Arkiv Sept 2010

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Hugs avlesing av straummålaren 30.09.2010

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. oktober skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: svelgenkraft@sfe.no  Husk å oppgi målarnummer! 

 

Om du i løpet av dei siste vekene har fått ny straummålar må du gi beskjed om dette når du melder inn målardata på epost e.l.


Om lag normalt med nedbør i september 30.09.2010

I september fall det 310 mm nedbør, medan normalen for månaden er 324 mm for Svelgen. 57,0 mm var høgste døgnverdi både i september, og hittil i år. Hittil i år har det kome 1411,7 mm nedbør i Svelgen, medan normalen er 1632 mm. Desse tala er hente frå EEB si måling for DNMI.

 

Meir info om nedbørsmåling finn du ved å klikke her.


Årsmøte i Svelgen skulemusikk 26. oktober 30.09.2010

Det vert årsmøte i Svelgen skulemusikk tysdag 26. oktober kl. 18.00, på Svelgen Oppvekst. Saker må meldast til leiar Asbjørn Svarstad innan 21/10. Klikk her for info om sakliste m.m.

Smågutekamp fredag 1/10 kl. 18.00 30.09.2010

STIF sitt smågutelag spelar mot Høyanger på Svelgen stadion fredag 1. oktober kl. 18.00.

Svelgen kino 14. oktober:

Toy Story 3 på kino i haustferien 29.09.2010

 

Skaperne av de elskede Toy Story-filmene gjenåpner lekekassen og tar kinogjengerne tilbake til den nydelige verdenen med våre favoritter av lekefigurer i TOY STORY 3

Torsdag 14. oktober klokka 17:00

7 års aldersgrense.

Sjå Svelgen Samfunnshus sine heimesider.


6. november:

Bandits på hotellet med "ny vri" 30.09.2010

Lørdag 6. november spelar «Bandits» på Svelgen Hotell.

Denne gongen med ei ny besetning ettersom Åsmund Nesbø stiller som gitarist.

Åsmund Nesbø er ein erfaren gitarist, og bør vere kjend for dei fleste ettersom han i mange år var medlem av den ikkje ukjende svelgengruppa «Pegasus».

Han har i tillegg vore engasjert i mange andre prosjekt, og det kan nemnast at han for tida også er gitarist i Florø Storband.

I tillegg er Maurizio Varano (trommer) og Arve-Stig Damstuen (vokal) framleis med.

Bandet spelar den same fengande musikken som før, basert hovudsakeleg på 70-talsrock, med låtar som er velkjend for dei fleste.

Velkommen til Svelgen Hotell for å høyre «Bandits» med ein ny vri.


trubaduren bentus

synger blant annet Bob Dylan , Coldplay og radiohead og bruker mottoet ”music for the soul”

FREDAG 1.OKTOBER

lasse`s kro

FRA 22.00                                          Cover: 100,-

(KROA BLIR LUKKA MELLOM 18-22.00 GRUNNA PRIVAT ARRANGEMENT)


Rådmann Tom Joensen:

- Ikkje noko ny Terra-sak 29.09.2010

Rådmann Tom Joensen meiner det ikkje er noko "ny Terra-sak" media har slått opp siste dagane. - Det nye er den negative utviklinga på papira, seier han. Kommunen har engasjert juristar for å sjå på lovlegheita av Terra-produkta.

I eit informasjonsskriv skriv han:

"Bremanger kommune har dei siste dagane fått mykje negativ omtale i media. Det dreier seg om, er at kommunen har såkalla finansielle derivat som den siste tida hatt svært negativ verdiutvikling.

Dette informerte eg formannskapet om den 14.09 og fylkesmannen den 17.09. Den 23.09 valde fylkesmannen å offentleggjere saka og gjere vedtak om lovlegheitskontroll av finansforvaltninga i Bremanger.

Det som ikkje kjem klart fram i media er at dette ikkje er nokon ny sak. Derivata er ein del av avtalene som vart inngått i samarbeid med Terra Securities i 2006 og 2007. Det vart ført eit tap på derivata i 2007 (ein del av det totale "Terra-tapet") og verdien på papira har lagt i kommunerekneskapen sidan.

Det nye, er den negative utviklinga på papira. Med dette som bakgrunn har vi bedt fagpersonar på finans gå gjennom og avklare kva underliggande mekanismar som påverkar verdiutviklinga på derivata og kva utvikling vi kan forvente framover. Vi har òg juristar som vurderer lovlegheita av produkta.
I den grad noko er nytt, så er det forståinga av risikoen som ligg i desse produkta.

Det rekneskapsmessige tapet pr. 31.08.2010 er ca. 39. mill. Korleis dette vil utvikle seg i løpet av året er usikkert, men uansett vil det truleg påverke planane vi har for inndekning av det akkumulerte underskotet innan 2018.

Budsjettprosessen er alt i full gang og administrasjonen arbeider med å vurdere konsekvensane i langtidsbudsjettperioden (4 år) og for nedbetalingsplanen (8 år). Vi vil i den samanhengen og ha stor fokus på inntektssida.

Det er sjølvsagt ikkje hyggeleg å få ytterlegare økonomiske utfordringar som følgje av Terra-saka. Men vi må halde oss til realitetane. Utfordringa er no å sy saman realistiske langtidsplanar som gjer at kommunen kan innfri dei forpliktingane vi har."

Tom Joensen
rådmann


Mange ledige stillingar i kommunen 28.09.2010

Bremanger kommune har mange ledige stillingar i ulike sektorar. Sjå Stilling ledig til venstre.

Til ungdom i tenåra og oppover…..30? 28.09.2010

 

I SVELGEN ER DET TRIVELEG Å BU!

 

Kan vi få det endå trivelegare?

 

Vi inviterar ungdom til idemyldring om bruk av Svelgen Samfunnshus.

 

-     -  korleis få til gode tilbod/arrangement slik at ungdom trivast i bygda?

-        er det noko samfunnshuset manglar?

 

Saman kan vi kanskje få til nytenking!

 

Vi møtast på Svelgen Samfunnshus, Småsalen - Laurdag 02.oktober kl. 16:00

 

Svelgen Samfunnshus

-styret-


BARNAS TURLAG
 
Barnas Turlag er klar for ein fin hausttur, og vi ynskjer alle små og store velkomne. 
Laurdag 2 oktober møtast vi ved Bakerhuset kl 1400, og går inn til Geitevika i Risevatn. Turen passer for alle aldrar også dei aller minste, då ein kan bruke vogn heilt inn.
Det vil værte lagt opp til ei aktivitetsløype på veg innover.
Husk å ta med deg turpasset!

Fyll tursekken din med energimat og varm/kald drikke, og bli med på ein flott tur! Vi gler oss til å møte deg.
 
Hilsen Barnas Turlag!
 

Er det nokon som ynskjer å melde barnet sitt inn i Barnas Turlag går ein inn på  www.turistforeningen.no (linken fiksa) og videre inn på "Bli medlem".
  
Sjå Firdaposten.no sine biletsamlingar frå våre tidlegare turar:  Kruna  og  Ivervatn.

Fant spelar på Svelgen Hotell laurdag 9. oktober 28.09.2010

FANT er eit band frå Sunnfjord som spelar kjende  låtar frå bl.a. Brandy Carlile, Dire Straits, Dolly Parton, No doubt, KISS, P!nk og Queen.

Sidan starten i 2004 har Fant utvikla seg til å verte eit av dei beste cover-banda i Sogn og Fjordane.  Medlemane i Fant har lang og brei musikalsk erfaring,  noko av dei frå heilt tilbake på 80-talet.

Bandet framstår som godt samspelt og framfører musikken med  "feeling" og trøkk. Repertoaret er stappfullt med låtar som sikrar høg stemning - garantert fritt for svensktoppar og gammaldans. FANT e’ fest!

FANT består av Camilla Søvig - vokal, Hugo Mølmesdal - tangentar, Tor Ivar Flatjord - gitar, Rolf Yksnøy - bass og S vein-Inge Bjørkedal - trommer.

 Sjå bandet si heime side her

http://enivest.net/~rolf.yksnoy/fant/fantside.html


TERRA-SAKA 28.09.2010

Bremanger Arbeidarparti vil ha  politietterforsning av  alle sider av saka på strafferettsleg grunnlag - det vart bestemt på medlemsmøte i går.


STIF

A-lagskamp på Svelgen stadion 27.09.2010

 

 

A-laget spelar sesongens siste seriekamp mot Hyllestad på Svelgen stadion tysdag 28. september kl.19.00.

 

Fylgjande spelarar møter i Svelgen idrettshus kl.18.00:

 

Thomas Sætren - Røy Vegard Sørgulen - Kjell Åge Bueie - Eirik Bortheim- Øyvind Myrhol - Magnus Myrhol - Ingebjørn Mundal - Eirik Ask - Frank Ommedal - NABIL - Andre Hatleset - Jonas Gulhaugen - Torgeir Vårdal - Ørjan Helle - Mads Os - Jonas Valberg - Mats Kvam - Mads Dyrstad - Tom Erik Løvseth - Dag Ryland.

 

Ørjan organiserer reise frå Sandane.

 

Spelarar som ikkje kan møte må gje beskjed til Kjell Åge, tlf. 95 97 75 48.


MEDLEMSMØTE - SVELGEN PENSJONISTLAG 24.09.2010

 

Det vert halde medlemsmøte i Trudvang på Kjelkenes onsdag 29.september kl.1700.

Program:

Opning

Allsang - La oss leve for hverandre

Ord for dagen v/ Åse Kjelkenes

Referat og lagssaker

Kommunalsjef Randi Ytrehus orienterer om framdrifta for omsorgssenteret i Svelgen mm

Lysbilde

Underhaldningsgruppa syng og spelar

Allsang

Mat og kaffi og sosialt samvær

Underhaldningsgruppa syng og spelar

Åresalg

Allsang og avslutning.

 

Gamle og nye medlemmer er hjerteleg velkomne.

Vi legg opp til at dei som har bil køyrer og tek på andre. Dei som ikkje klarar å skaffe seg skyss kan ringe Anne Lise 41418231 .


Trubadur Geir Holm på Svelgen hotell Laurdag 25 September 24.09.2010

Geir Holm er ein trubadur som  skaper god stemning med coversongar av dei fleste kjende artistar, vi kan nemne b.l.a. CC Cowboys, Torgeir & Kjendisene, Postgirobygget, Åge Aleksandersen, Hellbillies, Bruce Springsteen, Creedence, Dr. Hook, etc. Nytt som gamalt, rock/pop/blues/country.

I tillegg til å levere god musikk er Geir fokusert på å få liv i publikum. Låtvalga er bevisst retta mot allsonglåtar som folk har høyrt og kjenner igjen! Geir har spelt i fleire band som både bassist og gitarist, men reiser no mest rundt med stemma og gitaren og gjer trubadurjobbar.

 

Velkomne til svelgen Hotell
Cover kr 100,-
Musikk frå kl 23.00


Epostadresse til Elkem Energi Bremanger AS 23.09.2010

Sidan nyttår har epostadressa til Elkem Energi Bremanger AS vore svelgenkraft@sfe.no  Nokre få har nytta den gamle elkem-adressa, som har fungert som ei overgangsordning. Desse må no ta i bruk den nye adressa for å få fram sine epostar.

 

Elkem Energi Bremanger AS nyttar høvet til å minne om at neste målaravlesing for hushaldningskundar er fredag 1. oktober.


Utfordrar andre til å støtte Samfunnshuset 23.09.2010

EL&IT-forbundet ved Elkem Energi Bremanger AS har betalt inn kr. 3000 til kronerullinga til nytt kjøkken ved Svelgen Samfunnshus.

 

EL&IT-forbundet v/EEB oppmodar samstundes andre fagforeningar, bedrifter, privatpersonar, lag, organisasjonar m.m. om å støtte samfunnshuset. Kontonummeret til Svelgen Samfunnshus er 3776 03 19962.

 

Les meir på Svelgen Samfunnshus si heimeside.


57 mm nedbør målt torsdag morgon 23.09.2010

Etter at ein søndag morgon målte årsverste/årsbeste (alt etter korleis ein ser det) med 54,5 mm nedbør på eit døgn, målte ein i dag 57,0 mm nedbør i Svelgen.

 

Men framover ei vekes tid tyder mykje på at det vert mykje sol og lite regn....


Strikkekafe i Trudvang måndag 22.09.2010

Kveldane er blitt mørke og lange, då passer det å samlast til strikkekafe. Ta med deg handarbeidet ditt om kom til Trudvang måndag 27.09. kl.19.00. Alle er velkomen !
KJELKENES KVINNE OG FAMILIELAG

 

ER DU INTERESSERT I LITTERATUR?

Kan du tenkje deg å diskutere med andre ei bok du nettopp har lese?

Kjelkenes kvinne-og familielag vil prøve å starte opp ein lesering.

Tid, stad og bøker blir bestemt når vi ser om vi blir mange nok til å få dette i gang.

Ta kontakt med Aina på tlf. 47337565 dersom dette er noko for deg


Kåre Olav Svarstad stiller ikkje til val 22.09.2010

Ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) har i følgje Fjordenes Tidende sagt frå seg attval. Han har vore med i lokalpolitikken i 16 år, derav to periodar som ordførar. Les saka her.

Svelgen-Indrehus - ikkje farleg nok 22.09.2010

Ulukka utanfor Svelgen førre veke var den niande ulukka på strekninga Indrehus-Svelgen på ti år. Men det er for lite ulukker til at Fv. 614 mellom Indrehus og Svelgen kan kallast ei farleg vegstrekning. Det ifølgje Statens vegvesen sine mål.

Fire av desse ulukkene har skjedd i løpet av dei siste fire åra.Ulukka onsdag føyer seg inn som utforkøyring nummer fire på ti år, på den vel 13 kilometer lange strekninga mellom Indrehus og Svelgen.

I alt har Statens vegvesen registrert 27 ulukker på heile Rv. 614 dei siste ti åra.

Dette gjer at Statens vegvesen ifølgje deira definisjon ikkje karakterisere strekninga som ein ulukkesstrekning. Sjølv om fire av desse ulukkene skjedde innanfor ein kilometer, før og etter avkøyringa til ferjekaia på Kjelkenes, er det for lite til at det kan kallast eit ulukkespunkt.

.

Les heile artikkelen hjå Firdaposten


Foto: Liv Sigdestad Brekke/ Svelgen Origo  (Trykk på link og sjå Liv sine bilder!)

KEIPEN TURLAG TAKKAR:

 

Klausen Industrier v/Gunnar Mundal

Tusen takk for omnen de gav til Moldahytta!

Omnen er no montert og hytta er klar for overnatting,- utan at ein treng fryse.

S.T.I.F . ( hytteeigar) takkar og.

Ynskjer nokon å leige hytta kan dei ta kontakt med hyttesjef Oddmund Leirvik.

 

Svelgen Røde Kors v/ Leo Cirotzki

Tusen takk for førstehjelpsskrinet vi fekk til kvilehytta ” Martinbu” på Sandsegga!

 

Elkem Energi v/ P.H .Eikeland og A. Svarstad

Tusen takk for god hjelp / sponsing av helikoptertransport i sommar!

 

Martin Hennøy

Tusen takk for det enorme dugnadsarbeidet du har lagt ned på Sandsegga!

Martin ”sådde” ideen om hytte og har stått på for å få den gjennomført, - både hytta og uteområdet. Takk også til resten av dugnadsgjengen med Liv S. Brekke og Oddmund Leirvik i spissen.

Hytta er no ferdig, - og open for alle!

 

Keipen Turlag

Arne Loftheim


Idrettskule hausten 2010. 20.09.2010

 

 

        Oppsett over aktivitetane finn dykk på heimesida til

              

            STIF - Barneidrett/Idrettskule


Straumstans i Breivika i kveld kl. 23.00- ca . 23.05 20.09.2010

Straumstans

på grunn av

arbeid i høgspenningsnettet

 

Mandag 20.09.2010

Kl. 23.00 – ca 23.05

       

for Strandvegen 2-8 og

Gunnar Schjelderupsv. 100-120

 

 

Det elektriske anlegget må heile tida reknast som straumførande.

     

Elkem Energi Bremanger AS


STIF

Jenter og damer! 20.09.2010

 

Innebandytrening i hallen i kveld kl.20.30.

 

Møt opp til ei kjekk og uhøgtidleg trening!

 

 

                  Heimesida til STIF - TRIM


19.09.2010. KM Byrkjelo

Ole Martin Gjerde med ny pers i høgde 19.09.2010

 

 

   Les meir på heimesida til STIF -  Friidrett


Tirsdag 21.09.2010 kl. 19.00. A-kamp 19.09.2010

 

   Les meir på heimesida til STIF - Fotball


Over 100 mm på to døgn - over 200 mm på 8 døgn.

Døgnet med mest nedbør i 2010 19.09.2010

I løpet av eit døgn f.o.m. lørdag morgon t.o.m. søndag morgon fall det 54,5 mm nedbør i Svelgen. Dette er den høgste døgnverdien som er målt i bygda i 2010. Laurdag vart det målt 47,1 mm, og det gjev 101,6 mm i løpet av to døgn. I løpet av dei 8 siste døgna har det kome 223,9 mm nedbør. Alle desse målingane er gjorde av Elkem Energi Bremanger AS for Meteorologiske Institutt.

 

Om du synest det har regna mykje siste veka kan ein jo som "trøst" nemne nedbørsrekordane for Svelgen frå september 1966: 130,5 mm på 24 timar, og 232,5 mm på 48 timar.

 

Hittil i september har det falle 230,9 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for heile månaden er 324 mm.


BREMANGER ELDRERÅD. 18.09.2010

Eldrerådet skal ha møte førstkomande måndag på Davik. Møtet vert halde i Helsehuset og det skal vere synfaring på Klokkartunet. Gerd Barstad vil orientere om korleis pensjonistane har det - det gjeld både trivsel, trygghet og det sosiale livet. Lillian Hareide leiar for pleie-og omsorgstenesten i Indre Bremanger vert også med på møtet og skal ma fortelle Eldrerådet om Fylkesmannen sin tilsynsrapport og om korleis planen for pleie-og omsorgstenestene vert følgd opp.

Innsamling av FJELLTRIM-bøkene 17.09.2010

Fjelltrimbøkene for 2009/2010 vert i løpet av veke 38-39 samla inn - nye bøker for 2010/2011 vert samtidig lagt ut. Kunngjering av vinnarar og utdeling av premier vert på turlaget sitt årsmøte seinare i haust. Fjelltrimbøkene ligg som før på fylgjande stader: Omvendeskaret, Sandsegga, Risevatnet 3,5 km og Risevatnet inste, Ivervatn, Moldahytta og Jakthytta. Korleis vi skal premiere Fjelltrimmen 2010/2011 vert avgjort på turlaget sitt årsmøte, men allereie no (frå 01.10.10) skal det kvar måned trekkast ein kopp blandt besøkande på Sandsegga og Risevatnet 3,5 km. Koppane har vi fått i gåve frå Elkem Bremanger og skal trekkast etter besøksnr. i Fjelltrimbøkene. Velkommen til å delta!
Keipen Turlag
Fjelltrimkomiteen/Sissel og Olga

Elkem Bremanger eksempel på godt leiarskap 17.09.2010

Sogn og Fjordane har dei beste leiarane i landet syner ei ny undersøking. Elkem Bremanger i Svelgen er tatt fram som eit eksempel i ein artikkel hos NRK Sogn og Fjordane. Der fortel driftsleiar Espen Sortevik  at sjefane i fylket er gode på å vere nære gutta på golvet.

– Før hadde vi eige administrasjonssbygg, no har heile leiinga flytta inn i bedrifta - og alle går i arbeidsklede, seier Sortevik.

– Eg trur leiarar og folk som jobbar i Sogn og Fjordane stort sett er litt meir lojale mot arbeidsgjevarane. På einsidige industristader er det vanskeleg å hoppe mellom arbeidsgjevarar. Ergo blir lojaliteten og engasjementet for å bevare arbeidsplassen større, seier Elkem-leiaren.

Dritfsleiar Sortevik seier han sjølv har blitt skremd av topptunge europeiske leiarar.

– Eg har meir tru på den norske modellen med openheit der alle snakkar med alle. I Europa har ein gjerne ein meir autoritær stil.

Sortevik ber fleire sjefar gjere som han, og komme seg i arbeidskleda til vanlege tilsette. Han er stolt av at Elkem-leiarane i Bremanger går i samme bunad som dei tilsette.

– Til dømes sat eg i møte med fem mann i England for eit par år sidan. Vi fekk spørsmål om vi ville ha meir kaffi. Traktaren stod rett attmed oss, men møteleiaren gjekk ut og henta ein sekretær som sette på vatn. Eg følte meg ganske flau. Koke ein kopp kaffi, det burde vi klare sjølv. Denne sekretæren tør nok ikkje å openlyst kritisere sin sjef. Det er slik det er i desse landa. Då er eg heller ikkje særleg overbevist om at undersøkingane blir så gode, heller, seier Sortevik.

Sjefane i Sogn og Fjordane kan gle seg over at dei skårer 10 prosentpoeng høgare på kompetanse enn i resten av landet.

I undersøkinga scorer leiarar i Sogn og Fjordane 72 prosentpoeng, landsgjennomsnitt er 62 prosent, mens leiarane i Europas 100 beste verksemder scorar 91 prosentpoeng.

Les heile artikkelen på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.


Englevakt for Svelgenungdomar 17.09.2010

Det kunne gått mykje verre med dei to Svelgen-ungdomane som hamna i sjøen etter utforkjøringa onsdag kveld. Bilen hamna på taket i sjøen, etter eit fritt fall på vel 15 meter. I sjøen låg den på ei hylle, som like attmed bilen gjekk over i brådjupne. Dei to i bilen har moderate og lettare skader medan bilen var totalvrak etter utforkøyringa. Trykk på bildet og sjå Firdaposten sine bilder frå hevinga torsdag.

 


LIVREDNINGSKURS – BASSENGET

SVELGEN SKULE

 

Til dykk som ikkje har delteke på kurs i haust eller har kurs gjennom jobb e.l

Svelgen oppvekst arrangerer i samarbeid med Røde Kors   enkelt livredningskurs for dei som skal bruke bassenget.

 

Onsdag 22.09.10   - kl. 18.00   -   på ungdomskulen

Påmelding til Bjørg

Tlf 95 982 945 eller

e-post bd@bremanger.kommune.no


Bil i sjøen ved Birkelid 16.09.2010

Ein personbil med to unge menn køyrde av vegen og hamna på taket i sjøen ved Birkeli mellom Kjelkenes og Svelgen seint onsdag kveld kring halv tolv. 

 .

Ifølgje politiet kom dei seg sjølve ut av bilen.

Dei to mennene vart først sende til lege i Svelgen, før dei vart sende vidare til Førde sentralsjukehus.

Den eine er moderat skadd og den andre lettare skadd, opplyser operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt. Det er ikkje mistanke om ruspåverknad, melder Firda.


Ledig stilling som reinhaldsmedarbeidar 15.09.2010

Albatross AS søker 1 Renholdsmedarbeider for vask/

renhold av kontorriggen (Mesta) i forbindelse med tunnelbygging v/Sørdalsvatnet. Sjå stilling ledig til venstre.


SENIORDANSETREFF I FLORØ. 14.09.2010

  Seniordansarar frå Svelgen, Gaular og Florø skal i dag samlast på Havglytt for å danse i lag - og for å lære av kvarandre.

ZUMBA-trening i Svelgen frå mandag! 14.09.2010

ZUMBA TRENING:) Hva er det? Sjekk på Youtube!!
 
La oss ha litt moro/trening  ilag!
 
Kom på Realen mandag 20 september kl 19.00, - så ser vi hva vi får til ilag.
 
 
MH ensomaldriharprøvezumbafør
Anita Løver

Til alle ungdomar:

Informasjon om oppstart Realen 14.09.2010

 

 

Velkommen til eit nytt klubbår!   

Klubbleiar Stein har mange idear om spesielle kveldar, leikar, temakveldar, konkuransar osv. Han håpar at ALLE kjøper seg medlemskort i år - berre kr 100, og får gratis inngang til arrangement og spesielle tilbod utover året.

 

Ungdomsklubben Realen held ope:

 

-- tysdagar frå : 18.00 – 22.00.   (7.-8.-9.-10. klasse , samt vgs). Her vil du møte klubbleiar Stein Houk og klubbarbeidar Tor Erik Vårdal.

 

-- fredagar frå : 20.00 – 24.00 (etter haustferien kl: 19.30 – 24.00.) Her vil du møte klubbleiar Stein Houk og klubbarbeidar Luzayda Quispe.   Raimund Hoclas er også tilstades og har hovedansvar på rockeverkstaden.

 

Ungdomsklubben Realen har eit kunstprosjekt på gang, dette er på Bjørkeloftet. Der vil du møte Bjørn Tillit tysdagane, til opent studio, der du sjølv bestemmer kva du vil jobbe med: om du vil måle, teikne, drive med foto eller video, lage smykker, osv. osv.   Vi kan få til andre prosjekt óg, dersom du seier ifrå!

 

Tor Erik og Raimund er begge musikarar. Er du interessert i musikk og bandspeling, ta kontakt med dei.

 

Kvar fyrste fredag i månaden held 10. klasse juniorklubb for 5.-6.-7.klasse. Dette til inntekt for klassetur. Kl 17 – 19.30. Cover kr 10,-   

 

Praksis kandidat   Petja Stoykovska vil også vere tilstade ved aktivitet på klubben.   Ungdomsklubben Realen er   på facebook. Er du ein tidligare medlem, noverande eller framtidig medlem, bli ven med oss og bli oppdatert om kva vi driv med.

Vel møtt til eit spanande år i klubben din!

 

JENTEKVELDAR 2010/2011

Hei jenter i 8-9-10 klasse og eldre som ønskjer å være med J

Her kjem  info vedkomande jentekveldar:

Vi startar opp rett etter haustferien,  og avsluttar til påske. Som før held vi ope torsdagar kl: 18.00 – 21.00. Alle som deltek på Jentekvelden må løyse medlemskort kr 100,-  Når du har løyst medlemskort kan du benytte ungdomsklubben tirsdagar frå kl 18.00 – 22.00, fredagar frå kl: 20.00 – 24.00 (somartid frem til etter haustferien. Etter ferien kl 19.30 – 24.00) Jentekvelder 2 torsdager i mnd, kl: 18.00 – 21.00. 

Dato er: 21. oktober – 4. november – 18. november – 2 .desember – 16. desember – 13. januar – 27. januar – 10. februar – 24. februar – 10. mars – 24. mars – 7. april .  

Innhald på kveldane: Dette   bestemmer dokke -   kom med innspill !! 

Har du spørsmål kontakt Anita på mobnr: 95985267

Ungdomsklubben Realen er   på Facebook. Er du ein tidligare medlem, noverande eller framtidig medlem, bli ven med oss og bli oppdatert om kva vi driv med!


Takk frå Røde Kors 13.09.2010

Tusen takk til alle dere som sa ja til å gå med bøsse til inntekt for flomofra i Pakistan og tusen takk til alle dere som putta på bøssene så reultatet blei så bra.
Fra Otteren til og med Botnane Kr. 30805,50 og Ytre Bremanger til og med Otteren Kr.37525,00
TUSEN TAKK FRA
SVELGEN RØDE KORS OG BREMANGER RØDE KORS
 

Husk kronerullinga til Samfunnshuset 13.09.2010

Kronerullinga til oppussing av storkjøkkenet på Svelgen Samfunnshus rullar og går!!

Pr.   06.09. er det komt inn kr. 21.300. Ein god start, men framleis er det langt igjen til målet.

Kjøkkenet skal totalrenoverast.

Dugnad: Har nokon lyst til å ta i eit tak/jobbe dugnad ta kontakt med Bjørg 95 982 945.

 

Dersom nokon ynskjer å gje pengegåve, er bankkontonr. 3776 03 19962.

 

 

Svelgen Samfunnshus takkar for innkomne gåver:

Bjørn Robin Tillit(1000), Anne Lise Gilleshammer(200), Leif Leonard Myklebust(500), Torgeir Eidsvik (1000), Oddbjørn Eimind(1000), Jorunn Myklebust(1000),   John Myklebust(200), Sissel Myklebust(200), Melchior Leirmo(300), Dina Lise og John Fløtre(1000), Per Lars Sande(2000), Kåre Håøy(300), Herborg H.Eikeland(300), Siv M Mundal(500), Rolf H. Svarstad(500), Gunnar Midtbø(500), Kjell Morten Langedal(500), Anne Turid Ljungren(200), Stig Gjerde(500), Henny og Finn Steinset (200), Leif Kjøsnes(1000), Hardy Harry Micheel (200), Alf Norvald Håøy(400), Rolleif Hansen(500), Olav Ragnar Ommedal(500), Liv Wenche Dyrstad(300), Steinar Rolf Svarstad(500), Åge Skåtun(500), Bjørg Damstuen(500), Unni A.Sande(500), Jorunn Eimhjellen(200), Alf Stokkenes(300), Olaug og Arne Loftheim(1000), Reidun og Arne Olav Varpe(500), Vegard Olsø(500), Bjarne Ripe(500), Berit og Jon Bakke(500), Anne Katrine Nødset(500), Hege, Marius, Vebjørn og Hans Inge Solberg(500).

 

-Styret-


Elkem Energi Bremanger melder straumstans 13.09.2010

på grunn av

arbeid i høgspenningsnettet

 

Tirsdag 14.09.2010

Kl. 23.00 – 24.00

 

Rise Industrier

Breivika, Langeneset, Eikeland og Birkelida

 

Det elektriske anlegget må heile tida reknast som straumførande.

Elkem Energi Bremanger AS


Fant spelar på Svelgen Hotell 9. oktober 10.09.2010

FANT er eit band frå Sunnfjord som spelar kjende  låtar frå bl.a. Brandy Carlile, Dire Straits, Dolly Parton, No doubt, KISS, P!nk og Queen.

Sidan starten i 2004 har Fant utvikla seg til å verte eit av dei beste cover-banda i Sogn og Fjordane.  Medlemane i Fant har lang og brei musikalsk erfaring,  noko av dei frå heilt tilbake på 80-talet.

Bandet framstår som godt samspelt og framfører musikken med  "feeling" og trøkk. Repertoaret er stappfullt med låtar som sikrar høg stemning - garantert fritt for svensktoppar og gammaldans. FANT e’ fest!

FANT består av Camilla Søvig - vokal, Hugo Mølmesdal - tangentar, Tor Ivar Flatjord - gitar, Rolf Yksnøy - bass og S vein-Inge Bjørkedal - trommer.

 Sjå bandet si heime side her

http://enivest.net/~rolf.yksnoy/fant/fantside.html


Barnetrim fredagar kl. 16.45 10.09.2010

Barnetrimmen er i gong att etter sommarferien. Les meir på STIF si heimeside.

10 klasse inviterar til

Nattcup i fotball 03.09.2010

 

 

 

 

 

 

 

På fredag 10 september inviterar 10. klasse ved Svelgen Oppvekstsenter til nattcup i idrettshallen.

Vi startar kl 20.00 og held på fram til 02.00.

Natcupen er for alle frå 7. klasse og opp til 18.år, derfor blir Ungdomsklubben Realen stengt denne fredagen.

I tillegg til fotballlturnering og volleyballturnering blir det full musikk og sal av kaker, brus og mat.

Inngongpengar kr 50.

Om du er deltakar kostar det kr 30.


Idrettsmerketaking torsdag 9/9 08.09.2010

Ansvarleg for idrettsmerketakinga i Trimgruppa i STIF, Per Åge Bueie, melder at det vert idrettsmerketaking på Svelgen stadion torsdag 9. september kl. 18.00. Les meir om idrettsmerket ved å  klikke her. 

 

 

                         Heimesida til STIF  -  TRIM


Gratulerer med dagen!

STIF rundar 80 år i dag 08.09.2010

Svelgen Turn- og Idrettsforening vart stifta 8. september 1930. Nedanfor kan du lese litt om korleis det gjekk til at STIF vart stifta, om lag to år etter at smelteverket hadde starta opp. Opplysningane er henta frå historieboka "Heia STIF!" , som vart utgjeva av STIF i 2003, med Frank Ryland som forfattar.

 

 

Før stiftinga:

Det var verken folkegrunnlag eller interesse for å starte eit idrettslag i fjordbotnen innst i Nordgulen tidleg på 1900-talet. Frå tidleg på 1800-talet og fram til 1917 budde det om lag 40 personar på dei 6 gardane på Rise (4) og Sande (2). På denne tida hadde ein ikkje namn på området inst i botnen av Nordgulen.

 

I 1917 starta anleggsarbeidet på det første vasskraftanlegget i Svelgen. Då auka folketalet på kort tid til om lag 400 personar, då mange anleggsarbeidarar kom til bygda. Desse anleggsarbeidarane budde i barakker, og mange av dei reiste nok til sine heimplassar når dei hadde fri. Då den første generatoren på kraftverket vart starta opp i oktober 1921, håpte ein at denne krafta skulle kunne gje nye arbeidsplassar. Men det skulle ta nokre år før ein fann ut kva ein kunne nytte krafta til som kunne gje arbeidsplassar i Svelgen. Ein gjorde ei rekke forsøk på å få i gang ulike industriprosjekt, mellom anna klippfisktørk og smelteforsøk, men desse prosjekta stranda på ulike stadium. Mot slutten av 1921 var det om lag 60 anleggsarbeidarar att i Svelgen, og eitt år seinare var desse redusert til 25. Generator nr. 2 ved kraftverket vart teken i bruk i 1922. Då det vart slutt på anleggsarbeidet i 1923, var det ikkje arbeid å få for folk flest i Svelgen. Difor emigrerte mange av ungdomane i Gulenfjordane til Amerika og fekk seg arbeid der. Dei fleste av dei var ”over there” til slutten av 1920-talet, då nedgangstidene kom til Amerika, og det på ny var mogeleg å få seg arbeid i Svelgen.

 

I 1927 starta arbeidet med å byggje den første store smelteomnen i Svelgen. Dette var ein rujernsomn som vart teken i bruk i byrjinga av november 1928, og som seinare vart kalla Ovn 1. Første tapping vart gjort 14. november same året. Det var ikkje berre omnen som skulle byggast, mellom anna medførte bygginga av denne også bygging av sinterverk, råstofflager, laboratorium, kaianlegg med kaikran, transformatorhus, midlertidig kontor- og lagerbygning, samt bustader til arbeidarane. Det var A/S Bremanger Kraftselskab som stod bak desse utbyggingane, og både smelteverket og kraftverket vart drivne under namnet til Kraftselskabet. Til dette arbeidet trengde ein mykje arbeidskraft og dette året, og i åra som følgde, flytta det mykje unge folk til Svelgen. Mellom dei nyetablerte var det personar som hadde drive med idrett andre stadar. Mellom desse var brødrene Lauritz og Alf Midtbø som flytta til bygda i høvesvis 1928 og 1930. Desse to hadde drive både med turn og fotball i Florø, der dei vaks opp. Mellom anna vart dei krinsmeistrar i fotball for Florø SK i 1925. Alf Zachariassen (biletet t.v.) flytta til Svelgen i 1928 og hadde i åra 1925–1928 gjort seg bemerka som friidrettsutøvarar i SK Brann i Bergen, der han vaks opp. Zachariassen deltok på nokre stemne for Florø TIF i 1929, kanskje også i 1930, og vart dermed den første aktive idrettsutøvaren som var busett i Svelgen. Våren 1930 flytta Kaare Kjølberg tilbake til Svelgen, etter 3 års skulegang utabygds. Kjølberg kom til Svelgen i 1919 då faren byrja som styrar på sinksmelteverket, som var under planlegging. Kjølberg gjekk folkeskulen i Svelgen, før han i 1927 reiste til Sarpsborg og gjekk på gymnaset der. Her fekk han interesse for idretten og deltok i idrettsaktivitetar. Etter gymnaset byrja Kjølberg å arbeide på Smelteverket.

 

Stiftingsåret 1930:

Ein kjenner ikkje til korleis det gjekk til at ein 8. september 1930 kalla inn til møte for å skipe eit idrettslag i Svelgen, men dei fire karane som var nemnde over vert rekna som initiativtakarar til møtet. Møtet tok til kl. 19.30 i Folkets Hus (biletet t.v.), og det møtte fram 15 personar. På dette møtet vedtok ein lover, heldt val og bestemte at laget skulle heite Svelgen Turn- og idrettsforening (STIF). Kontingenten vart fastsett til kr 5 pr. år for vaksne, og ein skulle ta kr 1 i innmeldingspengar. Ein bestemte seg også for å gå i gang med eit guteparti i turn, og kontingenten for desse gutane vart sett til kr 2. Det vart vedteke 22 lovparagrafar, og i følgje paragraf 1 var foreininga sitt mål å fremme turn- og idrettssaka i Svelgen. Paragraf 2 var som følgjer: ” Foreningen skal stå tilsluttet Sogn og Fjordane Distriktslag for idrett, samt særkretsen for turn og friidrett. Lovene for Norges Landsforbund for idrett må følges, og gjøres gjeldende for laget”. I paragraf 4 bestemte ein at ein skulle halde to generalforsamlingar i året, den eine i medio februar og den andre i august–september.

 

Kaare Kjølberg (biletet t.v) vart vald til den første formannen i STIF. Kjølberg fylte 19 år 4 dagar etter at STIF vart stifta. Han var den yngste formannen STIF sitt Hovudstyre hadde på 1900-talet. For å halde i gang den aktive idretten, trengde ein også inntekter. 14. oktober valde STIF ein komité som skulle lage til ein marknad over jul. Med i denne komiteen var: Klara Furset, Else Kjølberg, Knut Sørby, Magnus Aadland og Kaare Kjølberg. Denne komiteen arbeidde raskare enn ein forventa, for alt 6. og 7. desember vart den første marknaden til STIF halden. På marknaden var det utlodding og tombola, samt at nokre av medlemane framførte skodespelet ”Den nye hushjelpen”. Marknaden gav eit netto overskot på kr 375.

 

I halvårsberetninga som gjaldt frå stiftingsdatoen til 1.1.1931 skreiv ein følgjande: ”Det første halvår i STIF`s historie her vært utmerket både sportslig og økonomisk”. Svelgen hadde i 1930 eit folketal på 328, og 67 dei var medlemar i STIF. Fordelinga var 45 vaksne og 22 born. Av aktiv idrett i skipingsåret var det berre turn ein kom i gang med. Men til gjengjeld hadde ein både gute-, dame- og herreparti på programmet. 5. oktober vart det halde propagandastemne av turnarar frå Florø TIF i Svelgen. Dette for at ein skulle få opp interessa for turn i bygda. I samband med dette stemnet vart det halde fest om kvelden.

 

STIF-boka er i sal på Bakarhuset kafè for kr. 100. Meir kjøpsinfo finn du ved å klikke her.  Biletet nedanfor syner gutetroppen i turn, som held oppvisning i stiftingsåret 1930. Øvst ser ein Nils Håheim, medan framme står Alfred Hestdal (t.v.) og instruktør Lauritz Midtbø. Sistnemnde var ein av stiftarane av STIF, og var far til Gunnar Midtbø.

 


UM 2010 Molde (3-5.sep.)

Sølv og bronse til Svelgen i UM 07.09.2010

 

 

 

 

 

Les mer på heimesida til

 STIF og  Friidrett


Basketballtrening 06.09.2010

Torsdag 9/9 kl. 19.30 startar basketballtreninga opp att i Svelgen Idrettshus. Treninga er for 9. klasse og oppover.

          

           Heimesida til STIF -  TRIM         Basketball


Straumstans tysdag 7. sept. 07.09.2010

Elkem Energi Bremanger AS melder s traumstans på grunn av arbeid i høgspenningsnettet, t ysdag 07.09.2010 k l. 23.00 – 06.00 

Stansen gjeld for området Svelgen oppvekst, Øyratunet og deler av Krunevegen.

Det elektriske anlegget må heile tida reknast som straumførande.


Juli- og augustnedbøren i Svelgen 07.09.2010

I juli fall det 242,6 mm nedbør, medan normalen for månaden er 155 mm. Det meste som fall på eit døgn var 51,2 mm (det meste som hittil har kome på eit døgn i 2010), og 7 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset til EEB.

 

I august fall det 107,7 mm, mot normalt 187 mm. Høgste døgnverdi var 25,8 mm, og 8 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset.


2. feriepulje hadde det beste vèret! 07.09.2010

Det er vel få som oppheldt seg på vestlandet som var nøgde med ferievèret sitt i 2010. Etter ferien har det likevel vore diskusjonar om kven som hadde det beste vèret i sin ferie, og her følgjer dei klare fakta for ferievèret i Svelgen:

 

Ei naturleg ferieinndeling for mange bedrifter var dette året første feriepulje veke 25-28 og andre feriepulje veke 29-32. Her følgjer nedbørstala for Svelgen i dei to feriepuljane: 1. Pulje:  6 døgn heilt utan nedbør og 169,1 mm nedbør. 2. pulje:  10 døgn heilt utan nedbør og 149,7 mm nedbør.

 

Mange bedrifter har annankvart år med første og andre pulje for dei tilsette, og dei som hadde 2. pulje i år, har i ei årrekkje kome ut med betre eller minst like godt vèr som den motsette pulja.


07.09.2010. A-lags kamp. 06.09.2010

 

     Les kven som møter og kjører på heimesida til

            

          STIF - Fotball


Invitasjon til kystvegkonferanse 06.09.2010

Det er sendt ut invitasjon til kysvegkonferanse i Florø 30. september. Påmeldingsfristen er 17/9. Meir info finnast her


Bøsseaksjon på Søndag

Flomofra i Pakistan 03.09.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Søndag den 5.september vil husstandane i Bremanger kommune få besøk av Svelgen Røde Kors og Bremanger Røde Kors med bøsse for å samle inn pengar til flomofra i Pakistan.

Vi oppfordrar alle til å ta vel i mot dei som ringer/bankar på dørane.

 

 

 


3-5.september.

UM Molde 2010 03.09.2010

                             Følg UM direkte på web - TV      her


Billettsalg i gang til "Årets kulturløft" 30. oktober 03.09.2010

 

 Årets store kulturløft i Bremanger skjer 30. Oktober i Bremangerhallen.

Sirkus Bremanger er namnet, som meir er ein storslått bygdefest, ispedd
sirkusartistar kjendisar og bygdeglamour. Men det er dei lokale talenta
som skal ha hovudfokus, opp og fram på scena. Ei alt for stor scene
såleis. Men det er også litt av tanken bak Sirkus Bremanger; og vise
samhald og glede i ein kommune vi er så glad i. Billettar selges gjennom
Billettservice t. 815 33 133 eller www.billettservice.no - hugs at det er
nummererte seter.

Sjå meir info: www.sirkusbremanger.no

 

 

 

 

 


Nye teikningar for "nye" Svelgen Hotell 03.09.2010

 

 

Slik vil det sjå ut når arbeidet med uteområdet ved Svelgen Hotell blir ferdig! Det er Kinn Arkitekter som har levert skissene.

 


EIN DAG I BREMANGER FOTODAG 10.10.10
(10.Oktober 2010)


Bremanger 2010 praktbok inviterar alle som er i Bremanger den 10. Oktober til å fotografere alt muleg som skjer denne heilt vanlege søndagen i Oktober. Prosjektet vert litt ala det som Florø arrangerte 09.06.09 i fjor. No gjer vi det same i Bremanger den 10.10.10.

Bileta som kjem inn får tildelt eit kapittel i Bremanger praktboka. Utgjevinga av boka er planlagt til hausten 2011.
Vil du vere med å fotografere denne dagen, så kan du sende dei til bremanger2010@gmail.com.

Vi ynskjer bilete gjennom heile dagen, frå den byrjar klokka 00:01og til den er slutt 23.59. Det kan hende du er på jobb, sit på ein jaktpost, et nistepakka på søndagstur, eller vaskar bilen. Vi vil vite kva som skjer i Bremanger nettopp denne dagen, og DU kan vere med å bidra til det med å sende dine bilete til oss. Du bestemmer sjølv kva du ynskjer å sende inn bilete av.

For å vere med må ein følgje nokre enkle reglar, elles vil bilete dessverre ikkje bli vurdert.

 

 

 

KRITERIER for å kunne bli med:
1. Bilde må beskrivast:
       a. Kvar er bilete tatt?
       b. Når på dagen vart bilete tatt?
       c. Kven er med på bilete? Fullt namn og helst også alder!
       d. Kven er fotografen.
2. Skru oppløysinga di på bildet på maks storleik før du tek bilete.

3. Send inn bileta til bremanger2010@gmail.com innan onsdag 13.oktober.

Vi håpar at så mange som muleg ønskjer å bli med å fotografere denne dagen. Er du heldig vert biletet ditt med i boka, og du vert kreditert med namnet ditt i den.

Spørsmål kan rettast til Anita M. Ingebrigtsen eller Leni Lisæter på e-post: bremanger2010@gmail.com. Telefon: 48119849


Inviterer 5. til 7. klasse på juniordisko 01.09.2010

Til 5-6-7 klasse!

10 klasse inviterer til juniorklubb/disko på ungdomsklubben Realen den første fredagen i kvar månad. kl: 17.00- 19.30. Første gang no fredag 3. september.

Inngangspenger er kroner:10,-

Velkommen!


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov