Arkiv Des 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Skrinlegg utviding av sjukeheimen i Svelgen 31.12.2005

Dei storstila planane for Svelgen bu- og omsorgssenter er no pakka vekk for godt. For få år sidan ville kommunen bygge ut for mangfaldige millionar kroner.

 

Les meir hjå NRK S. og Fj.


4. høgste årsverdi sidan 1939

3565 mm nedbør i Svelgen i 2005 31.12.2005

Samla i året 2005 fall det heile 3565,2 mm, medan normalen for eit år er berekna til 2570. Dette er den 4. høgste årsverdien som er registrert i nedbørsstatistikken for Svelgen, som går attande til 1939. Årsrekorden skriv seg frå 1990, då det fall 3702,4 mm. Det meste som fall på eit døgn i 2005 var 77,5 mm.

Litt over normalt med nedbør i desember 31.12.2005

I desember fall det 311,3 mm, medan det normale for månaden er 293 mm. Heile 14 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset, og 62 mm var det meste ein målte på eit døgn.

Husk avlesing av straummålaren 30.12.2005

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at mandag 2. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same.

      

EEB minner elles om:

  1. Det er heilt nødvendig å oppgi målarnummeret når dykk melder inn målarstanden ved kvartalsavrekning. Målarnummeret finn ein på straummålaren, og på tidlegare straumrekningar.
  2. Vi oppmodar om å bruke korta som følgde med kalendaren, som vi nyleg sende ut, når dykk skal melde inn målarstanden framover. Desse korta er frankerte, og mottakaren vil betale portoen. Dykk kan også bruke vår epostadresse:  kraftverk.bre@elkem.no

  3. Juletrefest i kapellet torsdag 29/12 29.12.2005

    JULETREFEST I SVELGEN KAPELL TORSDAG 29 DESEMBER KLOKKA 17.30


    Gode forhold på Harpefossen 28.12.2005

     Eidaportalen melder følgande: NRK Sogn og Fjordane melder i dag at snømangel fører til vanskar for fleire alpinanlegg i Sogn og Fjordane i romjula. Harpefossen er eit av dei to alpinanlegga som er i drift, og her er tilhøva heilt fantastiske.

        
    Saka på NRK Sogn og Fjordane finn du
    her
    Webkamera på Harpefossen finn du her
    Nordfjord SKisenter sine nettsider finn du her

        

    Også Strandafjellet har gode forhold.


    Ros til Pegasus for opptreden i Florø 26/12 28.12.2005

    Romjul etter romjul trekkjer (Florø/)Svelgen-bandet Pegasus fulle hus på Haavebua, og i år var ikkje noko unntak. Dei lokale musikarane serverte ein hitparade av dei sjeldne.

     

    Fredag 30/12 kan du oppleve svelgarane på Svelgen Samfunnshus, der styret i samfunnshuset arrangerer dans.

     

    Biletet nedanfor er henta frå Firdaposten, og vart teke 2. juledag i Florø. F.v. Svelgen-jentene Janne Linn Myren og Annika Myklebust. Foto: Linda Regina Bruvik. Les meir i Firdaposten

     


    Volleyball

    "Turtelduene" til topps i Molleyturneringa 28.12.2005

    "Turtelduene", med Frode Hessvik som kaptein, gjekk til topps under Molleyturneringa tysdag 27/12. Turneringa vart arrangert i regi av Volleyballgruppa i STIF for 20 år på rad, og i år var det seks deltakande lag.

     

    Dei andre på vinnarlaget var Frank Hatleset, Unn Kvendseth (biletet), Kjell Åge Bueie, Ingrid Leite Bueie og Pål Flugre.

      

    I finalen måtte "Friends", med Vibeke Kjerpeseth som kaptein, sjå seg slått.


    Frå redaksjonen til alle våre lesarar:

    GOD JUL ALLE SAMMEN 24.12.2005

     

    No lyser kapellet opp att 23.12.2005

    Det er mange år sidan no at det var lyskasterar som lyste opp kapellet. Dette er no tatt
    hand om, og nye lyskastarar er på plass. Det står berre att å rydde litt meir skog rundt
    bygget. Arbeidet er gjort på dugnad og alle involverte vert takka. Sparebanken Sogn og
    Fjordane vert òg takka for gåva til tiltaket.

    Nissen kom på velteplassen også i år 23.12.2005

    På Sande har det blitt ein tradisjon veslejulaftan at ungar og vaksne tek seg ein tur opp på velteplassen på skogsvegen. Der går dei for å sjekke om julenissen har teke turen frå Sandsegga ned til gapahuken. Og jammen hadde ikkje nissen kome også i år, trass det sure og våte vèret. Han hadde nok hatt ein stri tørn ned den glatte stien med alle dei sleipe røtene...om det var den vegen han nytta.

      

    Trass dårleg vèr vert det rapportert at ungane og dei vaksne var i godt humør, og fekk ein koseleg førjulskveld i lag med ein hyggeleg julenisse.

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     


    Meir om millionen til SNR 23.12.2005

    På Svelgen Næringsråd si heimeside kan du lese meir om millionen SNR har fått frå DAA-fondet. Les meir her.


    Vert arrangert 3. juledag

    Molleyturneringa for 20 år på rad 23.12.2005

    Tysdag 27/12/3. juledag er datoen for årets Molleyturnering, og turneringa tek til kl. 17.00. Påmelding kan gjerast til Frank Hatleset tlf 57795549/91616698 eller Frank Midtbø tlf 57793700/91666879. Påmeldingsfristen er 27/12 kl. 12.00. Så ta initiativ, få med venar, familie, arbeidskollegar o.l. og dann ditt eige lag. Hugs minst to damer/jenter pr. lag.

     

    Det var jula 1986 Knut Hollekim, med god hjelpe frå unggutane Allan Dyrstad (15) og Freddy Hessvik (16), drog i gong og arrangerte den aller første Molleyturneringa. Den gong gjekk turneringa over to dagar i gymsalen på skulen. Kor mange år Frank Midtbø, Frank Hatleset og Frode Hessvik har teke initiativ og arrangert turneringa skal vere uskrive, men det er nokså mange år på rad desse tre karane no har stått bak dette som er STIF sitt mest tradisjonsrike enkeltarrangement.


    Svelgen Næringsråd fekk ein million 23.12.2005

    Svelgen Næringsråd fekk ein million kroner frå fondet for diffrensiert arbeidsgjevaravgift i Sogn og Fjordane, melder Firdaposten.

    - Det første vi skal gjere er å opprette eit fond og legge ein strategi for korleis vi skal bruke pengane,  siser Bjørgulf Myklebust i Svelgen Næringsråd til avisa torsdag. 


    Julestemning i kapellet 21.12.2005

    Det mangla verken englar eller vise menn då barnehageungane frå Svelgen og Langeneset møttes til julegudsteneste i kapellet i går føremiddag. Først fekk dei frammøtte høyre fleire julesongar før prest Tore Myklebust ynskte velkomen til kyrkje. Etterpå fekk dei eldste borna frå dei to barnehagane vise fram Juleevangeliet og fortelje den kjende historia om då Jesusbarnet kom til verda.  Fleire julesongar stod på programmet før dei små returnerte til barnehagane der det venta varme pølser som takk for innsatsen. Det vart ein time med julestemning i Svelgen kapell i går – både for store og små.

     Les meir i dagens Fjordenes Tidende 

     


    Svelgen skule takker 21.12.2005

    Vi vil takke foreldre, besteforeldre og andre som stillte opp og hjelpte oss på juleverkstaden for 1. - 7. klasse ved Svelgen skule.
    Vi vil ynskje alle ei riktig god jul og eit godt nyttår.
    Helsing store og små ved Svelgen skule.

    Dans to stadar i Svelgen fredag 30/12 19.12.2005

    I følgje oppslag på Koopen skal det fredag 30/12 vere dans med Pegasus (bildet) på Svelgen Samfunnshus, arrangert av styret i Samfunnshuset.

    Same dag er det også dans på Lasse`s med Lunde`s Trios.

     

    Billettane til dansen på Svelgen Hotell 2. juledag er utselde. Men tradisjonen tru finnast det nok personar som har kjøpte ein billett eller tre for mykje...


    Bok om Realen? 21.12.2005

    Det viser seg at utflytta svelgarar er svært opptekne av lagnaden til ungdomsklubben Realen og aktivitetshuset på Naustneset.
    Redaksjonen har fått følgande mail frå Astrid Skår (tidl. Evensen): 
    Eg flytte frå Svelgen i 1964, og har berre vore der eit par gonger sidan. Men eg må seie at eitt av høgdepunkta når eg var der, var besøk ut til Realen. Da kom minna strøymande.
    Eg har dei siste åra gitt ut fleire bøker, ofte med historisk og kulturhistorisk tilsnitt. Og nettopp dette huset burde vel ha ei historie som var verdt å skrive om? Privat realskule med støtte frå verket osv. Fugleseth'en som var ein institusjon i seg sjølv. Ungdommane utifrå "Brømångs" som måtte tilpasse seg det "urbane" Svelgen. Andre innflyttarar frå lengre stader vekk - kor tøft var det vel ikkje? 
    Les resten på sida for lesarinnlegg!

    Sandvik held fram som leiar

    Frå årsmøtet i STIF 19.12.2005

    Torsdag 15/12 heldt STIF årsmøte i småsalen på samfunnshuset. Det var godt frammøte, og på agendaen stod vanlege årsmøtesaker. Årsmøtet konkluderte med både god aktivitet og god økonomi. Under valet gjekk det fram at barneidretten i 2006 vert styrt av nye personar, og ein ny organisasjonsmodell for Fotballgruppa vart vedteken. Leiar i Hovudstyret, Svein Arne Sandvik , held fram også i 2006, og det vert 3. året han styrer STIF med stø hand. Kven som sit i styre og stell i STIF i 2006 kan du sjå her. Den nye organisasjonsmodellen til Fotballgruppa kan du sjå her. Fotballgruppa vert leia av Arild Sande, som leiar gruppa for 3. år på rad.

             

    Mot slutten av årsmøtet var det tradisjonen tru utdeling av utmerkingar, og den fremste utmerkinga gjekk til Knut Eimhjellen. Han mottok det høgthengjande Skikruset. Tidlegare er det berre Dagfinn Ask og Tor Zachariassen som har oppnådd dette innan STIF. For å få Skikruset må ein i følgje Skiforeningen si nettside ha avlagt skimerkeprøva i heile 40 år. Vaktmeistrane i Svelgen Idrettshus, Gunnar Midtbø, Einar Gjerde, Anders Rosvoll, Ståle Mulehamn og Alf Førde, fekk blomar og gåver for den viktige og frivillige innsatsen dei gjer for STIF i idrettshuset. Elles fekk avtroppande styremedlemar i Hovudstyret, Hege Rosvoll og Anita Holm Cirotzki, takk for innsatsen i STIF.

         

    Bileta nedanfor vart tekne på årsmøtet. På det øvste mottek Knut Eimhjellen Skikruset frå STIF-leiar Svein Arne sandvik. T.v. Ragnar Eikeset. På det nederste biletet får to av vaktmeistrane i idrettshuset, Einar Gjerde (t.v.) og Gunnar Midtbø heider frå Sandvik for sin innsats for STIF i idrettshuset. 2005 var det 12. året på rad Gunnar Midtbø var gratisarbeidande vaktmeister i Svelgen Idrettshus. Foto: Leo Holm Husabø Cirotzki.

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     


    HUSK: Målaravlesing mandag 2. januar

    EEB kjem snart med infokalendar for 2006 19.12.2005

    Litt før nyttår kjem Elkem Energi Bremanger AS ut i poskassene med sin 6. informasjonskalendar på rad. Temaet for kalendaren i 2006 (biletet) er Straumane kraftverk, som vart starta opp sommaren 2005. EEB oppmodar forbrukarane i Svelgen om å ta i bruk kalendaren, då ein i denne finn frankerte avlesingskort for målarstand, kort som ein kan bruke ved adresseendring, ny rekningsadresse og oppseiing av abonnement, info om straumfakturaen frå EEB, info om betalings- og purrerutinar, tabell for registrering av månadsforbruk og anna info frå EEB. Vidare finn ein info om eltryggleik, straumsparing, skogrydding rundt straumlinjer, jordfeilbrytarar, magnetfelt ved kraftlinjer og mykje meir om elektrisitet.

     

    Mandag 2. januar skal straummålarane avlesast på nytt, og nytt av året er det at kundane sjølve er ansvarlege for å lese av målarstand også i januar månad. EEB oppmodar om å bruke korta som ein finn inne i kalendaren når dykk skal melde inn målarstanden framover. Desse korta er som nemnt ovanfor frankerte, og EEB vil betale portoen. Dykk kan også bruke epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Mellom dei som melder inn målarstanden med kort og epost vil EEB ved januaravlesinga trekke ut ein vinnar som vil få 1000 kr i avslag på neste straumrekning. Kort og epost utan målarnummer vert heller ikkje med i trekninga.    

          

    Om dykk vel å ringe inn målarstanden ber EEB om at dette vert gjort etter kl. 16.00 på kvardagar. Dette fordi pågangen med målaravlesingstelefonar på dagtid er stor, samstundes som driftskoblingar o.l. pågår. EEB sitt gratis telefonnummer er: 800 30 175. Husk å ha klart målarnummeret dykkar. Merk: Kundar som ringer inn målarstanden vert ikkje med i trekninga som vart nemnd ovanfor.

         

    Frist for å melde inn er 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist 2. januar bør du melde inn standen før du reiser.

           

    Ved avlesinga 2. januar skal også næringsverksemder melde inn målarstanden.


    The Seatsniffers til Bremanger 18.12.2005

    The Seatsniffers spelar på Havly i Bremanger torsdag den 29/12 i romjula. Dette bandet serverer i følge arrangøren Bremanger Rockklubb rockabilly slik den skal være; kort, konsis og  fengande. Bandet spelar med stor truverdigheit,og musikken gjer deg en genuin følelse av å være tilbake på 50-og 60 talet.

     

    The Seatsniffers består av:

     

    Walter Broes- vokal/gitar

    Roel Jacobs  - saksofon/vokal

    Bop de Houwer- bass

    Piet de Houwer-trommer/vokal

    Les meir på www.twinstreet-bookings.com

    eller www.brk.no

     

                


    Frå nissefesten til barnehagane i Svelgen 17.12.2005

    Torsdag 15. desember var datoen for den årlege nissefesten. Barnehagen i Svelgen var pynta til fest, og ein kunne sjå store og små nissar med nissehue og nissekle.

     

    Les meir og sjå flotte bilete her.  (utan breiband vil det nok ta ei tid å opne fila)


    Frekt tjuveri frå svelgar i Florø 16.12.2005

    Edvin Follevåg vart fråstolen ein pose med julegåver, frå familien i Askvoll, då han skulle legge bagasjen i oppbevaring på Firda Billag i Florø tysdag.

     

    Les meir i Firdaposten.


    Førstkommande laurdag:

    Julekafé på Bakarhuset 15.12.2005

    Lørdag 17. desember vil 10. klasse halde julekafé på bakarhuset. Opningstida vil vere mellom 11.00 og 16.30. Sidan det er ei spesiell anledning har vi mykje forskjellig å tilby. Vi vil ha nokre runde kaker, som  gelékake, peanøttkake, ostekake, og vi vil ha nokre platekaker, som  brownies, snickerskake og krydderkake. I tillegg vil vi selje både vanlege julemenn og pepperkaker. Det vil og vere litt gjærbakst. Til drikke kan vi tilby både kaffi og saft, i tillegg til Tine-varer og brus.

    Noko nytt vi har valt å gjere er å lodde ut nokre kaker. Då vil vi selje lodd i kiosken, og viss du får nummeret på kaka er den di!

    Inntektene frå kaféen går til utanlandsturen vår til Berlin i Tyskland. Vi vil og takke dei som har vore så snille å stikke innom kaféen, og kjøpt.  

    Vonar på godt oppmøte!

    Helsing 10. klasse


    Forbrukarkontor i Svelgen 15.12.2005

     

    Servicekontoret i Svelgen tilbyr no forbrukarstøtte til innbyggarane i Bremanger kommune.  Det er Margun Skjærli og Hilde Jenssen Midtbø som har kursa seg i kjøpslova og sett seg inn i generelle forbrukarrettar gjennom eit to dagars kurs i Førde. Etter at Sogn og Fjordane sitt Forbrukarkontor vart nedlagt og samanslått med Hordaland, fekk alle kommunane i fylket tilbod om å kurse seg og tilby innbyggarane sine delar av det tilbodet ein hadde før.

    - Det var ikkje mange kommunar som tok i mot tilbodet, men eg syns det er heilt naturleg at vi som servicekontor, også kan tilby rettleiing i forbrukarsaker, seier Hilde Jenssen Midtbø.

     - Men det er viktig å understreke at vi ikkje skal gå inn og ta part i sakene.  Vi kan hjelpe til med å løyse dei vanlegaste vanskane ein kan komme opp i, informere om rettar og vere med på å skrive klagebrev, seier Margun Skjærli.

     

    Servicekontoret har fått ein eigen PC som skal brukast til dette arbeidet. Spesielt meiner dei Midtbø og Skjærli at det er utruleg mykje informasjon å finne på Forbrukarrådet sine nettsider.

    - Men det er jo ikkje alle som har tilgang eller kunnskap om data, så også her vil vi kunne hjelpe til, seier Midtbø.

    Så langt har dei ikkje fått ei einaste henvending, men dei to reknar med at dette vil ta seg opp på sikt. Tenesta har vore tilgjengeleg sidan 1. desember. Les meir i Fjordenes Tidende onsdag.

     


    Myrheim styreleiar 15.12.2005

    Dagleg leiar i Bremanger Vekst, Ann Irene Myrheim er valt til styreleiar for Frøysjøterminalen (KF) og Bremanger Industribygg KF, melder Fj.T.

    Hytter på Dyrstad 15.12.2005

    Ståle og Roald Dyrstad kan endeleg realisere planane sine om hyttebygging på Dyrstad. Fylkesmannen har trekt si motsegn etter at det er gjort mindre justeringar i planane og eit samrøystes kommunestyre ga grønt lys for etableringa, melder Fjordenes Tidende.

    Sel legebustad 15.12.2005

    Kommunestyret har vedteke å selje legebustaden på Sande.


    Politikarane har talt:

    Realen består som i dag 15.12.2005

    Kommunestyret vedtok tirsdag å avvise forslaget om å selje Realen til private og flytte ungdomsklubben til Samfunnshuset. Dette melder Fjordenes Tidende onsdag. Politikarane vil at huset skal ha samme aktivitet som i dag og at det skal få vedlikehald som andre kommunale bygg.

     

     Gruppeleiaren for Arbeiderpartiet, Espen Gulliksen (bildet) skulda kultursjef Gunhild Berge Stang for å drive politikk i sakshandsaminga. Berge Stang meiner ho som driftssjef har vurdert og teke standpunkt på fagleg grunnlag i samråd med administrasjonssjef Tor-Kristian Gulhaugen.

    - Det er ein grov påstand Gulliksen set fram og dette var skikkeleg utidig, seier ho. Seinare i møtet presiserte Gulliksen at kritikken var retta mot administrasjonen. Les meir i Fjordenes Tidende onsdag.


    Kultursjefen sluttar 15.12.2005

    Gunhild Berge Stang skiftar jobb, melder Fjordenes Tidende onsdag.
    Gunhild Berge Stang har sagt opp stillinga som kultursjef i Bremanger. Ho har fått tilbod om ei fylkeskommunal stilling og har sin siste arbeidsdag i Bremanger 31. mars.

    - Jobben som dukka opp klarte eg ikkje å seie nei til. Eg skal jobbe ved kulturavdelinga som rådgjevar og slike jobbar er det ikkje flust av. Eg har hatt ei fantastisk spennande jobb som kultursjef i Bremanger og likt meg svært godt, seier Gunhild Berge Stang.

    Svelgen og omegn husflidslag sel:

    Åklebok frå Sogn og Fjordane 14.12.2005

    Boka, som byggjer på over 5 000 åkleregistreringar, ber tittelen "Åkle frå Sogn og Fjordane - frå seng til vegg". Boka er ført i pennen av Eva Ramstad - mangeårig leiar i fylkeslaget og noverande styremedlem i Noregs Husflidslag.

    Innhaldet i praktboka er variert og spennande - den dokumenterer ei eventyrleg skattkiste i ord og bilete. Åklea vart brukte til mykje; sengeteppe, dåps- og kisteåkle, veggpryd og hestedekke. Dei hadde alle si historie i kvardagslivet for rundt 100 år sidan.

    Svelgen og omegn husflidslag

    sel dette praktverket for kr. 348,-.

    Er du interessert kan du ta kontakt med

    Hilde Iren Elvebakke mobnr. 91558367


    Ledige stillingar i kommunen 14.12.2005

    Bremanger kommune har lagt ut mange ledige stillingar. Trykk på link til venstre.

    Gjerde vart som venta ståande på land

    Cirotzki bada i sjøen i 6 gr. C 13.12.2005

    Som Svelgen.no melde før helga hadde utflytta svelgar, Sønnøve Cirotzki, planar om å ta seg eit bad i hamnebassenget i Svelgen. På søndag føremiddag, medan det var grått, surt og trist vèr i Svelgen, og folk flest ikkje orka å gå ut for døra, tok Cirotzki seg ein dukkert. Ho for ut i nedanfor stadion, og i følgje dei som såg på var ho (utruleg nok) smilande då ho kom på land etter symjeturen i den 6 gr. C kalde sjøen.

     

    Som Svelgen.no skreiv før helga skal Cirotzki symje over den engelske kanalen til sommaren, og i samband med dette kombinerte ho Svelgen-turen med familiebesøk, og trening med gamletrenaren Geir Gjerde. Og for dei som lurer på om Gjerde turde seg ut i sjøen, så turde han som venta ikkje det.

     

     

     

     

     

     

     

     

     


    Kultursjefen sluttar 13.12.2005

    Kultursjef Gunhild Berge Stang har sagt opp stillinga si i Bremanger kommune.

    Les meir i Firdaposten.


    Fryktar for bankgåvene 12.12.2005

    I følgje Firdaposten fryktar ordførar Kåre Olav Svarstad at Sparebanken Sogn og Fjordane sine avdelingskutt fører til færre kundar i Bremanger, noko som igjen gjer at dei kuttar på pengegåvene til frivillige lag og organisasjonar.

     

    Les meir i Firdaposten.


    OBS: Vert halde i småsalen på samfunnshuset

    Husk årsmøtet i STIF torsdag 15/12 12.12.2005

    Årsmøtet i STIF vert halde på Svelgen Samfunnshus (småsal)

     

    Torsdag 15.12.05, kl 18.00.

     

    Sakliste:

    ·         Godkjenning av innkalling og sakliste

    ·         Val av møteleiar

    ·         Val av skrivar

    ·         Val av to til å skrive under protokoll

    ·         Årmelding 2005

    ·         Rekneskap 2005

    ·         Budsjett 2006

    ·         Innkomne saker

               ·         Godtgjørsler i STIF

    ·         Utmerkingar

    Val


    Nissefest torsdag 15. november 12.12.2005

    Torsdag skal barnehagane i Svelgen ha nissefest.

     

    Kl 10.45 møter vi opp ved banken, der vi syng og går rundt juletreet.

      

    Kl 11.00 syng vi inne på rådhuset i foajeen. Etterpå går vi bort til coopen der vi også vil synge ein del julesongar.

       

    Vi håpar at mange tek seg tid til å stoppe å høyre på oss, det er alltid kjekkast å synge for publikum.

      

    Når vi er ferdig å synge i Svelgen sentrum, går vi i Svelgen barnehage der vi kosar oss med nissegraut og underhaldning.

        

    Kanskje kjem nissen også?


    Fotball

    Stian til Adeccoligaen (1. divisjon for herrar) 12.12.2005

    Fotballgruppa i STIF, og ikkje minst dommaransvarleg Øyvind Grindheim, si satsing på fotballdommarar gjev stadig nye utfordringar for dommarane til STIF: Stian Holm vart nyleg utteken til å vere assistentdommar i Adeccoligaen 2006. Dette er den nest høgste divisjonen for herrar, og den vart tidlegare kalla 1. divisjon. Blant laga i divisjonen er Sogndal, Bodø/Glimt, Aalesund, Moss og Bryne. Sjå terminlista for Adeccoligaen 2006 her.

     

    Holm uttala nyleg til Fjordenes Tidende at eit av måla framover er å få prøve seg i 1. divisjon, og det ser ut at den draumen no går i oppfylling. Les meir her. Her kan du sjå eit nytt bilete frå då Holm nyleg vart kåra til "Årets unge dommar" i S. og Fj. Les meir om SFFK si satsing på Stian Holm med fleire (skrive av Firda i januar 2005. Nyleg vart Thor Kristian Sortevik frå STIF også plukka ut i den same talentgruppa. STIF er einaste klubb med to dommarar i SFFK si talentgruppe).

     

    Biletet t.v. er frå Norway Cup 2004, som var eit av tre (av tre mogelege) år Holm har vore dommar på ein Norway Cup-finale.

     

    Svelgen.no gratulerer Stian og dommargjengen i STIF med uttaket.


    Ordførar Kåre Olav Svarstad

    - Det er pengar til Realen 10.12.2005

     

    Ordførar Kåre Olav Svarstad meiner det er mogeleg å finne pengar til å ordne aktivitetshuset Realen i Svelgen.  Dette skriv Fjordenes Tidende fredag.

    - Det første ein må gjere er å finne ut kva utbetring som trengs. Eg har høyrt summar på alt mellom eit par hundre tusen til 1.5 millionar kroner.  Mellom anna har eg snakka med Bjørgulf Myklebust som seier at det ikkje skal så mykje til for å gjere taket trygt, seier ordføraren.

    Han kjenner ikkje til kvar summen på 1.2 millionar som blir brukt i saksutgreiinga kjem frå.

    - Etter det eg kjenner til er dette ikkje rekna på, seier han og meiner ei politisk prioritering vil kunne redde ungdomsklubben i Svelgen.

    I budsjettet som skal vedtakast førstkommande tysdag ligg det inne ei generell pott på ein million kroner til vedlikehald av kommunale bygg.

    - Dette er midlar som kan brukast på Realen. I tillegg ligg der fleire småsummar som tilsaman vil utgjere ein større pott som kan brukast til rehabilitering, seier ordføraren.

     


    Dei nye sjefane på Elkem Bremanger:

    Les om Talle og Nummedal 08.12.2005

    Her kan du lese kva Firdaposten skriv om Elkem Bremanger sine nye nye sjefar, Steinar Talle og Frode Nummedal:

    23 år sida Realen opna 08.12.2005

    Den 14. desember har ungdomsklubben eksistert i 23 år!

    Les det tankevekkande innlegget om Realen som er skrive av Astri Myklebust på sida for lesarinnlegg. Myklebust var leiar av ungdomsklubben i ei årrekke og har eit stort engasjement for å få kommunen frå å selje det historierike huset til det private.


    Det vert romjulsfilmar i Svelgen!! 08.12.2005

    Mandag, 26.12. kl.16.00 "Harry Potter og ildbegeret" speletid: 2 t.37 min. 11 års grense
     Torsdag, 29.12. kl.16.00 " Legenden om Narnia - Løven, heksa og klesskapet" speletid: 2 t.22 min. 11 års grense.
    For Svelgen Kino
    Janne

    Innbrot og utforkøyring i Svelgen-området 08.12.2005

    Firdaposten.no melder at det har vore både innbrot og utkøyring langs hovudvegane i Svelgen-området.

    Amcar-treffet i Svelgen vert 16.-18. juni 2006 08.12.2005

    I følgje heimesida til Svelgen Amcar-club vert det tradisjonsrike Amcar-treffet i Svelgen arrangert 16. - 18. juni 2006. Så set av denne helga til å få med deg folkelivet i Svelgen.

     

    På heimesida kan du også sjå ein over 13 minutt lang film frå noko av det som hende på amcar-treffet i 2005.

     

    Meir info finn du på: http://svelgen-amcar.com/


    Heider til svelgarar 08.12.2005

    Firdaposten melder at ni av Firda Billag sine tilsette har fått utdelt Transportbedriftenes Landsforening sitt heidersteikn i forgylt sølv og emalje med tre stjerner. Dette heidersteiknet kan utdelast etter minst 25 års samanhengande teneste. Blant desse er John Myklebust, som er busett i Svelgen, og utflytt svelgar Tore Lyngstad.

      

    Les meir i Firdaposten.


    Opningstida til butikkane i Svelgen 08.12.2005

    Om du går inn på Svelgen Næringsråd kan du sjå opningstida til fleira av butikkane i Svelgen.

     

    Der kan du også lese meir om dei nye direktørane på Elkem Bremanger.


    Tidlegare STIF-symjar Sønnøve Cirotzki:

    Skal symje over den engelske kanal 06.12.2005

    Sønnøve Cirotzki (biletet t.v. frå 2005), som vaks opp i Svelgen, no busett i Sogndal, skal i slutten av august 2006 symje over den engelske kanal. I følgje ein artikkel i Sogn Avis er kanalen 33 km på det kortaste, men kryssinga kan fort bli 10 og 20 km lengre grunna strie straumar o.l. Cirotzki håpar ho skal klare kryssinga på om lag 12-13 timar. Om ho klarer å krysse kanalen vert ho den tredje frå Norge som har klart dette. Cirotzki har også symt mykje i fjordane i Sog, og det kan du lese fleire artiklar og sjå bilete frå her.

       

    Som aktiv symjar i STIF på midten av 80-talet vart Cirotzki i hovudsak trena av Geir Gjerde. Og som ei oppkøyring til symjinga over den engelske kanal, har Cirotzki teke kontakt med gamletrenaren sin i Svelgen for å få råd og veileding. Mellom anna skal dei til helga ha nokre økter i bassenget, medan Cirotzki er på besøk i si gamle heimbygd. Og det er godt mogeleg at ho i helga også hoppar i sjøen i Svelgen. Om ho får med seg gamletrenaren står att å sjå. Etter det Svelgen.no kjenner til skal Gjerde visstnok vere ei skikkeleg pyse når det gjeld bading utandørs. Men det går jo an å motbevise om det motsette er tilfelle ...

        

    Cirotzki flytta frå Svelgen til Sogndal tidleg i tenåra. Men ho budde også i Svelgen for få år sidan, då ho ei stund jobba som fysioterapeut i bygda. Som aktiv symjar for STIF på midten av 80-talet, markerte ho seg som eit lovande symjetalent. I årsklassane 11-13 år vann ho 7 gull i KM i sesongane f.o.m. 83/4 t.o.m. 85/86. I landsfinalen i UM, som var rekna som NM for 11-14 år, tok ho to 10. plassar og ein 12. plass. I sesongen 84/85 var ho også med å sette klubbrekord for STIF på 4 x 100 bryst. Denne rekorden sette ho i lag med Gry Ryland, Mette Hansen og Gunn Førde, og rekorden står framleis. Biletet ovanfor vart teke på midten av 80-talet, og syner Cirotzki (t.v.) og trenar Geir Gjerde t.h. Gjerde var symjetrenar i STIF i om lag 10 sesongar i åra 1973–1991. Han var i sin "endå yngre ungdom" ein habil symjar sjølv, med bl.a. ein 11. plass i landsfinalen i UM i 69/70. 

     

    På biletet nedanfor er Sønnøve Cirotzki på veg ut i Nærøyfjorden, som sommaren 2005 kom på Verdsarvslista Temperaturen i sjøen var då 10 gr. C. T.h. ser ein Lewis Gordon Pugh, kjend frå ei rekkje lange symjeturar. Mellom anna symja han Sognefjorden på langs på 21 dagar i 2004. I følge Cirotzki er entusiasmen Pugh har synt ei sterkt medvirkande årsak til at ho no satsar på å symje over den engelske kanalen.


    God Svelgen innsats i Volda 06.12.2005

     

    Svelgen svømmarane var i helga på svømmestemne i Volda, julelauget. Dette er eit stort stemne med over 100 deltakarar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dette var første stemne denne hausten etter eit langt opphald pga rehabilitering av  bassenget. På grunn av sjukdom hos eindel av symjarane stilde vi med berre 7 svømmarar, av desse 2 rekruttar. Dei som var med: Torstein Ask, Lina Vågene, Katrine Ask, Frida Sande, Rikka Kjelkenes, Eirik Ask og Vilde Kjelkenes.

     

    Alle symjarane gjorde ein bra innsats, og det vart mangen personlege rekordar. 5 førsteplassar, 5 andreplassar og 7 tredjeplassar.

     

     


    JULEKONSERT

    i

    Svelgen Kapell

    Søndag 11.12.2005   kl.16.30.

    Svelgen Skulemusikk   dir. Fay Løvseth

    Svelgen Songlag   dir. Luis Santiago Riuz

    akk.Geir Aage Hovland

    Andakt   v/sokneprest Tore Myklebust

    VELKOMNE

    Arr. Svelgen Songlag


    Fotballfesten for vaksne vert 28. januar 04.12.2005

    Ettersom seinhausten og starten på vinteren har vore travelt oppteke med 75-årsfeiringa til STIF, har Fotballgruppa i STIF satsa på å flytte fotballfesten for vaksne over nyttår. Datoen vert laurdag 28. januar 2006 og festen vert halden på Svelgen Hotell. Generell invitasjon vil kome over nyttår på Svelgen.no og ved oppslag i Svelgen. Ein vil også prøve å få til ei uhøgtidleg fotballturnering på føremiddagen for festdeltakarane. På festen er det og mogeleg at det kan bli innslag med eit av bygda sine store musikalske talent. Og for dei som var tilstades på fotballfesten 2004: Allsangen vert sløyfa om ein ikkje får ein høveleg forsangar !!

     

    Alle over 18 år som har hatt noko med STIF-fotballen å gjere, sidan fotballen kom i gong for alvor i 1963, er velkomne til å melde seg på og delta. Samtlege som var aktive på seniorlaga i 2005, samt tidlegare års fotballfestdeltakarar, er sjølvsagt også velkomne til å delta.

       

    Avtroppande "festkomitè"

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

    Fotballfestane for vaksne har sidan midten av 60- talet vore populære. På biletet over ser ein eit knippe festdeltakarar på Fotballfesten 1999, som vart halden på Svelgen Hotell. Bak f.v. ser ein Edvin Førde (vart kåra til "Tidenes målscorar for A- laget" med 166 mål), Marit Renate Midthjell (fekk påskjøning for god innsats i Eliteserien i 1999) og Arild Førde (hyggeleg gjensyn med tidlegare STIF- og eliteseriespelar). Framme f.v. Dagfinn Ask, Einar Gjerde og Leo Cirotzki. Ask og Cirotzki mottok Fotballkrinsen sin "Blå diplom" for innsats på klubbplan, medan Gjerde mottok Fotballkrinsen sitt "Grøne merke med diplom" for innsats på krins- og klubbplan. Foto: Fjordenes Tidende

     

    Nedanfor kan du lese eit utdrag frå STIF si historiebok vedr. den første fotballfesten i 1965:

    "Laurdag 13. mars klokka 2030 vart den første Fotballfesten arrangert i Småsalen på Samfunnshuset. Arrangementet vart den gong kalla "Fotballmoro". Det gjekk ut følgjande innbyding til aktive fotballspelarar med damer, både frå Svelgen og Berle: "Etter at en forhåpentligvis bedre varm meny er satt til livs, blir det dans etter rytmer fra et firemannsorkester til den lyse morgen. Under dansen blir det severt kaffe og kaker. Beklager å måtte meddele at vi har sett oss nødt til å ta kr 6,- pr. person i entré. Vi innrømmer dog 50 % rabatt for skoleungdom". Nokre dagar etter denne vellukka festen kom det eit brev i posten til STIF v/Fotballgruppa. Det var datert 15.3. og skrive av den 17 år gamle formannen i Berle IL, Arve Berle. Han skreiv følgjande: "Ettersom mi talegave i påhøyr av større forsamlingar er mildast talt skrøpelig, har eg funne å måtte sende skriftlig lagets og representantenes hjerteligaste takk for den fine tilstelninga vi fikk overvære laurdag 13. mars. Den relativt beskjedne oppslutnad tilstelninga fikk fra vår side, kan vi berre beklage. Berle IL v/Arve Berle"." (joda dette er den same Arve Berle som dei fleste svelgarar har høyrt tale, lese Jacob Sande og leie større arrangement m.m. på samfunnshuset. Dei første åra STIF stilte fotballag hadde STIF eit godt samarbeid med Berle IL.)


    Nyhende på skulen si heimeside 04.12.2005

    Ta ein tur innom Svelgen Oppvekst si heimeside, der spesielt Svelgen skule si side har mange nye saker.


    Ordføraren har ordet 02.12.2005

    Dette kan du no lese på Bremanger kommune sine nettsider.


    Arkivoversikt
    2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept