Leitinga og sokninga heldt fram i går med ekkolodd og dykkarar og med søk langs strendene.

Lensmannen i Bremanger, Hans Rune Strandos, opplyser at ein storstila redningsaksjon var sett i gang då båten til Helge Røyrvik vart funnen tom laurdag morgon.

– Det er eit stort søkeområde, og leitinga har til dels vore vanskeleg grunna vind, særleg i starten laurdag morgon, forklarer han.

På andre sida

– Siste observasjon er fredag kveld kl 22.00. Då låg Røyrvik berre 150 meter frå båtplassen sin, men han hadde problem med å få start på påhengsmotoren, opplyser Strandos.

Røyrvik har hytte i eit hyttefelt i Eimhjellen, og ein mindre leiteaksjon vart sett i gang av familien laurdag kveld då 49-åringen ikkje kom heim til avtalt tid.

Då småbåten vart funnen tom, ved Nesholmen på andre sida av vatnet, vart det sett i gang ein omfattande redningsaksjon med frivillige og Røde Kors Hjelpekorps frå Hyen, Florø, Førde og Svelgen, samt helikopter og dykkarar.

Ingen teori

Diverre har leitinga vore resultatlaus.

– Vi har ingen teori om kva som har hendt. Mannen hadde ikkje vest på seg og det var ikkje fiskeutstyr i båten. Vi veit av vitneobservasjon at han hadde litt problem med motoren, og at det var funne ei åre om bord, men det er også alt, forklarer Strandos.

Frå der Røyrvik sist vart sett til Nesholmen er det om lag ein km. Dermed er leiteområdet temmeleg stort i tillegg til at sikta ikkje har vore den beste.

Opphavleg frå Hyen

Helge Røyrvik er opphavleg frå Hyen, men busette seg i Svelgen i 1980 saman med kona, og har sidan arbeidd ved Elkem. Dei to har tre vaksne døtrer. Kona er også opphavleg frå Hyen.

Det er lensmannen i Gloppen, Nils-Ove Roset, som no leier leiteaksjonen.

– Vi lyt leite, men djupna varierer får nokre få meter til 150 i søkområdet, og vi skal fortløpande vurdere om vi treng anna teknisk utstyr.

– De nyttar ekkolodd?

– Ja, vi har ekkolodd i ein båt og markerer med bøyer der dykkarane bør gå ned og sjekke. Tysdag skal vi ha ein gjennomgang om vi treng anna profesjonelt utstyr, svarer han.