Foreldre, besteforeldre, sysken og andre sat spente i salen, for å sjå kva desse flinke ungdommane hadde å vise fram i år.

Svelgen skule har kvart år eit musikkprosjekt både på ungdomsskulen og på mellomtrinnet som endar med ei framsyning. Nytt av året var å ha framsyninga på kveldstid, dermed fekk fleire moglegheit til å møte opp. Og folket i Svelgen lot ikkje sjansen gå i frå seg. Klokka seks på fredagskvelden var samfunnshuset fullsett av forventningsfulle publikum. Og ungdommen svikta ikkje. Det er flott å sjå kva dei kan få til på berre tre veker.

Allsidig program

Framsyninga opna med at elevane gjekk stilfullt inn to og to på rekke. Dei stilte seg opp på kortrappa, med jentene på eine sida og gutane på den andre. Tom Sølve Myklebust dirigerte dei igjennom songen. Deretter viste dei sine talenter både innan musikk og drama, dans og rytme. Ei gruppe hadde dans til moderne musikk, ei anna hadde rytmeframsyning, der bøtter og bosspann og koster var hjelpemidla. Innimellom slaga hadde elevane laga " reklamepauser" der dei parodierte kjende reklamefilmar på tv.

Har trent hardt

I løpet av dei tre vekene ungdomsskulen har jobba med dette programmet, har dei vert innom dans, musikk, rytme, kor, video og drama. Videogruppa har filma dei forskjellige gruppene, og hadde sett i saman ein film fra då dei byrja øvingane. Til denne filmen hadde dei sett slåande kommentarar til, så dei heile vart svært morosamt. Men filmen viste at elevane har jobba og øvd hardt for å få ting til. Dei kan vere godt fornøgde med resultatet, og vi kan trygt slå fast at Svelgen er full av unge talenter.

Mellomtrinnet er i gang

Også lærarane måtte vise at dei kunne spele og synge, og til og med danse. Ungdommen hadde rydda plass til eit band i framsyninga si, der publikum fekk sjå at lærarar også kan visst dei vil. Når no ungdomsskulen er ferdig med sitt prosjekt, skal mellomtrinnet starte på måndag med sitt prosjekt. Dermed er det berre for svelgenpublikummet å gjere seg klar til nok ei musikalsk framsyning om fire veker. Der dei litt yngre talenta skal få vise seg fram.