Arkiv Mars 2014

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Hans Olav Lahlum til Svelgen 3. april 25.03.2014

  Torsdag 3. april kjem Hans Olav Lahlum til Svelgen i samband med Grunnlovsjubilèet. Det er Bremanger folkebibliotek som er arrangør og dei inviterer alle til åpe hus i storsalen på Samfunnshuset denne dagen klokka 1800.

- Det blir gratis inngang, kaffi og kaker på Svelgen samfunnshus, fortel biblioteksjef Randi Tveit Solheim i Svelgen.

OM LAHLUM:

Hans Olav Lahlum  (født   12. september   1973 ) er en   norsk   historiker , biograf, kriminalforfatter, sjakkspiller/-dommer/-kommentator og SV-politiker. Han har særlig forsket på ledelsen i arbeiderbevegelsen på 1900-tallet, og har utgitt biografier om   Oscar Torp  og   Haakon Lie . Han har også utgitt fire kriminalromaner.




Bankan åpnar att torsdag 31.03.2014

Sparebanken Sogn og Fjordane opplyser at banken vil være stengt til og med onsdag på grunn av brannen.

Minibanken er oppe og kan brukast.


Eigarar av Granden takkar for innsats etter brann 31.03.2014

Dyrstad & Bjerke Eiendom AS ønsker å rette ei stor takk til naudetatane i samband med brannen som oppstod i Granden 3 mandag.
Brannvesenet med Stig Holm i spissen gjorde ei framifrå innsats som førte til at det vart begrensa skader og at dei aller fleste leigetakarane no kan starte opp normal verksemd fortløpande.
 
Alle involverte har stillt opp med rask og proffesjonell hjelp, og vi er glade for at vi har ei bedrift som Serfix/Polygon her i Svelgen. Dei fekk pumpa ut vatn og starta anna skadebegrensing umiddelbart.
 
Allan R. Dyrstad


Spinning søndag 29.03.2014

Sidan det er så fint ver, vert spinninga på søndag kl.20.00.

 

Vibeke :)


Svelgen kino 28.03.2014

Captain America: The Winter Soldier

            Søndag 30.mars. Kl.20:00

             0  


Ossenkamp sluttar som verksdirektør 28.03.2014

Gabriel Ossenkamp sluttar som verksdirektør ved Elkem Bremanger i Svelgen. "Samarbeidet med mange eksterne har vore ein viktig del av rolla mi, og eg meiner at vi til saman har fått til mange gode ting, både for Svelgen og for Elkem, og eg vil med dette takke for gode minne og erfaringer", skriv Ossenkamp i ei pressemelding.

Dei nominerte er... 27.03.2014

Laurdag 29.   mars kl. 14.00, arrangerast «Dei nominerte er»

i Operahuset på Nordfjordeid.

Sogn og Fjordane kulturskuleråd presenterer alle frå Sogn og Fjordane som er nominerte til drømmestipendet 2014 på arrangementet «Dei nominerte er…»

I år er det 18 nominerte ungdomar frå 12 kommunar i Sogn og Fjordane. Frå vår kommune Benjamin Synnevåg Sagebø (bildet).

I tillegg til dei nominerte får vi høyre elevar frå Laurdagsskulen i Sogn og Fjordane samt Barrat Due unge talent.

Det blir både musikk, kunst, dans og teater.

Gå inn på drommestipendet.no og les meir om dei nominerte.

Arr: Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane og Norsk Tipping.

Kulturskulerådet Sogn og Fjordane

v/Grete Berntzen

tlf. 95982977

kulturgrete@gmail.com

 

 



Påminning! 26.03.2014

Pensjonistmøte i dag på Keipenstova kl. 1700.

Kommunen sel kraftanlegga Svelgen I og II for 170 millionar 25.03.2014

Svelgen, 25. mars 2014; Kommunestyret i Bremanger har no godkjend avtale med Statkraft Energi AS om økonomisk oppgjer i samband med sal av kraftverka Svelgen I og II.

 

Kommunen si inntekt i samband med salet er berekna til vel 170 millionar kroner. Før gjennomføring, skal salet godkjennast av Olje- og energidepartementet.

Bakgrunnen for saka er at Statkraft Energi og Sogn og Fjordane Energi/Svelgen Kraft er blitt samde om å byte kraftverk. Selskapa ønskjer å rydde i krysseigarskap for å skape enklare og meir effektiv drift. Dette omfattar m.a. eit sal av kraftanlegga Svelgen I og II som Bremanger kommune har heimfallsrett til. Denne retten fell bort i samband med salet.

Den lovbestemte heimfallsretten har sikra Bremanger kommune 1/3 av Statkraft Energi sine netto inntekter frå kraftverka. Dette har i gjennomsnitt vore 3,7 millionar kroner dei siste 12 åra. Utbetalinga på vel 170 millionar kroner skal såleis erstatte dei framtidige heimfallsinntektene som fell bort i samband med salet.

Gjennomføring av avtalen vil bidra til å dekke kommunen sitt akkumulerte underskot og gje Bremanger kommune større økonomisk handlingsrom i åra som kjem. Rådmann, Tom Joensen, presiserer likevel at ein ikkje er ferdige med «Terra-saka». Framleis er det uavklarte forhold som kommunen må ta høgde for. Inntekta i samband med salet av kraftanlegga legg likevel forholda til rette for at ein no kan leggje ein strategi for å sikre ein sunn kommuneøkonomi i framtida. Rådmannen har fått i oppdrag å leggje fram revidert budsjett og handlingsprogram 2014-2017 i løpet av våren.


Røykutvikling på Granden i sentrum 25.03.2014

Det er full utrykking av brannmannskap etter at det vart oppdaga sterk røykutvikling i 2. etasje på Granden i Svelgen sentrum. I følge kjelder skal det ha starta å brenne i kjøkkenet. Både frisør, politi, bank og andre har lokaler i bygget. Alle er evakuert. Etter det svelgen.no kjenner til skal ingen ha blitt skada. Kl. 10.00 held brannmannskap framleis på med sløkking.

 


Alice Beate Holm leiar Ungdomspolitisk utval 25.03.2014

Eit samrøystes fylkesting for ungdom stilte seg denne helga bak valet av Alice Beate Holm frå Svelgen (i midten) som ny leiar for ungdomspolitisk utval. Dag Henrik Nygård frå Florø vart vald til nestleiar.

Dei tre siste medlemmane i utvalet er Ingrid Årdal frå Jølster, Sofie Sundberg frå Sogndal og Oline Birgitte Nave frå Bryggja.

– Eg er svært takksam for den tilliten eg har blitt vist, og eg er no klar til å vise meg den tilliten verdig. Eg har trua på at dette blir eit kjekt og lærerikt år med god politikk, godt samarbeid og gode prosjekt, seier den nyvalde leiaren Alice Beate Holm.

Fylkestinget for ungdom vart arrangert på Skei Hotel 21.–23. mars 2014.




Bremanger kommune

 

Ledig stilling brannkonstabel

Stilling med saksnr. 14/652

 

 

 


Vi har ledige stillingar som brannkonstabel ved Bremanger og Kalvåg brannvesen.

Sjå full utlysing her eller under stilling ledig i menyen til venstre.


Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:
http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

 

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.


Søknadsfrist 18.04.2014


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Svelgen kino 21.03.2014

  Kule kidz gråter ikke

     Søndag 23.mars kl.17:00

        0


Svelgen kino 21.03.2014

   300: Rise of an Empire

    Søndag 23.mars kl.20:00

          0



KONSERT MED FURUTRE PÅ KROA LØRDAG 22.MARS

KONSERT FOR DEI OVER 18. ÅR FRA KL. 22:00 inngang 100,- 18.03.2014


KONSERT MED FURUTRE PÅ KROA LØRDAG 22. MARS.

FAMILIEKONSERT FRA KL.19.00 inngang kr 50,- 18.03.2014


Serfix søkjer ny medarbeidar innan administrasjon 18.03.2014

Serfix AS søkjer etter administrativ medarbeidar for snarleg tilsetjing. Sjå Stilling ledig til venstre.

ELKEMKOPP TIL STIG, HÅKON OG SANDER 18.03.2014

Desse har vunne Elkem-koppar etter trekking i februar: Stig Gjerde (nr. 860 Risevatnet 3,5 km), Håkon Dahle Rebni (nr. 121 på Ivervatn) og Sander Rogne (nr. 372 på Sandsegga)
GRATULERER!
No i mars kan du vinne kopp på Gulebrystet, på Knekkevatn og Risevatnet 3,5 km. I april skal vi trekke på Moldahytta, Risevatnet 3,5 og på Sandsegga.
Keipen turlag
FJELLTRIMMEN



Fotbalkamp på Svelgen stadion 15.03.2014

I dag kl.16.00 skal STIF sitt 6.divisjonslag spele treningskamp mot Bremanger.

  

Vel møtt!



FURUTRE PÅ KROA LØRDAG LØRD. 22.MARS 12.03.2014


Svelgen kino 12.03.2014

 

Doktor Proktors prompepulver

         Søndag 16.mars kl.17:00

 

                        0


Svelgen kino 12.03.2014

           Need for Speed

               Søndag 16.mars kl.20:00

                    0


Attgløymde klede på Samfunnshuset 12.03.2014

Attgløymt på Svelgen Samfunnshus. Blir kasta 20.mars 2014.

 



BREMANGER KOMMUNE

 

Ledige stillingar for lærarar og barnehagelærarar

 

Stilling med saksnr. 14/536

 

 

Vi har ledig fleire faste stillingar og vikariat for lærarar og for barnehagelærar frå kommande skuleår ved Kalvåg, Hauge, Kolset, Davik og Svelgen oppvekst.

 

Sjå fullstendig utlysing på heimesida til Bremanger kommune

eller under "stilling ledig" i menyen til venstre.

 

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

 

 

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

 

 

Søknadsfrist 1. april 2014







SENIORDANSEN. 07.03.2014

SVELGEN SENIORDANS -  TIRSDAG 11.MARS!

Seniordansarane frå Florø og Naustdal kjem til Svelgen for fellesdans.

Oppmøte kl. 15.30 OBS OBS!

Husk danseskjorta og bandet!


Basketballkampar i Svelgen laurdag og søndag 06.03.2014

Eikefjord/Svelgen har to basketballkampar i helga.

Laurdag kl 13.30 mot Askøy og søndag kl 13.30 Gimle.

Laget har god flyt for tida og har ikkje tapt ein seriekamp på over eit år.

Kom å sjå, gratis inngang.



FURUTRE på kroa lørdag 22.mars 04.03.2014

Ikkje gløym å sett av datoen 22. mars. Då kjem nemleg gjengen "FURUTRE" på kroa og lagar mykje god og variert underholdning. Dette er ein kveld ein ikkje bør gå glipp av. Følg med, meir info kjem snart:)

PUBQUIZ 04.03.2014

PUBQUIZ PÅ LASSE`S KRO FREDAG 7.MARS KL: 21:00.

Ivar Medaas "Dar kjem dampen"

 

I Bremangerhallen 21. Mars 2014 kl. 19.00

I denne kabareten følgjer ein den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene!

Sjå omtale i linken til teateret:

https://sognogfjordane-teater.squarespace.com/ivarmedaas/

 

Billettar kan kjøpast på førehand på

billettservice.no eller ved inngangen.

 

Ynskje alle velkommen til ei «gamal og god skodespel-framsyning»!



Svelgen kino 03.03.2014

  Peabody & Sherman

      Søndag 9.mars kl.17:00

         0


Svelgen kino 03.03.2014

       Kraftidioten

  Søndag 9.mars kl.20:00

          0



FERIEVIKARER 2014

Elektrikere / Mekanikere

Bilfinger IS Svelgen treng ferievikarer for sommeren 2014.

Perioden 23.juni til 16. august

Vi er stasjonert på Elkem sitt anlegg, og arbeidsområdet blir innen ulike avdelinger / verksted.

Sjå annonse under Stilling ledig til venstre.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept