SVELGEN: Klokka 17.40 fredag fekk politiet ei melding om innbrot i Svelgen. Meldinga kom i frå ein person som var vitne til innbrotet. Vitnet såg at ein tydeleg rusa mann i 40 åra knuste ei rute i eit hus i eit bustadområde i Svelgen, tok seg inn i husværet, og kom ut at kort tid etterpå.

Mannen vart kjend att og politiet har vore i kontakt med vedkomande. Mannen hadde ikkje noko forklaring då han vart konfrontert av politiet. Eigaren av huset var ikkje heime då innbrotet fann stad, men fortel han vil melde 40-åringen.