Arkiv Des 2013

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Svelgen kino 25.12.2013

 

            Frost

     Søndag 5.januar kl.17:00

 

                      0


STIF

Volleyballtrening 30.12.2013

Volleyballtrening for senior startar oppatt torsdag 2. Januar kl.20.30.
Volleyballtrening for 8.-10.klasse + 1.kl. VGS startar oppatt fredag 3.januar kl.18.00.
   

Volleyballgruppa


Spinning og pilates 29.12.2013

Neste spinningtrening vert med Hege Iren, torsdag 2.januar kl.19.00.

    

Pilates startar oppatt tysdag 7. januar kl.20.00.

    

Vi ynskjer alle eit Godt Nyttår.


Intervalltrening Nyttårsaftan 25.12.2013

  

Intervalltrening på Svelgen Stadion tysdag 31.desember kl.13.30.

    

Vel møtt!

Per Arne


Til info: Svelgen Hotell er stengt t.o.m. 05.01.2014.

Vi åpner dører til nyåret på 06.01.2014.

 

Godt nyttår!

 

 


Romjulsdans i Svelgen Samfunnshus i dag (30/12) 28.12.2013


Svelgen kino 25.12.2013

          Kill Buljo 2

    Søndag 29.desember kl.20:00

                         0



I dag kl. 17 og utover

Molleyturneringa tradisjonen tru på 3. juledag 20.12.2013

Molleyturneringa vert i romjula arrangert for 28. år på rad, og også i år er datoen 27. desember (3. juledag).

 

Ta initiativ, få med slekt, vener, kjende og meld på volleyballag.

 

 

Påmelding til Frank Midtbø tlf 94791992, Herborg Eikeland tlf 95242254, eller Sylvi Mari Fløtre tlf 95073540.

 

Turneringa tek til kl. 17.00 i Svelgen Idrettshus.

Påmeldingsfrist 27/12 Kl 1000.

200 kr pr lag.

NB: Hugs 2 damer på kvart lag.

 

Klikk her og les kva som står i "STIF-boka" om den aller første Molleyturneringa i 1986


Naudtelefoni 26.12.2013

På grunn av transmisjonsfeil er mobildekninga i delar av Svelgen framleis redusert, truleg til kl. 08.00 den 27.12.

Fast telefoni virkar. For personar som ikkje har fasttelefon - ta kontakt med eigar av næraste fasttelefon, eller de kan møte opp på Svelgen bu- og servicesenter 2 etg.

Henvendingar til legevakt 57 79 33 13 ( til klokka 21.00). Etter dette henvending til Dr.Shanker i Krokvegen 28.

Akutte hendingar til alarmsentraler:

110 - Brann

112 - Politi

113 - Helse

Krisestaben er demobilisert.

Bremanger kommune


Bremanger Kommune

Legevakt og ambulanse 26.12.2013

NB!

På grunn av brot på telelinjer i Svelgen og Midtgulen-området kan det vere vanskeleg å få meldt frå til brann, lege, ambulanse og politi.

 

Krisestaben til kommunen etablert i Røde Kors-huset i Elvavegen, og vert bemanna fram til telenettet er i orden.

 

Alle henvendingar som brann, akutt legehjelp og politi kan rettast til Røde Kors-huset ved oppmøte.

 

Krisestaben,

Bremanger kommune


Retting: Intervalltrening 1.juledag 20.12.2013

      

Det vert intervalltrening på Svelgen Stadion1.juledag kl.18.00.

 

         

Vel møtt! 

     

Per Arne


Nissane i Hennøystranda sit verfaste 21.12.2013

  

Nissane melder at dei kjem seg desverre ikkje over fjellet i dette dårlege nisseveret.

Dei lovar å komme sterkt tilbake neste år, om veret tillet det.

    

God Jul frå Nissane i Hennøystranda.

 



Spinning i jula 21.12.2013

     

Søndag 22.12 kl.20.00  - Vibeke

Søndag 29.12 kl.20.00

Torsdag 02.01 kl.19.00 - Hege Iren

     

Dersom det vert fleire treningar, kjem det informasjon her og på facebook dagen før.

  

Vi ynskjer alle ei God Jul og eit Godt nytt år.




Svelgen kino 20.12.2013

 

           Gravity

    Søndag 22.desember kl.20:00

 

                  0





Ferske kjempegode smultringer 20.12.2013

Lørdag, søndag og mandag (21. - 23. desember)

kjem Malvin til Florø med smultring bilen.

Der blir han å finne utanfor Amfi senteret.

 

Smultringane egnar seg og godt til frysing

 

Ønsker gamle og nye kunder velkommen til en trivelig julehandel.

 

   

 

 

 


Seniortrening i volleyball 20.12.2013

Seniortreninga startar opp att i Svelgen Idrettshus torsdag 2/1-14 kl. 20.30


Nissemarsjen i morgon er avlyst 17.12.2013

Må beklaglegvis melde om at nissemarsjen i morgon er avlyst, på grunn av dårlege vermeldingar med mykje vind.

  

Vi kjem sterkt tilbake til nesteår.


Jule- og nyttårshelga - SVELGEN TAXI 17.12.2013

SVELGEN TAXI ber om å få julefred frå julafta kl. 12.00 til 1.juledag kl. 22.00
og på nyttårsafta frå kl. 12.00 til kl. 19.00.
I desse tidsromma vert det berre køyrt sjuketransportar og førehandstinga turar.
Vi ønskjer alle kundane våre ei riktig god jul og godt nytt år.
Helsing Lisbeth, Stian, Laila, Nancy og Oddbjørg
ved Svelgen taxi



Utslepp over tak

Informasjon om utslepp 16.12.2013

 

I forbindelse med ein planlagt vedlikeholdsstans på hovedvifte for ovn 4, vil vi få noko røyk over tak 16. eller 17. desember. Vedlikeholdet er nødvendig for å sikre god og sikker drift i renseanlegget vårt, og stansen vil ta ca 10-12 timer.

Vedlikehaldsstansen er planlagt slik at stansen blir kortast mogleg og gir minst mogleg belastning på miljøet.


Bli med på Nissemarsjen

Onsdag 18.desember kl.17.00 skal vi ut og gå NISSEMARSJ.

Vi startar ved Idrettshallen, går inn til sentrum og endar på Svelgen stadion. 

        

Ta på Nisselue, Refleks og bli med. Startkontigent kr 30.

        

Dei som ynskjer kan ta med fakkel eller kjøpe ved Idrettshallen.

Vi oppmodar om at borna brukar Lucialys eller lykt og at dei vaksne har faklane.

Premie til alle (gløgg og pepperkake, nissemedalje til ungane).

   

Vi har høyrt at NISSEN vil være med, så vi håper at du og vil....

Sportsleg helsing

Svelgen TIF


Open hall for 1.- 4.klasse 13.12.2013

Tysdag 17.desember kl.17 - 18 vert det open hall for 1.- 4.klasse.
Dei som vil kan kome og ha ein time med frileik.
 
Vel møtt!
 
Vibeke Kjerpeseth.

Svelgen kino 09.12.2013

   Hobbiten: Smaugs ødemark

   Søndag 15.desember kl.20:00   Kinopremiere 11.desember

 Billettsalg og kiosk åpner 30 minutter før forestilling.

 

Det blir mulighet til å bestille pizza før første forestilling (samarbeid med Lasses Kro). 

    Pizzaen blir levert til pausen mellom filmene.

 

 

   Hobbiten: En uventet reise

         Søndag 15.desember kl.16:30

 

            0            0

 

 



Spinning søndag 13.12.2013

Det vert ikkje spinning søndag 15.desember.

  

 

Vibeke Kjerpeseth.


Pilates 13.12.2013

Pilates har tatt juleferie.

 

 

Bjørg Nesbø.



DAB digitalradio i Svelgen 13.12.2013

DAB digitalradio er no ferdig utbygd i Svelgen. Trykk på bildet for å lese meir.


NAV Bremanger held stengt 14.01.14

Tirsdag 14.01.14 held NAV Bremanger stengt heile dagen grunna internopplæring.






Forstyrringar på vassnettet

 

 

12.12.13 kan delar av Spettebakken, Erlevegen og Strandvegen i periodar på inntil 15 min oppleve forstyrringar på vassnettet


Nytt og spennande Svelgen band på kroa i romjula! 11.12.2013

Bandet heiter PowerHouse. Eit instrumentalt jazz-fusion band frå Svelgen. Dei starta bandet som eit jam band, men etterkvart bestemte dei seg for å prøve å få vist det fram til folk. Det dokke får høyre på konsert er litt forskjellig, Herbie hancock, Tommy Bolin, Larry Carlton, Billy Cobham og i tillegg til deira eiget materiale. Alt dette i romjula,Lørdag 28.Desember på Lasses kro. Meir info når det nærmar seg:)

Open hall for 1.- 4.klasse i dag 07.12.2013

Tysdag 10.desember kl.17 - 18 vert det open hall for 1.- 4.klasse.
Dei som vil kan kome og ha ein time med frileik.
 
Vel møtt!
 
Vibeke Kjerpeseth.




ELKEM KOPP TIL STEINAR, LIV OG MARTIN 09.12.2013

Så er Elkem-koppane for november trekte og det vart kopp til Steinar Isene (nr. 38 på Knekkevatn), til Liv Sigdestad Brekke (nr. 19 på Gulebrystet) og til Martin Nybø (nr. 314 Risevatnet 3,5 km).
GRATULERER!
 I desember skal vi trekke Elkem-koppar på Moldahytta, Jakthytta og Martinbu (Sandsegga). I januar vert det Risevatnet 3,5, Risevatnet Vasskaret og Gulebrystet.
Keipen Turlag
FJELLTRIMMEN

Svelgen Stadion vinterklar 09.12.2013

Svelgen Turn og Idrettsforening har denne helga kjørt i gang undervarmeanlegget ved Svelgen Stadion.

Vedlagt bilde er tatt i dag 9.12.13 etter anlegget ble kjørt i gang fredag 06.12.13

 

Som bildet viser er «Svelgen Stadion vinterklar»





Svelgen sentrum 1968 06.12.2013


Svelgen nesten isolert i morgontimane fredag 06.12.2013

 

FØLG MED PÅ TRAFIKKMELDINGANE TIL STATENS VEGVESEN

 

 



17. mai 1967 i Svelgen 04.12.2013

 

Sjå alle bildene på FACEBOOK

 


Tenning av julegran og adventsfest i Svelgen 04.12.2013

 


SISTE ÅPNE DAG FØR JUL 04.12.2013

Lørdag 7.12 kl 11.00-15.00 er siste dag vi holder åpen Husflid før jul

Salg av lefse og handarbeid

Fersk natronkake,gløgg og pepperkaker!

                       Velkommen

Resultat Turorinteringa 2013 04.12.2013

-Baron Tiko                               5-års   plankett   Bronse

-Brekke Liv S

-Bueie Per Åge                          5-års plankett   Bronse

-Damstuen Guro Elde

-Elde Siri

-Frimannslund Jahn Vegard   15-års plankett Gull

-Frimannslund John Roald

-Førde Asbjørg og Alf

-Haugland Kristoffer

-Håøy Bjørg R

-Igland Sissel Sandvik

-Isene Rita Svarstad

-Isene Steinar

-Kjerpeset Svenn petter

-Myren Grethe

-Nesbø Bjørg

-Nilsen Linda

-Solheim Anne Mathilde Myren

-Sortevik Aud Marit

-Sortevik Espen

-Steinset Kjærulv

-Steinset Lene

-Styve Jorunn

-Svarstad Ane S

-Svarstad Anders S

-Svarstad Egil

-Vistnes Audhild

Det vart trekt ut 3 premier av alle innleverte klippekort.Premiene var sponsa av Elkem

1.        Rita Svarstad   Isene           Tursett bestikk kopp fat og krydderbøsse

2.        Baron Tika                           Turkopp i tre med Svelgen påmalt

3.        Guro Elde Damstuen         Turkopp bretta stor

Keipen Turlag   ønsker velkommen til nye turer i 2014



STIF skyttarlag - åpne onsdag og søndag 04.12.2013

STIF skytterlag fom idag vil invitere gamle og nye medlemmer til oppmøte på skytebane på loftet av idrettshuset

Onsdager og søndager klokka 18.00 til ca 20.00.

OBS! Merk at onsdager 18.00 til 19.00 er reservert til pistolskytning.

Aldersgrense for å delta er 10 år.

For STIF

Jerzy og Steinar.


Svelgen kino 04.12.2013

 

Thanks for Sharing

Søndag 8.desember kl.20:00

0


Bilder frå Svelgen sin flotte peparkakeby 03.12.2013

 

Foto: Randi Solheim

 


UTKØYRING AV TØRKE/TOALETTPAPIR 03.12.2013

UTKØYRING AV TØRKE/TOALETTPAPIR . BESTILT HOS 9 KL. V/SVELGEN OPPVEKST.

Det vil verte utkøyring av Tørke/toalettpapir og kaffi som er bestilt hos 9 kl. v/ Svelgen Oppvekst.
Dette vil bli gjort onsdag, torsdag og fredag denne veka.
Vi ynskjer også at de betalar kontant når varene blir levert.

Takk for støtta til inntekt for Polen-tur med Aktive Fredsreiser :-)

Nattcup 10.januar 03.12.2013


  
9.klasse skal arrangere nattcup 10. januar. Denne nattcupen vil vere delt i to. Fyst 1.- 5. klasse frå kl.18.00 - 20.30 og for 6.- 10. klasse kl.21.00 - ca. 01.00. Foreldre kan kome og sjå på.
   
Vi lagar til laga for 1.-5.klasse. Dette gjer vi for å syte føre at det ikkje vert eit lag frå 5.kl mot eit lag frå 1.kl.
Det vert to konkurransar, ein fotballcup og ein innebandycup.
Det vil vere foreldrevakter i hallen heile kvelden.

  

Det kostar 30 for å delta og 40 kr for å vere publikum.

  

5.klasse kan vere med som publikum på nattcupen frå 21.00 - 01.00.

  

Du kan melde på din unge på jonatle@hotmail.com eller sende ei melding/ringe etter skuletid til
tlf  90 28 38 90. Husk å skrive namn på dei du melder på.

  

Vi håpar på positivt svar, påmelding innan 5. desember. Hugs

   

T.Bueie Nattcup E/B

v/Jon Atle Rise


Test av kulturnivået i landet, Bremanger på 13. plass! 03.12.2013

Utropsteikn rødFor tredje året på rad presenterer Telemarksforskning ein oversikt over kulturlivet i norske kommunar, den såkalla Norsk kulturindeks.

  Den kommunen som kjem best ut i landet er også i år Røros, men for Bremanger sin del er det gledeleg å sjå at utifrå dei parametrane som har vorte nytta, er vi på 13. plass på landsbasis når det gjeld frivillighet, og vi er på tredjeplass når det gjeld korpsarbeid! - Ein stor honnør til korpsa i Bremanger, og til alle dere som driv frivillig arbeid, og ein spesiell takk til Fay Løvset og Monica Frøyen som med sitt arbeid som dirigentar gjer sitt til at interessa er så stor hos oss, skriv Bremanger kommune på sine heimesider.


Ta turen til Julemesse på Kolset laurdag 03.12.2013


Hørselshjelp Kalvåg, Haugetun og Keipenstova 03.12.2013

Onsdag den 04/12 HLF Flora og Bremanger har siste dag med hørselhjelp i Kalvåg og på Haugetun. Det blir til vanlig tid 11.00 12.30 og på Hauge 13.00
Neste onsdag 11/12 blir det på Keipenstova frå kl 11.00 -1300.
Da vil vi i hørselaget ynskje alle ei god jul og et godt nyttår!
Vel møtt neste år - det blir sikkert i mars.
Hilsen likemann i Bremanger Jan Eirik Strømmen


Kjenner du igjen desse barna? 02.12.2013

Arild Sagebø har via Facebook lagt ut ein serie bilder frå Svelgen. Nokre av dei som er avbilda er namngjevne, men langt frå alle. Veit du kven som er her på trappa til Johannes Nesbø? I såfall send ein mail til ingrid@haugen.no eller tlf 92261787. Svelgen.no har fått lov å presentere ein del av bilda her. Alle er tatt av Johan Sagebø. Heile bildeserien finn du på denne Facebook-sida.




Ledig stilling som heimehjelp Vi har ledig ei 50% fast stilling som heimehjelp
Sak 13/2723

 

 

 

 

Frå 01.01.14 er det ledig stilling for heimehjelp ved Open omsorg indre, Svelgensområdet.

Sjå fullstendig utlysning på:
www.bremanger.kommune.no


Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:
http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening


Søkjarlista er offentleg , og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det. 
Søknadsfrist: 16.12.2013


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept