Arkiv Juni 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Svelgen hotell inviterer:

Reker og Bjørn Jens onsdag 27.06.2002

Onsdag 3.juli spelar Bjørn Jens på Svelgen Hotell.

Samme dag inviterer Svelgen hotell på rekebord frå 1900-2130.

Bjørn Jens har besøkt Svelgen mange gongar, og er serleg kjent for songen "Mackøl og måsegg". Denne gangen skal han ha fått Jonny Cash med på si siste innspeling, men det er vel lite truleg at også han har teke turen til Svelgen...

Uansett er det turen verdt - både med omsyn til rekene og artisten. Hotelldirektør Geir Gjerde ynskjer hjerteleg velkomen!


Referat frå 6. div. kampen tirsdag: 27.06.2002

Eit nytt og innhaldsrikt refarat frå kampen mot Tambarskjelvar kan du no lese ved å klikke på Sport (t.v) her på Svelgen.no

Takk til STIF sin oppmann for bidraga han har sendt (og skapt) på Svelgen.no denne våren, og oppmodar han og andre til å fortsatt bidra med stoff.


Mot redusert kiosktilbod på fergene i Svelgen- området frå september 26.06.2002

På fergene som trafikkerer sambanda Stårheim - Isane og Smørhamn - Kjelkenes vil det truleg bli redusert kiosktilbod frå i september.

Les meir i BT

Store nedbørsmengder i Svelgen !! 26.06.2002

Kl. 0700 i dag målte Kraftstasjon heile 49,4 mm nedbør for dei siste 24 timane. Dette er det meste ein har målt på eit døgn til denne tid i år. Til samanlikning målte ein i heile april og mai månad henholdsvis 69,3 og 75,8 mm. Kanskje er det nokon svelgarar på ferie rundt om i verden som kosar seg over den værmeldinga...

Men svelgarane som skal vere i Svelgen- området i helga treng ikkje fortvile, for på DNMI sitt værvarsel for Svelgen ser det ut til at det om lag blir nedbørsfritt lørdag og søndag...


STIF slo Tambarskjelvar /trekning Firda Avis Cup 25.06.2002

STIF sitt 6. divisjonslag i fotball vann tirsdag kveld 2 - 0 mot Tambarskjelvar i Naustdal. Arne Rebni scora i 1. omgang, medan "Tobben" Didriksen scora 2 - 0- målet tidleg i 2. omgang.

Dei andre spelarne på 6. divisjonslaget vil nytte høvet til å gratulere keeper Roy Vegard Sørgulen med 20- årsdagen i dag 25. juni.

Ei gladmelding for STIF var det at tabelleiar Gaular berre greidde uavgjort 2 - 2 heime mot Anga. Dermed er det berre eit poeng som skil dei to laga ved halvspelt serie.

Det er og klart at STIF skal møte 3. divisjonslaget Saga i kvartfinalen i Firda Avis Cup. Kampen skal i følge terminlista spelast 31. juli i Svelgen. Dette betyr at STIF skal skyte 3. straffer p.g.a. divisjonsskilnaden før avspark. Keeper på Saga er svelgaren Kjell Morten Langedal. Langedal er rekna som svært god på straffer, så Blix`en må nok legge opp til omfattande straffetrening framover med tanke på korleis det gjekk med straffeskytinga i forrige runde...

6. div. avd. 2


Jubilantane i feststas med lærarane 24.06.2002

Det er 10 år sidan dei gjekk ut av ungdomsskulen og det feira dei med fest 22. juni. Her vert den trivelige gjengen flankert av lærarane på Svelgen skule; Ståle Dyrstad, Ingeir Løvold, Kåre Myklebust, Jorunn Myklebust og Ingvald Ytrehus.

10 års jubileum

Kamp mot lærarane på Svelgen skule 24.06.2002

Laurdag 22. Juni feira vi at det var 10 år sida vi gjekk ut frå grunnskulen. Det starta med ei omvisning og litt mimring på Svelgen skule. Etterpå var det fotballkamp i idrettshallen med russ 1992 mot lærarane på skulen. Det var premiering for det beste antrekket, og den heldige vinnaren vart Kaj B. Førde. Den gjennomførte stilen med munkedrakt og nybarbert hovud gjorde sitt til at Kaj gjekk av med sigeren. Om kvelden var vi i kafeen på hotellet og kosa oss med gode historier og gamle videoklipp. Vi gledar oss allereie til neste jubileum. GOD SOMMAR

Interessant stoff om Svelgen på NRK sitt Fylkesleksikon 23.06.2002

På NRK Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon kan ein finne stoff om Svelgen og andre stadar i Bremanger kommune. Her er det både lesestoff og nokre snuttar med lyd og video.

Fylkesleksikon

STIF tapte toppkampen 22.06.2002

STIF sitt 6. divisjonslag gjorde sin dårlegaste kamp for året og tapte 1 - 3 heime for Gaular fredag. STIF tok leiinga 1 - 0 etter om lag 15 minutt etter eit flott soloraid av Frank Hatleset. Då Hatleset måtte ut med skade 10 minutt seinare gjekk lufta ut av STIF og laget vart svært tannlaust resten av kampen. Gaular utlikna til 1 - 1 før pause, og scora to nye mål i 2. omgang

Frank Hatleset pådrog seg strekk og blir ikkje klar til den vanskelege bortekampen mot Tambarskjelvar komande tirsdag. Tambarskjelvar er botnlaget i 6. div. avdelinga, men har spelt jamnt med alle laga i avdelinga. STIF trivst ikkje på grus og må skjerpe seg mange hakk i den kampen skal det bli poeng.

Om du vil lese meir om kampen, kan du lese om dette under Sport på Svelgen.no

6. div. avd. 2


Årets gladnyheit i Svelgen !!!!!!!!!! 20.06.2002

Investeringssknaden for oppbygging av Ovn 5 vart i dag godkjent i Elkem sitt styre.

NRK

FOTBALLKAMP I SVELGEN IDRETTSHUS 19.06.2002

I forbindelse med at det er ti år sidan vi gikk ut av Svelgen Skule, har vi invitert lærerene ved skulen til revansje-kamp i Idrettshuset. Dette er en "underholdnings-kamp" på 2x15 min, og beste antrekk blant spillerene blir premiert. Vi har hørt rykte om at en av lærerene, som er skadet, vil stille i rullestol med sjåfør. Uansett, dette kan bli moro.

Tidspunkt:Lørdag 22.06 kl 1400

"Avgangsklassen 1992"


Framtida for omn 5 vert avgjort i dag 18.06.2002

I dag skal styret i Elkem avgjere Bremanger smelteverks fremtid, ved (forhåpentlig vis) å beslutte oppstart av ovn 5.

Vi håper den første som veit noke om utfallet, straks melder fra til Svelgen.no.


Tilgang til breiband i Svelgen 18.06.2002

Arve Hole (Plan og IKT-sjef, Bremanger Kommune) melder idag på fritt ord sida om at alle har nå tilgang til breiband. For å koble seg til radionettet , må du ha fri sikt innanfor ein radius på tre-fire km til eit av sendepunkta til kommunen. Kommunen sine sendepunkt er i dag plassert på taket av Rådhuset I nærframtid kjem det fleire.

Ny direktør på Elkem Bremanger 18.06.2002

På eit allmannamøte i dag kunngjorde direktør på Elkem Bremanger, Per Otto Ustad, at han forlet denne stillinga den 5. august. Den nye direktøren blir Erik Løkke Øwre, som kjem frå ei stilling som divisjonssjef silisium i Elkem-konsernet. Han har tidlegare vore direktør ved verket i Mosjøen.

Les heile saka (Firdaposten.no)

MIDTSOMMERDANS I SVELGEN! 18.06.2002

22. juni blir det fullt fres på Svelgen samfunnshus!!

Då vert det arrangert midtsommer- dans med dansebandet TINTY! Vi åpner kl. 2130 og held det gåande heilt til klokka 0200.

Bandet TINTY er godt etablert blant eit veksande dansepublikum og svinger som aldri før.

Musikken er plukka frå kjende artistar og blir framført med trøkk og driv. TINTY legg også stor vekt på at låtane er kjende for folk flest og at dei er godt dansbare.

Musikken som blir presentert spenner seg frå 60 tallet og fram til i dag og dei store musikarne blir godt gjengitt av denne humørfylte gjengen.

Med eit stødig komp og god vokal er TINTY absolutt verdt å få med seg. Desom du vil ha ein artig kveld med mykje god musikk får du sjeldan ei betre anledning enn dette! Så ta turen til Svelgen samfunnshus på laurdag.

Lynlotteri. Alle rettar.


Siste godværsdagen på ei stund.... 14.06.2002

Meterologisk institutt sitt spesialvarsel for Svelgen viser at dagen i dag blir den siste godværsdagen på ei stund. Varselet som går fram til 20. juni fortel at det stort sett blir overskya og regnbyger f.o.m. lørdag 15/6.

Så svelgarane bør nyte dagen i dag om dei har høve til det.


Svelgen slo Anga 11.06.2002

I ein 6. divisjonskamp i Førde i dag vann Svelgen 6 - 2 over Anga. Svelgen.no kjem tilbake med kampfakta seinare.

Som ein vil sjå av 6. dvisjonstabellen har både STIF og Gaular full pott med 12 poeng etter 4 kampar. Desse to laga skulle i følge terminlista møtast tirsdag 18/6, men den kampen er flytta til fredag 21/6. Kampen går i Svelgen.

Andre resultat og tabell 6. div. avd. 2


Slutt på piggvar i Breivika 10.06.2002

Torsdag var ein mørk merkedag for flyndreoppdrett i Svelgen. Då vart den aller siste piggvaren til Fjord Seafood sitt oppdrettsanlegg, tidlegare Brema Flatfisk, levert. Det vert ikkje ny fisk i anlegget på kort sikt, melder Firdaposten.no.

I følgje Ola Sveen vert det mest sannsynleg sett i gang med produksjon av settefisk av laks eller regnbogeaure til hausten eller i 2003. Dei tilsette er omplasserte til andre anlegg. Resten av månaden vert brukt til reingjering og førefallande arbeid på anlegget, seier Sveen.

Piggvaren som no er slakta ut, var i anlegget då Fjord Seafood i år 2000 kjøpte det av arvingane etter oppdrettspioneren og gründeren Peder Bakke, som i februar same året omkom i ei tragisk utforkøyring på Klavelandet.

Først når vi får varmtvatnet attende om eit halvt års tid, vert det verdifullt for oss å drive i Svelgen, men vi veit ikkje kor lenge anlegget vert ståande tomt per i dag, seier han.

Heile saka


Trekning av Firda Avis Cup 10.06.2002

Svelgen sitt 6. divisjonslag har trekt 4. divisjonslaget Tornado 2 i 2. runde i Firda Avis Cup. Kampen går onsdag 19. juni på Refvik Stadion. P.g.a. divisjonsskilnaden byrjar STIF kampen med 2 straffer.

Resten av trekninga

Første INC-prosjekt snart ferdig 10.06.2002

Utskiftinga av den gamle "Nyekranen" er no snart ferdig, som det første større vedlikehaldsprosjektet INC Vedlikhald har gjort på Elkem Bremanger i Svelgen, skriv Firdaposten.no.

– Utskifting av "nyekranen" er det første større prosjektet vi gjer på verket her. No er den nye kranen i prøvedrift, og dersom alt går etter planen skal den overtakast av Elkem om kort tid, fortel prosjektleiar Asbjørn Svarstad i INC Vedlikehald. Kranen har vore ein trufast slitar for verket og eit landemerke i Svelgen i kring 30 år, men no har den snart gjort sitt. I løpet av sommaren vil den gule kranen bli demontert og forsvinne for godt. Då tek den blå nye over all lasting og lossing av skipa.



Les meir i Firdaposten.no


Journaliststreiken over 07.06.2002

Den ni dager lange streiken blant avisjournalistane er over. Dermed kjem dei omlag 50 journalistane som har vore i streik her i fylket attende på jobb i dag.

Les heile saka (nrk.no)

Kreativitet på nett 05.06.2002

Det kreative læresenteret på Svelgen skule har no fått si eiga heimeside. Du kan vitje den ved å trykke på linken under.

Heimesida

Sentrumsplanen for Svelgen

Enige eller uenige? 05.06.2002

I eit brev til Bremanger kommune og Bremanger Vekst skriv Roald Løvfald, Bjarne Eikeset, Jon Eikeset,Guttorm Bjørnset og Finn Steinset at forslaget til ny sentrumsplan tek lite omsyn til dagens behov, og det framtidige behovet når det gjeld biltrafikk. Sentrum er bygd på fyllmasse, og å begynne å grave i denne for å få til båtplassar og anna, kan medføre at eksisterande bygningar kan gli ut, då mykje av grunnen er leire. Båtplassar er det nok av, hevdar dei, og treng ein fleire, kan dette løysast på ein enkel måte. Dei meiner difor det er urealistisk å gjennomføre sentrumsplanen slik den vart skissert på folkemøtet i slutten av april. Svelgen.no håpar å få lagt ut planen på nettet i nær framtid. Skriv inn til fritt.ord sida om kva du meiner om planen!

Sølvtjuveri på Ytrehus del 2 03.06.2002

No blir stadfesta at sølvtøyet som Firdaposten Nett i går melde om var forsvunne frå eit hus på Ytrehus, no er kome til rette att. Sølvtøyet hadde aldri vore stole, men berre gøymt ein stad i huset av eit anna familiemedlem.

Sølvtjuveri på Ytrehus 02.06.2002

Poltiet fekk i går melding om tjuveri av sølvtøy frå eit hus på Ytrehus. Huset er ubebudd i vinterhalvåret, og eigaren oppdaga og melde tjuverie då han kom tilbake etter ein lang vinter. Politiet ved lensmannskontoret i Bremanger etterforska no tjuveriet på vanleg måte. Det er ikkje klart kva tid ugjerninga kan ha skjedd i løpet av vinteren. Dette melder Firdaposten.no

Svelgen kino Søndag 2. juni kl. 2000

Heftig og begeistret: På sangens vinger 01.06.2002

Etter den utrolige suksessen med "Heftig og begeistret" ble mannskoret fra Berlevåg nesten som popstjerner å regne. Den første filmen begeistret over en halv million nordmenn på kino, og ble invitert til filmfestivaler rundt om i hele verden. Berlevåg Mannsangforening fikk invitasjon til å turnere i USA høsten 2001, og med på turen ble Knut Erik Jensen og hans team.

11. september ble USA utsatt for terroristangrep. Til tross for dette bestemte koret seg for å utføre den planlagte reisen. Når de 30 staute sangerne fra fiskeværet Berlevåg ankommer New York bare tre uker etter angrepet, møter de en nasjon i sorg og frykt. Gjennom sangen trøster de folk som opplevde katastrofen i New York; både brannmenn og overlevende på "Ground Zero" blir rørt til tårer over omtanken fra det Nordnorske sangkoret.


16 døgn utan nedbør i mai! 01.06.2002

Kraftstasjonen melder at det i mai månad fall 75,8 mm nedbør i Svelgen, mot "normalt" som Meterologiske Institutt har berekna til 110 mm. Heile 16 dagar i mai var utan nedbør i Svelgen og det meste ein målte på eit døgn var 19,5 mm.

I tidsrommet 1973 - 2001 var mai 1980 med 37 mm det minste ein målte, medan ein i mai 1989 målte heile 283 mm. På Rise nedbørsstasjon målte ein i mai 1958 343 mm, melder kraftstasjonen.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept