Arkiv Aug 2001

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Ny kamp 12. september 31.08.2001

Svelgen - Fure/Dale som vi har prøvd å avvikle 3 gongar før er omberamma til onsdag 12. september kl. 1830. Svelgen - Hyllestad som skulle ha vore spelt 13/9 er flytta fredag 14. september kl. 1845, melder Frank i Svelgen TIF

Nedbørsrekord i august! 31.08.2001

I august månad fall det 352,4 mm nedbør ved nedbørsstasjonen til Kraftstasjonen. Berre 5 døgn var heilt utan nedbør. Torsdag 16. var maxdøgn med 46,5 mm. Sidan nedbørsstasjonen vart flytta frå Rise til verket ved årsskiftet 72/73, har det berre ein gong sidan falle meir nedbør i august månad enn dette året. Dette var i 1982 då det fall 384 mm. I perioden 1939 - 1972 på Rise Nedbørsstasjon, var det berre i 1964 det fall meir nedbør enn i august i år. Då kom det 364 mm. I august 1947 fall det berre 8 mm. Det norske meterologoiske institutt sin normal (kjent frå Leif Juster sin sketsj "Mot normalt") for Svelgen i august er 187 mm, medan snittet for Svelgen i august 1973 - 2000 var 194 mm. Rekorden for eit døgn skriv seg frå ein dag i september 1966 då det fall 130,5 mm. Max. rekorden for ein månad skriv seg frå oktober 1966 då det fall 742 mm og minimumsrekorden skriv seg frå juni månad i 1982 då det kom 7 mm, melder kraftstasjonen

Kampen mot Fure/Dale utsett igjen! 30.08.2001

Fure/Dale 2 greidde ikkje å stille lag til kampen i morra og dermed er den utsett for n`te gong. Svelgen har berre 2 heimekampar igjen, så STIF vil prøve å finne en ny dato for kampen, i staden for å få poenga. Dei kjem tilbake til ny dato seinare. Det blir trening kl. 1800 i staden for.

Merk tida, melder Frank.


Vil ha tilbygg på sjukeheimen 30.08.2001

- Fem millionar til ombygging av Svelgen bu- og servicesenter for lite. Vi kan greie einerom, men når det gjeld bad greier vi ikkje å stette krava som utløyser tilskot frå Husbanken. Det seier prosjektleiar og medlem i plannemnda for ombygging, Ole Bjørn Førde. Tysdag informerte han medlemene i Levekårsutvalet om arbeidet som er gjort i plannemnda så langt. - Vi er tidleg i prosessen, og har til no berre sett på romprogrammet, men vi meiner heilt klart at for fem millionar greier ikkje kommunen å gjere det som må til for å få tilskot frå Husbanken, meiner Førde. - Plannemnda har difor i tillegg sett på andre alternativ, sjølv om dette er å gå utover det mandatet vi har fått når det gjeld ombygging, fortel han vidare. - Det vi aller helst kan tenkje oss, og som vi trur vil vere den beste løysinga både for dei som bur der og dei tilsette, er ei ombygging kombinert med eit tilbygg på framsida på den austre fløyen. Dette vil kunne utløyse 36 einerom, fordelt på fire grupper, hevdar Førde.

Stygg utforkøyring 29.08.2001

Ei kvinne måtte sendast med luftambulanse, etter at ein bilførar tysdag føremiddag i 11-tida mista kontrollen over bilen på veg ned frå Haukå-tunnelen i Magnhildskaret. Dei to i ulykkesbilen var tyske turistar. Føraren av den vesle Ford personbilen kom utruleg nok frå ulykka nesten uskadd, men ei kvinne som var passasjer i bilen hadde store smerter.Legane frykta rygg eller nakkeskader. Etter kvart som anestesi-personellet fekk døyvd ned smertene og fekk undersøkt henne skikkeleg, så blei kvinna lagt på båre og frakta til luftambulansehelikopteret frå Sentralsjukehuset i Førde. Lensmann Hans Rune Strandos hadde ikkje fått avhøyrt dei som var involvert i ulykka. Bilen var på veg mot Bremanger, då den nokre hundre meter etter tunnelen kom ut forbi vegbana på oppsida av vegen. Etter spora å dømme har føraren freista å rette opp bilen, og fått ein kraftig sleng over i motsett køyrebane og blei berga av autovernet frå å rase ned heile ura. Etter å ha retta opp også denne slengen, så mista føraren truleg heilt kontrollen og small inn i Bremanger- kommuneskiltet på oppsida av vegen. Deretter har bilen truleg tippa rundt og knekte truleg ei lita furu i svevet før den stoppa på rett kjøl med fronten mot fjellknausane i vegkanten. Den vesle personbilen var kraftig ramponert, særskilt på passasjersida, skriv Firdaposten si nettutgåve.

To til sjukehus etter ulukke i Magnhildskaret 29.08.2001

Ein personbil køyrde av vegen i 11-tida i dag på rv 614 mellom Magnhildskaret og Svelgen.

To kvinner i 20-åra er lettare skadd, den eine av dei vart sendt til Sentraljukehuset med luftambulanse.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka, men seier at ingen andre køyrety var involverte.


Tempo - Svelgen 1 - 0

God kamp mot Tempo 29.08.2001

Etter kvart som trenar Frank Hatleset fekk det eine forfallet etter det andre, frykta nokre av spelarane (les gjerne keeperen) at det skulle bli eit skikkeleg stortap mot topplaget Tempo som hadde scora tilsaman 21 mål på dei 2 siste kampane. Klubbrekorden på 0 - 12 blinka i det fjerne.

Men alt frå avspark viste STIF- spelarane skikkeleg innsatsvilje, gjekk til i duellane og jobba for kvarandre. Som venta var Tempo det førande laget, men STIF stod på og lot ikkje heimelaget komme til dei heilt store sjansane. Spelande trenar Frank Hatleset var trekt ned som midtstoppar og gjorde i lag med resten av forsvaret ein kjempekamp. Også spelarane i dei andre lagdelane spelte opp mot sitt beste. STIF hadde eit par sjansar i 1. omgang som kunne gitt leiing.

I byrjinga av 2. omgang tok Tempo litt meir over, men STIF stod i mot presset heilt til det 60 minutt. Då krangla tidlegare Svelgen- spelar, Jan Ove Grindheim, med seg ballen og scora sikkert aleine med keeper. Etter dette heldt Tempo fram med å presse, men det var ei viss spenning i kampen ettersom STIF også hadde nokre brukbare målsjansar. Bernt Ole Fiskeseth måtte ut med krampe etter 3 minutt i 2. omgang (sleit med det på slutten av 1. omgang og) og etter dette var innbyttarbenken tom. Utover 2. omgang sleit 2 - 3 spelarar til med krampe og småskader, og kunne ikkje yte sitt aller beste.

Dette var andre kampen i år STIF viste innsatsvilje som må til for å gjere gode fotballkampar. Dette har vore mot antatt bedre motstandarar (den andre var i Firda Cup mot 4. divisjonslaget Skavøypoll). Synd at ein må møte serieleiaren eller lag i divisjonane over, for at spelarane skal gidde å gå til i duellane og forsøke å vinne desse. Etter kampen var spelarane og trenaren nøgde med både sin eigen og laget sin innsats. Håpar dei kan vere det også etter heimekampen mot Fure/ Dale 2 på førstkomande fredag.


Vellukka Bondevik besøk 27.08.2001

Kjell Magne Bondevik sitt besøk i Svelgen vart avslutta med eit folkemøte på samfunnshuset der omlag 150 menneske deltok. Tidlegare på dagen var han på omvising på verket, og for ein gongs skuld var det gode svelgarar som stod for omvisinga. Roald Førde er verksdirektør medan Per Otto Ustad er på ferie, og saman med hovudtillitsvalt Bjørgulf Myklebust, Espen Sortevik og Oddleif Andersen viste dei statsminister-kandidaten heile verket. Svelgen.no var så heldige å få vere med på middag der det vart servert krepsehaler til forrett, indrefilet av hjort til hovudrett og nøttekake med moltefyll til kaffien.

Elles har VG vore med på heile turen, og teke minst 100 bilder av verksområdet med hovudpersonen i fokus. Dette kjem nok i avisa i morgon. På folkemøtet song songkoret "Amen", og dirigenten og Sogndals-supportaren Tom Sølve Myklebust nytta også høvet til å gratulere Bondevik med Moldesigeren over Sogndal i går. - Vi er litt sure i dag, men skal no prøve å få til ei god stemning, sa Myklebust til Bondevik som såg ut til å sette pris på i hvertfall den musikalske gåva han fekk.

Som gåve frå Bremanger KrF fekk han med seg ei belte i hjorteskinn som fall i smak. På spørsmål frå Svelgen.no om kontrastane er store om dagen, stadfesta KrF-veteranen at avstanden mellom kronprinsbryllup laurdag via fotballkamp mellom Molde-Sogndal sundag, til smelteverksbesøk måndag var stor. - Men slik er ein politikars liv, sa Bondevik som virka littegrann trøtt under Svelgen-besøket. Vi får komme attende til det politiske ved besøket i nettavisa si tirsdagsutgåve.


Kjell Magne Bondevik til Svelgen 27.08.2001

Statsministerkandidat Kjell Magne Bondevik (KrF), kjem idag til Svelgen på valkamptur. Han skal først innom Bremanger Fiskeindustri i Kalvåg og etterpå ha seg eit betre måltid på Knutholmen, mellom anna saman med Rolf Domstein.

Deretter kjem den populære ex-statsministeren til Svelgen der han sjølvsagt skal besøke hjørnesteinsverksemda Elkem Bremanger. Også her skal han smake på lokale spesialitetar hos Geir Gjerde på Svelgen Hotell. Til sist blir det ope møte på Svelgen Samfunnshus der Bondevik skal halde eit politisk foredrag, får Svelgen.no opplyst.


Trollskog i Kalvåg 25.08.2001

Langs ein skogsveg i Kalvåg lurar troll og underlege figurar bak kvart tre. Dei er resultatet av arbeidet til 11 kunstnarar og nær 100 skuleborn i Kalvåg. Opphavskvinna til prosjektet er filtkunstnaren Karin Flatøy Svarstad. Under Den Internasjonale Filtfestivalen i Bergen i fjor fekk ho idéen om å plassere filtkunst i naturen, og inviterte kunstnarer frå fleire land til Kalvåg i sommar for å setje idéen ut i livet. Og denne veka har kunstnarar frå seks land vore i aksjon. Dei siste dagane har dei fått hjelp av skulelevar frå heile Bremangerlandet, og resultatet er no synleg i form av ei kunstløype. Den offisielle opninga er klokka 19.30 fredag kveld. Men det er slett ikkje den einaste sjansen publikum får til å sjå kunsten langs skogsvegen. Figurane skal nemleg ikkje takast ned att, men stå i skogen til vind og vær tek dei med seg.

Jehovas vinutsal 25.08.2001

Natt til mandag forsvann eit av Vinmonopolet sine skilt frå fasaden i Førde sentrum. Det var ingen vitne til skilt-tjuveriet, og butikksjef Bjørn Kristian Sunde såg på saka som eit lite mysterium. Men i dag tidleg kunne det sjå ut som om det nettopp var eit vitne som hadde stått bak, for skiltet var spikra fint opp på Jehova's Vitne sine lokale i Førde, melder NRK Sogn og Fjordane. Butikksjefen ser på det som ein artig rampestrek, men av prinsipielle grunnar vil han mest truleg melde saka til politiet.

Nokelunde reint vatn neste veke? 24.08.2001

Teknisk sjef Magnhild Myklebust seier til Svelgen.no at kokepåbodet truleg blir oppheva neste veke. Dei skal då ta i bruk råvatn frå verket til drikkevatn. - Kvaliteten vil bli langt betre enn den er i dag, men renseanlegget vil først bli ferdig utpå hausten, seier Magnhild. Grunnen til at arbeidet med renseanlegget trekk ut skuldast at det er fleire aktørar som skal samordne seg, seier ho vidare. Ho vil komme attende med nærare opplysningar uti neste veke.

S/Y Naomi til Tahiti 23.08.2001

Gutta på tur har ringt heim frå Fatu Hiva og melder at dei kjem til Papeete, hovedstaden på Tahiti den 3. september. Det er då mulig det blir påmønstring av meir mannskap. - Det er eit eventyr, melder dei og vi trur det så gjerne!

Satsar på breiband i Svelgen 23.08.2001

Mot Kåre Jarl Langeland (V) si røyst, vedtok plan-og utviklingsutvalet tysdag å løyve 262.500 kroner til etablering av ei breibandløysing i Svelgen. Venstre-representanten ville vente med å ta avgjerd i denne saka til budsjetthandsaminga, og knyte kostnadene både på drift og investering opp mot andre postar på budsjettet. Men trass i at fleire av dei andre politikarane i plan-og utviklingsutvalet stilte spørsmål om behovet for breiband i Bremanger, og datakompetansen til dei som skal bruke det, gjekk fleirtalet på seks inn for å løyve 75 prosent av investeringskostnadene ved ei etablering av breibandløysing i Svelgen. Føresetnaden er at Bremanger Vekst dekkjer resten av totalkostnadene på 350.000 kroner. Det er i første omgang kommuneadministrasjonen og nokre få lokale verksemder i Svelgen som får nyte godt av breibandsatsinga, men målet er at alle i kommunen på sikt skal få tilgang til breiband, skriv Firdaposten.

Småtalenta i Svelgen til Eikefjorden i helga 22.08.2001

Eikefjord IL arrangerer fotballturnering 26. august for årsklassane;

- 91, - 92, - 93, - 94 + eitt jentelag - 91.

- Vi har ikkje fått oppsettet for turneringa enno men så snart vi får det vert det utlevert til kvar enkelt på skulen,melder Arild Sande i STIF si fotballgruppe.


10 turistar på Vingen 22.08.2001

Berre 10 turistar har i sommar besøkt helleristingsfeltet i Vingen. Reiselivsnæringa hadde lov til å vise fram den berømte berg-kunsten til kring 320 turistar denne sommaren. Stor uvisse om opningstidene denne sommaren og restriksjonar på grunn av munn og klauvsjuke ute i Europa, er årsaker til at dette vart eit botnår, seier Sissel Vamråk i Vestkysten Reiseliv.

Svelgen vann 1-0 22.08.2001

Svelgen vann 1-0 over Anga i går. Første omgang var jamnspelt uten det heilt store spillet. Den største sjansen hadde Anga ved ein kedding i tverleggeren. I byrjinga av andre omgang såg det ut til at Svelgen skulle få eit spillermessig overtak.Men det var Anga som hadde dei største sjansane med blant anna eit stang skudd.

- Så i det 70. min fekk vi corner og Frank Ommedal steig høgst ved bakerste stolpe og scora, melder spelande trenar Frank Hatleset og legg til:

- I neste kamp tirsdag 28/8 skal vi til Florø og møte tabelleder Tempo og skal vi ha noko muligheit og ta poeng der må vi heve oss mange hakk.

Svelgen sitt lag:

Kjell Morten Langedal, Per Arne Sæterlid, Torgeir Vårdal, Stiam Blom, Stian Bakkemo,(Frank Ommedal fra 45min), Thor Vidar Blix, Frank Hatleset,(Leo Cirotzki fra 64 min), Geir Myklebust, Thor Kristian Sortevik, (Sigbjørn Hjortland fra 60 min), Thorbjørn Didriksen, (Roy Vegar Sørgulen fra 75 min).


Vil etablere hummarklekkeri på Iglandsvik 21.08.2001

Grotle Hummarklekkeri AS (SUS) har planar om å etablere eige hummarklekkeri på industriområdet på Iglandsvik. Dei har teke kontakt med Bremanger Vekst for å få vurdert eit slikt prosjekt, melder Firdaposten si nettutgåve. Dersom Grotle Havbeite AS får konsesjon på havbeite av hummar i det området dei har søkt om, vil dei ha trong for sikker tilgang på småhummar for utsetjing.

Straumstans 21.08.2001

På grunn av arbeid på distribusjonsnettet vert det straumstans i følgande område førstkommande torsdag:

Sentrum, Kvelve, Naustneset, Breivika, Langeneset, Eikeland, Birkelida og bossovnen Straumen vert avstengd frå

Kl. 23.30 - 03.30.

- Anlegga må heile tida reknast som spenningsførande, melder Elkem Bremanger Kraft (57 79 61 21)


Skulen startar i morgon 20.08.2001

I morgon er det skulestart i Svelgen. Medan ein i store delar av landet starta forrige onsdag, har elevane her i fylket fått nesten ei ferieveke ekstra. Tilsaman blir summen av skuledagar likevel den samme. Skuleruta for kommande skuleår er også klar.

Skuleruta 2001/2002

Endelig sol over Svelgen! 19.08.2001

Etter å ha hatt regn i heile august, har sola no endelig komt tilbake til Svelgen. Det er meldt om fint ver også neste veke. Trykk på sola oppe på logoen, og du får vêrmelding for vårt område.

Stem på Svelgen.no ! 18.08.2001

Både Svelgen.no og Kalvågsportalen er oppført som startsider i Sogn og Fjordane. Dermed har vår kommune 2 av totalt 9 utvalgte startsider i fylket: www.startsiden.no/startsider/sogn_fjordane

Der kan du og sei di meining om sidene ved å gi poeng fra 1 til 10. Vi vil oppfordre alle våre trufaste lesarar om å gi oss tilbakemelding ved å avgi stemme her. På forhånd takk!

Stem her


Solid Elkem-resultat 17.08.2001

Elkem-konsernet legg fram solide resultat for 2. kvartal. Nettoresultatet er på 225 millionar kroner mot 206 mill. for same perioden i fjor. Konsernet legg ikkje fram resultat for enkeltbedrifter. I ei pressemelding varslar dei at resultata vil vere svakare i tida framover grunna dårlege utsikter i marknaden. Industriproduksjonen på verdsbasis er svekt, og prisen på aluminium er fallande. Den høge aluminiumprisen tidlegare har vore eineståande i metallmarknaden på grunn av kraftmangel i USA, som derfor ikkje har kunna produsere så store mengder aluminium. Sterk etterspurnad har halde prisen på eit unormalt høgt nivå. Prisane på ferrosilisium, silisiummetall og krom er pressa, og Elkem bidreg til å opprette marknadsbalansen ved å redusere sin produksjon. Elkem har stengt omnar i Salten, Bjølvefossen, Fiskaa og Rana, melder Firdaposten si nettutgåve. Store delar av produksjonen til Elkem blir selt på langsiktige kontraktar. Likevel reknar konsernleiinga med svakare resultat i tida som kjem.

Paneldebatt på Rådhuset 17.08.2001

Torsdag neste veke er det duka for paneldebatt på Rådhuset i Svelgen. Det kjem stortingsrepresentantar frå Arbeiderpartiet, Høgre, SV, Venstre, KrF, Senterpartiet og FrP. Møtet startar klokka 1700 og er ope for alle.

Nye treningstider for fotball 16.08.2001

Det blir nye treningstider for seniorlaget i fotball. F.o.m. mandag 20. august blir det trening mandag og fredag kl. 1900. Nye og gamle velkomne, også jenter/damer. Nedre aldersgrense 10. klasse.

Sterk fråversauke, i vårt fylke 16.08.2001

Sjukefråværet i Sogn og Fjordane aukar kraftigare enn på landsplan. Auken det første halvåret i år er på fire prosent samanlikna med same perioden i fjor. I dag tilsvarer talet på sjukefråvær at 2500 fulltidsarbeidarar mottek sjukepengar kvar dag i eit halvt år. Samstundes går talet på arbeidstakarar ned, noko Fylkestrygdesjef Tore Thorsnes er uroa over. Totalt har trygdeetaten i fylket betalt ut 215 millionar kroner i sjukepengar, som er ei auke på 15 millionar.

Marit Midthjell til cupfinalen også i år? 16.08.2001

24 år gamle Marit Renate Midthjell frå Ålfoten som spelte for STIF frå 1983 - 1993, bortsett frå et år på lilleputtane til Ålfoten, kan få mulighet til å spele cupfinale i år også. Ho vart i fjor den første som har spelt på STIF som har spelt ein cupfinale på Ullevaal. Då vart det tap for Asker. Sjå utklipp frå Bergensavisen under frå kvartfinalen som gjekk tirsdag og som Arna Bjørnar vann 2 - 1 etter ekstraomgangar. Ho kom inn som innbyttar på slutten av kampen I semifinalen har Arna Bjørnar trekt Trondheims- Ørn og har fått heimebane. (Les meir på Sportssida)

Les meir om Marit

Kampen mot Fure/Dale flytta 16.08.2001

På grunn av enorme mengder nedbør har ein blitt einige med Fure/Dale 2 om å flytte kampen i morra til fredag 31/7 kl. 1900.

Det blir likevel trening i kveld kl .1930,melder STIF sin oppmann Frank Ryland.


Hummer oppdrett på Grotle 15.08.2001

- Forholda for havbeite med hummar er gode både i Bremanger og Flora. Derfor har vi teke initiativ til dette informasjonsmøtet torsdag, fortel initiativtakar John Ove Bratseth i Bremanger til Firdaposten i dag.

Bratseth er ein av fire på Grotle i ytre Bremanger som er klar til å starte opp selskapet Grotle Havbeite. ? Søknad om konsesjon gjekk i Posten i går, stadfestar Bratseth, som mellom andre har fått med seg Harald Grotle, ein nyleg heimvendt kapasitet på akvakultur. Grotle har mellom anna arbeidd som lærar på dette feltet på Os og Fusa vidaregåande skule. Interessa for havbeite av hummer er gryande, og kring tolv personar lokalt er i følgje Bratseth interessert i denne nye næringa. Vegen fram til realisering av eit havbeiteprosjekt i Bremanger-pollen kan bli tung og tornefull, når vi veit at området er det økonomisk mest viktige for taretråling.


Ålfoten kan få hytteby 15.08.2001

Politikarane i Bremanger skal tysdag ta stilling til om Sigdestadneset i Ålfoten skal regulerast til hyttefelt for heile 40 hytter fordelt på privat utbygging og til utleige. I tillegg skal det avsettast areal til servicebygg, naust, båthamn og eit utleigesjøhus på Sigdestadvika. Målet er å få til varige arbeidsplassar og positiv næringsutvikling i den vesle vakre Nordfjord-bygda.

Svelgen får breiband ! 15.08.2001

Politikarane i Bremanger skal tirsdag ta stilling til om det skal byggast ut breibandsnett i Svelgen. For oss brukarar vil dette verte eit stort framsteg med 10 ganger så stor kapasitet og fast kostnad uansett kor mykje du er på nettet. Får forslaget gjennomslag vil kommunen komme fram til ein fast leigepris både for bedrifter og private.

For kommunen sin del vil det bety sikrare datanettverk som blir meir fleksibelt for vidare utbygging og dei totale IKT kostandane til kommunen vil bli redusert. Ein vil i tillegg få til digitalt samarbeid over kommunegrensene.

Meir om breiband her


To dagar opphald i august 15.08.2001

Berre to dagar med opphaldsveir kjem neppe som noka overrasking på nokon i bygda. Meteorologisk Institutt melder at det vil regne heilt fram til 21. august. Då starta skulen, så då klarnar det vel opp, og varer ei stund - kanskje.. I mai var det f.eks. opplett 12 dagar i strekk, opplyser Kraftstasjonen til Svelgen.no.

SLIK ER STATISTIKKEN:

Mai: Då kom det totalt 140,8 mm nedbør. Max på eit døgn var 28,5 mm. Det var opplett i 14 døgn (12 døgn i strekk)

Juni Tot 147,3. Max 28,4 12 døgn u/nedbør

Juli Tot 214,7 mm , max 33,5 mm 11 døgn u/n

Til no i august (målt 20,9 mm seinast kl. 7 i dag):

123,9 mm, max 21,5 2 døgn u/n


Svelgen tapte 4-0 mot Askvoll/Holmedal 15.08.2001

Svelgen tapte i går 4-0 (2-0) på bortebane mot Askvoll/Holmedal 2. Frank Hatleset meiner det var utruleg dårleg innsats frå Svelgen-laget. - Det var uvant med grus men A/H 2 vann ein fortent siger. Vi får prøve å reise kjerringa på fredag, seier han optimistisk. - STIF stilte med sitt beste lag for året og burde i utgangspunktet då slå unggutane til A/H 2. Men kanskje tenkte STIF- spelarane slik dei og... Men det er heilt klart ein nedtur å spele på grus, når ein heile sommaren har trent på ei svært god grasbane. Men ein må sjå det positive i dette. Vi har i heile sommar hatt mykje folk på treningane og har det moro med fotball. Håpar dette held fram og at også framover blir "kø" for å bli med på bortekampane. At det er fotballaktivitet i bygda og at ein trivst med denne er det viktigaste for STIF, seier oppmann Frank Ryland i ein kommentar.

Kampfakta

Svelgar rapporterer fra Amman 14.08.2001

Det er svelgaren Dag Hestetræet Nestegaard som no rapporterer frå Amman for NRK Dagsrevyen. Situasjonen mellom isrealittane og palestinarane har den siste tida tilspissa seg etter at ein palestinsk sjølvmords-soldat tok livet av mange menneske på ein restaurant. Den etterkvart så røynde NRK-journalisten frå Svelgen er no i området der det er daglege treffningar mellom gruppene som no synest uforsonlege.

Elevauke i Bremanger 14.08.2001

Det førebels registrerte elevtalet i Bremanger er 524, fordelt på sju skular, tre i ytre Bremanger og fire i indre. - Dette er det høgste elevtalet vi har hatt sidan seks-åringane kom inn i skulen, i år har vi førti fleire elevar enn i 1997, fortel skulesjef Gunnar Skjølberg til Firdaposten i dag. Han er svært glad for den positive framgangen, som ser ut til å vare ved også dei komande åra.

Kristin Hessvik uroa over dagmamma bruk 14.08.2001

-Det er stor skilnad på kvaliteten på dagmødre. Det seier leiar av avdeling for førskulelærarane i Norsk lærarlag her i fylket, Kristin Hessvik (Svelgen-jente). Ho er uroa over at fleire foreldre vel å ha små born i alderen 0-3 år hos dagmamma i staden for i barnehagen. Hessvik seier til NRK Sogn og Fjordane at sjølv om mange dagmødre tek oppgåva si alvorleg, er det enkelte som jobbar som dagmamma berre på grunn av dei lettjente pengane.

Valkampinnspel fra SKAF 14.08.2001

Lederen i SKAF har sendt Svelgen.no eit innlegg der han understrekar nytten av at vi alle stemmer på Stortingsvalet til hausten: "Forholdene må legges til rette for en solid ivaretagelse av all eksport rettet industri i Norge. Ødelegger vi forholdene for slike bedrifter, flytter de ut av landet. Og vi som bor på plasser som Svelgen må leve av å klippe håret på hverandre. Det blir det ikke mye velferd av ! For Svelgen betyr en eksistens for Elkem Bremanger alt. Så for deg som har interesse av å bo i Svelgen, og vil at hus og eigendom skal være verdt noe i fremtida bør stemme under stortingsvalget på et parti som uttaler seg i positiv retning for kraftintensiv industri ( Prosessindustrien ). Og til denne tid er det kun Arbeiderpartiet og Høgre som har ei slik holdning."

Les meir

Svelgen MC godt nøgde med treff 14.08.2001

- Vi hadde besøk av 60 motorsyklar og 90 menneske, året før hadde vi 101 motorsyklar på besøk og 140 menneske. Vi kan nok takke den dårlige sommaren for lita deltaking i år, men vi kjem til å arrangere nytt treff til neste år, opplyser Bjørgulf Myklebust i Svelgen MC til Svelgen.no.

- Men lørdag hadde vi et strålande ver og det var svært god stemning blant deltakarar og arrangør. Største klubb på treffet var "Sunnfjord MC Touring" fra Førde som var 10 stk. Den som hadde reist lengst for å besøke oss var fra Sandefjord MC og hadde kjørt 62 mil. Søndagsmorgon vart vi vekte av eit forferdeleg ver og folk var pent nødt til å rive telta sine. Heldigvis for oss disponerete vi Berle grendalag sitt forsamlingshus under treffet, slik at alle kunne søke ly for uveret. På tross av den fuktige og kalde oppvakninga søndag var humøret på topp hos alle og det vart en koselig frokostsamling søndagsmorgon, melder ein nøgd medarrangør.


Stabil lærarstab i Svelgen 13.08.2001

Bremanger kommune har lærarmangel, men situasjonen er likevel betre i år enn dei to føregåande åra. Frøyen skule og Hauge skule slit å skaffe nok kvalifiserte lærarkrefter, men skulesjefen i kommunen er likevel optimistisk. - Eg ser ikkje bort frå at vi neste år kan få så godt som hundre prosent lærardekning, seier skulesjef Gunnar Skjølberg til Firdaposten. Det er ved Frøyen skule og Hauge skule at problema har vore størst, også til dels i Svelgen. Lærarsituasjonen i Svelgen har derimot stabilisert seg.

- På Davik-sida er situasjonen motsatt, der har vi god lærardekning, og faktisk større søknad enn vi har ledige stillingar, seier Skjølberg.


Skip av grunn 11.08.2001

Klokka halv fire i natt blei det tyske containerskipet Andra drege av grunn i Skatestraumen i Bremanger. To bergingsskip drog skipet laus frå undervass-skjeret, og operasjonen tok ein og ein halv time. Skipet hadde ikkje synlege skadar, men det har no lagt til kai i Måløy for å bli granska av dykkarar.

Ny kamp fredag 17. august 10.08.2001

Kampen Svelgen - Fure/Dale 2 i 6. divisjon, som skulle vore spelt tirsdag 7. august blir spelt fredag 17. august. Det blir ein hektisk periode for laget ettersom dei allereie fire dagar etter (21/8) skal spele ny kamp mot Anga. Grunnen til utsettinga av kampen mot Dale var at 3. divisjonslaget deira var sett opp med kamp på same dag. Dette oppdaga ikkje samarbeidslaget Fure/Dale 2 før kvelden før kampen. STIF sin neste kamp er borte mot Askvoll/Holmedal 2 tirsdag 14/8.

Skipet på veg til Svelgen 10.08.2001

Båten Andra som ligg på grunn i Skatestraumen var på veg til Svelgen for å laste conteinarar. Det er ein av dei faste båtane som kjem til Elkem Bremanger. Det tyske containerskipet står framleis på grunn. Det har begynt å lekke ut litt diesel, men det er ikkje snakk om store utslepp, opplyser bergingsselskapet. Det vert no arbeidd med å tømme dieseltanken som lek. Dermed blir det mest truleg gjort eitt nytt forsøk på å dra båten av grunn i natt ved neste flo.

Elkem Bremanger eit fyrtårn i fylket 10.08.2001

Med ein 25 prosents andel av all verdiskaping knytta til industri, ligg Sogn og Fjordane 15 prosent over landsgjennomsnittet. - Sogn og Fjordane har 8500 personar tilsett i industrien. Kvar av desse står for ei gjennomsnittleg verdiskaping på 600 000 kroner, seier fagsjef Sindre Finnes i Prosessindustriens Landsforening (PIL) til Newswire.

Det betyr at vår fylke husar mellom tre og fem prosent av den samla industrien i Norge. Når berre to prosent av landets befolkning held til i Sogn og Fjordane, provar det at vi er eit svært så driftig folkeferd. Finnes og PIL trekkjer fram Hydro sine verksemder i Høyanger og Årdal, samt Elkem Bremanger og Fundo som viktige industrielle fyrtårn i fylket. I fjor hadde Sogn og Fjordane ei verdiskaping i industrien på 5,1 milliardar kroner, medan talet for heile landet låg på 132 milliardar, skriv Firda.


Skip på grunn 10.08.2001

Eit tysk containerskip har i natt gått på grunn i Skatestraumen i Bremanger. Mannskapet er framleis ombord og det skal ikkje vere fare for ureining frå skipet, seier politiførstebetjent ved Fjordane Politidistrikt, Per Rimmen. Det har i natt vore gjort eitt mislukka forsøk på å dra båten av grunnen. Det vil bli gjort eitt nytt forsøk ved 15-tida i ettermiddag, når det igjen er flo sjø.

Lørdagsdans i Svelgen 09.08.2001

Lørdag blir det dans og futt til Bergens-duoen Bounty på Svelgen Hotell. Bounty Duo er to glade musikantar som spelar variert dansemusikk for eit vakse publikum. Duoen består av Odd Bjarne Solvsik på gitar og Torstein Tellnes som syng og spelar keyboard.

Auke i lykkepille-forbruk 08.08.2001

Forbruket i antidepressive medikament har auka med 12 prosent på eitt år i Sogn og Fjordane. – Dette er skremmande, og spesielt bekymringsfullt er det at fleire unge tek slike medisinar. Det hevdar Gerd Bjørkedal som er styremedlem i Mental Helse.

Gerd Bjørkedal i Mental Helse har sjølv møtt unge som har fått resept på lykkepillen utan at det har vore stilt diagnose. No meiner ho legestanden no bør skjerpe seg.

Men allmennpraktiserande lege i Florø, Normund Svoen, deler ikkje dette synet. Han meiner det er positivt at folk får lettare tilgong til denne type medisin.


Brannen starta i kjellaren 08.08.2001

- Vi har konstatert at brannen på Sande starta i kjelleretasjen. Elles er det for tidleg å seie noko om den eksakte årsaken, seier fungerande lensmann i Bremanger, Johnny Jansen, til Svelgen.no. Han fortel at dei fortsatt driv etterforsking, og at han vil komme tilbake til oss når han veit noko meir.

Meininga var at åstadsgranskinga skulle ta til mandag, men på grunn av ferieavvikling hadde ikkje lensmannen folk å sette inn før i går føremiddag. Eigaren av huset har avbrote ferien, og kom måndag heim til Svelgen.


Vil ta råkøyrarar i Svelgen 08.08.2001

Lensmannen i Bremanger ynskjer tilbakemelding frå publikum dersom dei er vitne til råkøyring i bustadstrøka i Svelgen. - Problemet på dei mindre plassane er at vi vert så synlege, dermed roar fartssyndarane seg ned når vi er på tokt, og turer fram som før når politibilen igjen vert parkert, seier fungerande lensmann Johnny Jansen. Han stadfester overfor Firdaposten at dei med jamne mellomrom får tips frå publikum om råkøyring i 30-soner. Han ynskjer no konkrete tilbakemeldingar med namn på verstingane.

MC treff i helga 08.08.2001

For tredje år på rad arrangerer MC klubbane i Bremanger og Svelgen Fjordtreff i Berle. Arrangørane håpar på 150 besøkande syklar, og har mykje å tilby. -Laurdag ettermiddag køyrer deltakarane i samla flokk frå Berle til Grotle og vidare til Kalvåg. Det er eit mektig syn når så mange motosyklar kjem på rekke og rad, seier Bjørn Inge Nesje. Dei to MC klubbane i Bremanger har tilsaman 34 medlemmer, derav 20 kjem frå Svelgen.

Les meir

Turistrekord i Kalvåg 08.08.2001

Ein sommar med ikkje mange soldagane er på hell. Likevel har turistane valfarta til Kalvåg som aldri før.

- Eksakte tal på overnatting eller besøkande på Knutholmen er enno ikkje klare, men det har med svært få unntak vore sprengt når det gjeld overnatting på rorbuene, fortel eldsjela Svein Inge Fosse som har fullbooka ut september!


20 nye flyktningar til Bremanger 08.08.2001

Det er i dag 55 flyktningar i Bremanger kommune. I løpet av første kvartal neste år vil talet auke til 75. I følge flyktningekonsulent Thorsten Shaffer er truleg dei 20 neste flyktningane frå Etiopia. - Dette er ikkje endeleg avgjort endå. Det kan også vere mogeleg at det vert flyktningar frå Somalia eller det kan verte kurdarar. Men mest sannsynleg kjem det seks personar frå Etiopia allereie i vinter, seier Shaffer til Fjordenes Tidende. Desse skal etter det vi forstår bu i Kalvåg.

På topp 100 lista 06.08.2001

Svelgen.no er komen på 33. plass på topp 100 lista til "ABC startsiden"! Vi har fått ein snittkarakter på 7.57 etter at 51 av brukarane har stemt. Takk for den utruleg flotte responsen så langt! Vi skal bruke august til å gjere produktet endå betre.

Fotballkampen utsett 06.08.2001

Kampen Svelgen - Fure/Dale 2 i 6. divisjon, som skulle vore spelt tirsdag 7. august er utsett. Grunnen til dette er at Dale sitt 3. divisjonslag var sett opp med kamp på same dag og dette oppdaga ikkje samarbeidslaget Fure/Dale 2 før i seint i går kveld (søndag). Dette var ein glipp frå Fotballkrinsen i terminlisteoppsettet, då lag 1 og 2 ikkje skal ha kamp same dag. Ny kamp er ikkje avtala, men truleg vil ein forsøke igjen i slutten av veke 33. STIF sine neste kamp er borte mot Askvoll/Holmedal 2 tirsdag 14/8, opplyser Frank Ryland til Svelgen.no.

Hus totalskadd i brann - eigar vekkreist 05.08.2001

Eit hus på Sande i Svelgen vart i dag totalskadd av brann. Politiførstebetjent Per Rimmen fortel til Svelgen.no at eigaren av huset er vekkreist på ferie, og at politiet ikkje har makta å sette seg i kontakt anna enn å legge igjen beskjed på ein telefonsvarar.

- Vi fekk melding om brannen klokka 0535 i dag tidleg. Vi veit ikkje noko om årsaka til brannen, ettersom brannvesenet nettopp (klokka 1055) har gitt melding om at dei er i ferd med å avslutte ettersløkking, seier Rimmen.

-Politiet kan ikkje gå i gang med å finne årsak før huset er kaldt, seier han vidare. Brannvesenet har no vakt på staden i tilfelle oppblussing av brannen.

Huset, eit treetasjes murhus, er totalt utbrent innvendig. - Det som ikkje har brent opp er stort sett øydelagt av vatnskader, stadfester Rimmen. Det blir eit trist syn som vil møte den vekkreiste eigaren når han kjem att. Då skrivaren frå Svelgen.no var ved branntomta i dag tidleg holdt brannvesenet framleis på med ettersløkking. Alle vinduene er knust og alt svartsota inne. Vi har fått opplyst at det i starten var stor røykutvikling før flammane tok overhand. Dei spreidde seg raskt over alle tre etasjane slik at flammane sto ut av taket. Berre murfasaden står no igjen.


Kun ein deltakar til sumarleiren for homofile 04.08.2001

Det har berre meldt seg på ein deltakar til sumarleiren for homofile i Skjolden til helga. Homofil Bevegelse som står bak leiren meiner den dårlege påmeldinga skuldast at det framleis er vanskeleg å stå fram som homofil i Sogn og Fjordane. Trass i den dårlege påmeldinga går leiren som planlagt fordi fleire har sagt dei vil koma innom på dagsbesøk seier dei ansvarlege for leiren. Det er første gong ein slik leir vert arrangert her i fylket.

Skinn og Bein til Orknøyane 03.08.2001

I går opna ordførar Einar Kjerpeset Sommarakademiet i Bremanger. I natt er det klart for konsert i tunnelane frå krigens dagar i Gotraneset i Berle. Vakker irsk song og harpespel til levande lys i dei røffe omgjevnadane inne i fjellet vil garantert bli ei minnerik oppleving, melder Firdaposten.

Laurdag presenterer Karin Flatøy Svarstad sine eigne moteklede i filt og hjorteskinn. Bremanger Skinn og Bein viser også sin kolleksjon. Dette er ei vandreframsyning som skal vidare til Sunnmøre og Orknøyane.


Cutty Sark 01.08.2001

Cutty Sark har forlatt både Kalvåg og i går også Bergen på veg mot nye mål. Det verkar som alle er fornøgde med arrangementet av både tilreisande, fastbuande og næringsliv og det heile. Vil du lese meir om hendinga, anbefaler vi Kalvågsportalen som dekka seglasen fyldig.

Les meir

Båtfest i Kalvåg om tre år 01.08.2001

Får Kåre Jarl Langeland det som han vil, blir det stor båtfest med "Kysten" sitt landsstemne i Kalvåg om 3 år. - Eg kan ikkje love at dei får stemnet i 2004, men for eiga rekning kan eg seie at Sogn og Fjordane er eit fylke som burde hatt dette arrangementet for lenge sida. Vi vil gjerne ha ein søknad frå dykk, seier forbundsleiaren Arne Hole.

Sist det var stemne, på Bud, møtte 164 båtar og fleire tusen menneske og heile bygda osa av sild, tjære og gamle dagar. Kåre-Jarl Langeland er ikkje i tvil om at Stiftinga Over Stokk og Stein og Kystlaget Hornelen vil klare dette. Akkurat det året arrangementet kan bli lagt til Kalvåg feirar forbundet 25 års jubileum, dermed er det duka for nok ein stor folkefest dersom alt går i orden.


Stortalent med Amerika-suksess 01.08.2001

Svelgen-jenta og idrettstalentet Unn Bøen Kvendseth har fått ein unik sjanse til å kombinere sine journaliststudier med å spille volleyball i USA. Mot gratis hus og skule må ho trene 18 timar i veka og spele kampar rundt om i landet. Unn fortel at ho trivst godt, men at det er godt å komme heim til Svelgen også.

- Eg føler meg priviligert som får så mykje ut av idretten min, seier ho i eit intervju med Fjordenes Tidende.

Unn er også med på U21 landslaget og har vore med på samling i Aukra. Og elles i ferien er Unn å treffe i kassa på Kopen.

Les om Northridge University


Kofi Annan til Sogn 01.08.2001

Generalsekretæren i FN, Kofi Annan, skal feriera i Sogn frå neste tysdag. FN-toppen sitt besøk er av heilt privat karakter, og ingen som har med sognebesøket å gjera vil offisielt stadfesta ferieopphaldet. Årsaka til det er at generalsekretæren sjølv har bedt om at han får ro og fred. I tillegg er slike uoffisielle opphald alltid ein tryggleiksrisiko. NRK Sogn og Fjordane sine kjelder fortel at den 63 år gamle Kofi Annan kjem til Balestrand ut på ettermiddagen tysdag 7. august saman med den svenske kona si og ein tryggingsstab. Hotelldirektør Sigurd Kvikne seier at han korkje kan stadfesta eller avkrefta besøket. Politimeister Kjell Ese ved Sogn politikammer og fylkesmann Oddvar Flæte er også uvanleg tause. Dei har ingen kommentarar til våre opplysningar. I utanriksdepartementet viser dei til at Kofi Annan skal på eit to dagars offisielt besøk til Norge frå 20. til 21.august. Ferien i Balestrand i forkant vil ingen stadfesta offisielt, først og fremst av sikkerheitsgrunnar, får NRK Sogn og Fjordane opplyst. Kofi Annan skal sjølv ha valt ut Balestrand som staden for å sanka krefter. Han og kona var sist i Norge i 1994. Då gjekk dei turar i Jotunheimen, og etter det vart han visstnok æresmedlem i Den Norske Turistforeining. Og med Balestrand som utgangspunkt bør høvet til nye fjellturar vera gode for ein av verdas mest framtredande personar.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars