Arkiv Mai 2011

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Ta turen til Ålfoten i helga:

Mykje spennande på Villmarksmessa 31.05.2011

(Bilde frå Villmarksdagane i Ålfoten 2007)

No er det meste klart framfor Villmarksdagane i Ålfoten til helga. Messetelta er monterte i ballbingen, banene for leirdueskyting og øksekasting er tillaga, vermeldingane ser fine ut og dugnadsgjengen på i overkant av 100 personar gledar seg til å vere vertskap for Villmarksdagar i Ålfoten laurdag og søndag.
 
Har du lyst til å sjå Ålfotbreen og fjella rundt frå lufta, prøve deg på rappelering, hoppeslott, leirdueskyting og øksekasting eller høyre på kva Oddgeir Bruaset har å fortelje? Eller kanskje du let deg friste av grilla hjortekjøt og rømegraut, er ute etter ein god handel eller ønskjer å lære meir om stell av hjortekjøt og ettersøk? Då er Ålfoten plassen for deg i helga.
 
Viltbuffeten på laurdagskvelden er utseld, men vi har opna for sal av ekstra billettar til dansen. Desse kostar 150 kr, og påmelding må gjerast til tlf. 97064073 seinast torsdag 2.juni.
 
Vi håpar på storinnrykk til Ålfoten desse dagane, og vi skal gjere vårt ytterste for at alle som kjem skal få fine dagar.
 
Velkomne på Villmarksmesse!
 
Arrangementskomiteen.


Mai-månaden med 3. mest nedbør sidan 1939 31.05.2011

Mai 2011 byrja med svært fint vèr, med temperaturar over 20 gr. C  og berre 3 mm nedbør dei første 12 døgna (berre eit døgn med nedbør). Men deretter, fom 12/5 og ut månaden, vart det berre eit døgn utan nedbør (14/5).

 

I mai fall det 262,5 mm nedbør i Svelgen, medan normalen er 110 mm. 12 døgn var heilt utan nedbør, og 40,3 mm var høgste døgnverdi.

 

Svelgen Kraft og Meteorologisk institutt har statistikk tilbake til 1939 for Svelgen, og berre to tidlegare mai-månadar har hatt meir nedbør enn årets. Dette var i 1958 med 343 mm og 1989 med 283 mm.

 

Biletet under vart teke under barnetoget 17. mai i år. Om morgonen 18. mai målte ein 9,7 mm nedbør, og mykje av dette fall medan barne- og folketoga foregjekk.


A-lags kamp mot Tempo. 30.05.2011

 

       Svelgen Stadion

     

     Tirsdag 31.mai. 

      Kl. 20:00  (merk tida) 

    

                        Spillerane møter kl. 18:45 i hallen .

 

                                      T.V.B.

 

      


Invitasjon til "Tour de Bremanger" lørdag 4/6 30.05.2011

 Heile invitasjonen finn du ved å  klikke her. (eller du kan lese den nedanfor)

 

Dette er ein invitasjon til alle trimglade i alder 30+.

  

Velkomen til ein sykkeltur Bremanger rundt.

 

Dette skal vere ein roleg og sosial sykkeltur, som startar utanfor Lasses kro i Svelgen sentrum. Det viktigaste på turen er å nyte naturopplevingane, ta det med ro, og ikkje

stresse for å komme fram. Vi har heile dagen på oss.

  

Vi startar laurdag 4. juni klokka 09.00

Turen går i gjennom Ålfotdalen, vidare til Davik og til Rugsund. Det blir servert mat på Gloføykje. Vi syklar vidare til Oldeide, Konsdalen , Struen, Smørhamn og ferja over til Kjelkenes og til Svelgen. På Svelgen hotell blir det sosialt samvær med mat og drikke.

   

Vi skal sykle roleg i lag og ha felles stoppeplassar. Sykkel og hjelm må sjølvsagt vere i god stand og etter alle føreskrifte. Det blir to følgjebilar som kan frakte sekkar med nødvendig utstyr som klede, litt mat og drikke. På sjølve sykkelen bør du ha med drikkeflaske, eventuelt ein liten sekk med det mest nødvendige. Eg anbefaler sykkelbukse. Følgjebilane har med verktøy til dei "aller fleste"typar syklar og førstehjelpsutstyr. I bilen er det og rikeleg med sportsdrikk , kaffi, frukt og grønt og middagsmat.

   

På dei forskjellege stoppeplassane vil det bli servert forfriskingar som frukt, sportsdrikk underhaldning og fysisk velvere.

Dersom du vil vere med, ta kontakt med Per Arne Sæterlid på telefon 95967770

Deltakaravgift 200 kr.

Bli med på Tour de Bremanger !!!!!!

  

Turen er sponsa av Svelgen Kraft AS, Coop Svelgen , Elkem Bremanger, Bremanger kommune og Svelgen Hotell


Protesterer mot turistinfo på Øyratunet:

Vurderer å stenge kafeen på hotellet 30.05.2011

Jostein Eimhjellen vurderer å stengje kafèen på Svelgen hotell. Grunnen er at turistinformasjonen skal flyttast til Øyratunet. - Ein turistinfo bør ligge i sentrum der den ligg sentralt både for bil, buss og båt. I tilegg fins ein bank, rådhus og kafè.

 - Svelgen sentrm treng all aktivitet ein kan få for å halde oppe tentestetilbodet, seier Eimhjellen til Bremanger Budstikke og legg til at han kjem  til å skrive ei klage.

- Om vedtaket vert ståande vurderer eg å stengje kafèen i sommar, seier han og grungjev dette med at fellesferien er ei stille tid på hotellet. - Kunstlaget vil truleg servere kaffi i Øyratunet og då får hotellet berre besøk av dei som må på toalettet.

 

- Totalt ueigna, meiner Funksjonshemmarådet

Også Funksjonshemmarådet meiner den nye plasseringa blir heilt feil og i strid med diskriminerings-og tilgjengelova. Dei peikar mellom anna på at det ikkje fins parkeringsplass, sti og steintrapp er som tilkomstveg, smale dører, høge dørstokkar og ingen toalett eller sanitæranlegg. - Totalt ueinga, konkluderer Funksjonshemmarådet.


Tur til Omnen søndag 29. mai 27.05.2011

OMNEN 819m o.h.
Keipen Turlag skal ha tur til Omnen søndag 29.05.11.
Start frå Rise Næringsbygg kl 10.00. Første etappe går til Risesetra.
Dei som ynskjer å gå på eiga hand til Risesetra frå t.d. Langeneset eller Midtgulen, må vere på Risesetra seinast kl.11.00. Du må varsle turleiar på førehand!
Frå Risesetra går turen eit stykke innover i Fagredalen før ein tek til venstre oppover i retning Nova og Rikeloftet. Det er stykkevis litt bratt, men utsikta vert flottare og flottare di høgre ein kjem. På ryggen oppover mot Omnen er det nokre luftige parti ned mot Fagredalen.
Ein ser: Svelgen i fugleperspektiv med Sandsegga og Hornelen som bakteppe.
Hjelmen og Keipen i siluett i aust. Rikeloftet/Steinheia, Trollfjellet, Midtgulen, Bremangerlandet og Nordgulen.
Turen passar for alle med litt trening, også barn (8-10 år) kan vere med.
Turen er planlagt å ta ca. 5-6 timar. I tilfelle dårleg ver vert turen avlyst.
Turleiar: Karsten Løvseth tlf. 45220687 og Kåre Myklebust tlf. 95982946

Ivan på Svelgen hotell også laurdag 28. mai 27.05.2011


Svelgen Kino

Jørgen+Anne=sant

søndag 29.mai 17:00

kiosk og billetter fra 16:30

Det er noen voksne som ikke tror man kan bli forelsket når man bare går i femte klasse. Men det kan man. Jørgen + Anne = sant fikk femmere av et samlet norsk kritikerkorps, og er en varm barnefilm for hele familien.

Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Barn/ungdom
Begrunnelse: Enkelte dramatiske effekter gjør at filmen får 7-årsgrense.

Fuktige mai-dagar 26.05.2011

Mai er normalt den tørraste månaden i året i Svelgen, med 110 mm nedbør som "normal". Men den siste tida har ikkje maivèret i Svelgen vore heilt normalt...  I løpet av fire døgn, målt om morgonane 22-25. mai, vart det målt 115,4 mm. I løpet av dei 8 siste døgna har det falle 182,77 mm nedbør. 40,3 mm er høgste døgnmålinga i denne fuktige perioden.

Etterlyser iPod etter tur med skulebussen 25.05.2011

iPod vart borte på skulebussen i Svelgen fredag den 13. mai. Ta kontakt med   tlf. 90544174 om du har funne den.


Ledig stilling for reinhaldar 25.05.2011

REINHALDAR VED KOLSET OPPVEKST

 

STILLING MED SAKSNR  11/848

Ledig stilling for reinhaldar ved Kolset oppvekst frå august. Full utlysingstekst kan du sjå på www.bremanger.kommune.no eller på "stilling ledig" til venstre.

 

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter http://min.e-kommune.no/bremanger

 

 

SØKNADSFRIST: 08.06.11


Ledige stillingar for assistentar innan oppvekstsektoren 25.05.2011

Stilling med saksnr. 11/773

Ledige assistentstillingar i skular/barnehagar/oppvekstsentra frå august. Dette både i Kalvåg, Hauge, Davik, Kolset og Svelgen. Full utlysingstekst kan du sjå på www.bremanger.kommune.no eller "stilling ledig" til venstre.

 

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter
http://min.e-kommune.no/bremanger

 

SØKNADSFRIST: 08.06.11


Prisendring SFE Standard 24.05.2011

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 58,35 øre/kWh inkl.mva. til 54,85 øre/kWh inkl.mva.

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten

 

Prisendringa gjeld frå 7. juni 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling.

 

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

07.06.2011

43,88

54,85


A-lags kamp mot Florø 3. 24.05.2011

 

       Svelgen Stadion kl. 19:00.

  

     Oppmøte i Idrettshallen kl. 17:30.

  

      T.V.B.


Invitasjon til "Tour de Bremanger" lørdag 4. JUNI 24.05.2011

Pga det dårlege vèret som er, og som er meldt framover, har arrangørane av årets "Tour de Bremanger" bestemt seg for at ein tek i bruk reservedatoen. Dermed vert det ikkje nokon tur laurdag 28/5, men ein går for laurdag 4. juni.

 

Heile invitasjonen finn du ved å KLIKKE HER. (eller du kan lese den nedanfor)

 

Dette er ein invitasjon til alle trimglade i alder 30+.

  

Velkomen til ein sykkeltur Bremanger rundt.

 

Dette skal vere ein roleg og sosial sykkeltur, som startar utanfor Lasses kro i Svelgen sentrum. Det viktigaste på turen er å nyte naturopplevingane, ta det med ro, og ikkje

stresse for å komme fram. Vi har heile dagen på oss.

  

Vi startar laurdag 4. juni klokka 09.00

Turen går i gjennom Ålfotdalen, vidare til Davik og til Rugsund. Det blir servert mat på Gloføykje. Vi syklar vidare til Oldeide, Konsdalen , Struen, Smørhamn og ferja over til Kjelkenes og til Svelgen. På Svelgen hotell blir det sosialt samvær med mat og drikke.

   

Vi skal sykle roleg i lag og ha felles stoppeplassar. Sykkel og hjelm må sjølvsagt vere i god stand og etter alle føreskrifte. Det blir to følgjebilar som kan frakte sekkar med nødvendig utstyr som klede, litt mat og drikke. På sjølve sykkelen bør du ha med drikkeflaske, eventuelt ein liten sekk med det mest nødvendige. Eg anbefaler sykkelbukse. Følgjebilane har med verktøy til dei "aller fleste"typar syklar og førstehjelpsutstyr. I bilen er det og rikeleg med sportsdrikk , kaffi, frukt og grønt og middagsmat.

   

På dei forskjellege stoppeplassane vil det bli servert forfriskingar som frukt, sportsdrikk underhaldning og fysisk velvere.

Dersom du vil vere med, ta kontakt med Per Arne Sæterlid på telefon 95967770

Deltakaravgift 200 kr.

Bli med på Tour de Bremanger !!!!!!

  

Turen er sponsa av Coop Svelgen , Elkem Bremanger, Bremanger kommune

og Svelgen hotell

.

Ledige stillingar på Coopen 24.05.2011

COOP Svelgen Marked har ledige stillingar. Sjå Stilling ledig til venstre.


Keipen turlag til takke: 24.05.2011

Firma R. Nigardsøy for flaggstang til kvilehytta Martinbu.
TUSEN TAKK FOR GÅVA!
Firma S.M. Dyrstad for flagget til stanga ved Martinbu.
TUSEN TAKK FOR GÅVA!
8. mai var første dagen den flagg og stang vart brukt.
Også 17. mai veia flagget på Sandsegga.
TUSEN TAKK også til Martin Hennøy som fekk stanga på plass, og som syter for flaggheising!
Takk til alle som hjelper Martin med å halde hytta og området fint!
Keipen Turlag
Arne Loftheim

STIF får nye drakter frå Sparebanken Sogn og Fjordane 23.05.2011

Kvart år sidan 2007 har Sparebanken Sogn og Fjordane gitt draktgåver til minifotballen (6-10 år). I år var det 71 søkjarar, 33 frå Sunnfjord og 19 kvar frå Sogn og Nordfjord.

Blant dei seks heldige klubbane i Nordfjord får Svelgen Turn og Idrettsforening eit sett (ti stykk med bluser, bukser og strømper) til tiåringane sine, sjølvsagt i klubbfargane grønt og svart.


Bilder frå søndagsturen til Knekkevann 23.05.2011

 
Ca 40 personar, herav 14 born tok turen til ope hus på Knekkevatn søndag. Turgåarane fekk servert suppe, kaffi og kaker og inne i hytta var det varmt og godt. Det var meldt dårleg ver, men regnbygene kom ikkje før vi har heime igjen. Store og små såg ut til å kose seg både utanfor hytta og inne. Knekkevasshuset ligg 470 moh, er oppført i 1918 og det er Svelgen Kraft som er eigar. Keipen turlag har dei siste åra utført betydeleg dugnadsarbeid på huset og får bruke det bl.a. å arrangere ope hus. I år var det Oddmund Leirvik, Johanna Riple Midttun, Olga Aarsnes og Sissel Sandvik Igland som var komite.
Bilder frå turen kjem!

PENSJONISTMØTE! 22.05.2011

SVELGEN PENSJONISTLAG

held medlemsmøte onsdag 25.mai på Keipenstova.

Rømmegraut og godt program!

Sjå nærare om programmet på "Keipenstova-sida".


Svelgen Kino

Vann til elefantene

søndag 22.mai 20:00

kiosk og billetter fra 19:30

Veterinærstudenten Jacob blir med et omreisende sirkus da foreldrene hans dør. Han møter og forelsker seg i Marlena, en stjerne på sirkuset. Men Marlena er gift med August, en karismatisk, men farlig mann.

Publikum har gitt filmen en klar femmer!

Aldersgrense: 11 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Truende scener og skildringer av vold mot dyr og mennesker gjør at filmen får 11-årsgrense.

Åpne hus på Knekkevatn søndag 20.05.2011

Søndag 22.05. er det ope hus på Knekkevatn . Keipen turlag serverer suppe/saft/kaffi og kaker frå kl.12.00 – 14.00. Til Knekkevatn finn du vegen sjølv på merka sti frå Svelgsvatn eller frå Sørdalstrappa . For meir info kan du ringe 91102654. Håper du kjem ! – vi skal fyre i omnen.

Keipen turlag



Avlyst: 20.05.2011

Dans med Lisa på Realen laurdag 21. mai er desverre avlyst på grunn av ei eksamensforestilling ho må vere med på.

Det blir istaden dans på ettermiddagane  måndag 6. juni og onsdag 8. juni. Tider desse dagane kjem vi med neste veke.

Grete, 95982977

 



Påminning - åpen dag Bremanger Quarry laurdag 19.05.2011


Ungdomsrådet søkjer leirkokk 18.05.2011

 

I perioden 4 juni – t.o.m 7 juni søker Bremanger ungdomsråd etter en kokkekyndig person/lag/organisasjon/klasse som kan koke/lage middag for prosjektet Way to go! En ungdomsutveksling mellom Bremanger ungdomsråd og Maracaibo fra Tsjekkia. Vi skal holde i Smørhamn, er ca 25 stk og ønsker enkel norsk mat. Oppdraget er betalt.

 

Ta kontakt med ungdomsleder Anita Løver mobnr: 95985267.

 


17. mai på Kjelkenes 18.05.2011

 

 

Alle foto: Harda Furset

 

 Sjå fleire bilder her (Firdaposten)

 


Flott tur til Martinbu 15. mai 18.05.2011

 
Søndag 15/5 arrangerte Keipen Turlag tur til Martinbu. Vi var 10 vaksne og 2 born. Starta frå Velteplassen på Sande kl 10.
Per Lars Sande var med som kjentmann, då vi ikkje tok den vanlege ruta opp, som er Sikksakkstien. Kjekt å oppleve fleire turstier.
Stien som vi gjekk opp heiter Didrikstien. Stien er noko bratt, men likevel fin å gå i. Litt over halveis i stien ligg det ein stor stein - kvilesteinen - her tok vi oss ei drikkepause før turen gjekk videre til Hotel Gråstein som er ei privat eigd hytte. Her tok vi matpause og fikk høyre historia om korleis Hotel Gråstein vart til. Frå Hotell Gråstein gjekk turen videre til Martinbu. Tok oss ein matbit her også og skreiv oss i boka før turen gjekk ned att Benjaminstien (Hennøystien). Når ein går denne stien ned att så kjem ein innatt på Sikksakkstien like før fyrste benk. Stien er lite brukt og derfor litt gjengrodd. Turen tok litt over to timer.
Takk til Per Lars Sande som stilte som kjentmann og fortalde historie kring turområdet.
Inger Lise Langedal

Har du bilder frå årets 17. mai? 18.05.2011

Send inn 17. mai bilder frå feiringa til oss - redaksjonen@svelgen.no


God 17. mai til fjern og nær!


Storm.no:

Slik blir 17. mai-vêret i Svelgen 16.05.2011


17. mai-programmet i Svelgen 12.05.2011


Samfunnshuset takker Serfix for omlegging av låsylindere, filing av nøkler m.m. til Samfunnshuset. Dette letter hverdagen til brukere som nå har færre nøkler å forholde seg til.

-Styret.


Turorientering 2011.

Keipen turlag ønsker velkommen til årets turorientering som

er lagt til følgande ruter:

 

Storefosstunnel - Sande

Karlsskarsegga   rundt

Skogsvei Hessvika

Annlegsvei Storefoss – Toppen - Amsterdam

 

Det er lagt ut 27 postar som ein kan ta i den rekkefølgje ein vil.

Postane vert hengande ute til 1. september.

 

Rettleiing om orienteringa.

 

På kontrollkortet er det merka kva for nummer posten har, i lag med ein beskrivelse på terrenget/ein detalj der posten heng. Postane er merka med kvit/orange postflagg med nummer på. På postane heng det ei klippetang for å klippe i kontrollkortet. Kvar tang har sin kode. Klipp i nummerfeltet for posten i kontrollkortet.

Kompass kan lette arbeidet med å finne nokon av postane.

 

Merkekrava i år er:

 

Gullmerke 27 poster

Sølvmerke 23 poster

Bronsemerke 20 poster

 

Merkekrava for barn 8 år eller yngre:

 

Gullmerke 20 poster

Sølvmerke 17 poster

Bronsemerke 15 poster

 

Dei som greier gullmerket er med i trekningen av 2 premier i kvar gruppe.

 

Vennligst gje beskjed om feil eller mangler ved postane.

Ta gjerne kontakt med underteikna om det er noko du lurer på.

Kontrollkorta må leverast til Svelgen motorsenter(Best), eller underteikna.

 

Mvh.

Steinar Isene   (tlf.: 950 30 371)


Tur til Martinbu, på Sandsegga, søndag 15.05. 11.
 
Oppmøte: Skogsveien på Sande kl. 10.00
Vi går opp Didrikstien til "Hotel Gråstein".
Herfrå går vi vestover egga, via Sandesetra, til Martinbu.
Nedturen går på Hennøystien (Benjaminstien)
Turen er ein familietur som barn i skulealder fint greier.
Heile turen tek ca 4 timar.
Turleiar: Inger Lise Langedal, tlf 47063543
Kjentmann: Per Lars Sande.


Ikkje AmCar-treff i Svelgen i år 13.05.2011

Til alle innbyggarane i Svelgen og omegn
 
I ei årrekke har vi fått gleda av å lage liv i bygda med motordur, svidd gummi, og mykje blårøyk på dei tradisjonelle Amcartreffa våre. Men vi må desverre meddele at det ikkje vert treff i år.. Vi tek oss eit år pause og ladar opp til jubileums helg i 2012! Då er klubben 20 år og dette skal feirast med brask og bram! Så de må berre begynne å glede dykk allerede no.

Helsing oss i Amcar Svelgen

Svelgen Kino: THOR

fredag 13.mai klokka 22:00

kafe / kiosk og billetter fra 21:00

 

Den mektige, men arrogante, krigeren Thor kastes ut av Åsgard og sendes til Jorden, hvor han blir en av menneskehetens viktigste beskyttere.

Filmen THOR tar deg med på en episk reise gjennom Marvel-universet, fra nåtides Jorden til det mystiske riket Åsgard. I sentrum av handlingen står Thor - en mektig kriger, hvis uforsiktige handlinger får en urgammel krig til å blusse opp på ny. Thor forvises dermed til Jorden, hvor han tvinges til å leve side om side med menneskene. Når hans aller farligste fiende fra hjemriket invaderer Jorden med sine mørke krefter, oppdager Thor hva det vil si å være en ekte helt.

 

Aldersgrense: 11 år
Egnethet: Ungdom
Begrunnelse: Kraftige effekter og voldshandlinger i et tydelig fantasiunivers, gjør at denne filmen får 11-årsgrense.

 


SVELGEN.NO FEIRER 10 ÅRS-JUBILEUM! 13.05.2011

Svelgen.no har vore på nettet sidan mai 2001 og feirer såleis 10 årsjubileum. Takk til alle lesarar, bidragsytarar og annonsørar så langt  - håpar alle blir med også i åra som kjem!

Diverre er det ikkje arkiv frå første driftsmånadane, men her er nokre av nyhendene frå juni 2001:

Slutt på Postkontoret i november

I veke 46, altså i november, er det slutt på postkontoret i Svelgen. Då skal Max Matsenter ta over, på same måte ein har gjort i Bremanger, Kalvåg og på Davik tidlegare.

Vi har hatt eige postkontor i Svelgen sidan 1916. Det var først stasjonert på Rise, seinare på Stasjonskaia og i 1949 flytta det til det nye lager og kontorbygget på verket. I 1961 flytta Posten til Samfunnshuset og i 1971 til Rådhuset. Ti år seinare var det Granden som husa Posten før dei i november 1992 flytta inn i tilbygget til Firda Billag. Etter det vi i redaksjonen har funne ut er det usikkert om Posten fortsatt skal ha lokala til postsortering, eller om det skal leigast ut til andre. Det har allereie vore andre interessentar på døra, stadfester Firda Billag.

 

Bremanger Quarry utvider  

Steinbrotet på Dyrstad søker no etter endå fleire folk. På grunn av vidare oppbygging av Bremanger Quarry, som faktisk er av dei største steinbrota i heile landet, søker dei no etter fleire steinbrotsarbeidarar.

Bremanger Quarry driv no med knusing og båtlasting, og allereie neste år skal tre kilometer tunnel stå ferdig med sjakt og underjordisk knusehall. Dei skal då ta til med dagbrot oppe på fjellet.

 

Presten forlet Bremanger

Etter seks år som sokneprest tek Morten Torsvik no avskil med dei tre kyrkjelydane i Bremanger prestegjeld. Etter sommarferien reiser soknepresten til ny jobb på Sotra som  lærar ved bilbelskulen på Bildøy.  

NYE REISEBREV FRÅ NAOMI

Eit nytt reisebrev er no lagt ut på Naomi sine nettsider. Spennande opplevingar i Bahia de Manta, Equador, blir fyldig skildra i kjent stil av gutta ombord. Denne gangen dreier det seg om alt fra kirkebesøk til våpenkjøp, fotballtrening og illegal jakt på "nesten" frittgåande kyllinger. Ellers har vi tatt sjansen på å publisere svaret på Jostein sin søknad om utsatt/fritatt militærtjeneste. Eit heller tørt svar på en særdeles fargerik søknad. (Anm.2011:  akkurat svaret låg ikkje i arkivet, men kanskje nokon huskar det...)

Heiste flagget på Storøy

-Eg var sjølv på kommunestyremøtet, og ringde heim til mannen og sa han måtte heise flagget! Eg er berre utruleg glad, seier Eldrid Strømmen som no er lova vegutløysing til Rugsundøy og Storøy. Vegen på 2.5 kilometer får ein prislapp på heile 9 millionar og vil gje vegutløysing til 12-13 menneske.

SVELGEN SENTRUM BLIR GRØNT

Kommunestyret vedtok i går at området frå parkeringsplassen til Elkem og heilt bort til elva skal vere grøntareal i framtida. Dei tok heilomvendig i forhold til vedtaket som vart fatta i plan- og utviklingsutvalet. Dei vedtok også at grusbana skal regulerast til forretningsareal, og at fotballbana skal ligge der den ligg. I den opprinnelege reguleringsplanen var det foreslått å flytte bana ned til grusbana og legge krøllgras på. Det vart vidare bestemt at Andreas Riise får industriområde tett attmed seg. Det blir også opparbeidd gangsti frå hovudvegen til Risevatnet, forbi gravplassen.  

Brukte 38 millionar kroner igår

I følge informerte kjelder skal kommunestyret i går ha nytta heile 38 millionar kroner. Mellom anna bygging av Davik vassverk (7.8 mill), Klokkartunet på Davik (7.5 mill), veg til Rugsundøy (9 mill), bygging av servicekontor (2 mill) tre leiligheter ved Amtskaia til 13 000 kroner pr. m2. I tillegg vart det ansvarleg lån til nytt bygg for brødrene Larsen på Kalvåg og partsrederiet Anne Johanne, for å nemne noko.  



Bil inn i tre ved ungdomsskulen 13.05.2011

Politilogg frå Sogn og Fjordane politidistrikt; Meldt om trafikkuhell i Svelgen der ein bil hadde kjørt gjennom et gjerde og inn i et tre. Førar, ein mann i  60-åra, var til kontroll til lege etter uhellet.


Har du opptak frå milleniumsfesten 2000? 12.05.2011

Redaksjonen har fått følgande mail frå 10-årsjubilantane frå Svelgen Skule;
"Eg lurte på om du/dokke kunne legge ut en etterlysning av eit videoopptak fra milleniumsfesten i idrettshuset frå 2000.
Skulle hatt en kopi til 10 års-jubilèet til avgangsklassen 2001 ved Svelgen skule. Jubilèet skal vere den 25.juni.
Viss nokon skulle ha videoopptak kan eg kontaktast på mobilnr: 97 59 19 14
 
Helsing 
Stian Blom

Etterlyser gamle bilder frå Samfunnshuset 12.05.2011

 

 

 

 

I høve Svelgen Samfunnshus sitt 50-årsjubileum 13. september 2011, ønskjer vi å få inn bilete av Samfunnshuset/ aktivitet på Samfunnshuset frå oppstarten og fram til i dag. Dersom du har bilete som kan vere av interesse, ta kontakt på 95242254 eller send mail til jubileumsfest@yahoo.no (Herborg H. Eikeland, arrangementskomiteen).

Øvste bildet:  Samfunnshuset som vart innvigd 13. september 1961, er under bygging.

Nederste bildet: Svelgen samfunnshus ferdigbygd. Det vart opna hausten 1961. Fotograf: Ragnar Rylandsholm. Bildeeigar: Eli Tideman


Ny plakat:

Villmarksdagane i Ålfoten 4. og 5. juni 12.05.2011



KJØKKENASSISTENT - VIKARIAT 12.05.2011

Vi har ledig eit vikariat på 69 % for kjøkkenassistent ved kjøkkenet på Svelgen bu- og servicesenter.

For meir informasjon sjå "stilling ledig" til venstre eller www.bremanger.kommune.no

 


Helsefagarbeidarar – vikariat 12.05.2011

Vi har ledige to vikariat for helsefagarbeidar ved Open omsorg indre, Svelgen bu- og servicesenter:

·        80 % vikariat frå snarast og til 01.08.2012

·        60 % vikariat frå snarast og ut desember 2011

 

For meir informasjon sjå "stilling ledig" til venstre eller www.bremanger.kommune.no


Dugnad på Svelgen Samfunnshus:

KJÆRE SAMBYGDING 04.05.2011

 

 

Svelgen Samfunnshus inviterer til dugnad..  

 

Fasadevegg mot Firda Billag er nedvaska

og skal malast.

 

 

Vindauga er skarpa og grunna og skal malast.

 

Stillas på plass.

 

 

 

Håper de har lyst til å vere med og gje Samfunnshuset ei ansiktløfting!

 

Ta kontakt på e-post: samfunnshuset@svelgen.no  eller tlf.41558750/95982945 (Bjørg).

  

Håper de har nokre timar til innsats for Svelgen si storstove.

Vi er svært takknemlege for all hjelp vi kan få.

 

Svelgen Samfunnshus,

For styret, Bjørg Didriksen

 

 

Bildene under er fra dugnaden 10.mai. (fleire bilder på Samfunnshuset si facebook side)

 

 

 

 

 

 Bilde fra 11.mai.

 

 

 


Heimekamper for STIF sine lag våren 2011. 09.05.2011

 

      Oppsett over STIF sine heimekamper og kven som

      skal dømme, finner dykk ved å klikke på linken til

      STIF si heimeside.    

                                   Fotball


Kjempeinnsats frå arbeidsvillig ungdom 11.05.2011

Jon Åge Senneset vil takke for kjempeinnsats for rydding etter hogst på Sande i dag. (Ikkje alle avbilda, då enkelte måtte på fotballtrening)

- Skal ellers sei frå dei at dei tar på seg det meste av oppdrag for og tjene penger til Polen-tur neste år, seier oppdragsgjevaren i ein mail til redaksjonen og legg til; d et er berre og ta kontakt med dei, det er ein kjempeflink gjeng som eg anbefaler på det varmaste.


Middags-buffèt og softis på Svelgen hotell 17. mai 11.05.2011

17. mai på Svelgen Hotell:

* Kakebar frå kl 11.00 i vår restaurant.

* Middagsbuffèt mellom 1300 og 1700
( bordbestilling ) 
* Soft is i kafèen!

Velkomne!




Dansotek på Lasses Kro 16. mai 11.05.2011

 

   

 

                      Cover.: 50,- før 23:00 etter 70,-



BREMANGER KOMMUNE 11.05.2011

LEDIG STILLING   SOM BRUKARSTYRT PERSONALEG ASSISTENT (BPA)

Open omsorg Svelgen søkjer etter brukarstyrt personleg assistent til ein mann som er rullestolbrukar. Stillinga er på 5 timar i veka i snitt.

Sjå meir under "Stilling ledig" eller på www.bremanger.kommune.no


Elkem Bremanger

Varsel om arbeid 11.05.2011

Arbeid i Kupa

Elkem Bremanger har sett i gong arbeid med utskiftning av røyrgate frå Lisjevatn til Olakråa på Villabakken.

I perioden 09.05.2011 – 15.08.2011 vil det vere aktivitet i området.

Arbeidet medfører noko støy.

Normal arbeidstid vil vere måndag- torsdag. 07.00-19.00.

Kontaktperson for evt spørsmål er Thomas Sætren 90207763


Vårens vakraste eventyr for femte år på rad

"Tour de Bremanger" vert arrangert laurdag 28. mai 11.05.2011

Årets "Tour de Bremanger" skal etter planen arrangerast laurdag 28. mai. Om vèret vert dårleg denne laurdagen er laurdag 4. juni oppsett som reservedato

 

"Tour de Brremanger" er ein sykkeltur (IKKJE eit sykkelløp) rundt Bremanger kommune via Bremangersambandet, med start og avslutning i Svelgen. I fjor varrt det ny rekord med 38 deltakande syklistar. Deltakarane fekk oppleve ein flott tur i naturskjøne omgivnadar i eit nydeleg vèr. Meir informasjon vil kome etterkvart, men det er berre å få unna vårpussen av sykkelen og førebu kroppen på det som skal skje. Det er Per Arne Sæterlid med gode medhjelparar som står bak denne populære sykkelturen, som vert arrangert for femte år på rad.

 

Klikk her og sjå kva Firdaposten skreiv om "touren" i 2010, og sjå avisa sine bilete,

 

Nedanfor kan du sjå Per Arne Sæterlid i lag med Anita Holm Cirotzki under turen i 2009.

 


For Elkem-ansatte’s barn mellom 9 og 14 år

Bluestar inviterer til International Summer Camp

Bluestar inviterer for 22. gang barn av ansatte til International Summer Camp. Målgruppen er 9-14 år.

Bluestar will this summer for the 22nd time arrange an international summer camp for the children of their employees. They have kindly invited children of Elkem employees in the age of 9 to14, to participate in the camp that will be organised in Beijing, China, on 20 July – 10 August 2011.

Children from all the Bluestar companies will be attending, so in addition to Chinese and Norwegian children, there will be participants from France, Australia, UK etc. This invitation applies to all Elkem employees worldwide and the total Elkem delegation shall consist of 2 adults (employees or spouses) and up to 15 children. Bluestar will cover all the related costs (incl. travel), and it is naturally a precondition to establishing the Elkem delegation, that the 2 adults / group leaders can be appointed.

The theme of the camp is "We are family" and the sub-theme of the 22nd camp will be “Let dreams fly, let future up high”. The program will, through interesting activities, follow the subject of individual growth and development, introduce the campers to the society and the world, and explore their possible development direction and interests for the future. The three main parts of the Bluestar International Summer Camp are “practice, visit and interactive communication”.

The detailed camp program will be available during May, but as examples of camping activities the following can be mentioned; field trips, martial arts training seminar, museum and festival visits, learning about other cultures, getting to know children and way of living in other countries, learning and practising different jobs and roles in the working life, recreational activities, self study, etc. Wake-up every day will be at 6.15 and bed time at 22.00. The camp schedule is extremely well organised and the 2 adults from Elkem shall at all times follow and be responsible for the “Elkem children”.

Please submit your written application to Trudi Vågene at trudi.vagene@elkem.no latest on 19 May 2011. Both adults and children are asked to write their own applications. For questions, feel free to contact the undersigned, Trudi Vågene in Elkem.


17. MAI PÅ KJELKENES 2011

 

 

12.00     SAL AV RØMEGRAUT I TRUDVANG

 

 

                           14.15     FOLKETOG FRÅ TRUDVANG

                                          VIA SANDVIK TIL KYRKJA

 

                                         SVELGEN SKULEMUSIKK SPELAR

 

 

                          15.00     GUDSTENESTE I MIDTGULEN KYRKJE

 

15.45                                                                                                                            SAMLING VED TRUDVANG

                                         KAFFI, KAKER, PØLSER, BRUS OG

                                         LEIKAR FOR SMÅ OG STORE

 

                          16.45     SAMLING INNANDØRS

                                         PREMIUTDELING M.M.

                                     

                 

                    G O D   17. M A I!


A-laget har borte kamp tirsdag 10.mai. 09.05.2011

 

 

  A-laget har borte kamp mot ANGA tirsdag 10.mai.

  

 Oppmøte med gamle byggeriet i Svelgen kl. 16.45.

  Ta med bil dei som har mulighet til å kjøre.

 

Gi beskjed vist du ikkje kan komme til T.V.Blix på tlf. 95206920.


STIF

Sirkeltrening 08.05.2011

 

  Sirkeltreninga tar pause fram til hausten!

 

  Per Arne Sæterlid


SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA! 05.05.2011

Måndag den 9.mai er det sangtime på Keipenstova. Vi startar kl. 12 med musikk og forsangarar.

Alle er velkomne!


Feiing i Svelgen komande veke 07.05.2011

Kommande veke (frå 9. mai) skal Brødrene Mundal feie gatene i Svelgen. Dei ber om at huseigarar og andre ikkje parkerer langs vegane - for best mogeleg resultat.

 


 
Svelgen Kino
RIO
Søndag 8.mai 17:00
kiosk og billetter fra 16:30
Fast and the furios five
Søndag 8.mai 20:00
kiosk og billetter fra 19:30
Klikk på plakat eller Samfunnshus siden for mer info.

Trekking av Ipad etter Pre-piloten i Bremanger 06.05.2011

I høve Pre-piloten vi hadde i Bremanger kommune i mars 2011 er det no

trekt ut to heldige vinnarar av ein Ipad.

Desse to er; Vegard Strandos frå Svelgen og Siri Grotle frå Bremanger.

Gratulerer så mykje!


Tor Olav Halse ny leiar i Bremanger Næringsråd 06.05.2011

Tor Olav Halse (t.h)  frå Svelgen vart i går valgt til ny leiar under årsmøtet til Bremanger Næringsråd. Han tek over etter Bjørgulf Myklebust. Etter årsmøtet var det seminar med 70 deltakarar. Sjå bilder på www.bremanger.no.

Tur til Vingelvsetra søndag 8. mai 06.05.2011

Turen startar på skogsvegen på Sande kl 10.00.
Vi går den T- merka løypa, via Martinbu, til Vingelvsetra.
Mange flotte parti med nydeleg utsikt!
Høgste punktet er Sandsegga, - ca 500m Vingelvsetra ligg på ca 360 m.
Turen passar for dei med litt trening. Barn i 8/10 årsalderen greier fint turen.
Berekna tid ca 7- 8 timar.
Turleiar: Inger Lise Langedal, tlf. 47063543. Kjentmann Martin Hennøy

Biletet er teke ved brua over elva som renn ut frå Gaddeskogsvatnet. Hornelen i bakgrunnen.


Svelgen oppvekst

Informasjonsmøte 05.05.2011

Informasjonsmøte om organisering av friminutta til skulen og utetida til barnehagen for

skule- og barnehageåret 2011 - 2012.

 

Møtet vert som avtalt, tysdag 10.mai kl.19.00.

Møtestad:  Landskapet Svelgen skule.

 

Svelgen oppvekst

Kåre Myklebust


Storm.no melder:

Sommarlege vêrutsikter for Svelgen: 05.05.2011


4H arrangerer kafè på Kjelkenes kl. 1600 05.05.2011

4H arrangerer kafè på Trudvang på Kjelkenes i dag, torsdag kl. 1600 og utover ettermiddagen. Sal av gryterett, kaffi og kaker. Sal av lodd.

Velkomne!


Ledig stilling ved BIS Production Partner 05.05.2011

BIS Production Partner søkjer etter kranmekaniker. Sjå utlysingstekst under ledig stilling til venstre.

Elkem-kopp for april til Oda, Johnny og Liv 04.05.2011

Vi har trekt vinnarar av ELKEM-kopp april !

Sandseggabesøk nr. 869 Oda Hjelmeland

Risevatnet 3,5 km-  besøk nr. 1026 Johnny Helle

Gulebrystetbesøk nr. 198 Liv Sigdestad Brekke

VI GRATULERER VINNARANE OG TAKKER ELKEM FOR SPONSING AV KOPPER.

NYE VINNARSJANSER I MAI – VELKOMMEN TIL Å DELTA

 

Keipen Turlag

Fjelltrimmen


Ledig stilling i transportavdelinga på Elkem 04.05.2011

Elkem Bremanger i Svelgen har ledig stilling som operatør i transportavdelinga. Sjå Stilling ledig i houvdmenyen.

Kunne du tenke deg å jobbe på Servicekontoret i Bremanger kommune? 04.05.2011

Vi har ledig sommarjobb/vikariat på servicekontoret frå ca 01.06.11. Du bør vere serviceinnstilt, positiv og utadvendt og det er ein fordel med IKT –kompetanse.


Ta kontakt med Hilde J. Midtbø på tlf.959 82 970 dersom du er interessert!
Frist: 20.05.11

 

 

Vil du lese meir om kva vi gjer?  Sjå lenkja her.  

 

 

 

 

 

 

 



Første seriekamp for Svelgen sitt A-lag. 02.05.2011

 

      Tirsdag 03.05.2011. 

    Svelgen - Tambarskjelvar.

    

    Svelgen Stadion  Kl.19:00.

   

            Oppmøte idrettshallen kl.17:30. Alle som kan må møte!

 

 


KJEMPEFIN tur til Keipen 1. mai 02.05.2011

I alt 12 personar og ein hund vart med då Keipen Turlag 1. mai inviterte til skifottur til Keipen. Turleiar Asbjørn Svarstad var på alle måtar svært godt nøgd med turen og deltakarane. Bileta nedanfor (som utan tvil er god reklame for Bremanger kommune) fortel litt om den fantastiske tur- og naturopplevinga dei spreke deltakarane fekk oppleve på turen frå Sørdalsvatn, til Keipen, og nedatt i Førdedalen i Ålfoten.







 






Takk frå Svelgen Samfunnshus 02.05.2011

Svelgen Samfunnhus takkar for innkomne gåver frå firma, lag og organisasjonar:

Elkem (10.000 des. 2010 og 10.000 jan. 2011) , Bremanger Quarry (15.000), Svelgen sanitetsforening ( 20.000 ), Svelgen Kjemiske (50.000).

Svelgen kino vil takke Sparebanken (10.000) og Bremanger kommune, Næringsfondet, som støtta kinoane i Bremanger kommune med 150.000 (nytt kinolerret) til kvar av kinoane.

 

For styret

Bjørg H. Didriksen


Kurset til Hørselslaget er avlyst 02.05.2011

Kurs om stell og bruk av høreapparat er avlyst på grunn av lite påmelding.  Jan Eirik Strømmen


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars