Arkiv Mai 2014

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Høgt og Lågt 22. og 23.august 30.05.2014

    

Set av fredag 22. og laurdag 23. august til mykje morro i Svelgen, for både store og små.

   

Det vert Olabilløp også i år, så det er berre å starte bygginga 😊

  

Kjem program så snart det er klart.

   

   


Kronerulling til Svelgen Opp og Fram 30.05.2014

                                                                               

 

Tusen takk for alle biddrag så langt!! 

Oppfordra samstundes fleire til å betale ein slant!

  

For å få pynta opp Svelgen sentrum, treng vi litt kapital og prøvar oss derfor på ei kronerulling. 

 

Ynskjer du å bidra til eit finare og trivlegare sentrum, gje eit biddrag ved å betale inn til kontonummer 3705.21.35363.

  

Pengane vil bli brukt til trivselstiltak som planting, jonsokfeiring, julegate, julemarknad m.m.

   

Håper så mange som mulig vil sette av nokre kroner til eit godt formål!



Torsdag 29. mai 29.05.2014

I dag blir det lukka arrangement på lasse`s kro mellom kl. 15.30 til 19.00. Vi har åpent frå kl. 14.00 til 15.30 og frå 19.00 til 23.00. Lasse`s kro.

Utspyling av rør og vask av høgdebasseng i Svelgen 28.05.2014

Måndag 02.06.14 :  Utspyling frå kl 22.00  til kl 04.00

Redusert trykk nedre Sande, Svelgen sentrum og nedre Langeneset.

Dei høgstliggande bustadane vil miste vatnet i ca 2 timar.

 

Tysdag 03.06.14 : Utspyling frå kl 22.00 til kl 04.00

Redusert trykk nedre Sande, Svelgen sentrum og nedre Langeneset.

Dei høgstliggande bustadane vil miste vatnet i ca 2 timar.

 

Torsdag 05.06.14 : Utspyling frå kl 09.00 til kl 14.30

Utspyling øvre Sande, øvre Svelgen og øvre Langeneset.

Redusert trykk, periodevis borte.

 

Fredag 06.06.14 : Utspyling frå kl 09.00 til kl 14.30

Utspyling øvre Sande, øvre Svelgen og Øvre Langeneset.

Redusert trykk, periodevis borte.

 

Torsdag 12.06.14 : Reingjering frå kl 08.30 til kl 15.00

Vask av høgdebasseng Sande

Øvre Sande vert utan vatn ca 1 t pga ventilskift.

 

Fredag 13.06.14 : Reingjering frå kl 08.30 til kl 15.00

Vask av høgdebasseng Langeneset.

Redusert trykk

 

Vi oppmodar om å skru ut sil frå lavt liggande kran og tappe til vatnet er blankt.

 

Teknisk beklagar for ulempene dette vil medføre.

 



Onsdag 28. mai 27.05.2014

Onsdag 28. mai blir det lukka arrangement på Lasse`s kro frå 14 til 16.00.   `





Omlag 100 menneske oppsøkte opa hytte på Knekkevann i dag 25.05.2014


39 Tour de Bremanger-deltakarar under Hornelen laurdag 25.05.2014


Svelgen kino 19.05.2014

X-Men: Days of Future Past

       Søndag 25.mai. Kl.20:00

          0  Aldersgrense: 11.år


Sundagsope på Knekkevasshytta 21.05.2014

25.mai har Keipen Turlag open dag frå 12.00 til 15.00 på Knekkevasshytta. Vertskap er Steinar, Sissel, Jorunn, Johanna, Olga, Audhild og Liv S. Turen opp frå Sørdalstrappa eller Svelgsvatn tek 1 - 1,5 time.

 

29.mai har Keipen Turlag tur til Marafjellet. Turen tek 2-3 timar. Turleiar er Oddmund Leirvik. Turen startar kl. 10.00 frå Nesbø.

 

Med helsing

Gunnar Skjølberg

- leiar Keipen Turlag -


Takk til Svelgen hotell! 24.05.2014

Svelgen skulemusikk vil takke Svelgen hotell for god frukost 17. mai. Det er alltid like kjekt å få komme på hotellet å ete etter flaggheisinga klokka 0800.


41 påmelde og fine vèrmeldingar for Tour de Bremanger 23.05.2014

Per Arne Sæterlid melder at det fredag morgon er 41 påmelde til Tour de Bremanger, og at det er god plass til fleire deltakarar. Påmelding til Per Arne på tlf 95967770. Med dei gode vèrmeldingane som er for laurdag 14. mai, så vert dette ein flott tur rundtur i Bremanger kommune. Sjå invitasjon lenger nede på Svelgen.no

Bremanger kommune

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med om lag 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

 

Vi har følgjande ledige stillingar:

 

Leiande helsesøster

Stilling med saksnr. 14/1197

Ei fast 100 % stilling som leiande helsesøster er ledig frå 01.08.14. Arbeidsstad er i hovudsak ved Hauge helsesenter i ytre Bremanger.

Sjå full utlysingstekst her eller under stilling ledig i menyen til venstre.

Barnevernspedagog/ soionom

Stilling med saksnr. 14/1205

Ved barnevernstenesta er det ledig 100 % vikariat frå snarast. Vikariatet kan bli gjort om til fast stilling.

Sjå full utlysingstekst her eller under stilling ledig i menyen til venstre.

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

Søknadsfrist: 13. juni 2014


39 påmelde til Tour de Bremanger 16.05.2014

Det er pr 20. mai 39 påmelde til Tour de Bremanger. Vèrutsiktene for lørdag 24. mai er gode, og det er fortsatt mulighet til å melde seg på til sykkelturen.


Nærmar seg 40 påmelde til Tour de Bremanger 20.05.2014

Det er no 39 påmelde til "Vårens vakraste eventyr", Tour de Bremanger, som går føre seg laurdag 24. mai. Dette er sykkelturen frå Svelgen via Davik til Kalvåg, og med båt tilbake til Svelgen. Har du lyst å vere med?  Ta kontakt med Per Arne Sæterlid på tlf 95967770. Deltakarrekorden er på 42 syklistar (+ 2 hjelparar) i 2012. Sjå invitasjon lenger nede på Svelgen.no




SVELGEN SENIORDANS 19.05.2014

UTEDANS VED SJUKEHEIMEN.        Tirsdag 20.mai er det utedans ved sjukeheimen - dersom det er bra nok ver.  Vi starter kl.16.30 og danser ca 1 time.    Alle er velkomne til å sjå på oss.                                   

BARNAS TURLAG TIL HUAREN 18. Mai 19.05.2014

 

 
13 born og 8 vaksne gjekk til Huaren 18. mai. Ein flott tur for både born og vaksne. Litt myrterreng i starten før ein kjem inn på stien. På vegen opp såg vi varder, rotvelt, maur, bille og krystallstein. På veg ned att fekk vi høyre lyden av Gjøken. Ein spennandes tur med nydelig utsikt frå Huaren.
 
 
TUSEN TAKK FOR TUREN!
 
Ossenkamp/Langedal

 

 





Svelgen kino 16.05.2014

         Godzilla

      Søndag 18.mai. Kl.20:00  

        0  Aldergrense : 11.år


Dagens barnetog. Gratulerer med dagen! 17.05.2014

Foto: Svenn Petter Kjerpeset




I KVELD PÅ LASSE`S KRO: 16.05.2014


VI FEIRER 17. MAI PÅ LASSE`S KRO 16.05.2014

SALG AV

 RØMMEGRAUT OG SPEKEMAT

Kaffi og is

Opent frå 12:00 til 02:00

22:00 Dans med Ann Siri

HJARTELEG VELKOMMEN!


17.MAI KJELKENES 15.05.2014

Kl.12.30 Sal av rømmegraut i Trudvang  kl. 13.00 Folketog Trudvang -Sandvika-kyrkja. Kl. 14.00-16.00. Sal av rømmegraut,pølser m/brød,kaffi og kaker i Trudvang.

Velkommen!


17. mai kafe på samfunnshuset 15.05.2014

Tradisjonen tru vil Svelgen skulemusikk også i år ha kafe på samfunnshuset. Det vert sal av kaffi, brus, is og pølse med brød. Det vert sal både på Keipenstova og i gangen utanfor kjøkkenet nede. Det vert laga til med bord og stolar ute. Dersom det vert dårleg vêr lagar vi til med bord i småsalen. Kafeen opnar kl 0930 og vi heldt ope til omlag 1800.

 

Skulemusikken ynskjer alle ein god 17. mai og håpar på godt besøk!


Barne- og ungdomsleikar 17. mai 2014 14.05.2014

Tid: 12.30

Stad: skuleplassen ved Svelgen oppvekst.

 

Dersom dårleg vêr vert leikane flytta til Idrettshuset. Grunna plassmangel vert tilbodet noko redusert.  

 

 

Leikar for barn til og med 4. klasse:
- sykling

- 60 m

- erteposekasting

 

Leikar tilpassa 5. klasse og oppover:

- kaste på blikkboks

- gå på stylte

- pilkast

- kaste hestesko

 

 

Det vert is som deltakarpremie til barna.

 

Det vert trekt ein pizza sponsa av Svelgen Hotell til premie blant deltakane frå 5. klasse og oppover. Trekkinga vert offentleggjort på Folkefesten.

 

Det vert sal av kaffi, saft, sveler og pølser med brød av 8.klasse ved Svelgen oppvekst.

 



Kronerulling til Svelgen opp og fram 15.05.2014

For å få pynta opp Svelgen sentrum, treng vi litt kapital og prøvar oss derfor på ei kronerulling.

 

Ynskjer du å bidra til eit finare og trivlegare sentrum, gje eit biddrag ved å betale inn til kontonummer 3705.21.35363.

  

Pengane vil bli brukt til trivselstiltak som planting, jonsokfeiring, julegate, julemarknad m.m.

   

Håper så mange som mulig vil sette av nokre kroner til eit godt formål!



BREMANGER KOMMUNE

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med omlag 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

 

 

 

Ledig stilling som brannkonstabel

Stilling med saksnr. 14/652

 
Vi har ledige stillingar som brannkonstabel ved Bremanger og Kalvåg brannvesen.

 

Sjå full utlysing her, eller ved under "stilling ledig" i menyen til høgre.

 

 

Søknadar skal sendast via vårt digitale søknadssenter

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

 

Søkjarlista er offentleg og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

Søknadsfrist: 01.06.2014


A-lags kamp 13.05.2014

A-laget til Svelgen spelar kamp mot serieleiar Gaular

på Svelgen stadion tysdag den 13.05 kl.19.00.

 

Fotballgruppa       

 


BREMANGER KOMMUNE

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med omlag 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

 

 

 

 

Ledig stilling som lærar ved Kalvåg oppvekst

 

Stilling med saksnr. 14/1027

 

 

Ved Kalvåg oppvekst er det ledig ei 100 % fast stilling som allmenlærar frå skuleåret 2014/15.

 

 

Fullstendig utlysing finn du her, eller under "stilling ledig" i menyen til venstre.

 

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

Søkjarlista er offentleg,og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det.

 

 

Søknadsfrist: 23.05.2014




Svelgen kino 11.05.2014

Bamse og Tyvenes by

      Søndag 11.mai kl.17:00

        0


Dans på Lasse`s kro 17.MAI 10.05.2014



Spinning 10.05.2014

 

Slik vert spinningtreningane framover:

 

Måndag   kl.20.00   45 min.   Vibeke

Torsdag   kl.19.00   45 min.   Hege Iren/Hilde

 

For STIF

Vibeke Kjerpeseth.


Alma Myklebust vann Elkem-kopp 10.05.2014

Den ukjende vinnaren av Elkem-koppen var Alma Myklebust på 6 år som var på Moldahytta med Barnas Turlag. Ivervann og Moldahytta er faste plassar for trekking av Elkem-koppen.

Gratulerer til Alma!

 


ELKEM KOPP TIL LINDA, MARTINE OG TIL NR.612 PÅ SANDSEGGA 09.05.2014

Etter loddtrekning april har fylgjande vunne Elkemkopp: Linda Nilsen (nr. 970 på Moldahytta), Martine Sørgulen (nr.1529 Risevatnet 3,5) og nr. 612 på Sandsegga A L som vi ikkje tyder namnet på.
GRATULERER ALLE SAMMEN.  No i mai vert det trekt koppar på Knekkevatn, Omvendeskaret og på Gulebrystet. I juni skal vi trekke Risevatnet Vasskaret, Ivervatn og Sandsegga.
Keipen turlag, FJELLTRIMMEN


Idrettsskulen tek ferie 07.05.2014

 

Grunna lite oppmøte på idretsskule dei siste gongane, tek idrettsskulen ferie frå og med i dag.

 

Vel møtt til hausten.


Mobil funnet 07.05.2014

Mobil funnet på graset i båthamna ved Lasse`s.

 

Ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth, tlf. 90 58 00 55.


Takk frå Svelgen Sanitetsforening 06.05.2014

Svelgen Sanitetsforening ynskjer å takke lag, organisasjonar og enkeltpersonar for gevinstar og støtte til basaren vi hadde i mars.

Den årlege inntakta får tilbake til bygda. I år støttar vi skulemusikken som har 50-års jubileum, Svelgen Samfunnshus, Ungdomsklubben og Helsestasjonen (ei lita gåve til alle nyfødte).

 

Med helsing

Svelgen Sanitetsforening




Kurs i hogst med motorsag, del 2

 

Hogst med motorsag. Kursdel 2 , 15 timer.
Dokumentert sikkerhetsopplæring - kursdel 2. Kurset gir opplæring i rasjonelle og sikre arbeidsmetoder med motorsag.

 

 

 

Tid og stad: Svelgen den 27. og 28. mai
Kontakt: Bjørn H. Marthinussen 95982961

Kurset er tilpasset skogeierens arbeidsoppgaver. Kursdeltaker får opplæring i felle- og kvisteteknikker, sikkerhet og felling under vanskelige forhold. Og gjennomføring av et hogstopplegg på en sikker og hensiktsmessig måte for utkjøring. Ved å lære sikre arbeidsmetoder og effektiv arbeidsteknikk vil dette også forebygge yrkes- og belastningsskader.

Kurset gir, sammen med kursdel 1 " Vedlikehold av motorkjedesag ", sikkerhetsopplæring i bruk av motorkjedesag, i henhold til forskriften «Utførelse av arbeid» av 1. januar 2013.
Kursbeskrivelse for kursdel 1: "Vedlikehold av motorsaga" finner du under "Motorsaga" i menyen til venstre.

Emner for kurset

    • Sikkerhetsregler ved arbeid med motorkjedesag.
    • Riktig og sikre felle- og kvisteteknikker.
    • Bruk av arbeidsbenker.
    • Sikkerheten rundt et hogstopplegg, tilrettelagt for uttransport.
    • Nedtaking av fastfelte trær og sikker bruk av hjelpeutstyr.
    • Kapping av stammer i spenn.
    • Riktig verneutstyr, bruk og vedlikehold.

 

Varighet og praktisk info
15 timer. På kurset benytter deltakerne sin egen sag og eget verneutstyr. Minimumsalder er 15 år (må ha fyllt 15 år innen kursstart). 5-6 deltakere pr kurs.




Fotballkamp 04.05.2014

Leirgulen/Svelgen, 11 år jenter, skal spele mot Stryn på Svelgen stadion mandag kl 1800.

 



Svelgen kino 01.05.2014

Opprørske oldemødre

    Søndag 4.mai. Kl.17:00

           0


Svelgen kino 01.05.2014

           Noah

      Søndag 4.mai. Kl.20:00

       0


Pilates 02.05.2014

   

Det vert ikkje pilates tysdag 06.mai.

  

Bjørg



Vatn i Mevika og Framstevika

Grunna arbeid på vassledning, vert Mevika og Framstevika på Sande i Svelgen, utan vatn frå og med morgonen 05. mai og ut over dagen.

 

 

 

Ved spørsmål om dette, ta kontakt med

Therese Heggelund på tlf. 95982998 mellom 08.00 og 15.00

Ved spørsmål etter kl. 15.00, ring teknisk vakttelefon 95982999.


1. mai-turen til Keipen Turlag 02.05.2014

 

 

 

 

Keipen Turlag hadde den årlige turen til Keipen 1 mai. På grunn av lite snø oppe ved søre Hjelmevann, vart turen og startpunkt flytta til Førdedalen.

15 personer møtte. Ein kom heilt fra Sandefjord og to fra Sogndal. Marino Ask som er leder for Sogn og Fjordane Turlag var også med på turen.

Turen vart prega av alt fra litt snø når vi starta, til sol og blå himmel. Siste del før Keipen var det skodde, snødrev og kald vind. Det satt ein stopper for og nå Keipen. Vi snudde og ettersom veiret letta litt, tok vi turen opp til Plogen.

Frå Plogen kunne vi sjå heilt ut til Alden. Men etterkvart kom skodda tilbake så vi tok turen ned hylle 7 og tilbake til vakre Førdedalen.

Keipen Turlag takker for ein fin tur med sol, snø, vind og skodde. Og ikkje minst av alt - det magiske øyenblikket då skodda letta og Keipen og Alden uti havet dukka opp.



Lasse`s kro 01.05.2014

Lasses kro har lukka fra kl 16.00 til 19.00 fredag 2. mai, grunna privat arrangement. Det er opent frå kl. 14.00 til 16.00 og frå 19.00 til kl. 02.00. Det vil verre åpent for take away bestilling på 577 93132 heile dagen.   #Kroa#


Glimt frå 1. mai-feiringa i Svelgen 01.05.2014

Knut Sande og Aut-Marit Sortevik. Alice Holm med ungdomsapell

Hovudtalar Nils P. Støyva saman med Odd Birkelid og Aud-Marit Sortevik


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept