Det er investert nærare 70 millionar kroner i fornyinga.

– Dette er ei investering for framtida som gjer at Elkem Bremanger no blir moglegheitenes verk, seier ein glad og nøgd direktør, Erik Løkke Øvre, som no varslar nye store investeringar ved verket. Planen er å bruke ytterlegare 30 millionar kroner i ny teknologi til etterbehandling av det som kjem ut av smelteomnen.

Både tilsette og leverandørar fylgde spent med då straumen vart sett på dei enorme elektrodane i omn 5. Eit sterkt ljos, akkompagnert av eit høg smell, inne i sjølve omnen, markerte at no var dei i gang. Men det vil endå gå eit par veker før produksjonen går for fullt.

Ein vesentleg del av arbeidet er utført av lokale leverandørar.