Det er ein heller vaksen gjeng som er sett til å styre i Bremanger den neste fireårsbolken. Mennene er i fleirtal og utgjer 61 prosent av kommunestyret. Det er Arbeidarpartiet som har oppnådd best likevekt mellom kjønna, med fem kvinner og fem menn. I snitt er Ap-representantane 45 år, i tillegg til at partiet har den eldste og den yngste representanten. Eldst er Oddbjørg Jofrid Førde som fyller 66 på tampen av året. Ho har ein periode bak seg i kommunestyret og ser no fram til å ta fatt på ein ny. Anette Forthun blir med sine 33 år den yngste i kommunestyret den komande perioden. Ho har erfaring som vararepresentant frå før.

Geografien

Når det gjeld den geografiske fordelinga, speglar den i det store og heile att folkesetnaden i kommunen, sjølv om ikkje alle bygdene er representerte. Åtte kommunestyremedlemer kjem frå Svelgen. Fire av desse soknar til Arbeidarpartiet. Også Bremangerbygda er sterkt knytt til Arbeidarpartiet. Fem av dei ti frå Ap, mellom desse påtroppande ordførar Kåre Olav Svarstad, har Bremanger som postadresse. Fire kommunestyrerepresentantar kjem frå Kalvåg (av desse to frå Høgre). Davik og Rugsund har to representantar kvar, medan Ålfoten har éin.

Varaordførar

Når det gjeld partia sine posisjonar i dei ulike nemndene, blir det eit spørsmål om forhandlingar. Noka avklaring her vil truleg ikkje kome før om eit par veker. Det same gjeld for varaordførarvervet, sjølv om Arbeidarpartiet med sine 10 representantar og støtte frå SV sine to, kan kome til å sikre seg denne plassen òg i tillegg til ordføraren. Med utgangspunkt i valresultatet er det nykomaren Walter Espen Gulliksen som ligg best an til å bli varaordførar. Politibetjenten frå Rugsund er tydelegvis også ein spiseleg kandidat i andre politiske leirar, all den tid han fekk heile 46 slengjarar frå veljarar som ikkje røysta Ap. Dette var meir enn nokon av dei andre kandidatane.

Nummer to på «slengjartoppen» vart Kåre Jarl langeland (V) med 35 slengjarar. Roar Førde (H) fekk 33, medan Johan Kåre Vadøy (KrF) fekk 30 slengjarar.