Arkiv Mai 2013

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Ikkje parkering mellom Rådhuset og Svelgen Hotell frå fredag 30.05.2013

På grunn av folkefesten i Svelgen 1. juni, må det ikkje parkerast i området mellom Rådhuset og Svelgen hotell frå fredag ettermiddag.
Kultursjefen



Svelgen kino 28.05.2013

 

The Hangover Part III

   Lørdag 1.juni kl.22:00

     Kinopremiere 29.mai.

Regissør Todd Phillips har fått med seg "The Wolfpack" på en ny, crazy reise i dette avsluttende Hangover-kapittelet. Når det verken er bryllup eller utdrikning, hva kan da gå galt?

To år har gått. Phil (Bradley Cooper), Stu (Ed Helms) og Doug (Justin Bartha) lever alle rolige liv. Tatoveringer er fjernet, minner visket ut. Det siste de hørte om det vandrende katastrofeområdet Leslie Chow var at han satt fengslet i Thailand. Med ham ute av rekkevidde er de tre nesten i gjenge igjen - etter ville netter i Las Vegas og nær døden-opplevelser i Bangkok.

Alan (Zack Galifianakis), det fjerde og siste Wolfpack-medlemmet, leter fortsatt etter formen. Gruppens sorte får har ingen mål i livet, kompisene er droppet, impulsene styrer. For Alan betyr dette null dømmekraft , null grenser, uten filter - helt til en personlig krise inntreffer og tvinger ham til å søke hjelp. Hvem andre enn Alans tre beste venner kan få ham på beina igjen?

Når det verken er bryllup eller utdrikning, hva kan da gå galt? Men når The Wolfpack igjen starter motoren gjøres alle forhåndstips til skamme...

 

Lengde: 1 t. 40 min,       Aldergrense: 11 år

 


Barnetrimmen avlyst 31.05.2013

 

Barnetrimmen idag, fredag 31.mai vert avlyst!

Dette pga.at idrettshallen er gjort klar til tunnelfesten som skal vere i morgon.


FOTTUR GULEBRYSTET – MOLDA SØNDAG 2.JUNI 30.05.2013

Søndag 2.juni ynskjer vi velkommen til fottur Gulebrystet – Molda med start frå Gulebrystet kl.12.00.
Vegen opp til Gulebrystet finn du på merka sti frå Djupevika (bossovnen) eller frå Sandvika.
Turleiarane vil gå ein kvar frå Djupevika og frå Sandvik ca. kl.10.30 så ynskjer du følge opp til
Gulebrystet så ta kontakt med oss.
Turen frå Gulebrystet til Moldahytta tek ca. 3 timar på godt merka sti. På Moldahytta er det ope hus frå kl.15.00 – 16.30 med servering av kaffi, saft og sveler, dette er også for dei som berre er ute på ein liten ettermiddagstur til Moldahytta.
Håper du blir med oss denne søndagen, om du deltek i Keipen turlag si turorientering så finn du mange av postane på denne ruta her ,- Gulebrystet er ein av turane til turboktrimmen og der er fjelltrimbøker både på Gulebrystet og Moldahytta.
Har du spørsmål om turen ta gjerne kontakt med turleiar:
Sissel Sandvik Igland 91 10 26 54
Kirsten Grotle 91 36 64 85
KEIPEN TURLAG

Kontroll på nyevegen i Sørdalen - ein fekk forenkla førelegg 29.05.2013

UP hadde i dag laserkontroll på nyvegen i Sørdalen. Ein bilførar fekk forenkla førelegg for å ha køyrd i 101km/t i 80km sone. Dette var den første fartskontrollen på det nye fastlandsambandet. Ein kan forvente fleire kontrollar i tida som kjem, melder Bremanger lensmannskontor.


PÅMINNING! 29.05.2013

Pensjonistmøte på Keipenstova onsdag 29.mai kl. 1700.

Sjå program på Keipenstova-sida.


Fotballkamp 28.05.2013

Gutar 2000/2001 spelar kamp mot Førde 3 på Svelgen stadion torsdag

den 30 mai kl. 18.00.



Nye biblioteket i Svelgen åpna i dag 28.05.2013

I dag var det offisiell åpning av Bremanger kommune sitt hovudbibliotek i Svelgen. Det ligg tvers over gata for Coop og vegg i vegg med den nyoppussa kafèen til Svelgen Hotell. Det er laga skyvedør mellom dei to einingane, slik at kafègjester og bibliotekbesøkande kan gå frå det eine til det andre (sjå bildet under). Ei løysing biblioteksjef Randi Solheim er godt fornøgd med. - Vi er svært glade for dei nye lokala og håpar at også publikum vil sette pris det, seier ho til Svelgen.no. Ordførar Karl-Vidar Førde klipte snora som stadfesta ein ny epoke for biblioteket i Svelgen. Mange gjestar og nyfikne frå lokalsamfunnet møtte opp på åpninga, og det var berre gode ord å høyre frå alle. I kjellaren er det laga til eiga ungdomsavdeling (bildet over) som Randi Solheim håpar blir mykje besøkt. Der er også mulig å lese microfilm på eit tilstøytande rom og eit større arkiv er plassert der. Med tida skal det også komme heis ned dit.

Dei nye åpningstidene for biblioteket i Svelgen er

Tirsdagar 11.00 - 14.00 og 15.00 - 19.00

Onsdagar 11.00 - 14.00

Torsdagar 15.00 - 19.00

Fredagar 11.00 - 14.00

Sjekk også ut heimesida  www.brembib.no


FLOTT TUR PÅ ASPENESET LAURDAG 25/5 28.05.2013

12 born og 6 vaksne var med på strandrydding på Aspeneset. Vi fylte 4-5 bossekker med skrot som var komt i land sia forrige gang vi var det. Kjekt å sjå at det viste att at vi har vært det før å plukka boss. Neste år får vi finne ein anna plass å rydde!
Litt kald vind, men ellers eit flott vær å være på tur i. Vi grilla pølser og sia det var laurdag kunne vi kose oss med pinnebrød rulla i kanel og sukker. Veldig populært både for små og store:-)
Spikking og utforsking av kanonfundamenta var også noko vi gjorde! Tusen takk til dykk som var med på turen vår!
Langedal/Ossenkamp

 

 


10 års jubileum - Svelgen Seniordans 27.05.2013

70 seniordansere frå heile kommunen møtes i morgon

på Samfunnshuset!

Svelgen Seniordans har fylt 10 år og feirer dette tirsdag 28. mai i lag med dansarar frå Kalvåg/Bremanger og frå Kolset.



Zumba veke 22 27.05.2013

Denne veka vert treningane for Zumba slik:

 

Måndag kl.18.30.

Torsdag kl.18.30.

Søndag  kl.18.30.

 

Vel møtt!

 

 



Svelgen kino 22.05.2013

 

   

  Den store Gatsby

         Søndag 26.mai kl.20:00

        Kinopremiere: 22.mai     

   

"Den store Gatsby" er basert på den verdenskjente boka til F. Scott Fitzgerald. I rollene møter vi Leonardo DiCaprio, Carey Mulligan og Tobey Maguire, og for regi står Baz Luhrmann, den verdenskjente skaperen av "Romeo og Julie" og "Moulin Rouge".

"Den store Gatsby" er en adapsjon av F. Scott FItzgerlads kjente roman for det store lerretet, fra den unikt kreative manusforfatteren, produsenten og regissøren Baz Luhrmann. Han har gitt oss sin egen, karakteristiske og visuelle tolkning av den klassiske historien. Og gitt liv til en spennende tidsepoke slik vi ikke har sett den før, i en film med Leonardo DiCaprio i tittelrollen som den store Gatsby.

"Den store Gatsby" følger forfatterspiren Nick Carraway (Tobey Maguire) idet han forlater Midtvesten for storbylivet i New York. Det er vår og året er 1922, en tid preget av synkende moral, glitrende jazz, storsmuglere og aksjer som skyter til himmels.

Nick følger den amerikanske drømmen og ved ankomst får han noen nye bekjentskaper som skal sette merker på ham: partygutten og millionæren Jay Gatsby (Leonardo DiCaprio), og rett over bukta, hans kusine Daisy (Carey Mulligan). Og ikke minst, hennes ektemann Tom (Joel Edgerton), en flørter av dimensjoner med kongelige aner.

Det er i denne verdenen Nick dras inn, mot et liv fylt av rikdom, illusjoner, kjærlighet og svik. Hans nye erfaringer tar han ut i pennen, i en historie om umulig kjærlighet, evige drømmer og bunnløs tragedie - som også speiler vår egen tid og utfordringene vi strever med i dag.

 

Lengde:   2 t. 21 min.    Aldersgrense: 11.år


Tur til Dosavarden- Fanneskarvarden 25.05.2013

26. Mai er det tur frå Dosavarden til Fanneskarvarden

Søndag 26. Mai går turen frå Dosavarden til Fanneskarvarden. Oppmøte er i Ånnevika på øya Frøya. Turen startar kl 10.

Turløypa føl gamal sti og går i typisk kystlandsskap med lyng, gras og berg innimellom. Når ein kjem opp på fjellet ser ein heile Bremangerlandet, Svelgen, Florø, Batalden, Kinn og sørover til Gulen og Bulandet.

 Turen tekk 4 timar og passar for born og vaksne.

 

Ved spørsmål angåande turen ta kontakt med turleiarar

  Gunnar Skjølberg Mob. 95 21 77 80/ 95 98 87 10

Svenn Petter Kjerpeset 95 89 85 65





90 PERSONAR PÅ FRILUFTSGUDSTJENESTE PÅ SANDSEGGA
TERRENGET RUNDT HYTTA SÅG NESTEN UT SOM EIT FUGLEFJELL DER BÅDE STORE OG SMÅ KOSA SEG I SUMARVARMEN.
TAKK TIL TORE FOR EI FIN STUND!
TAKK TIL DUGNADSGJENGEN SOM BAKTE OG BAR OPP KAKER, KOKTE KAFFI OG ORGANISERTE DET HEILE!
KEIPEN TURLAG

 

 

 

 

 





Ledig stilling ved Elkem Bremanger 24.05.2013

Elkem Bremanger har ledig stilling som elektriker. Sjå Stilling ledig til venstre.

Fotballkamp fredag 24.05.2013

 

Jentene spelar kamp mot Loen/Vikane på Svelgen Stadion fredag 24. mai kl.18.45.

 

Møt opp!!


BLI MED BARNAS TURLAG INDRE TIL OSPENESET!! 24.05.2013

På laurdag 25 mai arrangerer BT indre strandrydding på Aspeneset. Vi hadde dette i fjor vår også. Trur vi samla boss og skrot i 10 bossekker og det er jo kjempe bra. Satser derfor på å få gjort ein slik god jobb i år også! Viktig å ta vare på naturen kring oss.
Oppmøte er på Aspeneset kl 1130 (det er begrensa med parkeringsplass, så om fleire kan køyre ilag så er det fint). Ta med deg niste/drikke. Kanskje det er lurt å ha ei vindtett jakke.
Vi rydder boss, koser oss med nista vår og utforsker dei gamle kanonfundamentene som er der ute. Om nokon vil gå opp fjellsida til gamalt gravrøse så blir det moglegheter til det også.
Vi gler oss!
BT indre Langedal/Ossenkamp

LAURDAG 25.MAI PÅ SVELGEN HOTELL 19.05.2013


Frå kl 22.00 Cover 150,-


Invitasjon til Tour de Bremanger 2013 19.05.2013

Klikk her  for å sjå invitasjonen.


A-lagskamp på Svelgen stadion 21.05.2013

A-lagskamp tysdag 21.mai kl. 19.00

 

Svelgen sitt A-lag møter Førde 3 på Svelgen stadion

    

Ta turen for å heie på Svelgen!!



Bremanger kommune

         LEDIGE STILLINGAR:

       Vernepleiarar /aktivitørar , Aktiv Jobb                 Sak.nr.       13/904

              Fagarbeidarar, skular og barnehagar                   Sak.nr.        13/974

        Fagleiar skule, Hauge oppvekst                              Sak.nr.      13/1089

       Fagleiar skule, Davik oppvekst                                Sak.nr.     13/1090  

       Lærarstillingar                                                         Sak.nr.      13/1093

 

Sjå fullstendige utlysningar på:

www.bremanger.kommune.no  eller under "stilling ledig" til venstre.

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det.          

Søknadsfrist: 07.06.13

Takk 20.05.2013

Ein fantastisk 17. mai er over. Musikantane og drilljentene vore sto på frå tidleg om morgonen.

Dei spelte til flaggheising klokka 08.00, barnetog i Svelgen klokka 10.00, tog på Kjelkenes klokka 14.00, folketog i Svelgen klokka 16.00 og framføring på folkefesten klokka 18.00.

   

Svelgen skulemusikk hadde også kafé på samfunnshuset der alle foreldre stilte på dugnad. Tusen takk til alle musikantar, drilljenter og foreldre for ein fantastisk innsats.

  

Som tidlegare år åt skulemusikken ein fantastisk frukost på hotellet,
som vart spandert av Svelgen hotell og Bilfinger avdeling Svelgen. Ein stor takk til dei.

  

Styret i skulemusikken

                                         


FRILUFTSGUDSTJENESTE PÅ SANDSEGGA, VED MARTINBU,
MÅNDAG 2. PINSDAG KL. kl. 12.00
"Tore Prest" tok kontakt med Keipen Turlag og ba om at vi spreidde "ryktet".
Tore har, i si tid som prest i Svelgen, nytta Sandsegga mykje til turar både sumar og vinter.
Han har også lagt ned eit stort arbeid med tilrettelegging av stiar og trapper.
"Eg kan ikkje forlate Svelgen utan å ha hatt gudstjeneste på Sandsegga", seier Tore.
Keipen Turlag ynskjer at mange finn turen til Sandsegga denne dagen.
Kanskje vi kan får vi til litt sosialt rundt ein kaffikopp.

Svelgen kino 16.05.2013

 

Star Trek Into Darkness

    Søndag 19.mai kl.20:00

Den banebrytende regissøren J.J. Abrams gir deg sommeren 2013 en eksplosiv actionthriller som bygger videre på Star Trek-universet.

Når mannskapet på Enterprise kalles tilbake hjem, oppdager de at en ustoppelig terrorkraft fra deres egen organisasjon har detonert flåten og alt den står for, og etterlatt Jorden i en krisetilstand.

Captain Kirk er ute på en personlig vendetta når han må lede mannskapet sitt inn i en verdensomspennende krigssone i jakten på den farlige fienden. Heltene på Enterprise kastes inn i et episk spill om liv og død, mens kjærlighet ufordres, vennskap rives i stykker og Kirk oppdager hvor mye han må ofre for å redde den eneste familien han har igjen - mannskapet sitt.

Lengde: 2t.12.min.         Aldersgrense:   11 år  


Bilder frå tunnelåpning 16. mai 16.05.2013

 

 

 

 

 

 

 



Gratulerer med dagen!

PÅMINNING: 17-MAI FEIRING PÅ KROA MED RØMMEGRAUT OG SPEKEMAT FRA KL 13.00. VELKOMMEN. 16.05.2013


Endring i program. 14.05.2013

Merk endring i programmet. Barne- og undomsleikar på skuleplassen og ballbingen.

NB! TALE FOR DAGEN GÅR UT - FOLKEFESTEN BLIR DIFOR RETT ETTER FOLKETOGET.

 

 




Program vegåpning 16. mai

1230 Kaffi og kaker blir servert av Kolset krins- og utviklingslag i Bortnen

1300 Flora-Bremanger brassband, dirigent Johnny Sælemyr spelar frå scena

1315 Offisiell opningsseremoni startar, velkomen v/konfransier Henning Rivedal

1317 Fylkesfanfaren, Sogn og Fjordane 250 år v/ Flora-Bremanger brassband

1322 Tale ved ordførar Karl Vidar Førde

1327 Innslag ved Bremanger kulturskule

1332 Orientering om Bremanger II v/ Regionsvegsjef Helge EIdsnes

1327 Flora-Bremanger Brassband, dirigent Johnny Sælemyr

1342 Intervju med tidlegare ordførarar Einar Kjerpeseth og Kåre Olav Svarstad

1347 Innslag ved Bremanger kulturskule

1352 Intervju med vegbyggarane: Mesta Entreprenør v/ Lars Murstad og K. A. Aurstad v/Edvard Solheim

1357 Innslag ved Bremanger kulturskule

1402 Helsing frå fylkesordførar Åshild Kjelsnes

1407 Fanfare v/ Flora-Bremanger brassband  spesialskriven av Johnny Sælemyr

1410 Snorklypping ved fylkesordførar Åshild Kjelsnes, flankert av ordførar Karls Vidar Førde og regionsvegsjef Helge Eidsnes. Dei tre sjuandeklassingane frå Kolset skule held snora

1412 Alle syng  Ja, vi elsker – det første og det siste verset akkompagnert av Flora-Bremanger Brassband

1415 Seremonien slutt

For dei som skal på opning frå Svelgensida vert tunnelen open mellom kl. 1200 og 1245 den 16. mai

Det blir busstransport frå rutebilstasjonen i Svelgen kl. 12.15 og frå småbåthamna i Kolset kl. 1200 og 1230. Vi oppfordrar til å bruke oppsett busstransport p.g.a. begrensa parkeringskapasitet i Bortnen. Ved bruk av privatbil er det fint om ein fyller opp bilane.

FELLES ARRANGEMENT   1. juni i Svelgen

1200 Opning rådhusplassen

12-17 Fotballturnering – kunstgrasbana

Diplomroing, sal av fiskekaker, prøvesmaing av tørka sild, tur med Knuten – ved Promenaden.

Juniorcruising – sentrum

Steiking av sveler, utdeling av røde knapper, lavvo, pinnebrød, lapper, ansiktsmaling, Røde Kors-aktiviteter på rådhusplassen

Stand i sentrum:  Kolset krins, Svelgen Opp og Fram, AmCar klubben, Sanitetskvinnene, Røde Kors, Kystlagene, SFE, Elkem Bremanger, Svelgen Lions, Krunhjorten 4H, Keipen Turlag, Svelgen Kunslag

Kakebar – Svelgen Hotell

«Badeand»-konkurranse

1300 Utdeling av byggeskikkpris

1330 Oppvisning seniordans – rådhusplassen

1400 Bokbad/arrangement

1500 Oppvisning trekkspelklubben utescene

1530 Rokonkurranse, utdeling av vinnarpremie frå fotballturnering – Fjorden/Rådhusplassen

1630 Innmarsj av korps

1700 Korpsa spelar

1900 Konsert/fellesarrangement – Idrettshallen

2100 Rockemønstring – Idrettshallen

2200 Ungdomskino – Samfunnshuset

Dansegalla – Idrettshallen

Hjarteleg velkomne til desse festdagane!



Kopen åpen til kl. 1600 laurdag 16.05.2013

Kopen stenger kl. 16.00 førstkommande laurdag 18. mai.



Jentekamp i dag 13.05.2013

 

Jentelaget skal spele kamp mot Skavøypoll i dag kl.19.00.

    

Møt opp og hjelp dei til seier :)


Fotballkamp Svelgen stadion 02.05.2013

Gutar 2000/2001 spelar kamp mot Florø 2  på Svelgen stadion måndag den 13.mai kl. 18.00

 

Sal av kake og kaffi.

 

Ta med vennar og familie og ta ettermiddagskaffien på

fotballbana.


STIF

Zumba 13.05.2013

Framover vert det zumba tysdag, onsdag og søndag kl.18.30.

 

Det vert ikkje zumba og spinning 1.Pinsedag, søndag 19.mai.

 

 


Klart for årets turorientering 13.05.2013

No er årets turorientering klar. Konvoluttar med kart og klippekort kr. 100.-, ekstra klippekort kr 30.-.
Kjøpes på Best eller hos undertegna. God tur. Keipen turlag/Steinar Isene


Kongleriket Miniputturnering 13.05.2013

    

Dato for miniputturneringane denne sesongen:

 

Søndag 12.05 - Naustdal

 

Søndag 09.06 - Eikefjord

 

Søndag 25.08 - Florø

 

Søndag 22.09 - Svelgen



Svelgen kino 08.05.2013

 

 

Pelle Politibil på Sporet

     Søndag 12.mai kl.17:00

I Pelle Politibil på Sporet er Kronprinsessa atter tilbake i Bodø, denne gangen for å åpne den nye Havørnparken. Her ligger en ruvende havørn og ruger på et egg og alle gleder seg til det blir ungeskrik i parken. Byens egen helt, Pelle Politibil, får det ærefulle oppdraget å passe på parken, og spesielt havørna.

Til sin store forskrekkelse oppdager Pelle og hans bestevenninne Oda Oter at skruppelløse miljøkriminelle er på ferde i parken: Sjeldne dyr, som gaupe og fjellrev, forsvinner sporløst. Krisen er total når Pelle oppdager at tyver også har klart å stjele selve symbolet for parken - havørna. Heldigvis ligger egget fortsatt i det forlatte reiret. Pelle er den eneste som er i stand til å ta vare på det - men det er ikke lett for en politibil. Og han må samtidig ta opp jakten etter tyvene for å finne ørnemora.

 

Aldersgrense:   Tillatt for alle    Lengde: 1t.12.min.


Svelgen kino 08.05.2013

 

  

Iron Man 3

Søndag 12.mai kl.20:00

  Marvel Studios' "Iron Man 3" må den selvhevdende, men briljante industrimannen Tony Stark/Iron Man måle krefter med en fiende med ubegrenset makt.

Når hans egen verden blir ødelagt av fienden, legger Stark ut på en opprivende jakt for å finne de ansvarlige, en jakt som vil teste ham til det ytterste. Med ryggen mot veggen må Stark utnytte sin oppfinnsomhet og instinkter for å overleve og beskytte sine nærmeste. Idet han kjemper seg tilbake, finner Stark svaret på spørsmålet som innerst inne har hjemsøkt ham: skaper mannen rustningen, eller skaper rustningen mannen?

 

Aldersgrense11 år    Lengde: 2t.10min.


Syng med oss! 09.05.2013

SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA!

Måndag 13.mai er det igjen sangtime på Keipenstova!

Vi starter kl. 11.30.

                           Alle er velkomne!


VELKOMMEN TIL OPE HUS PÅ KNEKKEVASSHYTTA 10.05.2013

Søndag 12.05. ynskjer Keipen Turlag store og små velkomne til ope hus på Knekkevasshytta. Servering av suppe,saft kaffi og kaker frå kl.12.00 – 15.00.
Håper på ein fin søndag slik at vi retteleg kan få innvie den nye terassen med utsikt over Svelgen, fjell og fjord og langt der ute havet !
Vegen til Knekkevatn finn du på merka sti frå Svelgsvatn eller Sørdaltrappa. For opplysning om turen kan du ringe 91102654.
KEIPEN TURLAG

VI FEIRER 17 MAI PÅ LASSES KRO

SALG AV

RØMMEGRAUT og SPEKEMAT

IS/SLUSH og KAFFI

Åpent fra 13:00 til 02:30

Rømmegraut fra 13:00 til 17.00.

Vanlig matservering fram til 21:30

Diskotek på kroa etter kl 22:00


Lokalforeininga i Svelgen-Bremanger Røde Kors vil takke alle som har støtta opp om årets Røde Kors-basar. 

 

Takk til næringsdrivande i og utanfor kommunen, private som har støtta oss med gevinstar, og dei frivillege som gjer det mogeleg å gjennomføre basaren. Takk og til alle i som har støtta oss med å kjøpe lodd og var med på basaren i samfunnshuset.

 

Basaren gjev oss ei kjærkomen inntekt som bidreg til at vi kan fortsette å drive våre aktivitetar.


Laurdag 11 mai

JENS P. DYRDAL PÅ SVELGEN HOTELL

 

Med eit breitt repertoar reiser Jens Petter rundt og

spelar kjende og kjære låtar som publikum garantert

kjenner igjen! Av artistar kan nemnast – Dance With a

Stranger, Alan Jackson, Creedence, Hellbillies og mange

fleire. Med eit solid komp i ryggen spelar Jens P. kassegitar

og syng.  Han er kjend for å levere god stemning og

dansetakt der han opptrer! Jens Petter spelar forøvreg

i bandet kruttrøyk m.m,   og er frå Svelgen.

 

Frå kl 22.00

Cover 100 kr



07.05.2013

Velkommen til Røde Kors basar

Lørdag 11.mai kl.11.00

i

Svelgen samfunnshus

Åresal

Lykkehjul

Hovedlotteri

Kaker, kaffi, brus

 

Trekking av hovedlotteriet

kl. 14.00

Loddsal denne veka:

Coop Svelgen

Joker Ålfoten

Joker Davik

Leirgulen Mat



Ledig stilling ved Elkem Bremanger 10.05.2013

Elkem Bremanger har ledig stilling som skips- og logistikkoordinator. Sjå ledig stilling til venstre.



Bremanger kommune

Velkommen til hjortemøte 23. mai Kolset skule  kl. 1900

Korleis forvalta hjortebestand? Kva areal brukar hjorten her hjå oss? Nye forskrifter – nye muligheter!

Møtet er første møte i det nye hjorteprosjektet "Forvaltning av hjortebestand 2013—2017" i regi av Utmarksavdelinga til Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Vestskog.

Med på møtet vert Arve Aarhus, Magnus Frøyen og Ole Runar Åbrekk som alle jobbar i prosjektet.

Det blir eit informasjons- og arbeidsmøte med fokus på hjorten sin områdebruk her hjå oss.

Målgruppe: Valdansvarlige, grunneigarar og jegerar.  


Jentekamp onsdag 07.05.2013

Jenter 9/10 skal spele kamp mot Florø på Svelgen stadion i morgon, onsdag 08.mai kl.18.00.

 

Det vert sal av kaffi og kaker.

 

Vel møtt!

 


Bremanger - Florø 3

Seniorkamp, Svelgen Stadion 07.05.2013

Bremanger spelar heimekamp på Svelgen stadion onsdag 8 mai, kl 19.00.

Kampen er mot Florø 3 i 5 divisjon.

Ta turen til Svelgen Stadion og hjelp Bremanger til siger.


DUGNAD PÅ SVELGEN STADION 06.05.2013

STIF Hovedstyre og Fotballgruppa inviterer til rydde dugnad ved Svelgen Stadion

Onsdag 8.mai kl. 18.00

Vi ønsker at Svelgen Stadion skal framstå på ein fin måte og inviterer derfor store og små til dugnad.

Vi skal fjerne boss og søppel, samt få feia løpebana

Vi håpar flest mulig vil delta på dette og oppfordrer alle å ta med feiekoster/piasavakost.

Det blir servert gode sveler, kaffi og tørstedrikk.

Vi sees på Svelgen Stadion

Med hilsen

STIF H.styre/Fotballgruppa




Det var ikkje ein parkeringsplass å oppdrive i Svelgen sentrum søndag ettermiddag, då Svelgen Songlag opna dørene for sitt Lollipop-prosjekt i Samfunnshuset.

Ved inngangsdøra skein nokre prakteksemplar av amerikanske glis av god gammal årgang. Vi snakkar om dei gylne 1950- og 1960-åra, der songlaget også hadde henta repertoaret i konserten, skriv Firdaposten  om gårsdagens konsert.

Sjå fleire bilder og les meir her!

(Faksimile frå dagens Firdaposten)




ELKEM KOPP TIL RITA, LIV OG JOHN MAGNE 05.05.2013

Etter loddtrekning kan vi for april gratulere Rita Svarstad Isene som vinnar av Elkem-koppen på Moldahytta (nr.885), John Magne Varpe som vinnar i Risevatnet 3,5 km (nr.1173) og Liv Sigdestad brekke som vinnar på Gulebrystet (nr87).
No i mai kan du vinne kopp på fjelltrimpostane på Knekkevatn, Sandsegga og Risevatnet Vasskaret. I juni skal vi trekke på Gulebrystet, Sandsegga og Ivervatn – kom å bli med då !
KEIPEN TURLAG
FJELLTRIMMEN



Søndagsskule i morgon, 5.mai 04.05.2013

Velkommen til siste søndagsskule denne våren!

 

Vi møtast i kapellet kl.11.00, håpar du kjem!

 

Helsing Magni, Liv og Ingrid


Vi beklager feilen... buffetet er i morgon, 05.05. 04.05.2013


"Tour de Bremanger" vert arrangert lørdag 15. juni 04.05.2013

Årets "Tour de Bremanger", som vert det 7. i rekka, skal etter planen arrangerast laurdag 15. juni. Så set av denne datoen.

 

"Tour de Brremanger" er ein sykkeltur (IKKJE eit sykkelløp) rundt Bremanger kommune via Bremangersambandet, med start og avslutning i Svelgen. I fjor vart det ny rekord med 44 deltakande syklistar. Deltakarane fekk oppleve ein flott tur i naturskjøne omgivnadar i eit nokså variert vèr. Meir informasjon vil kome etterkvart, men det er berre å få unna vårpussen av sykkelen og førebu kroppen på det som skal skje. Det er Per Arne Sæterlid med gode medhjelparar som står bak denne populære sykkelturen, som vert arrangert for sjette år på rad.

 

Nedanfor kan du sjå Per Arne Sæterlid i lag med Anita Holm Cirotzki under turen i 2009.



Velkomen til den årlege Røde Kors-basaren 04.05.2013

LØRDAG 11.MAI

PÅ SVELGEN SAMFUNNSHUS

FRÅ

KL. 11.00

 

LODDSAL, ÅRESAL

OG

LYKKEHJUL

KAKER, KAFFI, BOLLER OG BRUS

TREKNING HOVUDLOTTERI KL.14

 

 

FØREHANDSSAL AV LODD

 TIL HOVUDLOTTERIET:

 

COOPMARKED SVELGEN 6/5 – 10/5

SPAR BREMANGER 3/5 – 4/5

SPAR KALVÅG 4/5

JOKER DAVIK 3/5 – 10/5

JOKER ÅLFOTEN 6/5 – 10/5

LEIRGULEN HANDEL 3/5 – 10/5

 



Spinning 02.05.2013

Framover vil treningstilbodet sjå slik ut:

 

Måndag kl.20.00     45 min   Vibeke

Torsdag kl.19.00     45 min    Hege Iren

Søndag kl.20.00      45 min    Carina

 

 

 


Zumba 02.05.2013

Søndag 05.mai vert zumbatreninga kl.14.00, pga arrangement på Svelgen samfunnshus.


Ikkje friidrettstrening i morgon, fredag 02.05.2013

Friidrettstreninga fredag 3. mai går ut grunna at kulturskulen skal ha elevframsyning samme dag.

Lesarinnlegg frå Jostein Eimhjellen:

"Snø og dårleg føre i Grytadalen" 01.05.2013

Med bildet og kommentaren under, så er vel dette eit nytt signal om at prioriteringa for 45 minutt regionen er fullstendig «idioti» om ein tenker på busetnad i Bremanger.

Frå Smørhamn får ein no bilførande båt til Florø. For indre skal vi bygge bompengefinansiert tunnel Svelgen - Indrehus og behalde fjellovergangen Magnhildskaret.  Dette er totalt i strid med all tenkeleg sunn fornuft.  Om det i åra framover, i takt med utvikling i ytre, blir satt inn større fegje frå Smørhamn til Florø blir denne idiot-prioritera i større grad eit indre/Svelgen-problem. Slit vi ikkje nok med å få folk til å bygge hus og busette seg som der er? Kvifor kan vi ikkje prioritere eit prosjekt som folk i Bremanger ser verdien av? .

Det er ingen motsetningar om kva som er beste løysinga både i eit lokalt og regionalt perspektiv. At ein ikkje prioriterer å bygge tunnel som fjernar fjellovergongen, er eit resultat av at ein ikkje har hatt konsekvensutgreiing, og lete lokale underkvalifiserte personar fått styre løpet. Skal vi finne oss i dette, når det er folk flest som skal betale rekninga? Utan ein meter tryggare skuleveg ut av kommunen sørover, så er og blir dette eit dårleg prosjekt for Svelgen. Prosjektet motiverer stort til sentralisering. At det no er Senterpartiet som styrer stort i Bremanger, er vanskeleg å forstå.

No må nokon stoppe denne galskapen, og få skuta på rett kjøl.  

Jostein Eimhjellen


Følg med på webkamera oppe til høgre:

Snø og dårlig føre i Grytadalen 1. mai 01.05.2013

 

Bildet er tatt klokka 16.17 onsdag. Følg med på webkameraet oppe til høgre (trykk på kameraikonet heilt øverst til høgre på Svelgen.no).


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept