Dette er klart etter at Kystvegutvikling AS hadde si årlege generalforsamling i Måløy i slutten av mai. I tillegg til Einar Kjerpeseth og Svein Kåre Senneset, er også Per-Åge Nygård, Bremanger, Vågsøy-ordførar Roger B.Silden, Vanylven-ordførar Jon Aasen, Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal og Selje-ordførar Gunn Helgesen representerte i styret. Varamedlemer til styret er Elisabeth S.Klævold (Rugsund), Roar Førde (Davik), Johan Vadøy (Davik), Asgeir Solheim (Deknepollen), Jostein Senneset (Bremanger), Magne Strømmen (Rugsund) og Ottar Nygård (Selje). Dagleg leiar i selskapet er sivilingeniør Ragnar Hagen, som har kontor i Måløy.

Betre vegsamband

På generalforsamlinga i Kystvegutvikling AS var 57 prosent av aksjonærane representerte, det er i alt 1321 aksjar i selskapet. Selskapet vart i si tid starta for å få fortgang i planane om fastlandssamband til ytre Bremanger, veg Bortne-Langesi mot Svelgen og bru over Nordfjord. Føremålet er seinare utvida til å arbeide med andre vegsamband i kommunane Flora, Bremanger, Vågsøy, Selje og Vanylven. Selskapet blir drive med årlege tilskot frå dei fem kommunane.

Bortnen-Sørdalen

Første byggesteg på fastlandssambandet, med bru over Rugsundet og tunnell under Skatestraumen, vart fullført i 2002, og offisielt opna fredag 12.juli. Det neste prosjektet Kystvegutvikling AS no arbeider med å få prioritert, er byggesteg to, med ny veg til kommunesenteret Svelgen via Bortnen og Sørdalen. Tredje byggesteg er kort ferje over ytre Nordfjord, slik at kystbyane Måløy og Florø blir knytt tettare saman. Krav til høgre ferjetryggleik gjer at sambandet kan skundast fram i tid. Statens vegvesen har no rusta opp ferjekaia på Oldeide, og etter planen skal det byggast ny ferjekai i Måløy, slik at det på denne ferjestrekninga kan setjast inn større ferjer.