Arkiv Aug 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Eikefjord takkar Lina for innsatsen på jentelaget! 31.08.2009

Image
Eikefjord Fotball vil takke Lina Vågene for ein særs god innsats på jentelaget.
             Les meir på sida til Eikefjord  og STIF fotball si side

Elkem:

Høg nettkostnad med ny kraftlinje 31.08.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

.

.

 

Elkem Bremanger frykter høyere nettkostnader på grunn av ny kraftlinje mellom Ørskog og Fardal, skriver Teknisk Ukeblad i dag; 

– Konklusjonen så langt er at trafostasjonen skal flyttes. Det kan bety at vi havner i regionalnettet i stedet for sentralnettet, noe som vil medføre ekstrakostnader for oss siden vi da må betale høyere tariff, sier direktør for Elkem Energi, Jon Chr. Hovland.

Ekstrakostnaden blir på 5-10 millioner kroner i året.

 

 

Hovland håper regjeringen gjør noe med dette.

– Det er viktig at ikke myndighetene blir fanget av at NVE og Statnett lager et regelverk som gjør at industrien taper. Det er et uttalt politisk mål at ikke industrien skal få økte nettkostnader, og det er viktig at dette følges opp, sier Hovland.

Han mener det er to måter å løse dette på:

– Enten ved å legge trafoen der vi er, eller ved å lage systemer der industrien betaler det samme uansett hvor den ligger.

Kraftlinjen mellom Ørskog og Fardal er ventet å stå ferdig i 2014. Den har fått konsesjon av NVE, men er anket inn for Olje- og energidepartementet, som gjør det endelige vedtaket.

 

 

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) har i lengre tid jobbet for å sikre industrien i regionen akseptabel nettariff.

– Regjeringen jobber med å sikre lik nettleie over hele landet, uansett hvilket nett en er tilknyttet, men det tar tid. Litt av problemstillingen med lik nettleie er at det er så mange nettselskaper, og vi må finne et system som er rettferdig, sier Heggø.

 

I tillegg mener hun Statnett må vurdere nye traseer for kraftlinjen.

– Vi ser at dette kan komme til å slå uheldig ut for Elkem Bremanger, men vi synes må velge gode, tekniske løsninger for det totale kraftsystemet. Hva som skal være i og utenfor hvilke nettnivåer, kan forandres over tid og vi registrerer at det pågår utredninger om slike tariffspørsmål nå, sier kommunikasjonssjef Irene Meldal i Statnett.

Hun påpeker at de fysiske anleggene bygges for å stå i mange år.

– Vi har valgt trasé og løsning ut fra hva vi mener er det beste for kraftsystemet totalt sett, uavhengig av hva som blir definert inn i hvilke nettnivåer, sier Meldal, til Teknisk Ukeblad.


66,6 mm målt mandag 31/8

Mykje nedbør i august i Svelgen 31.08.2009

I august fall det 354,3 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for månaden i Svelgen er 187 mm. Berre 5 døgn var utan ein drope i måleglaset til Elkem Energi Bremanger.

 

Høgst døgnverdi hadde ein, ikkje uventa, i det siste døgnet, då ein i dag tidleg målte 66,6 mm. Dette er den høgst døgnverdien som er målt i Svelgen sidan juli 2007, då ein målte 72,2 mm eit døgn. Den aller høgste døgnverdien som er målt i Svelgen er 130,5 mm, målt i september 1966.

 

Ein er no inne i 22. døgnet på rad med nedbør, og det ser ut til å vedvare.....


Haukåtunnelen stengd i periodar framover. 30.08.2009

Statens vegmelding melder følgande på Trafikkmeldingar:

 

Rv 614 Grov - Svelgen (Haukå tunnel)

Sogn og Fjordane - Redusert framkommelighet
 

Kan bli stengt i perioder på inntil 1 time på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 13:00 til 01:00 (neste dag).

Rutegående trafikk kan passere.

Gjelder fra 31.08.09 klokken 13:00

  

Link til Trafikkmeldingar finn du her.


Medalje til fire svelgarar i UM i friidrett! 30.08.2009

I Ungdomsmeisterskapen (UM) i friidrett, som er rekna som NM for 15-19-åringar, har heile fire svelgarar teke medaljar fredag og laurdag. Som Svelgen.no har meldt før vart det fredag to medaljar i stavsprang, med sølv til Magnus Olav Myrhol (15 år) med 3,11, og bronse til Daniel Hessvik Holm (16 år) med 3,61 m.

 

Laurdag vart det bronse til Pål Valberg (16 år) på 100 m hekk med tida 15,66 sek. Alle desse tre representerer Svelgen TIF.

 

Jørgen Midtbø Bjørkedal (klasse 18/19 år), som no representerer Florø TIF, tok laurdag bronse i tresteg med resultatet 13,50 m. Bjørkedal var og med på Florø TIF sitt lag på 1000 m stafett som tok bronse. Bjørkedal har tidlegare representert Svelgen TIF, og var mellom anna den spenstige guten på framsida av STIF-boka (biletet), då den kom ut i 2003.

 

Oversikt over medaljevinnar frå Sogn og Fjordane i UM kan du sjå  her . Vi ser fram til utfyllande info frå UM på Friidrettsgruppa si godt oppdaterte  heimeside. 

 

Svelgen.no gratulerer dei flinke utøvarane, med trenarar og leiarar, med dei gode resultata i UM! Det vert spennande å følgje utviklinga til utøvarane til Ingvald & co når dei no får flotte treningstilhøve på nye Svelgen stadion. Sjå dei siste bileta til Bjarne Ripe frå stadion på Origo ved å klikke her.


Vil du vere med på Grete Roede kurs? 28.08.2009

Dersom minst 10 stk melder seg på vert det halde kurs i Svelgen. Kurset vil då starte opp førstkomande onsdag 02.september kl.20.00 på Realen.

 

Er du interessert, ta kontakt med Linda Oppedal på tlf. 41 50 08 23.

                                     

                                       Les meir om kurset ved å klikke på bilete.


Fylkesordførar Nils R. Sandal:

Fortgang for 45-regionsmøte 28.08.2009

11. mai i år sendte ordførarane i Flora, Bremanger og Vågsøy kommunar brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune ved ordførar Nils R. Sandal, der dei bad om ei snarleg realisering av 45-minuttsregionen.

– Eg skal vedgå at det ikkje har skjedd så mykje med saka i sommar. Og eg forstår at folk er utolmodige. Vi har hatt ei haldning om at 45-minuttsregionen burde vere ein del av den totale prioriteringa av fylkesvegar, og at vi må sjå denne saka i samanheng med utarbeidinga av fylkesvegplanen for 2010 i desember.

Men no lovar fylkesordføraren fortgang i prosessen, melder Firdaposten.


Planoppstart Svelgen-Myklebust 28.08.2009


Kommunedelplan for parsell av Rv 624; Svelgen - Myklebust.
Høyring av planprogram og varsel om planoppstart.
Bremanger kommunestyre har vedteke planoppstart for overnemnde riksvegparsell i sak KST-030/09. Vedtak av planprogram er gjort i formannskapet sak 102/09. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for betre framkome og kortare reisetid med fordelene dette vil ha for regionen. Planprogrammet legg opp til utgreiing av tre alternative trasèar, som alle går frå nedkjøyringa til Svelgen ved Risevatnet, via Indrehus til Myklebustkrysset. Alt 1 er opprusting av eksisterande veg med ca. 17 km. Alt. ll og lll er tunelalternativ, båe på 8 - 9 km lengde, herav ca. 5 km tunell.
Planprogrammet vert med dette lagt ut til offentleg ettersyn, jfr Plan- og bygningslova § 4-1, samstundes som ein varslar oppstart for planarbeidet og bed om innspel til arbeidet med kommunedelplanen. Merknader til planprogrammet og innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og sendast Bremanger kommune, pb 104, 6721 Svelgen, eller epost: post@bremanger.kommune.no. innan 15.10.09 Planprogrammet kan ein sjå på Rådhuset i Svelgen. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til sakshandsamar Inger Hilde tlf. 916 94 136 eller
epost:  inger.hilde@bremanger.kommune.no

Grindabygget på Velteplassen 28.08.2009

  Grindabygget på Velteplassen tek form.

  For å sjå bilete, gå inn på heimesida til Svelgen oppvekst ved å klikke her.


I gang med steinfylling i Svelgen sentrum 28.08.2009

Brødrene Mundal er no i gang med steinfyllinga til det som skal bli Svelgen sin nye sjøfront. Bygginga av ny sjøfront i Svelgen har eit budsjett på kring 2,5 millionar kroner.

Om byggjeprosessen går etter planen skal den nye strandpromenaden stå klar til nyttår.

Det opplyser Bremanger kommune.


Mesta sikrar Haukåtunnelen 27.08.2009


  Mesta Drift har fått oppdraget med å sikre den 140 meter lange Haukåtunnelen på riksvei 614 i Bremanger kommune. Jobben skal utføres på oppdrag for Statens vegvesen og har en verdi på nesten 10 millioner kroner.

 

- Vi starter opp på prosjektet i dag, og det vil være om lag seks Mesta-ansatte involvert i prosjektet som skal ferdigstilles 15. november i år, sier anleggsleder i Mesta Drift Ivar Kvalen.
 
Tunnelen er smal og ligger i en kurve. Det skal nå utføres tiltak som bedrer trafikksikkerheten og fremkommeligheten på strekningen.
- Det er en del dårlig fjell i dette området så vi vil møte på enkelte utfordringer knyttet til strossingen. Men dette er ting vi er vant til å håndtere, sier Kvalen.

I tillegg til strossing og bolting skal det også utføres både vannsikring og brannsikring og det skal monteres helt nytt elektroanlegg i tunnelen.


STIF

Barnetrim 27.08.2009

 

 

  Vel møtt til barnetrim fredag 28.august kl.16.45.

 

 


STIF

Trening på rulleski og sirkeltrening 26.08.2009

Rulleskitrening torsdagar kl.18.00 på Myklebust. Første trening torsdag 27.august.

 

Sirkeltreninga startar opp onsdag 2.september kl.19.30.

 

Vel møtt!

 

Per Arne Sæterlid


Kveldsundervisning i Svelgen frå 16. september 26.08.2009

Tidlegare i år vart det lagt ut informasjon om studier som var planlagt i Bremanger. Responsen har vore god, og her kjem resultatet:
 
Folkeuniversitetet startar teoriundervisning til følgande fagbrev i Bremanger:
Barne- og ungdomsarbeidarfaget i Svelgen. Kveldsundervisning med oppstart 16. september.
Helsefagarbeidar i Hauge. Kveldsundervisning med oppstart 8. september.
Det er ikkje nokon inntakskrav til studiene.
 
.
.
Med vennleg helsing
Folkeuniversitetet Sunnfjord
Heidi Tornes Rimmen
---------------------------------------------------------
Tlf. 57 83 23 18 - mobil 912 45 736

Bakarhuset i drift igjen etter ferien 26.08.2009

Vi vil minne om at Bakerhuset er i full drift etter sommerferien.

Åpningstider er:

Tirsdag, onsdag og fredag frå kl. 10.30-13.30.

Mat som vil bli servert er blant anna pizza, pizza-pakkar, kringle, ulike kaker, kavring, rundstykker og brød.


Påminning temakveld på Samfunnshuset 26.08.2009

Vi minner om temakvelden på Samfunnshuset onsdag 26. klokka 18.00 Tema er "Helsestell i gamle dagar" og det blir vandring i sentrum, kåserier, allsang og kaffe og sveler. Alle er hjertelig velkomne, arrangementet er gratis.

Kulturkontoret

Vil ha meir støtte til Kystvegen 26.08.2009

Dei tre AP-lokallaga har sendt eit felles brev til Sogn og Fjordane Arbeidarparti si fylkestingsgruppe.

I brevet ber partilaga om støtte til Kystvegen og 45-minuttsregionen, og meir tydelegheit frå fylkestingsgruppa si si side.

- Flora, Bremanger og Vågsøy Arbeidarparti set pris på engasjementet Sogn og Fjordane Arbeidarparti har vist for Kystvegen. Men vi ber om endå meir konkretisering og tydelegheit frå fylkestingsgruppa til Sogn og Fjordane Arbeidarparti når det gjeld støtte til realisering av Kystvegen og 45-minuttsregionen.

Det skriv Flora Arbeidarparti ved leiar Jan Helge Dale, Bremanger Arbeidarparti ved leiar Aina A. Førde og Vågsøy Arbeidarparti ved leiar Kristin Maurstad.

Brevet vart forfatta under ei felle samling for dei tre laga i Kalvåg 21. - 22. august.

Partilaga har lagt ut brevet i sin heilskap på Kystpuls


LAGSMEISTERSKAP BANE OG FELT 26.08.2009



Ålfoten skyttarlag inviterer alle sine medlemmer til lagsmeisterskap i
bane alle klasser, samt det utsatte lagsmeisterskapet i felt for klasse
1-5 laurdag 29 august.

Vi starter dagen med felt for senior kl.10.30 med påmelding fra kl.10.00.
Ca. kl 12.00 startar vi med lagsmeisterskap bane alle klasser med
påmelding 11.30-12.00.

Vel møtt!

Kyrkjeval - førehandsrøysing 26.08.2009

I Frøya, Bremanger, Berle, Rugsund,
Davik, Ålfoten og Midtgulen sokn -
Førehandsrøysting, valkort, ettersyn av manntal

Ved Kyrkjevalet 2009 skal det veljast sokneråd og eit antal
leke medlemer til bispedømerådet.
Valet finn stad 13.-14. september 2009.

Førehandsrøysting: Det vil være mogleg å røyste på førehand
i tida 10. august 2009 - 11. september 2009.
Førehandsrøysting for sokna i Bremanger finn stad på
kyrkjekontora i Kalvåg, i Davik og i Svelgen.
Ring 91706595 for avtale.

Valkort: Alle som er ført opp i Den norske kyrkja sitt medlemsregister med røysterett fekk i veke 32 tilsendt valkort og nærare informasjon om valet.
Den som er medlem i Den norske kyrkja, og ikkje har fått valkortet, kan kontakte kyrkjekontoret, for å få retta opplysningane i Den norske kyrkja sitt medlemsregister. Medlemsregisteret er grunnlag for kyrkjeleg manntal.
Den som har fått valkort, men ikkje er medlem i Den norske kyrkja, kan gå fram slik valkortet føreskriv for å bli sletta av medlemsregisteret.

Ettersyn av manntal: Kyrkjeleg manntal for sokna er lagt ut til ettersyn på kyrkjekontora, i den vanlege opningstida til kontoret i perioden 10. august til 11. september. Det er berre høve til å kontrollere opplysningane som vedkjem ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå.
Den som meiner at ein sjølv eller nokon annan uriktig har vorte ført inn eller utelaten frå manntalet i soknet, kan krevja at valstyret rettar feilen. Kravet skal være skriftleg og grunngjeve.

Les meir om valet på www.kyrkjevalet.no 
Sokneråda i Bremanger

Svelgen oppvekst

Undervisning for vaksne framandspråklege 26.08.2009

Undervisninga startar opp att måndag 31.august kl.18.00.

 

Kåre Myklebust


Våre nye førsteklassingar 25.08.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er dei nye førsteklassingane i Svelgen. Sjå meir bilder frå skulestart på Svelgen Oppvekst.


Klausen seier opp alle i Askvoll 25.08.2009

Klausen i Askvoll seier opp alle sine tilsette. Dei har vore permitterte sidan 1. mai, men frå 30. september er dei oppsagde, skriv Firda.

– Vi har ikkje klart å få inn meir arbeid og ser inga anna råd enn å seie opp dei tilsette, seier direktør Arne Klausen.

Men det er tre tilsette att i administrasjonen. Dei reknar på jobbar, og Klausen har eit visst håp om å få oppdrag. Verksemda har eitt oppdrag som skal utførast i september. Då blir dei permitterte tekne innatt i arbeid, slik at dei får arbeide i oppseiingstida si. Klausen har også ei verksemd i Svelgen.

 


JAKTKONKURRANSE 25.08.2009



Ålfoten skyttarlag inviterer til jaktkonkurranse for 3 mannslag søndag 30
august på bana i Karlskaret.

Kvart jaktlag kan stille med fritt antall 3 mannslag.
Premiering for beste lag, samt individuellt for kikkert og rødpunktsikte.

Påmelding 10.30-11.00

VEL MØTT

Påminning! 24.08.2009

Husk seniordansen tirsdag og pensjonistmøtet torsdag!

Elkem Bremanger søker prosessingeniør 24.08.2009

Elkem Bremanger har ledig stilling som prosessingeniør. Sjå Stilling ledig til venstre. 


Ledige stillingar i Bremanger kommune: 24.08.2009

80 % FAST SJUKEPLEIARSTILLING

Vi har ledig ei fast 80 % sjukepleiarstilling frå 01.11.09. Kompetanse i lindrande behandling er ein fordel. Det er mogleg at stillingsprosenten kan bli utvida til 100 % stilling seinare.

 

100 % VIKARIAT FOR SJUKEPLEIAR

Vi har og ledig eit vikariat for sjukepleiar i 100 % stilling i perioden f.o.m. 15.11.09 t.o.m. 31.12.10.

Sjå heile utlysingsteksten under Stilling ledig til venstre.


Hæla i taket på Svelgen Hotell lørdag 24.08.2009

Laurdag 29. august spelar dansebandet "HÆLA I TAKET " opp til dans på Svelgen Hotell.

Bandet består av Helge Jan Aasen og Norvald Fossheim.

Bandet er kjent for å spele god og variert dansemusikk tilpassa publikum!

Av musikk kan nemnast: Ingemars, Johnny Cash, Smokie, Lasse Stefans og Vassendgutane.

 

Velkomne til Svelgen Hotell lørdag!


BESTstasjonen er i drift 23.08.2009

BESTstasjonen i Svelgen er i drift og folk får drivstoff igjen.
Her er ein del av arbeidslaget: Frå venstre rundt bordet Kenneth, Børge, Jon Ivar, Tor-Olav og Morten.
Fotograf: Arnar Kjelkenes.


Svelgen Kino får tilskot til digitalt utstyr 23.08.2009

Svelgen Kino og Bremanger Kino får kvar eit tilskot på ein kvart million for å investere i digitalt utstyr.

Pengane skal takast frå det kommunale næringsfondet.

Sidan den samla løyvinga er over 300 000 kroner, må den godkjennast av kommunestyret. Tysdag blir saka sett på dagsorden for tilråding i formannskapet, melder Firdaposten.


Ingrid Heggø (Ap):

- Statsgaranti for industrikraft på plass 21.08.2009

Staten garanterer no for at industrien skal få kjøpe billeg kraft.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø i Arbeidarpartiet er letta over å endeleg kunne oppfylle det gamle valløftet.

– Det har teke lang tid, men ingen klarar ta frå meg gleda av å ha fått det på plass. Eg er veldig lukkeleg for at vi klarte å få det på plass innan denne perioden.  Dette er garanti for kraftkjøp. Det er lettast å samanlikne med viss du kjøper eit hus, og du ikkje har ei garantiordning. Då må mor og far stille opp med kausjon. Slik blir det her også, berre at det er staten som stiller med garantien. Vi har møtt mange hindringar undervegs, som vi ikkje var klar over, som vi har måtte gå rundt. Vi har fått på plass ein og ein bit av gangen. Dette er siste delen i det, seier Ingrid Heggø til NRK Sogn og Fjordane

 

Ho trur dette vil gagne fleire industrisamfunn i fylket.

– For Høyanger og Svelgen, som treng meir kraft, kan dei no gå ut å kjøpe kraft med denne garantiordninga.

 

e24.no:

20 milliardar statlege kroner


10. klasse skal på tur og treng jobb 21.08.2009

Vi i 10 klasse ved Svelgen oppvekst skal på klassetur i vår til Polen med aktive fredsreiser. Vi ønsker derfor små, eller store jobbar for å få inn penger. Vi tar i mot jobber frå både bedrifter og privat personer.

Har du jobbar kan du kontakte

Oda Mulelid : 99324212

eller

Rikka Kjelkenes : 47918171

Bjørgulf konstituert som SNR-leiar 21.08.2009

Bjørgulf Myklebust er konstituert som leiar i SNR. På medlemsmøtet 3/9 skal ein diskutere leiarrolla i SNR. Dette medlemsmøtet er kl. 18 på Svelgen Hotell, melder næringsrådet på si heimeside..

Pensjonistmøte 18.08.2009

Svelgen Pensjonistlag held møte torsdag 27.august kl.1700

Stad: RUGSUND HANDELSTAD

Rutebuss frå Svelgen kl.15.35 - ekstrabuss frå Davik.

Program:

Vanlege lagssaker

Ord for dagen v/ Arnar Kjelkenes

Sang og musikk v/underhaldningsgruppa

Historia om handelstaden v/ Harald Skaar

Orientering om kyrkjevalet v/ Knut Arne Vadøy

Orientering om stortingsvalet v/ ordførar Kåre Olav Svarstad

Høyringsutkast til Eldreplan for Bremanger kommune

Servering av varm mat og kaffi og kaker

Utlodning

Avslutning


Snart klart for Best-stasjon i Svelgen 21.08.2009

Arnar Kjelkenes har laga ein fotografisk dokumentasjon over framgangen på Svelgen Motorsenter. På Svelgen Origo kan du sjå bildeserien fra overgangen frå Statoil til Best.

 

No er det like før vi igjen kan fylle bensin i Breivika!


Yr melder 27 grader i Svelgen i dag 20.08.2009

Det er ikkje ofte ein ser Meteorologisk Institutt varsler så høge temperaturar på våre kantar. Men på yr.no presenterte dei i dag dette heilt særskilte kartet!

Elkem Bremanger

Framleis utslepp over tak frå Omn 4 20.08.2009

 

 

 

 

 

I forbindelse med oppstart og oppkøyring av omn 4 vert det framleis utslepp over tak. Elkem Bremanger beklagar dei ulempene ein får med sikt og lukt. Målet er så raskt som mogeleg å få omnen i normal drift slik at røyken kan gå igjennom røykrensanlegget.

 

Informasjonen vert oppdatert.

 

 


Sterk vind skapar problem for legginga av kunstgraset på Svelgen Stadion 20.08.2009

Dei sterke vindane som rasa i Svelgen i går kveld har skapt store problemer for legginga av kunstgraset. Levarandøren av graset har måtte bruke all si tid for å sikre graset mot vinden.
Vinden skal vere det verst tenkelige som kunne skje, og har og vil medføre mykje ekstra arbeid i samband vidare legging av graset.
 
Vind er ikkje ønskelig utfra at grasmatta i seg sjølv er lett og kan bli løfta i vinden, og regn er uheldig utfra at ein benytter lim til skøytane.
 
Til informasjon skal det, etter graset er lagt ut, fyllast inn ei sand- og gummiblanding, tilsaman ca. 25 - 30 kg pr. m2. Total sand- og gummimasse som skal innfyllast i graset, er 180 tonn. Dette vil mellom anna sikre graset mot vind, opplyser leiaren i STIF, Svein Arne Sandvik.
Foto: Bj. Ripe

Svelgen Stadion, dag for dag.... 20.08.2009

  Sjå feire bilder på sida til Svelgen Origo

Resultat JuniorNM Bodø 2009 19.08.2009

 

 

  Les meir på STIF og sida til  Friidretten


Seniordansen startar opp att 19.08.2009

 

Seniordansen startar opp tirsdag 25.august.

Ta fram danseskoa og møt opp i Storsalen kl17.00 (inngang Keipenstova)

Gamle og nye dansarar er velkomne til  god trim for  kropp og sinn.


Flotte NM-prestasjonar av Kim Leirvik i sommar 19.08.2009

Kim Leirvik, opprineleg frå Leirvika og Svelgen TIF, som no representerer Florø TIF, har i sommar gjort svært gode prestasjonar i NM i friidrett. Under senior-NM vart han nr. 4 i stavsprang med 4,40. Les meir om dette i Firdaposten.

 

Under junior-NM forrige helg vart det sølv i stavsprang med 4,40 m, og i lengde vart det bronse med 6,60 m. I sistnemnde øving var han berre 5 cm frå sølvet.

 

Svelgen.no gratulerer Kim Leirvik med dei flotte prestasjonane!

 

Biletet under er frå senior-NM. Foto: Foto Rune Helle, Vestpress


Røyk over tak frå Ovn 4. 18.08.2009


 
Elkem Bremanger er no i oppstarten av Ovn 4 etter ein lengre marknadsbasert stans.

I oppkøyringa har røyken frå ovnen gått over tak i lengre tid enn vi hadde forventa. Vi køyrer no på lav last for å dampe ut restfukt i ovnen.

Utsleppet er innanfor gjeldande konsesjon frå SFT, men er sjølvsagt ikkje noko som er ynskjeleg. Slik status er no vil vi kunne starte reinseanlegget tidleg onsdag.


Lars Endre Myklebust
Produksjonssjef Elkem Bremanger Foundry

Straumstans i heile Svelgen tysdag 17.08.2009



Tirsdag 18. august vert det straumstans i heile Svelgen frå kl 18.30 til kl 20.30 grunna arbeider i høgspenningsnettet.

Strumnettet må i heile stansperioden reknast som spenningsførande!

Elkem Energi Bremanger AS

BREMANGERNYTT NR. 3/09

.

Neste BremangerNytt kjem ut til husstandane ca. 1. oktober - 09.

Informasjon/stoff/bilde må være oss i hende innan 10. september.

 

 

BREMANGERNYTT NR. 4/09

kjem ut til husstandane   ca. 1. desember – 09.

Informasjon/stoff/bilde må være oss i hende innan 10. november.

 

Hausten står for døra og mange aktivitetar skal arrangerast framover. Vi oppmodar innbyggjarane, lag, organisasjonar og andre til å sende informasjon om kva som skjer rundt omkring.

 

  • Informasjonen må være ferdig skrive/redigert slik de vil ha det på trykk
  • Det må sendast som eit vedlegg i ein e-post til:

mah@bremanger.kommune.no

  • Evt. bilde sendast på same måte.

 

Kontakt underteikna på tlf. 57796300 om de har problem med dette.

 

Vi minner om at Bremangernytt er gratis informasjon som rekk mange, både husstandane her i kommunen og andre abonnentar rundt om i landet.

Det ferdige bladet blir også lagt ut på kommunen sine heimesider:

             www.bremanger.kommune.no

 

Med venleg helsing

for Bremangernytt

 

Marianne Herje


Ferievèret gjekk i favør av 1. feriepulje i 2009! 17.08.2009

Det er vel få svelgarar som ikkje har registert at at det var dei som hadde ferie første halvdel av sommaren som hadde det finaste vèret.

 

Ei naturleg ferieinndeling for mange bedrifter var dette året første feriepulje veke 26-29 og andre feriepulje veke 30-33. Her følgjer nedbørstala for Svelgen i dei to feriepuljane: 1. Pulje: 18 døgn heilt utan nedbør og 29 mm nedbør. 2. pulje: 5 døgn heilt utan nedbør og 240 mm nedbør.

 

I juli fall det i Svelgen 107,4 mm nedbør, ein hadde 12 døgn utan nedbør, og 16,4 mm var høgste døgnverdi.


Vi er lei oss

Nordgulen Høgt og lågt 17.08.2009

Nordgulen Høgt og Lågt  er avlyst

Vi beklagar å måtte medele at Nordgulen Høgt og Lågt ikkje vert arrangert i år. Det er ingen dramatikk i avlysinga.   Arr. komiteen er liten og har i år ikkje kapasitet til å gjennomføre dette arrangementet.

Vi vonar å komme sterkt attende neste år.

 


Påmelding til spinning 17.08.2009

 

  Påmelding til spinning er open frå 16.00 - 21.00.

  Ein kan melde seg på dagen før eller same dag treninga er.

 

  Ring, ikkje skriv melding, på tlf 99 30 64 74.

 

  Vel møtt!


Nystartet fotografvirksomhet 17.08.2009

Nå kan du bestille fotograf i Svelgen og omegn. Anita M. Ingebrigtsen har startet fotografvirksomhet, og håper nå på at flere kunder vil ta kontakt, når noen trenger å få tatt et bilde eller to. Amifoto har ikke studio, og foretar bildene hjemme hos deg, eller på annet egnet sted, evt. utendørs.

 

Jeg fotograferer:
- bryllup
- konfirmasjon
- barn/ungdom
- andre familiebegivenheter
- næringsbygg/eiendom
- dyr, gjenstander
- landskap
- arrangement
- m.m.

For mer informasjon se hjemmesiden : http://www.amifoto.no


Butikken på Svelgen Motorsenter er åpen 14.08.2009

Vi minner om at butikken på "gamle Statoil" er åpen under ombygginga.

 

No er det berre vel ei veke igjen til Svelgen kan skilte med Best-stasjon - bokstavleg talt.

NRK Sogn og Fjordane skriv om saka:

"Oppgraderinga som vert gjort på bensinstasjonen kan vere med å sikre at bygda har bensinstasjon i åra som kjem. I Svelgen har Børge Teigene ved Svelgen Motorsenter sjølv valt å investere to millionar kroner for å utbetre anlegget.

 

– Vi driv og byggjer om stasjonen med full utskifting av tankar og røyr, vi har fått påvist tæring på tankane ved kontroll. I samband med dette arbeidet byter vi kjede frå Statoil til Best.

Og det Teigene gjer kan bli viktig for bygda. For Statoil gjekk tidlegare i sommar ut og varsla at det vil bli stadig færre bensinstasjonar i distrikta.

 

Teigene kan ikkje seie noko om Statoil har varsla at stasjonen i Svelgen vert kutta, men når han sjølv tek over drifta og driv gjennom Best er bygda sikra bensinstasjon framover.

– Når vi tek investeringa no må vi berre drive vidare.

 

Karin Halle i NHO Sogn og Fjordane trur ikkje folk i bygdene treng å bekymre seg for at nedlegging av bensinstasjonar vil bli ein trend.

– Eg trur det vil skje fleire plassar, men ikkje noko storstilt nedlegging av stasjonar".

Også Firdaposten har oppsøkt Svelgen for å høyre sjå på nyvinninga og finne ut om nokon klagar under utbygginga, men det kunne dei ikkje finne. Verken drosjesjåførar eller privatpersonar har problem med stenginga, fortel avisa i si papirutgåve torsdag.


Vanndamp fra Kupa 14.08.2009



Som mange sikkert har observert er det for tiden mye damp som stiger opp bak bygningene i Kupa.
Dette er vanndamp som produseres i røykgasskjelen som omdanner varme fra Ovn 5 til vanndamp som igjen brukes til oppvarming i mange enheter i Silgrain anlegget. Noe av energien som gjenvinnes brukes også til oppvarming av flere bygninger i Svelgen.

Årsaken til at det nå stiger opp mer vanndamp enn vanlig er at det for tiden er produksjonsstans ved Silgrain anlegget for å installere det nye utstyret som skal øke Sigrain produksjonen ved verket.
Lavt forbruk av damp ved Silgrain anlegget medfører derfor at mer vanndamp en vanlig slippes ut til friluft i Kupa.

Produksjonen ved Silgrain anlegget startes opp igjen i veke 37 så den synlige vanndampen fra Kupa vil avta utover i denne veka.


Vidar Haugland
Produksjonssjef Silgrain

REALEN INFO.

 

Ungdomsklubben Realen   åpenr fredag 21 august kl: 19.30.

 

Ønsker dere alle hjertelig velkommen.

 

HUSK!!! 100,- i medlemsavgift, eller du kan velge å betale kr: 10,- pr kveld.

 

MH Anita   NB! Nytt mob.nr: 95985267

 

Ungdom & Fritid arrangerer kunstkonkurranse for alle i fritidsklubb!

 

Ungdom & Fritid utlyser kunstkonkurranse! Vi ønsker bidrag fra klubben deres, hiv dere rundt! Klubben har sjansen til å vinne 5 000,- kroner til klubbkassa, og vi offentliggjør vinneren på Ungdom & Fritids store Landskonferanse i oktober. De 15 beste bidragene blir stilt ut på konferansen, og vil bli plukket ut av en profesjonell jury bestående av kunstnere.

 

For å kunne delta kreves det følgende:

  • Bidraget må være to – dimensjonalt, det vil si, foto, maleri, trykk eller lignende.
  • Klubben kan sende inn maks 10 bidrag

 

Bidragene må sendes digitalt til info@ungogfri.no innen 30. august 2009
Adr: Grønland 10, 0188 Oslo
Tlf: +47 22 05 77 02
Fax: +47 22 05 77 01
E-post: marit
@ungogfri.no
Web: www.ungogfri.no


STIF

Spinning 13.08.2009

 

  Neste veke startar spinninga opp for fult!

  For å melde deg på kan du ringe 99 30 64 74  frå kl.16.00 dagen før.

 

 

 

Måndag

Tysdag

Torsdag

Søndag

Kl. 18.00

Hilde

45 min. + styrke

Kl. 19.00

Hege Iren

35 min.

Kl.19.00

Vibeke

35 min.

Kl.20.00

Asbjørn

45 min.

Kl.20.00

Vibeke

45 min.

Kl.20.00

Hilde

60 min.

Kl.20.00

Carina

45 min.

 

Vi oppfordrar både kvinner og menn til å prøve ein time!


Svelgen oppvekst

Sykkeltur for 8., 9. og 10. klasse 13.08.2009

 

 

Elevane på ungdomstrinnet skal på sykkeltur til Myklebustsetra frå tysdag 18. - torsdag 20.august. Vi oppmodar elevar og føresette om å kontrollere at syklar og hjelmar er i god stand.

 

Helsing

Lærarane på ungdomstrinnet


Oppstart ovn 4 førstkommande laurdag 11.08.2009

Elkem Bremanger starter opp ovn 4 denne veka.

- Vi starter opp ovn 4 igjen på lørdag 15 august. Ovn 4 blei stansa 3. april
på grunn av en svært vanskelig markedssituasjon. I dag er situasjonen den at
både våre egne lagre og lagrene hos våre kunder er i ferd med å gå tomme
for våre inokulantprodukter. Det vil fortsatt ta litt tid før markedet
kommer seg på et normalt nivå, så vi kan dessverre ikkje starte opp på ovn 2
riktig ennå. Vi får heller glede oss over at ovn 4 kommer i gang og at
flere kommer seg i arbeid, seier verksdirektøren for støperi ved Elkem Bremanger, Robin Ephithite.


Ledig stilling som taxisjåfør 11.08.2009

Elsa Johannes taxi søker etter sjåfør/sjåfører i heil eller halv stilling. Søker må vere fylt 25 år. Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.

DANSEGALLA. 10.08.2009

DANSEGALLA I SVELGEN!

Pensjonistlaget og Seniordanselaget arrangerer dansegalla for vaksne - 50+ - frå heile kommunen.

Stad: Samfunnshuset og Keipenstova. Dato er ikkje heilt fastsett enno, men det blir i oktober

Hovedkomite: Olga Aarsnes, Anne Lise Gilleshammer, Per Ytrehus, Oddvar Førde, Gunvor Hansen og Åse Eikeseth.


10.08.09.Kunstgraset til Svelgen Stadion forsinka.. 10.08.2009

 

 

Kunstgraset som skal leggast på Svelgen stadion er ei veke forsinka.....

Les meir på sida til Svelgen Stadion

 

 


Anleggsdrift på Silgrainanlegget

Det vil i ein periode føregå anleggdrift på Silgrain-anlegget i forbindelse med kapasitetsutviding og vedlikehaldsarbeid.

Nærmiljøet vil i hovedsak merke meir støy enn normalt frå rehabiliteringsarbeid på Hovedreaktor 3.

Ein held på med arbeid frå og med 06.08.09 med meisling av den gamle steinforinga i reaktoren. Dette blir gjort med trykkluftdreven meisel, og på grunn av at reaktoren har stålmantel og står forholdsvis høgt i anlegget vert det ein del støy ut i nærområdet.

Utmeislinga vil foregå kvar dag fram til og med 11.08.09. frå kl. 0700 til 2300.

Arbeidet med kapasitetutviding og vedlikehald vil føregå fram til 07.09.09 og det vil i heile perioden kunne verte arbeid som vil støye meir enn ved normal   drift.

Evt spørsmål kan rettast til HMS-sjef, Leo Husabø Holm Cirotzki

e-post: leo.cirotzki@elkem.no

Mobiltlf. 950 30 381


Tur til Sætredalen/Klagegga 06.08.2009

Tur til Sætredalen/Klagegga 9. august. Start fra Myklebustsætra klokka 10.00. For meir informasjon ring 57793339.

.

.

Keipen turlag


Program for Kystfestival på Kalvåg i helga 06.08.2009

Fredag 7. august

Kl 12.00          Galleri Frøya/teiknekrok for borna

Kl 16.00          Paintball i parken

Kl 19.00          Fisk og skalldyraften  på Knutholmen.

I teltet på Knutholmen

Kl. 22.00         The Pink Robots

Kl. 23.30         Love Boys

CC. 100,-

Lørdag 8. August

        
Kl 10.00 Kunstutstilling og aktivitetar forborn hos Galleri Frøya. Lett servering på takkaféen.

Kl 10.00 Segling med Nigarden ved kystlaget
Kl 10.00 Helikopterturar rundt Kalvåg
Kl 10.00 Eliasbåten frå Redningsselskapet
Kl 11.00 Fiskekonkurranse

Kl 11.00 Paintball i parken
Kl 11.00 Havrafting fra Knutholmen
Kl 11.00 Motorcross for borna på Lisetbana
Kl 14.00 Palleløp

         Kl 15.00 Danseoppvisning v/Seniordanarane på Knutholmen

         Kl 18.00 Songkafe i Vossabua
         Kl 18.00 Cabaret i teltet på Knutholmen

 

 

Søndag 9. august

Kl 11.00          Havrafting       
Kl 11.00          Motorcrosspå lisethbana
Kl 14.00          Gudstjeneste i parken

Varmbuffet på Knutholmen fra Kl. 13


04.08.09. Ny stavmadrass på plass på nye Svelgen Stadion 06.08.2009

 

Bilde serie fra Svelgen si Origo side, fra dag 1.....  her    

STIF si  Friidrett  side.  Heimesida til STIF  eller direkte til sida til Svelgen Stadion


Frå Statoil til BEST:

Statoil stenger to veker frå 10. august 05.08.2009

Svelgen Motorsenter/Statoil melder at dei stenger drivstoffsalg i løpet av neste helg. Dei reknar med å gå tom for drivstoff i løpet av neste helg, og vil bruke ca. 2 veker på montering av nytt anlegg. 
Butikken blir stengt mandags ettermiddag 10. august, og det vert anbefalt å tanke opp før neste helg.
Statoil blir etter dette ein bensinstasjon i BEST-kjeden. 

PENSJONISTMØTE 03.08.2009

Svelgen Pensjonistlag held møte på Rugsund Handelstad torsdag 27.august.


Har gjort ein svært god jobb for å få i stand nye Svelgen stadion

Ytrehus skryt av Svein Arne Sandvik 02.08.2009

I Firdaposten si papirutgåve laurdag 1/8 kjem  Ingvald Ytrehus med skryt til leiaren i Svelgen Turn- og Idrettsforening, Svein Arne Sandvik (biletet). Ytrehus, som i lang tid har sakna betre treningsforhold i Svelgen, uttala mellom anna følgjande til avisa: "Det hadde ikkje blitt noko av nye Svelgen stadion om ikkje formann i STIF, Svein Arne Sandvik, hadde gripe fatt i dette. Han, og sjølvsagt dei som har jobba dugnad, har gjort ein flott jobb".

 

Svein Arne Sandvik, som også gjorde ein svært god jobb med å få på plass ballbingen ved skulen, har vore leiar i STIF sidan desember 2003. Med det er han i 2009 leiar i Svelgen TIF for sjette år på rad. Om han tek attval på årsmøtet i 2009, tangerer han Arne Loftheim, som er den som har vore formann/leiar i flest år i STIF, med sine 7 år. Loftheim var formann i STIF i tre periodar frå 1977-1996.

 

Du kan lese meir og sjå bilder vedr STIF-leiarane, spesielle hendingar i STIF mm ved å klikke her. Om du vil ha info om idrettsanleggsutbygginga i Svelgen klikkar du her, og om du sjå bilder frå aktiviteten i dei 16 (!) særgruppene STIF har hatt, klikkar du her.

 

Meir STIF-historie finn du i historieboka "Heia STIF!", som du kan kjøpe for kr. 100 på "Bakarhuset" i Svelgen. Dei har ope tysdag, onsdag og fredag.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept