Arkiv Juni 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

SOMMARFERIE!! 26.06.2003

Redaksjonen i Svelgen.no har no teke sommarferie.

Men send gjerne inn stoff, så skal vi saktens få sakene inn.

Vi ønskjer alle ein retteleg

GOD SOMMAR!


Svelgen Hotell

Rekebord og dans dei to neste onsdagane 23.06.2003

Onsdag 25/6 og 2/7 vert det rekebord, og dans med Bjarne Lunde på Svelgen Hotell.

Svelgen Hotell

Hyggeleg melding frå Moss 22.06.2003

Kjære alle tidligere klassekamerater - venner - kjente - og alle andre som leser dette ! Vi sitter i Moss og har mimrestund om tida i Svelgen og spiller CD med Lundes trio. Fant ut at vi skulle se på Svelgen nettside og synes den er imponerende.

Hilsen til dere alle med ønske om en GOD SOMMER, fra Gerd Eikeset og Ingrid Evensen.

Svelgen.no Oppfordrar ALLE med tilknytning til Svelgen om å sende oss nokre ord i sommar. Send helsingar og reiseskildringar og ver med å gjere avisa kjekk å lese!


Kommunestyret:

Skepsis til Nordfjord-samarbeidet 19.06.2003

Fleire politikarar i Bremanger uttrykte tysdag skepsis då kommunestyret handsama rammene for Nordfjord-samarbeidet.

- Det er meir naturleg å samarbeide med kystkommunane Vågsøy og Flora, meinte fleire representantar.

At Bremanger går inn i eit omfattande Nordfjord-samarbeid fell unaturleg for mange av innbyggarane i kommunen. Geografisk sett er det dei frå Davik, Ålfoten og til dels Berle som reknar seg for nordfjordingar i Bremanger kommune.

- Kvifor skal vi samarbeide nordover og ikkje konsentrere oss om kysten som er mest naturleg for oss, spurte Per Røys (H). Det var også tydeleg at Bremanger kommune føler seg liten, oversett og forbigått i Nordfjord-samarbeidet, og kommunestyret var innstilt på å ikkje gi frå seg noko med mindre dei fekk noko tilbake.

- Må sette oss i førarhuset

- Eg trur vi må sette oss i førarhuset og vere meir aggressive for å hauste noko av Nordfjord-samarbeidet. Når det gjeld rekneskap og IKT har Svelgen ein unik kompetanse ein bør kunne dra nytte av, meinte Kåre Olav Svarstad (Ap)


Bremanger redda av YFK-aksjar 19.06.2003

- Bremanger kommune har valt å klassifisere aksjegevinsten på YFK-aksjane som omløpsmidlar. Dette reddar kommunen frå eit underskot på 5.3 millionar kroner, sa distriktsrevisor Terje Førde til kommunestyret tysdag. Han meiner kommunen vil få store problem med driftmidlar i åra som kjem.

Bremanger kommune ei samla lånegjeld på 220 millionar kroner. Berre i fjor vart det teke opp nye lån på 86 millionar kroner.

- Dette er bekymringsfullt for ei kommune med berre 4100 innbyggarar. Rente- og avdragsbelastningane vil føre til at driftssituasjonen vil stå overfor stadig større utfordringar framover, meinte Terje Førde som godkjende kommunerekneskapen med fleire atterhald.

- Færre kommunetilsette

Rådmann Tor Kristian Gulhaugen meiner det er vanskeleg å komme utanom nedskjering av talet på tilsette i kommunen. - Lønn er den absolutt største utgiftsposten, og dersom vi skal spare 5 millionar kroner blir vi tvinga til å drøfte reduksjonar, sa han til kommunestyret. I juli i fjor gikk Bremanger kommune over til ny organisasjonsmodell med 19 sjølvstendige driftseiningar. I følgje rekneskapen førte omlegginga til eit meirforbruk i høve til budsjetta på 3.3 millionar kroner. Kommunestyret har vedteke at driftseiningane som går med overskot skal få disponere halvparten påfølgjande år. Einingane som går med underskot slepp å dra med seg mankoen inn i neste år.

Distriktsrevisor Terje Førde minna kommunestyret om at kommunen ikkje har høve til å tilbakebetale overskot til driftseiningane dersom totalrekneskapen neste år går med underskot.

Åtte skuldar 1.3 mill i skatt

Bremanger har ikkje fått inn alle skattekronene frå i fjor. 43 personar har ikkje betalt inn nok skatt og står med ein totalrestanse på 2.3 millionar. For nokre dreiar det seg om småbeløp, men for åtte skatteytarar er summen noko høgare. Åtte personar skuldar åleine 1.3 millionar kroner i skatt til Bremanger kommune.


Kystperler i Norge 18.06.2003

Hotell-, restaurant- og opplevelsessentret Knutholmen i Kalvåg, er ein av dei utvalgte «kystperlene» VG skriver om iår.

Les meir (VG/VG.no)

Best i førstehjelp 18.06.2003

Naustdal Røde Korps hjelpekorps er distriktsmeister i førstehjelp for andre året på rad. Meisterskapen gjekk av stabelen i Stryn på laurdag. Eid Røde Korps vart nummer to i meisterskapen, og Svelgen nummer tre. Til saman var det sju hjelpekorps som deltok.

Fotball

Referat frå siste STIF- kamp 15.06.2003

Sjå Haugen IL si heimeside. STIF har no 6 sigrar på rad. Det skulle dermed vere mogeleg å tangere klubbrekorden på 8 sigrar på rad, som STIF oppnådde både i 1976 og i 1977. Den gong spelte STIF i det som i dag tilsvarar høvesvis 5. og 4. divisjon, og trenar i dei to sesongane var Ragnfred Ommedal.

Haugen IL

Mot betre mobildekning på vegen mot Grov ?? 13.06.2003

Telenor håpar å få løyve av grunneigarane til å setje opp ein mobilsendar på Hatlenesnipa nær Grov. Om dette går i orden vil det truleg gi betre mobildekning på vegen mellom Magnhildskaret og Grov.

Firdaposten

Fotball

Svelgen vann 4 - 2 13.06.2003

Fredag kveld spelte STIF borte mot Flatraket/Selje 2, og vann 4 - 2. Samstundes tapte Haugen mot Eid 2. Desse to laga ligg no på plassane bak STIF på tabellen, 6 poeng bak og med om lag 20 mål dårlegare målskilnad enn STIF.

Meir info om kampen vil du truleg finne på STIF si heimeside, som du finn ved å klikke på logoen oppe t.h. På denne sida finn du også meir nytt stoff om STIF.

6. div. avd. 4


Volleyball

Unn Kvendseth utteken på landslagssamling 13.06.2003

Unn Kvendseth (biletet) frå Svelgen er utteken til ei landslagssamling det norske seniorlandslaget skal ha på Aukra, i tida 27. juni til 1. juli. På denne samlinga er 32 spelarar innkalla, og etter samlinga tek landslagstrenaren ut ein tropp på 15 spelarar. Desse 15 spelarane skal til Japan i tida 8. - 27. juli, og skal der spele ei rekkje kampar.

Kvendseth har tidlegare spelt volleyball for STIF, Tambarskjelvar, og Klepp. Ho har sidan hausten 2000 spelt på universitetslaget Cal State Northrigde i USA, og til hausten tek ho til med sin fjerde sesong på det laget. Kvendseth spelte i 1998 fire juniorlandskampar for Norge. Også i 2000 deltok ho på ei seniorlandssamling, og den gong vart ho heimeverande reserve då landslaget deltok i ei turnering i Tsjekkia. Sidan 2000 har Volleyballforbundet slite med dårleg økonomi, og landslagssatsinga har vore minimal.

Svelgen.no gratulerer med uttaket, og ønskjer Unn lukke til på samlinga. Ein gjer merksam på at biletet ovanfor er nokre år gamalt.

BA


Set ned den flytande kraftprisen 13.06.2003

Elkem Energi Bremanger set ned den flytande kraftprisen frå 41,97 øre/kWh til 37,78 øre/kWh, med virkning frå 23. juni. Kraftprisen har ikkje fastbeløp.

Biletet under syner demningane i Storebotn. Desse demningane gjer at Nedre Storebotnvatn og Øvre Storebotnvatn, som blir til "eit vatn" ved høg vasstand, til saman kan romme 130 milliardar liter vatn. Dette er EEB sitt største magasin. Frå Storebotn renn vatnet i ein 10 km lang tunnel til Svelgen, der det står ein generator som kan produsere 55 000 kW i timen. Til samanlikning: Straumforbruket i Svelgen, om ein ser vekk frå Smelteverket, er på 1000 - 1500 kW i timen om sommaren. Storebotn tilhøyrer kraftverk Svelgen 4, som vart teke i bruk i 1972.


Skuleruta 2003/2004 klar 12.06.2003

På Svelgen skule si heimeside kan du sjå skuleruta for 2003/2004. Første skuledag er måndag 18. august. Om dagens skuleelevar er like ivrige som elevane ved Svelgen skule var før, så er dei alt byrja å sjå fram til denne datoen....

På same sida kan du og lese om eit besøk skulen hadde torsdag i forrige veke av ei spele- og dansegruppe frå Shetland.

Svelgen skule


Per Ytrehus gir seg i Helse Førde 12.06.2003

Per Ytrehus takkar for seg som styreleiar i Helse Førde. Han gir opp private årsaker som grunn til å tre av.

Firdaposten

Trekning 2. runde Firda Avis Cup

STIF møter FSK borte 12.06.2003

Les meir på STIF- sida, som du finn ved å klikke på den grøne logoen oppe t.h. på denne sida.

Kultursjefen har sagt opp 12.06.2003

Claus Røynesdal har sagt opp jobben sin som kultursjef i Bremanger kommune frå 1. september.

Firdaposten

Elkem søker ferieavløyser i sentralbordet 11.06.2003

Sjå "Stilling ledig" ovanfor. Haster.

Etterlysning frå S.M. Dyrstad 10.06.2003

Snakkar vi om populær maling?

Nokon tek sjansar for å skaffe seg Gjøko maling. 3 x 3 ltr.spann grå golvmaling er borte frå butikken vår, saman med 10 ltr betongimpregnering. I desember forsvann det forresten ei ganske ny gjerde/bygningssag, grøn på farge. Verdi omlag kr.20.000,-

Det merkast på vårt budsjett når vi må kjøpe nytt !

Vi hadde gleda oss om dette kom til rette på Ivarplassen.

Vennleg helsing Sverre Magne Dyrstad.


Ordførar Kjerpeseth ny leiar i Kystvegutvikling 09.06.2003

Bremanger-ordførar Einar Kjerpeseth tek over som leiar i Kystvegutvikling AS. Svein Kåre Senneset, som har vore leiar i selskapet sidan starten, blir ny nestleiar. Dette er klart etter at Kystvegutvikling AS hadde si årlege generalforsamling i Måløy i slutten av mai.

Det neste prosjektet Kystvegutvikling AS no arbeider med å få prioritert, er byggesteg to, med ny veg til kommunesenteret Svelgen via Bortnen og Sørdalen. Tredje byggesteg er kort ferje over ytre Nordfjord, slik at kystbyane Måløy og Florø blir knytt tettare saman. Krav til høgre ferjetryggleik gjer at sambandet kan skundast fram i tid. Statens vegvesen har no rusta opp ferjekaia på Oldeide, og etter planen skal det byggast ny ferjekai i Måløy, slik at det på denne ferjestrekninga kan setjast inn større ferjer.

Les meir i Firdaposten

Firdaposten


3 mål av Kennet Hessvik 09.06.2003

Svelgaren Kennet Hessvik (biletet) scora 3 mål mandag då Tornado Måløy slo Høyang 9 - 1 i ein 3. divisjonskamp på Refvika. I følgje heimesida til TM vart Hessvik kåra til beste spelar på bana. I følgje same kilde er Hessvik oppe og "surfar" etter å ha vore nede i ein bølgjedal.

Tornado Måløy ligg på 3. plass i 3. div., berre eit poeng bak leiarlaget Jotun.

I ein 3. divisjonskamp fredag vann Florø 4 - 2 over Stryn. Sistnemnde, som no ligg på 2. plass på tabellen, gjekk på sitt først tap for sesongen. Etter at Frank Hatleset kom til Florø har laget teke 10 av 15 mogelege poeng, etter at dei ikkje tok eit poeng på dei tre første kampane. Trond Hatleset er framleis skada.

Tornado Måløy


Nyhender på STIF- sida 09.06.2003

PÅ STIF- sida kan du no mellom anna sjå kampoppsettet for STIF sine fotballjenter på Norway Cup. Web- master etterlyser også stoff til sida.

STIF- sida finn du ved då klikke på STIF- logoen oppe til høgre på Hovudsida på Svelgen.no.


Ved utgangen av mai:

70 arbeidsledige i Bremanger kommune 09.06.2003

Statistikken frå Aetat viser at det var 70 heilt arbeidsledige i kommunen, noko som utgjer 3,6 % av den totale arbeidsstyrken. Det var ein auke på 14 arbeidsledige frå same tid i 2002.

Aetat

Søndagsfilmen 8. juni:

Chicago sundag kl. 2000 08.06.2003

Sundag viser Svelgen kino publikumssuksessen Chicago.

Roxie Hart drømmer om å synge og danse seg ut av sitt fargeløse liv - akkurat som idolet Velma Kelly. Når begge ender i varetekt for mord kan lykken være gjort. Legenden Billy Flynn skal forsvare Roxie, og viraken rundt rettssaken gir stjernestatus. Men dramaet har flere akter ...

Roxanne "Roxie" Hart vil stå i rampelyset på Chicagos musikalscener, synge seg til berømmelse og komme seg vekk fra sin kjedelige mann, Amos. Hun vil bli en stjerne som skinner like sterkt som forførende Velma Kelly.

11 år 1 time 53 min


Kino-pinse i Svelgen.

Matrix og Chicago same helg! 08.06.2003

Mange såg Matrix Realoded som nattkino fredag. Dei som ikkje fekk den med seg kan sjå den måndag kl. 1900. Litt om handlinga:

Thomas "Neo" Anderson gikk fra en døsig drøm til en voldsom virkelighet da han valgte sannhet foran illusjon. Med sine unike evner må "Neo" gå til kamp mot maskinhæren i "The Matrix". Hvis han feiler, er konsekvensene grufulle. Da beseires Zion - menneskenes siste fristed. Neo har gjort et valg om å akseptere virkeligheten. Han har frigjort seg fra drømmetilstanden "The Matrix" har holdt ham i. Nå må han ta i bruk sine uante evner og krefter og kjempe mot en maskinhær bestående av de fryktelige Sentinels. Om få timer vil 250.000 av dem nå frem til menneskenes siste sivilisasjon, den underjordiske megabyen Zion.

Aldersgrense 11 år


Populær lærar med oppvekst i Svelgen 08.06.2003

På framsida i papirutgåva til Firda laurdag 7. juni kunne ein lese om ein demonstrasjon ungdomsskuleelevane på Skei i Jølster gjennomførde fredag. Læraren aksjonen gjaldt var Bjarne Austrheim (31), som trakka sine barnesko i Svelgen. Austrheim er son til tidlegare prest i Svelgen, Mattias Austrheim, og familien flytta til Davik rundt 1979. Derifrå flytta dei til Ørsta, der foreldra framleis bur. Mor til Bjarne, Jorunn, var lærar ved Svelgen skule.

I følgje Firda fekk ikkje Austrheim fornya vikariatet, som han har hatt i 2 år, fordi han har feil kjønn og feil kvalifikasjon. Rektor ved skulen uttala til avisa at den namngjevne dama dei har tilsett har kvalifikasjonar meir i samsvar med skulen sine behov, samstundes som skulen treng ein kvinneleg lærar til kroppsøvingstimane. Elevane meinar Austrheim har kvalifikasjonane dei treng: "Timane hans er kjekke og vi lærer mykje. Han er tolmodig, snill og omsorgsfull, utan at vi mister respekten for han. Vi veit at det er han som er sjefen. Vi er på ein måte litt ven med han, fordi han forstår oss, seier 5 av jentene bak demonstrasjonen". I følgje bilete i avisa gjekk elevane rundt med plakatar som: "Gje oss pengar til å beholde Bjarne", "Bjarne gav oss eit betre klassemiljø", og "Bjarne er rå".

Austrheim har tidlegare gjort seg bemerka på fotballbana med spel bl.a. for Ålesund i 1. divisjon, og for fleire Bergens- klubbar i 1. og 2. divisjon. Han spelar no for Sandane, der han bur.


180 mm nedbør i Svelgen i mai 07.06.2003

I Svelgen fall det 180 mm nedbør i mai, mot "normalt" som er berekna til 110 mm. 7 døgn i mai var heilt nedbørsfrie, og det meste som vart målt på eit døgn var 39 mm.

Max. og min. for mai i Svelgen stammar frå 1989 og 1980 med høvesvis 283 og 37 mm.

T.o.m. mai månad har det kome 903 mm nedbør i Svelgen, og nesten halvparten av dette kom i januar (425 mm).


Røykfrie 8. klassingar i Svelgen 06.06.2003

Les meir om dette på linken nedanfor.

Svelgen skule

Stønad til ny utleigehytte på Dyrstad 06.06.2003

Ein campingplasseigar i Stryn får stønad frå Bremanger kommune for å byggje den 3. utleigehytta si på Dyrstad. Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

Mange søkjarar til lærarstillingane i kommunen 06.06.2003

Det var heile 34 søkjarar til 5 ledige vikarstillingar i skuleverket i Bremanger kommune. Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

Bremanger kommune underteikna kraftavtale med SFE

Lokal leverandør fekk ikkje høve til å gje tilbod 05.06.2003

I følgje Fjordenes Tidende har Bremanger kommune gjort avtale om levering av straum til eige forbruk (alle kommunale bygg m.m.) og til eigne tilsette. Avtalen om levering av straum er gjort med Sogn og Fjordane Energi (SFE). Dermed mister Elkem Energi Bremanger, som til denne tid har levert straumen til kommunen sine bygg i Svelgen, sin største kunde på på E- verkssida.

I følgje avisa har Gunnar Mundal (Høgre) spurt kvifor ikkje Elkem Energi Bremanger fekk høve til å gje tilbod, og han meinte også at det ikkje var godt nok av den som hadde ansvaret for å framforhandle avtalen å ikkje kontakte nærliggjande leverandør. Til dette svarde rådmann Tor- Kristian Gulhaugen: "Det kan eg ikkje svare på. Eg veit det vart henta inn tilbod frå Sognekraft, Tussa Kraft og SFE. At Elkem Energi ikkje har fått høve til å gje eit tilbod beklagar eg, men no er avtalen med SFE underteikna".

EEB er eit av Norges minste E- verk og har om lag 600 kundar, der alle er heimehøyrande i Svelgen. Som nemnt ovanfor var Bremanger kommune den største kunden EEB hadde. Når kommunen har gitt kraftleveransen til alle sine bygg i Svelgen til SFE, utan at EEB fekk gje tilbod, har dei sett lokale arbeidsplassar i fare. Dette i ei tid kommunen gjennom Bremanger Vekst brukar midlar på å bevare og skape nye arbeidsplassar.

I ettertid har det vist seg at tilbodet som dei kommune- tilsette fekk frå SFE var dårlegare enn det Elkem Energi Bremanger nyleg har gjeve alle i Svelgen.


Kommunen brukte for mykje pengar i 2002. 05.06.2003

I følgje Firdaposten brukte Bremanger kommune i fjor 5,2 millionar i fjor. les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Bremanger Nytt for juni på nett 05.06.2003

Dette kan du lese ved å klikke på linken under.

Bremanger kommune

Eimhjellen heim for første gong på 3 år 04.06.2003

I følgje heimesida til Naomi er Jostein Eimhjellen på veg heim til Svelgen, etter å ha vore på jordomsegling i 3 år. I følgje den same heimesida gler Eimhjellen seg til å treffe familie og kjenfolk, dessutan skal han i "bank-krise-møte". Eimhjellen skal tilbake til Fiji i byrjinga av september, og håpar då å ha eit nytt mannskap på plass. Les meir om dette på Nyheter på heimesida.

Naomi

1. runde i Firda Avis Cup

Svelgen slo Bremanger på straffekonk. 04.06.2003

Svelgen byrja kampen med to straffer, og Terje Nybø scora sikkert på si. Bremanger reduserte tidleg i 1. omgang, og etter ein kjedeleg 1. omgang stod det 1 - 1.

2. omgang vart derimot mykje meir spennande. Spesielt Ronald Førde (biletet), som kom inn på topp ved pause, stod på og kjempa, men også resten av Svelgen- laget gjorde (som vanleg) ein god 2. omgang. Sigbjørn Hjortland scora 2 - 1 målet tidleg i 2. omgang. Etter dette hadde STIF, anført av Ronald Førde, mange store sjansar til å auke leiinga. Men det var veldig ufortjent BIL då BIL utlikna ca. 15 min før slutt. Etter 90 min. var stillinga 2 - 2.

Dermed var det klart for straffekonkurranse, då ekstraomgangar berre spelast i finalen i FA- cupen (den opplysninga går spesielt til speaker på Svelgen Stadion, som takla feilinformasjon på ein fin måte). STIF har tidlegare hatt dårlege erfaringar med str.konk, men denne gongen imponerte laget !! Alle 5 spelarane sette inn sine straffer, medan keeper Torgeir Sørheim redda kaptein Fosse si straffe. Dei som scora på straffene var: Stian Bøhmer, Arild Myklebust, Ronald Førde, Sigbjørn Hjortland og Torgeir Sørheim.

Fotballgruppa skal ha ros for fint tillaga ramme rundt kampen, då ein hadde speakerteneste, ballgutar, og sal av kaffe, saft og sveler. Dei mange tilskodarane i det fine været sette stor pris på dette, og på spelet i 2. omgang. Lukke til vidare i cupen !!


Mowatt meiner regjeringa må styre kraftproduksjonen. 04.06.2003

Kraftpolitikar og leiar i Sunnfjord Energi, Harry Mowatt, fryktar straumrasjonering og skyhøge straumprisar med følgjer for næringslivet. - Regjeringa må gripe inn, seier Mowatt.

Harry Mowatt meiner vi er på veg mot ein ekstrem straumpris, om ikkje regjeringa grip inn og styrer kraftproduksjonen.

Mowatt seier at med normal nedbør i sommar vil kraftmagasina likevel vere 20 prosent under det dei burde. - Viss vi får eit tørrår på toppen, risikerer vi skyhøge straumprisar, til og med i høve til i fjor, og at det blir så lite kraft at rasjonering blir naudsynt. Mowatt fryktar først og fremst at den kraftkrevjande industrien vil bli råka. - Vi kan hamne i ei stode her i fylket der arbeidsplassane i Årdal, Høyanger og Svelgen blir råka av direkte stans.

Les meir på NRK S. og Fj.


Fotball

Lengre kampreferat frå STIF - Stadlandet 03.06.2003

Referatet frå kampen 27/5 finn du ved å klikke på Sport t.v. på denne sida.

Berre dei som er interessert i dette klikkar på "Sport". Dei som ikkje har interesse av det kan la vere. Svelgen.no tar meir enn gjerne i mot stoff frå andre andre "miljø" enn fotballfolket. I følgje rykter skal snart all aktivitet i STIF dekkast av STIF si heimeside, kva skal Svelgen.no skrive om då... Redaksjonen fryktar at det vert mange dagar med lik Hovudside om ikkje svelgarane byrjar å tipse om kva som skjer i andre lag og foreiningar, og elles rundt om i nærmiljøet.

Ditt lag/foreining kan få eiga "avdeling" på Svelgen.no, som t.d. Bridge- klubben har fått. Ein ser diverre at mange av heimesidene til lag/foreiningar i Svelgen ikkje vert oppdaterte og ligg i dvale. Ta t.d. ein kikk på nokre av dei som ligg oppe t.h. på denne sida.


Fadderordning via sponsor:

Topplaget Sogndal til Svelgen 03.06.2003

Sogndal A-lag (elitelaget) er gjennom sponsor/samarbeidsavtale med Sparebanken Sogn og Fjordane utpeika som fadder for Svelgen Lilleguttlag 11-12 år.

Fadderopplegget går i korte trekk ut på at spelarar på Sogndal A-lag kjem til Svelgen og kjører treningar med vårt Lilleguttlag, ein gang under vår- sesongen og en oppfølger på høst-sesongen. Første fadder møtet er fastsatt til tirsdag 17. juni og fra Sogndal sin A-stall vil Øystein Hessjedal og Robbie Russel møte i Svelgen. Desse to vi då kjøre ei treningsøkt med våre lilleguttspillarar. Etter treningsøkta vil alle verte samla til ei sosial avslutning med pizza og brus på Svelgen Hotell.

Sogndal spelarane vil då fortelle om sine opplevingar som elitespelarar og anna.

Meir på STIF-sida!


1. runde Firda Avis Cup onsdag 4/6

Husk kampen onsdag 02.06.2003

Etter det Svelgen.no kjenner til byrjar kampen mellom STIF og Bremanger kl. 1905. STIF byrjar med to straffer, så møt fram presis. Ein reknar med Arild Myklebust, som var sikker på straffene i fjor, skal ta eine straffa.

Svelgaren Thor Kristian Sortevik har spelt seg til fast plass på Bremanger siste tida, og i forrige heimekamp fekk han mykje skryt for spelet sitt.

BIL si heimside om kampen


Bestill direkte frå leverandør

Vil du ha breiband? 01.06.2003

Med ADSL knytast du til internett med breibandsteknologi, dette inneber at du kan være tilkopla internett 24 timer i døgnet, med høg hastigheit og til ein fast forutsigbar kostnad. Med dette sambandet er internett alltid tilgjengelig med ein hastigheit som er inntil 16 gangar raskare enn ISDN. Nytteverdi:

Høghastigheits Internett-tilgang, ingen volumbegrensing, tilkopla 24 timer i døgnet – 7 dagar i veka og fast pris.

Ynskjer du breiband kan du no bestille direkte frå leverandøren kommunen har inngått samarbeid med. Trykk på linken.

Bestill breiband


Vinnarliste frå basaren laurdag:

Jubileumslotteri - STIF Fotball 40 år 01.06.2003

Jubileumslotteriet i anledning Svelgen TIF-Fotball 40 års jubileum vart avvikla på Svelgen Samfunnshus lørdag 31.05.03

Fotballgruppa stod som arrangør for jubileumsbasar på Samfunnshuset. Oppslutninga rundt arrangementet var ikkje det heilt store, noko som kan skuldast konfirmasjonar og det gode været. Fotballgruppa er trass beskjedent besøk under basaren svært fornøgd med arrangementet. Under basaren vart det servert kaker og kaffe/brus, samt salg av årer og 21 lodd. Arrangementet vart avrunda med trekning av hovedlotteriet.

Svelgen TIF - Fotball vil takke alle som bidrog med flotte gevinster, alle som var med å arrangerte og leverte kaker. Ei stor takk til alle loddkjøparane.

Trykk på linken for å sjå vinnarlista frå hovudtrekninga.

VINNARLISTA


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars