Arkiv Nov 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Svelgen kino 5. desember:

Jorden rundt på 80 dager 30.11.2004

Denne nye versjonen av den klassiske Jules Verne-romanen med handling lagt til 1872 konsenterer seg om Passepartout, en kinesisk tyv som har stjålet en verdifull buddhafigur. Han søker ly som reisefølge til den eksentriske oppfinneren og eventyreren Phileas Fogg. Eventyreren har inngått et veddemål om å reise jorden rundt på 80 dager, med det som finnes av transportmidler - båter, tog, ballonger, elefanter, og så videre.

Passpartout får jobben som Phileas Foggs tjener, hjelper og konpanjong, og han kommer til bedre hjelp enn Fogg kunne drømme om når han forsvarer sin arbeidsgiver fra de mange farene som lurer underveis. Passpartout er kampsportekspert og kan bekjempe de fleste, noe som viser seg å være svært nyttig i en farefull verden.


Søndag, 5/12. kl.18.00
11 år
Speletid: 2 timer

Bridge :

Oppdaterte bridgeresultat 30.11.2004

På bridgesida er det no lagt til resultata frå dei to siste spelekveldane.

Julegata opna laurdag 29.11.2004

Laurdag vart julegata i Svelgen tent. Svelgen skulemusikk inviterte til basar og graut på Samfunnshuset og samla fullt hus.
Etterpå spelte dei tradisjonen tru julesongar til tenninga av julegrana og julegata. Det ausande regnveret skremde ikkje svelgarane frå å møte opp på adventsstarten. 
Det var Svelgen skule som tok ansvar for at Svelgen fekk julegate i år. Fredag og laurdag arbeidde Kåre, 10.klasse og framandspråklege elevar med å henge opp julegata som vi ser på bildet.



 

Julebutikk i Svelgen 29.11.2004

 Sju driftige damer har gått saman for å tilby sine heimelaga produkt til sambygdingane på "gamle-Kopen". Her kan ein få flotte handstrikka julegåver til ein rimeleg penge. I tillegg sel dei smykke, keramikk, tepper og mykje meir. Dei sju deler på å sitte på butikken og kvar av dei får pengane frå eige sal. Når vi var innom denne veka var det Margun Solheim som sat på post. Ho fortel til Fjordenes Tidende fredag at besøket og salet har vore godt så langt og at dei kjem til å halde ope så lenge det er fleire varer igjen.

Dei som står bak julebutikken er Sissel Sandvik (keramikk), Aud Leirvik (strikk og lappeteknikk), Ruth Winther (strikk), Margun Solheim (strikk), Erna Dahl (lappeteknikk), Astrid Myklebust (sølv- og vikingsmykker) og Johanna Gulestø (keramikk).
På bildet ser vi Ørjan Helle med enkelte av strikkaprodukta som vert selde, saman med Margun Solheim.


Kirsten Høynes

Vann tur til byn 29.11.2004

 Fjordenes Tidende hadde 20. oktober i år ein abonnementskampanje der alle som teikna eit prøveabonnement var med i trekninga av ei fin førjulsgåve. Kirsten Høynes fekk påspandert eit  abonnement ut året av sin gode ven Åge Eikeland frå Svelgen.

- Han sa han ville gje meg ei fin førjulspresang, og det var sjølvsagt midt i blinken. Eg er jo fullstendig avisoman, seier Kirsten Høynes.

Det ho ikkje visste var at ho med abonnementet var med i trekninga av ei reise tur retur med Fjord1 til Bergen, gratis overnatting med full pensjon på Hotell Augustin og billettar til førestillinga Kvinner på randen.

Onsdag denne veka feira Svelgen Pensjonistlag 30 år. Etter ein del konspirasjon fekk Fjordenes Tidende sin journalist litt taletid under festen  for å annonsere premie og vinnar.

- Dette kom aldeles overraskande på meg, men det var sjølvsagt utruleg hyggeleg. Eg har faktisk tenkt meg til byn før jul, så dette passa flott, sa ei overvelda Kirsten Høynes etter  å ha motteke premie og blomar. Resten av pensjonistlaget gleda seg på Høynes sine vegne og applauderte den heldige vinnaren.

 

Skipa først i 1974:

Svelgen Pensjonistlag 30 år 24.11.2004

 I kveld feira Svelgen pensjonistlag 30 års jubileum.  Dei hadde besøk av fylkesleiar Arne Nord frå Nordfjordeid og diska opp med servering, song, musikk og sal av årar i anledning det runde talet. Svelgen pensjonistlag femner om heile dristriktet frå Nesbø/Dyrstad til Kjelkenes og Botnane. Totalt er det 110 medlemmer i laget. I følgje Konrad Ryland er talet på medlemer synkande og det skuldast at det går fleire ut enn nye som kjem inn.
 Svelgen.no var oppom småsalen i kveld og hadde vi ikkje visst det var pensjonistar hadde vi neppe trudd  det. Unge i skinn og sinn - og moro hadde dei det! På bildet ser vi leiaren i Svelgen pensjonistlag, Fritjof Frøyen (t.v.) og fylkesleiar Arne Nord.

Auker eigenandelane 25.11.2004

Levekårsutvalet ynskjer ikkje å auke husleigetakstane  på trygdebustadar eller omsorgsbustadar i Bremanger kommune. Unntaket er omsorgsbustadane i tidlegare ”Ungkarsmessa” i Svelgen som aukar med 100 kroner for å dekke felles straum.

Pensjonistar som vil kjøpe alle måltid ved Bu- og Servicesentra må betale 3000,- kroner i månaden. Dette er ei auke på 150,- kroner. Hjelp i heimen vert auka med fem kroner til 70 kroner timen.  Leige av tryggleiksalarm vert auka med 20 kroner til 200 kroner for måndaen.

Open omsorg i Bremager tilbyr også skyss for dei som ikkje kjører sjølv. Brukarane må betale ein eigenandel på 17 kroner mila for dette. Dette vedtok Levekårsutvalet i Bremanger på møtet   tysdag.


Gapahuken ferdig! 24.11.2004

På bildet ser vi 3. klasse ved Svelgen skule feire at gapahuken endeleg er ferdig!
 Alle klassane i småskulesteget har arbeidd jamt og trutt i all slags ver med bygginga av gapahuken i heile haust, fortel Fjordenes Tidende i dag. Elevane  har vore godt hjelpte av snikkar Ottar Dahl i tillegg til lærarane.

Gapahuken skal brukast til ulike uteaktivitetar av både skulen og barnehagen, og det var ingen tvil om at elevane fann seg godt til rette under kranselaget. Med levande lys inne, bål og grilling av pølser og marsmellows vart det reine feststemninga.

På bildet ser vi 3. klassen saman med klasseforstandarane Per Arne Sæterlid og Vibeke Kjerpeseth

Søndag 28.11 kl. 2000:

Dirty Dancing 2 18.11.2004

Gigantsuksessen "Dirty Dancing" følges opp på en helt ny arena. I cubanske Havana, på byens hete dansegulv, fulle av rytmer og lidenskapelig salsa.
Havana: November 1958. 18-årige Katey får føle den spennende cubanske hovedstadens liv og rytmer på kroppen når hun ankommer med sin familie etter at faren har fått jobb i byen. Katey opplever
press om å måtte henge sammen med barna til amerikanske nabofamilier på det eksklusive Oceana Hotel hvor de bor. Når hun så møter servitøren Javier på hotellet, som ikke bare er annerledes, men også viser seg å være en utmerket danser, blir hun dratt mellom to verdener. Og snart utfordres hun til å lære av Javier som gjør alt for å innvie henne i sin verden av salza og cubanske rytmer. De finner ut at de vil utgjøre et par i den nasjonale dansekonkurransen, og innvier de cubanske netter med øving på den særdeles lokale nattklubben La Rosa Negra. Der kun lokale går og hvor dansingen er hetere enn temperaturen utenfor.
 
Søndag, 28/11. kl.20.00
Tillatt for alle.
Speletid: 1 time, 26 min.

"Kompis" på Svelgen skule 23.11.2004

Måndag hadde ungdomsskulen besøk av distriktsmusikarar frå Gloppen kulturskule med framsyninga ”Kompis”.
 
Nokre elevar var også med og spelte og sang. Malin Sandvik sang solo,  Simen Sandvik spelte trommer, Erlend Nesbø, Christoffer Ephitite, Tor Erik Nigardsøy og Anders Langeland spelte gitar - som vi ser på bildet.
MEIR:

Skjeltefest på Kjelkenes:

Saudehaud til begjær 23.11.2004

 Det lukta nesten som fåreribbe og tilbehøret var, som til jul,  kålrabistabbe og poteter.
Men det som var oppe i dei velluktande grytene på
Trudvang på Kjelkenes laurdag, hadde lite med ein julemiddag å gjere. Lag på lag låg sauehauda dampa og klare til servering.

 

Den årlege skjeltefesten på Kjelkenes sist helg samla nok ein gang fullt hus. Festkledde sat dei seg til bords og gledde seg til å få det halve sauehaudet på fatet.

Nokre seier at auge er best og Odd Grindheim (t.v.)  prøver å forklare korleis dette skal etast: Det skal delast i to og det svarte skal skjærast vekk. Leiaren i grendelaget, Odd Styve, nikkar samtykkande og dei begge gledar seg til denne spesielle og årlege middagen på Trudvang til liks med resten av bygda.

Etter det store etargildet svinga dei fleste seg i dansen til langt ut i dei små nattetimar til musikk av Lundes Trio. Les meir/fleire bilder i Fjordenes Tidnede onsdag.


Nattope på Realen 23.11.2004

NATTÅPEN UNGDOMSKLUBB REALEN OG S.T.I.F INFORMERER.

FREDAG 10 DESEMBER PLANLEGGER REALEN  NATTÅPENT.
vÅR ÅPNINGSTID ER FREDAG KL: 19.30 - LØRDAG KL: 09.00.
VI SAMLES TIL ALLMØTE KL: 24.00.
AKTIVITETER FOR KVELDEN VIL VÆRE:
  • BAKING
  • PYNTE PEPPERKAKEHUS
  • FREMVISNING AV FILM
  • PS2 - SPILL. TA MED SPILL SELV.
  • DATALINKING. TA MED UTSTYR SELV.

ELLERS VANLIGE UNGDOMSKLUBBKVELD.
VI AVSLUTTER MED FROKOST CA KL: 07.30.
PRIS  KR: 40,- FOR MEDLEMMER. KR: 60,- FOR ANDRE.
PÅMELDING TIL UNGDOMSLEDER VIA SMS. 91302768.


Påmelding innan 12. januar:

Ungdommens kulturmønstring 22.11.2004



 



Den lokale kulturmønstringa for ungdom vert arrangert i slutten av januar eller byrjinga av februar neste år. Påmeldingsfristen er sett til 12.januar 2005.

UKM er open for kulturaktivitetar som til dømes musikk, teater, dans, biletkunst, kunsthandverk, litteratur, film, video, foto osb.

Alle mellom 10 - 19 år kan delta. Er du interessert så ta kontakt med kulturskulen, kulturkontoret, ungdomsklubbane eller skulane i kommunen så vil du få utlevert påmeldingsblankett.

Som vanleg sender den faglege juryen vinnarane vidare til fylkesmønstringa. UKM er og eit høve til å fremje meining og standpunkt på fleire ulike vis og kulturkontoret i Bremanger ser fram til mange ulike bidrag i UKM 2005, 


Færre i Bremanger 21.11.2004

Det vert stadig færre innbyggarar her i Bremanger kommune. I fjerde kvartal minka folketalet i med 24 personar og stoppa på 4035 innbyggarar.

Sparebanken S&Fj. i Svelgen:

Stenger skranken to dagar 20.11.2004

 

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Svelgen stenger for kontantuttak over skranke to dagar i veka. Avdelingssjef Lise Helen Førde vil utnytte personalet betre, melder Fjordenes Tidende fredag.

 - Dette er ein måte å tilpasse seg marknaden på. Vi kan ikkje ha ein person sittande i skranken heile dagen når det er så få kundar som nyttar tilbodet, seier ho.Frå 29. november vil banken stenge skranken tysdag og torsdag.

 Banken vil ikkje verte stengt desse dagane, og Førde fortel at dei vil vere veldig fleksible i overgangsfasen. 

 - Dei aller fleste brukar minibank og nettbank og dette gjer at skrankefunksjonen i stor grad blir overflødig. Dei det kanskje vil råke hardast er pensjonistane, men desse vil vi i serleg grad informere, seier Lise Førde.

 Det er tilsett fire personar i 3.8 årsverk i banken i Svelgen. Desse vil frå no av konsentrere seg om andre arbeidsoppgåver.

 


Nattcup i Svelgen fredag: 20.11.2004

 

For alle ungdomar i Bremanger kommune

Alder:   13-19 år

Stad:     Svelgen

Tid:      26. november klokka 20.00

 

Buss frå Kalvåg                       kl. 17.30

Buss frå Grotle                      kl. 18.00

Buss frå Davik                        kl. 19.00

Buss frå Ålfoten vegkryss        kl. 19.20

Bussbillett tur/ retur                 kr. 50,-        Retur klokka 03.00

Inngangsbillett                         kr. 50,-

 

Aktivitetar: Fotball, landhockey, basket, og volleyball. Ta også med bordspill.

De må ha med klede som passar for aktivitetane.

Alle samlast i hallen klokka 20.00. Der lagar vi lag. Laga består av både jenter og gutar.

Er det interesse for det, kan de blande lag frå dei forskjellege bygdene i kommunen.

Det vil bli utdeling av fine premiar, og muligheiter for å vinne flotte gåvekort.

Open kiosk.

 

Påmelding: Ved Linda Rutebilane 57796880. Dette for å få ei oversikt på kor mange som skal følgje buss.

 

Vi håpar at alle ungdommar i Bremanger kan møtast til ein hyggjeleg aktivitetskveld/natt.

 

Helsing Bremanger ungdomsråd og S.T.I.F fotball


Svelgen hotell onsdag:

Kvardagsgalskap frå Øvretveit 20.11.2004

Onsdag kveld fekk vi høyre Ole Johannes Øvretveit sine kvardagshistorier i Svelgen. Dei fleste av oss har nok liknande opplevingar. Men måten å formidle dei på er truleg Øvretveit åleine om. 


 
Det tok heilt av då Ole Johannes Øvretveit skulle fortelje om den gongen han som Dagbladet-journalist besøkte Norsk Rødt Fe på Hamar for å sjå korleis forplantinga gjekk føre seg. Han fortalde oss om den enorme oksen og den vesle veterinærdama som skulle syte føre arvemateriale for den serskilte ku-rasen.

Med voldsame fakter i  detaljert skodespel om korleis dette hadde fortona seg fekk Øvretveit verkeleg lattermusklane i sving!

Mykje moro for pengane på Svelgen Hotel onsdag kveld! Meir i Fj.T. fredagsutgåve.


Shanker seier opp 19.11.2004

Kommunelege1, Kan Shanker, seier opp stillinga, melder Fjordenes Tidende i dag.
 - Når eg beskjed om at eg er ei økonimisk byrde for kommunen skal administrasjonen få høve til å vurdere om avtala er urimeleg. Eg kan dokumentere at løna eg har som kommunelege er blant dei lågaste i Norge, seier Shanker til avisa fredag. 

50 mil kyststripe 20.11.2004

 

 

Følgjande saker var å lese i dagens Fjordenes Tidende i dag - fredag:

Bremanger veks?

I følgje arealstatistikken som Statens Kartverk har utarbeidd for 2004 har Bremanger kommune auka frå 831 kvadratkilometer (km2) til 833 km2.

- To kvadratkilometer er jo ganske mykje, men eg trur ikkje det er snakk om ei reell auke i storleiken på kommunen. Det er vel snarare andre reknemåtar, seier ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap).

 Han fortel at det i same talmateriale går fram at Bremanger har ei kyststripe på heile 502 kilometer. Målinga som er gjort går rundt alle nes og øyar blir til saman altså over 50 mil. Dette var då også grunnen til at kommunen nekta å godta 100 meterbeltet for utbygging av fritidsbustadar.

- I arealplanen er det lagt fleire hyttefelt ned til tjue meter frå strandlina. 100 metersona passar ikkje i vår kommune og det har vi teke konsekvensen av, seier

Kåre Olav Svarstad. Han legg til at kommunen likevel er strenge på at det skal vere fri ferdsel for ålmenta.

 

 

Vil ha flytebrygge

Plan- og utviklingsutvalet i Bremanger går inn for at det i framtida vert ekspress-anløp til flytebrygge i Leirgulen. Den eksisterande kaia er i så dårleg forfatninga at ein har sett i gang strakstiltak. Mellom anna har hamnesjefen sett opp skilt om at det er forbode å opphalde seg på kaia ved anløp av ekspressbåtane.

Prisoverslaget Bremanger kommune har motteke på flytebrygge er på vel ein million kroner, og det skal no arbeidast med å finne ein tenleg plass å legge den.

Fylkesbaatane har sagt i frå at dei vil fare forbi Leirgulen dersom det ikkje vert gjort noko med situasjonen omgåande. Den private kaia står i fare for å bli dregen til sjøs dersom det er uver, og dette gjer at snøggbåtane ikkje lenger vil legge til i dårleg ver.

Ordførar Kåre Olav Svarstad fortel at passasjergrunnlaget i Leirgulen ligg på kring 4000 reisande i året. Alternativet deira er å reise frå Florø eller Smørhamn.

 

Varslar avgiftsauke

Bremanger kommune har varsla avgiftsauke på  dei kommunale tenestene i fleire avisannonsar i det siste. Ordførar Kåre Olav Svarstad seier til Fjordenes Tidende at det er snakk om ei marginal auke på mellom ein og to prosent.
 – Vi er pålagde å varsle om slike aukar på førehand, men det blir ikkje noko voldsam auke, seier han og forklarar:

- Dette er snakk om tenester som skal drivast etter sjølvkostprinsippet. Det avgiftsauken skal dekke er lønsauken, og det er vel ikkje snakk om meir pengar enn det vi har brukt på avisannonsane, seier Svarstad.

 

1.7 millionar meir

Bremanger kommune får etter forliket på Stortinget  1.6 millionar i skattekompensasjon. Kommunen hadde før forliket venta ei auke på 724.000 kroner, men får no altså nesten ein million fleire umerka kroner.

 

 

 Ikkje byggerekneskap

Ordførar Kåre Olav Svarstad fortel at byggerekneskapen for Bremanger Bu- og Servicesenter på Kalvåg enno ikkje er klar.

 - Det føreligg ein revisjonsrapport om prosjektkontroll, men den er ikkje offentleg før den skal opp til politisk handsaming, seier Svarstad.   

 

 

Grip tak i landsbrukskontor

Administrasjonen i Bremanger kommune har teke kritikken frå Venstre-politikar Ståle Dyrstad om samarbeidsproblem på landbrukskontoret  på alvor.

 - Det er no gripe fatt i denne saka frå administrasjonen si side, stadfester ordførar Kåre Olav Svarstad.

Proffe dansarar på skulen 18.11.2004

Onsdag hadde ungdomsskulen besøk av to profesjonelle dansarar frå turneen "Dans uten grenser".

I to timar fekk elevane prøve seg på ulike former for dans - blant anna breakdans.
 
Etter stemninga å dømme var elevane godt nøgde med opplegget.

Ope for småbilar 18.11.2004

Siste beskjed frå Magnhildskaret er at det er opna for småbilar (kl. 1300) men ikkje lastebilarar og trailarar. No er vår meldar reist, så gjer vel å følgje med andre stadar om kortid vegen opnar att.

Stengt i Magnhildskaret 18.11.2004

Ein godsbil frå Firda Billag og ein tankbil sperrar vegen ved bommen opp til Klauvene. Bilane har ikkje kollidert men står på tvers i kjørebana. Dei to har truleg fått skrens etter oppbremsing på det smale partiet. Første bil etter hendinga har ringt svelgen.no og sagt at vegen kjem til å verte stengt ei god stund framover. Dette skjedde klokka 1240 torsdag.

Karaoke på Lasses 18.11.2004

Det blir karaokeshow på Lasses i morgon fredag 
17.11. frå  kl. 21 00. Bill: 50,- 

Laurdag er det lukka arrangement fram til kl. 2300.
   



Ikkje handball i dag 17.11.2004

 MELDING FRÅ VIBEKE: Det ikkje vert handballtrening i dag (onsdag) kl.19.30.

Bremanger kino & scene

Opningskonsert laurdag 17.11.2004

Opningskonserten på den nye musikkscena i Bremanger går av stabelen laurdag 20. november. Elevar frå Griegakademiet i Bergen vil garantert gje publikum eit spennande møte mellom jazz og klassisk musikk. Vokalist Mari Kvien Brunvoll, den einaste kvinnelege studenten på den nyoppretta jazzlina ved Griegakademiet, har saman med Arne Torvik på piano, Alexander Grieg på kontrabass og Øyvind Skarbø på trommer, har allereie fylt fleire konsertsalar i Bergen denne hausten og fått gode kritikkar for sine smektande jazzrytmar. No er dei klare for Bremanger, saman med Natalia Baudoin, som skal framføre sine tolkingar av dei norske klassikarane Grieg og Tveitt. Baudoin har gjeve ut sin eigen CD med klassisk musikk, og har spelt ei rekkje konsertar på store scener i heimlandet Australia. Det er altså berre å gle seg til ei ny kulturoppleving i Bremanger!


Erna Midtbø ny hotelldirektør 17.11.2004

 Erna Midtbø kan frå no av smykke seg med tittelen hotelldirektør. Ho tok over leiinga ved Svelgen Hotell måndag denne veka, fortel Fjordenes Tidende i dag.

 - Generelt sett  trur eg  ikkje folk vil merke noko serleg forskjell på drifta av hotellet med det første. Eg har   nokre idear som eg har lyst å prøve litt seinare, men det er litt tidleg å seie noko om no, seier Midtbø som i 1972 vart tilsett av dåverande hotelldirektør Erik Jacobsen.

 Framover er det fullt opp for Erna Midtbø og hennar stab. Allereie i kveld ventar dei fullt hus når dei inviterer til stand-up show med den galne sunnfjordingen Ole Johannes Øvretveit, med tilhøyrande rekebord og påfølgjande dans med levande musikk. Dei kommande helgane er det julebord på julebord og Midtbø vil fungere både som kjøkkensjef og hotelldirektør.

- Det blir ein del omorganisering reint internt, men vi kjem ikkje til å tilsette nokon i min eller Geir sin plass, seier Midtbø. Ho ser fram til å komme i sving med den nye jobben, og er sikker på at Geir Gjerde rett over gata også vil finne seg til rette med å ta til på nytt.

- Dei får ein god sjef, seier Midtbø som trass direktørstillinga også framover vil ha Gjerde som sjef og eigar av verksemda ho er sett til å styre.
  Meir i dagens Fjordenes Tidende.


Inviterte lærarar på middag 17.11.2004

Måndag inviterte 9. klasse nokre av lærarane sine på "søndagsmiddag".
 Temaet for middagen var haust, og det var fisk på menyen .

Det er også elles stor aktivitet på Svelgen skule.

Frå torsdag til fredag overnatta 4.klasse på skulen. Om kvelden kosa dei seg med heimelaga pizza, leik, video og popkorn. Fredag morgon starta med ein tur i bassenget, før dei åt frukost på skulekjøkkenet.
 
Resten av
dagen hadde dei forskjellige aktivitetar saman med 1.klasse.

Ler meir :

Bedrifter presenterer seg i BN 16.11.2004

Svelgen Næringsråd har fått løyve av ordførarar og redaksjonen i Bremanger Nytt (BN), til å presentere to medlemsbedrifter i kvart nummer av BN.

Bedriftene får kvar ei heilside til disposisjon, og først i elden er Bygg og Reinholdsservice AS og Ainas Gave og Blomster. Dei vert presentert i BN som kjem ut om lag 1. desember.
 
Dette melder
Svelgen Næringsråd på sine nettsider.

Bremanger i Kystkommune? 16.11.2004

Dei folkevalde i Bremanger meiner kommunen deira er robust nok til å ta vare på seg sjølv. På den andre sida utelukkar dei ikkje ein storkommune på kysten. Dette melder Firdaposten.

Bremanger protest mot Florø:

Vil vere på Sandane 16.11.2004

Elevane frå Bremanger (og Florø) som går på musikk, dans og drama på Firda Vidaregåande skule er redde for at linja vil verte nedlagt, dersom Flora får same tilbodet.  Møtet i Hovudutval for opplæring der saka skal avgjerdast er flytta frå onsdag 17.  til fredag 19. november, og blir halde på Flora vidaregåande skule.    

Flora kommune har ivra sterkt for å få ei slik linje og har  mellom anna argumentert med at dei sender frå seg ei heil klasse på 24 elevar til tilsvarande linje ved Firda vidaregåande skule på Sandane.  Talmaterialet som Fjordenes Tidende har fått tilgang til syner at det er ingen elevar frå Florø som tok til på dette grunnkurset i haust, og at det er fem VK1 og VK2.  Dei andre går på andre linjer som også fins i Florø.

Kulturskulerektoren i Bremanger, Norvall Klungresæter, meiner det er ei tragedie om det vert oppretta ei ny musikk, dans og drama linje i Florø på bekostning av linja på Sandane.

   - Eg reagerer serleg på at ein bevisst misbrukar talmateriale for å få denne linja. Dersom det grunnlag for to slike linjer, er det ingenting som er betre enn det, men eg er veldig redd for at ein her raserer eit tilbod som er bygd opp gjennom 25 år, seier Klungresæter.

Rektor Ragnar Eimhjellen er overvelda av engasjementet til elevane i saka.

- Eg har ikkje opplevd makan i mi tid som rektor. Spesielt er elevane frå Bremanger opprørt over at Florø skal få same studieretning og dei er oppriktig redde for at tilbodet her på Sandane skal forsvinne, seier Eimhjellen.

 På bildet ser vi fra Bremanger Kommune:
Eirin Susanne Ask Nyheim, Tor Erik Vårdal, Benedicte Solbakken Hamre,Geir Ove Briksdal
Isabel Grindheim, Mari Elise Haugen og Espen Skartun (Desse var ikkje til stades då bildet vart teke: Randi Hauge, Ragnhild Torvanger, Mario Løvseth, Kristian Furset og Tore Nesbakk - alle frå Bremanger)
Også elevane frå Flora kommune er med på protesten:
Marita Frøyen, Fride Fjellheim, Linn Therese Svarthumle, Andreas Torvanger, Gunnhild Årdal, Tomas Osland, Jannice Solheim, Linda Løland, Lina Reksten og Daniel Elde

 


Ikkje kino søndag 16.11.2004

Kinosjef Janne Tytingevåg opplyser at det ikkje blir kino førstkommande søndag på grunn av anna arrangement i storsalen.

Oppgraderer omn IV 15.11.2004

 I dag stoggar Omn IV på Elkem Bremanger. Den skal skytast ut og byggast opp att.
Investeringa på 6.5 millionar kroner viser at Elkem-konsernet satsar på støyperiet i Svelgen, meiner produksjonssjef Frode Nummedal.

 Det er femten år sidan sist Omn IV vart fora om. Produksjonssjefen  fortel at omnen ikkje har fungert optimalt dei siste åra og at ein mellom anna har hatt problem med metallutbrot.

- Investeringa som blir gjort vil gjere produksjonen meir forutseieleg, seier han.

Alle dei tilsette vil vere på arbeid under stansen.  I tillegg har Elkem leigd inn 20 mann frå INC Vedlikehold Svelgen og 11 frå Klausen Industrier som også er heimehøyrande i kommunesenteret. Målet er at omnen skal vere i drift att 12. desember. På bildene ser vi ei av dei siste tappingane fredag.  Meir i Fjordenes Tidende i dag.


Svelgen hotell no onsdag:

Øvretveit med kvardagshistorier 15.11.2004

 

Standup-komikaren Ole Johannes Øvretveit syner sitt nye show på Svelgen Hotell onsdag 17. november. Øvretveit har fått svært gode kritikkar overalt der han har vore med sine show, og svelgarane bør få med seg dette showet.

Sjå også resten av hotellet sitt novemberprogram her.

 

Sparebanken sponsar STIF 15.11.2004

 STIF inngjekk torsdag sponsoravtale med Sparebanken Sogn og Fjordane og sikra seg med det 275 000 kroner over ein fireårsperiode. Dei skal bruke 200 000 til ballbingen som allereie har teke til å ta form på uteområdet til Svelgen skule. Dei neste tre åra vil idrettslaget få 25.000 kroner årleg i støtte frå Sparebanken Sogn og Fjordane.  - Vi tek sikte på å bruke sponsormidlar til dei som satsar på barn og unge, og ballbingen er eit heilt konkret prosjekt som vi ønskte å støtte, seier  banksjef (og x-svelgar) Trond Teigene til Fjordenes Tidende i dag. Ballbingen i Svelgen blir bygd på dugnad utan tippemidlar. Både Sandvik og Teigene har stor tru på at ballbingen blir ein kjempesuksess.

- Vi har planar om å gjere området rundt den nye ballbingen attraktivt slik at det innbyr til aktivitetar for heile familien, seier Sandvik.  Han fortel at bingen også kan bli skøytebane! Meir i Fjordenes Tidende i dag.

 

 

 

 


Taktekking på gapahuken 12.11.2004

 
Elevane på Svelgen skule er snart ferdige med gapahuken. Denne veka har dei dekka taket med torv som dei har tatt frå plenen der den nye ballgingen kjem. 

Svelgen skule fortel på heimesida si at elevane har vist stor arbeidsinnsats og pågangsmot, trass surt og kaldt ver. No gledar dei seg nok til å ta gapahuken i bruk!

Sjå meir bilder her.

Elevbedrifta Baker`n 10.11.2004

Kvar tysdag er det elevar frå Svelgen skule som står for kafe drifta i Bakarhuset. Dei har no etablert seg på nytt og har både gamle og nye tilsette, fortel dei. Vi var innom i går og fekk smake på heimebaksten deira - og det var kjempegodt! Ingenting minner om smaklaus fabrikatmat her. Kjekt var det også å sjå at kafeen nesten var heilt full av fornøgde gjestar.  Kafeen er open mellom 1100 og 1330 kvar tysdag, men er også open onsdag og fredag med andre bak disken.
Elevbedrifta er profesjonellt lagt opp og alle stillingane har vore utlyste. Dersom det var fleire søkjarar til ei stilling måtte dei inn på intervju  - slik som i det verkelege livet. Det er Malin Sandvik som er dagleg leiar, økonomisjef Hanne Isene, innkjøpssjef Iris Buset, marknadssjef Benedicte Grindheim (som ringde for å få litt marknadsføring her på svelgen.no), kjøkkensjef Beate Leirvik, kafesjef Stine Sortevik og produksjonsmedarbeidarar Linn Hennøy og Karoline Rogne.
Marknadssjefen og økonomisjefen fortel at dei sel skulebollar, pizza, rundstykker, natronkaker, varm drikke, muffins og forskjellig anna. For eksempel leverer dei bakverk på bestilling som klippekrans, marsipankake, eplekake eller pizza.











Benedicte Grindheim fortel vidare at det er svært mange som tek lunsjen på Bakarhuset, og at dei har faste bestillinga både frå rådhuset, barnehagen og skulen.  
I fjor var bedrifta med på elevbedriftsmessa i Sogndal der dei kom på ein heiderleg 2. plass. Også reint økonomisk går det bra, med eit overskot på 13000 kroner. Dette skal mellom anna brukast til å investere i ei slush-maskin, blir vi fortalt.  


Skulesida 09.11.2004

Det kan ikkje gjentakast for ofte: Vil du inn på ei lokal heimeside som ofte vert oppdatert, så gå inn heimesida til Svelgen skule.


Skulemusikkbasar laurdag 09.11.2004

  •  

    Svelgen skulemusikk held basar laurdag 13. november. Vi startar klokka 11:00 på Svelgen samfunnshus. Det vert sal av kaffi og kaker.
    Ønsjer du å gje ein gjevinst, kan du levere den i banken eller til plannemda for basaren.

    Vel møtt.       

    Helsing plannemnda (Signe Lise Bjørkedal, Anne Karin Leirvik, John Fløtre og Grete Førde Hennøy)
         


Bridge :

Oppdaterte resultat for klubbkveldane 09.11.2004

Det er no lagt ut resultat for dei to siste spelekveldane på bridgesida. Det er fortsatt ustabilt frammøte, og det er difor enda ikkje aktuelt med turneringar som går over fleire kveldar. Ettersom ein er såpass langt ute på hausten kan det difor sjå ut som at den neste turneringa i klubben vert klubbmeisterskapet som startar rett over nyttår.

Volleyball

BSI held fram med å vinne 08.11.2004

BSI og Stine Mari Solheim held fram med å vinne i eliteserien. Etter at dei i helga vann 3-1 borte mot Tromsø, er dei på 2. plass i eliteserien. Berre Koll, som BSI tapte knipe 2-3 for i første seriekamp, ligg føre på tabellen.

Tromsø er forøvrig laget BSI møter i kvartfinalen i NM seinare.

Ny fotballtrenar utdanna i STIF 08.11.2004

Som Svelgen.no tidlegare har omtala så sette Fotballkrinsen i haust i gang eit trenar 1 kurs (tidlegare B-kurs), som berre var ope for jenter/damer. Dette kurset er no ferdig med sine 4 kursdelar. Vibeke Kjerpeseth var den einaste av STIF sine 3 deltakarar som fekk med seg alle delkursa, og ho er dermed den andre kvinna i STIF som er utdanna til trenar 1 i fotball. Kristine Sande og Line Kjøsnes manglar begge eit delkurs, og dette kan dei ta ved eit seinare høve.

Hilde Jenssen er den einaste kvinna som tidlegare har denne fotballutdanninga i STIF.


Svelgen kino søndag 14. november:

Kanonball 08.11.2004

Husker du hvor redd du var for den knallharde ballen som suste mot hodet ditt i gymtimen? Eller hevnens sødme når du klarte å kaste den samme ballen rett i fleisen på klassens verste bøllefrø? Vel, det er på tide atter en gang å dukke hodet , kanonball er tilbake, og denne gangen er det ikke bare noe som foregår i gymsalen på skolen. I USA er kanonball i ferd med å bli et populærkulturelt fenomen, nesten på linje med baseball og amerikansk fotball. I mange store byer etableres klubbserier. Filmens hovedperson er Peter LaFleur, en amerikans tullebukk og eier av et slitent treningssenter som heter Average Joe's. Stedets klientell er desidert under gjennomsnittet. Peters unnselige treningssenter blir gjenstand for White Goodmans grådige blikk. Han er den ekstremsportelskende, egosentriske eieren av Globo Gym, en glitrende sunnhetens søyle. Det er Wites intensjon å overta Average Joe's, og Peters ikke-eksisterende regnskapsførsel gjør det ikke akkurat komplisert for ham. Banken har plassert advokaten Kate Veatch på innsiden av Average Joe's for å gjennomføre overtagelsen så enkelt som mulig. Imidlertid blir Kate sjarmert av Peter og blir i stedet hans medsammensvorne. Nå skal denne banden med sosiale misforståttheter slå alle odds- og sin egen utilstrekkelighet - i et forsøk på å redde Average Joe's. Hvordan? Ved å vinne en kanonballkamp mot Globo Gym!
Søndag, 14/11. kl.18.00
7 års
Speletid: 1 time, 33 min.

Elkem Energi Bremanger:

Investerer 12 millionar 05.11.2004

Elkem Energi investerer 12 millionar i eit minikraftverk i Straumane.   Elkem Energi har sidan september arbeidd med å etablere eit nytt småkraftverk mellom Sørdalsvatnet og Svelgsvatnet.

- Det er snakk om ei høvesvis lita utbygging som totalt vil gje ein årleg  produksjon på 7 GWh. Det tilsvarar straum til 350 vanlege husstandar, fortel kraftverksjef Oddleiv Andersen, til Fjordenes Tidende i dag.Kraftverket skal så ferdig i byrjinga av mai. Både Svelgsvatnet og Sørdalsvatnet er frå før regulerte vatn, men fallet mellom desse har ikkje vore utnytta.

 - Ein positiv sideverknad av dette er at Sørdalsvatnet ikkje vil verte så ofte og så kraftig nedtappa for at ein skal kunne halde eit visst trykk. Elles vil vi også legge vekt på at dette vil verte gjort på ein miljøvenleg måte, mellom anna med ei nedgravd rørgate på 360 meter, fortel Andersen.

Totalt produserer Elkem Energi 650 GWh. 

Bøhmer trenar for Florø Innebandyklubb 05.11.2004

Stian Bøhmer, som tidlegare har vore spelar, oppmann og trenar for STIF sitt seniorlag i fotball, er no hovudtrenar for Florø Innebandyklubb sitt herrelag. Bøhmer scora eit mål, då Florø i helga tapte sine to kampar. Dette i følgje Firdaposten si papirutgåve.

Meir om Elkem-festen 05.11.2004

Firdaposten.no har no lagt ut 15 bilder og ein artikkel om Elkem si 100-årsfeiring i Svelgen forrige laurdag.

Nytt sentrumsmøte 04.11.2004

 

Når vi snakka med kultursjefen tidlegare i dag, var ho i gang med  å adressere invitasjonar til nytt sentrumsmøte i Svelgen. Gunhild Berge Stang vil invitere nær 40 lag og organisasjonar til møtet den 6. desember og målet er at ei styringsgruppe skal få sitt utspring  denne dagen.
- No er det viktig å halde koken oppe, slik at det ikkje blir stillstand. Då er det lett for at innbyggarane misser trua på at det kan skje noko, seier Berge Stang.

 På møtet i desember skal ein mellom anna drøfte om ein skal lage ulike grupper for kvar sitt område av Svelgen sentrum eller kvar sitt tema (fasade, aktivitet, julegate, båtturisme, arrangement, teknisk og anna). Meir i Fjordenes Tidende fredag.

NRK S. og Fj. sin omtale av STIF 04.11.2004

Her kan du sjå kva NRK S. og Fj. sitt fylkesleksikon skriv om STIF. Du kan også sjå bilete av stadion, idrettshuset og Moldahytta.

Svelgar leiar fotballen i Eid IL 04.11.2004

Fjordenes Tidende melder at Frank Fossedal er vald til ny leiar i Fotballgruppa i Eid IL. Fossedal er oppvaksen i Svelgen, og jobba for nokre få år tilbake på Elkem Bremanger.

Premiering på turorienteringa 03.11.2004

Ansvarleg for turorienteringa i STIF, Alf Håøy, melder at 24 personar har levert inn klippekortet for årets turO. Alle desse oppnådde nok poeng til å få gullmerke. Av desse vart følgande trekte ut som vinnarar av STIF sine premiar: Jørgen Myklebust, Randi Myklebust og Frank Ryland.

I år er det berre ein person som får plakett, då Alf Håøy nådde 5 års deltaking. Bjørg Håøy og John Roald Frimannslund har gått turorienteringa flest år, då dei i år gjekk for 19. gong. Om dei går neste år vil dei få plakett for 20 års deltaking. Av dei som deltok i år følgjer Ståle Kjempenes bak desse to, med 11 deltakingar.

Yngste deltakar var 3 år gamle Sander Førde, som ein ser (til høgre) på biletet under.

Vidaregåande i Svelgen og Bremanger? 03.11.2004

Oppvekst- og kulturutvalet i Bremanger ønskjer å opprette eit vidaregåande skuletilbod ein til to dagar i veka for ungdom heimehøyrande i Bremanger. – Det er viktig å halde på ungdomane våre lengst mogeleg, seier Nina Grotle. Les meir i dagens Fjordenes Tidende, eller på www.firdaposten.no

200 mm mindre enn "normalt"

25 år sidan det fall mindre nedbør i oktober 02.11.2004

I oktober fall det berre 126 mm nedbør i Svelgen, medan det normale for månaden er berekna til 327 mm. I følgje normalen for Svelgen er oktober månaden det skal kome mest nedbør i løpet av året. Ein må heilt tilbake til 1979, då det fall 96 mm, for å finne ein lågare oktoberverdi.

17 døgn var utan ein drope i måleglaset, og 30,8 mm var det meste ein målte på eit døgn. Målingane vart utført ved Elkem Energi Bremanger, som er Meteorologiske Institutt sin målestasjon i Svelgen.

Mange på teater i Svelgen 02.11.2004

Mange tok turen til Svelgen Samfunnshus i går kveld for å få med seg haustens villaste komedie sett i regi av Sogn og Fjordane Teater.  Stykket "Maksvær med Vinskvett" fekk  direkte slakt i Firda og Bergens Tidende, medan andre tykte framføringa var morosam. Kanskje den skarpe kritikken har pirra nysgjerrigheita til mange?
I går fekk dei oppmøtte i Svelgen sjå utkantbygda Maksvær er truga av fråflytting og sentralisering. Håpet er at ungkaren Jon på Grisaneset, dagleg leiar på oppdrettsanlegget Maxfish, endeleg ser ut til å ha fått seg dame. Problemet er at mor hans, den strengt religiøse Armada, medlem av sekta Guds Paraply, er heilt i mot at Jon skal få den dama han har forelska seg i. Olga er nemleg innvandrar og prostituert - og gjer korsets teikn feil veg! Samstundes, i anledningen Jon sin 40 årsdag har vener tenkt å overraske han med at favorittbandet Vinskvetten skal spele for han. Den frykta Armada må heller ikkje få vite noko om dette for Vinskvetten er alt anna enn sømelege. Dermed var det duka for ei vill komedie med forviklingar og mykje moro!

 


Julekalendaren til hotellet 02.11.2004

Om du klikkar her vil du kunne sjå Svelgen Hotell sin julekalendar.


Svelgen Kino sundag kl. 1800:

Operasjon Mjau 01.11.2004

Barnefilm med ekte katter og norske stemmer
Tibbe jobber i avis, men klarer aldri å få tak i de gode historiene. Redaktøren ber han om å skrive en artikkel til neste dag, eller slutte. Mens Tibbe går og bekymrer seg møter han den merkelige frøken Minoes, en kvinne som kan kattespråk, elsker rå fisk og klatrer på hustak og i trær. Hun er egentlig en liten katt, forvandlet til menneske ved et uhell. De gjør en avtale. Minoes får husly og fisk av Tibbe, mens han får hjelp til å finne gode nyheter via byens kattejungeltelegraf. En dag skriver han en artikkel som får ham i klammeri med byens mest respekterte borger. Minoes og kattevennene gjør alt de kan for å hjelpe Tibbe med å bevise at innholdet i artikkelen er riktig. Hele byen er nemlig i fare!
Søndag, 7/11. kl.18.00
Tillatt for alle
Speletid: 1 time, 23 min.

Det blir ikkje dametrening i dag 01.11.2004

Vibeke Kjerpeseth melder at det ikkje vert dametrening mandag 1/11 kl. 19.

PÅMINNING:

Ole Johannes Øvretveit på hotellet 17. november 01.11.2004

Standup-komikaren Ole Johannes Øvretveit syner sitt nye show på Svelgen Hotell onsdag 17. november. Øvretveit har fått svært gode kritikkar overalt der han har vore med sine show, og svelgarane bør få med seg dette showet.

Sjå også resten av hotellet sitt novemberprogram her.


Mykje nytt på skulesidene: 26.10.2004

Musikkprosjekt på ungdomsskulen

Måndag starta ungdomsskulen eit musikkprosjekt som skal ende i ei framsyning på samfunnshuset siste veka før juleferien. Framsyninga blir lagt opp som ein
musikal med innslag av fleire kjende musikalar. Fyrste timane blei
brukt til felles gjennomgong og øving av alle songane.

URO I 4. KLASSE
 I kunst- og handverk har 4. klasse nytta naturen og laga seg uro av haustblad.
Elevane arbeidde i
grupper og lagde ei uro på kvar gruppe. Det fine resultatet skal dei bruke til å pynte i klasserommet sitt. Les meir på skulen sine sider (trykk på overskrift)

Bridge :

Spelinga er i gang igjen 26.10.2004

Den nye bridgesesongen er såvidt komen i gang igjen i BK Syver'n. Resultata frå spelekvelden sist mandag finn du på bridgesida.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars