Arkiv Mars 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Elkem søker etter ferieavløysarar 31.03.2003

Elkem Bremanger søkjer etter ferieavløysarar. Sjå på "Stilling Ledig".

Norsk Marin Yngel opna i dag 31.03.2003

I dag vart yngel-anlegget til Norsk Marin Yngel i Breivika i Svelgen offisielt opna. 300 000 ørsmå torske yngel som etterkvart skal verte fleire tonn kvalitets-mat svirrar rundt i store vasskar inne i dei hypermoderne produksjonslokala.

Ikkje berre produserer anlegget yngelen, men også foret. Algar og hjull-dyr blir alt fram i Breivika, og dette blir sett på som eit pilotprosjekt på landsbasis.

Både Halvor Flatland frå SND, ordførar Einar Kjerpeseth og fiskeridirektør Rolv Petter Vetvik var tilstades under opninga som vart avslutta på Svelgen hotell med ein betre torskemiddag (sjølvsagt) for dei rundt 40 inviterte gjestane.


Bridge :

Davikpar vart kommunemeistrar 2003 31.03.2003

Det var Davikparet Shanker og Frode Drageset som stakk av med tittelen for 2003 då kommunemeisterskapet vart avhelde på "Dampen" på søndag. Meir på bridgesida.

Aktivitetar på Svelgen Hotell i påska 30.03.2003

Svelgen Hotell har no lagt ut sine tilbod for påska og mai månad. Mellom anna blir det dans med Bjarne Lunde, biffaften, dans med Ludo, og 9. mai kjem Elg frå Dance with a Stranger til Svelgen.

Svelgen hotell i påska

Samfunnshusbasar laurdag 28.03.2003

Lørdag 5. april er det klart for den årlige samfunnshusbasaren. Den startar kl. 1200 og det vert sal av årar, 21,lodd på bok, gode heimelaga kaker, kaffi og brus.

Du kan kjøpe lodd på Kopen frå onsdag til fredag. Hovudtrekninga skjer i storsalen omlag kl. 1400 laurdag.

Utstillinga av gevinstane finn du denne gongen på Skinn&Bein.

Kjøp lodd og støtt Svelgen Samfunnshus a.l.!

Aktivitetar Svelgen Samfunnshus/april


Einar vil bli ordførar i gjen 28.03.2003

Einar Kjerpeseth ønsker fire år til som ordførar og har takka ja til å toppe Senterparti-lista. Ordførar-kandidatane i Bremanger er såleis følgande: Einar Kjerpeseth (Sp), Roar Førde (H), Isak Berle (Sv), Kåre Olav Svarstad (Ap), Sølvi Løseth (FrP), Tore Myklebust (KrF) og Kåre Jarl Langeland (V).


Volleyball

NM- bronse til Svelgen- jente 27.03.2003

I helga som gjekk var Stine Mari Solheim med på Tambarskjelvar sitt lag som vart nr. 3 i NM for 19- åringar i Stavanger.

FrP og Sv stiller liste i Bremanger

Mange svelgarar på kommunelistene 27.03.2003

Anette Forthun (Ap), Gunnar Mundal (H), Grete Hennøy (Ap) og Nils Jørgen Sagebø (SV) er svelgen-namn som står høgt oppe på listene foran haustens kommuneval.

Kåre Olav Svarstad frå Bremanger overtek førsteplassen etter John-Ove Bratseth i Arbeidarpartiet. Som nummer to på Ap-lista har butikksjef Anette Forthun.

På tredjeplass finn vi nok eit nytt namn i politisk samanheng i Bremanger, nemleg lensmannsbetjent Espen Gulliksen, frå Oslo. Han har funne nytt rotfeste i Rugsund. Grethe Hennøy frå Svelgen står på fjerdeplass.

Roar Førde frå Davik har fått førsteplassen på Bremanger Høgre si valliste. Ein annan rutinert politikar, Jorunn Frøyen frå Kalvåg, står på andreplass framfor Gunnar Mundal frå Svelgen.

Rørleggar Kjell Nigardsøy, som har vekependla til Svelgen mange år har sagt ja til fjerdeplassen på lista til Bremanger Høgre.

Etter ein periode ute i Bremanger-politikken, er SV no tilbake for fullt. Isak Berle som tidlegare var sentral Senterparti-mann i Bremanger kommunestyre toppar lista.

På plassane etter Isak Berle står Åse Leirgulen frå Rugsund, Charlotte Melvær Skjølberg frå Bremanger og på fjerdeplass Nils Jørgen Sagebø frå Svelgen.

Også FrP stiller liste i Bremanger denne gongen. På topp står Sølvi Løset og på dei to neste plassane Jan Helge Restad og Knut Bruvoll.

Meir om Bremanger-listene


Meld dykk på:

INC-bedriftscup i idrettshallen 27.03.2003

INC Vedlikehold AS arrangerer "INC Bedrifts-Cup" i Svelgen Idrettshus, laurdag den 26. april 2003.

Turneringa er open for alle bedrifter i Svelgen-regionen, samt for dei andre bedriftene i INC-gruppen. Små bedrifter kan slå seg saman, eller ta kontakt med Svelgen næringsråd, som vil kunne vere behjelpeleg med å organisere/sette saman felles-lag.

Hensikta med arrangementet er rett og slett å prøve å få til eit sosialt felleskap for bedriftene i lokalsamfunnet.

Øvingane ein kan vere med på er:

Fotball - 5 spelarar pr. lag + reserver (12 min. pr. kamp)

Volleyball - 6 spelarar pr. lag + reserver (20 min. pr. kamp)

Squash - Individuelt. (Kampane går fyrst til 15 poeng)

Skyting - Individuelt, og lag. (Regelverket er ikkje klart endå)

Hugs! Det viktigaste er å være med, og å ha det kjekt. (Manglande ferdigheter kan godt kompenserast med orginal og morosam framføring/påkleding.)

Om kvelden vert det bankett på Svelgen hotell, med premieutdeling og festmiddag. Påmeldingsfristen er sett til tirsdag 1. april. (ev. 3. april)

Det er ei deltakeravgift på kr. 100,- pr. deltager. Banketten koster kr. 250,- pr. snute og det er anledning til å ta med fylgje på banketten (Koster óg kr. 250,-).

Kvar bedrift/lag må organisere betaling for bankett -og deltakeravgift.

Innbetaling til bankkontonr.: 3776 03 25 423 Bindande påmelding sendast til: e-mail: nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no Fax: 577 96 799


Søndag 30. mars kl. 2000

Eminem på Svelgen kino 25.03.2003

Søndag viser Svelgen kino filmen 8 mile med Eminem i ei av hovudrollene.

Samme hvor vi bor, samme hvem vi er, vi er alle bundet av grenser...... noen reelle, noen innbilte. Mange av oss er tilfredse med å leve innenfor disse rammene. Andre er tvunget til det.

Men noen av oss trenger å bryte ut, selvom det som finnes på den andre siden både virker skremmende og ukjent. 8 Mile er historien om grensene som bestemmer livet vårt, og en ung manns kamp for å finne styrke og mot til å krysse dem.

Eminem (Jimmy Smith, Jr.) gjør sin spillefilmdebut med 8 Mile. Eminem er en av verdens mestselgende plateartister, og hans kontroversielle tekster har skapt heftige debatter helt siden "The Slim Shady LP", som solgte mer enn 7 millioner eksemplarer på verdensbasis.

Aldersgrense 15 år. (12 i følge med vaksne over 18 år)


Omn 5 i drift att! 21.03.2003

Det var fest og høgtid hjå Elkem Bremanger då omn nr 5 vart starta opp att torsdag. Smelteomnen framstår no som heilt ny, og som ein av dei mest moderene i sitt slag i heile verda

Ein nøgd verksdirektør Erik Løkke Øwre då omn 5 starta igjen. - Røyken ut pipa blir slik berre i oppstartfasen, presiserer han. Det er investert nærare 70 millionar kroner i fornyinga.

- Dette er ei investering for framtida som gjer at Elkem Bremanger no blir moglegheitenes verk, seier ein glad og nøgd direktør, Erik Løkke Øvre, som no varslar nye store investeringar ved verket. Planen er å bruke ytterlegare 30 millionar kroner i ny teknologi til etterbehandling av det som kjem ut av smelteomnen, skriv Firdaposten.no.

FIRDAPOSTEN


Krigen er i gang ! 20.03.2003

Med overlegne teknologiske fordelar er USA og deira allierte i gang med krigen mot Saddam Hussein og Irak. Sjølv om dei fleste av oss er einige i at Saddam Hussein er eit vonde som må fjernast, er spørsmålet om midlane som vert brukte er riktige. Dette er eit spørsmål som angår oss alle i verda. Sei di meining på Fritt ord-sida vår.

Elevrådet med eiga heimeside 19.03.2003

Elevrådet ved Svelgen skule har no oppretta eiga heimeside. Der kan alle som vil gå inn å sjå aktuelle saker som er behandla og andre ting elevane er opptekne av. Trykk på linken under

Elevrådet

INC CUP 2003 19.03.2003

STIF arrangerer sin årlige innendørsturnering for aldersbestemte fotballag fra egen kommune. Årets tunering har fått navnet INC CUP 2003 og blir arrangert lørdag 22.mars og Søndag 23.mars. MØT OPP OG SJÅ GOD BARNE- OG UNGDOMSFOTBALL

Årets turnering blir spela i Svelgen Idrettshus. Det blir lag fra flg. Idrettslag: BREMANGER - LEIRGULEN/DAVIK - SVELGEN

Det blir servering fra eigen kiosk og loddsalg med masse fine premiar.

STIF


Artikkel om Make Music - not war 17.03.2003

Firdaposten har no lagt ut bildegalleri og fyldig reportasje frå ungdoms-konserten på Svelgen Samfunnshus fredag. Mykje skryt og flotte bilder. Klikk på linken under

Bilder og tekst i Firdaposten

Omn 5 startar opp att torsdag 17.03.2003

Endeleg kjem gladmeldinga som dei Elkem-tilsette og heile Svelgen-samfunnet har venta på. Torsdag blir omn 5 opna att, og det skal sjølvsagt markerast både med inviterte gjester, taler og servering i kantina for alle tilsette.

- Dette blir ein stor dag for Elkem. Dei permitterte er komne i arbeid att, og alt ser med eitt så mykje lysare ut, fortel sekretær Anne Turid Ljungren ved Elkem Bremanger til Firdaposten.no.

Firdaposten


Volleyball

STIF på langtur 16.03.2003

STIF sitt herrelag i 2. divisjon var i helga i Molde og Ålesund og spelte kampar. Ein kjenner ikkje til korleis det gjekk i kampane. Resultatet er i skrivande stund ikkje lagt ut på nettet på linken under, men du kan truleg lese det i løpet av mandag...

Neste helg spelar STIF siste kamp(ane) mot Førde.

2. div. S. og Fj./M. og R.


Volleyball

Siger til Bjørn IL i siste kampen også 16.03.2003

På heimesida til Bjørn kan du lese om kampen mot Hornindal. Sida skriv også at dette var siste kampen til svelgaren Ronald Førde i Bjørn- drakta.

Bjørn IL

180 på dans med SPIK ADEL 16.03.2003

180 var lørdag på dans med Bremanger-gruppa SPIK ADEL på Samfunnshuset. Det var flott musikk med gode gamle travarar som Beatles, Dire Straits, Bob Dylan og Niel Young og fullt dansegolv frå første låt.

Svelgen Samfunnshus sine trufaste tenarar har bygd eige "dansegjerde" som gjer dansegolvet intimt og storesalen koselig.

Det såg ut til at gjestane storkosta seg og vi håpar vi snart får besøk av Norvall & Co igjen!


Lensmann Strandos:

Rosar to 15- åringar i samband med trafikkulukka 15.03.2003

Til tross for at dei heldt på å bli nedkøyrde, handla dei eksemplarisk med varsling og hjelp til den skadde. Les meir på NRK S. og Fj.

NRK S. og Fj.

Mandag 17/3 kl. 1800 på Rådhuset:

Folkemøte om sentrumsplan i Svelgen 15.03.2003

Følgjande er henta frå kommunen si heimeside:

Sentrumsplan for Svelgen- invitasjon til folkemøte

Dato: måndag 17. mars 2003
Stad: Rådhuset
Tid: kl. 18.00

Dei siste åra har Svelgen tapt noko av sin posisjon som livskraftig bygdeby. Det er naudsynt å tenke nytt kring Svelgen sin funksjon i framtida. Reguleringsplan for Svelgen er vedteken, og ei plangruppe er godt i gang med arbeidet for sentrumsutvikling. Hovudmålsetjinga er at Svelgen skal framstå som eit innbydande og tilrettelagt kommunesenter. Plangruppa er sett saman frå Bremanger Vekst, Svelgen næringslivsråd, Bremanger kommune og arkitektfirmaet Nordplan. Vi skal utarbeide ein realistisk og allmenn akseptert plan for opprustning og utvikling av Svelgen. Det er sett fokus på tre hovudtema: kulturhistoria, handels- og næringsfunksjonar og aktive møtestader.

Merknader og innspel er no innarbeidd i planen, og det er trong for eit nytt folkemøte før saka går til vidare handsaming. Vi har eit felles ansvar for korleis Svelgen skal sjå ut og fungere i framtida.

Arkivbilde frå 2002


Meir fakta frå bilulukka torsdag 15.03.2003

Les kva lensmann Strandos har uttalt til Firdaposten.

Firdaposten

Kjempekonsert av Svelgen-ungdomen!! 14.03.2003

Storesalen på Svelgen samfunnshus var var heilt full då ein samla stab med ungdomsskuleelevar i kveld entra scena. Musikkprosjektet dei har jobba med dei siste vekene avslørte tydelege talent både innan dans, revy og musikk. Tittel på kvelden var "Make music-not war" og det verka som det var ein samansveisa gjeng som imponerte oss svelgarane.

Lærarane ved Svelgen skule fortener ros for å ta initiativ til slike prosjekt som tydeleg samlar elevane i noko dei aller fleste såg ut til å like.

Jan-Erik Kjøsnes hadde tydeleg grep om skodespelarkunsten med sin mimikk til "Billetttøren" og historia om korleis det var i gamle dagar.

Likeins gjorde gruppa KISS ein god figur med måla ansikt.

Også i dansegruppa var det fleire gode talent som vi ventar å sjå meir til framover.

Kjekt var det også å sjå filmen "back-stage" der vi fekk vere vitne til kor mykje arbeid og moro som låg bak framsyninga i kveld.

Når ungdomsskuleelevane stod samla i avslutningskoret og song Beatles var det nesten rørande for dei mange som hadde møtt opp.

Dette er tiltak som skapar gode minner og samhald - lenge, lenge.

Tusen takk for opplevinga!


Meir om trafikkulukka 14.03.2003

Les kva Firdaposten skriv om trafikkulukka torsdag, og sjå også bilete av bilen. I følgje BT har politiet opplyst at det er mistanke om promille.

Firdaposten

Trafikkulukke i Breivika 13.03.2003

Det har i ettermiddag vore ei trafikkulukke i Breivika i Svelgen. Politiet er i skrivande stund på staden.

Bilen kjørte først inn i ein stolpe og kutta denne før han vart kasta rundt og landa midt i vegen. Bilen er no flytta ut i vegkanten.

Etter det Svelgen.no kjenner til skal det stå bra til med sjåføren, medan bilen, ein Audi, er totalvraka. Mannen var åleine i bilen.Til alt hell var det ingen forbipasserande når ulukka skjedde.


SUPERHELG PÅ SAMFUNNSHUSET 12.03.2003

Til helga blir du nøydd å ta turen innom Svelgen Samfunnshus!! Vi starter fredag med ungdoms-konserten. Lørdag kjem SPIK ADEL på besøk frå ytre Bremanger og spelar opp til dans frå 2130 til seine nattetimar.

Og søndag må du vere på pletten igjen - for då er det klart for Svelgen-visninga av JAMES BOND siste film - Die another Day.

Bruk storstova vår - vel møtt til mykje moro på SVELGEN SAMFUNNSHUS!!


Set av lørdag 15. mars:

SPIK ADEL TIL SVELGEN!!!! 12.03.2003

Lørdag 15. mars kjem Bremanger-gruppa SPIK ADEL til Svelgen for å spele opp til dans på Svelgen Samfunnshus!

Dei var oppvarmingsband for Hellbillies under kulturfestivalen for 600 publikummarar på Svelgen idrettshus og vart svært godt mottekne.

Alle i Svelgen kjenner til Norvall Klungresæter som til dagleg er lærar i musikkskulen (forøvrig plukka ut til solstråle på fritt. ord sida vår!) Han er vokalist og frontfigur i gruppa.

Musikken skiftar frå heftig blues til yppig dansemusikk som gjer dansefoten yr av glede. Dette må du berre få med deg.

Ja, er du utta bremanger må du ikkje kvi deg på å ta turen inn te Svelgen!

"Spik adel" er eit lokalt ord for det beste av den beste delen av treet, som gjev material til vern mot storm og blest. Kort sagt :"Spik adel" er trevirket som har så sterk indre kraft at det held seg like godt medan tiåra rullar nådelaust av garde. Dette er Spik Adel:

Norvall Klungresæter:gitarar og sang

Einar Nesbakk: gitar slidegitar og sang

Roger Igland: bass

Helge Førde: trommer

Jarle Grotle:orgel, piano,sang

VI GLEDER OSS ALLEREDE!!



Husk Konserten fredag kl. 1800

Make music - not war!! 12.03.2003

Vi har fått følgande melding frå ungdomsskulen:

Vi gjentar knallsuksessen frå i fjor!

I år våger vi faktisk å påstå at det blir enda betre

Denne gangen får de ikkje berre sjå det ferdige resultatet

I eit forrykande sceneshow, men også eksklusive klipp frå "behind the scenes" for i år har ei teknikk- gruppe filma gongen i arbeidet! Gå ikkje glipp av dette!

Berre på Svelgen Samfunnshus - be there!

Fri inngang

På Menyen:

Bandet "KISS" featuring Kristina as Kelly Osbourne & Mari as Britney Spears

Revygruppa "The Missing Link"

Bandet "No Name"

Rytmegruppa "Wenches Kjøkken"

Dansegruppa "Dancing In The Rain"

Revygruppa "Marmelade"


James Bond til Svelgen søndag! 12.03.2003

Agent 007 James Bond feirer 40-års jubileum med den 20ende Bond-filmen i rekken! I år er det 40 år siden den aller første filmen om agent 007 - "Dr. No" - ble lansert. Feiringen ble markert med stil over hele landet premieredagen!

DIE ANOTHER DAY starter med en spektakulær surfe-scene i en demilitærisert sone mellom Nord- og Sør-Korea, fortsetter via Hong Kong til Cuba og London, hvor Agent 007 treffer de to kvinnene som skal komme til å spille en enorm rolle i hans søken etter å avdekke en svindler og forhindre en krig med katastrofale konsekvenser. Jakten fortsetter til Island for så å ende opp i Korea, hvor det hele startet.

Pierce Brosnan, som også spilte i de forestående suksessfulle filmene "GoldenEye", "Tomorrow Never Dies" og "The World is Not Enough", gjenopptar sin rolle som James Bond for fjerde gang.


BK Syver'n :

Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen vart klubbmeisterar 2003 11.03.2003

Etter at siste spelekvelden i klubbmeisterskapet vart spela mandagskvelden, er det no klart at Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen vart klubbmeisterar føre Ole Bjørn Førde og Harald bruvoll som følgde på andreplassen. Leif Arild og Arne Lothe vart nummer tre. Meir på bridgesidene.

Barnehagane i Svelgen 11.03.2003

Barnehagane i Svelgen har no fått ei felles heimeside. Er du nysgjerrig på korleis dei har det, så besøk den nye heimesida.

Heimesida

Volleyball

Bjørn IL klar for Elitseserie(kvalifisering) om dei vil.... 10.03.2003

Bjørn IL, sitt volleyballag i 1. divisjon med to svelgarar på laget, kan truleg rykke opp i Eliteserien om dei vil. Etter rankingturneringa i Trondheim i helga, kan ikkje nokon lag hindre dei i å bli nr. 2 på rankinga i 1. div. Denne plassen gjev rett til å spele kvalifisering om spel i Eliteserien. Laget har ein kamp att i serien i 1. div.

Men for at det skal bli høve til spel i Eliteserien må klubben få spelarstall og økonomi på plass for neste sesong, og dette skal godkjennast av Volleyballforbundet. Dette må skje innan ganske få veker.

Om desse faktorane går i orden, er det mogeleg laget slepp å kvalifisere seg for Eliteserien og rykkjer rett opp. Dette skuldast at det er eit lag i Eliteserien som vurderer å trekke seg.

Ranking 1. div.


Make music - not war:

Konsert på Samfunnshuset fredag 10.03.2003

Det vert framføring av elevprosjektet "Make music - not war!" på fredag 14.03.03 kl. 1800 på Svelgen samfunnshus.

Det er elevar på ungdomsskulen som skal framføre resultatet av eit musikk/ dans/ drama - prosjekt dei har jobba med i 3 veker.

Framsyninga vert ei variert framsyning med mellom anna kor, dans, video, revy, band og stompband (rytme).

Prosjektleiar Tom Sølve Myklebust opplyser at det er gratis inngang for alle.

Få med deg dette!


Folkemøte på Svelgen skule mandag 10/3 09.03.2003

Mandag 10/3 kl. 1800 vert det folkemøte på Svelgen skule. Tema er kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Her følgjer eit utdrag frå Bremanger Nytt:

Målgruppe for møtet: foreldre, driftsleiarar, lærarar, alle lag og organisasjonar.

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er innbyggjarane og kommunen sitt strategiske verkty for planlegging, bygging og tilrettelegging for fysisk aktivitet. Det er denne planen som avgjer kvar og om vi skal byggje idrettshallar, gymsalar, rehabilitere symjebasseng, bygge nærmiljøanlegg ved skular, barnehagar eller i bumiljøet. Det er også her vi prioriterer tiltak for tilrettelegging i natur og friluftslivet.

I Bremanger held vi på med hovudrullering av planen, og skal i løpet av mars ha folkemøter på kvar av dei sju skulane. Planen blir så god som innbyggjarane vil ha den. Her er det fritt fram for spenstige idear og konkrete behov.


Lokalbanken

Set ned renta for 3. gong i år 08.03.2003

Sparebanken Flora- Bremanger set ned renta att. Les meir på linken under.

Sparebanken Flora- Bremanger

Husk Sanitetsbasaren lørdag 07.03.2003

I morgon er det klart for den årlege Sanitetsbasaren på Svelgen Samfunnshus. Mange flotte premiar, kaker og kaffi står på programmet. Det er både sal på bok og åresal.

BK Syver'n

Nestsiste spelekvelden i klubbmeisterskapet ferdigspela 04.03.2003

Harald Bruvoll og Ole Bjørn Førde vann den niande og nestsiste spelekvelden i klubbmeisterskapet. Med det tok dei eit kraftig steg mot andreplassen. Meir på bridgesidene.

Svelgen kino søndag 9.3 kl. 2000

Elsker deg for evig 04.03.2003

Søndagsfilmen på Svelgen kino søndag 9. mars er den danske suksessen "Elsker deg for evig".

Elsker deg for evig handler om å miste kontrollen, å satse på den store kjærligheten. Og noen ganger er kommer den, når man minst venter det.

Elsker deg for evig er som førsteklasses vin: moden og velbalansert. Filmen utforsker livets uforutsigbarhet på en usedvanlig klok og realistisk måte, og arbeidet foran og bak kamera er både beundringsverdig og modig. Filmens hovedkarakterer tolkes av talenter i den yngre danske generasjonen skuespillere, som er kjent for sine høye begavelser. I Elsker deg for evig leverer de igjen tapre prestasjoner som man bare kan ta av seg hatten for. Nykommeren Sonja Richter, som debuterer på film med Elsker deg for evig, er intet unntak. Regissør Susanne Bier utforsker i sin nye film hvor fort livet kan forandre seg, og hvordan menneskene reagerer når alt i livet plutselig blir snudd på hodet. Her dreier det seg om større problemer enn å rekke butikken før den stenger for å handle inn litt middagsmat, eller at man alltid kommer i siste liten for å hente barna i barnehagen. Hva gjør man når man ikke kjenner igjen livet sitt? Hva kan skje med oss når alt vi tar for gitt forsvinner, når framtiden med ett står uforutsigelig foran oss, og når vi mister kontroll over hverdagen vår?

Vi møter fire mennesker og deres plutselige og uforberedte møte med livets skrøpelighet, og sist men ikke minst: kjærlighetens styrke.

Kl. 2000 11 år


Volleyball

Takkar nei til kvalifisering til Eliteserien ? 03.03.2003

Ved å klikke på linken under kan du lese litt om tankane leiinga i Bjørn IL har om opprykk til Eliteserien. Ein av svelgarane fekk nok ein gong skryt av leiinga.

Sogns Avis

Husk swingkveld på Realen tysdag 4/3 02.03.2003

Ein prøvar att med swingkveld kl. 1930 førstkomande tysdag. Møt fram for å danse, og lære nye turar.

Volleyball

Bjørn IL vann nok ein kamp i 1. divisjon. 02.03.2003

Bjørn IL, leiarlaget i 1. divisjon med svelgarane Ronald Førde og Knut Arild Fløtre på laget, vann i helga 3 - 0 mot KFUM Volda.

15. mars spelar Bjørn siste seriekamp mot Hornindal på Eid. Bjørn har no like mange poeng som Rå på 2. plass, men har 3 sett betre settskilnad. Dermed kan dei tillate seg å tape to sett mot Hornindal. Førstkomande helg deltek Bjørn på rankingturnering i Trondheim.

På biletet under ser ein Knut Arild Fløtre til venstre og Ronald Førde til høgre.



Bjørn IL


STIF inviterer:

Klubbkveld på idrettshuset 01.03.2003

Svelgen Turn og Idrettsforening har nylig skreve avtale med ein leverandør av sportsutstyr til STIF.

Svelgen Turn og Idrettsforening vil markere dette ved å arrangere Klubbkveld i Idrettshuset førstkommande tirsdag.

- Under Klubbkvelden vil det bli god anledning til å sjå på og kjøpe utstyr frå vår nye leverandør av sportsutstyr, melder Svein Arne Sandvik.

STIF-sida


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars