Arkiv Okt 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Lørdag 17. november:

Skjeltefest i Trudvang 31.10.2007

Skjeltefest etter god gamal tradisjon i Trudvang laurdag 17. november kl. 2000.
 
Meny:
    Gløgg
    Skjelter m/ tilbehør
    Riskrem
    Kaffi og kaker
 
Bar med forfriskningar.  Dans til musikk av Lunde`s
Pris pr. person kr. 300.-
 
Påmelding til tlf. 57793636 - 90116433
innan 10. november.
 
arr.: U/L Framover/Trudvangs venner

Skulemusikk basar 3. november 31.10.2007

 Det blir skulemusikkbasar l aurdag 3.november

 

Svelgen samfunnshus kl.12.00

 

Salg av kaffi og kaker

Salg av 21

Åresalg

 

Trekning av hovudlotteri ca kl.14.30

 

VELKOMEN!


Nattcup på Idrettshuset 2. november 29.10.2007

 

For ungdommar frå 8. klasse til 18 år

 

Stad: Svelgen Idrettshus

Tid:   2. november kl. 20.00 - 01.00

 

 

Med atterhald om påmeldingar vert det cup i fotball, innebandy, volleyball.

 

Andre aktivitetar:

Bordtennis, biljard

Pistolskyting mellom kl 21.00 – 24.00, 20kr for 50 skot.  

 

 

Alle samlast i hallen klokka 20.00, der det vert påmelding av lag.

Laga skal vere samansett av både jenter og gutar, 6 personar på kvart lag.

 

Open kiosk!!

Inngangsbillett    kr. 50,-

 

Det blir mange fine premier som blir trekt ut på inngangsbiletten !!

 

 

 

 

Skal du fylgje buss, ring Kristine på mobil 91 14 17 68, før

onsdag 31. oktober.

NB: Dersom få påmeldte innan fristen lyt vi avbestille bussen.

 

Bussbillett tur/ retur                      kr 50,-     

 

Buss frå Kalvåg                                kl. 17.30

Buss frå Grotle                                 kl. 18.00

Buss frå Davik                                  kl. 19.00

Buss frå Ålfoten vegkryss               kl. 19.20

Retur klokka 01.00

 

Vi håpar mange kan møtast til ein hyggjeleg kveld!

 

Helsing Bremanger ungdomsråd og STIF


Roger & Geir til Svelgen i helga 29.10.2007

Roger & Geir er ein duo fra musikk-miljøet i Stryn.

Duoen består av to rutinerte musikere med lang fartstid innan forskjellige band. Roger & Geir er begge vokalistar som også trakterer gitaren godt. For å få et godt samspelt orkester har dei valgt den ikkje så uvanlige løysinga, nemlig å medbringe resten av bandet godt forvart på boks (keyboard). Den innebygde bassisten og trommeslager pluss nokre messing-blåsara ilag med desse to karane på gitar, får denne duoen til å låte som om dei har eit heilt orkester i ryggen.
Med eit godt lydanlegg, godt og varieret reportoar der dei skiftar enkelt mellom swing, country, rock , pop og små doser med gammaldans, lovar denne duoen at publikum skal få ein trivelig kveld.
3. november kjem deil til Svelgen Hotell.

Tok promillekøyrar sør for Svelgen 29.10.2007

Politiet pågreip laurdag morgon ein person på Indrehus, mellom Grov og Svelgen, mistenkt for promillekøyring.
Mannen i 30-åra vart teken med til promilleprøve på legevakta i Florø.

Det var etter tips frå publikum at mannen, som ifølgje politiet var synleg rusa, vart pågripen

Tok giganthummer utanfor Svelgen 29.10.2007

 - Oi! Det var litt av ein gigant, seier forskar Gro van der Meeren om hummaren som hobbyfiskar Anfinn Solheim drog opp utanfor Svelgen.

I fleire år har den overlevd teiner og ruser, og hatt eit godt og næringsrikt liv på botnen av Nautesundet i Vevlingen utanfor Svelgen. Men onsdag i førre veke var det slutt for hummaren. Solheim kunne ikkje gjere anna enn å sperre opp augene då han fann giganthummaren i torskerusa. Han har aldri sett liknande etter at han tok til som fiskar i 1948.

- Eg trur hovudkloa var nær ti centimeter brei, seier Solheim til NRK. Vekta viste 5,3 kilo, medan målbandet viste at beistet var på vel 60 centimeter. Gigantisk sjølv for ein europeisk hannhummar. - Det var ikkje vanskeleg å avgjere kva eg skulle gjere med hummaren. Denne skal eg ha som trofé på hytta, seier han. Preparant Monicha Landøy fekk oppdraget med å stoppe ut hummaren. I følgje Firdaposten har heller ikkje ho sett liknande. Det var ikkje berre storleiken ho la merke til.

- Store humrar plar vere tilgrodd av skjell og posthornmark. Men denne har tydelegvis skifta skal i vinter. Den var veldig fin i skalet, seier ho til NRK.

Forskar Gro van der Meeren ved senter for havbruk, Havforskningsinstituttet, seier at det ikkje er tale om vektmessig rekord. For nokre år attende vart det fanga ein på ti kilo ved Shetland. Derimot har ho aldri høyrt om ein hummar på over 60 centimeter.

- Der er den definitivt i finaleheatet. Det må vere noko av det største eg har høyrt i løpet av mine 20 år i faget. Det er svært sjeldan at ein finn hummar på over 50 centimeter. Eg kan godt forstå at fiskaren ynskjer dette trofeet på veggen. Der vil den gjere seg godt, seier ho til NRK. (Foto: Preparant Monicha Landøy)


Gode svømmeprestasjonar 29.10.2007

Det ble sett mange personlige rekorder sist da Svelgen svømmerene var på høststevne på Eid.
 
De som deltok på stevnet var Torstein Ask, Katrine Ask, Marcus Teigene, Nora Teigene, Sebastian Ephitite, Rikka Kjelkenes og Elisabeth Mundal.
Var også med en lovende gjeng med rekrutter dette er: Rebekka F. Blix, Annika Dassen, Mathias Gulestøl, Vegard Strandos og Bendik Gulestøl. De har hatt en positiv utvikling siden de begynte etter sommeren.
 
Marcus Teigene fikk bestemanspremien for gutter -93, den fikk han for fin prestasjon på 100 fri med tiden 1.10.03.
 
Det var et bra stevne hvor Svelgen tok mange medaljer og personlige rekorder.
Marcus Teigene -93: 4 gull og 1 sølv
Sebastian Ephithite -93: 2 andreplasser og 1 tredjeplass
Torstein Ask -91: 8 gull og 1 sølv
Katrine Ask -93: 1 gull og 2 andreplasser
Rikka Kjelkenes -94: 1 tredjeplass, 2 fjerdeplasser, 1 femteplass, 1 sjuendeplass og 2 åttendepl.
Nora Teigene -96: 2 gull, 1 sølv og 2 andreplasser
Elisabeth Mundal -94_ 1 gull, 1 sølv, 4 fjerdeplasser, 2 femteplasser og 1 sjetteplass.
Fullstendig resultatliste ligger på www.svomming.no.

"Heim te Bremanger" 25.10.2007

"Firework Film" og Svein Arild Vadsø sin filmidè "Heim te Bremanger" blir godt motteken. Tysdag blir ideen med søknad om økonomisk støtte framlegd som sak i plan- og utviklingsutvalet (PLU). Rådmannen tilrår å støtte prosjektet med tilsaman 188 800 kroner, derav 50 000 i eigeninnsats av kommunalt tilsette og ei kroneløyving på 138 800 kroner. Kostnadsramma for filmen er på 472 000. Resten er tenkt finansiert gjennom Innovasjon Norge og sponsorar. Dette melder Firdaposten i dag.

Ledig stilling som elektromaskinist 24.10.2007

Ved Elkem Energi Bremanger er det ledig stilling som skiftgående elektromaskinist i driftssentral for kraftverkene (5 skift).i tidsrommet fra snarest til 31.12.09. Det er mulig at perioden blir lengre.  Sjå full utslysing under Stilling ledig til venstre.

Ann Siri til Svelgen Hotell til helga 23.10.2007

Trubaduren Ann Siri Amdahl spelar opp på Svelgen Hotell kommande helg  26. og 27. oktober.  På Svelgen Hotell sine heimesider står det:

Ann Siri Amdahl, tidligere frontfigur i okesteret Rosita satser nå   på egen hånd. Hun har   i de siste ti årene med Rosita hovedsakelig sunget countrymusikk, men viser her at hun også behersker andre stilarter. Med mange års erfaring innenfor bransjen vet hun hva publikum vil ha av musikk, og satser nå på kjente låter som folk har et forhold til   innenfor ulike sjangre.

  AnnSiri har vært med på ulike arrangement, sunget på festivaler både i Norge og Sverige, gitt ut cd, og har jobbet i studio med andre artister. AnnSiri satser på pubjobber,   og spilling til dans på litt mindre lokaler.   AnnSiri har en natulig og sjarmerende   utsråling på scenen og får lett kontakt med sitt publikum. Hennes stemme er det mange som har lagt merke til i de årene hun har   reist rundt og underholdt. AnnSiri er også en av landets få kvinnelige trubadurer. 26. og 27. oktober kan du oppleve henne på Svelgen hotell.


Medlemsmøte

Svelgen Keramikk 22.10.2007

Svelgen Keramikk holder medlemsmøte i verkstedet på Realen den 1.november kl. 18.00 - 20.00. Nye medlemmer ønskes velkommen! Har du spørsmål, ta kontakt med styreleder Anita Ingebrigtsen på: 48119849


Friidretten starter mandag 22.oktober. 22.10.2007

 

    Treningstidene finner du på friidrettens si side  her

 

    Velkommen til nye og gamle utøvere!


Elkem Bremanger fekk sikkerhetspris 19.10.2007

Elkem Bremanger gjekk heilt til topp då Norsk Industri delte ut Sikkerhetsprisen 2006.
Utmerkinga fekk hovudverneombod Bjarne Lunde og verksdirektør Steinar Talle under ei høgtidleg markering onsdag kveld. Elkem Bremanger stakk av med førsteplassen då tryggleiksprisen vart utdelt.

Premien var eit måleri og det skal plasserast ved inngangen til verket, slik at alle dei tilsette får sjå det kvar gong dei går forbi. I følgje Talle var dette Bjarne Lunde sin ide.

- Heilt frå den øvste leiinga i konsernet er det lagt stor vekt på tryggleik. Dette er forankra heile vegen og vi har gjort alt vi kan for at tryggleiken skal vere best mogeleg, gjennom ulike tiltak, opplyser verksdirektør Steinar Talle overfor Fjordenes Tidende.

- Når tryggleiken er best mogeleg sikra, er det ein av dei beste garantiane for stabil drift, legg Talle til. Hovudvernombod Bjarne Lunde var i går ettermiddag ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Leke og sportsmarked på Realen 16.10.2007

DATO: 10 november kl 11.00 - 15.00


Har du "vakse" ifrå mange av dine leikar, bøker, sportsutstyr, bilsete, trillevogn, dvd/cd , playstation osv

 

Har du laga noe sjølv du vil prøve å selje?

DA ER DETTE NOKO FOR DEG!

 

På markedet kan du "kvitte" deg med ting, eller finne ting du ikkje visste du hadde brukt for.


Du/dere får tildelt ein bodplass, der kan du selje tinga dine ( er du veldig ung, bør du få hjelp frå nokon)

Er du intressert, ta kontakt med Anita Løver 91302768


Først til mølla prinsippet gjeld.

 

10 klasse vil halde kafé, med sal av kaffi, kaker og saft.


17.oktober 1927 - 17.oktober 2007

Coopen feirer 80 år onsdag 15.10.2007

I samband med 80 års dagen spanderer Coop i Svelgen kaffi og kaker på kundane sine.
 
Tilbod denne dagen:
 
Reker    kr.19,27 pr.kg
 
Poteter 5kg kr.19,27
 
Kjøttdeig 400gr kr.19,27
 
Rosebukett kr.19,27
 
 
Tilboda gjelder onsdag 17.oktober
 
Velkommen til feiring

Refleksdagen 18. oktober 10.10.2007

Politiet satsar på at pensjonistar skal bli flinkare i trafikken,  og at dei skal lære å bruke refleks. Refleksdagen den 18.oktober er det i samarbeid med dei tre pensjonistlaga i kommunen laga eit arrangement i Svelgen med refleks som tema.
*
Alle møter opp torsdag den 18. kl. 18.30 ved Idrettshallen i Svelgen.
*
Derifrå går turen til Svelgen Hotell der det blir noko å bite i og utdeling av vestar mm.
Les meir om Refleksdagen her.

Obligatorisk HMS-kurs for bedriftsleiarar i Svelgen 16.10.2007

Dette kurset vert arrangert på Svelgen Hotell torsdag 1. november kl. kl. 09.00-12.00.

 

Les meir om kurset, og andre lokale næringsnyhende, på Svelgen Næringsråd si nettside.


Store reduksjonar i utsleppa frå industrien 15.10.2007

Frå 1991 til 2005 har smelteverka i Årdal, Høyanger og Svelgen redusert utsleppa av klimagassar med 12 prosent.

 

Det er nok til at dei totale utsleppa frå fylket gått ned med fire prosent. Det syner ein rapport som Vestlandsforsking har laga på oppdrag frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Forskar Kyrre Groven seier til NRK Sogn og Fjordane at ser ein vekk frå reduksjonen i utslepp frå tungindustrien, har utsleppa av klimagassar her i fylket auka med seks prosent.

Det er transportsektoren som står for den største auken i klimautslepp. Verst er ekspressbåtane til Fjord1 og flytrafikken.


Nordnes lasta stein på Dyrstad i dag 15.10.2007

Skipet Nordnes, tidlegare "Rocknes" som gikk rundt i Vatlestraumen lasta i dag stein på Bremanger Quarry på Dyrstad.

Rocknes er ferdig ombygd  ved eit verftet i Polen.   

- Det er så mye følelser og belastninger rundt Rocknes-navnet at eierne har valgt å gi skipet ny profil og nytt navn, sier informasjonsrådgiver Per Inge Hjertaker i Jebsen Management til Bergens Tidende.

"Nordnes" skal frakte stein til Ormen Lange-prosjektet, men hadde i dag altså oppdrag i vår kommune.

Skipet hadde steinlast derfra da forliset i Vatlestraumen skjedde i januar 2004.

18 personer omkom da "Rocknes" kantret.


Vi har nådd årsnormalen for 2007 15.10.2007

I følge Meterologisk Institutt (DNMI) er årsnormalen for nedbøren i Svelgen 2525,7 mm. Før helga som gjekk nådde ein denne årsnormalen, meir enn to og ein halv månad før året er omme. Medrekna nedbørsmålinga mandag 15/10, har ein ved nedbørsstasjonen i Svelgen målt 2604,6 mm nedbør. Det er Elkem Energi Bremanger AS som driv DNMI sin målestasjon i Svelgen, og om berekning av normalnedbør kan du lese om her.

 

Den høgste årsnormalen ein har hatt i Svelgen f.o.m. 1939, hadde ein i 1990, då det fall heile 3702,4 mm nedbør. Om ein legg til normalen for dei to og ein halve månadane som står att av 2007 (774,5), vil ein ende opp på 3379 mm. Men i november og desember i fjor fall det samla heile 1224 mm, så kva årsnormalen endar på er ikkje godt å sei. I 2005 målte ein 3565 mm, som er den 3. høgste årsverdien sidan 1939.


Navn Alder Bosted Inntekt Formue
1 Geir Gjerde 50 6723 Svelgen 3.149.904 1.547.511
2 Roald Oddvard Eikeset 72 6723 Svelgen 1.866.685 3.308.522
3 Odd Håvardstun 55 6727 Bremanger 1.707.267 2.620.434
4 Giritharan Thangarajah 44 6721 Svelgen 1.601.816 393.692
5 Ståle Martin Dyrstad 51 6723 Svelgen 1.541.409 891.991
6 Roald Dyrstad 69 6723 Svelgen 1.442.759 1.199.657
7 Leif Jarle Olsbø 50 6734 Rugsund 1.331.087 1.976.602
8 Magne Waldemarsen 54 6729 Kalvåg 1.204.918 0
9 Charlotte Martinsen 40 6900 Florø 1.149.969 642.427
10 Åse Eikeset 72 6723 Svelgen 1.096.290 2.389.749

 

 

Sjå dei 100 som tener mest.


Geir med høgst inntekt i Bremanger 15.10.2007

 

Geir Gjerde hamna på inntektstoppen etter at han ifjor selde Svelgen Hotell.   Salet gav Gjerde den høgste nettoinntekta i Bremanger i 2006. Den tidlegare hotelleigaren frå Svelgen var den einaste som kom ut med ei nettoinntekt på over tre millionar kroner.

 

 

 .

Av nykommarar på topp ser vi at inntektene frå drifta til Bremanger Quarry dryp pent på Dyrstad-familien. To blad Dyrstad, Ståle og Roald, er begge å sjå heilt oppe på toppen av lista over nettoinntektene.

Steinar Talle, direktør på Elkem, er til samanlikning først på ellevte plass.

 

– Akkurat no trivst eg veldig godt i Coop Sogn og Fjordane, seier Gjerde til Firdaposten.

Han har fått meir ordna fritid, samstundes som han fekk realisert mange års arbeidsinnsats gjennom salet.

Gjerde stadfestar at hotellsalet er hovudårsaka til at han no har innteke plassen på inntektstoppen i Svelgen.

– Slik blir nok berre dette året. Det får vi sjå neste år, kommenterer han.

Den lokale Coop-sjefen ser ikkje bort frå at han kjem til å investere pengane i eitt eller anna i heimbygda.

 

Kva dette kan bli, vil han førebels ikkje ut med.

Så gjer han det endå ein gong klart at det var behovet for meir fritid som fekk han til å selje hotellet. 


Fjelltrim bøker blir bytta ut 15.10.2007

Turbøkene til FJELLTRIMMEN 2007 vert i løpet av dein to neste vekene tekne ned og bytta ut med nye bøker for 2007/2008. Det vert premie til dei 3 beste poengskorarar - premieutdeling på årsmøtet i november.
KEIPEN TURLAG

Kurs i filting av nisseansikt 15.10.2007

Svelgen og omegn Husflidslag arrangerer kurs med Pamela Dunbar i filting av nisseansikt. Onsdag 24. oktober kl 1800 til  2100 på Bakkevegen 13. Kursavgift inkludert  materiell er 300,- kr. for ikkjemedlemer og 250,- kr. for medlemer. Kurset forutset at du har vore med på et kurs i filting tidlegare. Det er fortsatt mange ledige plasser! Påmelding til Wenche Lind tlf 98 25 24 43 innan onsdag 17.oktober.

Friidretten tar pause til 22.oktober. 01.10.2007

  

   Etter en lang og våt sesong, tar friidretten ei lita pause før vi

   startar oppat inne i hallen.

   Første trening inne : mandag 22.oktober  kl.18:00.

 

    Hilsen friidrettsgruppa.


Rockklubben sitt rekneskap stole 10.10.2007

 

Arrangøren av Bremanger Rock Weekend slit med store underskot. I tillegg er fjorårets rekneskap og møteprotokollar forsvunne. No er saka meld til politiet.

Bremanger Rockklubb har samla seg opp eit underskot på 700.000 kroner dei to siste åra.

Då klubben heldt årsmøte i helga kunne ikkje styret leggje fram rekneskapen for 2006, då permane var stolne frå kontoret. Lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger stadfester at dei har teke i mot ei melding, men politiet har ikkje konkrete spor i saka.

 

- Vi fekk denne meldinga 5. september, men har ikkje prioritert saka til denne tid, opplyser Strandos til Fjordenes Tidende.

Styreleiar June Førde vedgår overfor avisa at dei ikkje har kontroll på økonomien. Det skal heller ikkje vere lagt fram rekneskap for 2005.

 

Bremanger Rock Weekend har slite med besøkstala og dårleg økonomi i fleire år. I år vart det selt berre 1700 billettar og arrangøren sleit med å finne ein hovudattraksjon.

Leiar June Førde måtte og tole kritikk for at festivalen mangla musikalsk profil. Kritikarane  meinte festivalen burde gå tilbake til å ha konsertar i mindre lokale.


Stad Sjøtransport inviterer ombord:

Båtdåp i Svelgen på laurdag 10.10.2007

Stadt Sjøtransport skal ha dåp på sin nye taubåt Stadt Master i Svelgen komande laurdag 13. oktober kl 1300.

Det blir  open båt frå kl. 1320-1400.

Alle er velkomne innom for ein kikk.


Mer penger til norsk reiseliv

Reiseliv er blant de raskest voksende næringene i verden, og målet er at Norge skal ta sin del av denne veksten. Derfor blir det bevilget hele 215 millioner kroner til å markedsføre og utvikle norsk reiseliv i 2008. Det er en økning på 15 millioner kroner fra rekordåret 2007, og mer enn en dobling siden 2005.

- For at flere reisende skal komme til Norge må vi ha en solid markedsføring. Vi må også tilby gode produkter og kompetente medarbeidere, sier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen i en pressemelding.

 

Norge har særlige naturgitte forutsetninger for å lykkes på reiselivsområdet. Næringene er også viktige i distriktene hvor de ofte utgjør basisnæringen i mange lokalsamfunn og gir positive ringvirkninger til annet lokalt næringsliv.

 

Soria Moria-erklæringen framhever reiseliv som et særskilt satsingsområde. Regjeringen arbeider nå med en nasjonal reiselivsstrategi, der hovedmålet er å svare på de utfordringene reiselivet står overfor i årene som kommer.

 

Regjeringens visjon ”verdifulle opplevelser”, er førende i arbeidet med strategien. Vi har i nær kontakt med aktørene i reiselivet identifisert ni prioriterte områder for å styrke reiselivsnæringene: markedsføring og profilering, innovasjon, IT, kompetanse, kvalitet, miljøtiltak, organisering, fellesoppgaver og områdeutvikling.

 

– Vi lager en strategi som legger til rette for lønnsomme reiselivsbedrifter med helårsdrift i hele landet, samtidig som hensynet til miljøet blir ivaretatt. Arbeidet gjøres i nært samarbeid med næringen, sier Andersen.

 

Kilde: NHD Foto: Risevatnet i Svelgen


Ledig stilling Davik 10.10.2007

Bremanger kommune har ledig 20 % stilling på Klokkartunet på Davik. Sjå full utlysing under stilling ledig til venstre. 


Treng du en ny hobby? 08.10.2007

Kom og bli med på bridgekveldene på hotellet, kom gjerne selvom du ikke har makker. Lurer du på noe ta kontakt med styreleder i BK Syveren Leif Arild Lothe på 57793022.

 

Hver mandag i kafeteriaen på hotellet fra 17:30.

 

Vel møtt!


Robin Ephithite ny verkssjef 04.10.2007

Robin Ephithite er utnemnd til ny verkssjef ved Elkem Bremanger Foundry (støyperi).

 
 

Han avløyser Frode Nummedal, som er tilsett som verkssjef ved Elkem Bjølvefossen. Nummedal har vore ved Elkem i Svelgen i 14 år. Også Ephithite har lang fartstid ved Elkem i Svelgen, og kjem frå stillinga som teknologidirektør i Elkem Foundry Divisjon. Dette melder Svelgen Næringsråd.

Steinar Talle er framleis verkssjef ved Elkem Bremanger Silisium, og plassjef ved Elkem Bremanger.


Operasjon dagsverk ved Svelgen Oppvekst 04.10.2007

 

8. – 10. klasse ved Svelgen Oppvekst skal arrangere OD – dag torsdag den 25. oktober.

Alle elevane gjer inntekta frå eit dagsverk, som er på minimum 200 kroner.

I år går inntektene til å betre utdanningsvilkåra for ungdom i Mellom-Amerika.

Over 60 elevar treng arbeid for å utføre eit dagsverk i solidaritet med ungdommar som har det vanskeleg.

Vi håpar at bedrifter og private i Svelgen har bruk for arbeidskrafta elevane har å tilby.

 

Ta kontakt med OD – komiteen.

På skulen tlf: 57796450/ fax 57796451/ e–post: ahm@bremanger.kommune.no


Svelgen Hotell har etter politisk vedtak i kommunestyret fått klarert areal til bassengplanane sine. Dei opplyser at dei no jobbar med detaljporsjektering og ulike alternative løysingar for finansiering. Om kommunen blir ferdig å utgreie sentrumsprosjektet og oppmuring av sjøkanten, reknar hotellet med å kunne realisere planane sine til neste sommar. I såfall vil dei setje i gang intensiv bygging i januar/februar 2008.  Totalt vil hotellet investere 3 millionar kroner. Som du ser på bildet av kokk Ronny Skilbrei, har hotellet allereie fått eit flott uteareal på nedsida. Det andre bildet viser korleis det kan sjå ut neste år.


Ny nettportal skal få folket heim 04.10.2007

 

Portalen framtidsfylket.no  fekk ei varm og positiv mottaking under lanseringa på IT-forum i Loen onsdag 26. september.

- Vi er kjempenøgde med den varme mottakinga vi fekk på IT-forum, seier Geir Andre Helle, prosjektleiar for framtidsfylket.no. 26. september la han og andre traineekollegaer frå fylket fram den splitter nye jobb- og rekrutteringsportalen framtidsfylket.no for 280 imponerte konferansedeltakarar i Loen. Fylkesmann Oddvar Flæte stod for den offisielle opninga, og vart takka for støtta med t-skjorte og reisetannbørste med framtidsfylket sin logo.

Han understreka at utfordringa no er at portalen blir teken i bruk av jobbsøkarar så vel som arbeidsgjevarar, kommunar og bedrifter i fylket.

Næringslivet i regionane såg tidleg nytta i framtidsfylket.no. Portalen skal driftast av NHO Sogn og Fjordane, og fire representantar for regionane (Nordfjord, Sunnfjord, HAFS og Sogn) fungerer frå no av som kontaktpunkt mellom arbeidslivet og portalen.

- Sogn og Fjordane treng fleire innbyggjarar, og verksemdene i fylket treng eit mangfald av kompetanse. I så måte er framtidsfylket.no ein glimrande reiskap, seier Alfred Bjørlo i Måløy Vekst.

- Vi gler oss til å ta portalen i bruk, seier ein entusiastisk Gro Rukan i Sunnfjord Næringsråd.  

 

Bakgrunn:

Nettportalen framtidsfylket.no skal synleggjere mangfaldet i arbeidslivet i Sogn og Fjordane og gjere det lettare for arbeidssøkarar og arbeidsgivarar å finne fram til kvarandre. Målet er å gjere det enklare å rekruttere tilflyttarar og hente unge vaksne attende til fylket.

Traineeane som står bak portalen framtidsfylket.no har hatt 12-månadersstillingar i bedrifter i Sogn og Fjordane (Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane Energi, Høyanger Næringsutvikling og Sparebanken Sogn og Fjordane).


Aerobic 02.10.2007

 

Det vert ikkje aerobic i morgon, onsdag 03.10.

 

Neste trening vert etter haustferien, onsdag 17.10.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept