Dette er store ord frå verksdirektør Erik Løkke-Øwre ved Elkem Bremanger, men når verket feirer sitt 75-års jubileum, faktisk som det mest spesialiserte smelteverket i verdssamanheng, er det lov til å slå seg på brystet.

– Det som er skapt her med utgangspunkt i kraftproduksjonen og ein sterk marknadsposisjon opparbeidd gjennom mange år, er eit resultat av at mange har jobba godt, ein stå-på-vilje utanom det vanlege, og lysta til å utvikle nye ting, seier direktøren stolt, og meiner dette er unikt for Elkem Bremanger og heile Bremanger-samfunnet.

Industrieventyr

– Jubileet i dag markerer eit industrieventyr, ikkje eit reint så lite eventyr heller. Historia, frå den første tappinga av råjern for 75 år sidan og utviklinga fram til i dag, kjem godt fram i bildemontasjen som er sett opp her i kantina, og gjennom det som er skrive i lokalavisene dei siste dagane, held Løkke-Øwre fram.

Han meiner at den gode marknadsposisjonen som Elkem Bremanger har i dag, gjev grunn til å sjå lyst på framtida.

– Vi veit at vi har noko å byggje vidare på, og vi skal halde det gåande i minst 75 år til, seier han avslutningsvis i helsinga si til dei tilsette på den store dagen.

Opna verket for publikum

75-års jubileet til Elkem Bremanger vart i går feira både med ei enkel tilstelling for dei tilsette i kantina om føremiddagen, og med ope verk for publikum frå klokka 13.00 og i tre timar utover. Mange nytta sjansen til ei omvising på verksområdet, det var folk som har budd i Svelgen i fleire generasjonar, men som aldri før hadde vore innom dørene på Elkem, det var pensjonistar som har hatt smelteverket som arbeidsplass samanhengande i over førti år, og som ville få med seg endringane sidan dei slutta, og det var ungdomsskuleelevar som kanskje ser på Elkem Bremanger som sin framtidige arbeidsplass.

Unikt i verdssamanheng

Første stopp på omvisinga, som dels gjekk føre seg med buss og dels til fots, var i silgrainanlegget.

– Som verksdirektøren sa i jubileumstalen sin tidlegare i dag, er dette anlegget det einaste i sitt slag i verda, og ein anleggsstopp her vil føre til at også verdsproduksjonen av datamaskiner og mobiltelefonar stoppar opp, kunne omvisar og ansvarleg for jubileumsfeiringa, Morten Vik, fortelje lydhøyre gjester.

Eit besøk innom køyrerommet, der alle prosessane i produksjonen blir nøye overvaka, og supersilknuseriet, der det fine silgrainpulveret vart vist fram, var eitt av høgdepunkta på omvisninga. Vidare fekk publikum også sjå eit glimt av omn 2 og 4, og den forlengst stengde omn 3. Det Svelgen-samfunnet vi kjenner i dag er bygt opp av slaggen frå den sistnemnde omnen.

Produksjonsrekord

Siste stopp på turen var ved porten til Omn 5, som vart starta opp i 1972. Ein stopp i produksjonen ved denne omnen frå 1.november 2001 førte til permitteringar og tunge tider i industribygda, men då omnen vart rusta opp for 70 millionar og opna att i april i år, var det ein siger både for dei tilsette og bygdefolket. I dag går produksjonen igjen for fullt, og siste døgeret før jubileumsfeiringa var det faktisk notert ein produksjonsrekord på 102 tonn ved Omn 5.