– Både eg og Helge, som var nær 50 år, budde med familiar i Svelgen. Lagnaden ville at vi også skulle bli hyttenaboar her på Eimhjella, seier Knut som fortel at han truleg var den siste som snakka med Helge.

– Det hadde seg slik, fortel Knut, at Helge var komen til hytta saman med kona. Litt seinare venta dei besøk av nokre overnattingsgjester.

Eg hadde rodd ut med båten for å sjå etter eit garn, medan Helge kom bort til meg i sin båt som hadde påhengsmotor. Det var ein slik fin kveld, så vi heldt båtane saman og vart liggande både vel og lenge medan praten gjekk om ulike ting. M.a. kom vi inn på kor heldige vi var som hadde fått oss opp hytter her ved den vakre Storfjorden. Helge var nevenyttig og hadde gjort det aller meste med hytta sjølv.

Etter ei tid der på vatnet sa Helge at no måtte han heim, for gjestene var sikkert komne. Så starta han opp påhengsmotoren og sette kursen mot støa. Medan eg rodde til mi stø, såg eg Helge i båten om lag 50 meter frå land. Klokka kunne vere 22.30.

Eg tenkte aldri at det skulle hende noko gale med Helge, så eg gjekk opp i hytta og såg Kveldsnytt før eg gjekk til sengs litt over klokka 23. Like etterpå høyrde eg noko skraping nede frå vatnet, som om nokon køyrer over ei ferist. Så vart alt stilt. Sjølv sov eg til klokka 7.30. Då høyrde eg helikopterdur i lufta over Storfjorden, og snart like over hytta.

Eg ringde til ein kjenning på Eimhjella for å høyre om dei leita etter nokon. Svaret var at dei truleg leita etter ein mann som var sakna frå ei hytte ved Nesholmen. Men om litt fekk eg melding på telefonen om at det var Helge Røyrvik dei leita etter.

Meldinga kom sjølvsagt som eit sjokk på meg. Eg vart gripen av sorg og undring. Det er så utruleg at Helge er borte. Han var i fysisk god form, og såg ut til å ha det meste under kontroll, bortsett frå at han fortalde om litt problem med påhengsmotoren. Då vi skildest, starta han motoren og gjekk mot land. Eg har i ettertid tenkt at han, då han nærma seg støa, kanskje ville ta ein ekstratur for å teste ut motoren. Så er det at uhellet har hendt.

Det er berre så sørgeleg alt saman, er Knut Eimhjellen sin kommentar

Båten vart funnen tom ved Nesholmen laurdags morgon, med berre ei åre. Seinare har det vore søkt i Storfjorden utan resultat.