Arkiv Juni 2012

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Turen til Hornelen søndag 1. juli avlyst 30.06.2012

Keipen Turlag sin tur til Hornelen søndag 1. juli er avlyst pga av dårleg veir.


Leilighetshuset på Naustneset tek form 30.06.2012


Nymerka sti frå Moldahytta til Gulebrystet 30.06.2012

Keipen turlag har no merka løype frå Moldahytta til Gulebrystet. Strekninga er 5.4 kilometer (omlag ni kilometer totalt frå Tiurvegen).

På bildene ser vi mellom anna utsikt til Keipen frå tenkesteinen, toppen av Husefjellet og eit hellefelt ein kan sjå langs løypa. (Alle foto: Svenn Petter Kjerpeset)

 

 

 

 

 

 

 

 


Slik såg det ut på toppen av Keipen i går 29.06.2012



Bremanger bruker mest på kyrkjer 29.06.2012

Nye undersøkelser fra Statistisk Sentralbyrå viser at det i fjor ble brukt 745 kroner per innbyggjar på kyrkjedrift i Sogn og Fjordane. Til sammenligning bruker man i Oslo og Akershus kun 283 kroner per innbygger

Bremanger er en av kommunene som bruker aller mest på kirkedrift med sine 1.100 kroner per innbygger.

- Bremanger er en grisgrendt kommune. Vi er mindre enn 4.000 innbyggjarar, men vi har åtte kirker i bruk, sier kirkeverge Knut Arne Vadøy til Bergens Tidende.


TUR TIL HORNELEN SØNDAG 01.07.12
Start frå Hunskår kl. 10.00 Parkering v/gravplassen.
Turen er for trena personar og vil ta ca 6/7 timar t/r.
Hornelen er 860 moh. og er Europas høgste sjøklippe. Fantastisk utsikt i alle himmelretningar!
Utstyr deg med drikke, niste og gode sko/fjellsko.
I tilfelle dårleg ver kan turen verte avlyst!
Turen er eit samarbeid mellom Keipen Turlag og Ytre Nordfjord Turlag.
Turleiarar er:
Svenn Petter Kjerpeset tlf. 95898565, Jon Nygård tlf. 45280301
og Hilde Barmen tlf. 45427235
Velkommen på tur!


Kommunal planstrategi 2012-2015

Bremanger kommunestyre vedtok den 21.06.12 oppstart av arbeid med planstrategi i samsvar med plan- og bygningslova § 10-1, og ber om innspel til saka.

Planstrategien vil vere retningsgjevande for kommunen sitt planarbeid i kommunestyreperioden og vil gjere klårt kva planoppgåver kommunen skal prioritere.

Innspel kan sendast til Bremanger kommune, pb 104, 6721 Svelgen eller til post@bremanger.kommune.no innan 10.august 2012.


Bremanger kommune har for tida fleire ledige stillingar:

 

- Reinhaldar ved Hauge oppvekst. Saksnr. 12/1432

- Assistent ved Kolset oppvekst. Saksnr. 12/1501

- Førskulelærar ved Kolset oppvekst. Saksnr 12/1502

- Assistent v/Davik oppvekst. Saksnr. 12/1503

 

Sjå fullstendig utlysing under "stilling ledig" til venstre, eller på www.bremanger.kommune.no

 

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:
http://bremanger.kommune.no/sjolvbetening

 

Søkjarlista er offentleg , og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

 

Søknadsfrist: 12.07.2012


Arne Loftheim einaste som stoppa for skadd gut 26.06.2012

På kort tid har det vore to episodar der bilistar har køyrt forbi folk som treng hjelp. Politiet reagerer på at ikkje folk grip inn. Ein ti år gamal gut i Florø vart forbikjørt av fleire bilar etter at han hadde kolla på sykkel. Han hadde mist fleire tenner og var forslått. Arne Loftheim (bildet) frå Svelgen var den einaste som stoppa for å hjelpe guten. Firdaposten skriv:

Etter ei stund fekk Arne tak i namnet og telefonnummeret til mora, og ringde. Deretter køyrde Loftheim guten og sykkelen heim. Men då faren ringde legevakta var det ingen som svarte, så dei ringde naudnummeret 113 i staden. Etter besøket hos legen måtte Kristian til tannlegen, men i Florø er det ingen tannlegevakt.

– Det er utruleg at det går an, seier mamma Ellen.

Men sjølv etter tannlegebesøket ber guten synleg preg av ulukka. Og det vil han truleg gjere lenge. Tre av tennene må erstattast av nye kunstige tenner, og han må gå med regulering før tennene blir som før.

– Det er vanskeleg å ete, for eg kan ikkje tyggje med fortennene. Det gjer vondt, seier tiåringen.

Mamma Ellen er evig takksam for hjelpa sonen fekk av Loftheim.

– Det er ufatteleg at folk berre kan køyre forbi sonen min. Men det er fint at det finst folk som Arne. Han fortener ros for det han gjorde, seier Ellen.

Men Arne Loftheim ser ikkje på seg sjølv som nokon helt.

– Eg gjorde berre mi borgarplikt. Det var min tur til å yte førstehjelp, og det gjer eg med glede, seier Loftheim til Firdaposten. (Foto: Liv Sigdestad Brekke)


Trubaduren Torfinn spelar på hotellet laurdag 26.06.2012

Paris, Praha, England eller Sveits. Denne karen frå Naustdal er godt bereist. Torfinn er ein trubadur som spelar i bygd og by. Med eit repertoar som strekkjer seg lenger enn regnbogen, leverar han god stemning   og musikk for einkvar smak. Gje denne mannen eit instrument i hendene, og du har underhaldning du ikkje vil gå glipp av. På sin eigen måte tolkar han låtar som spenner i frå Hank Williams og Johnny Cash, til nyare country som Toby Keith og Hellbillies. Undervegs svingar det og innom Motorhead, Ac/Dc, Irsk og Bob Marley. Bli ikkje overraska om du høyrer ein kjend song med ein annan vri. Om du vil danse eller lytte, er dette musikk og underhaldning som vil få deg til å håpe at kvelden aldri tek slutt.

Cover kr. 120,-
Laurdag 30. juni
Kl. 22.00



Sumarutstilling

Svelgen Kunstlag presenterer

 

måleri og akvarellar av

Arvid Eikevik

 

Galleri Øyratunet, Svelgen

Opning fredag 29. juni 2012

 kl. 1800-2000

 

Salsutstillinga vert deretter open i perioden

30. juni-26. august

laurdagar kl. 1100-1400

sundagar kl. 1500-1800


Dugnad på Knekkevannshytta denne veka 25.06.2012

Keipen Turlag har tatt på seg vedlikeholdet av Knekkevasshytta, det vi har tenkt å starte med er maling og bygge platning på vest og sørsida av hytta. Vi håper at flest mulig blir med på litt dugnad for å sette hytta i stand. Det blir folk på hytta Mandag og Onsdag fra klokka 17:30.
Har du spørsmål ta kontakt med: Steinar Isene 95030371, eller Jarle Frøyen 90880507

Tradisjonell jonsokfeiring på Nesbø 21.06.2012

Det blir tradisjonell jonsokfeiring, 23. juni, på gamleskulen også i år!

Kaffi, kaker, graut og saft frå kl. 1700. Basar med lodd på årer og bok. Flotte gevinstar!

Tenning av jonsokbål kl. 2000!

 

 

Alle hjarteleg velkomne!


 

 

Det vert kiosk på området i regi av Svelgen Samfunnshus.

Sal av popcorn, sjokolade, brus, kakao og kaffi av ymse slag.


Sprengningsarbeid ved Elkem bremanger 22.06.2012

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Som ein del av oppgradering/ombygging av pumpestasjon of vassforsyning på verksområdet, pågår det sprengningsarbeidar hjå Elkem Bremanger.

Arbeidet pågår inne i pumpestasjonen som ligg i fjellet ved garderobebygget.

Sprengning vil pågå i juni og juli, med forbehald om nokre dagar i august også.

 

Sprengning vil føregå i periodar med lite ferdsel rundt garderobebygg og difor vil ein høyre sprengningar i perioden 07.00-21.00.

 

 


Sommarslutt for Pilates-trening 21.06.2012

Bjørg fortel at det no er ferie for Pilates-gjengen og ynskjer vel møtt igjen til hausten.

Sommarfest på Svelgen hotell 14. juli 21.06.2012

PK & Dansefolket spelar opp til sommardans på Svelgen hotell 14. juli. Cover 200,-

 

Om gruppa:

PK & Dansefolket ble unnfanget i en TV-serie på TV2 om nettopp - PK & Dansefolket. At
det var PK & co. som så lyset på denne måten kan man i ettertid si var en selvfølgelighet.
Men akkurat da det skjedde var det ikke mange som egentlig skjønte hva de var vitne til.
De er sansynligvis bandet med mest fartstid på TV i Norge. TV2 sendte TV-serien om
bandet med tre påfølgende repriser av serien i 4 episoder. Og nå, i løpet av Juni/Juli 2012
får du igjen se PK & Dansefolket på NRK1 i beste sendetid på lørdagskveldene i
statskanalens satsning ”På vei til Sel”.
Det skulle likevel vise seg at starten ikke nådde de neste 10 årene til knærne. Sannheten
er at, tro det eller ei, det er 10 år siden de ble unnfanget! SLIK HO ER er bandets 10.
utgivelse!
PK & Dansefolket fortsetter å levere kvalitet som, hvis en skal sammenligne med starten,
er på et helt annet nivå. Denne gang er miksen litt mer trofast til sjangeren, men med
bandets umiskjennelige særpreg som plattform.
Melodisnekker og produsent Eirik Molnes Husabø er fortsatt som et medlem å regne. PK
Støbakk selv leverer som vanlig gode og gjennomtenkte tekster. Disse to utgjør et
komponistpar med kvaliteter en ikke finner fra så mange andre innen
danse-/countrymusikk.
SLIK HO ER spenner fra de vare vakre countryballader til svingende dansebandrytmer.
Når humorlåten ”Min Dingeling” legges til, er det lett å forestille seg hva det er endt opp
med... Humor og alvor i skjønn forening. at Hilde Fjørtoft bidrar på vakre "Du" forringer
heller ikke helhetsinntrykket! PK & DanseFolket på sitt desidert beste med andre ord.
Derfor er de også et av landets bestselgende danse-/countryband.



Tvungen renovasjon for fritidsbustader i Bremanger kommune - informasjon 21.06.2012

Eigarar av hytter, fritidshus og bustader som vert nytta som fritidshus i Bremanger kommune har no motteke faktura frå Nordfjord Miljøverk (NoMil) for 2012.

Kommunestyret i Bremanger vedtok 27.09.11 tvungen renovasjon for hytter, fritidshus og bustader som vert nytta som fritidshus i kommunen, med verknad frå 01.01.12.   Gebyret er differensiert i fire kategoriar med ulike satsar (%-del av standardgebyret for ordinære bustader).

Kategori 1 (høg sats, 50 % av standardgebyret) gjeld hytter, fritidshus og bustadhus der det ikkje er fastbuande, og som oppfyller alle 3 kriteria:

  1. Innlagt straum
  2. Vatn og avlaup (både kommunale og private løysingar)
  3. Veg som er køyrbar heile året eller båtbrygge

Kategori 2 (middels sats, 30 % av standardgebyret) gjeld hytter, fritidshus og bustadhus der det ikkje er fastbuande, og som ikkje fell inn under kategori 1, 3 og 4, og som oppfyller minst eitt av kriteria i kategori 1.

Kategori 3 (låg sats, 10 % av standardgebyret) gjeld alle hytter, hus, sel som er større enn 20 m 2 BRA, og som ikkje oppfyller nokon av kriteria i kategori 1, 2 eller 4.

Kategori 4 (fritak) gjeld hus, hytter og sel mindre eller lik 20 m 2 BRA. Huseigar kan søkje om fritak for hus som står til nedfalls, og eigar av hus med renovasjonsabonnement kan søkje om fritak for andre bustadhus på same tunet med same eigar og som ikkje er utleigd.

NoMil er ansvarleg for drifta av renovasjonsordninga, og dei har sendt ut informasjon om denne saman med fakturaen. Dersom De har merknader til ordninga må dette takast opp med NoMil.

Bremanger kommune har ut frå opplysningar i eigedomsregisteret (Matrikkelen) plassert dei ulike fritidsbustadane i forskjellige kategoriar. Dersom De meiner at Dykkar fritidsbustad er plassert i feil kategori må informasjon om dette sendast skriftleg (pr brev eller e-post) til Bremanger kommune.

I tvilstilfelle om kven som er omfatta av tvungen renovasjon vert saka avgjort av NoMil etter at dei har innhenta uttale frå kommunen.

Bremanger kommune

Teknisk kontor

 


Asfaltering i gang Birkelid - Eikeland ferdig i går 20.06.2012

Følgjande strekningar er planlagt asfalterte på FV614 i 2012:

Hp Km Hp Km Lengde

45

14

4

5

F

614

Myklebust - Eikeland

3

5000

3

13070

8 070

46

14

4

6

F

614

Eikeland tnl - Svelgen Ø

3

13170

3

14000

830

47

14

4

7

F

614

Eikeland tnl - Svelgen Ø

4

1400

5

155

1 940


Avgangsklassen ved Svelgen 20.06.2012

Her ser vi avgangsklassen ved Svelgen Oppvekstsenter - hoppande glade for fullført skulegang. Vi gratulerer og ynskjer kvar og ein lukke til vidare!

(Foto: Linda Førde)

 




Bilder frå helgas jubileumstreff 19.06.2012

(Foto: Veronica Ommedal)

 


Båtførerprøve 18.06.2012

 

Det vert gjennomført båtførerprøve torsdag 21. juni kl.19.00.

 

 

Dersom du ynskjer å ta prøva, ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth tlf. 905 800 55.


Skumparty og Amcartreff i Svelgen 17.06.2012

Sjå fleire bilder frå Amcar-treffet i Svelgen her.

Svelgen Kino 16.06.2012

 

LABAN - lille Annas favoritter

Søndag 17. juni 17:00

Kiosk og billetter fra 16:30

I dag skal Lille Anna og hennes Lange Onkel se film. Lille Anna vil se sine fem favorittfilmer med det lille spøkelset Laban og vennene hans. Siden Lange Onkel er redd for spøkelser tør han ikke se på selv om Lille Anna sier at det ikke er farlig i det hele tatt.

Sammen med Lille Anna får vi gjenoppleve spennende eventyr og sprell med Laban, Labolina, Lilleprins Bus og alle de andre på slottet Godmorgensol. Til slutt skjønner til og med den redde Lange Onkel at filmene ikke er skumle og våger seg frem for å se. Heldigvis har også Lille Anna spart på en liten overraskelse som hun har forberedt til Lange Onkel og som hun vet han kommer til å bli glad for.

Aldersgrense: Tillatt for alle


 

Snow White and the huntsman

Søndag 17. juni 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

En jeger (Chris Hemsworth) blir befalt av den onde dronningen (Charlize Theron) å ta Snøhvit (Kristen Stewart) med ut i skogen for å drepe henne, men bestemmer seg for å la henne leve. Sammen slår de tilbake mot den onde tyrannen.

I det episke actioneventyret Snow White and the Huntsman spiller Kristen Stewart (Twilight) den eneste personen i landet som er vakrere enn den onde dronningen (Oscar-vinneren Charlize Theron). Dronningen ønsker å kvitte seg med konkurransen, men den onde herskerinnen hadde ikke regnet med at den unge kvinnen er klar for å slå tilbake. Snow White har blitt godt trent i krigens alle kunster av jegeren (Chris Hemsworth, Thor) som var sent ut for å ta livet av henne. Sam Claflin (Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides) spiller prinsen som i lang tid har vært betatt av Snow Whites skjønnhet og styrke.

Egnethet: Ungdom/voksen


TUR TIL BALESTRAND. 17.06.2012

SOMMERTREFF FOR PENSJONISTAR.

Tirsdag 19.juni er det sommertreff i Balestrand. Det er blitt litt forfall , slik at vi no har nokre få billetter/plassar ledige. Er du interressert - ring Bjørg 47615127.

Turen går frå Firda Billag kl.0800.


Spinning 17.06.2012

 

  Spinninga har tatt sommarferie.

 

  Vel møtt til hausten!

 


Svelgen Røde Kors og Keipen Turlag


"Til Topps" - gjengen til Moldahytta 15.06.2012

Onsdag trassa vi det kalde været, droppa EM i fotball og tok turen til Moldahytta. Vi var ikkje lika mange som på den første turen til Risevatnet, men 17 stk vart vi med smått og stort.

 

 

Vi starta frå Tiurvegen og gjekk i roleg tempo, tok ein liten pust i bakken i enden av skogsvegen, før vi gjekk inn på stien.    

                                                                                                                                          

 

 

Dei sprekaste satt i skogsstien

og venta på oss andre

som brukte litt meir tid.

 

 

 

 

 

 

 

 

Men alle kom opp og fekk ei vel fortent pause innandørs i hytta, litt mat og kaffi må til når vi er på tur.

 

 Og sjølvsagt måtte vi ha eit gruppebilde!                                                                           



Svelgen sine flotte fotball-jenter! 14.06.2012

 

 


TIDSPUNKT: kl. 1700-1900

Grimskull rockar Svelgen i morgon! 14.06.2012

I morgon kveld skal Grimskull ha to konsertar på Svelgen Samfunnhus - noko det kan vere vel verdt å gå med seg! Gruppa, som har røtene sine i Ålfoten, har nyleg utgitt plate med tittelen Monster Master som kan tolkast på ymse vis. Kulturskulerektor på Nordfjordeid Dag Aasebø skriv følgande om utgjevinga:

 

"Altså: her har vi eit ekte nordfjordband som i desse dagar gir ut plate. Sjangeren er heavy metal, pure and simple. Men gjort på ein snedig måte.
Alle element i genren er her. Dundrande trommer, highpitch vocals, fine melodiar, krasse riff, taktskifter o.s.v. Men så har alle låtane ein eller anna liten finurlighet som gjer at dei skiller seg litt ut ifrå jungelen av band i undergrunnen.

Eg tar av meg hatten og gratulerer mine vener  
Trygve Johan Solheim  og   Geir Arne Solheim  med eit blinkskot av ei plate. Proceed with caution, though..:)"

 

På gruppa si heimeside skriv dei:

Grimskull ble dannet i 1989. Bandets unike stil er å kombinere alt fra brutal thrash metal til sødme av synth-pop i samme sang  - ispedd rå energi, holdning og kreativitet med klar henvisning til 80-tallets heavy metal band (fritt oversatt, red. anm.)

 

Til Svelgen.no sine lesarar og publikummarar på morgondagens konsertar seier Geir Arne Solheim:

...

God bless you, Svelgen, we love you! The monster loves you! Rock on!



Svelgen Amcar med jubileumstreff kommande helg 13.06.2012

Program:

FREDAG 15. JUNI:
17:00 Registrering
17:00 Utegrill m/musikk
20:00 Ungdomsarr. Skumparty
21:00 Ungdomsarr. Konsert m/ Grimskull
23:00 Nattkino på Svelgen Samf.hus - Gone in 60 seconds
00:00 Konsert m/Grimskull 18 års grense
LØRDAG 16. JUNI:
10:00 Registrering
14:00 4x4 show
17:00 Bilshow Motorsprenging
22.00 Dans

SØNDAG 17. JUNI:
11:00 Registrering
12:00 RC billøp og show med Skala1
13:00 Cruising for barn
14:00 Premiering
15:00 Cruising

Med forbehald om endringar


Billettprisar:
Weekendbillett 100,-
Inngang søndag 50,-
Barn under 12 år Gratis


Laurdag 16. juni: 13.06.2012

Cover 200,-




Siste dans. 12.06.2012

Seniordansarane avsluttar sesongen på Lasse`s i kveld. Dans frå 1700 til 1800 - deretter sosialt samvær med mat, drikke og litt underhaldning.

Alle medlemmer er hjertelig velkomne!


Båtførerkurs Kalvåg 11.06.2012

Intensivt båtførarkurs over en helg. Kurssted: Kalvåg Samfunnshus (småsalen) 22. juni kl. 1700.Kursavgift kr. 1395,- pr deltaker (familierabatt). I tillegg kommer undervisningsmateriell og eksamensavgift.  Bindende påmelding til Tor Tønder innen 19. juni. Tlf.: 99224090 eller mail tor@tonder.no.

Det er klart for ny "Til Topps" med lokal vri.

Svelgen Røde Kors og Keipen Turlag 11.06.2012

I vår lokale vri av "Til Topps" er vi klar for ny tur onsdag 13. juni. Målet denne gongen vert Moldahytta. Vi starter frå bommen i Tiurvegen kl 18.

 


KEIPENSTOVA. 10.06.2012

SYNG MED OSS!

Måndag 11.juni er det sangtime på Keipenstova! Vi startar kl.1200.

Alle er velkomne.


ELKEM KOPP TIL STEINAR, GUNNAR OG SVENN PETTER 10.06.2012

Litt seine er vi med trekking av koppane for mai,men her kjem resultatet: Risevatnet 3,5 km nr.1621 Steinar Isene, Knekkevatn nr.44 Gunnar Styve og Ivervatn nr. 120 Svenn Petter Kjerpeset.
GRATULERER !! No i juni skal det trekkest koppar på Gulebrystet, Sandsegga og Risevatnet 3.5 KM, i juli skal vi trekke på Moldahytta, Knekkevatn og Risevatnet 3,5 km - alle er velkomne til å delta.
Keipen Turlag
FJELLTRIMMEN

FOTTUR TIL TERDALSKEIPEN (774 moh ) SØNDAG 10.JUNI.
Frammøte kl. 10.00 på utkøyrsla ca. 300 meter sør for Magnhildskartunnelen. Vi går på T-merka sti fram til Akslaskaret, deretter opp fjellskrenten til Aksla og vidare sørover fjellet til Terdalskeipen. Dette er ein lett tur med ei fantastisk utsikt. Ved varden på Aksla vil vi stoppe for å sjå på den fine "steinhytta" som ligg godt gøymd der. Det ligg framleis eindel snø i skråninga frå Akslaskaret til Aksla - så bruk fjellsko på turen. Vermeldingane er gode for dagen så kom og bli med, dette er ein familietur.
Turleiarar Olga Årsnes (57795558 / 48122912) og Oddmund Leirvik 57793261/95276383

Svelgen Kino 05.06.2012

 

    Tor med hammeren

       Søndag 10.juni kl.17:00

       kiosk og billetter fra 16:30

 

Den unge smeden Tor drømmer om storhet, ære og respekt, men hans mor har andre og mer praktiske planer for ham. Ifølge legenden er han sønn av Odin, gudenes konge, og landsbyboerne tror at de lever under Odins guddommelige beskyttelse.

Det ingen vet er at Hel, underverdenens herskerinne, har onde planer som setter både menneskers og guders liv i fare. Ved en ren tilfeldighet, eller kanskje det er skjebnen, ender verdens mektigste våpen, hammeren Mjølner, opp i Tors hender. Når kjemper går til angrep og blant annet fanger Tors beste venn Edda, må han ta affære og få kontroll over både sine egne tanker og sin nye venn, for å stå i mot de mørke kreftene.

Aldersgrense: 7 år     Lengde 1 t 23 min

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

 

    Prometheus

 

      Søndag 10.juni kl.20:00

      kiosk og bilett fra kl.19:30

 

 

Ridley Scott, regissør av "Alien" og "Blade Runner" går tilbake til sjangeren han var med på å definere. Med PROMETHEUS skaper han en ny banebrytende mytologi. En gruppe forskere oppdager en ledetråd til menneskets opprinnelse på jorden som leder dem til universets mørkeste avkroker. Der blir de nødt til å kjempe for å redde menneskehetens fremtid. PROMETHEUS er filmet i 3D og har bl.a Noomi Rapace, Michael Fassbender og Charlize Theron i hovedrollene.

Aldersgrense: 15 år    Lengde: 2 t. 3 min.

STRAUMSTANS 06.06.2012

Grunna arbeid i høgspentnettet blir det som følge av det , straumstans for abonnentar i Sagmyra og Lia, lys Sandetunnel

Villabakken/Bakkevegen

 

Dato : 12.juni 2012 frå kl 07:30 til 09:30 for område : Sagmyra, Lia og Sandetunnel

 

12.juni 2012 frå kl 09:00 til 11:30 for område : Villabakken / Bakkevegen

 

For gående blir det persontransport gjennom Sandetunnel med bil i pendeltrafikk så lenge stansen varer.

Personar på sykkel må sjekke at lyset på sykkelen virkar.

 

Det elektriske anlegget må heile tida vurderast som straumførande.



Sal av sokkar, shorts og fotballnikkers

tysdag den 5. juni kl. 18.00 i idrettshallen ( i 2. etg.)

Fotballgruppa

 


Bremanger kommune 06.06.2012

LEDIGE STILLINGAR:

 

 

  • Byggingeniør v/teknisk driftseining.    Saksnr 12/1265
  • 8 Heile stillingar v/psykisk helse.       Saksnr 12/1266

Fullstendig utlysingstekst kan du sjå på www.bremanger.kommune.no
eller under "stilling ledig" til venstre.

 

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter: http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

 

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort
sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

 

Søknadsfrist: 18.06.12


Småstova på Svelgen Samfunnshus. 04.06.2012

 

Då var småstova på Svelgen Samfunnshus ferdig. Vart kjempefint og kosleg :)

 

Det som er gjort.

Nye vindu, skifta det elektriske, malt tak og vegger, nytt golv, nye møbler og gardiner.

 

Stor takk til alle som har vært med på denne dugnad :)

 

Bilde: Då var småstova på Samfunnshuset ferdig. Vart kjempe fint og kosleg :)  

 


Br. Mundal AS søkjer reinhaldar 04.06.2012

Brødrene Mundal AS søker reinhaldar i våre lokaler i Meisebakken 1 i Svelgen frå snarast.

Vi søker først og fremst ein person for fast stilling, men vil også oppfordre skuleelevar til å

søke sommarjobb.

Arbeidsoppgaver vil være reinhald av kontorlokaler, garderobe, spiserom og toalett .

Vi søker ein medarbeidar som kan jobbe 2-3 timer måndag, onsdag og fredag. Arbeidstida er fleksibel.

Sjå annonse under Stilling ledig til venstre.


Aktiv Jobb, Bakarhuset vert

STENGT fredag 08.06.12.

P.G.A. arrangement.

 

Velkommen att tysdag 12.06.!


Vårutstilling

Galleri Øyratunet

Med verk av elevar ved Svelgen skule, 3.-10. kl.

I samarbeid med Svelgen kunstlag

Elevarbeid frå skuleåret 2011-2012 vert stilte ut på Galleri Øyratunet. Elevane skal ha opningsfestar under skuletida, men vi inviterer familiane, skulepersonalet og andre interesserte til den offisielle opninga på fredag 15. juni kl 1700-1900. Velkommen!

--kunst og handverkslærarar ved Svelgen skule



Tour de Bremanger:

44 deltakarar gjennom fire årstider 04.06.2012

 

Det var 44 deltakarar som betyr deltakarrekord. Vi hadde ein nydeleg tur rundt Bremanger kommune. For det meste sol men også litt nysnø ved Langesjø. I utgangspunktet kunne det tenkast at det vart kaldt. Men det var fin temperatut til å sykle og vere i bevegelse. Så temperaturen var ingen hinder for å gjennomføre Tour de Bremanger.Vi hadde heller ingen skader i år, berre ei punktering. Bilistane er flinke til å vise omsyn. Vi har følgebil både forran og bak. Følgebilane er godt merka og er godt og tidleg synleg for bilar som nærmar seg. Det var 9 førstegangdeltakarar i år.

Alle hadde berre positive tilbakemeldingar om arrangementet.

Helsing arrangørkomiteen ved Per Arne Sæterlid

Alle deltakerane i Tour de Bremaner 2012.06.03 Elin Endestad, Terje Rebni, Frank Midtbø, Hans Inge Solberg, Linda Årøen, Joar Årøen, Per Arne Sæterlid, Irene H. Sæterlid, Marit Frøyen, Jarle Frøyen, Svenn Petter Kjerpeseth, Kjell Eikeland, Frank Hatleseth, Robin Epithite, Liv Wenche Dyrstad, Svein Førde, Ståle Dyrstad, Steinar Isene, Inger Lise Langedal, Kjell Morten Langedal, Jon Bakke, Atle Rogne, Gabriel Ossenkamp, Espen Sortevik, Aud Marit Sortevik, Stig Løseth, Vibeke Kjerpeseth, Edin Follevåg, Liv Sigdestad Brekke, Monica Didriksen, Roger Nondal, Gry Gulestøl, Ronald Førde, Liv Haukanes, Trine Mundal, Brynjar Myklebust, Øyvind Nyvold, Astri Johanne Vårdal, Anette Rosen, Liv Marit Hole, Arve Svarstad, Øystein Grande, Kjell Nigardsøy.

 


FØRSTE TUR I SAMARBEIDSPROSJEKTET "TIL TOPPS"


 

 

Vi rakk ikkje å gå oss i form til årets nasjonale "Til Topps"-arrangement,

men vi ligg ikkje på latsida av den grunn.

 

Vi starta frå "Bakarhuset" i sentrum, oppoverbakke langs Fv 614 til idylliske Risevatnet. Litt kaldt i byrjinga, men opplett og sol. Med lite kunnskap om formkurva til alle turdeltakarane, vart mottoet enkelt:

- vi går og ser kor langt vi kjem.

 

                                                                                                                                                                                 .

 

 

Vi traska i veg, og det vart ikkje problem med korkje form eller fart. Eit stykke inn, i Geitevika, tok vi ein liten pause der vi tok gruppebilde

 

 

Vidare gjekk vi inn til 3,5 km der turlaget har ei av sine mange turbøker. Kven veit, kanskje dukkar det opp ein premie?

 

 

 

  

Nokre av oss snudde der, medan 10 av våre nye sambygdingar og 4 lokale gjekk vegen til endes, opp bakken til 5 km-merket.

 

 

 

 

 

 

 

 

Den eine gruppa fekk ein tur på totalt 8 km, medan dei som gjekk lengst enda opp med ein tur på omlag 11 km. Vi hadde ein flott tur, kanskje med litt trøtte bein når turen var over, men smilet var på plass og ikkje minst var det ein fin muligheit til å lære våre nye sambygdingar å kjenne.

 

 

 

 

 

 

Om to veker er vi kler for ny tur, då med Moldahytta som neste mål.

 

 

 

 

 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov