Arkiv Okt 2008

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Kystvegen med eiga heimeside 30.10.2008

45 minuttsregionen Måløy-Svelgen-Florø har no fått eiga heimeside der du kan følgje alt som blir gjort for å få den realisert; møter, fråsegner, fakta, nyhende og utgreiingar. Som visjon har Kystvegen å  realisere eit samansett bu og arbeidsområde mellom Kystbyane Flora og Måløy via Svelgen og målet er å bygge opp framtidas vekstregion på kysten av Sogn og Fjordane.

- Tiltaket er eit svært viktig ledd i kystvegen, heiter det på heimesida.

 

Sjå sida her

Melding i frå leiinga ved Elkem Bremanger:

Oppstart av Ovn 5 30.10.2008

I samband med oppstarten av ovn 5 vil det frå fredags morgon vere noko røykutslepp
frå Elkem Bremanger. Dette vil kunne vare i opp til 2 døgn. Utsleppet er i samsvar med
gjeldande konsesjon.

NY SPONSORAVTALE FOR SVELGEN SKULEMUSIKK 30.10.2008

 

 

På årsmøtet til Svelgen skulemusikk den 21. oktober 2008, vart det signert ei femårig sponsoravtale med Elkem Bremanger. Avtalen inneber ei årleg utbetaling til Svelgen skulemusikk på kr. 33.333,- i fem år.

 

Elkem Bremanger ønskjer med dette å vise at ein støttar ei breidde i barn og unge sine fritidstilbod. I tillegg til idrett ser ein på andre tilbod som verdifulle for å skape eit mangfald blant barn og unge med ulike interesser.

 

Avtala vart signert av verksdirektør Robin Ephithite og avtroppande leiar i Svelgen skulemusikk, Kari Rita Frøyen. Den nye leiaren i Svelgen skulemusikk, Oddbjørg Hessevik, vil vere den som no får ansvar for å nytte midlane til beste for Svelgen skulemusikk.


Nye bilder frå Svelgen 30.10.2008

Det er no lagt ut nye bilder på den nye sida. Dette er teke av Tom Erik Løvseth. Vi har også fått førespurnad om det berre er landskapsbilder ein kan sende inn. Ein kan sende inn kva bilde ein vil, frå gamle dagar, av personar (gjerne med helsing), hendingar og alt mulig anna. Send bildene til redaksjonen@svelgen.no

Stortingspolitikarar skal sjå på Bremangersambandet 29.10.2008

Stortingspolitikarane Karita Bekkemellem (Ap), Per Sandberg (FrP) og Hallgeir Langeland (SV) kjem alle til Florø i neste veke, og kystveg og Bremangersamband står i fokus, melder Firdaposten.

Ny side på Svelgen.no 29.10.2008

Vi har no laga til ei ny side der du kan sjå flotte bilder frå Svelgen og omegn. Send inn dine beste bilder - motivet bestemmer du sjølv. Du avgjer sjølv om du vil offentleggjere namnet ditt. Bildet under er det Anita Ingebrigtsen som har teke - Svelgen sett frå Kruna. Trykk på nederste linken på menyen til venstre.

Send bildene til redaksjonen@svelgen.no


Julebord på Ålfottunet 15. november 29.10.2008

Ålfoten skyttarlag inviterer til julebord på Ålfottunet

Laurdag 15.november kl 20.00.

PÅ MENYEN:

- Julemiddag

- Premieutdeling for årets skyttarprestasjonar

- Dans til musikk av MIX frå Øvre Årdal.

Billettprisen er kr. 280,- pr person.

I år prøver vi noko nytt vedr. billettsal. Billettar blir lagt ut for sal på Joker Ålfoten, og må kjøpast innan 5.november.

Vi håpar at invitasjonen også når fram til utflytta familiemedlemmar.

VI YNSKJER ALLE VELKOMNE!
 

Mobiltrøbbel for Svelgen Taxi 29.10.2008

Taxisentralen i Svelgen har store vanskar med drifta på grunn av tekniske vanskar hos Telenor.
 - Vi har ikkje hatt mobildekning i Svelgen sentrum sidan laurdag. Vi er avhengige av telefon for å kommunisere mellom dei tre bilane våre og ikkje minst, vi taper pengar på at kundane ikkje får fatt i oss, seier Elsa Johanne Sande Hauge til Firdaposten
Ho har fått vite at Telenor manglar ein del som skal sendast får Oslo, men i løpet av tre dagar har dei ikkje greidd å frakte den over fjellet til Svelgen.

  

 


Navic er årets vekstsbedrift i Sogn og Fjordane 28.10.2008

 Elkem Bremanger var utgangspunktet for at årets vekstbedrift, Navic,  i Sogn og Fjordane vart etablert. Selskapet leverer ingeniørtenester og prosjektleiing til industrien. For grunnlaget vart lagt då Navic

teikna ein 5-årskontrakt i 2003 med hjørnesteinsverksemda.

(TRYKK PÅ LOGO OG SJÅ FILM OM VERKSEMDA/SVELGEN PÅ DAGENS NÆRINGSLIV)

Prosjektleiinga til Navic går direkte på drifta ved verket. Navic jobbar med det utstyrstekniske, og kjem med råd om effektivisering og materialforbetring.

Verksemda vart starta i 2002 av Torgeir Fauske og Eivind Midlang.

Selskapet har hatt følgjande omsetningsvekst, skriv Firda:
2003: 174.000 kroner
2004: 1.635.000 kroner
2005: 3.824.000 kroner
2006: 9.575.000 kroner
2007: 15.202.000 kroner

Navic Engineering arbeider med det utstyrstekniske, og målet til bedrifta er å redusere kostnadane eller auke inntektene hos kunden.

- Ved å jobbe så tett med kunden over lang tid oppnår vi kjennskap og kunnskap om prosessane som gjer oss betre i stand til å gje oss eit konkurransefortrinn framfor dei andre, seier Torgeir Fauske til DN.no.

Til dømes har Navic sørge for fordobla levetid av auseforvarmarar ved å fornye teknologien, noko som Elkem stadfestar sparar dei for fleire millionar kroner årleg.

I 2006 opna dei ei ny avdeling i Stavanger, med olje- og gassindustrien som målgruppe.

Alt i startfasen støytte dei på eit problem, nemleg ein laber tilgang på ingeniørar i Norge, og særleg ingeniørar med interesse for å busetje seg i Svelgen.

I 2005 oppretta dei derfor eit dotterselskap i Polen, med 25 tilsette. Mykje av teikneoppgåvene vert gjort der. Eivind Midlang seier at kontoret i Polen er ein føresetnad for det dei har fått til.

Navic har i dag også kundar som Metallkraft i Kristiansand, Icelandic Alloys, Elkem Metall i Canada, Elkem Solar og kundar innanfor olje og gass.


Snøen kom i 28. oktober i år 28.10.2008

Slik såg Svelgen ut når innbyggarane vakna i dag tidleg (sett frå nedre Langeneset). 3 - 4 cm nysnø til glede for nokon men kanskje ikkje alle...


Påminning om Oliver Twist førstkommande fredag 28.10.2008

Oliver Twist er eit teaterstykke som har fått strålande kritikk. Stykket passar for alle generasjonar like frå 7 år og oppover.
Har du barn eller barnebarn så ta dei med på teaterframsyning i Svelgen samfunnshus fredag 31.oktober klokka 18.00. Går 5 personar i lag og kjøper billett under eitt oppnår ein grupperabatt dvs kr 120,- pr person. Billettar kan kjøpast på servicekontoret på Rådhuset fram til torsdag 30. oktober kl. 15.30. Restsal ved døra på samfunnshuset.
 
Håpar at mange finn vegen til samfunnshuset denne haustkvelden, og får ei flott oppleveing saman med Sogn og Fjordane Teater.
 
Vel møtt!
 
Margun Indrehus

Step 28.10.2008

 

 

 Det vet ikkje steptrening onsdag 29.10 og onsdag 05.11. 


BREMANGERNYTT   KJEM   UT   1. DESEMBER 2008!
 
Bremangernytt kjem ut til alle husstandane i kommunen til 1. desember 2008, og som vanleg vil vi gjerne ha inn mykje godt stoff frå dykk.
 
Det er vel mykje som skjer rundt omkring i bygdene no før jul, og dette er gratis annonsering for dykk og til glede for mange trufaste lesarar!
Vi håpar difor at de har mykje å bidra med - av små og store arrangement, - eller anna informasjon.
 
  • Informasjonen må være ferdig skrive/redigert slik de vil ha det på trykk
  • Det må sendast som eit vedlegg til e-post til: 
  • Evt. bilder sendast også på e-post
  • Innleveringsfristen er : ONSDAG 5. NOVEMBER 2008
 
O m nokon skulle ha problem med dette - vær venleg og kontakt meg så løyser vi det!
(Tlf. 57796300)
 
 
Med venleg helsing
Marianne Herje
for
Bremangernytt
 

Etterlyser eigar av oransje redningsbåt 28.10.2008

Politiet i Bremanger etterlyser eigar av ein orange redningsbåt som kom drivande inn fjorden til Svelgen i løpet av helga.
Båten er no teken på land og politiet er interessert i å kome i kontakt med eigar.

Småbarnstreff som vanleg tysdag kl. 12 27.10.2008

Sjølv om det skal vere førstehjelpskurs tysdag kveld, så vert det likevel småbarnstreff på Realen tysdag 28/10 kl. 12.

 

På førstehjelpskurset, der målgruppa er foreldre til born fødde i 2007 og 2008, er det i utgangspunktet lagt opp til at ungane ikkje skal vere med. Men dei som ikkje får barnevakt kan ta med borna. Kurset vert i småsalen på samfunnshuset kl 18.00.


Minnestipend til Jung Tjønn frå Sogn 27.10.2008

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn (28) frå Sogn får Ole Johan Grønskags minnestipend.

Den unge forfattaren kunne ikkje sjølv vere med under utdelinga, men mora Helga Tjønn tek imot stipendet i samband med framsyninga av Oliver Twist i Bremangerhallen laurdag kveld.

Brynjulf Jung Tjønn er frå Sør-Korea og har vakse opp i Feios. Han har gitt ut bøkene «Eg kom for å elske» og «Lyden av noen som dør», som begge har fått strålande kritikkar. I tillegg har han publisert tekstar i antologien Signaler. Han er redaktør for litteraturnettstaden www.jung.no  og ansvarleg for Jung forlag, som gir ut litteraturtidsskriftet Nordahl & eftf. Jung Tjønn er utdanna journalist og arbeidar om redigerar i nrk.no.

Ole Johan Grønskag frå Kalvåg var svært interessert i ulike kunstuttrykk, mellom anna teater. Sogn og Fjordane teater har framført to teaterstykke av Grønskag: «Filantropicana» og «Siste dagar sett». Les heile saka i Firda.


Mange skeptiske til vindmøllene 27.10.2008

Folkemøta i Bremanger og Svelgen om dei nye vindmølleparkane viste at det er stor skepsis blant innbyggarane og mange hadde spørsmål kring etableringa. Det mange var opptekne av, og stilte spørsmål ved, er kvifor det er naudsynt med store naturinngrep for å byggje gigantiske vindmølleparkar når vi frå før av produserer meir energi enn det vi har bruk for i Norge.

– Vi treng ikkje krafta for eige forbruk, men spørsmålet er korleis vi kan utnytte vindenergien til å utvikle samfunnet, var svaret frå Håkon Sandvik i Vestavind Kraft AS.  Les meir i Firdaposten.

 


Uver i fylket i helga 27.10.2008

Uveret i helga sette sine spor i heile Sogn og Fjordane. Les på NRK om Ulrik sine øydeleggingar. I Svelgen kom vi nokolunde skadefritt frå styggeveret - det einaste som er innmeldt er ein båt som kom på rek innover fjorden. 

Inge Ryan, parlamentarisk leiar i SV

- Viktigaste vedtak i dette århundre 27.10.2008

Inge Ryan, parlamentarisk leiar i SV,   skriv i eit lesarinnlegg at Stortingsvedtaketet om heimfallsretten truleg blir det viktigaste som blir fatta i dette århundre: Han skriv: " Hadde hjemfallet blitt fjernet, ville det bli mye mer attraktivt å kjøpe kraftverk. Fjerning av hjemfallet ville bety at privatisering av vannkrafta, høyresidas våte drøm i mer enn hundre år, kunne blitt virkelighet. Fjerning av hjemfallet ville åpnet slusene for den største privatiseringsbølgen i norsk historie. Det er derfor med god grunn at et av hovedmåla i EL & IT Forbundets handlingsprogram er: «Forsvare konsesjonslovene, herunder hjemfallretten»".  Les heile innlegget under Lesarinnlegg på menyen til venstre.

Førstehjelpskurs flytta til Småsalen 27.10.2008

Førstehjelpskurset retta mot småbarn vert arrangert tysdag 28.10.08 kl. 18.00 (same som tidlegare).
 
Kurset vil vere på Samfunnshuset, Småsalen (ikkje på Realen).
 
Målgruppa er foreldre med barn fødd i 2007 og 2008.
 
 
Espen Frøysland
Bremanger kommune
Kultursjef

Svømming:

Gode Svelgen-prestasjonar på Eid i helga 27.10.2008

I helga var det svømmestevne på Eid. Det var deltakere fra Eid, Førde, Florø og Volda som deltok. Svelgen forsynte seg godt fra medaljebordet.
 
Lørdag var alle svømmerne med.
Rebekka F. Blix       : 1 gull
Nora Teigene           : 3 gull   
Matias Gulestøl       : 4 gull og 1 sølv + 4 gull på søndag
Katrine Ask             : 5 gull
Torstein Ask            : 5 gull
Rikka Kjelkenes       : 3 gull
Sebastian Ephithite  : 1 gull
Elisabeth Mundal     : 3 gull
 
I tillegg til desse var desse med: Anika Oostembrink (var desverre ikkje tilstede når bildet vart tatt), Jan Lukas Førde, Vegard Strandos og Markus Teigene. Markus var uheldig og skada nakken sin under oppvarminga. Han måtte trekke seg fra alle øvelsene sine.
 
Søndag var det bare Matias Gulestøl som deltok på stevnet.

KUNNGJERING OM ÅRSMØTE 27.10.2008

Årsmøtet i turlaget vert 19.11.08 kl.18.15 i Trudvang på Kjelkenes. Saker må sendast styret v/leiar Ottar Dahl, 6723 Svelgen innan 12.11.
Keipen turlag

Møte i pensjonistlaget onsdag 23.10.2008

Svelgen Pensjonistlag held møte onsdag 29.oktober kl.1700 i Småsalen.
Ymse lagssaker, sang og musikk  med tonefølgje av Erling Lunde & Jim Grinde, påmelding til førjulstreffet kaffi og mat og utlodning.  VEL MØTT!

SAMLA UTVAL STØTTA KYSTVEGEN 23.10.2008

  

I dag var Knut M. Olsen (bildet) og resten av medlemene i utvalet, samt Dina Lefdal frå Vegkontoret, samferdselsjef Ole Ingar Hereid, fylkesdirektør for plan-og næring Velaug Veum og ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger, samla til møte i Kalvåg, der skisseprosjektet for Kystvegen Måløy-Svelgen-Florø

var oppe til handsaming. Eit samla samferdsleutval følgde fylkesrådmannen si tilråding om at det framlagde skisseprosjektet skal vurderast vidare som innspel til arbeidet med handlingsprogrammet for fylkesvegnettet 2010 – 2013 (19), som ein del av Kystvegen Bergen-Ålesund.

– No er det slik at det er over statsbudsjettet det blir løyvd pengar, men transportplanen signaliserer kva rammer ein skal legge seg på. Og kan vi få til eit spleiselag med brukarbetaling, lokale og regionale bidrag og ein statleg næringsutviklingspakke, kan det kanskje opne for ei raskare framdrift av prosjektet, håpar Knut M. Olsen. Les meir i  Firdaposten.

Les også:

Stortingets Transport- og kommunikasjonskomité skal på synfaring i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 27. – 31. oktober.

 

Komiteen kjem til Florø torsdag ettermiddag, og eit av hovudtema då er kystvegen og Bremangersambandet.


Verksdirektør Steinar Talle:

Merkar ikkje finansuroa - førebels 23.10.2008

  Eurokursen gjekk i går for første gong over 9 kroner, men så langt har ikkje Elkem Bremanger merka effekten av finansuroa.

 

Dollaren vart handla for 7 kroner i går, og aldri før har den norske krona vore så svak mot Euro. Verksdirektør Steinar Talle seier dette ikkje får stort å seie for Elkem Bremanger.

– Det er ikkje noko per dags dato som har forverra situasjonen for Elkem Bremanger. Ein grunn til at vi ikkje har merka noko førebels til svingingane, er at vi lagar spesialprodukt til ein nisjemarknad, og i kontraktane har vi sikra oss mot valutasvingingar, seier han til Firdaposten.

 

  

 


Tildeling av Grønskogs Minnestipend laurdag 23.10.2008

Sogn og Fjordane Teater er for tida på turné med stykket "Oliver Twist" etter Charles Dickens kjente roman.
I forbindelse med forestillinga i Bremangerhallen lørdag skal Ole Johan Grønskags minnestipend 2008 deles ut. Stipendet er på 12.000 kroner, og det er kultursjef i Bremanger, Espen Frøysland, som skal stå for utdelinga.

Stipendmidlene kommer fra Bremanger kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Teater og minnegaver fra Grønskags begravelse.

Juryen består av teatersjef Terje Lyngstad, kultursjef Espen Frøysland og billedkunstner Maria Hjelmeland.

Ole Johan Grønskag (1972 - 2004) var utdanna møbeldesigner og interiørarkitekt ved Bergen Kunst- og Håndverksskole. Han skreiv "Filantropicana" som hadde urpremiere på Sogn og Fordane Teater i 2003, og "Siste dagar sett" som hadde urpremiere ved samme teater i 2004. "Filantropicana" blei utgitt på Skald Forlag i 2004. I tillegg til å skrive, malte han bilder og komponerte musikk.

I statuttene for stipendet heter det at det kan deles ut til skapande og utøvende unge profesjonelle kunstnere innenfor alle kunstarter, som litteratur, billedkunst, scenekunst og musikk.

400.000 kroner fra Sparebanken Sogn og Fjordane. 22.10.2008

  

      Vil gje Svelgen-samfunnet eit løft skriv Firda i onsdags avvisa...

 

      Les meir på STIF si heimeside  her


Markering av verdsdagen for psykisk helse 23.10.2008

 

Vi inviterer alle til møte

 

FREDAG 24. OKTOBER 2008 kl. 1700

PÅ SVELGEN HOTELL (KJELLAREN)

 

FOREDRAGSHALDAR INGE NORDHAUG

Teamleiar v/ regionalt resurssenter

 

VOLD, TRAUMATISK STRESS OG SJØLVMORD I VEST

 

TEMAET ER

”LIVET GÅR OPP OG NED – SNAKK OM DET”

 

Helsing

Helsestasjon og Psykisk helsearbeid

i Bremanger kommune


Bil totalskadd - snø i Magnhildskaret 22.10.2008

I Magnhildskaret mellom Florø og Svelgen vart ein bil totalskadd i møte med ein stolpe på den glatte vegbana. 

- Snøen la seg natt til onsdag. Det gjeld alle fjellovergangane i Sogn og Fjordane. Skal du over er det påkravd vinterdekk, seier vaktoperatør Kai Jonny Bugjerde ved vegmeldingssentralen.

 

Vervarslinga på Vestlandet har sett snøgrensa for alle vestlandsfylka til mellom 400 og 600 meter heilt fram til søndag. Enkelte stadar i Sogn og Fjordane kom det onsdag snø heilt ned mot 200 meter. Over helga kan kuldegradene banke på dørene til vestlandsfylka.

- Vi får mange spørsmål om dette med dekk. Grensa på denne tida av året er 31. oktober, men er det naudsynt, så bør bilistane gjere det før. No er absolutt tida for å vurdere å skifte dekk, seier Arvid Flæte, som er politioverbetjent i UP. Gebyret for ulovleg bruk av vinterdekk er 500 kroner. Flæte seier desse gebyra ikkje plar sitte laust på hausten.

- I alle fall ikkje hos UP. Det er ansvarlege folk som skiftar om dekka og dei gjer det for ein grunn. Då skal ikkje det få reaksjonar. Eg trur problemet er større om våren når enkelte køyrer med vinterdekk langt ut på sommaren, seier han. ( ill.foto) Les heile saka her.


Førstehjelpskurs på småbarnstreffet 28/10 22.10.2008

På småbarnstreffet for born fødde i 2007 og 2008

tysdag 28/10 vert det førstehjelpskurs for småbarn. Småbarnstreffet er denne gong i småsalen på

Samfunnshuset, og

tidspunktet er  kl. 18.00.

 

Vel møtt!

 

Mvh helsesøster og kultursjef

 

 Bileta er frå småbarnstreffet i januar 2008.


Vil lagre rigg-kjetting på sjøbotnen i Nordgulen 22.10.2008

Slepebåtselskapet Stadt Sjøtransport har søkt Bremanger kommune om løyve til å lagre store riggkjettingar i Djupevika og Ramsvika. Søknaden er oversend frå Kystverket til kommunen, fordi Kystverket meiner kommunen må vurdere moglege ulemper innan ferdsel og fiskeri. Bakgrunnen for saka er at Stadt Sjøtransport ønskjer å satse på inspeksjon av riggkjettingar, og grunnen til at dei må lagrast på sjøbotnen er at ein må unngå korrosjon.     Plan- og utviklingsutvalet skal behandle saka 28. oktober, melder Firdaposten.no
Foto: Stadt Sjøtransport

Blå Kors aksjonen i helga:

Bremanger ga ti kroner over landssnittet 22.10.2008

Bremanger-innbyggarane ga i snitt 46,04 kroner til TV-innsamlinga til Blå

Kors sundag. Det er nesten ti kroner meir enn landsgjennomsnittet som vart på 36,98 kroner. Det vart samla inn 117 895,50 kroner i bøssene og totalt kom det inn 179 284,06 kroner frå vår kommune.

 
Full oversikt over kommunane finn du her.

Tre frå Bremanger sjuke av flått - utan vanlege symptom 22.10.2008

 

I Bremanger er minst tre personar blitt sjuke av flått utan dei vanlege symtoma.

Ein av dei er gardbrukar og hjortejeger Brynjar Myklebust frå Ålfoten som først ved blodprøve fann årsaka til at han var sjuk.

- Eg oppdaga ikkje at eg var sjuk anna enn at eg fekk litt feber og kjende meg litt uvel, men ikkje noko av dei klassiske flåttsymptoma i mitt tilfelle. Eg trudde at dersom eg hadde fått boreliasmitte skulle eg sjå raude felt eller andre ytre teikn på at noko var gale, men det er tydeleg at det treng ikkje vere noko slikt.

 

No vil fleire han kjenner gå til lege for å få teke blodprøve. Og Brynjar Myklebust meiner foreldre bør vere nøye med å sjekke borna sine. Og flåttsesongen ser ut til å bli lengre for kvart år. Myklebust kjenner til folk som har fått flått på seg i desember.

Kommunelege Ravi Kumar i Bremanger fortel at han kjenner til tre tilfelle der folk har vore smitta av flåttbit utan at det har vore dei vanlege ytre symptoma.

- Dei kan gå i fleire veker med litt feber og muskelsmerter og kanskje utslett. Når dei kjem på legekontoret tek vi prøver med tanke på andre infeksjonar. Når desse ikkje har vist noko har vi teke prøver med tanke på flåttsmitte, og i tre tilfelle har det vist seg å vere det. Les heile saka på NRK.


Gulhaugen på rådhuset igjen 22.10.2008

Tidlegare rådmann Tor Kristian Gulhaugen er tilbake på jobb på rådhuset i Svelgen.  - Han arbeider med nokre saker som har ligge på vent i ganske lang tid. Spesielt klagesaker innan eigedomsskatt og nokre takseringssaker, seier ordførar Kåre Olav Svarstad.

|

- Vi bruker han på eit område der han har gode kunnskapar, seier Svarstad. Han kan ikkje svare på kor mykje det kostar å leige inn den tidlegare rådmannen på prosjektoppgåver. Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane.


Påminning:

FOLKEMØTE OM VINDKRAFTVERK 21.10.2008

Noregs vassdrags- og energidirektorat- NVE arrangerer :
Folkemøte om Vindkraftverk i Bremanger og Flora kommunar
Svelgen samfunnshus 22.oktober 08 kl. 19.00
Havly pensjonat torsdag 23.oktober 08 kl. 19.00
NVE har motteke fem meldingar om planlegging av vindkraftverk i Bremanger kommune. To av meldingane varslar om vindkraftverk som strekk seg inn i Flora kommune.
På møta vil aktørane orientere om prosjekta, medan NVE vil orientere om den formelle handsaminga av meldingane.
Dokumenta om saken er lagde til offentleg gjennomsyn hjå Bremanger og Flora kommunar og er tilgjengelege på www.nve.no/vindkraft.
Nærare opplysningar kan ein få ved å kontakte NVE v/Sissel Jackobsen på tlf. 22 95 90 98 eller Yngvild Pernell Haugen på tlf. 22 95 90 73

Merknader til meldingane sendast Noregs vassdrags- og energidirektorat, PB 5091 Majorstua, 0301 Oslo eller elektronisk til 
nve@nve.no  innan 8.desember 08

20.10.08 meldinga om vindkraftanlegg på Bremangerfjellet er trekt tilbake.
Les meir på Bremanger kommune sine heimesider. 

Usemje om bompenger på Kystvegen 21.10.2008

 

- Dei har lagt opp til bompengeinnkrevjing på strekninga Stårheim - Isane som vi meiner ligg litt utanfor det aktuelle prosjektområdet. Og så ynskjer vi å gjere ei grundigare vurdering av trafikktala som ligg til grunn, seier sjefsingeniør Dina Lefdal i Statens Vegvesen.

Kystvegen Måløy-Svelgen-Florø vil binde saman kommunane Vågsøy, Bremanger og Flora med eit samla folketal på 25.000. Reisetida mellom Måløy og Florø vil bli redusert frå dagens 180 til 85 minutt, og kostnadene vil kome på 915 millionar kroner. For å finansiere prosjektet er det planlagt at brukarane skal stå for om lag halve rekninga gjennom mellom anna bompengar og auka ferjetakstar. Det blir også lagt til grunn sterk trafikkauke som følgje av vegutløysinga. Dette går fram i Asplan Viak sin rapport, som

  Statens vegvesen har fleire innvendingar mot. Lefdal seier rett ut at ein kan ikkje krevje inn bompengar på ferjestrekninga Stårheim - Isane.

- Når du krev inn bompengar heiter det seg at dei som betalar skal ha nytte av det dei betaler for og at dei som har nytte skal betale. Det er ganske mange av dei som tek denne ferja som ikkje vil ha nytte av ei utbetring vidare sørover, seier Lefdal.

  Dagleg Leiar Alfred Bjørlo i Måløy Vekst, som er ein av pådrivarane bak kystvegen, føler seg trygg på at det vil vere grunnlag for delvis bompengefinansiering av vegprosjektet.

- Med dagens trafikktal meiner dei det for dårleg grunnlag for bompengeinnkrevjing, men heile poenget her er at vi får oss eit nytt raskt vegsamband som skaper heilt nye kommunikasjonshøve mellom kystbyane får vi eit heilt anna trafikkmønster. Det meiner vi dei må ta omsyn til, seier Bjørlo til NRK.



Atle Frøyen går i protest 21.10.2008

No trekkjer Frøyen seg som leiar i Ytre Bremanger Næringsråd i protest mot at UDI har bestemt seg for å plassere 70 asylantar i kommunen, skriv Fjordenes Tidende.

- Det som skjer er så bort i staur og vegg gale at det ikkje heng på greip, seier Frøyen til avisa.

Han presiserer at han vil møte asylsøkjarane med respekt, men er er klinkande klar på at det er demokrati og folkestyre som er den største taparen i det spelet som har føregått om plassering av asylmottaket.

- Her har 80-90 prosent av folk i bygda skrive under på at dei ikkje ønskjer at det vert etablert eit asylmottak i bygda. Så skal nokre få køyre over det store fleirtalet, seier han og varslar at han fråtrer si stilling som leiar i ytre Bremanger Næringsråd.

- Eg tek heller ikkje på meg fleire oppgåver for fellesskapet. Nok er nok, seier han.


Nye trimbøker frå Keipen Turlag 21.10.2008

I dei nærmaste dagane vert Fjelltrimbøkene for 2007/2008 samla inn - nye bøker vert samtidig lagt ut. Turlaget har bøker på fylgjande stader: Omvendeskaret, Sandsegga, Naustet ved Ivervann, Risevatnet 3,5 km og inst i Risevatnet, Moldahytta, Gulebrystet, Ytrehusselet og jakthytta på Ytrehus.
Alle er velkomne til å vere med på FJELLTRIMMEN, det vert premieutdeling på årsmøtet til dei dei tre som gjennom sesongen har samla seg flest poeng.
KEIPEN TURLAG

STIF-boka no i sal for kr. 100 21.10.2008

Historieboka om Svelgen Turn- og Idrettsforening, "Heia STIF!", er no i sal for  100  kr. Den 432 sider tjukke boka kosta 395 kr då den vart lansert i november 2003. Om du ikkje har sikra deg ei bok bør du gjere det før den vert utseld.

 

Boka er no så billeg at du bør sikre deg ei bok til etterkomarar, til fjerne slektningar, på hytta osv.

 

Ein smakebit frå dei 18 første sidene i boka finn du ved å klikke her.   Ein smakebit frå Fotballgruppa, i åra 1982-1991, finn du ved å klikke her.

  

Bokprosjektet har gått med overskot takka vere godt boksal og positive sponsorar , og kvar bok som vert selt framover gjev difor STIF ei rein inntekt på 100 kr.    

  

Her finn du info om innhaldet i boka.  Her kan du sjå kven som er omtala i boka, og på kor mange sider dei er omtala på.  Her   kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og boklanseringa.  Her  kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og forfattaren.  Her kan du lese kva to nøgde bokkjøparar skreiv på Fritt ord på Svelgen.no etter å ha lese boka i 2003/2004.   

  

Boka kan bestillast hos Aktiv Jobb KF (tidlegare Bakarhuset):

- epost: al@bremanger.kommune.no   

- telefon: 57792320

- postadresse: Aktiv Jobb, Bakarhuset, boks 104, 6721 SVELGEN     

I tillegg til bokprisen på kr 100, vil det koste 90 kr å pakke/sende boka, uansett om du bestiller ei eller to bøker.

   

”Bakarhuset kafe” sel og boka over disk for kr. 100. Dei har ope onsdagar og fredagar kl. 10.30-13.30, og i tida fram mot jula 2008 finn du dei i lokala til ”Keipenstova” (inngang rett over vegen frå Coop i Samfunnshusbygget).


Mykje nedbør siste to veker 19.10.2008

Dei siste 16 døgna har ein ved nedbørsstasjonen til Elkem Energi Bremanger målt 268 mm nedbør. Det er målt nedbør kvart døgn, og i fire av døgna fall det over 30 mm nedbør. Den høgste døgnverdien denne månaden vart målt i dag tidleg, då det vart målt 40,3 mm.

 

Den høgste døgnverdien som er målt hittil i år er 44,5 mm, som ein målte eit døgn både i januar og februar. Om det ikkje kjem ein høgarre døgnverdi før nyttår, så vert dette den lågaste døgnverdien ein har målt i løpet av eit år på lang tid. EEB har oversikt over alle døgnverdiar heilt tilbake til 1957.

 

Det er meldt nedbør også i dagane som kjem, så ein når nok "normalen" for oktober, som for Svelgen er 327 mm. Oktober er den månaden det vanlegvis kjem mest nedbør i Svelgen, i følge normalberekninga til Meteorologiske institutt.


Ingvald Ytrehus kandidat til Frivilligprisen 2008 17.10.2008

Svelgen TIF si store eldsjel, Ingvald Ytrehus, er ein av 13 foreslegne kandidatar til å bli Sogn og Fjordane sin kandidat til Frivilligprisen 2008.

 

Kven som vert Sogn og Fjordane sin kandidat vert avgjort 22. oktober, når Hovudutval for kultur i Fylkeskommunen har møte.

 

Les meir om kandidatane og prisen ved å klikke her. 

 

Biletet t.v. er frå 2004 då Ingvald mottok Norges Vel`s pris "Ildsjelen".

 


Auke i bemanning for Svelgen-ambulansar 17.10.2008

Ambulansetenesta i Helse Førde har no personell tilstades heile døgnet på 11 av dei 21 ambulansestasjonane til Helse Førde. 

Før var stasjonane berre bemanna med folk på dagtid, resten av døgnet hadde ambulansesjåførane heimevakter.

- For pasientane betyr dette at utrykkingstida blir redusert, seier ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde.

Før var stasjonane berre bemanna med folk på dagtid, resten av døgnet hadde ambulansesjåførane heimevakter.

I alt er det no personell tilstades heile døgnet på 11 av dei 21 ambulansestasjonane til Helse Førde.

Ei auke i bemannninga på 7,5 prosent i 2008 gjer det mogleg å utvide utvide vaktene på stasjonane i Gloppen, Årdal, Høyanger, Lærdal og Svelgen. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Kystvegen opp til handsaming i hovudutvalet 17.10.2008

Skisseprosjektet Kystvegen Måløy - Florø må inn som innspel til handlingsprogrammet for fylkesvegnettet 2010 - 2013 (19), skriv Fylkeskommunen på eiga heimeside.
Fylkesrådmannen tilrår at det framlagde skisseprosjektet for Kystvegen Måløy - Florø vert vurdert vidare som innspel til arbeidet med handlingsprogrammet for fylkesvegnettet 2010 - 2013 (19). Hovudutval for samferdsle får saka til handsaming i sitt møte 22. oktober i Kalvåg, Bremanger kommune.

Vekstselskapa  i Flora, Bremanger og Vågsøy har på oppdrag frå fylkesrådmannen, utarbeidd og lagt fram utgreiing om Kystvegen mellom Florø og Måløy inkludert strekningsvis utbetrring av Svelgen - Grov. Fylkesrådmannen meiner at prosjektet Kystveg Florø - Måløy er ein viktig del av ein framtidig kystveg mellom Ålesund og Bergen.

Utbetringstiltaka
Den framlagde rapporten er god når det gjeld å klårgjere kva utbetringstiltak som er naudsynte å gjennomføre for å få eit teneleg vegsamband mellom Måløy og Florø, og kva tiltak som er naudsynte å gjennomføre for å legge til rette for ei framtidig etablering av Elkem Solar i Svelgen.

KostadsoverslagKostnadsoverslaga som er presenterte i den framlagde rapporten er basert på einingsprisar frå Statens vegvesen.  Fylkesrådmannen vurderer kostnadoverslaget til å vere realistisk innanfor den uvissa ein har på dette stadiet av eit vegprosjekt.

FinansieringsplanFylkesrådmannen vurderer den framlagde finansieringsplanen til å vere lite realistisk, dokumentert  og analysert. 


Velkommen til ein vandring i kunsthistoria! 16.10.2008

Svelgen Kunstlag og Bremanger Folkeakademi inviterar til seks kveldar kor vi skal ta ein del ”n esten kronologiske” dykk i kunsthistorien

saman med

kunsthistorikar Espen Frøysland.

Dei første tre kveldane blir før jul, dei tre siste blir i januar.

Måndag 27. oktober

Måndag 3. november

Måndag 10. november

Alle kveldane startar vi klokka 19.00

 

 

 

Vi skal være i   Småsalen på Svelgen Samfunnshus.

 

 

FRI ENTRÉ!

Svelgen Kunstlag                                                             Bremanger folkeakademi

 


Eldre mann skadd i trafikkuhell 16.10.2008

Ein mann i 80-åra er sendt til sjukehus med lettare skader etter eit trafikkulhell.

Kollisjonen, som skjedde ved Tennøysundet mellom Kjelkenes og Svelgen på Rv614, vart meldt til poliitiet klokka 12.17.

Bilen som den eldre mannen sat i vart totalskada, medan lastebilen kunne køyre vidare.

Vegen vart stengt i litt over ein time, melder NRK Sogn og Fjordane.


BK Syveren starter opp 15.10.2008

Mandag 20.oktober klokken 17:30 blir det oppstart av bridge i kafeen på Svelgen hotell. Nye og gamle bridgespillere ønskes velkommen.

Svelgen Hotell 18. oktober:

Trond Ole Håland til Svelgen 15.10.2008

Laurdag 18. oktober vert det dans på Svelgen hotell med Trond Ole Håland. Han  er ein trubadur frå Dale i Sunnfjord som spelar på fleire strengar og instrument alt etter kva publikum han spelar for. I tillegg til å vere ein dyktig vokalist og gitarist, trakterar han både munnspel og torader. Med 18 års erfaring som spelemann frå ulike lokale band både i Sunnfjord og Bergensdistriktet. Som "pubmusiker" og ”enmanns-orkester” har han skapt stemning på dei fleste utestadane mellom Bergen og Ålesund og stiller med eit godt og variert repertoar som fenger dei fleste aldersgrupper.

 Cover kr. 100,-

Innlegg frå Sogn og Fjordane FrP:

OPPGRADERING AV SANDETUNNELLEN I SVELGEN 15.10.2008


I Fylkesvegplanen 2006-2009 er Sandetunellen i Svelgen teke med i marginallista. No er eg stygt redd for at denne tek si tid å vente på.
 Tunellar over 500 meter har blandt anna krav om brannsikring av Pe-skum,brannventilasjon og naudstasjonar.
Fylkestinget tok opp denne saka tysdag 14.oktober  og vil lyse ut anbodet på nytt, grunna med alle krava vil Sandetunellen bli ca 5 mill  dyrare enn planlagt. Det paradokse er at no når fleirtalet stemmte for at dette skal skje, vil den fortsatt ikkje vere 100 % etter krava.
FrP ville at Fylkeskommunen skulle godkjenne tilbodet som var på Fv 572 - Oppgradering av Sandetunellen  og at kostnadsoverskridelsane skulle dekkast med avsatte midlar RV 611 gang og sykkelveg i Naustdal.
Kvifor vil Frp ta pengane frå RV 611? Jau, det er Statens vegvesen har uttalt seg om at det ikkje vil vere mogeleg å starte opp med dette i 2008.Prosjekteringa har vist seg at det lyt gjerast forholdsvis store endringar i dei tidlegare planane.
I 2010 får fylket avsvaret for RV, dermed meinar FrP prosjektet i Naustdal som ikkje stod på marginallista må vike for Sandetunellen i Svelgen, og vente til 2010 slik at det kan bli fullfinansiert då.
Diverre fekk forslaget om oppstart på oppgradering av Sandetunellen berre FrP sine eigne stemmer.

Elin Førde
Sogn og Fjordane FrP

Topp 100 lista for Svelgen og Bremanger 15.10.2008

Dei 100 øverste på Svelgen-lista kan du sjå her. For heile kommunen kan du sjå her.


Skattelista for Svelgen (inntekt - formue - skatt): 15.10.2008

STÅLE MARTIN DYRSTAD

1956

6723 SVELGEN

Bremanger

1 764 341

1 642 485

525 240

ÅSE EIKESET

1935

6723 SVELGEN

Bremanger

1 253 729

3 076 344

369 802

ROALD NIGARDSØY

1960

6723 SVELGEN

Bremanger

1 142 380

0

371 236

STEINAR TALLE

1962

6723 SVELGEN

Bremanger

1 071 041

0

482 155

PER LARS SANDE

1958

6723 SVELGEN

Bremanger

1 047 198

207 297

452 590

TORLEIF SELJESTOKKEN

1952

6723 SVELGEN

Flora

936 931

918 220

282 306

TROND HATLESET

1972

6723 SVELGEN

Bremanger

913 272

0

292 738

ROBIN JOHN EPHITHITE

1960

6723 SVELGEN

Bremanger

882 750

77 000

382 814

TOM HEIMTUN

1957

6723 SVELGEN

Bremanger

814 769

704 762

340 151

GUNNAR STYVE

1970

6723 SVELGEN

Bremanger

807 988

0

298 676

ROGER MULELID

1967

6723 SVELGEN

Bremanger

788 008

0

297 948

JAN-OVE LANGELAND

1978

6723 SVELGEN

Bremanger

781 007

0

345 936

ODDGEIR STYVE

1980

6723 SVELGEN

Bremanger

763 764

0

320 041

KJELL ÅGE BUEIE

1974

6723 SVELGEN

Bremanger

747 909

0

275 908

JOSTEIN BJØRDAL

1944

6723 SVELGEN

Bremanger

712 308

2 630 306

294 399

KYRRE GULESTØL

1967

6723 SVELGEN

Bremanger

706 858

0

304 816

STEINAR ROLF SVARSTAD

1957

6723 SVELGEN

Bremanger

699 365

50 144

289 360

TERJE IGLAND

1969

6723 SVELGEN

Bremanger

671 839

0

283 522

ROALD DYRSTAD

1938

6723 SVELGEN

Bremanger

626 484

289 707

175 126

BØRGE OLAV TEIGENE

1965

6723 SVELGEN

Bremanger

625 280

654 326

259 806

|


Dansegalla i Bremangerhallen 1.11 14.10.2008

Det blir dansegalla i Bremangerhallen laurdag 1. november kl. 19.00

Program, mat, dans og loddsalg.

Danseorkester:

  • ”Hela i taket”
  • Havtrekken
  • Bremanger- og Svelgen trekkspelklubb


Bill.pris: 350,- inkl. mat, dans og transport.

Skyss:
Buss frå Svelgen kl. 17.00
Buss frå Ålfotkrysset ca kl. 17.30
Buss frå Davik ca kl. 17.50
Buss frå Rugsund ca kl. 18.20 og til Berleporten, Oldeide og Dalen
Rutebuss frå Kalvåg kl. 18.00

Retur kl. 01.30


Ta med dansesko, dansehumør å bli med og dans!


Påmelding til:
Anny Klungreset tlf: 57 79 13 38 / 977 08 729
Inger Larsen tlf: 57 79 21 80 / 472 78 719
Hans Bakke tlf: 57 79 47 31 / 918 16 270
Møyfrid Hestetreet tlf: 57 79 31 42
Åse Frøyen tlf: 57 79 34 12


Påmeldingsfrist: 25. oktober 2008


Ledig stilling innen renhold 14.10.2008

Grunnet økende arbeidsmengde i Svelgen og omegn, søker BB-gruppen medarbeidere/vikarer innen    daglig renhold og temporære arbeidsoppgaver. Sjå ledig stilling til venstre.   


LANGTIDSVARSEL!!! 14.10.2008

 
DEN TRADISJONSRIKE SKJELTEFESTEN PÅ KJELKENES GÅR AV STABELEN FREDAG 22. NOVEMBER.
SET AV DATOEN ALLEREIDE NO!
 
NÆRARE INFORMASJON KJEM ETTER KVART.
 
U.L. FRAMOVER

4H haustfest på Trudvang 14.10.2008

 

Måndag 20. oktober kl 18.00 skipar 4H klubben

på Kjelkenes til den årlige haustfesten sin. Her

stiller medlemmene ut prosjektoppgåvene sine som

dei har arbeidd med dette året. Dei har valt forskjellige

emne slik som aspirant, foto, informasjon, avløysar, baking,

gitar og jakt og fangst.

 

Dei byr og på underhaldning, loddsal, kaffi og kaker .

Alle er velkomne til utstilling og haustfest i Trudvang.

 

Utstillingane er open frå kl 17.30

 

Helsing 

Røsslyngen 4H


Oppstart av Friidrettstrening inne i Idrettshuset. 13.10.2008

 

   Etter ein kjempe fin friidrettssesong ute, starter vi no med innetrening i

   Svelgen Idrettshus. Første trening blir mandag 20.oktober kl.18.00.

 

   Treningstidene finner du på Friidretten si side  her


Innlegg frå Jonvald Naustdal:

Til ungdom i Svelgen 12.10.2008

 

 

Dette er ei spesialmelding til ungdom i Svelgen, det gjeld storstova vår, Svelgen Samfunnshus. Kom og bli med. Det gjeld eit hus vi alle har eit forhold til og som dei aller fleste har vore innom i samband med fest og andre arrangement. De har sikkert lagt merke til at det alltid er folk på plass som organiserer og syter for at alle som stikk innom har det bra.

Kven er det som oftast står for dette arbeidet? Eg brukar kalle dei eldre ungdom, det er ein heidersbetegnelse, det er gjerne folk langt opp i åra, pensjonister for lenge sidan. Dette er hovedkreftene, ho bestemor og han bestefar. Det er flott, men kvar er de?

 

Mitt poeng er at no må vi også forløyse dei unge friske kreftene som er i yngre menneske til å ta eit felles tak for noko som vi alle er glade i og som eg trur alle vil sakne den triste dagen det eventuelt vert avstengt.

 

Det er kjekt å sjå at folk arbeider saman om ei god sak. Sjå kva pensjonistane har fått til med den nye pensjonistkafeen. Dette har krevd hardt arbeid, men så er også resultatet glade aktørar.

 

I desse Terra-tider er det likevel positive folk som arbeider for ny kystveg og ny Solarfabrikk.

Ein ser også at det er komme nye arbeidsvillege mennesker til Svelgen. Bygda er ikkje prega av pessimisme, men av optimisme for framtida. Eit industrisamfunn som Svelgen treng aktive folk også på fritida.

 

Tenk om vi alle kunne vere med for Svelgen Samfunnshus.

 

I dag er eit Interimstyre som driv samfunnshuset. Dei som sit der er Anne Lise Gilleshammer, Astrid Berle, Espen Frøysland, Ove Jon Hessvik og John Fløtre. Interimstyret driv ein rein redningsaksjon for å redde hus og drift.

 

Det skal velgast nytt styre for Svelgen Samfunnshus på nyåret 2009.

Det er oppretta ein valkomite som består av Sissel Myklebust, Konrad Ryland og Jonvald Naustdal.

 

Valkomiteen oppfordrar til diskusjon om Svelgen Samfunnshus. Finn kandidatar til styret, meld deg på sjølv. Valkomiteen tek i mot alle forslag ved henvendelse.

 

For valkomiteen Svelgen Samfunnshus

Jonvald Naustdal


160 vindmøller til Bremanger? 12.10.2008

Dersom søknadene som denne veka kom inn til fråsegn hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane går gjennom, vil det bli tett mellom vindturbinane i Bremanger. I alt kan kring 160 møller bli fordelt på dei fem anlegga.

- Dette er alvorleg mange. Det kan bli for mykje av det gode dersom alle blir realiserte, seier rådgjevar Tore Larsen på miljøvernavdelinga til Bergens Tidende.


I det 20 kvadratkilometer store området Guleslettene vest om riksvegen mellom Florø og Svelgen, har ikkje mindre enn to selskap meldt frå om planane sine til Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE).

Fred Olsen Renewables vil byggje 67 vindmøller. Selskapet reknar med ein årsproduksjon på 640 GWh. Dette svarar til straumforbruket for kring 25.000 husstandar. Konkurrenten Zephyr legg opp til å plassere ut heile 75 vindmøller på same området. Energiproduksjonen blir likevel noko lågare, fordi installert effekt av kvar turbin er mindre. Zephyr er eigd av Østfold Energi, Vardar (tidlegare Buskerud Fylkeskraft) og danske Dong Energy.

Dersom milliardæren Fred Olsen får gjennomslag for sine planar, vil Guleslettene vindmøllepark bli ein av dei største produsentane av vindenergi i landet. Av igangsette kraftverk er Statkrafts anlegg på Smøla i Møre og Romsdal det største. Her står det 68 vindmøller som produserer 450 GWh i året. Kraftverket på grensa mellom Flora og Bremanger blir likevel mindre enn anlegget som selskapet Havgul har fått konsesjon til å byggje i sjøen utanfor kommunane Sandøy og Aukra i Møre og Romsdal. Her skal 117 møller produsere 1000 GWh.

 På Bremangerlandet vil Vestavind Kraft byggje to vindmølleparkar, ein på Steinfjellet og ein nord om   Berle. Totalt kan det bli snakk om over 50 turbinar. Bak Vestavind står sju energiselskap på Vestlandet; BKK, Sognekraft, Sunnfjord Energi, SFE Energi på Sandane, Haugalandet Kraft, Sunnhordland Kraft og Tafjord Kraftproduksjon i Møre og Romsdal.

I eit anna område lenger vest på øya, vil Bremanger Kraft føre opp 20 vindmøller. Sentralt i dette selskapet er Per A. Løken, ein professor frå Austlandet som også tidlegare har lagt fram planar om ein vindmøllepark i dette området.

Vestavind vil også byggje vindmøller på fastlandet. Selskapet har meldt frå om at dei er i gang med å planleggje eit anlegg med 12 vindmøller ved Hennøy sør om Svelgen.

 22. og 23. oktober skal NVE halde offentlege møte fleire stader i Bremanger for å informere om dei omfattande planane. Samla vil dei aktuelle anlegga kunne produsere nok straum til å forsyne kring 50.000 husstandar.

Ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen legg dei ikkje skjul på at dei helst hadde sett ei meir konsentrert utbygging.

- Slik vi ser det er det eit problem at desse anlegga blir liggjande på kvart sitt nes, seier rådgjevar Tore Larsen.

I Sogn og Fjordane blir det no arbeidd med ein fylkesplan for vindkraftanlegg, men denne blir tidlegast ferdig om eitt år. Inntil vidare er det NVE som i siste instans avgjer enkeltsøknader.


Anne skal leie Framtidsfylket AS 12.10.2008

Ho skal bryte grenser og gjere fylket attraktivt for arbeidssøkjande tilflyttarar.

Anne van Oorschot meiner ho har fått draumejobben når ho frå nyttår tiltrer som dagleg leiar i det nye selskapet Framtidsfylket AS.

Når Anne van Oorschot trer inn i sjefsstolen frå nyttår, har ho full fokus på å vise andre kva karrieremoglegheiter som finst i Sogn og Fjordane. Fylket si eiga merkevare – Framtidsfylket, skal byggjast. Dette skal vere ei idealistisk og positiv merkevare som kan nyttast i alt rekrutteringsarbeid til fylket vårt. Målet er å framheve Sogn og Fjordane som eit attraktivt framtidsfylke for unge tilflyttarar.

- Eg er sjølv innflyttar i fylket og ser at her er meir enn kva folk trur. Ofte har dei som flytter ut frå fylket for å studere ein heilt anna oppfatting av jobbmarknaden her enn kva som er tilfellet. Den store oppgåva for Framtidsfylket blir å synleggjere moglegheitene som finst, seier Anne som gledar seg til å ta fatt på det nyskapande arbeidet i januar. Les heile artikkelen i Firdaposten.


Liv Signe Navarsete:

- Elkem må vere med å betale veg 12.10.2008

- Elkem må vere med å betale betre veg mellom Florø og Svelgen.

Det seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) til firda.no. Ho deltok på kystvegkonferansen i Florø, der det ambisiøse målet var byggje betre vegar, bruer og tunnelar langs heile kysten frå Bergen til Ålesund.


 

Leiinga på Elkem Bremanger seier at betre veg Florø-Svelgen er avgjerande for at konsernet vil satse 3,5 milliardar på ein fabrikk som skal produsere råstoff til solceller.

- Det einaste realistiske for å få dette til, er å setje saman ein pakke der Elkem er med, meiner samferdsleministeren.

- Dess meir forpliktande Elkem vil vere, dess større er sjansen for å få dette til. Då kan også eg gå til næringsministeren og be om pengar, utdjupar Navarsete.


 

- Talsmenn frå næringslivet i Flora og Førde seier at næringslivet godtek bompengar for å få dette til. Kor viktig er det?

- Bompengar kan vere eit svært viktig bidrag. Dess meir forpliktande og dess meir konkret, dess betre, seier Navarsete.

Her kan du sjå kva Firdaposten skriv om saka.


FOLKEMØTE OM VINDKRAFTVERK 12.10.2008

Noregs vassdrags- og energidirektorat- NVE arrangerer :
Folkemøte om Vindkraftverk i Bremanger og Flora kommunar
Svelgen samfunnshus 22.oktober 08 kl. 19.00
Havly pensjonat torsdag 23.oktober 08 kl. 19.00
NVE har motteke fem meldingar om planlegging av vindkraftverk i Bremanger kommune. To av meldingane varslar om vindkraftverk som strekk seg inn i Flora kommune.
På møta vil aktørane orientere om prosjekta, medan NVE vil orientere om den formelle handsaminga av meldingane.
Dokumenta om saken er lagde til offentleg gjennomsyn hjå Bremanger og Flora kommunar og er tilgjengelege på www.nve.no/vindkraft.
Nærare opplysningar kan ein få ved å kontakte NVE v/Sissel Jackobsen på tlf. 22 95 90 98 eller Yngvild Pernell Haugen på tlf. 22 95 90 73

Merknader til meldingane sendast Noregs vassdrags- og energidirektorat, PB 5091 Majorstua, 0301 Oslo eller elektronisk til  nve@nve.no   innan 8.desember 08.
Les meir på kommunen sine heimesider. 

Opning av NAV-kontoret i Bremanger 12.10.2008

Det var ei fin og høgtidsprega opning i rådhushallen i Svelgen i går, tysdag 7. oktober   då NAV kontoret i Bremanger offisielt vart opna.
Representantar frå fylket, kommunen, næringslivet og tilsette ved Rådhuset var samla i rådhushallen i Svelgen då NAV-kontoret i Bremanger vart offisielt opna i går.

Leiaren for NAV-kontoret i Bremanger, Astri Berle, helsa alle velkomne til opninga av kontoret, som er ei samanslåing av trygdeetaten og Aetat.

Dei flytta inn i dei nyoppussa lokala på Rådhuset 10. september saman med sosialtenestene i kommunen. Dei har brukt tida fram til no til å komme i orden og få oversikt over alt det nye samanslåinga inneber. Berle understreka at dei med denne offisielle opninga vil markerer ei viktig hending både for dei tilsette og for heile kommunen. Meir i Fjordenes Tidende.

Info frå kultursjefen: Spelemidlar 12.10.2008

SPELEMIDLAR TIL ANLEGG FOR IDRETT, FYSISK AKTIVITET OG NÆRMILJØANLEGG

 

Kulturdepartementet løyver kvart år spelemidlar for idrett, friluftsliv og nærmiljøanlegg.

 

Kven kan søkje?

Kommunar, idrettslag, samanslutningar som er organisert under Noregs Jeger-og Fiskeforbund, Den Norske Turistforening, Noregs Bilsportsforbund, Det Frivillige Skyttervesen, lutlag eller andre samanslutningar som ikkje har næring som føremål kan søkje om tilskot av spelemidlane. For nærmiljøanlegg kan også velforeiningar / grendalag og burettslag vere søkjarar.

 

Kva kan det søkjast om?

Det kan søkjast om tilskot til bygging og /eller rehabilitering av anlegg for idrett, friluftsliv eller nærmiljøanlegg, Det er ein føresetnad at anlegget ligg inne i kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Planen er til rullering, men dei som har sendt inn innspel kan søkje, sjølv om planen ikkje førebels er vedteken.

 

Kor stort er tilskotet?

Der ikkje anna er bestemt kan ein få tilskot til ordinære anlegg inkludert rehabilitering på inntil ein tredel av godkjent kostnad. Maksimal tilskotssum er kr 700.000. For somme anleggstypar er det fastsett særskilde tilskotssummar.

 

Nærmiljøanlegg:

 

Ordinære anlegg

Nærmiljøanlegg er anlegg eller område som er lagt til rette for eigenorganisert fysisk aktivitet, gjerne i tilknyting til bustad- og eller opphaldsområde. Er kostnadsramma mellom kr 400.000.- kr 80.000,- er det ein føresetnad at anlegget ligg inne i kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Her kan det bli gitt tilskot på inntil 50 % av kostnadssummen.

 

Mindre kostnadskrevjande anlegg

Mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg er anlegg med ein godkjent kostnad inntil kr 80.000,-. Den nedre grensa for å kunne søkje er 20.000. Det blir gitt tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad. Dette er anlegg som det kan søkjast om tilskot til gjennom heile året, og som ikkje treng stå i kommunedelplanen.

 

Søknadsskjema med rettleiing:

Søkjarar finn søknadsskjema på nettsida www.idrettsanlegg.no

 

Her ligg og lenker til relevante publikasjonar.

Søknadsfrist for anlegg i Bremanger kommune er 15. november 2008.

 

Til dei lag og organisasjonar som ønskjer det, vil Kulturkontoret halde informasjonsmøte om elektronisk søknad på spelemidlar i Formannskapsalen på rådhuset onsdag 29. oktober klokka 12.00

 

 

Espen Frøysland

Bremanger kommune

Kultursjef


Melding i frå verksleiinga ved Elkem Bremanger:

Stans på Ovn 5 10.10.2008

Ovn 5 skal dei neste to vekene ha vedlikehaldsstans. Søndag 12.oktober vil det i samband med nedkøyring av ovnen, bli noko støy i frå området. Dette som informasjon til Svelgen sine innbyggjarar.

Statsbudsjettet lagt fram no:

Pengar til Bremanger-sambandet 07.10.2008

  

Regjeringa satsar 28 milliardar kroner på samferdsle, og løyver pengar til Bremangersambandet.

 .

 

Regjeringa gjer framlegg om ei rekkje investeringar og tiltak på riksvegnettet i Sogn og Fjordane, både på stamvegane og på andre riksvegar.

Innanfor den statlege investeringsramma er det sett av midlar til prosjektering og kjøp av grunn for andre del av fastlandssambandet til Ytre Bremanger (riksveg 616 Langsjø – Kolset) og riksveg 609 Dalsfjordsambandet.

 

Departementet legg til grunn at Bremangersambandet og Dalsfjordsambandet vil inngå i det framtidige regionale vegnettet etter forvaltningsreformen og at fylkeskommunen blir ansvarleg for finansiering frå 2010.

I dei finansieringsplanane som no ligg føre er det lagt til grunn fullfinansiering med statlege midlar, medrekna alternativ bruk av ferjetilskott. Les heile saka i Firdaposten.


Tor Bremer (Ap):

Vil legge ned flyplass for ny veg 07.10.2008

Fylkesvaraordførar Tor Bremer (Ap) vil skaffe pengar til Kystvegen og opprustinga mellom Olden og Innvik ved å leggje ned Sandane lufthamn.

Bremer seier han kjem til å setje dette på dagsorden i Sogn og Fjordane Arbeidarparti ved første høve.  – Samfunnet og trafikkmønsteret endrar seg. Når Kvivsvegen opnar om fem år, vil ein tredel av brukargrunnlaget ved Sandane lufthamn forsvinne. Då blir det samfunnsøkonomisk heilt feil å halde denne flyplassen oppe, seier Bremer, som er Aps gruppeleiar i Fylkestinget.

– Samstundes har vi ein situasjon der kysten ikkje får løyst ut potensialet sitt, der ei milliardinvestering i Svelgen er avhengig av vegbygging, og der eit vegsamband mellom Måløy og Florø vil knyte Ytre Nordfjord betre opp mot Flora lufthamn. I denne situasjonen må vi politikarar ha mot til å handle, og ikkje bli bremseklossar for samfunnsutviklinga, seier Bremer til firda.no.

Tor Bremer ser føre seg å bruke flyplassmillionane etter same prinsipp som når ferjeavløysingsmidlar blir sett inn i vegprosjekt.

– Når dette blir gjort ved nedlegging av ferjesamband, må det også kunne gjerast når utviklinga gjer ein flyplass overflødig, seier Bremer.


NAV opning i Svelgen 7. oktober 04.10.2008

 

Tysdag 7. oktober er det offisiell opning av NAV Bremanger, i kontorlokala i 1. etasje på Rådhuset i Svelgen, opplyser leiar Astri Berle.

NAV Bremanger har sju tilsette som tidlegare har arbeidd ved sosialtenesta og innvandartenesta i Bremanger kommune og ved NAV Bremanger trygd.

- Arbeid – og velferdsetaten (NAV) sine arbeidsoppgåver skal i stor grad ha fokus på at alle som kan, skal vere i arbeid eller aktivitet. Det er likevel slik at alle skal kunne kontakte kontoret for å få informasjon og rettleiing om ulike stønadsområder i sosialtenestelova og folketrygdlova, seier Berle til Firdaposten.

 

Lise håpar å bli bondes utvalde 04.10.2008

Firdaposten har snakka med Lise Buset (34)(i midten) frå Svelgen håpar å bli grisebondens utvalde.,

Ho er ei av dei seks jentene som grisebonden Ola Sylte (29) ville ha med seg vidare i TV2-programmet «Jakten på kjærligheten».

– Det var ei veninne av meg som sende inn brevet, etter at presentasjonen av dei aktuelle bøndene i TV-programmet vart vist i reprise, fortel Lise, til avisa. 

Lise vedgår at det er utruleg spesielt å vere med i «Jakten på kjærligheten».

– Eg var veldig nervøs framfor møtet med Ola, men det gjekk greitt. Han er ein kjempekjekk fyr, og det var veldig koseleg å snakke med han.  (Foto: TV2)


Idrettskule 03.10.2008

 

Det er feil på lista til Idrettskulen, haustferien er sjølvsagt i veke 41 og ikkje veke 42.

Det vert dermed ikkje Idrettskule neste veke.


Firdapostenredaktør Svend Arne Vee:

- Ny veg gir ikkje Solar-fabrikk 03.10.2008

 

Redaktør i Firdaposten Svend Arne Vee meiner at kampen om betre veg er feil fokus i konkurransen om å få Solar-fabrikk til Svelgen og Elkem Bremanger. I ein leiar skriv han følgjande:
" Kampen for nye og framtidsretta arbeidsplassar i Svelgen innan solcelleindustrien er av mange utpeikt som det viktigaste industriprosjektet i Sogn og Fjordane dei komande åra. Så langt har Elkem Bremanger måtta stå på ventelista. Elkem-konsernet har konsentrert seg om Fiskå, og trinn ein og to i metallkonsernet si sol-satsing har til no kome sørlendingane til gode. Men det vil kome fleire fabrikkar, og håpet er sjølvsagt at det ved neste korsveg skal vere Svelgen sin tur.

Mange har meint mykje om korleis Bremanger kommune, fylkeskommunen og andre interessegrupper kan lobbyere og arbeide for Svelgen-kandidaturet. Ei sak som har fått mykje merksemd i media siste året, er ny og/eller utbetra veg mellom Svelgen og Grov. Skal ein sikre god logistikk og få folk interesserte i å kome til Svelgen for å arbeide, må kommunikasjonane til og frå industribygda bli betre, er omkvedet.

Det kan så vere. Men det uroar oss at vegsaka så til dei grader har dominert vinklingane, utspela og synspunkta det siste året. Vi meiner kommunen, fylkeskommunen, Svelgen Utvikling og andre aktørar skal passe seg vel for å gjere vegsaka til eit vere eller ikkje vere for ei mogleg Elkemsatsing. Rett og slett fordi det ikkje er sanninga". Les heile leiaren i Firdaposten.

 


Bilbrann ved Magnhildskaret 03.10.2008

Politiet fekk melding om ein bil i brann ved Magnhildskartunnelen på Rv 614 mellom Svelgen og Florø.

Dei fekk melding klokka 17.05 torsdag. Ingen personar er skadd. Politiet og brannvesen var på staden, der brannvesenet fekk sløkt flammane.

Politiet veit førebels ingenting om årsak til brannen, men det vert oppretta sak.

Ein person var i bilen, men vart ikkje skadd, melder Firda.


Svelgen oppvekst

Operasjon Dagsverk 2008 02.10.2008

 

8.-10. klasse ved Svelgen oppvekst skal arrangere OD-dag

torsdag den 30. oktober.

Kan du skaffe oss jobb? – Ta kontakt!

Les meir på heimesida til Svelgen oppvekst her.


01.10.08. Svelgen Stadion.

Siste runde av Stavkarusellen og tre nye personlegerekorder.. 02.10.2008

 

       Les meir på Friidretten si side her


Fråsegn frå 8 næringslivorganisasjonar

Les heile fråsegna på SNR-sida 02.10.2008

På Svelgen Næringsråd si nettside har du no høve til å lese fråsegna, vedr krav om dei tre vegprosjekta, i si heilheit. Klikk her.

Måløy-Svelgen-Florø med bompengar? 02.10.2008

RV5 er snart bomfri, og det opnar for å bompengefinansiere både betre E39 og ein ny kystveg, meiner åtte næringslivsorganisasjonar i Nordfjord og Sunnfjord. 

Krava er oppstartsløyvingar til Bremanger 2, ny brukarfinansiert kystveg mellom Måløy og Florø – og opprusting av E39, også dels gjennom brukarbetaling.

Næringslivsorganisasjonane spissar no profilen inn mot samferdsleminister Liv Signe Navarsete (bildet) sitt besøk i Florø 10. oktober. Les meir i Firdaposten.

 

 

NRK Sogn og Fjordane melder i saka:

- Det sit langt inne hjå næringslivet å akseptere brukarbetaling. Men no må vi få gjort ei heilskapleg samfunnsinvestering som er tvingande nødvendig. Å knyte tettare kontakt er eit vere eller ikkje vere for dette fylket, seier Rolf Årdal i Sunnfjord næringsråd og Leif Arne Åsen frå Førde Industri Foreining.

Dei krev no at Bremanger 2 blir starta opp med midlar over statsbudsjettet neste år. Når det er ferdig vil dei at bygginga av kystvegsambandet Flora-Bremanger-Måløy skal ta til.

 

Firda: Vegsatsinga det tunge næringslivsmiljøet tek til orde for, vil skape ei kommunikasjonsåre som går frå Måløy i nord, via Bremanger og Flora, innover til Førde og derifrå sørover mot Bergen. Satsingsområdet går i ein stor boge utanom HAFS-regionen, og Dalsfjordbrua er ikkje nemnt i det heile i næringslivsinitiativet.


Lovande oljefunn vest for Bremanger 02.10.2008

   

  Det er funne eit oljereservoar om kan innehalde mellom 57 og 100 millionar fat. Funnet er gjort av selskapet Revus Energy ASA i feltet Jordbær Central, som ligg nordaust for Snorre-feltet og vest for Bremanger. – Vi er svært nøgde med resultata frå boringa på Jordbær Central. Begge brønnane som er bora har synt veldig gode reservoareigenskapar, seier Harald Vabø, administrerande direktør i Revus Energy, i ei pressemelding.  Vabø trur det er gode utsikter til å finne meir olje i den delen av Jordbær Central som ikkje er bora, og i fleire andre leiteområde i nærleiken.  Selskapet ventar at det trengst 4–6 brønnar til for å utforske området, men så langt har vi all grunn til å tru at funnet vil vere drivverdig, seier Vabø.

Rebus Energy trur den delen av Jordbær Central som ikkje er bora, kan innehalde 30–40 millionar fat olje .


Høgre etterlyser ordføraren i asylsaka 02.10.2008

Ein meir sakleg debatt, helst basert på solide fakta. Og med ein godt synleg ordførar som deltakar i ordskiftet. Det er ønsket frå Høgre-leiar Audun Åge Røys (bildet) , som no går ut og kallar debatten så langt for einsidig.

– Vi ser at saka engasjerer mange i kommunen. Difor må vi ta saka på alvor. Høgre sitt utgangspunkt er at vi i tillegg til utfordringane også må sjå moglegheitene – og ikkje utelukke positive løysingar, seier Røys.

  Når det gjeld ordføraren si rolle så langt, er han derimot ikkje så positiv.

– Det verkar rett og slett ikkje som ordføraren vår har så mange meiningar i denne saka. Han verkar å følgje den vegen vinden blæs, meiner Høgre-leiaren, som meiner dette er eit feil signal i ei så krevjande sak for kommunen.

Bremanger Høgre åtvarer også mot å innta for bombastiske ja- eller nei-standpunkt, også for kommunens politiske parti. Les heile artikkelen på Firdaposten.no


Bremanger får ressursstyringssystem 02.10.2008

TietoEnator vant anbudskonkurranse og skal levere Ressursstyringssystem til 7 kommuner i Nordfjord. De syv kommunene i Nordfjordsamarbeidet (Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy) har inngått kontrakt med TietoEnator om leveranse av IT-løsning for ressursstyring. Kontrakten innebærer også en gjensidig forpliktelse til å utvikle systemet slik at det inkluderer alle ansatte i kommuneorganisasjonene. Prosessen med implementering starter umiddelbart og vil pågå i ulike faser ut 2008 og 2009. Dette melder TietoEnator på sine heimesider.

Auke i viltpåkøyrslar

Men færre samanstøyt i Bremanger 02.10.2008

    

I Sogn og Fjordane vart det registrert totalt 233 samanstøytar mellom bil og vilt i 2007. Dette er ein auke på over 20 prosent frå 2006, då det var 188 samanstøytar. For vår kommune har det vore ein nedgang. Statistikken viser at det i 2005 var 8 påkjørslar, 2006 19 og i fjor 10.

Likevel har alle fylka på Vestlandet har hatt ein jamn auke i talet på viltpåkøyrslar dei siste åra. Størst auke står Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal for. Øvst på lista over kommunane i Sogn og Fjordane er Naustdal og Sogndal med høvesvis 27 og 22 kollisjonar mellom dyr og motorvogn i 2007.

Skadesjef Harald H. Karlsen i Gjensidige meiner det er ein samanheng mellom storleiken på hjorte-/viltstammen og talet på kollisjonar.
– Det er i alle fall stor grunn til å tru det. Det er ikkje mange tiltak som hjelper mot hjort/viltulykker, men forskarane har funne ut to ting. Det eine er å rydde vegetasjonen langs vegen. Det andre er avskyting for å få ned bestand, seier han.

 
Det er om hausten risikoen for kollisjonar mellom bil og vilt er størst, og månadene august til november er spesielt utsette.
– Vi ser også svært klart at det er på ettermiddagen, når det byrjar å verte mørkt, at det skjer flest påkøyrsler av dyr, seier Karlsen.

 
Bilistane kan sjølv gjere tiltak som minskar risikoen for påkøyrslar.
- Folk må respektere fartsgrensene og vere spesielt merksame når dei passerer hjort/viltskilt. Det er ein grunn til at skilta er plassert ut der dei står, seier Karlsen og viser til at i nokre tilfelle er skilta i utsette periodar også utstyrt med blinkande lys.
Mange millionar forsikringskroner vert utbetalt kvart år for materielle skader ved viltpåkøyrsler i Sogn og Fjordane. – Vi ser at erstatningsutbetalingane på den type ulykker er gjennomsnittleg ganske høge på slike skader. Det som likevel uroar skadesjefen mest, er alle dei alvorlege personskadene ein ser etter slike ulykker. Køyr forsiktig og ta omsyn, spesielt der det er skilta, seier Harald H. Karlsen til Fjordabladet.

 


Svelgen hotell fredag 3. okrober:

Påminning om eventyrleg foredrag! 02.10.2008

Fredag kan du oppleve ei fantastisk historie frå ein eventyrlysten seglar, Odd-Rune Midtvik også kalla Maxi. Maxi er for tida i gong med si andre jordomsegling som han kombinerer med arbeid i

Nordsjøen. Han har denne gongen segla aleine, både over Atlanteren og store deler av

Stillehavet. Maxi vil halde foredrag i Svelgen. Florø og Måløy før han set seg på flyet for å

segle båten sin vidare frå Malaysia.

Vi er glad for at eventyraren og livsnytaren Odd-Rune Midtvik vil meddele sine spennande

opplevingar med oss alle, og ønskjer alle hjarteleg velkommen til en reise i historier, musikk,

film og bilde.

Les meir på Vestørn si heimeside     og sjå film på Youtube

Pris 140,- fredag 3. oktober kl. 2000


Innkalling:

Årsmøte 2008 Svelgen skulemusikk 02.10.2008

 

Innkalling til årsmøte i Svelgen skulemusikk.

Stad : Svelgen oppvekst.

 

Dato: Tirsdag 21. Oktober

Tid: Kl 18.30.

 

 

Sakliste:

 

Vanlige årsmøtesaker.

 

Saker til årsmøte må til styret innan 7. oktober.

 

 

 

Styret Svelgen Skulemusikk

 

30. september 2008


Fint haustvèr i Svelgen:

Frå Sandesida ut Nordgulen onsdag kveld 01.10.2008

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle foto: Frank Ryland


1.oktober.

Siste stavkarusellen i år... 01.10.2008

     vært kl.17:30 i dag på Svelgen Stadion.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars