– Med Trond og Frank på laget vil Svelgen bli eit topplag, seier FSK-trenar Bengt Solheim-Olsen.

For med fleire år i 6. divisjon har Svelgen teke til på trappa. Dei rykte opp til 5. divisjon i fjor, og med stallen som er førespegla for neste år, ser det ut som 5. divisjon berre vil bli eit byks vidare for grøntrøyene.

Hatleset er no ferdig med utdanninga. Han er allmennlærar og leverte i går inn hovudfagsoppgåva si som ikkje uventa er i faget idrett. No har han teke til som lærar på Svelgen skule og takke ja til trenarjobben for Svelgen sitt nyopprykte A-lag.

Svelgen vil absolutt bli eit lag å rekne med i 5. divisjon neste år. I tillegg til Trond Hatleset som vil bli spelande trenar, er Frank Hatleset også attende i grønt. I tillegg vil André Hatleset som var Svelgen sin toppscorar i 3. Divisjon, komme attende. Dermed er trekløveret Hatleset nok ein gong på lag. I tillegg kjem det unge talentet Thor Kristian Svortevik til Svelgen frå Bremanger. Klippa Kjell Åge "Buen" Bueie vil dessutan gjere comeback neste år.

– Vi har mykje erfaring i frå 3. divisjon i laget, og det vil styrke oss når vi no skal på 5. divisjonsnivået. Dessutan er gjengen som rykte opp i haust ein god stamme å bygge vidare på, seier den nye trenaren og er open på at laget dei no ser ut å få samla, ikkje høyrer heime i 5. divisjon. Han vedgår også at han har andre namn på blokka, men vil ikkje ut med desse endå.

– Vi får inn forsterkingar i alle ledd, noko som gjer at vi vil kjempe i toppen i år, avsluttar Hatleset.