Det er kommunelege Kan Shanker som har bede om å få kjøpe tre mål av tomta der han ønskjer å setje opp eit privat helsesenter. Alt tre dagar etter PLU sitt første vedtak sa han frå til kommunen at det ikkje ville bli aktuelt å betale tre millionar kroner for tomta, noko han såg på som svært urimeleg. Alternativt ville han i staden prøve å finne ei anna tomt utanfor sentrum – eller leggje heile prosjekt på is, går det fram av eit brev han skreiv til kommunen om saka.

No har altså kommunen snudd, og Shanker kan få kjøpe 1,6 dekar for 95 kroner pr kvadratmeter. Føresetnaden er at byggjeprosjektet startar opp innan 1. juli neste år.