? 10.02.2003

Bjørn IL sitt 1. divisjonslag, med svelgarane Knut Arild Fløtre og Ronald Førde på laget, deltok i helga i rankingturneringa for 1. divisjonslag i Bergen. Her spelte laget seg heilt fram til finalen, der det vart tap mot Koll, som leiar den andre 1. divisjonsavdelinga.

Regelverket for kven som får spele kvalifiering om spel i Eliteserien er nokså komplisert. Både plasseringa i 1. divisjonsavdelinga og i dei 4 rankingturneringane er avgjerande. Laga som vinn si 1. div.avd. får 80 poeng, lag nr. 2 får 70 p, lag nr. 3 får 60 p. osv. I dei 4 rankingturneringane får vinnaren 20 p, lag nr. 2 17 p, lag nr. 3 15 p. osv. I rankingturneringane, som laga kan melde seg på om dei ynskjer, møtast laga frå begge 1. divisjonsavdelingane.

På rankinglista, som inneheld poeng frå både serie og turneringar, leiar no Koll med 120 p, Bjørn har 109 p. og Rå er nr. 3 med 98 p. Bjørn sin poengsum skriv seg frå 80 p. i serien og 29 p. i turneringane. Laget har delteke i 2 av dei 3 turneringane som har vore arrangert til no. Det same gjeld for dei to andre topplaga.

Dei to best ranka 1. divisjonslaga møter laget som vert sist i eliteserien, til kvalifiseringskampar om kven som får spele i Eliteserien. Dei to beste laga i desse kampane får spele i eliteserien i 2003/2004.

Bjørn leiar si 1. div. avd. med 14 poeng på 8 kampar, medan Rå på 2. plass har 10 poeng på 6 kampar. Bjørn har to seriekampar att og ei rankingturnering.

Ikkje bli fortvila om du ikkje skjønte alt dette, for enkelte spelarar på Bjørn IL skjønar det ikkje sjølv....

Rankingturnering


Valentiner ball for ungdomen fredag 09.02.2003

UNGDOMSKLUBBEN REALEN INVITERER SINE MEDLEMMER PÅ VALENTINERBALL.

FREDAG 14 FEBRUAR KL. 20.00.

STED: SVELGEN HOTELL

COVER: 100,- ( PIZZA/ TACO BUFFE)

PÅMELDING INNEN 12.02 TIL KLUBBLEDER 57793615


Franskmenn vil satse på steinbrot i Gulestøa. 07.02.2003

Les meir om denne saka ved å klikke på linken under.

NRK S. og Fj.

Volleyball

Kampar for herrelaget 07.02.2003

Fjordenes Tidende melder at STIF sitt 2. divisjonslag forrige søndag vann 3 - 0 mot Kvammen i Førde. STIF skulle og møte Førde 3, men distriktskontoret hadde rota slik at det ikkje vart noko av den kampen. Etter 4 kampar har STIF vunne to og tapt to kampar, og ligg som nr. 4 av 6 lag på tabellen.

Måløy- avisa melder også at STIF søndag 9/2 skal møte Førde 2 og Molde i Førde. Desse to laga ligg øverst på tabellen.


Omnane startar 20. mars 07.02.2003

Etter det svelgen.no har grunn til å tru starter omn 5 og omn 2/4 opp tidlegare enn tenkt. Planen var å starte omnane i månadsskiftet april/mai, men dette er no framskunda til 20. mars. Omn 5 er ferdig oppgradert og klar til å ta i bruk. Mange av dei som var ute i permisjon vart tilbakekalla på grunn av omfattande vedlikehald og oppgradering av omnane, og har i røyda ikkje vorte råka av stansen. . Når omnane startar 20. mars blir det full drift att ved Elkem Bremanger.

Fire nye reisebrev frå Naomi. 07.02.2003

Etter lengre tids plager med, og forbruk av bærbare datamskiner, har no skipper Eimhjellen fått liv i ein av dei mange PC'ane han har fått nedover. Han har no sendt 4 nye reisebrev med flotte bilder. For dei som føler for det er det berre å sende han ei helsing per. e-post. Han kunne nemlig trenge å lese litt norsk då meir og meir av tekstane han sender må korrigerast frå norsk-engelsk-fijisk til god gammaldags svelgensk, melder web-master Allan Dyrstad.




NAOMI

Søndagsfilmen 9. februar kl. 1800

Jimmy Neutron på nye eventyr 06.02.2003

Historien om en liten gutt og roboten hans...som slåss mot det onde...og redder foreldrene sine og hele jordkloden...og allikevel rekker hjem til middag.

Livet i småbyen Retroville tar ikke helt av, lissom. Derfor gleder Jimmy og vennene hans seg noe helt utrolig til åpningen av Retroland fornøyelsespark. Og når foreldrene hans forbyr ham å gå, sniker han seg ut og møter vennene allikevel. Mens ungene har det så morsomt som de aldri har hatt før, ønsker Jimmy at det alltid ville være sånn - og at foreldrene hans ville forsvinne. Og simsalabim; det gjør de! Jimmy og vennene hans kjører karusell og stapper seg med sukkerspinn mens ikke bare foreldrene til Jimmy - men foreldrene til alle barna i Retroville blir bortført av de fryktede Yokianerne; grønne, groteske og eggeformede utenomjordiske vesener med en merkelig, bisarr form for humor.

1 time 22 min. 7 år

Kinolista


15 000 til Linda Leirvik 06.02.2003

Linda Leirvik i Svelgen er innvilga etablerartilskot på 15.000 kroner for å starte direkte sal av helse og velværeprodukt. Det vedtok plan- og utviklingsutvalet på møtet i går.

Fleire interessentar:

Byggefelt på Dyrstad? 06.02.2003

Plan- og utviklingsutvalet i Bremanger vil snakke vidare med to grunneigarar om byggefeltet dei ønskjer å etablere på Dyrstad/Langeneset. I innstillinga si viste administrasjonen til at kommunen ikkje har råd til å kjøpe det 54 dekar store arealet slik grunneigarane, Roald Dyrstad og Ståle Dyrstad, har sett fram tilbod om. Kåre Jarl Langeland (V) sa seg usamd i denne tilrådinga. Han legg mellom anna stor vekt på den industrisatsinga som finn stad i området, der Bremanger Quarry etter hans opplysningar investerer over 170 mill. kroner. Han ønskjer derfor ein vidare dialog med grunneigarane. Plan- og utviklingsutvalet sitt vedtak medfører ingen aksept av kjøpstilbodet, men er ei utsetjing til administrasjonen har samtala nærare med grunneigarane, skriv Firdaposten.no.

Vinter i Svelgen 05.02.2003

Som ein ser på bilda under, som vart tekne onsdag 5/2, er Svelgen for tida vinterkledd. Snølaget er på rundt 10 cm, men varierer ein del avhengig av om sola og vinden har teke tak.

På vegen i Risevatnet var det i dag ein del skispor i snøen. Dei fleste stader langs vatnet var det nok snø til å gå på ski, men på vindutsette stadar var det knapt nok snø. Men om du har nokre gamle ski, som du ikkje er redd for å striple opp, er det gode høver for skitrim langs vatnet.


Pegasus

Svelgarar populære i Florø 05.02.2003

Rockruppa Pegasus, som består av svelgarar busett i Florø og Svelgen, er svært så populære i Florø. Under kan du lese kva som vart skrive på heimesida til Florø Rockklubb, etter at Pegasus hadde spelt i Florø i romjula 2002:

FLORØ: Rockeklubben meiner dei kunne selt dobbelt så mange billettar under Pegasus konserten på Haavebua laurdag. Likevel vil ikkje det populære bandet spele meir enn ein gong i året i Florø. "Vi er redde for å bli oppbrukt", seier Tor Hjalte. Han er både leiar i Rockeklubben og gitarist i Pegasus. Han fortel at dei har vore redd for at det skal bli for mykje med meir enn den eine konserten i året. I år kunne dei selt dobbelt så mange billettar. Det har fått Hjalte til å komme på glid. "Det kan hende vi tek feil, og ut i frå responsen så hadde det ikkje skada med ein konsert til, kanskje til påske", nemner Hjalte og presiserer at det er viktig at dei ikkje skal stjele plass frå andre band. For Pegasus er rockeklubben si melkeku. Dei garanterer fulle hus kvar gong og konseptet med kjente coverlåtar frå 70-til 90 talet har gått rett heim hos Florø publikummet. "Går du ut for å ha det moro, er det slik musikk folk vil høyre. Vi vil ha det moro sjølv, og legg opp repertoaret til publikum", seier Hjalte. Han vegår at dei kuttar låtar som ikkje fyller dansegolvet.. Det gjorde dei på kvart nummer laurdag. Silkerøystene til Janne Linn Myren og Annika Myklebust er så forskjellige, men utfyller kvarandre på ein glimrande måte. I år hadde dei mellom anna lagt til balladen "Ain't no sunshine when she's gone", Tom Jones sin "Sex bomb" DeLillos' "Kokken Tor" i tillegg til tidlegare sikre vinnarar. Eit repertoar spent mellom AC/DC og Bjørn Eidsvåg er for å sitere sistnemnde, "Alt du vil ha" om du skal ha det moro på by'n.

På bildet under ser ein dei dyktige gitaristane i Pegasus, frå venstre: Åsmund Nesbø, Nils Jørgen Sagebø og Tor Hjalte.


Janne Linn Myren syng i Florø Storband 04.02.2003

Les meir om dette ved å klikke på linken under.

Firdaposten

Mahes Waran sluttar som Bremanger-lege 04.02.2003

Kommunelege M. Mahes Waran har sagt opp stillinga si i Bremanger kommune. Stillinga er lyst ledig frå 1.juni, og då spørst om det kjem søkjarar som kan overta etter Waran, som dei siste åra har pendla frå familien i Førde til Bremanger på jobb.

M. Mahes Waran kom til Bremanger sommaren 1987, etter sjukehusturnus i Florø og distriktsturnus i Fjaler kommune. Hausten 1998 flytta han og familien til Førde. Etter eit par år som kommunelege ved legesenteret der, kom Waran tilbake som lege i Bremanger, og har sidan jobba tre dagar i Svelgen og to dagar ved legekontoret på Hauge i ytre Bremanger.

Det er Firdaposten.no som melder dette.


BK Syver'n

Klubbmeisterskapet fortset 04.02.2003

Med den 5 spelekvelden ferdigspela, er også klubbmeisterskapet halvferdig. Resultatet for den femte spelekvelden avslørte lite nytt idet Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen vann, og med det har opparbeida seg ei solid leiing i samandraget. Meir på bridgesidene.

Handball

Info om handballtrimmen 03.02.2003

På heimesida til STIF kan du lese litt om handballtrimmen for damer. Du kan også sjå lagbilde av dei spreke damene.

Handballtrimmen

Elkem sel Elkem Rana 03.02.2003

Les meir på linken under.

imarkedet

Bli med på oppropet 02.02.2003

Som du sikkert har lagt merke til har redaksjonen i Svelgen.no tatt seg den frihet og ta stilling i diskusjonen for/mot krig mot Irak ved å sette inn logoen til Fredsinitiativet Ingen Krig mot Irak.

Vi oppfordrar alle lesarane til å trykke på linken og skrive under på oppropet mot krig! Vi har kunna leite oss fram til tre svelgarar så langt - men reknar med at langt fleire har ei meining om dette.


Volleyball

Svelgenjente norgesmeister 02.02.2003

Stine Mari Solheim og lagvenninnene på Hafstad vidaregåande skule vart i helga norgesmeister i NM for vidaregåande skular.

Meisterskapen vart arrangert i Førde og svelgaren Helge Robert Midtbø var sentral i arrangementskomitèen. Midtbø er, i følgje heimesida til Førde VBK, sportsleg leiar i klubben.

Førde VBK


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov