Arkiv April 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Friidrett

Svelgen TIF med på Olden stafetten 30.04.2007

Svelgen TIF deltok for første gang på den 53.Oldestafetten søndag 29.april.

 

På bilde bak fra venstre: Magnus Myrhold,

Ole Martin Gjerde.Framme fra venstre: Eirik Ask,

Daniel Hessvik Holm, Ingvald Ytrehus,Pål Valberg

 

 

 

 

 

 

 

Her er Svelgen guttane med på defilering med hornmusikk før stafetten starta. Været kunne ikkje vært bedre og det var vakkert med norske flagg som sveiva på alle flaggstangene innover dalen.

ETAPPAR GUTAR OG JENTER

1. 490m 200m asfaltert landeveg, 240m unna gardsveg/terreng, 50m svak stigning.

2. 370m 120m stigning grasmark/gardsveg, deretter tilnærma flat gardsveg.

3. 600m Lett kupert gardsveg/grasmark.

4. 200m Kupert gardsveg med asfalt til slutt.

5. 380m Asfaltert landeveg med litt stigning siste 100 m mot mål

 

Svelgen kom på en 7.plass med tida 6:46        Resultat liste :  her

 

 


1. mai på Svelgen Samfunnshus 29.04.2007

Program for dagen:

 

1600 Dørene opnast (sal av kaker og kaffi ved Svelgen Sanitetsforening og Svelgen Pensjonistlag)

Programmet startar omlag kl. 1700

*Velkomst ved ordførar Kåre Olav Svarstad

* Svelgen skulemusikk

* Appell ved Anne Lise Gilleshammer (Leiar Svelgen Pensjonistlag)

* Allsong med tonefølgje ved Bjarne Lunde

* Appell ved Knut Sande (STIF)

* Innslag med elevar frå kulturskulen i Svelgen

* Appell ved leiar i SKAF, Bjørnar Førde

* Svelgen Songlag

* Appell ved verksdirektør ved Elkem Bremanger Steinar Talle

* Innslag ved kulturskulen

* Tale for dagen ved Thorvald Stoltenberg

* Avslutning ved ordførar

* Allsong

 

Alle lag og organisasjonar med faner vert oppmoda til å ta dei med til 1. mai tilstellinga på Svelgen Samfunnshus .

Overskotet skal gå til Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) i Førde, til aktivitetsskapande formål.

Arrangementet er difor eit reint dugnadsprosjekt for alle involverte.

 


Sjokkterapi for kommunestyret 28.04.2007

  Torsdag gjennomførte Anne von Oorschot frå Davik «sjokkterapi» på folkevalde og kommuneadministrasjon i Bremanger. Det vart ein tankevekkar, melder Firdaposten og nemner følgjande punkt: 

 
 
  • Det du seier og gjer kan vere avgjerande for om ein familie flyttar til eller frå Bremanger.
  • Alle bør vere bevisste på kva ein gjer og korleis ein tenkjer.
  • Du må arbeide med haldningar og innstilling kvar dag.
  • Du må vere motivert for å finne kreative løysingar.
  • Alle må drive med marknadsføring av Bremanger, og den bør starte i barnehagen.
  • Ver service-innstilt. Du kan utgjere heile forskjellen.

Sitatet "Vi må pynte brura. Vi får ikkje gift vekk brura om ho ikkje er pynta" stammar frå Bjørgulf Myklebust, som var invitert. Bodskapen var klar: Det er svært mykje bra i Bremanger, men førsteinntrykket Svelgen gjev til omverda og «potensielle friarar» er for dårleg.

 

Det må ryddast. Både på kommunale eigedommar, næringseigedommar og private eigedommar. Bjørgulf Myklebust er for tida engasjert i 80 prosent av nyoppstarta Svelgen Utvikling. Han viste bilete av rusk og rask og uorden, mellom anna av lause og rotne fjøler over inngangen til rådhuset i Svelgen.

– Vi må ha eit tillitsvekkande inngangsparti. Det må sjå skikkeleg ut, sa Myklebust. For Svelgen ventar storfint besøk. Eit besøk som kan ha stor innverknad på framtida.

– Om to veker kjem Elkem Solar for å sjå på Svelgen-samfunnet. Det er slik Anne van Oorschot seier: Ting tek tid, men det er fullt mogleg å brette opp ermane og få gjort ting i ein fei. Svelgen Utvikling forventar engasjement av alle og at ting glir som velsmurde tannhjul. Vi må alle hjelpe ordføraren, sa Myklebust.

 

Anne van Oorschot gjekk lenger. Pynting av den ytre fasaden er ikkje nok. Ho oppmoda kvar enkelt til å gå i seg sjølv og gjennomføre ei indre rydding.

– Hugs at det du gir, er det du får. Alle i denne kommunen er frå Bremanger. Vi må verte flinkare til å selje kommunen under eitt i staden for å kivast. Alle er avhengige av at det går godt for kommunesenteret Svelgen, seier den opphavlege nederlendaren som er busett i Davik. Ho vil altså ha vekk den negative mentaliteten som mange småbygder ofte lir under. Anne van Oorschot vil at alle skal verte gode «seljarar» av Bremanger kommune. Les heile saka her.

 


Tulipaner mot rusmisbruk! 28.04.2007

Ta godt i mot oss lørdag 28. april ved Coopen.
 
Takker du ja til tulipaner fra oss, har du takket ja til å hjelpe barn
og unge. Mange unge vet mer enn nok om narkotika. Men ikke
nok om å ta  de riktige valgene. Inntektene fra Lions tulipan-
aksjon går i hovedsak til undervisningstilbudet "Det er mitt
valg" som er et langsiktig, forebyggende arbeid mot rusmisbruk
og mobbing.
 
Vi i Lions gir også støtte til positive ungdomskulturer i vårt
nærmiljø. Vil du vite mer om Lions kan du gå inn på
www.lions.no eller ringe  57793273
 
Jo flere som støtter vår tulipanaksjon, jo flere kan ta egne valg.
 
Lions Club Svelgen

Bjørgulf blir Svelgen-utvikler på heiltid 26.04.2007

Bjørgulf Myklebust, tidlegare leiar i Svelgen Næringsråd, skal no drifte organisasjonen Svelgen Utvikling på heiltid.
 Formålet med tiltaket er å fronte industristaden Svelgen mot Elkem-konsernet og det politiske miljøet. Dei vil gjerne ta lærdom at det Årdal Utvikling har fått til med fleire bedriftsetableringar i sitt lokalsamfunn.

Finansieringa av Svelgen Utvikling, med fylkeskommunen på laget er no på plass og Myklebust er allereie i arbeid i 100 prosent stilling. Svelgen Utvikling skal organisatorisk vere likestilt med Bremanger Vekst og vere underlagt ordføraren. Dette melder Firdaposten.no


- Svelgen-Grov må utbetrast! 25.04.2007

Ordførar  Kåre Olav Svarstad meiner ei utbetring av vegen Svelgen Grov vil utvide arbeidsmarknaden vesentleg

-Kjem fabrikken, vil vi krevje utbetring av vegen til Grov, noko som vil opne opp for ein langt større arbeidsmarknad, seier ordføraren til Firdaposten.

 

Han avviser at det bur for lite folk i Svelgen-området til å rekruttere 200 personar til ein ny solarfabrikk i Svelgen.

- Set vi ein passarspiss på Svelgen og dreiar rundt i ein omkrins på ein times reisetid, har vi eit oppland på heile 40000 menneske. Arbeidsmarknaden vil bli opna nordover på ein heilt annan og betre måte når vegsambandet Sørdalen-Bortne blir ferdig i 2010/11, seier han.


Senterungdommen vil ha Svelgen-pakke 25.04.2007

Leiar i Senterungdommen i Sogn og Fjordane, Marius Strømmen frå Rugsund, meiner Bremanger kommune må vere i forkant og leggje til rette for auka tilflytting i samband med ei Solar-satsing i bygda.
 Han oppmodar politikarane og administrasjonen om å kome med dei gode ideane.

– Vi må ha tru på at kommunen er levedyktig. Bremanger må ha alt klart for å kunne ta imot mange nye arbeidarar, og då er det ein del ting som må gjerast. Dette må kommunen gripe tak i straks, meiner han.

Les meir på Firdaposten.no


Avlyser INC-cup - for få deltakarar 25.04.2007

Grunna eit for lavt antall påmeldingar på aktivitetar/bankett, ser vi
oss nødt til å avlyse arrangementet på laurdag. INC Bedrift-Cup er meint å
vere eit "sosialarrangement", der det å vere i lag om aktivitetar i hallen
og det å more seg saman på banketten om kvelden er likestilt. Det eine er
altså like viktig som det andre! Vi ønskjer at folk som har vore med på
arrangementet skal sjå fram til neste gang med forventing, glede og
entusiasme, ikkje med det motsette inntrykk. Med det som utgangspunkt, finn
vi det rett å avlyse arrangementet til helga.

Vi beklagar dette sterkt, men fortvil ikkje. Vi lar oss ikkje stoppe av
litt motgang!

Arrangementskomiteen har i samråd med våre samarbeidspartnarar bestemt at
INC Bedrift-Cup heretter skal arrangerast kvart år i veke 6. Dermed vert
neste Cup arrangert Laurdag den 9. februar 2008. VEL MØTT DÅ!

Med helsing
INC Vedlikehold Svelgen AS

Arrangementskomiteen:
Øyvind Grindheim, Frank Midtbø, Joar Årøen og NIls-Jørgen Sagebø

Ledige stillingar ved Elkem Bremanger 25.04.2007

Driftsingeniør ved Silgrainavdelingen 
  Stillingen inngår i Silgrainavdelingen ledergruppe og innehaver rapporterer til produksjonssjef Silgrain. Bedriften kan tilby en svært utviklende stilling i et teambasert kompetansenettverk med dyktige medarbeidere og eksterne samarbeidspartnere.

Prosessingeniør på smelteovn

Stillingen er meget sentral for å videreutvikle Elkem Bremangers ledende posisjon som leverandør til verdens elektronikk-industri.

 

Sjå utlysing ved å trykke på link eller gå inn på Stilling ledig til venstre.


Thorvald Stoltenberg taler i Svelgen 1. mai 25.04.2007

Tidligare utanriksminister og noverande president i Norges Røde Kors, Thorvald Stoltenberg kjem til Svelgen for å halde årets 1. mai-tale på Svelgen Samfunnshus.

Thorvald Stoltenberg (født 8. juli 1931) er norsk diplomat og politiker ( Ap). Han er utdannet jurist, og begynte i Utenriksdepartementet i 1958. Stoltenberg tjenestegjorde blant annet i Jugoslavia og var sekretær for utenriksministeren fra 1965. Han har også vært statssekretær i flere Ap-regjeringer på 1970-tallet. Sammen med Knut Frydenlund og Johan Jørgen Holst regnes Stoltenberg som arkitekten bak Arbeiderpartiets utenrikspolitiske linje fra 1976-1994. Stoltenberg var forsvarsminister fra 1979 til 1981 og utenriksminister fra 1987 til 1989 og fra 1990 til 1993. I 1990 var han kortvarig FNs høykommissær for flyktninger. Han var Norges ambassadør til Danmark fra 1996 til 1999, og har vært president for Norges Røde Kors siden 1999.

Thorvald Stoltenberg og hans kone, tidligere statssekretær Karin Stoltenberg, er foreldrene til statsminister Jens Stoltenberg.  (Henta frå Wikipedia)

 

Svelgen.no kjem attende med fullt program for 1. mai markeringa etter kvart.


Ledige stillingar som hjelpepleiar/omsorgsarbeidar 25.04.2007

Ved Svelgen bu- og servicesenter er det ledig følgjande stillingar:

 

HJELPEPLEIAR/OMSORGSARBEIDAR - VIKARIAT

Frå snarast og til 15.01.08 - 2 vikariat for hjelpepleiar i 75 % stilling.

Frå snarast og til 30.03.08 – 2 vikariat i helgestillingar, med arbeid 3. kvar helg.

 

HJELPEPLEIAR/OMSORGSARBEIDAR – FASTE STILLINGAR

Frå snarast – 3 helgestillingar med arbeid 3. kvar helg.

Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.


Møte i saniteten 25.04.2007

Medlemsmøte Svelgen sanitetsforening vert mandag 7 mai. Alle gamle og nye medlemer hjarteleg velkomne.Vi treng nye medlemer og nye ideer til saker å arbeide med i nærmiljø

- Sjå til Årdal 24.04.2007

I Firdaposten i dag kan du lese kva leiaren av omstillings-suksessen i Årdal dei siste åra, Terje Laberg, seier om etablering av Solar-fabrikk i Svelgen. Langt på veg slår han beina under Elkem-argumentasjonen om mangel på arbeidskraft og viser at med målretta arbeid, god stayerevne og at samtlege i bygda er gira på å løfte i lag, så kan ein løfte på plass sjølv dei mest utenkjelege prosjekt.

Redaktør Svend Arne Vee skriv i sin leiar i dag:

Folk kjem, gjerne frå heile landet, berre jobbane er spennande og framtidsretta nok. Då årdølane i vinter heldt rekrutteringsmøte til den komande solcellesatsinga i regi av Norsun, møtte det 400 fram som ønskte å vite meir om jobb- og karrieremoglegheiter. Det viser potensialet, sjølv i tider med underskot på arbeidskraft.

Årdal er rett nok litt større enn Svelgen, men strukturen og problemstillingane er til forveksling like: Einsidig industri, fråflytting og fallande folketal, men med lange industrielle tradisjonar og høg grasrotkompetanse på å drive industribedrifter døgnet rundt, året rundt og tene kresne kundemassar verda over.

Laberg strekkjer i dagens Firdaposten ut ei hand til Svelgen: Vil svelgarane kome på besøk og studere kva årdølane har lukkast (og mislukkast) med i sin prosess, er dei hjarteleg velkomne. Den invitten bør Svelgen ta, og dei bør gjere det raskt. Konkurrentane til Solar 2-etableringa sit garantert ikkje på sin breie bak og tvinnar tommeltottar. Ein viktig lærdom svelgarane vil få om dei tek turen til Årdal, er at årdølane sin suksess ikkje åleine handlar om statlege tilskotsmillionar, men om smart målretta og tolmodig arbeid.

Les heile leiaren på Firdaposten.no

             


Møte i pensjonistlaget onsdag 23.04.2007

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Samfunnshuset

onsdag 25, april kl. 1700.


UNGDOMSKLUBBENS DAG 28 APRIL. 23.04.2007

Ungdom trener en lov som definerer ungdomsrettigheter og muligheter, samt det offentliges forpliktelser. Sammen med loven må det komme forskrifter som setter kvalitetskrav til tjenesten.   Gå inn på www.ungdomslov.no , STØTT DENNE VIKTIGE SAKEN. Du kan også :

Møte opp i sentrum 28 april kl: 12.00, hjelp til med å spre informasjon om hva en   ungdomsklubb er og   hvor viktig en kvalitetssikring av innhold og drift er.

 

Vi kan nå være med og endre framtida – det vi gjør NÅ kan legge grunnlaget for sikre og stabile rammer for ungdomsaktivitet, demokrati og deltakelse.

 

Anita L.


Elkem Solar er usikker på arbeidskraft, men:

Ordførar styrka i trua på Solar-fabrikk 23.04.2007

E24 skriv:

"Ledelsen i solenergiselskapet Elkem Solar er i tenkeboksen for å vurdere om selskapet skal etablere en solarfabrikk i Svelgen i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane.

 

Et av momentene som skal gjøre ledelsen usikker, er tilgangen på ledig arbeidskraft, melder NRK Sogn og Fjordane.

Svelgen er kommunesenteret i Bremanger kommune, og har rundt 1200 innbyggere. Innbyggertallet kan være for lavt til å dekke behovet ved en ny gigantfabrikk.

Fabrikken Elkem Solar vurderer å etablere i Svelgen vil ifølge NRK bety investeringer på 2,7 milliarder kroner, og gi 150 nye arbeidsplasser.

 

Før helgen møtte ordfører Kåre Olav Svarstad i Bremanger kommune ledelsen i Elkem Solar. Ledelsen i selskapet vil ikke kommentere innholdet på møtet, men ordføreren bekrefter at tilgangen på arbeidskraft var et viktig tema.

Ordføreren sier til NRK at kommunen nå vil jobbe for å vise at de kan skaffe arbeidskraften, og at han er styrket i troen på at Elkem Solar vil bygge fabrikken."


BARN I NATUREN 23.04.2007

Tid:    Tysdag 24. april kl. 1700

Stad: Risevatnet (oppmøte ved bommen)

Formålet med dagen er først og fremst å komme seg ut på tur, uansett vær.

·      Vi skal   brenne bål og spidde pølse.

·      Spikke med tollekniv.

·      Jobbe med tauverk og knuter.

Arrangementet er gratis, og alle er velkommen. Barn under 12 år må ha med seg ein voksen. Ta med noko å drikke, varme kle og sitteunderlag.

Arrangør: Svelgen og omegn Husflidslag/ Barnas Turlag avd. Keipen


Fotballen rullar att 22.04.2007

I følge STIF si heimeside er det smågutelaget som skal spele første heimekampen i Svelgen denne sesongen. Mandag 23/4 spelar dei heime mot Florø 2, og det vert spanande å sjå om dei kan følge opp sigeren borte mot Førde 4.

 

STIF sitt herrelag vert denne sesongen trena av Trond Hatleset, og STIF sesongopnar borte mot Førde 3 8. mai.

 

STIF har denne sesongen ikkje noko damelag. Ein del av spelarane som i fjor spelte på STIF har i år gått til naboklubbane Bremanger og Florø. Desse to klubbane møttast fredag i Florø, og heimelaget slo Bremanger 1-0 etter scoring av Svelgen-jenta Elise Eikeland. Les om kampen på BIL-sida. 

 

Også dommarane til STIF er godt førebudde på årets sesong: Sjå bilete frå då STIF-dommarane Stian Holm og Thor Kristian Sortevik var i Danmark i påska med SFFK si talentgruppe her.

 

Fotballgruppa i STIF vert også i år leia av Arild Sande (arkivbiletet), og det er fjerde år på rad den tidlegare midtstopparkjempen styrer STIF-fotballen. Sande er også trenar for STIF sitt smågutelag, ein gjeng han har trent sidan dei var miniputtar.

 

Følg STIF-fotballen på STIF-sida, kampresultat og terminliste for STIF sine lag finn du nederst på sida.


Tor Bremer (Ap) etter landsmøtetalen:

- Elkem Bremanger må legge om drifta 20.04.2007

Fylkesvaraordførarar Tor Bremer var ein av dei som jubla då statsministeren talfeste Arbeidarpartiet sin mål om reduksjon i utsleppa av CO2.

Utsleppa skal ned med 30 prosent innan 2020. Men no startar den vanskelege delen av det, nemleg å gjere det.

Dersom ein skal få ned utsleppa må tungindustrien i bygder som Årdal, Høyanger og Svelgen vil måtte legge om drifta, meiner Bremer i følgje NRK Sogn og Fjordane. – Sjølv om vi har verdas mest miljøvenleg smelteverksindustri i fylket vårt, så er det framleis ting å gå på der, seier Tor Bremer.

 

 

 


Erling Lunde om jubileumstrioen:

- Vi har aldri øvd 20.04.2007

Erling Lunde prydar i dag heile forsida av Fjordenes Tidende i samband med helgas store jubileumsfeiring.

Dei skriv:

" Han har vore musikar i 50 år og det kunne vore skrive bok om han.  - Vi har aldri øvd og sjølv kan eg ikkje ein einaste note, fortel jubilanten til avisa . Lunde bestemte seg tidleg for at han ville vere musikar og stå på scena. Med frisk kapital i lomma etter konfirmasjonen reiste han til Florø og investerte mesteparten av pengane i gitar. Og gitaren har vore ein trufast følgjevenn sidan.
 


Svelgen-kvinne krev erstatning for tapt barndom 20.04.2007

Ei 42 år gamal kvinne som flytta frå Svelgen i 1972 krev erstatning for tapt barndom, melder Telemarksavisa.  Dei skriv:

 "Den 42 år gamle kvinnen ble utsatt for fysiske og seksuelle overgrep av sin stefar etter at hun og familien flyttet fra Svelgen på Vestlandet til Porsgrunn i 1972. Den da syv år gamle jenta hadde rukket å bli tenåring da overgrepene tok slutt. Stefaren ble siden dømt til fengsel i to år og ni måneder for forholdet.

I

Etter at jenta gjentatte ganger rømte til besteforeldrene i Svelgen og ble hentet tilbake til Porsgrunn, ga barnevernet til slutt opp. I februar 1980, to dager etter sin 16-årsdag, rømte hun for siste gang. Da hadde barnevernet få dager i forveien formelt overtatt ansvaret for jenta. Et snaut år senere ble ansvarsforholdet opphevet og 16-åringen ble overlatt til seg selv.

 

- Nesten hver gang jeg ble hentet tilbake til Porsgrunn etter å ha rømt til Svelgen, fikk jeg husarrest og pryl. Jeg fortalte aldri noe om det som skjedde. Jeg turde ikke. Besteforeldrene mine ville satt himmel og jord i bevegelse og jeg var redd for at stefaren min ville få greie på det. Jeg var livredd for han.

Før 42-åringen eventuelt får behandlet saken om erstatningssøksmål, skal tingretten ta stilling til om saken er foreldet. Det er kun dette spørsmålet tingrettsdommer Berit Nerva nå skal ta stilling til. Advokat Atle Sveen som representerer Porsgrunn kommune er helt klar på at kommunen ikke er erstatningsansvarlig."

 


Jegerprøvekurs 20.04.2007

Praktisk Obligatorisk Del

 

Kurs Start Onsdag. 02 / 05 –07 .

Kl . 17:00 . Svelgen Skule .

Kursavgift kr : 1100.-

 

Påmelding frist , 27/04-07

 

Arrangør :

Svelgen jeger og fiskeforening.

Tlf : 911 59 104


Gladsong på samfunnshuset neste helg 19.04.2007

Svelgen Songlag og Bremanger Mandsangerforening har to ting til felles. Dei likar å synge, og dei har same dirigent. No inviterer dei også til felles konsert i Svelgen samfunnshus, søndag 29. april.

- At det blir ei glad og livleg stund, er vi ikkje i tvil om. Dirigent Grethe Berntsen veit å få opp stemninga, og med aktive og livsglade kormedlemer, og Jarle Grotle på piano, blir det garantert suksess.

 

– Vi håpar sjølvsagt at det er mange som har lyst å komme å høyre på oss. Det blir også allsang, kaffi, kaker og loddsal, veldig tradisjonelt, men vi trur det er slikt som lokkar folk opp og ut av godstolen ein søndag ettermiddag, seier Harald Førde, leiar i Svelgen Songlag.

 

Han og resten av songlaget lokkar publikum med eit allsidig repertoar, som spenner frå «Til ei lita jente» av Jakob sande til «Mustang Sally», med mellom andre «Gabriellas song», «Blackbird», «Slipp mine fløyter fri» og «When you are smiling» innimellom. Bremanger Mandsangerforening vartar opp med songar som «Sangerhilsen», «Fager kveldsol smiler», «Den glade vandrer» og «Good night ladies», melder Firdaposten.no  


9-0 til Svelgen sine gutar 13/14 18.04.2007

Svelgen sine gutar 13/14, har spelt kamp mot Førde 4 og vann med heile ni mål, melder Firdaposten sin resultatservice.

 

Gutar 13/14 -2. divisjon avdeling 3: Førde 4 - Svelgen 0 - 9.

Målscorarar Svelgen: Daniel Holm (4), Ingebjørn Mundal (2), Are Ryland (2), Jan Rune Nigardsøy (1).


Klart forprosjekt for Svelgen sentrum i september 18.04.2007

Bremanger kommune har starta forprosjekt for utvikling av kommunesenteret Svelgen. Forprosjektet skal i løpet av september 2007 i samarbeid med arkitektfirmaet Nordplan, ha utarbeidd ein fullstendig sentrumsplan som omhandlar detaljplanar for estetisk utforming, framdriftsplan og priskalkyle. Dette melder Firdaposten.

I løpet av mai månad vil dei første teikningane frå Nordplan bli sendt ut på ei høyring for kommentarar, og de endelege forslaga vil vere klare i byrjinga av juli. Endelege planar skal leggjast fram for kommunestyret i september, slik at dei kan takast omsyn til når budsjett for 2008 skal leggjast. Hovudprosjektet skal vere avslutta innan 2011.

Prosjektansvarleg er ordførar Kåre Olav Svarstad og prosjektet blir leia av kultursjef Espen Frøysland (bildet).


Viktig Solar-møte fredag 18.04.2007

Førstkomande fredag skal den såkalla fylkesgruppa for Solar-etablering i Svelgen ha møte i Førde. Til møtet kjem representantar frå Elkem Solar, melder Firdaposten.

Elkem sine folk vil her møte representantar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, NHO, LO, Innovasjon Norge, NAV og SIVA (Næringshagane). 

  – Det viktige for oss på møtet blir at vi får tydelege signal på kva Elkem vil at Svelgen-samfunnet skal prioritere framover. Ein del premissar ligg klare. Vi må jobbe raskt med planar for korleis vi skal utvikle Svelgen til å huse 150 nye tilsette, familiane deira, og alt det som trengs av tenestetilbod og infrastruktur, seier ordførar Kåre Olav Svarstad.  


"Heilt på tuppa" til Svelgen 18.04.2007

Sogn og Fjordane Teater viser stykket "Heilt på tuppa" av Roger Hilleren på Svelgen skule onsdag 23. mai. "Heilt på tuppa" er ei musikalsk forviklingsfarse med banjo, ukulele og trekkspel. I april og mai er denne teaterframsyninga på turne i regi av Den Kulturelle skulesekken. Sjå teatret si heimeside

SKAF:

Vil ha fortgang i symjehallplanar 18.04.2007

Kjemisk i Svelgen vil ha fortgang i symjehall-planane, og ønskjer no prosjektet inn på kommunedelplanen, melder Firdaposten.

 

Svelgen Kjemiske Arbeiderforening har i eit brev til Bremanger kommune ved kultursjef Espen Frøysland lagt fram ønskje om at prosjekt «Ny Svømmehall i Svelgen» kjem inn i kommunedelplanen for idrett og friluftsliv.

Denne planen skal no rullerast.

– Det er viktig at prosjektet er med i ein langsiktig og målstyrt plan for Bremanger kommune, skriv Bjørnar Førde i brevet.


Invitasjon til INC Bedrifts-cup 28. april 17.04.2007

INC Vedlikehold Svelgen AS har sendt ut invitasjon til INC Bedrifts-Cup til dei fleste arbeidsstadane i Svelgen. Om dei ikkje har nådd fram til alle finn du invitasjonen  her, litt praktisk informasjon  her, meir info  her, og påmeldingsskjema  her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Eller du kan sjølv dra gong og organisere lag/påmelding. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 28. april. Påmeldingsfristen er 20/4, og påmelding/evt spørsmål sendast oyvind.grindheim@inc.sf.no 

 

Kva INC-Nytt skreiv om bedrifts-cupen i 2006 kan du lese her. Her kan du lese kva Firdaposten skreiv etter INC Bedrifts-Cup 2004, og  her kan du sjå same avis sin biletserie frå 2004.



Skitur til Klakegga 14.04.2007

Søndag 15.04. arrangerer Keipen Turlag skitur til Klakegga. Frammøte ved stien til Sætredalen kl.10.00. Turleiar er Hans Bakke. Han kan kontaktast på telefon 57794731 / 91816270 for nærmare informasjon. Turavg. Kr. 50,- for vaksne, barn under 15 år gratis.
Vel møtt til ein fin vårskitur !
Keipen turlag

Påminning:

K O N S E R T 13.04.2007

 

Vi minner om at Svelgen Skulemusikk skal ha konsert på Svelgen Samfunnshus

lørdag 14.april kl. 16.00.

Drillen skal ha oppvisning og det vert sal av kaffi/kaker og lodd.

 

V E L   M Ø T T !  !


Vikariat - reinhold 12.04.2007

Bygg og reinholdsservice har ledig vikariat innan reinhald for snarlig tilsetting. Sjå ledig stilling til venstre.

 

 

 


Møte i hjorteutvalet torsdag 11.04.2007

Bremanger Hjorteutval held årsmøte/allmannamøte

på Svelgen Hotell torsdag 12.april kl 18:00

 

Foredrag om bestandsutvikling med

Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter på Svanøy.

 

Alle hjarteleg velkomne.


Erling Lunde feirer 50 år som musiker 11.04.2007

Lundes Trio feirer sitt 50 års jubileum

20. - 22. april på Svelgen Hotell!

 

Fredag 20. april:

Lundes Trio festivalvener spelar på Svelgen Hotell frå kl. 22.00.

Fri adgang.

 

Lørdag 21. april:

Kakebar med Lundes Trio og spelegjestar kl. 12.00 til 14.00.

 

Varmbuffè frå kl. 19.00 til 20.30. kr. 240,- inkl. dans.

NB! Bordbestilling tlf. 577 93 301.

 

Lørdag presenterer Lundes sine festivalvener og opnar dansen kl. 20.30.

Cover kr. 100,-.

 

Overnattingstilbod:

kr. 400,- pr. pers. i dobbeltrom   inkl. frokost

kr. 100,- tillegg for enkeltrom

Ler meir om Lunde-dagane her.

 


Samla inn 100000 til klassetur 11.04.2007

Ungdomsskuleelevar i Svelgen har verkeleg stått på for å kome seg på klassetur. På litt over eitt år har dei klart å samle inn imponerande 100 000 kroner. No ventar sterke opplevingar i Polen, der besøk ved nazi-konsentrasjonleirar inngår i programmet. Dette melder Firdaposten.

Villmarksdagar i Ålfoten i juni 10.04.2007

2. og 3. juni er det Villmarksdagar i Ålfoten. Det vert kurs, stands og forskjellige aktivitetar for heile familien innanfor temaet jakt, fiske og friluftsliv. Hovudattraksjonen på Villmarksdagane er meisterkokk og TV-kjendis Frode Aga. Han skal vise tilbereding av hjortekjøt og fisk. I tillegg underheld han på laurdagskvelden. Denne sida vil bli oppdatert etter kvart som programmet for Villmarksdagane tek form.

Programmet for Villmarksdagane 2007 er no så og seie klart. Lista over stands er også byrja å ta form, men fleire utstillarar vil komme til etter kvart.

   På messefesten på laurdag vil det bli servert sjømat og vilt levert frå Knutholmen. Det vert førehandssal av billettar til middag og dans. 

   "Rett og Slett" skal spele til dans på messefesten laurdag. Oversiktene over kurs og aktivitetar er nesten klare. Gå inn på nettsida og sjå kva du kan få med deg!


360 mm nedbør i Svelgen i mars 06.04.2007

I mars månad fall det 360 mm nedbør i Svelgen, mot normalt 200 mm. Det meste som fall på eit døgn var 53 mm, og 11 døgn var utan nedbør.

God påske! 05.04.2007

Redaksjonen i Svelgen.no ynskjer alle sine lesarar ei god påske!

Det kan bli litt smått med nyhende på sida under høgtida, men send gjerne inn bilder eller meldingar - så skal vi alltids få det med.

 

 

Mange er nok interessert i korleis veret blir rundt Svelgen dei næraste dagane og eitt tips er å gå inn på sidene til Storm Weather Center.  Elles spelar Gil EdwardsLasses kro fredag kveld, og The Foggy FewSvelgen hotell laurdag.

 

I dag, skjærtorsdag, er det gudsteneste med nattverd i Svelgen kapell ved Tore Myklebust. 


Konsert med skulemusikken 04.04.2007

Svelgen Skulemusikk skal ha konsert lørdag den 14. april kl. 16.00 med drilloppvisning, på Svelgen Samfunnshus.  Det vert sal av kaffi/kaker/pølse m/brød og lodd.


Tilbyr Svelgen-ungdom :

Utdanningsstøtte og jobb i Elkem 04.04.2007

Elkem Bremanger tilbyr no ungdom frå Svelgen støtte til utdanning og tilbod om tilsetting ved verksemda etter endt utdanning innan faga metallurgi, kjemi og teknikk. I ei annonse under Stilling ledig heiter det:

 

"Er du en ungdom fra Svelgen eller nærområdet rundt Svelgen?

Er du interessert i realfag og tenker deg en utdanning innen teknikk og produksjon?

 

Elkem Bremanger ønsker å ha kontakt med ungdom fra Svelgen og nærområdet rundt som kan tenke seg en høyere utdanning innen metallurgi, kjemi og teknikk.

 

Vi kan da tilby arbeid som ferieavløser i sommerferien og eventuell andre friperioder, støtte under utdanningen og tilbud om ansettelse på Elkem etter endt utdanning".

Sjå heile annonsa under Stilling ledig til venstre.


Påminning frå Svelgen hotell:

Dans med Bjarne og taco onsdag 03.04.2007

Onsdag 4. april blir det dans med Bjarne Lunde og tacobuffet på Svelgen hotell. Bjarne er ein musikar som spelar på fleire strengar og instrument alt etter kva publikum han spelar for. I tillegg er han også ein dyktig vokalist. Han har lang erfaring som musikar i ulike lokale band, og har også jobba ein del som lydteknikar. Som "dansemusikar" har han skapt stemning på dei fleste utestadane i distriktet og stiller med eit repertoar og humør som fenger dei fleste. Alt frå gammalpop til nyare kjende låtar blir mesterleg framført.     

Meny før dansen: Taco-buffet frå 1930 til 2100
Dans og middag kr. 200,- Kun dans: kr. 80,-

Ledig sjukepleiar-stilling i Svelgen 03.04.2007

Ved Svelgen bu- og servicesenter har Bremanger kommune ledig 100 % fast stilling i turnus for offentleg godkjend sjukepleiar. Dei søkjer etter ein fleksibel og engasjert person, som likar utvikling og nye utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø. Skå meir under Stilling ledig

Førehandssal på hotellet i gang 03.04.2007

                                                             ***

Svelgen Hotel opplyser at førehandssalet av billettar til påskeafta og dansen med The Foggy Few no er i gang. Du kan enten ringe inn bestilling på 57793301 eller møte opp i resepsjonen. Bergens-gruppa The Foggy Few har rykte på seg som eit forrykande liveband med folkrock inspirerte uttrykk frå irsk og skotsk musikk. - Dette er festmusikk som svingar på plate og endå meir live, skriv Dagbladet om debut-albumet The pint of No return.  

Bandet serverer ekstemt bra sceneshow med gode melodiar som Whisky in the yard, humørfylte tekstar og ein inspirerande musikalsk blanding med strykarar, blåsarar, banjo, elgitar, mandolin, fløyte, munnspel og mykje meir. Jostein Eimhjellen opplyser at scena vil bli flytta til spisesalen for å få best mogeleg lyd under showet.  

 

Hotellet byr på transjering av heilsteikt lammelår med buffet av ulike grønsaker og sausar før dansen (bordbestilling).

Dans kr. 160,-

Middag (kl. 2000 til 2200) og dans kr. 270,-  

Overnatting, middag/frukost og dans 650,-

 

Meir info sjå  www.svelgenhotell.no
Svelgen Hotell vil ønske alle ei riktig god påske

 

 


Ledig stilling som psykiatrisk sjukepleiar 02.04.2007

Bremanger kommune har ledig ei 100 % fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar med arbeid på dagtid. Stillinga er organisert under driftseininga Open omsorg, indre, men har heile kommunen som arbeidsområde. Tenesta er under oppbygging, og har i dag fagleiar med psykiatrikompetanse. Sjå heile utlysingsteksten til venstre under Stilling ledig.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept