Det var lagt opp til fem ulike greiner å konkurrere i, men uttrykket "det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta" har vel aldri vore meir på sin plass.

Cupen er lagt opp til både lagidrett, med fotball og volleyball, og individuelle idrettar, med squash, skyting og pilkast. Til saman var det 180 deltakarar. Arrangementet som gjekk knirkefritt, starta laurdag morgon klokka 0900 og gjekk fram til klokka 1700, tre kvarter framfor skjema. Då var det ein pause til uttøying og dusjing, før det var duka til bankett på Svelgen Hotell.

Underhaldning og god service

Svelgen Hotell var også den bedrifta som fekk klart mest merksemd under årets INC-cup. Til melodien av TV2 sin såpeserie Hotell Cæsar, kom dei inn på rekke og rad. I front gjekk Åge Nygård, alias Einar Gjerde, og trilla på Astrid Anker-Hansen, som var spelt av Ragnhild Senneset. "Fru Anker-Hansen" var kaptein på laget og smurde dommarane med 1000-lappar i forkant av kampane til stor glede for både publikum og deltakarar. Om kvelden viste hotellet at dei kunne meir enn å underhalde på idrettsarrangement, og profesjonelle og blide servitørar serverte dei 180 deltakarane ein utsøkt middag.

Prisutdeling

På banketten var det prisutdeling. I tillegg til pokalar til lag og personar som vann i dei ulike greinene, delte dei også ut statuettar for særskilde prestasjonar. Roy Vegard Sørgulen var mannen som gjekk heim med desidert flest premiar. I tillegg til deltakarpris fekk han som lag-kaptein på "Elvaveien" tredje plass i både volleyball og fotball. Sørgulen var også leigd inn som keeper på fleire lag i turneringa, og fekk dermed heider som Årets Atlet.

Motiverande tilbakemeldingar

Initiativtakarane til denne nye tradisjonen er INC vedlikehald, med Nils-Jørgen Sagebø, Øyvind Grindheim, Frank Midtbø og Joar Årøen som arrangementskomité. Desse er sjølvsagt godt fornøgde med resultatet, og fekk oppmuntring i form av ståande applaus til å halde frem også neste år.

– Tilbakemeldingane vi får frå deltakarane er at dette er kjempeflott og eit godt tiltak, og det er sjølvsagt motiverande for oss, fortel Nils-Jørgen Sagebø. Han er ein av dei fire som har lagt ned ein del timar i førebuing til cupen, og fortel at dette skal vere ein sosial "happening", der det ikkje er så viktig med kven som vinn.

– Her er mange som fortener ære for at dette går knirkefritt. Sidan alle vi i komiteen er med som deltakarar, er vi avhengige av at andre hjelper oss med mellom anna sekretariat og kiosk. Frank Ryland stilte opp for oss heile dagen som speaker, og Jonny Bakke hjelpte oss å få gjennomført skytekonkurransen. I tillegg stiller volleyball- og fotballgruppa opp og står for kiosksal. Dette er vi svært glade for, seier Sagebø.