Dei ledige stillingane er fordelt på skulane Frøyen, Hauge, Kolset og Svelgen, og utgjer om lag fem lærarårsverk. Søkjarane kjem frå heile landet, og mange av dei har søkt på ei eller fleire av dei ledige stillingane, som alle er vikariatstillingar i eitt år.

– Dei aller fleste søkjarane har praksis frå læraryrket, men 11 av søkjarane manglar godkjent pedagogisk utdanning, fortel Liv Marit Bøen.

Ho seier vidare at det er mange år sidan det har vore så stor søknad til ledige lærarjobbar i Bremanger-skulane. Tysdag etter pinse skal ho ha møte med rektorane ved skulane og dei hovudtillitsvalde, for å gå gjennom søkjarlistene. Tilsetjingane vil deretter skje administrativt i kommunen.

Rektorar tilbake

I tillegg til dei fem ledige lærarvikariata, var også stillinga som undervisningsinspektør ved Hauge skule utlyst for eitt år. Her var Kåre Magne Moe einaste søkjar, og er allereie tilsett i jobben. Svein Kåre Senneset, som har hatt permisjon frå stillinga si sidan januar 2002, kjem tilbake som rektor ved Hauge skule frå 1.august. Også Roar Førde, som har hatt permisjon siste skuleåret, er tilbake i rektorjobben ved Davik skule frå komande skuleår.