– No kan ein ikkje lenger få pass på dagen, heretter vil det gå minst 10-12 dagar før kunden får passet i hende, fortel Beathe Leirgulen ved Bremanger lensmannskontor.

– Når kunden kjem inn til oss, må han eller ho først fylle ut eit søknadsskjema. Deretter må vedkomande gå i banken og betale gebyret for pass, og først når vi får gyldig kvittering, sender vi søknaden. Det er også strengare krav til bilete enn tidlegare, dei må vere av nyare dato, og helst i svart/kvitt, seier Leirgulen.

Ho legg til at folk i ytre Bremanger bør rekne seg litt ekstra tid når dei skal bestille pass, lensmannskontoret har vanlegvis kontordag i Kalvåg berre ein dag i veka, og det hender det er veker dei er hindra frå å reise ut, og då tek det automatisk lengre tid før dei får ordna søknadspapira.

Normalt går det bortimot to veker frå søknaden blir utfylt på lensmannskontoret til passet ligg i postkassa til kunden. Dei nye elektroniske passa blir trykte i Stavanger og kostar 740 kroner for ein vaksen person. Born under 16 år betaler 185 kroner for det nye passet.

Alle som får pass for første gong, eller som må fornye passet sitt, får automatisk det nye elektroniske passet. Frå oktober neste år er det krav om å ha det nye passet for å komme inn i USA, elles kan du framleis bruke det gamle passet når du skal på utanlandstur.